fredag 30. september 2011

Friday:=D

"Beat for beat" er ikkje feil på ein fredagskveld. EG har sett helgetv for første gong sidan.....hm.......Tja, eg veit ikkje heilt. Folk spør meg om eg følgjer med på "Skal vi danse", men eg har jo ikkje sett tv ein einaste laurdag sidan før sommaren (trur eg - og håpar eg ikkje lyg). Det er no mest av di eg har vore på hytta eller seminar (vi har det på kveldstid også - berre i ei litt anna form enn dagtid. Hehehe...). Neste helg er eg i Spania, så då blir det heller ingen tv-titting. Eg trur eg byrjer å bli litt sær, sånn heilt tilfeldig:=) Neida, det blir vel nok av tv-titting når hyttesesongen er "over" og mørketida bryter på.
"Beat for beat" er eit program som i alle høve sørger for at eg lever meg inn i det som skjer. Eg reknar med det gjeld ganske mange. Eg er like ivrig etter å finne ut kva song det er snakk om som dei som deltar. OG lykken er optimal når eg har rett.

"Svetter så han skifter farge". Hm.........Kanskje eg snakkar om ein dåke kjenner. Det er berre å starte tippinga! Kven er det som svettar så grueleg? Hahahaha.....
Walter Pandiani! Kanskje dåke ikkje kjenner han likevel? Jaja, det gjer ikkje noko det. Eg kan informere om at eg blei ganske så skuffa då eg klikka på overskrifta. Eg fekk ikkje vite noko som helst om kva det dreier seg om. Det einaste skriftlege som står er "Se hvor han svettet da han møtte journalistene". Hallo!??! Kvifor ha ei så stor overskrift for så lite. Eg gidd då verkeleg ikkje sette meg ned berre for å sjå på ein video av ein som svettar. Eg hadde jo håpa på nokre saftige avslutningar og endte opp like grøn.

"United-keeper avslørt som smultringtyv". HAHAHAHA..... Det er det teitaste eg har høyrt om. Særleg...... Trur nesten eg må inn å sjekke den. Tvilar på at ein som er så rik, gjer seg til tjuv for nokre smultringar. Kven veit? Snart har eg svaret.
Eg trur det ikkje. Han er faktisk ferska. Manchester United-keeper David de Gea (20) stappet i seg sukkerbollen uten å betale de 11 kronene den kostet. Et overvåkingskamera avslørte den pinlige naskingen.
Det beste av alt er at storavisa "The Sun" brukte ei heil førsteside til å brette ut saka. Eg skjønner dei ønsker å ha slikt stoff med, men dei slit når ei heil førsteside blir ofra for ei sak til elleve kroner. Jaja...... Pinleg for han. Med seks hundre tusen i uka er det ikkje sikkert at han hadde råd til smultringen.

Jan Thomas er eit levande prov på at folk "bryr seg" litt for mykje. På seinsommaren hadde han gått ned 14 kilo. Eit tal som er ganske høgt med tanke på korleis han såg ut før vekttapet. Det at han er homofil, gjer at spekulasjonane blir heilt annleise enn om det hadde vore ein som var heterofil. Kva er det første mange tenker om ein homofil raser i vekt og ser sjuk ut? Joda, då er det klart han er HIV-positiv.
Det er i slike saker ein kan vere glad ein ikkje er ein offentleg person som han. Når rykter går så langt at det blir ein belastning for familien, er det gått for langt. I dette tilfellet valgte han å ta ein HIV-test og offentleggjere resultatet på nettet i form av bilete av han og skjemaet frå legen.
Det verste med ei slik sak er at folk sine fordommar kjem så tydeleg fram. Det er superteit at han måtte sjå seg nødt til å gå til det skrittet og la seg teste for å stoppe rykter. Uansett om ein er offentleg eller ikkje, så skal ein kunne forvente ein viss respekt. Homofili er så utbredt i dag at ein skulle tru at det ikkje var så mykje fordommar att på dette området. Ikkje det at eg ser på homofili på som naturleg. Det vil alltid vere "rart", men det gjer meg absolutt ingenting, og eg vil aldri bevisst gjere narr av at folk er det. Det handlar i bunn og grunn om respekt for enkeltindividet.
At folk reagerer som dei gjer mot Jan Thomas, viser at dei har liten respekt for dei som faktisk har viruset. Jaja..... Det er så langt frå mi verkelege verd, heldigvis, så sånn sett er det ikkje noko eg kjem til å bruke tankane mine på. Likevel, eg irriterer meg litt over det akkurat her og no.....

"Far rygget over barnevogn med eget barn i". Huff....... Det var såvidt eg turte å opne saka. Kor grusomt! Etter det eg kan lese på nettet, står det ok til med bornet. Nei, i dag skulle alle bilar ha hatt ryggesensorar. Korleis går det an å rygge på bornevogna til ditt eige born?? Ei vogn du veit står der!?! Jeeeeezes........ Men det er vel lett å sei det når ein sjølv ikkje har opplevd det. Eg kjenner eg blir heilt dårleg. Slike saker påverker meg. Eg blir heilt satt ut. Definitivt! Eg trur eg ville ha slitt lenge med det om det hadde vore eg som hadde gjort slikt. Endå godt at bornet overlever, forhåpentlegvis.

"Trener tvang skolelag til å ligge på graver". Æsj...... Like greit å hoppe over.

Eg skulle visst innom på dataen i dag, var tanken i går. Jaja, så gjekk det ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg. Eg overlever det også. Dagen har vore utroleg bra og meir kan ein vel ikkje forlange. No ser eg berre fram til i morgon ettermiddag når flyet lander på Flesland og guten min spring mot mormora og kastar seg rundt ho. Han har hatt bra mykje reisefeber i dag. Han var faktisk ikkje obs på at flyet går først i morgon formiddag før han var halvvegs til Bodø. Han blei ikkje særleg glad. Faktisk har han vore litt småsur heile tida sidan det gjekk opp for han. At eg ikkje kunne skjønne at han måtte få dra dit i kveld, var vanskeleg for han å fatte. All den reisefeberen til inga nytte:=)
Sjølv ser eg fram til at vi skal grille villgeit og kanin (?) på sundag. Om eg har oppfatta det rett, er det nett det som skal etast då. Det kan jo bli spanande, og eg veit eksakt kva enkelte vener tenkjer når dei les dette. "Beathe kommer aldri til å tørre å smake på det". Hahahaha...... Eg skal det. Eg har aldri smakt villgeit, men eg skal faktisk smake det. Det høyres ikkje ekkelt ut i det heile. Ganske bra, hæ? Kanin?? Eehh.... Det spørs om dei ikkje får rett på akkurat den biten. Kanskje er det eg som er blitt lura?! Eg trur ikkje det....... Eg blir garantert ikkje å ete kaninen. Då eg nemnte for Steffen at han kan få ete kanin på sundag, ja, då svara han berre "E du heilt dum, eller?" Stakkars dyr. Blir kosa med eine dagen og grilla neste dag. "Shit!" For ein skjebne:=)

Nei, no skal eg slutte av og spise meire kake. I Bodø er dei så snille at dei lager kake til meg, og den er faktisk veldig god:=) Så dataen må nok dukke ned i kofferten att og sove ei stund. Den overlever det denne gongen også. Det er ikkje så mykje for den å sjå på så seint på kvelden....... Aahhh, no trur eg nesten at hjernen er byrja å bli bedøvd. Mykje teit som blir sagt då.... Kanskje det var nok at eg såg Truls Svendsen bli bedøvd på tv. God verknad av sprøyta, med andre ord. Jaddda!
Truls er gjest i "Senkveld" og skal lese frå ei bok saman med Ari Behn (som faktisk er litt artig i kveld). Han (Truls) skal sjølvsagt lese med ein munn som er bedøvd for at det heile skal få eit morosamt preg. Det attstår om det treff meg i hjartet. Det er berre å vente til etter reklamen. Gud kor lite eg har sakna reklame. Blæææ.......
Eg trur kanskje eg skreiv at eg skulle slutte av i stad. Å slutte av kan visst ta lang tid. Joda..... Eg prøver på nytt. For no byrjer "bokdykket".

Hahaha....Eg trur eg døyr. Truls er heilt rå. Det er ein suksess. Han klarer rett og slett ikkje å seie f og p (blant anna). Steine vere.......... Ære vere Ari som klarer å halde seg alvorleg.
Takk for no!!!!!

God natt og sov godt <3

Honey you can have me



When you want me


If you simply ask me to be there







.

torsdag 29. september 2011

Torsdag:=)

Det er torsdagog det er snart helg att. Klokka er halv seks og det er berre litt over eit par timar til eg skal på øving. Eg har eigentleg eit stort behov for å pakke......både for meg og "glunten". Her er det null stress og aller helst liten kontroll:=) Akkurat slik det skal vere..........  Er det ikkje slik at ein arbeider best under press? Hahaha.....Då blir det slik for meg i dag.
Det er uansett fleire kjøpesenter heime og då er det ikkje så nøye om ein ikkje pakkar så mykje. DEN idèen kan eg like!! Hmm....Kanskje lurt å pakke lite med vilje.......

I dag har vi hatt seifilèet til middag. Det er ein liten gut som er bra stolt over det. Det er jo han som har sørga for at vi har fått fisk i frysaren. Hadde det vore opp til han, hadde vi vel beholdt alle "50" fiskane han fekk. Litt kjedeleg med ein heil bunsj seifilèet...... Eg trur det held lenge med dei 8-10 han tok vare på (med sterke protestar for kvar einaste som blei kasta uti att).
Han fiska så mykje og lenge at det gjekk med heile tre krokar det døgeret, og det berre då han brukte si eiga stang. Det var ikkje berre, berre å få opp dei største fiskane med ei juniorstang berekna på hans alder. Det gjekk bra med god hjelp av dei andre.

Han var ikkje heilt einig med meg i morges då eg sa at vi skulle ha fisk i dag. "Mamma, vi kan jo ikkje det. Den e jo full av saltvann!" Joda....... Det er vel slik born tenker:=)

Vg.no........ "Denne skoen koster Reebok 144 millionner". Ehhh....... Det vil eg påstå er mykje pengar.
Dei har visst laga ein sko som skal gje spretten rompe. Hmm.... Ein sko som formar rompa? Eg ser for meg at dei får eit bra salg på den skoen. Eller ikkje.........Problemet deira er at dei ikkje kan bevise at skoen faktisk gjer ei spretten rompe, så no må dei betale pengane attende. Jaja, synd for dei. Eg har ikkje kjøpt skoen, så det bryr meg lite.

Ståle Solbakken har hatt eit raseriutbrot.  "Nå må du f... tåle at du blir irettesatt. Hold kjeften din!" Vi kan til og med få sjå opptaket av raseriutbrotet hans. Særleg at eg gidd det..... Eg går heller til neste sak. "Mystisk kval heilt på jordet". (Bokstaveleg talt). Hahahaha..... At det går an. Det er ikkje berre britane som klør seg i hovudet. Det gjer eg også...... Det er funnet ein gigantisk kval heile 732 meter frå ein elvemunning i Yorkshire. Dyret er ti meter langt og sannsynlegvis er det ein seikval. Spørsmålet er sjølvsagt korleis den kan ha hamna der. Den ligg rett og slett på eit jorde. Noko vakkert syn er den slett ikkje.
Slike ting kunne heller ha skjedd her. Då hadde vi fått noko å prate om:=)

Når eg no skal ut å reise med fly ( heile 8 stykk i løpet av dei neste to ukene), er det hyggeleg lesing når det står "Pilot var full - fly forsinka i seks timar". No er det ikkje akkurat det med at flyet er seint ute eg tenkjer på. Ikkje at eg er så redd for å hamne borti ein full pilot, at det gjer noko, men det gjer i alle høve at ein faktisk tenkjer at det kan skje.
Når ein klikkar seg inn på reportasjen, ser ein at det er media som har gjort ei lita fjær til fem høns, sm ordtaket seier..... Ja, det burde ein jo ha skjønt med ein gong. Er det ikkje alltid slik?
Han har ikkje møtt full på arbeid. Han har hatt meir enn 0,2 i promille på kvelden og skulle fly morgonen etter. Dei måtte følgje reglane og måtte vente på ny pilot.
Nei, dagens nettside er heller "boring". Det er ingen saker i dag som treffer heilt. Kjipt......., men kanskje like greit.

Nei, no var det visst ein som kom inn døra og spurte om eg har pakka. "Neeeeei"......... Og eg flirer sjølvsagt når han blir litt "sur" for at eg ikkje er byrja. Plutseleg er bordet fullt av borneklede....... Jaja, det er jo fint for meg. Då får jo eg betre tid. Om eg snik meg ut ei lita stund, kan det jo vere at det ligg litt dameklede på bordet også?? Ehh.....Veit ikkje heilt om eg stoler på det:=) Nei, eg skal hive meg rundt. Pc'n slår eg ikkje av! Den skal nemleg stå der og spele av litt musikk. Det blir vel aller helst med den eine songen som går på repeat..........

No skal eg vel ikkje meir på nett før på laurdagen. På reiser er det fint med minipc. Jammen meg lett å hive i kofferten:=)

Ha ein fin torsdagskveld.
Hasta luego:=)

Whereever you go.......

onsdag 28. september 2011

Onsdag, Wednesday, Mittwoch whatever you like to call it......

Arghh!!!! Puh........ ..... Er ikkje sur viss det kan sjå slik ut. Berre litt frustrert over ein pitteliten bagatell. Og den er eigentleg ikkje verdt å "arghh og "puh'e" sånn over. Det var berre lysta til å gjere det som tok over ei ørlita stund. Eg leitar etter ei engelsk oversetting av eit ord. Sånn i bunn og grunn så veit eg kva ordet er, men akkurat no står det heilt stille. Alle cellene er på ein heilt annan stad enn der eg treng dei akkurat no. (Don't ask me where...). I ordboka står det ikkje, og på nettet står det berre at det ikkje eksisterer noko engelsk ord for det. Eg kan jo berre finne eit anna ord som har same meining, men eg vil ikkje det. Akkurat dette ordet skildrar det eg vil seie. Ferdig med det. Eg skal heller gruble litt til på det.

Hahaha......Vg.no har faktisk ei sak som opptar meg til fulle!! YES!! Og nei, det er ikkje noko under nyheiter. Det er vèret:=) Det står "Sjekk det vèret!". Vi får draumevèr i sør. Yuhuu....... Eg skal jo sørover på laurdag. Der har det vore skitvèr heile hausten. No skal eg dit, og kva skjer?? Joda, draumevèr. Det må vere karismaen min. Tralalala........
Ellers så held dei enno på med rettsaka rundt Michael Jackson. Har ikkje han vore daud bra lenge no?

Rhianna har vist seg lettkledd i ein kornåker. Reknar med at ungdomsgutane deromkring får oppfylt ein av sine draumar. Skikkeleg interessant! Jauda.......Skjønner at akkurat det vekker oppsikt. Kanskje eg skal opne og lese kva det eigentleg dreiar seg om?! Hmm...... Eit videoopptak. Ikkje verst. Superstjerna har visst kvitta seg med så mykje klede at ein grunneigar fekk stansa innspillinga. Det er visst frå ein nordisk åker. Ut frå det eg kan sjå, er det berre snakk om bikini. Det er vel ikkje verdas undergong vel? Likevel er det "hot" stoff for media. Tru kor mange treff dei har på nettopp denne saka? Berre så synd at eit av dei treffa kom frå meg då. Ikkje at eg lar det plage meg meir enn det tar tida å skrive det:=)
Ordføraren i Våga...... Den saka er vel veldig betent. Reknar med media dekker den saka i lang tid framover, så det er vel ingen fare for at vi ikkje skal få med oss utfallet. Spesielt om det er eit snev av sanning i det.
Ei stor overskrift seier "Spyr seg i form". Uksh.......... Det er om skøytesprinterane. Hallo, det er greit at ein skriv om at skøyteløparane driv med høydetrening og at dei drive hardt. Likevel, kan dei ikkje fnne ei betre overskrift. Dei trener og ligg etterpå i grøfta og spyr av di dei er så slitne. Javel....Akkurat som om ei berte i Bakkanveien bryr seg ein døyt om det. Stakkars menn. Korleis overlev dei? Å spy er jo superalvorleg. Nesten på grensa til influensa, og akkurat det er jo ikkje menn si sterke side. (Eller kva?...... det er no det dei fleste seier. At dei er dauden nær....). Ifølge ein professor ved Noregs Idrettshøgskule, er dette eit kjent fenomen innen toppidrett og slett ikkje noko unikt. Så å lage ei heil sak på at dei spyr......Jojo. Dei fekk jo meg til å lese det.

"Kartlegger massemordarens moglege homotilknytning". Kva i alle dager er dette? Massemordar? Det må jo vere han galningen frå i sommar som vi ikkje skulle nemne namnet på. Homotilknytning? Har det noko relevans for saka? Eg tenkjer jo først at no tar ting litt av, men så har eg dog ikkje lest hovudinnhaldet. Eg klikkar meg inn no.
Jaha.... Dei meiner at mannen kan ha tatt del i det homofile miljøet i hovudstaden. I manifestet tar han avstand frå homofili. Denne biten kan visst ha noko å seie for dei rettspsykiatrisk sakkyndige i saka som skal vurdere han. Homofil legning eller ikkje...... Eg gir meg no "katta" i svaret. Han er vel ikkje meir galom han er homofil eller ikkje. Skal dei bruke eit heilt år på å analysere heile livet hans i håp om å finne noko som tyder på at han er gal? Systemet er rart, men det er vel ikkje noko nytt.

"Oppgrader garderoben for under ein hundrelapp". Hahahaha...... Dei skal visst vere artige i dag. Ein kan sikkert skaffe seg èit plagg til den prisen, men garderoben blir vel i ikkje akkurat oppgradert av den grunn? I dette eksempelet er det faktisk snakk om ei strømpebukse til 90 kroner. Har dei ikkje betre ting  å ta seg fore? Oppgrader? Jau skit....
Då er neste sak hakket betre. Der er det i alle høve litt aksjon. Når det er slagsmål i FN-bygningen, er det klart det kjem med i Vg. Noko anna ville vore rart. Ingen ringare enn Tyrkias statsminister som var innblanda. Kult! Det er i New York det skjer.

Januskattane som består av to hovudet på ein og same kropp er riktig så søt(e). Litt usikker på om det blir eintal eller fleirtalsskildring her. Hehe..... Katta har faktisk levd i heile tolv år, noko som er heilt utroleg. No kjem den i Guiness rekordbok. Forventa levealder på katter som dette er faktisk berre èin til fire dagar. Slå den..... Tolv år!! Det eine bhovudet ser og det andre spiser. Interessant:=)
Andre dyresaker som opptar Vg sine ansatte, er "Jakter på kåte elgar i sextåke". Dei meiner skogens konge har viktigare ting fore seg enn å gøyme seg for jegeren. Elgen har visst sitt høgdepunkt innanfor paring når elgjakta startar opp. Stakkars elg....... Så liten del av året? Thihi.....Oksen er veldig interessert i kuer og springer unna sitt vanlege handlingsmønster for å få seg eit dykk inn i herlegdomen. (Det står vel ikkje akkurat det, men det er no slik eg tolkar det). Oksene framstår som relativt naive, dumme og nesten litt bedøva. Med andre ord.......Menn er menn, uansett kva art det er. Hahahaha..........
Enkelte jegrar brukar faktisk instrumenter som etterliknar ei kåt ku for å få oksen til å kome løpande.
Gunnvar på 68 er mest opptatt av ballane på elgen. Dei smakar visst bacon. (Eg trur eg står over noko smaksprøve der).

Nei, Vg skal få vere Vg. Eg har skrive så at eg har gløymt å tenke på ordet eg skulle finne. Det er like blankt enno..... Jaja. Eg får finne meg ein "dictionary" i morgon. Eg går attende til draumeverda mi før boka skal få seg ein visitas den også. Eg sovna visst ifrå den i går kveld også. Det skjer ikkje i kveld.

Så no tar eg kveld, med eit lite smil for meg sjølv. Det har vore ein fin kveld.......:=)
Ha ei god natt og sov godt!! <3

Hasta luego!
I promise to behave.........

You gave me butterflies.....

tirsdag 27. september 2011

Tysdag 27.september.

Ærlegdom varar lengst, heiter visst eit ordtak. Det betyr at eg eigentleg bør skrive at dette har vore ein dritdag!! Men eg lar vere....... Vi seier den har vore bra:=) Det er minst fem bra ting med dagen i dag, så då får det vere det som blir hugsa.
Det stod i dagens horoskop at eg skulle hamne opp i fleire ting som eg var uskuldig i. Det har jo stemt veldig godt i dag. Så eg har iriitert meg mykje. (Ehh.....Berre så det er sagt. No er ikkje eg opphengt i horoskop. Eg las det berre tilfeldig). Om ein hoppar over dei sekunda (eg lyg - det er snakk om mykje meir enn sekundar)eg har ergra meg over andre, ja, då endar ein vel opp med alt som er bra med denne dagen.
Sånn er den saken.

Det er tysdag og det er i slutten av september. Dei to-tre siste dagane har eigentleg vore litt kalde. Det merkes at det ikkje er lenge før vi går inn i ei ny årstid. Kva gjer vel det? Ikkje anna enn at andre klede må fram. I dag, då eg var ein tur på bana, trudde eg at øyrene skulle dette av meg. Ei stakket lita stund angra eg på at eg ikkje hadde noko på hovudet. Haustvinden er ikkje alltid på lag med oss. Det var ekstra godt å leggje seg i karet etterpå!! Får ein først "kjyll" i seg......

Vi har hatt ekstraøving i kveld med musikken. Siste e-post sendte eg avgarde til Calella i dag, så no er alt klappet og klart. Eg håpar den "ivrige" øvinga vår gjer resultatar.
Eg som har vore såååå flink til å øve i det siste........ Likevel var det litt tungt å spele i kveld. Kjente amasjøren sleit då eg skulle spele min solobit på Nordlandstoner. I morgon skal eg definitivt IKKJE øve (på kornetten). Då skal eg noko mykje gjevare.............. :=) I'm looking forward to it!

Då eg kom tuslande heim langs vegen nedover mot huset, tykte eg at det såg litt mørkt ut heime. Klokka var jo berre ti. Inne var det dørge stille og eg såg for meg at det var ein som hadde sovna under lesinga på senga inne hos Steffen. Neida..... Han hadde berre lagt seg. Det betyr at eg kunne sitje meg ned her i sofaen og berre slappe av, heilt til det fulle. Dataen i fanget (kanskje ikkje så bra), tv'n på (Private practise) og ein liten jordbærdram. Hmm......Dårlege vanar. Det er jo andre gongen på svært kort tid. Jaja.......Hehehe.
På dataen er eg, eg. På tv'n er dei berre skrullete heile gjengen. Amøber..... Det er mykje rart dei sender. Eg skal ikkje vere for ærleg å seie at eg likar det. (For det gjer eg eigentleg). Desse psykologane og legane ellers er litt fasinerande. Sjølv om dei alltid hamnar opp i trassige situasjonar.
Snart er det Beck som står for tur, men eg trur dei "hotte" menna i serien må la seg forbigå. (Not hot). Det får vere grense for kor mykje tv ein kan sjå på ein og same kveld. Spesielt med tanke på kor lite augene mine har kvilt på tv'n dei siste månadane. Det er viktig at eg ikkje no går i fella og blir bitt basillen. Hahaha....For det vil jo skje?!? Not!!

Eg skal vere like usosial som resten av huset. Eg skal leggje meg. "Sukkerdøden" blei svikta på sengekanten i går. Eg kom aldri så langt....... Eg er ikkje like trøytt i kveld, så då fins det kanskje håp:=) (Men då må eg først skjønne at det ikkje nyttar å sitje her slik som eg gjer. Tida går fort, og plutseleg så kjem Ole Lukkøye før eg veit ordet av det. Då skal eg drøyme om ein som er bra mykje meir hot enn Beck sine karar).

Eg ser fram til i morgon og det blir det siste frå meg i kveld. Så ha ei god natt:=)

Hasta luego!

You're my favourite.....

mandag 26. september 2011

Måndag 26.september.

Etter å hatt fullstendig kaos oppi øvre del av kroppen tidlegare i dag, er det no full harmoni og ro. Det tok berre litt tid å få sortert alt av tankar og informasjon. Eg har jo vore borte ei stund, og då eg kom attende, viste det seg at eg skal delta på ting eg ikkje veit noko om. No har eg sondert terrenget og fått kontroll på akkurat den biten. Det føles ganske godt.

Eg har nett vore og lest på VG.no. Skikkeleg interessant! Fredrik Skavlan syns forholdet sitt til Maria Bonnevie er litt usexy, Lindsay Lohan er platinablond og full av blåmerker, Frp trekker seg frå byrådet i Oslo, Noreg har fått sin første supermodell, Mannen bak hæl-straffen er død og Martin Andreassen er ikkje motekonge lenger. Dette er ei kort oppsummering av sakene. Som du ser er det eit ganske så interessant innhald i dagens utgåve. Kun slike saker som eg brenn for....... Jada! Eg berre elskar alt om Fredrik Skavlan. Spesielt alt om forholdet hans til kjerringa si. Eg kjenner kunnskapsdelen av hjernen berre pressar på og vil utvide seg til føremon for meir kunnskap om slikt. Lindsay Lohan.... Wow!! Ho er jo berre heilt rå! Platinablond?? Tøft! Det har eg alltid drøymt om å vere sjølv. Juhuuu........ Hælstraffen har eg aldri høyrt om før, men det må jo vere av interesse for mange med tanke på at VG har tatt det med som sak. OG eg som har sett sånn opp til Martin!! Kvifor påstår dei at han ikkje er motekonge lenger?? Kven skal eg no ha til forbilete??? For heile Kjøpsvik bugnar jo over av slike sexy menn som han......... Hmm, sa eg sexy?? Der laug eg glatt. Martin er ikkje sexy. Sorry halve Noreg..... eg deler neppe synet dykkar. Jaja.....Sånn går no dagane.
Ops......Eg gløymte visst supermodellen. Eg visste ikkje at eg var av slik interesse for journalistane??! Hahahahahahahah......No skal eg ikkje ha det så altfor skøy her, men hallo`? Give me a break! Nei, det er vel ein årsak til eg ikkje les nettavisene særleg ofte. Eg måtte no berre sånn snarast innom i kveld. Ikkje at eg veit kvifor, men eg kunne jo ha spart meg, som du sikkert allereie har forstått. At Carl I. Hagen er skuffa over Frp si utvikling..... Jaja, han om det. Det er ikkje akkurat som om hovudnerven min bryr seg så hardt om det. Eg trur nesten eg må kontakte VG og gje dei nokre tips. Eg treng ikkje reise lenger enn her i bygda mi for å finne ein som gjer meg hundre gonger meir vibbar enn han godeste Martin A. Så var det sagt:=)

På Tv 2 i kveld (tidlegare) var "Jakten på kjærleiken". Oh, my God for nokre brødfrø. Er det rart eg heller rømmer inn hit?? Eg trur kanskje eg blir å ende opp som halvblind, med tanke på at det alltid kun er eit halvt auge som følgjer med på den store skjermen på veggen. Gje meg no heller noko med litt meir spaning. Yeah, stå på, Beateh. Og no har kjerringa fått drypp på ny. Ikkje kan ho stave namnet sitt heller. God natt!!!!!

Hasta luego:=)

I miss your voice!!!!

søndag 25. september 2011

Hodejegrene...

No har eg lest boka "Hodejegrene" av Jo Nesbø. Eg byrja på ho tidlegare, men oppdaga jo fort at han Harry ikkje var med i den boka. Det visste eg eigentleg om frå før av (det er jo ei kjent bok), men det var visst noko som svikta der oppe, på nytt. Sidan han Harry ikkje var med, måtte eg jo berre leggje bort heile boka. Eg kunne jo ikkje spore av den supre Hole-reisa mi midt i eventyret!
No er det ei stund sidan Harry Hole "stakk av", men eg gløymte rett og slett av heile boka "Hodejegrene" til ho plutseleg låg der foran augene mine. Så no er ho ferdiglest og eg skal ta fatt på "Sukkerdøden" til ho Unni Lindell. Håper eg ikkje driter meg ut no når eg skriver forfattarnamnet. Eg er tøven nok til å skrive feil.........

Hodejegrene er ei ok bok. Ikkje meir enn det. Eg veit den har fått gode kritikker og Jo Nesbø skriver jo stort sett bra. Han klarar ofte å lure meg, noko han såleis også gjorde i denne boka. Likevel, eg blei ikkje fanga 100 %.
Han hadde verkeleg ein overraskande slutt på boka. Eg såg for meg alt anna enn det som faktisk sant var. Så då oppnådde han vel det som var meininga. Eg er uansett glad eg har lest ho. (Den er kanskje litt tynn...).
Om du vil lese ei bok som ikkje tar så stor del av di tid, kan nok denne anbefalast, om ikkje på det sterkaste, så er den heilt grei. 

Nei.... Eg skulle eigentleg ikkje inn her no. Eg ventar på tur for å stelle meg, og kjeda meg litt. Tida går som regel sakte når ein berre sit og ventar. Sidan det no høyrest ut som at det straks blir ledig, skal eg skunde meg så eg kjem meg i seng. Etter mykje frisk luft i helga, er eg bra trøytt. "Sukkerdøden" ligg på sengekanten og ventar....... Så ha ei god natt og sov godt denne natta også:=)

Hasta luego!

You are so beautiful........to me.

Sundag 25.september.

Det er sundag og jaktstart. Jaktmenna er komen seg til skogs og eg tippar dei skal vere bra våte når dei kjem attende. Det blir ekstra godt for dei å kome tl ei rein hytte som duftar kake, då.=) Eg har "skeina" litt opp her og kaka er akkurat komen ut av omnen. Det dufter deileg.
Førstemann var bra tidleg oppe i dag. Eg trur kanskje ikkje ho var meir enn kvart over fem. Eg var nok sist.

Då eg kom ned i første etasjen, var det ein lykkeleg gut som kunne informera at han hadde fått masse god fisk på kroken. Han hadde vore med ein av gutane på kaia og fiska. Det var visst nok av fisk der...... Så filèen er komen i frysaren og ligg der berre og ventar på at vi skal dra heim utpå ettermiddagen. Eg ser no mest fram til kveitemiddagen. Onkel har fått masse kveite før vi kom inn hit og eg er så heldig at eg får med meg heim noko av det:=) 

Det har vore ei utroleg bra helg. Berre så synd den snart er over. Eg trur nesten eg vil påstå at eg villa bytta bort heile sommarferien berre for denne helga. (Det er kanskje å ta litt mykje i, men det er ikkje så langt unna sanninga).

I går var det blikkstille på havet. Det er ikkje like stille i dag. Det er faktisk ganske varierande. Vi satsar på at det ikkje er så ille i femtida når vi skal ut herifrå. Ikkje at det speler så stor rolle. Vi har då vel vore ute i hardt vèr før.

På skulen diskuterer vi ofte handskrifta til folk. Er det slik at dei fleste skriver stadig styggare? Det er ikkje mange som skryter av handskrifta si. Sjølv har eg ei kjempefin handskrift når eg tar meg tida. Som oftast blir det berre "klodder" og innimellom litt halvfint av di ting skal gå så innmari fort. Eg trur kanskje at samfunnet har endra seg slik at vi ikkje tar oss tid til å skrive saktare. Den viktigaste årsaka er nok heilt sikkert at vi fakstisk skriv mindre for hand enn nokon gong. No er det ulike tastatur som gjeld. Folk har i større grad mindre motoriske ferdigheiter og fleire og fleire slit med senebetennelse av den enkle grunn at dei ikkje er vant til å skrive. I følge ein artikkel er problemet så stort at det er starta opp kurs for folk som ønsker å forskjønne kvardagsskrifta.
Før var det berre legane som skreiv uleseleg. No gjeld det supermange........ Det blir nok opp til kvar enkelt skule å innsjå verdien av god skriftundervisning. Om ikkje av nytteverdien i det offentlege, så for hytteboka, dagboka, minneboka og kjærleiksbreva si skuld.
Jaja.....

No kjem visst jaktgutta inn ein tur. JA, dei er våte. Her er det berre å få hengt klærne til tørk. Hunden sleng seg rett på golvet og der blir han vel liggjande ei stund. Han byrjer nok å dra på åra no, så det er klart det blir tyngre og tyngre for han for kvar jakt han er med på. Han var supertent rett før dei gjekk herifrå. Det var tydeleg at han skjønna at det skulle jaktes. No sit Steffen og stryk han så fint over ryggen.

No skal eg hive meg rundt her........... Salto!!! Hahaha. Særleg.
Ha ein fortsatt fin sundag. Nyt den, for i morgon startar ei ny arbeidsveke.

Hasta luego:=)

I feel it in my finger, I feel it in my toes.......

lørdag 24. september 2011

Hmm...

Eg trur kanskje ikkje det var så lurt å låne bort pc'n min likevel. Det viste seg at min kjære onkel ikkje hadde dei største datakunnskapane. Hmm...... Han fekk seg ikkje inn på det han skulle. Ha la saman pc'n og då eg opna den, var biletet rett og slett snudd andre vegen. Plutseleg måtte eg halde den sidelengs og det var ikkje berre, berre å rette det opp att. For det første måtte eg bli klok på touchpad'n (den gjekk jo alle andre vegar enn den skulle). Så var det å prøve å holde fokus på pila og finne systemgjenopprettinga. Med nokre få gloser som ikkje høver seg på trykk, gjekk det seg til tilslutt. Så no funkar alt som normalt....Heldigvis. Så får eg sove i natt også.

Jaja............

I wanna kiss you.....

Sjekk den storingen!!!!

O lykke!!! Beathe Susan Knutsen-P. er veldig nær det ein kan kalle lykke. Livet er herleg! Tyson ligg her ved føtene mine og slappar av. Han ligg og ladar opp til jaktstart i morgon. Han har ei herleg tid foran seg:=)

Eg er på Grunnvoll. "Familien" er samla. I dag har eg verkeleg følt på det at blod er tjukkare enn vatn. Eg har stor tru på at det som verkeleg gjer deg vel, er dei tinga som gjorde deg "lykkeleg" som born. Mine beste minner frå barndomen er at eg og syskenborna mine (frå Husnes) stod på berget her inne og fiska. Herreminhatt kor vi fiska. Vi blei aldri lei..
I vaksen alder har ein lært seg at det er mykje som gjer ein glad. Ein skjønner meir av livet, liksom. Likevel, ein kjenner det på seg om "lykken" er ekte. I dag har eg hatt den følelsen. Spesielt når ikkje pappa er her lenger, kjenner eg at dette er det næraste eg kan kome livet eg og han delte.
Eg kom heim langt utpå kvelden i går. Difor måtte eg vente heilt til i dag med å dra inn hit. Svein henta Steffen meg i Kjøpsvika og det bar rett inn i fjorden. Det var riktig så deileg å sitje der i båten og kjenne vinden som blei laga av båten som "svevde" bortover sjøen.

Då vi la til kai på Grunnvoll, var havet blikkstille, vèret bra og nisene låg og vaka i havoverflata. Det rett og slett myldra av niser. Eg visste allereie då at dette kom til å bli ei herleg helg.
For Steffen sin del, blei det som å vere i paradis (akkurat som for oss då vi var born). Det at her var folk som gidda å fiske med han, spele kort med han, leike sisten og ellers ha det gøy med han var rein lykke.
No nettopp utfordra han Svein i å danse twist. Vi flira godt!
Han har med seg si eiga fiskestong og har brukt eindel tid på kaia. I tillegg har han brukt harpa medan vi var på havet og  fiska. Eg kan ikkje akkurat seie at han har hatt godt "haill", men det var no engong slik at det var han som fekk flest fisk........ Det var gøy å henge over ripa og dra inn all fisken. Det var då han blei mållaus og sa "Sjekk den storingen!"

Det var veldig godt med fisk til middag i dag. Eg trur det må vere "første" gongen i livet mitt at eg et fisk på ein laurdag. Dei andre har tilogmed fisk som pålegg på brødskiva til kvelds. Det var godt, ja, men det får vere nok med fisk èin gong i døgeret.

Ute er det byrja å bli mørkt. Snart er det ein liten gut som skal "bysselalle" i 2.etasjen. Når han vakner til liv att i morgon tidleg, er dei andre fordufta ut av hytta. Jakta er i gong og Tyson tar med seg jaktgutta på tur. Kjenner eg dei rett, startar dei megatidleg. Kikkerten står oppstilla ute på verandaen til eikvar tid, så om ein vil bidra....er det berre å sitje seg ned foran den og stirre (og stirre og stirre og stirre). Det vil jo vere skøy om dei klarte å fange ein elg medan vi er her inne også. Kanskje tar eg Steffen med meg ein tur til fjells i morgon for å leite etter elg. Eg har vore med pappa eingong tidlegare og det var spanande. Tippar at han som er gut vil finne det endå meir spanande enn eg tykte det var.
Før han legg seg, må ha få sjanse til å spele litt meir. Ære vere Mads som gjer sitt ypperste for at han skal ha det gøy. No er det yatzy som står for tur. Eg sit no her.......og trives med det.

Eg trivdes her som unge, eg trives her no. Eg har maks ro i kroppen og alt er berre flott. Difor er det ein skam at eg ikkje tar turen inn oftare. Eg må berre SÅ gå til anskaffelse av ein båt. Sånn er den saka.

No er det ein stykk Knutsen som ønsker å låne pc'n litt, så då skal eg runde av her inne. Eg ser fram til morgondagen og gler meg til alt den måtte bringe med seg. Steffen har sagt klart ifrå at vi ikkje skal dra så tidleg ut, så då får han viljen sin, glatt.

Ha ein triveleg laurdagskveld og ei riktig så god natt.
Hasta luego:=)

I think of you.......

fredag 23. september 2011

My own sofa.....

Her sit eg........ I min eigne deilege sofa. Klokka er kvart over elleve og eg har vore heime i over ein og ein halv time. Berre det å leggje seg i badekaret, var ein vidunderleg følelse. Eg har vore stuptrøytt i dag, men no når eg verkeleg bør nytta høvet til å leggje meg i høveleg normal tid, ja, då blir eg sitjande oppe. Kanskje eg byrjer å bli litt overtrøytt? Eg kjenner liksom ikkje heilt at eg er så trøytt akkurat no.....

I dag har vi fått sett resultatet av det ungdomene har jobba med heile uka. Vi har hatt forestilling i fleirbrukshallen i Ballangen. Eg syns dei kom godt ifrå det. Det var ganske mykje kult elevane hadde laga. Spesielt likte eg animasjonsfilmen kjøpsvikgutane var med og laga. Det er synd vi ikkje har utstyr til å drive med slikt sjølv.
Forestillinga tok litt lengre tid enn venta, så ho blei halv ni før vi kunne sitje oss i bussen og vende nasen heimover. Det var ein kjempeglad gut som kom springande mot meg då eg kom ut av bussen. Gjett om eg har sakna han.... <3  Ingen tvil om kva seng han ligg i denne natta:=)

I morgon (laurdag) skal eg til Grunnvoll. Min kjære onkel skal kome og hente Steffen og meg på formiddagen. Det blir deileg! Og så blir det skøy å sjå søskenborna mine att. Grunnvoll er invadert av vestlendingar:=) 

Eg har ikkje noko særleg å kome med i dag, så eg trur eg sparar meg til i morgon. Difor vil eg berre seie god natt og drøym søtt.

Hasta luego <3

I keep thinking about you.....

torsdag 22. september 2011

Trøtt.no

No er eg verkeleg trøytt. I går kveld åt eg ein kebab som var sterkare krydra enn sterkast. Midt på natta vakna eg rett og slett med svettetokter, Det brann innvendig i heile magen. Oh, my God, seier eg berre. Statoilstasjonen her i Ballangen får nok ikkje solgt fleire kebabar til meg. Eg låg bra lenge vaken før eg sovna att, så difor overskrifta........

I dag har vel dei aller fleste vore bra trøytt. I alle fall var det ikkje berre, berre for mange av ungdomane å stå opp. Alle kom seg avgarde i tide, men det var såvidt. Eg er slett ikkje sikker på at alle rakk å hive i seg litt mat før dei fauk ut døra. I motsetnad til meg som har levd som eit matvrak. Akkurat det er ikkje tull eingong. I går åt eg både spagetti, pannekaker og kebab..... I dag har eg ete like mykje. Først frukost kl.08.00, så spagetti i titida, lunsj kl.11, kake klokka eitt, kylling kl.halv fire og no oreokake. Enno har eg tid til eit par måltid til om eg orker. Eg føler eg et heile tida. Det er godt det er helg i morgonkveld. Klokka åtte bærer det heim att og det blir deileg å sove i senga mi.
Eg har ikkje akkurat behovet for å breie ut kva eg spis om dagane, men eg syns eg har ete så heftig mykje at eg klarar ikkje la vere å kommentere det. Hadde det no vore grove brød heile dagen, slik som heime, skulle eg ikkje sagt noko......men her går det i alt anna.

Eg er ikkje så sikker på at eg har energi til å øve idag...., men eg skal i alle høve gjere eit hederleg forsøk. Eigentleg burde eg vel prøve å få ein time på auget, for om eg ikkje tar mykje feil, ser eg for meg at ungdomane ikkje kjem til å sovne så altfor tidleg i kveld (med tanke på at det er siste kvelden vi er her). Jaja.

Det siste som er skjedd i nyheitsbiletet, er at han der Frp-mannen (Hoksrud?) har vore å dyppa "snøtten" sin i ei hore frå Latvia. Det har fått så mykje merksemd at det kan ikkje vere mange som ikkje veit om det. Medaljens bakside vil vel mange kalle det. Ein arbeider seg opp og fram, men må forvente at ein blir fulgt med på.
Sjølv veir eg ikkje kva eg syns om saka. Heldigvis treng eg ikkje ta noko standpunkt. Det angår jo sånn sett ikkje meg. Likevel, om eg skulle meine noko, er det vanskeleg å vite kva det skulle vere. Ei sak har alltid fleire sider.
Ein kan på den eine sida påstå at det er av nasjonal interesse og at det berre er ein sjølvsagtheit. Det er noko som er fundamentalt galt om ein aksepterer at ein som sit på Stortinget kan bryte lova sånn heilt utan vidare. Det handlar jo i bunn og grunn om tillitt til systemet vårt. Korleis kan han vere med og "styre" landet om han ikkje er nødt til å gjere som lova seier. Stortingsrepresentantar har ei heilt anna rolle i det spelet enn vi som er nede på bakken. På bakgrunn av nett det, kan eg velgje å ta side med dei som fordømmer......
På den andre sida kan eg velgje å gjere akkurat det motsatte. Kva rett har eg til å dømme han? Han er menneskeleg, akkurat som eg. Ikkje at eg ville gått på bordell for å få meg noko, men det er menneskeleg å feile. Denne saka er ganske kompleks. Mannen sjølv er ikkje den einaste som er involvert. Han har ein familie å ta hensyn til. Det er ikkje berre han som får trykket i denne saka. Det kan ikkje vere berre, berre å sjå bilete av mannen sin bretta ut over avisene og tv i ei slik sak. Det er han sjølv som må stå for handlingane sine, men familien har vel på ein måte rett til å få vite det av han sjølv og ikkje media. Er det liksom greit at ein brettar ut slike personlege ting, utan tanke på kva det gjer med enkeltmennesket? Kan dei som jobbar i dei ulike media kaste den første steinen? I verste fall sit fleire av dei i glasshus sjølv..... Kven veit?
Det er greit at dei skal tene pengar og at "sladder" er noko som selgjer godt. Eg kjøper den. Likevel burde det finnes ei etisk grense for kva ein tillet seg å skrive. I alle høve bør det kvalitetssikrast og det burde ikkje få så stor plass i media som det gjer. Det får jo meir plass enn mange andre saker som er hundre gonger viktigare. Det same skjedde jo med øl-saka før landskampen. Ein skjønnar at det kjem reaksjonar, men det er berre det at det blir så hausa opp at det blir heilt teit.
Konklusjonen min i forhold til Hoksrud må vere at eg ikkje ønskjer å ta stilling til kva eg syns. Det vil vere like naturleg å velje begge sider. Han har lagt seg heilt flat, han har tenkt å betale bota for hendinga.....og då må vel han, som alle andre, få lov til å vere ferdig med saka?! Sjølv om han sikkert ikkje slipper like lett unna heime......... Det veit i så fall berre han og det dei gjeld, Håpar berre han hadde ei bra natt når han først slo til. Litt synd å måtte betale så dyrt for ein fiasko!! Life goes on:=)

No ser det nesten ut for at trøytta held på å sleppe taket. Eg har visst heilt gløymt av at eg er trøytt medan eg har vore her inne. Fine greier.... Eg skal slå til med øving med eingong.

Eg håper på ein fin kveld og ei god natt. Eg gler meg til å sjå att ........!

Hasta luego:=)

I just close my eyes, and I'm with you........

Mittwoch!!

Så var onsdagen over og eg er på tur i seng. Under meg høyrer eg ellevill song av ungdomar. Ein av gutane har fødselsdag (klokka er akkurat bekka over til nytt døger), så no syng dei til han for full hals. Gøy:=)

Det har vore ein fin dag. Det beste må vel vere avsluttinga på kvelden. Dei siste som kom inn, var så andpusten som det går an å vere. Dei hadde jo då sprunge ifrå ein elg!! (Det betyr eigentleg ei buske...). Dei er litt småredd i mørkret og då blir det ikkje så mykje betre når dei eggar kvarandre opp.

Eg har faktisk øva heile to gonger i dag. Amasjøren er med andre ord ganske bra no. Det gjeld å vere effektiv medan ein kan.
Eg har øva.......Enkelte andre gjer ikkje anna enn å ete sjokolade. Vi har vore her i tre dagar. Kvar dag går det med minst to stooore sjokolader (på èin person). Eg ville ha spydd for lenge sidan, så ikkje skjønnar eg at det går an (i tillegg til all brusen og potetgullet).
Det var kanskje ikkje så ulikt då eg sjølv var tenåring. Eg hugser i så fall ikkje det. Og nei, det er ikkje eit teikn å alderdom. Evig ung....... (Wanna be). Energien gjer seg utslag i "The Ramblins" og "Nisseman". Yeah, it's hard to be a nissemann........ Og evige diskusjonar om "slapp off" betyr slapp av. Har dei sagt det på tv, ja, då må det vere sant.

At eg valgte å gjennomføre vekkinga med kornetten i går, har satt  grillar i hovudet på einekaren. Han svergar hemn. Stakkars........No har han prøvd å gjennomføre hemn heile tre gonger, og alle tre forsøka blei mislykka. Han held rett og slett på å gå ut av sitt gode skinn. Han skjønner ikkje at eg har brukt alle triksa sjølv , tidlegare i livet, og difor gjennomskuar dei med ein einaste gong. Eg trur kanskje han irriterer seg over at eg er så "kok roleg" og lite redd for hemn. Med andre og enklare ord.....Det plagar han! Hehehehehe......

Eg trur dei fleste av ungdomane byrjar å bli lei av "Så kom du"..... I morges var det ei om sa til dei andre: "Den der sangen har blitt spella heile morgonkvisten. Det er rart ho ikkje blir lei av den. Æ trur kanskje æ hold på å bi det". Hahahahaha........ 
Det er i alle høve betre å høyre den enn å gå rundt å syngje på julesongar. Vi har ei her som syng "All I want for Christmas....." helie tida. Då byrjer eg også på den og følgeleg irriterer eg meg over at eg ikkje klarar å la vere. "Så kom du" fyller i alle fall hovudet mitt med masse betre stoff enn julemusikk i september! I love love!!

Eg har litt lyst til å fortsetje å skrive her no. Eg vel likevel å lytte til fornuften. Det kjem ein dag i morgon også. Det er heilt stille nede, så eg reknar med dei har slokna heile hurven. Fint er det!!
I morgon er det torsdag og berre ei natt unna helg. Det blir godt å kome heim sjølv om vi har det heilt greit her. Så ha ei god natt og sov søtt!!

Hasta luego!!!!!

I feel it in my finger........... All over. 
I miss you.

tirsdag 20. september 2011

 Ek is lief vir jou. Ek het jou lief.


Ana Behibak.

Kezi chat ge sirem.

Tysdag 20.oktober.

Han stod i senga, øyrevaksen låg nesten klistra til veggen. Redd?? Ja, hjartet var lenger opp enn i halsen. På sida låg klassekompisen i sjokktilstand........... Hahahaha!! Han var så tøff i "trynet" i går kveld. "Beathe! Længe før du har så mykkje som tænkt på å stå opp, så e æ våken. Æ e bestandig den første som står opp når vi e på tur." Jaha?? Lite troleg, tenkte eg for meg sjølv. Kven som fekk rett?? Tja, eg tok no kornetten og sneik meg ned i sju-tida. Opna først døra til gutane, sånn heilt i det stille. Løfta instrumentet og blåste til..... Nei, han var ikkje vaken, MEN blei det!! Ein skulle nesten tru at han har vore i militæret og lært korleis ein står i giv akt. Min dag starta altså megabra. Eg lev lenge på den:=)

Vi er ferdig med to av dagane her i nabokommunen. Det byggjer seg opp og eg trur sluttresultatet vil bli bra. Ungdomane har menga seg litt meir og fleire har vore å trena fotball med ballangsgutar.I morgon er det klubb, så vil dei heilt sikkert dra dit.
Sjølv brukar eg ledige stunder til å øve. Eg syns sjølv eg har vore flink til det i det siste. Av dei siste 9 dagane, har det blitt spelt på 7 av dei.

Nokre av jentene er allereie plaga med gutar. Dei er litt frustrerte, for både titt og ofte står det eit par gutar utanfor og ventar på dei. Det hjelp ikkje om dei har gjeve dei det glatte lag og avslag på grått papir. Dei har sjølvsagt invitert dei på klubben i morgon, men det spørs om dei ikkje aller helst vil gå dit åleine. Det er no bra søtt:=)

Ellers er det ikkje så ufatteleg mykje å ta seg til. Det heiter så fint at ein får det så artig som ein sjølv legg opp til. Eg syns eigentleg at det er greit det ikkje skjer så mykje.
Ute er det blitt mørkt og eg har nett vore ein snartur på "Statoilen". Det var no vel ingen som tenkte på at det kunne vere lurt å ta med seg refleks hit. Det viser seg at akkurat det ville ha vore lurt. Her ser det ut som at heile bygda brukar refleksvestar, men det kan jo hende vi blir lura. Jaja, eg kom meg no heilskinna ned til stasjonen. Ikkje møtte eg nokre skumle karar heller, så den spaninga slapp eg heldigvis. Det bur mykje folk her, men dei er visst ikkje så mykje ute!???!
Det er deileg å trø seg ein tur. Spesielt når ein samtidig lyttar til musikk. Sidan eg ikkje har "Så kom du" andre stader enn på mobilen og dataen, gjekk det i Toni Childs denne gongen. "I've gotta go now". Det er ikkje akkurat ein oppløftandes tekst, men eg likar songen i seg sjølv i tillegg til at ho har ganske spesiell stemme. Litt svitching mellom ho og Bryan Adams (Everything I do.....Sukk.) er fine greier. Knallkombinasjon:=) Håper eg ikkje syng særleg høgt der eg går for meg sjølv. det kan jo kanskje virke litt snålt om eg ikkje ser at nokon kan høyre meg. Eigentleg veit eg ikkje om eg syng eller berre lyttar. Det har eg faktisk ikkje tenkt over heilt. Eg veit eg av og til går og knipsar og veiver litt med armane i takta........

Snuskelusken min var innom ein snartur i stad. Det var noko eg trengte heimanifrå og så fekk eg det:=) Snilt, ja. Det var godt med litt mammatid og tårene hans lurte veldig nært då han måtte setje seg i bilen for at det ikkje skulle bli så trøytte auge på skulen i morgon.
Det er rart med det........ Eg brukar å sakne han når eg er borte. Så eg gler meg til fredagskvelden. Då skal det berre vere mammakos heile kvelden! <3

Klokka nærmar seg ti no og eg trur eg skal gå ned til ungdommen og spørre om dei er sultne. Dei kan sjølvsagt ete etterkvart, men vi syns alle det er meir koseleg og ete ilag. Forhåpentleg er dei stuptrøytte etter gårkvelden (der enkelte sovna veldig seint) og tar tidleg kveld i dag. Det vil i så fall vere lykke! Eg har liksom ikkje noko pulver å putte i melka deira.......
Så ha ein fortsatt fin kveld og ei riktig god natt. Sov godt!!

Hasta luego!

My head is filled with you.....

mandag 19. september 2011

Måndag 19.september.

Ballangen er heilt ok:=) Ungdomen er ute og speler ball og eg øver på kornetten. Akkurat no har eg jo då sjølvsagt ein liten pause frå nett den biten....... På bordet foran meg har eg eit stykk instrument, ein roman og ein bærbar pc. Eg trur eg skal klare meg bra!

Vi bur på menigheitshuset her. Det passar eigentleg heilt ypperleg for oss. Ein sal til jentene, ein sal til gutane og ei leiligheit til meg. (I same huset sjølvsagt). Vi har eit stort kjøkken å boltre oss på, og eg må seie det var bra koseleg her då vi alle saman var i kjøkkenteneste i stad. Ungdomen ville sjølvsagt ha taco. Det blei eit kongemåltid.
Dei fleste av ungdomen har med seg nokre enorme madrasser. I dag får ein jo megasenger som såvidt tar plass i kofferten når ein pakkar. Det blir ikkje snakk om å sove dårleg her, nei. Sjølv er eg så heldig at eg har ei heil dobbeltseng for meg sjølv i leiligheita. Gjett om eg skal breie meg.....(Medan eg høyrer på favorittballaden min!)

Det er eigentleg litt rart.... Her sit eg heilt åleine i eit megasvært hus. Eg sit på kjøkkenet og resten av huset er bekmørkt. Ikkje for å spare på straumen akkurat, men det er ikkje lenge sidan det byrja å bli mørkt ute. Eg har ikkje vore ute av kjøkkenet sidan eg sat meg ned for å øve og difor ser eg berre mørkret av di dørene står opne imellom romma.
Eigentleg burde eg føle at det er litt "scary" her. Ikkje høyrer eg lydar, ikkje tenkjer eg noko vidare på at det er skummelt og ikkje er eg redd for at det plutseleg skal stå ukjente personar foran meg. Ein veit jo aldri på framande stader. Eg er rett og slett "kok roleg" her eg sit. Ein deileg følelse!! Skulle nesten tru at eg er heime.......

Etter ein liten pause frå skrivinga, har eg no øva litt til. Då kom sjølvsagt fleire av elevane inn att. Dei høyrde tydlegvis at eg øva og sneik seg forsiktig inn og brølte VÆÆÆÆÆÆÆ!!!! Eg som akkurat har skrive om kor avslappa eg er. Eg kan trygt seie at eg skvatt! Eg kjente det heilt ned i magen. Det gjekk heldivis over i løpet av eit halvminutt, så no er det fred i sjela på ny:=) Hehehe.......
Dei har visst vore og kjøpt seg ein DVD. Det betyr at det går heilt fint å sitje her foran skjermen ei lita stund til. Så då gjer eg det.

Vèret må vere det kjedelegaste å prate om i verda. Likevel, det er så lett å nemne det om det anten er frykteleg dårleg eller nett det motsatte, slik som i dag. Det har berre vore så upåklageleg fint. Det er nesten synd at vi må vere inne store delar av dagen. Endå godt vi har det gøy.........

No har det seg slik at eindel av dei filmfolka som er her, kjem frå Italia. (Det har eg kanskje nemnt tidlegare?) Italienarar er som regel seg sjølv like. Spesielt han eine, då:=) Han er riktig så karismatisk og full av "passion", noko som italienarar brukar å vere god på. Andre ville kanskje heller brukt ord som lidenskapeleg osv..... Hmm....Det trur eg ikkje eg tør tenkje på eingong. Eit forhold til han ville nok vore riktig så lidenskapeleg, men neppe langvarig! Stakkars dei kvinnfolka som går i den fella. Hahaha...... Så lenge han er dyktig til å lage animasjonsfilmar, så får vi seie oss nøgde med det!! Eg er riktig så spent på kva uka vil bringe med seg. Eg håpar elevane føler dei har hatt ei lærerik uke når helga inntrer.
Det kan jo også bli gøy å stå for vekkinga i morgon tidleg. Eg tenkjer eg skal stå tidleg opp for å lage egg til heile hurven. Når det nærmar seg at dei må vakne (aller helst litt brutalt), trur eg nesten eg må ta kornetten og vekke dei med ein fanfare. (Ein riktig så god ide om du spør meg). Eg er ganske sikker på at dei vil vere rask ut av sengene dei neste dagane etter det! (Og då er jo målet oppnådd). Thihihihi..........

No skal eg slutte av her og gå inn i salane for å sjekke om dei ikkje snart er kveldssvolten. Det er alltid meir koseleg å ete ilag...... Så for denne gong: Hasta luego!
<3

Wish you could be here and put your arms around me......<3

søndag 18. september 2011

Pakkemodus?

Akkurat no burde eg vere i full pakking. I stadenfor sit eg her og ser ein film på tv. "Den som dreper". Klokka er ti og filmen varer sikkert ei stund til. Det er eigentleg ikkje så foreneleg med at eg skal på tur i morgon tidleg og resten av arbeidsuka. Eg skal heilt til Ballangen. Det skal kome eit filmteam frå Italia som formodentleg skal lære oss noko i løpet av uka. Eg trur ungdommane gler seg, så då gler eg også meg. Får håpe at eg finn på noko for å få ettermidagane til å gå...........
Eg har jo eit mobilt nettverk liggjande, så det følgjer i alle høve med. Då kan eg i det minste kome hit og skrive.
Så som sagt, burde eg vere i full pakking. Eg er absolutt ikkje i pakkemodus, så det blir vel  berre sånn i all hast etterpå. (Eller....det er stygt å ljuge. Eg har byrja så smått.... Det ligg nokre få plagg borte på bordet. Dei ligg fint der, foreløpig).

Det har vore ein kjempefin dag. Først var det tre timar med øving. Det gjekk ganske greit, men om eg skal vere heilt ærleg, var det litt tungt å blåse i dag. Laurdagskveldar kan ta på.......Sjølv om ein tar kveld høveleg tidleg. Det er rart med det:=) Spesielt når dirigenten finn ut at han skal bruke litt tid på å pese meg!  Eg har sjølvsagt berre godt av det og eg likar utfordringar....Berre ikkje på ein sundags morgon.

I dag burde alle ha tatt set ein tur i fjellet. Alle, inkluderer også meg. Å ikkje utnytte dagen slik den blei i dag, ja, det er nesten for skam å rekne. Så då får eg berre vere skamfull då...... Eg har i det minste hatt meg ein liten trimtur i dag. Sol i augene var ein fryd!
Og så har eg sett ein elg kaste frisbe!! (Ikkje spør meg om det.......).

Sundag er fotballdag. Det vil seie for mange andre enn meg. Eg bryr meg ikkje så veldig for å seie det slik. Eg har hatt eit halvt auge på fotball i dag og det gjer meg ingenting å sjå på. Det er berre at eg klarar meg like godt utan å sjå det. Eg har i alle høve fått med meg at Liverpool har spelt "heilt rævva" i dag. Ikkje vanskeleg det. Bygda har nokre ihuga YNWA-fans, så dei har ikkje akkurat tidd stille om dagens resultat. United vann sin kamp. Vålerenga vann, Tromsø vann, Brann vann (i går) heldigvis........ Det er jo ikkje måte på kva eg har klart å få med meg. Hipp hurra!

Det må vere ein ufatteleg bra film eg sit og ser på! Ikkje san`t?? Sidan eg eg har meir fokus på denne sida enn tv'n.
Filmen er heilt grei den. Det er dansk språk, så eg får jo uansett med meg teksten. Det ser ut frå at den snart går mot slutten. Skurken blir som vanleg tatt. Hmm....Ikkje så spektakulert med andre ord. OG DER er filmen slutt, like etter at eg sa det nærmer seg. Kanskje eg er synsk?? Jada..... Eg skal ikkje prøve å ha det så frykteleg gøy her.

Då har eg vel ikkje noko val. Det var den her pakkinga. Det er berre å bite det i seg og snaske seg til å gjere det. Enkelt og greit. Eg får prøve å ta med meg minst mogleg. Likevel, litt blir det jo når det er snakk om såpass mange dagane. Ein må jo gardere seg litt.
Så eg skippar Dressmann-reklamen til fordel for klær. Eehh....den tok eg sjølv også... Hahahaha.... Eg såg ikkje koplinga før eg skreiv den. Eg kan glimte til innimellom eg også:=)

Ha ei fin natt og ei fin og ny uke. Den blir kva ein sjølv gjer det til..... Eg skal nok få det fint i nabokommunen. Eg har jo data og telefon med vakker song på. Då er eg berga, uansett kva det måtte vere.

Hasta luego!!

I'm longing for you.....

God morgon!

Jomfru Gressenke har vakna til liv og det sjølv på ein sundags morgon etter festleg lag. Festleg er vel rette ordet, ja:=) Då eg var ein snartur ute av senga i stad, såg eg at himmelen var blå og berre blå! Herleg!! Like etterpå var den blå, men med "tåke" (eigentleg ikkje tåke...) under. Det såg veldig spesielt ut. Det er borte no og dette blir ein knallfin dag. Eg skal berre tilbringe 3 timar på klubbhuset først, så er vi ferdig med storøvinga for denne gong.

Eg ligg no her og lyttar til musikk. Eg treng vel ikkje akkurat seie kva eg lyttar til, for det seier seg sjølv. Det er enno 50 minutt att til eg skal vere på øving, så eg treng ikkje stresse enno......men snart. Kanskje eg skal hindre det ved å stå opp?? Tja.....Etter grundig vurdering er ikkje dyner veldig oppskrytt, så eg ligg litt til og drøymer meg bort. :=)

Det er 18.september og dag nr 261 i året. (Når det ikkje er skuddår). I 1914, på denne dag, starta første verdskrig. Nederland, 1919, gjer kvinnfolk stemerett. Hm......No trudde eg verkeleg eg skulle klare å kome med DEN store utgreiinga om 18.september. Eg svikta der! Hahaha.....Dette var ikkje mykje å skryte av. Joda, eg veit ein ting til. Henriette har namnedag.
Veit og veit, fru Blom (som dei så fint seier)...... Har vel aller helst slått det opp. Skuffa må eg berre innså at 18.september ikkje er noko stor dag i historisk samanheng, så i dag får eg heller lære meg om noko anna. Jaja.....Kanskje like greit.

Eg gjer etter for klokka og skal no inn i eit heilt anna rom for å ta skjønnheitspleien for i dag. Så.......Kanskje ses vi seinare i dag, eller i morgon. Ha ein fin dag!

Hasta luego!!

Så kom du....

lørdag 17. september 2011

Laurdag 17.september.

Det er seine ettermiddagen og eg steiker/koker kjøtt til den store gullmedaljen. Så medan eg ventar på at kjøttet skal koke seg mørt, tenkte eg at eg kunne ta meg ein snartur innom her.
Det er ikkje til meg sjølv eg lager mat. Korpset skal møtast i kveld for litt sosialt lag. Det skal serverast ein fiskerett, men for å vere sikker på at det ikkje plutseleg er nokon som seier dei ikkje likar det, så lagar vi til ein liten kjøttrett også. Det er den siste biten eg har tatt på meg.
Vi har øva heile dagen, og eg syns sjølv at amasjøren holdt ganske bra.

Dagen starta ikkje så altfor bra. Eller..... Det blei jo eigentleg ganske komisk. Eg vakna altfor tidleg og låg eigentleg berre og venta på at klokka skulle ringe. Den gjorde jo det omsider. Hadde eg no berre hatt vit til å stå opp då. Kvifor liggje å vente på den hersens klokka om ein ikkje trør ut av dyna før lenge etterpå. Det straffa seg. Eg låg tre kvarter ekstra! Tre kvarter er ganske lenge.
I same augeblikket eg skulle stå opp, kom son min..... Mamma, æ går på do. (Hardt arbeid....). Svarten også, tenkte eg. Eg orka jo sjølvsagt ikkje gå i kjellaren for å stelle meg, så eg håpa han kom til å vere megasnar. Joda!! Tida ho gjekk og gjekk og eg kjente eg byrja å bli litt stressa. "Skal han ikkje snart bli ferdig der inne?" Etter ei stund høyrer eg plutseleg frå STOVA.... "Mamma, æ venta jo på mat. Æ e jo så sulten!" Steike ta. Eg måtte jo sjølvsagt rope attende "Er ikkje du på do?" Hahaha....."Nei, æ bære lura dæ." Eg kunne ha kaldkveldt han! Det same gjeld han der andre artigkaren. Eg skal ikkje nemne orda eg kviskra for meg sjølv. Han holdt jo på å døy av latter og sa berre "Jaja, der kan du sjå. Han e like utspekulert som mora!" Så der fekk eg........ Eg rakk øvinga akkurat på minuttet. Nei, neste gong står eg opp med ein einaste gong klokka gjer lyd ifrå seg. Arggh!! (Det er gått over no, då. Det gjorde det forsåvidt etter eit lite minutt. Som sagt så var det jo eigentleg litt komisk..:=)

Akkurat no veit eg ein plass eg mykje heller skulle ha vore. Det er jo lov til å drøyme........

No ser det ut for at kjøttet er klart, og då er det berre å starte med resten. Det betyr med andre ord at eg ikkje kan vere foran skjermen her.
Det er laurdag og det er helg. Nyt kvelden!

Hasta luego!

It was nice to hear from you.....

fredag 16. september 2011

Kjærestebesøk:=)

Eg har hatt kjærestebesøk!!! Hahahaa........Nei, du. Så heldig er eg ikkje! Det er sonen min som har hatt det:=) Tenk, sju år og kjærestebesøk. Treng eg bekymre meg?
Forholdet er ikkje nytt. Det har vart heilt sidan han gjekk i bornehagen.......

For eit par år sidan "fræga" eg at Steffen og ei lita knetta hadde kyssa (på munnen). Jaha?? Eg trur det blei med den eine gongen. Likevel......dei har eit godt auge til kvarandre.
Det er ikkje lenge sidan eg fekk vite at dei hadde gifta segl. Bak skolen!! Ei av nabojentene her hadde vore prest. Slå den! Så no har eg ein gift son, og det utan å ha fått vore i bryllaupet. Hmm.... Hehehehe.....

I dag stod ho plutseleg på trappa. Ho hadde tatt sykkelen fatt og troppa opp med sine bedårande auge. Steffen var solgt..... "Bære kom inn". "Æ må heim klokka sju. Æ har klokka sjøl sånn at æ kainn føll med, men æ kan ikkje heilt med ho." Eg var vel solgt eg også då:=)
Like etter sat dei på kjøkkenet og perla. Dei skulle lage to heilt identiske smykker med perler. "Giftesmykke". (Skal ikkje denne forelskinga gå over snart? Tydlegvis ikkje...).
Like etterpå kom dei begge med kvart sitt smykke rundt halsen.

Steffen hadde fem drops. "Du kainn få tre. Æ træng ikkje meir enn to". (Sukk, så søtt..). Det same gjaldt kjekspakken. "Æ har tretten kjæks. Du kainn godt få sju av de." Ein unge som frivillig foreslår å gje mest til den andre....... Begge gongene. Han er solgt!!  (Han er jo verre enn mora).

I kveld har vi øva eit par timar. Vi startat opp att i morgon tidleg. Ein ting må eg seie: Vi kjem til å få eit veldig bra repertoar med oss til Calella. Det var skikkeleg gøy å spele i kveld. Vi byrjer å få sving på sakene. Det blir betre og betre. Spesielt artig er det at det er heile fem stykker involvert på rytmesida. Eehh....Eg kan visst ikkje telle. Eg trur eg må ha tatt med han "Sjybert". Dei er då vitterleg berre fire. Jaja.... Fire eller fem? Det er neste det same:=)

Det er fredag og det er helg. Vèret kunne ikkje vore meir ustabilt, så her sit vi berre inne. Idol er akkurat ferdig på Tv og eg har faktisk fulgt med på det med eit halvt auge. Det vil seie resultatsendinga. Joda, dei er flinke, men bob, bob..... Eg skal sikkert berre teie stille, for då eg syntes at det var ein som song litt surt, ja, då sa ho kjære Marion Ravn at "Du sang helt fantastisk". What??? Har vi høyrt på same karen? Det var folket som avgjorde, og han gjekk vidare.......... Så det må vere noko med meg.

No er det visst Senkveld med Thomas og Harald. Det er duell og av ein eller annan grunn har dei tatt med seg badebukse til Svalbard. Kanskje ikkje særleg smart. Eg er spent på kva det er dei skal til med no.
Dei skal visst vere på ein båt i mellom ti-tjue timar. Kva sprøtt kan dei finne på der?

Harald kan IKKJE syngje!! Det er storm:) Spyr dei snart? Badebuksa kunne vore heime...... Aha! Dei skal skyte isbjørn! Før dei skal ta fatt, pakkar dei sekken. Mykje turmat og baminton...Hallo! Skal dei slå isbjørnen ihjel med det?? Kanskje dei skal prøve å få isbjørnrn til å springe tulling etter badmintonballen??  Hahahaha.....Kor teit går det an å bli? Og så får vi ikkje eingong sjå sluttresultatet........ Dei blei erstatta av han Sivert Høiem. Jaja...Akkurat denne låta var mest berre bråk.

Eg skal ta kveld.......Så hasta luego.

Ha ei fin helg! Mi "badebukse" litt pent og pynteleg i skapet. Den skal nok ikkje fram før om tre uker, og det er slett ikkje på Svalbard!

I miss you now....

torsdag 15. september 2011

Torsdag, sa du torsdag??

Jaggu meg er det ikkje torsdag att. I morgon er det helg atter ein gong for dei som har fritt. Det blir vel ikkje mykje fritt her i garden. Det blir nok for det meste øving, ja, men det blir sikkert gøy.

På mandag bere det rett til Ballangen for å vere der heile uka. Eg skal avgarde med klassen min for å delta på eit opplegg som virker veldig spanande. Eg håper verkeleg at det er det. Då vil det vere verdt å sove på eit hardt golv på skulen heile uka:=) Instruktørane kjem faktisk heilt ifrå Italia for å vere ilag med oss.
Så spørs det kva ein skal finne på å gjere når det er ettermiddagstid i Ballangen. Det blir heilt sikkert ei flott oppleving. Så blir det vel ekstra godt å kome heim att til helga......

Ellers har eg fått nytt namn. Gressenka!! For dei som trur dei veit kva det ordet betyr, så kan eg informera om at dåke mest sannsynleg trur noko heilt anna enn det som det faktisk er. Den siste tida har eg vore ein god del åleine. Difor har eg fleire gonger nemnt at eg er gressenke.
Ikkje at nett det er så mykje å rope hurra for....... Likevel, i går var det ei som var så lur at ho skulle sjekke kva definisjonen på ordet opprinneleg er. Definisjonen fann ho! (OG delte den med "alle"......) Så no kjem eg til å få høyre det over lang tid.
Gressenke: duh....Biate kjære.....gressenke....fant en definisjon på det på nett :Gresseenke kommer av det gammle mellomnedertyske ordet "graswedewe". Det norske språket er som kjent anglogermansk, og på norsk kommer ordet fra det tyske "graswitwe", som egentlig betyr "ei jente som blir forført ute i det fri og deretter forlatt". :D   
Eg trur kanskje eg skal byrje å bruke eit heilt anna uttrykk framover. Det blir slutt på kommentarar som "Det er faktisk godt å vere litt gressenke..." Jaja, sånn går no dagane. Ein har vel bedt om det sjølv!

I dag har eg det ganske fullpakka, så eg skal slutte av her nesten med ein gong. Eg skal både på møte, nytt møte og øving. (Ganske heftig...) Så eigentleg burde eg brukt desse siste minutta på å slappe totalt av. Kanskje eg faktisk kjem til å gjere det. Viss ikkje minstemann og venninna hans plutseleg kjem på at eg har lova dei at eg skal lage skattekart. Det er visst veldig gøy, det. Kan det ha med skatten å gjere??

Uansett.....Ha ein fortsatt fin dag/kveld. Vi "ses" fortare enn du anar:=)

Hasta luego!

I'll send you a lot of kisses.........

onsdag 14. september 2011

Dette fortel han om deg........

Har fått nytt KK i posten. Av ein eller merkeleg grunn har eg fått det fleire dagar før eg eigentleg skal ha det. Det betyr at eg allereie er igong med bladet og har funne ein reportasje som heiter det same som eg har til overskrift. Så kva snakkar eigentleg menn om når dei møtes?? That's the question....... Gjett om eg blei nysgjerrig. Endeleg får eg vite svaret på det. Det er jo noko eg har lurt på heile livet mitt!!! YES!
Som eg har poengtert mange gonger tidlegare (i fjor haust eller noko sånt) så er konklusjonane til KK svært nær sanninga. Det er av den enkle grunn at dei kvalitetssikrar alle slike reportasjar med å intervjue heile tre menn. Så er også tilfelle denne gongen, og følgeleg gjer svaret seg sjølv.
Pass dåke menn, eg veit kva dykk tenkjer.

Kjetil er 39 år og lærar, Jonas er 30 og grafisk designer og Gøran er 42 og selgjar. To har vore gift i henholdsvis 8 og 11 år, medan sistemann er sambuar på fjerde månaden. Så no skal eg prøve på mitt eiga vis å attfortelje det som står i bladet osv.......

Det er jo slik at dei har fått nokre spørsmål dei skal svare på. Heldigvis svarar ikkje alle det same på alle spørsmåla, så det er faktisk rom for individualitet også hos mannfolka. (Var det ikkje eit fint ord eg kom opp med? Heilt på eiga hand!!). Gjengs for dei alle er at det ikkje er så mange dei delar mykje livsdetaljar med, men ulikskapen ligg i KVA dei fortel. Kjetil, for å ta han som eksempel, seier at han sjeldan går i detaljar om kona. Rett og slett av di han ikkje ser meininga. Dei to andre snakkar tydelegvis om det meste, inkludert kjerringene sine.
Skilnaden på desse mannfolka ligg i kva dei ser på som privat og ikkje privat. Sex, til dømes, er for privat til å dele med andre, ifølge Kjetil. Jonas er totalt ueinig. Han fortel alt til dei næraste. Han elsker å høyre om sexlivet til kompisane sine, spanande stader dei har hatt sex og om kven som har vore gode i senga. Ein gong oppdaga han og kompisane at heile tre av dei hadde hatt sex med same dama i løpet av eitt år. Det gliste dei godt av. Jaja...... Fin hobby ho hadde det året, då:=)
Gøran liker å prate om sex og forhold om dei ikkje er så mange tilstades. Spesielt liker han å prate om intime ting. "Rett på tema, liksom". Av og til får han dårleg samvit over for kjerringa, men syns likevel ho må akseptere at han snakkar om sexlivet deira. Dessutan får jo aldri ho høyre kva han prater om.

Til spørsmålet om dei trur at kjeriingene deira snakka med sine vener om det same, er dei litt meir usikre. Også her er dei ikkje samstemte. Det går i frå neeei til kanskje og ja.
Eg skal nok ikkje kome inn på kva vi kvinnfolk her gjer:=) Eg må likevel innrømme at eg blir litt nysgjerrig . Kva i alle dagar blir sagt om meg?? Det vil eg aller helst ikkje vite. Eg ser ikkje heilt for meg at det er det som er samtaleemnet over maskinane og verktøyet på fabrikken, men kva veit vel eg?? Det er i alle høve ingen som kan tromme seg saman og seie at dei alle har hatt sex med meg.....Heldigvis! Eg har stien min rein der:=)

Eg blei ikkje så mykje klokare av å lese denne reportasjen. Ikkje lurar eg så mykje på kva menn diskuterer eller ikkje. Det er vel aller helst mange menn i alle kategoriane for kva ein tillet seg å seie..... Skulle eg finne på å diskutere sexliv med nokon, så trur eg kanskje det er lettast å prate om det med eit mannfolk. Med mindre samtalen er prega av fleip..... Der er eg nok på kanten bra mange gonger i løpet av ei uke.

