lørdag 1. oktober 2011

Home sweet home :=)

Så sit eg her.......Sist eg sat i denne sofaen, var i byrjinga av sommarferien i fjor. Adressa er Tørreshaugen, Husnes. På bordet står ei deileg kake, så no skal vi til å spise. (I dag også....)

Vi fekk ein roleg start på dagen i og med at flyet ikkje skulle gå før halv eitt. Det er deileg at ein ikkje må opp i otta og stresse for å nå noko.
Vi reiste med SAS og er veldig nøgd med det. Alt var 100% i rute og sjølv om det var god tid til neste fly frå Gardermoen, fekk vi opplyst over høgtalerane på flyet frå Bodø om kva "gate" vi måtte gå til. I tillegg hadde vi mykje betre plass enn dei gongane vi har reist med Norwegian.

Då vi hadde fått satt oss godt til rette på flyet frå Gardermoen, såg vi plutseleg han Hirtsfeldt, keeperen til Vålerenga. Ein staut og flott kar, sjølv om det ikkje var mykje hår å skryte av.... Med svære hodetelefonar kom han gåande ned midtgangen og satte seg rett foran oss. Det var ikkje måte på kor stort smil flyvertinna klarte å gje han. Det var like før kjeften revna! Hahaha.....Det var berre såååååå tydeleg. Det tok ikkje lange tida før vi såg både han der Santos-fyren og resten av Vålerenga-laget. Den eimaste vi ikkje klarte å sjå, var sjefen sjølv, han Martin. Ikkje det at det var noko sakn. Det er ikkje sååååå stort å reise med Vålerenga.... For det var nett det vi gjorde. Vi blei rett og slett omringa av heile laget. Jaja, litt kult var det vel, men eg er ikkje akkurat så stor fan av dei. Mange søte gutar, men dei såg så små ut i forhold til det ein er vant til å sjå på tv. Det var ikkje slik at ein fekk inntrykk av at vi menga oss blant nokre av Noregs beste spelarar.
I morgon speler dei kamp. Eg trur ganske sikkert at eg held ein knapp på Brann. Vålerenga treng nok poenga for å klare medalje, men den unner eg Brann mykje meir. Så eg sa glatt at eg heia på Brann. Då han Berre fekk servert "Lykke til med kampen i måro", kom det ikkje akkurat frå hjartet.

Sjølv om eg ikkje er fan av dei, er det èin ting dei skal ha. Dei var skikkeleg gentlemen og høflege. Det er ikkje ofte ein blir kalla for frue og frøken når ein er ute og reiser. Akkurat den biten kunne dei!! Det var nesten så eg blei litt smigra:=)

Vi blei henta på Flesland og då vi hadde køyrt ei kort stund, passerte vi bygget der halve Kjøpsvik (kvinnfolka - berre ikkje eg) legg att store summar. Hovudlageret til Sparkjøp. Det er ikkje sjeldan at ein ser at Coop-hyllene er "fulle" av Sparkjøp-pakkar. Det er vel ein årsak til at bygget er så enormt:=)

Vi stoppa ei stund i Eikelandsosen. Der bur ei venninne av meg. Eg var ikkje heilt klar over at vi skulle køyre den vegen heim, og difor hadde eg ikkje nemt for ho at eg kom til å dukke opp der. Eg ringte på ho, men ho svara sjølvsagt ikkje. Det var håplaust å nå ho, så vi køyrte berre vidare. Det viste seg at då eg ringte ho, sat ho i ein kinosal i Bergen. "Knerten" og eitt eller anna heitte filmen. Typisk. Så då eg stod utanfor landhandelen i Eikelandsosen, sat ho i Bergen. Nedtur!!
Like etterpå køyrde vi forbi heimhuset til ho Liv Grete Skjelbreid Poirèe. Ikkje det at eg har hatt ein draum om det, men det er no noko med desse kjendisane. (No har jo eg køyrt der x antal gonger før, så det var ikkje ei altfor stor happening).

Mor mi er god til å lese fergeruter. Halv sju går ferga, sa ho. Vi hadde kjempegod tid....... Trudde vi! Ho hadde sjølvsagt lest kva tid ferga gjekk frå andre sida. Så då vi parkerte bilen i fila, hadde ferga gått for berre fem minuttar sidan. Kult..... Det innebar at vi måtte ta ei ferge som gjekk fem på halv sju (fem minuttar tidlegare enn først antatt), men som først skulle innom Varaldsøy. Fergeturen blei då dobbelt så lang.
Det positive med det, er at vi då møtte familien Medhus. Han var den som konfirmerte meg og kjerringa er supergrei. Dei er faktisk onkel og tante til ei i Kjøpsvik (utan at eg skal nemne kven her). Så då blei ikkje fergeturen så lang likevel:=)

Klimaet her er nok litt varmare enn heime. Definitivt! Vèret er bra, noko som lovar godt for oss. Spesielt i morgon når Kvinnheradsløpet arrangeres. Utfordringa er allereie komen. Innan i morgon må eg avgjere om eg skal stille opp på 5 eller 10 km. Vi får sjå....... Eg skal i alle høve ta turen inn til Rosendal med treningsbukse på.

Eg har ikkje vore her lange stunda, enno, men har allereie møtt fleire kjenningar. Det er så koseleg!! Så eg har mange kaffi-avtalar dei neste dagane. (Sånn bortsett frå at eg ikkje drikk kaffi då. Hehe.........).
Vi åt på Peppes i stad. Ho som var i serveringa er ei eg kjente godt då eg var tenåring. No har eg ikkje sett ho på fleire år, men det var ikkje vanskeleg å kjenne ho att. Ho er eit tydeleg eksempel på at vestlendingar trur at heile Nord-Noreg er snø, scooter, reinsdyr osv.... Ho lurte på om joikaboller er det same der nord hos oss. Om dei er sånne på boks, eller om det er slik at vi lagar dei sjølv. Reinsdyr er vel noko alle nordlendingar har........ Og sonen min må vere den kulaste guten ho har møtt på lenge. Ho fekk servert fleire herlege svar på superherlege spørsmål. Det blei eindel fliring:=)

No er eg her og no skal eg kose meg til det fulle. Eg håper det er mange vener heime........I tillegg skal eg prøve å få pressa inn litt tid til nokre studievener frå lærarhøgskulen. Det blir supert:=)

No skal eg nyte siste del av kvelden før eg går og legg meg. Det er ikkje lenge sidan minstemann kraup til sengs. Eg må jo skjønne det at han må få vere lenge opp i lag med "Mommo" første kvelden. Noko anna vil vere frykteleg urettferdig. Kvifor skal berre eg vere den som får kose meg på ferie? Eg kjøpte det argumentet og ergo blei det seine kvelden på han. No satsar eg på at det blir like seint på morgonkvisten før han vaknar.
Vindauga står opne på rommet, men likevel er det "dyrisk" varmt der inne. Eg er spent på om natta blir lang om det blir for varmt. Eg satsar på at det går greit. Eg får heller liggje utan dyne. Det som er sikkert er at eg i alle høve skal kjøpe meg ei ny jakke her nede. Det blir heilt feil å bruke den eg har med, og eg har berre med meg èi. Eg trur kanskje eg kan samanlikne temperaturen med ein varm vårdag for oss der nord., (Eg klagar ikkje).

Ha ein fortsatt fin laurdagskveld (den er vel mest sannsynleg over snart) og ei påfølgande god natt. Sov godt!! <3  Buenas noches!!

Hasta luego:=)

Te echo de menos.........

When I need you, I just close my eyes and I'm with you......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar