torsdag 2. oktober 2014

Autumn!!

Tjo og hei! Det vitnar ganske greit om at ein har hatt det travelt når det går halvannan måned utan at det er noko som helst form for aktivitet her inne. Jaja…. Sånn går no dagane. Ein kan i alle fall ikkje klage på at ein keier seg at mangel på aktivitet i desse dagar.

Jomfrua byrjer å bli meir og meir klar over at ho ikkje er nok ungfole lenger, eller lammekjøtt som enkelte ville ha kalla det. Det ligg langt inne når det kjem til å innrømme det, men sanninga er at eg er veldig klar over det. Så var det å finne eit begrep/ord som er dekkande for tida no…….tida mellom jomfru og gammal, liksom….. Hahahaha…… Eg er definitivt ikkje gammal enno!!! Likevel, det er ganske stort sprik mellom jomfru og gammal……så ein eller annan tilstand må ein no vere i i mellomtida?!

Hausten er som regel ei fin tid. I år er vel ikkje store unntaket. Viss ein ser bort ifrå den siste tidas ausande regnvèr og det at "Tor med hammaren" har vore rimeleg rasande den siste tida, tja då har vel no strengt tatt vore ein fin og innhaldsrik haust.

I slutten av august (sånn rundt rekna) hadde eg meg ein trimtur på høgda. Eg gjekk ikkje åleine, og turfølget sørga for eit par tilfelle av latterkrampe.
Kva gjer ein når ein går langs autovernet og ein høyrer at det knakar valdsamt i skogen rett nedanfor?
Joda…..Enkelte blir livredd av di dei får kjempefantasier om at det må vere ein superskummel elg, og enkelte blir så bekymra at dei faktisk vender seg og spring heim istadenfor å fortsette turen.
Akkurat i den klassen kan dei nok ikkje plassere meg. Ikkje "reisefølget" mitt heller. Vi vart sjølvsagt så nysgjerrige at vi ikkje hadde som mål å vente til at den eventuelle elgen som var skuldig skulle vise seg. Vi prøvde å leite han opp, utan særleg stort hell.
Vi klatra over autovernet (i kanonbra stil!!!! Ikkje tull eingong…..) og sneik oss langs vegen på innsida av autovernet. Då var det sjølvsagt ikkje ein lyd å høyre. Likevel….. Kvar gong vi kom attende ut på vegen gjekk det blant trerne rett nedanfor oss. Stoppa vi, stoppa dyret. Gjekk i, gjekk dyret.
(Neida….det er ikkje sikkert at det var ein elg. Det kan jo ha vore ein rev……..Men reven er ikkje like stor, så det er meir "spanande" å tenke at det var ein elg.

Under siste klatretur over gjerdet seier plutseleg turvenen min "Pass dæ så du ikkje dett når du skal over autovernet". Ti sekundar etter skjer følgande…….


For å seie det enkelt…….. Det er ikkje EG som ligg der på bakken!!! Og sidan bileter ikkje kan ljuge, så ser du vel at det er snakk om eit monsterautovern??!! Og for den som kjenner meg, så seier det seg sjølv at dette blei det fliring av.
Jaja….Vi kom oss på høgda og vi kom oss heim i like heile delar som vi var før vi starta (utroleg nok). 


 Det neste prosjektet kunne forsåvidt ha pressa fram nokre latterkuler, men det gjorde det altså ikkje.
Eg hadde kjøpt eit par rammemadrasser som eg skulle ha på loftet på hytta. Det var ikkje berre, berre å få dei med båten, men det gjekk på eit vis. Hovuproblemet var faktisk ikkje båten, men trappa opp til loftet. Det mangla ein stakkars liten centimeter på å få sengene opp i rett etasje. Snakk om utur!! EIN cm!! Det var nesten til å grine av.
Hedligvis fantes det ei løysing. Å ta ut vindugene oppe og få sengene inn via stigen. Joda, eit prosjekt som inneholdt visse risikoar, men som likevel var ein sjanse ein berre måtte ta.
Det var jo berre det at det skulle fire senger opp, og vindauga tar ein ikkje ut meir enn ein gong. Ergo blei det bytur og to nye senger til dagen etterpå. Resultatet?


Ikkje så verst om eg skal seie det sjølv. :=)

Enkelte dagar (kveldar) er rett og slett ABBA-inspirert. Det spørs kor kult andre syns at det i tide og utide ljomar ut av høgtalarane "Gimme, gimme a man after midnight" og ikkje minst "Intermezzo" som for øvrig er ein genial låt å jogge til!! 
Sånn berre for å kommentere nett det siste, så er det testa ut og er kvalitetssikra gjennom det. Den sørger rett og slett for at du ikkje høyrer din eigen pust (som kanskje er som ein kvalross) og du maktar ikkej heilt å kjenne at det kanskje er på tide å roe ned. 
Av ein eller annan grunn så kjem denne  låta ut av øyretelefonane i dobbelt styrkegrad samanlikna med dei andre. Det er heller ikkje snakk om å skru volumet ned. 
Det einaste låta ikkje hjelper mot er i tilfelle du har mykje øyrevoks! Eg kan altså ikkje garantere at volumet på låta sørger for litt oppreinsking i øyrene, men kven bryr seg vel om det?? I alle fall ikkje eg…..men så er vel ikkje den der øyrevoksen noko særleg problem her i garden.

Og meir ABBA skal det bli! "Mamma mia" seier eg berre, og for naboane som høyrer lyden ut……Kom og sjå resultatet i november. Kom på ABBA-showet som skal vere då. Eg lovar det blir bra. Eg lover du får deg ei oppleving og at du kjem til å gå derifrå og tenke at "Wow, dette var tøft!". 

Og sidan yngstemann i huset med kvart kjem dansande inn i kjellerstova medan eg speler, så er det vel levelege forhold i huset likevel. Ingen tar skade av det og då kan ein vel prøve å intensivere det litt (sånn berre for å teste det). 

Så går yngstemann til frisøren utan mammaen sin (!). 


Eg er ikkje heilt sikker på om eg forstod kva han meinte då han skulle forklare korleis han ville ha det. Eg trudde eg visste kva han meinte, men etter at eg kom heim og fekk sjå resultatet….er eg ikkje så sikker lenger. Eg kan i alle fall konstantere at eg har stirra eindel gonger på det der hovudet som er nesten fri for hår enkelte stader. Det er akkurat som berre augene går den vegen heilt av seg sjølv, utan kontroll av eigaren. Eg blir heilt fascinert. Kanskje eg også skal klippe meg slik? Trur i alle fall at eg vil få mange auger retta mot meg då. Eg trur eg lar vere……..

Elles så har Clooney gifta seg, noko fleire har kommentert på Facebooksida mi helga som gjekk. Det er fint at dei har omtanke for meg, for eg var djupt såra og vonbrota. Der forsvann siste rest av toget mitt liksom…… Hahhahaha……. Steike ta. 
Nei, det vart nok ikkje felt ei einatse tåre her. Clooney…….. Får håpe ho held ut med han då. Han sa jo sjølv at det ikkje er nokon som held ut med han. Kanskje denne kvinna er unntaket?!
Gje dei 8 mnd.

I forrige uke (eller ei anna uke….for det er ikkje lett å følge med i tida) låg det ein aluminiumsinnpakka gåve til meg på pulten min. 

Gulrotkake med sjokoladebitar i!! Og gjett om den smakte?!! Eg ofra lett ei av brødskivene mine frå nistepakken den dagen. 
Små gleder i kvardagen som gjer den store forskjellen. Eg kjem ikkje til å klage om det ligg slikt på pulten min kvar dag.:=))

I dag har det ikkje vore vits i å høyre på nyheitene. Det er vel ingen som tvilar på at 90% av sendinga uansett kom til å bli via OL og dei stakkars forsmådde osloenserane som ikkje fekk nye anlegg til borna sine av di heile Noreg ikkje vil sørge for OL. 
Vel…….visst eit OL kan sørge for flotte anlegg over heile Noreg, så kan vi jo starte diskusjonen.
Elles så veit eg no at eg er misunneleg på austlendingane. I alle fall om eg skal tru enkelte ytriger som er komen med i avisartiklar. For det er sjølvsagt ingen anna grunn til at vi er imot OL….. Det er misunning og ikkje prinsippet som er bakgrunnen for nei-haldninga. 
Eg må berre seie at eg er glad at dei er så smarte at dei kan fortelle meg at det er det eg er. Misunneleg. @Hahahaha……. Den dagen eg er misunneleg på at dei får noko i Oslo……Vel, den kjem aldri. 

Det heile vitnar om småbornsoppførsel (eller nei…ikkje eingong små born oppfører seg slik). "Viss vi ikkje får viljen vår, er det eine og åleine misunning som er skulda for det. At store delar av folket er ueinig med oss kjem ikkje av at dei ser galskapen bak det heile, men som sagt misunning.

Eg er glad dei legg bort søknaden om OL i 22. Eg er veldig nøgd med det. Kostnadane ved eit OL har eg ikkje ofra så mange tankane. Det er prinsippet og måten ting blir gjort på som påverker meg. 
Det blir som at Bergen kan gå ut å seie at dei vurdere å bli ny norsk hovudstad og så seier dei berre at kun bergensarar skal få stemme på om dei skal ha hovudstad eller ikkje. Hovudstad for heile landet sjølvsagt.  
(Er det eigentleg rart at vi har krig i verda??)

Det er torsdag og EG av alle ser boksing på tv. Boksing!! Hallo…..? Kva er så spesielt og kult med det? Likevel ser eg. Eg ser ein mann som strekker armane sine i verda. Eg trur kanskje det betyr at han vann. 
Akkurat no såg eg eit høgt spark og ein som ser ut som ein reddhare og berre vil bort i frå motstandaren sin. (Som om dei ikkje er klar over risikoen for å bi slått er stor ifrå før. Det kjem vel som eit sjokk.) 

"Spark mot suspen" stod det akkurat på skjermen. Tippar det kanskje gjorde litt vondt, både for sparkefoten og mottakaren av sparket. 
Knockoutseier!! Plutseleg ligg det ein mann på golvet, nesten ubevegeleg. Kampen er over "I think". Synd for den tapande part, eller rett og slett det beste som kunne ha skjedd.  

Jomfru Knutsen har visst fått kamelauger i kveld. På ganske så kort tid har dei sørga for å bli rimeleg trøytte og i tillegg har dei påkalla gjespen (som eg i utgongspunktet kunne klart meg utan ifrå).


Det er ikkje heilt helg enno, så det er berre å tilte seg i seng og få skjønnheitssvevnen. I morgon er det allereie 3.oktober og eg trur faktisk ikkje det kjem til å vere haust så altfor lenge. 
Uansett…Ha ein fantastisk fin kvekd, og eg skal la vere å kommentere at eg akkurat var borte nokre småminutta. Det er fortsatt bokiskn på skjermen, så det kan ikkje vere lenge. Denne knetta går i rett i seng! God natt! :=) Sov godt!

Hasta luego! 

IWALY!!!