Nei, det er godt vi er ulike alle saman. Eg skal ikkje dømme dei som legg seg ned for "Gud og kvar mann", men eg hadde ikkje klart det. Trur nok eg ville følt meg litt skitten, då. Heldigvis er det berre mi meining. Kva andre meiner er sjølvsagt opp til dei å avgjere. Ein må ha respekt for at vi er ulike. Noko anna vil vere overtramp på retten til å bestemme over eigen kropp. Likevel........ Sex handlar jo eigentleg om å gje litt av seg sjølv til eit anna menneske (i tillegg til tilfredsstillelsen det gjer). Eg kunne aldri leggje meg ned for ein mann utan at eg meinte noko med det og at ønsket om at det skulle skje var tilstades. "Fylla har skylda" er alltid feigt å skulde på. Så difor har eg heller aldri brukt det argumentet. No tenkjer eg kun retta mot dagens tema....vel og merke. Eg kan ikkje skryte på meg at eg aldri har sagt ting eg ikkje meiner i påvirka tilstand. Det siste er vel også eit forbigått emne. Eg blei vel vaksen tilslutt eg også. Full kontroll, kallar dei vel det:=)
Så er du heldig og har fått eit kyss av meg, så har ikkje fylla skulda!!

Menn og kvinner er sikkert ikkje så ulike. Det fins som sagt mange i alle kategoriar og det gjeld sjølvsagt både hankjønna og kvinnfolka. Det er vel inga gruppe som er betre enn dei andre. Nokon er prektig av seg, andre ikkje. Sånn vil det nok alltid bli........ Ellers ville vi fått ei kjedeleg verd:=)

Sex handlar vel i bunn og grunn om tillit. Om ein har sex med eit anna menneske, er det jo ikkje slik at ein ønsker at alle andre skal vite det. Så ho som hadde seg med tre i same kameratflokk ville nok blitt bra flau om ho hadde visst at dei prata om nett ho. Så av det kan ein jo kanskje konkludere med at ein bør vegje sin(e) sexpartnar(ar) med omhu. Med mindre ein rett og slett ikkje bryr seg om kva andre seier.

Ellers så er det mest berre saker som "Sprettrompe", "Kroppen min" og "Mens-sensur" som er tema i ukas utgåve. Neida.....Det er sikkert mykje bra som står på fleire sider. Eg har såvidt bladd igjennom det i full hast i stad, så eg skal nok gå grundigare til verks for å finne nokre seriøse artiklar. Ikkje det at dei eksempla eg nettopp nemnte ikkje er seriøse. Dei er jo sjølvsagt det for dei det gjeld........
Den siste av dei tre (Mens-sensur) handlar for det meste om at syklusen er ei plage for begge to. Eg har aldri hatt store syklusproblem, så den sida er ikkje av størst prioritering. Vel, eg skal ikkje ljuge på meg at det ikkje eksisterer i det heile, men stort sett går den biten heilt fint.
For dei som no tenkjer på noko heilt anna enn det eg faktisk skriv om, så er det humøret eg siktar til. PMS kan vere eit stort problem i enkelte heimar. Når mannen har notert seg syklusen til kjerringa, i dagboka si, over lang tid for å få eit lettare liv, ja då seier det litt. Alt for å berge seg sjølv:=)
"Sprettrompe" har eg heller ikkje tenkt å hige etter og "Kroppen din" er eit tema som ALLE magasin tar for seg. Altså trur eg at eg er ferdiglest i bladet allereie om kort tid.

Ha ein fortreffeleg kveld, med eller utan sex. (Med ein eller to eller tre osv........) Eg skal no kose meg med denne lille og fine datamaskinen:=)

Hasta luego!

You make me smile all the time.

tirsdag 13. september 2011

Har tapt......Hahahahahaha:=)

Eg slit. Eg klarar ikkje eingong halde dei løfta eg gjer meg sjølv. Kor digg er ikkje det? I går kveld skreiv eg at eg skulle vise styrke og ikkje høyre min kjære ballade ein einaste gong. Kven som tenker på det rett etter at klokka har ringt tidleg ein tysdags morgon? Eg hadde vel ikkje eingong fått sagt sukk før den var slått på (på mobilen). Jaja.... Det er ikkje det verste, det. Eg har den som ringetone på mobilen og no kjem det som er det verste. I dag ringte telefonen rundt middagstider. Eg oppdaga ikkje det før etter ein halvtime var gått. Kvifor?? Eg høyrde nok telefonen då den ringte...... Det er berre det at eg har høyrt på songen så mange gonger at eg rett og slett ikkje forstod at det var telefon til meg. Eg nynna sikkert berre med då den starta. Nei, eg må nok endre ringetonen. Det er ikkje noko spørsmål, det!

Sjølv om det byrjer å bli seint, er eg ikkje heilt moden for senga enno. Så her sit eg, delvis i mørkret, for meg sjølv og skriv. Det er ikkje så kjempelenge sidan eg kom heim frå korpsøving. Eg skulle eigentleg sjå Greys då eg kom heim, men kva hjelper det når eg kjem på det no når det er ferdig for lenge sidan? Kanskje like greit. Det har uansett skjedd så mykje rart der, og eg har ikkje sett tv dei siste månadane (ikkje av betydning), så eg klarar ikkje heilt å hengje med i det som skjer. Då er det vel like greit å berre kutte ut. Eg kan ofre dei små grå på noko anna, kanskje litt meir fornuftig. (Som å tenke på draumemannen!!! Ikkje sei at det ikkje er normalt. 92% av kvinnene gjer det. OG ikkje spør kor eg har talet frå, for eg har ikkje noko svar.)

Eg lurar på om det faktisk er nokon som trur eg er blitt veeeeldig sprek den siste tida? Kanskje litt meir enn over normalen..... Om det er nokon som lurar, så er eg IKKJE på fjelltur om morgonane. Såg nettopp at det er eit par som har trykt "liker" på statusen min som lyder "Vetten er brukt opp, så eg trur det må bli Li-fjellet i morgon". Dei vanlege som trykker det, veit veldig godt at det er ein spøk som har utvikla seg. Trur kanskje ikkje at dei som trykte i stad har fått med seg hverken Vetten og Sørliholla-prosjektet. Kanskje på tide med ei oppklaring. Jomfru Knutsen ligger godt og varmt under si deilege dyne om morgonen. Der ligg ho til at klokka seier "No må du flekke kroppen din ut av senga og komme deg på badet. Arbeidet kallar!!" Så ligg ho 10 sekund til før ho tar til vitet. Som regel synges det litt på badet og stemmebåndet får følgeleg pittelitt trim. Morgonens trim begrenser seg difor til nettopp det.

Eg stod faktisk opp halv sju og var ute og jogga kvar morgon over ein lengre periode her ein sommar for ca 8 år sidan. Eg har det ikkje riktig så kjedeleg no lengre. Då vel eg heller å draume på morgonkvisten:=) Det er sikkert ikkje så sunt med slike sprøe idear...... Nei, skulle eg få lyst å byrje med morgontrim, ja, då hadde eg ikkje sotte her så seint som det er no.
Vel, skulle no han "Brad Pitt" dukke opp her kvar morgon, så skulle vel eg ha "trimma" kvar dag i otta.  Hahahahahahahaha......... Nei, uff! Kunne eg ikkje komme på eit litt betre alternativ enn akkurat han? Brad Pitt er ikkje SÅ hot. Han var det kanskje før, men no? Nope. Eg trur geografien må avgrensast litt!! Her er vel ein eller annan Kevin Costner ikkje så altfor langt unna.

Visst ingen har skjønt det enno, så kjedar unge Knutsen seg. Det er alt anna enn sunt, for det går utover skjønnheitssvevnen hennar. Ho draumer nok hverken om Brad eller Kevin......... Det er så lenge sidan ho møtte dei sist at ho har gløymt korleis dei ser ut. Ikkje er dei særleg musikalske av seg heller. Kven klarar å sjå for seg at Kevin Costner står der med ein gitar og syng "Vil du verra med mæ hjem i natt"? Ikkje mykje x-faktor der i garden, nei. Han klarar kanskje blunke litt med auget sitt, men ingen dåner vel av det sånn heilt utan vidare............ Nei, skulle eg svare ja til slikt, må det nok vere ein heilt annan som syng:=)

No skal eg slutte å kose meg så altfor mykje her inne i kveld. Eg har starta på gjespinga og kan byrje nedtellinga før augene ikkje vinn meire. Eg skal såvisst ikkje draume om kjendisar og andre rare dyr.
Ha ein fortreffeleg kveld om du framleis er vaken.

Hasta luego:=)

You're the only one......

mandag 12. september 2011

Spanande!! :=)

Så er stemmelokala stengt og vi må smøre oss med tolmod før vi får vite resultata. Eg er åleine heime (bortsett frå hjartet som ligg og søv!). At eg er så heldig at eg kan sitje her og å slappe av og berre nyte at det ikkje er noko som skjer rundt meg, skuldast det dei kallar så fint for valgvake. I år blei dei nødt til å leggje den til hotellet og eg har nett svippa ein spent kar ned dit. Dei får det sikkert kjempetriveleg. Det har forresten eg tenkt å få her, heilt for meg sjølv:=) Med "Så kom du" i høgtalarane, Tysfjords side på tv'n (utan lyd), jordbærdram (hmm......farlege tendensar) og bloggen. Riktig så triveleg med andre ord.
Eg har i alle høve gjort min borgarplikt og stemt i dag så attstår det berre å sjå. Godt val!!!

Eg har funne ut ein ting, og det er at han der tyrkeren slett ikkje har noko med kroa å gjere. Då attstår det ikkje så mange alternativ. Etter å ha prata med andre som har opplevd mykje det same tidlegare......ja. Det kan umogleg vere av di han syns eg er så "hot":...... I så fall, stakkars mann. Mitt hjarte er allereie overfylt av kjærleik og har ikkje plass til meire! Pmfhhh!!!!! Eg trur nesten eg døyr her:=) Kanskje litt teit å ha det så grueleg gøy når ein sit her heilt mutters åleine. Sikkert like lite normalt som mange andre ting. Hahahahaha.....
Uansett, det er inga hensikt i å sende meg melding utan at den held litt meir informasjon. Get a life!!

Om du ikkje skjønner bæret av dette, er det sikkert av at du ikkje var her inne i går. Eg har fått ei melding av ein eg ikkje kjenner........., men det er berre å lese lengre ned på bloggen og vips så er du klokare:=)

Akkurat no er eg litt frustrert (berre litt vel og merke). Vèret er så grueleg ustabilt. Det er ikkje akkurat så ideelt for ledda, det. I eine augneblikket er det knallvèr og i neste heng skodda lang ned i fjellsidene. Jaja.... Det er vel vanleg på denne tida av året. Vi har vore heldig med temperaturen til no, så det beste er vel at ein ikkje klagar. Snart er det uansett ferie og forhåpentlegvis sol heile tida. Eg veit kor tankane mine kjem til å vere.......... Eg skal nok sørge for å halde sida her oppdatert under heile turen.

I går kveld var eg ute og gjekk med ein kollega. Ein riktig triveleg tur må vite...... Då vi hadde skilt lag nede i Kjøpsvika, bar det heimover åleine. No er ikkje eg hverken mørkredd eller redd for elgen. Likevel, då eg høyrte det knaka i greinene like ovanfor kjøpsviksvingen, ja, då blei faktisk resten av turen forringa for min del. Svarten og!!!! Eg er sikker på at det har samanheng med at eg skreiv om oslovaldtektene her om dagen. Bra teit??! Ikkje minst irriterande! Viss eg no skulle få paranoia pga noko som andre stader, ja då veit eg ikkje kva eg gjer. Eg får satse på at det var eit eingongstilfelle.
Eg gjekk der med musikk i øyrene og skulle følgeleg ikkje ha høyrt noko som helst, men det gjorde eg altså. Så musikken blei slått av og resten av turen auka adrenalinet litt meir enn vanleg. Ganske tåpeleg, spør du meg! Vi kan vel alle ha ein dårleg kveld:=)

Etter å ha høyrt same songen over tjue gonger no (hm...det vil seie sånn grovt rekna i over 100 minuttar), så fann eg ut at eg kanskje skulle løfte augene og sjå på tv-skjermen. Det er visst berre forhåndsstemmene som er opptalt enno. Om det skulle vise seg at det blir slik som stemmene viser, så har kjøpsviksida flest mandater. Så spørs det. Det ser ut som at alt kan ligge og felle på eitt parti (som har fått eitt mandat). Som sagt....det er berre forhandsstemmene.
Eg kan sikkert trygt kvile augene mine frå tv-skjermen ei god stund til. Så då sig dei berre sakte men sikkert over til denne skjermen.
Delvis gjerneskada av all den romantiske musikken ......Ehh...Skreiv eg gjerneskada?? Sukk.....Vil liksom så gjerne vere skada.... Nei, meinte vel aller nådigst hjerneskada (med det eg legg i begrepet, så ingen trur eg gjer narr av dei som er det). Uansett, så lenge eg ikkje kjem meg ned på bakken med forelskelsesrusen som aldri tar slutt, ja, då kjem eg vel til å høyre på slik musikk til langt ut i det uendelege.

Det blei ikkje Vetten i morges heller. Hahaha....som om det er noko tema!?! Jaja....skulle no spørsmålet seriøst dukke opp frå nokon, så skal vel eg klare å karre meg opp til den vakre utsiktsposten tidleg på morgonen. Spørs om det er nokon som vil ha ei nynnanes Beathe rundt seg før dei sjølv er heilt vakne:=) Kanskje ei natt i teltet under Vetten ville vore å foretrekke........ Nei, no skal eg ikkje gje meg sjølv idèar her.

Denne uka kjem til å bli kjempetravel. Eller, det spørs kva ein legg i ordet travel. Det blir ikkje akkurat noko pes, men den er full av forpliktelsar. Det byrjer allereie i morgon. Øving på klubbhuset. Akkurat det same som torsdag, fredag, laurdag og sundag. Innimellom øktene er det mykje som skjer, men det er sikkert verdt det. Då får eg i alle høve litt andre ting å tenke på enn å leve meg inn i herlege songar. "Kom til meg i natt".....

No er det på tide å fore kroppen litt før klokka blir for mykje og tida for å krype under dyna innhentar meg. Kanskje startar eg med ein ny roman. Eg har ikkje lest i det heile den siste uka. Eg har leita fram "Presidenten" med Anne Holt. Eg veit eigentleg ikkje om det er ei brukbar bok. Det er vel kanskje nettopp det eg skal finne ut etterkvart som eg les ho....... Ho ser liksom ikkje så spanande ut. Det treng vel ikkje bety noko, det!? Måtte det dukke opp ein spanande forfattar snart:=)
Der var eg visst borte eit par-tre minuttar....... Er det rart eg fortvilar over meg sjølv. Nei, ikkje vel eg å slå av musikken og ikkje klarar eg konsentrere meg med den på..... Det er berre å gje opp. Eg har vore hekta før, men dette tar kaka! Her må det skjerpings til!! I morgon skal eg ikkje høyre på den ein einaste gong. Akkurat like sikkert som at eg trur på nissen. Det poenget har eg vel brukt nokre gonger før også. Ganske teit heile greia. Bla, bla, bla, bla.........

Ha ein fin kveld og nyt augeblikket:=)

Hasta luego........

........vil ha dej næra.

søndag 11. september 2011

Haustblad til hytteboka.

                                        Steffen i vedklyvinga. Alle må trø til!! :=)

Innhaldsrik helg, vil eg påstå:=)

Alt lå vel tilrette for ei roleg helg her heime i bygda. Vèret i går innbydde til litt av kvart. På torget stod ivrige "politikarar" og tala si sak før valet. Det var vel også difor det ikkje skulle vere hyttehelg denne gongen. I utgangspunktet var eg eigentleg berre lukkeleg og glad for nettopp det.
Ti over halv fire kom "politikaren" i dette huset heim, og så berre glapp det ut av meg..... "Skal vi dra på hytta? Det går ei ferge om tjue minutt". Han såg berre rart på meg. Tenkte sikkert at eg var veldig impulsiv og i siste liten. Det var berre hive seg i pakkinga og leite fram maten som måtte med. Vi rakk ferga med god margin.

Det var eit par ting eg kunne tenkt meg å handle, så difor tenkte eg at vi kunne stoppe på turen. Først Drag.....Ops! Der stengte det visst klokka fire, allereie. Jaja, det gjorde jo ikkje noko, vi skulle jo forbi Ulvsvåg. Ops! Dei stengte visst også klokka fire. Hmm......Storjord? Ja, kanskje der?! Nei......fire. Så tre butikkar og alle stengte klokka fire. Då skal eg no hugse det til seinare gonger. Godt det ikkje var noko viktig eg skulle ha. Berre dill eigentleg:=)

Vel framme på hytta og etter litt middag, fekk eg plutseleg litt meir energi enn godt var. Så plutseleg stod eg der i høgda og vaska tak til den store gullmedaljen. Tak og vegger blei omhyggeleg innsmurt i grønnsåpevann og hytta dufta megagodt!! Eg blei ikkje heilt ferdig, men det har eg gjort ferdig i dag. Gjett om det var nødvendig....... Sukk!! Eg såg ikkje for meg at det skulle vere så mykje støv oppunder taket, men støvet fell visst ikkje alltid ned.

Etter å ha vaska på kvelden i går og eg fann ut at eg skulle ta å slappe litt av i sofaen, leita eg opp facebook på mobilen og var ein aller så helst rask tur innom sida. Det viste seg at eg hadde fått nokre meldingar der. Så då las eg sjølvsagt dei. på slutten oppdaga eg plutseleg at eg hadde fått melding frå ein eg aldri i livet før har så mykje som høyrt om eingong. Han hadde skrive "Hei, god kveld" til meg og eg byrja å lure på om det var ein eg kjente, men berre ikkje klarte å hugse. Det var ein utlending, og så tenkte eg at eg kunne ringe nokon som hadde jobba på mottaket her heime for å høyre om dei kjente til namnet. Det kunne jo kanskje vere ein av asylantane.... Dei veit jo kven eg er, med tanke på at dei var elevar ved skulen her.
Nei, det var nok ingen av dei som hadde det namnet. Det var 100% sikkert. Litt creepy, då!! Å få ei melding frå ein eg ikkje veit kven er. Han har tydlegvis ikkje komen seg inn på mi side (og eg kjem aldri til å gje han tilgang heller). Litt teit å berre ønske meg god kveld. Eller?? Han burde jo då kanskje skrive kven han er. Eg har ikkje noko imot utlendingar, men eg blir jo sjølvsagt skeptisk når dei melder til meg. Eg valgte å ikkje svare på meldinga. Eg skal såvisst ikkje rote meg inn i noko eg ikkje veit kva er. Det er sikkert og visst. Lurar berre på kor han har fått namnet mitt frå.

Ehhh.....ein tanke slo meg nettopp. Eg prøvde difor om eg kom meg inn på hans side. Eg hadde tydelegvis delvis tilgang. Nok til at eg fekk sjå nokre bilete og lese informasjonen om at han har studert i Tyrkia. Hmmm, eg kjenner ingen frå Tyrkia. Det einaste eg kjem på, som har med Tyrkia å gjere, er at det har vore ei viss interesse for å kjøpe kroa hos ein familie frå Tyrkia. Dei driv fleire andre utestader her i Nord-Noreg. Eg kan ikkje minnast at namnet hans har vore involvert i det....... Det kan jo vere så enkelt at han skal ha tak i meg på grunn av kroa?! I såfall er det toget gått. Eg har ikkje noko kro å selgje til han uansett. Eg kjem ikkje til å svare på meldinga. Eg kan jo ikkje vite om det er som eg tenker. Så lenge han ikkje har gjeve nokon som helst informasjon i meldinga, tør ikkje eg å følgje ho opp. Aldri i verda. Likevel......Eg håpar verkeleg det er nett det som er hendt her (at det har med kroa å gjere). Då slepp eg i alle høve å bekymre meg. Jaja....sånn går no dagane.

Resten av kvelden gjekk med til kun ein ting. KABAL. Gud kor lei eg blei av å leggje same kabalen gong etter gong. Eg blei berre meir og meir frustrert. Ikkje snakk om at den ville gå opp, og eg nekta å gje meg. Då klokka nærma seg halv to på natta, heiv eg "håndkledet inn". Litt snurt fann eg ut at det berre var å innsjå at det ikkje ville gå og at morgondagen (i dag) ville bli så mykje betre om eg sov litt før den kom.

Energien var såvisst ikkje borte då eg vakna i dag. Nope, langt ifrå. Så det gjekk ikkje lang tid før eg var i full gang med tak- og veggprosjektet mitt. Så tok eg fatt på nokre vindauge før eg avslutta med å klippe plenen eg har opparbeidd meg på hytta. Etter det  fann eg ut at eg måtte ha litt kvalitetstid med sonen min som hadde vore i vedklyvinga ei god stund. Han er så flink, så.:=) Då blei det til at vi tok årets faste runde etter haustblad med fine fargar. No ligg dei inni ei svær bok til pressing/tørking. Så neste gong har vi berre å få dei inn i hytteboka. Det er så koseleg med ei hyttebok det er litt meir i enn berre skrift. Eg brukar å lime inn litt bileter etterkvart som viser kva vi har gjort når vi har vore der.

Ingen god dag utan mat!! Så i dag var vel ikkje noko unntak. Eg hadde "røska" med meg litt viltkjøtt som eg tenkte vi kunne ha i dag. I stadenfor å steike kjøttet, fanne eg ut at det ville bli megagodt om vi grilla det. Så då gjorde eg det. Av ein eller annan merkeleg grunn ville ikkje grillen tenne seg. Litt småirritert på grillen gjekk eg og henta fyrstikker. OG JA!! Eg var klar over at eg måtte vere forsiktig. Eg skjønna jo at det var komen eindel gass inni grillen og at mi lille fyrstikk kunne skape litt av kvart. Eg tok mine forhaldsreglar. Eg opna grillen berre såvidt, slik at eventuelle flammar ikkje skulle nå meg om det fekk ei skikkeleg antenning. Eehh......det hjalp visst ikkje så veldig. Den lille stripa med lys eg slepte inn.....Hmm, den var brei nok til at det slo utover. Plutseleg var håra oppover eine armen borte og panneluggen min heilt svidd. Jaha...... SÅ kult!! Sikkert meg i eit nøtteskal. Sjølvgjort er velgjort. Dei der håra på armen var det ikkje så nøye med, men den der luggen...... Say no more. Eg trur eg har fiksa den ganske greit no. Det meste som blei svidd har eg fått tatt bort, og det vises ikkje så godt lenger. Ein får det ikkje meir spanande enn ein gjer det til sjølv.

Så, som sagt, eg har hatt ei rimeleg innhaldsrik helg. (Med tanke på at det er fleire ting eg også har utelatt).

No er det ikkje lenge før eg skal ut og trø ein tur. Eg har ein ståandes avtale med ein kollega om trimtur i kveld. Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta luego:=)

You're in my dreams......

lørdag 10. september 2011

Laurdags formiddag 10.september.

Klokka er snart kvart på ti og vèret har byrja å lette på seg ute, Det ser faktisk ut som at det blir sol utover dagen. Jomfru Knutsen er verkeleg utkvilt og klar for ein ny dag. I går kveld la eg meg allereie halv ni og sov før ho var kvart over. Ikkje heilt normalt, men likevel delig. Ikkje rart eg trudde det var tidleg på morgonkisten då eg var ein snartur oppe i halv tre-tida:=) 

Kva er det med elgjakta og parforhold? Eg har ein "kollega" på andre sida i fjorden. Vi spøka tidlegare med at han måtte ha kjerringa si med på elgjakta. I dag har han skrive på facebook om at han snart skal på jakt og gler seg. Eg klarte ikkje dy meg og skreiv at "Husk at du lova at kjerringa skulle få bli med på jakta!" (og flirte litt for meg sjølv). Svaret var ganske bra, då!?! "Ja, Beathe.....og det væks løvetann på Norpolen!" Hahahahahaha...... Det ville vel vore katastrofe om ein mann ikkje fekk ha jakta si ifred!? Den er liksom litt heilag for dei:=) Jaja, det er jo bra at dei har noko å sjå fram til i løpet av eit heilt år. Det må jo berre vere deileg å slippe mas frå kvinnfolk for ein periode? OG når dei fleste opplev det å skyte elg som å få orgasme, så må det jo verkeleg vere verdt det!! Jaja.......Jakta gjer no at eg får kjøtt i min frysar.

Pappa jakta kvart år. Det var nesten berre då han hadde fri og kunne nyte å vere borte frå kvardagen. I og med at jakta startar få dagar før eg har bursdag, har han faktisk ikkje vore i ein einaste bursdag hos meg som eg veit om. Eg har vel aldri brydd meg om det av den enkle grunn at eg alltid har vore vant til det. Når ein i tillegg såg kva elgjakta gjorde med han (glede), var det lett å ikkje spørre om han kunne vere heime den eine dagen.
No er det ikkje mange dagane att til elgjakta startar opp for i år. Då er det ikkje mogleg å la vere å tenke kva om han hadde levd no?  Det er rart at eit menneske klarer å setje så djupe spor. Det føles som at det aldri kjem til å gå over. Eg håpar jo sjølvsagt at den dagen eg går bort, så skal eg ha satt djupe spor hos sonen min......men eg håpar likevel ikkje at det blir slik som pappa. Kanskje det er slik at alle har det likeeins som meg? "Alle" saknar nok sine, men eg trudde at det skulle gå over til "noko anna" etterkvart. Her om dagen høyrte eg på "Den siste mohikaner". Pappa lærte meg den på veg inn fjorden då eg var fem år. Det er friskt i minnet. Dei siste dagane før han døydde song vi på den ilag. Så då eg høyrte den her om dagen, kom tårane. Eg vil ikkje at det skal kome fleire tårer lengre, men det styrer ein visst ikkje sjølv.........

Eg lurar verkeleg på kva musikksmak Steffen kjem til å ha når han blir vaksen. Stakkars gut, han syng vel på alt anna enn venene sine i dag....... Håpar han ikkje blir miljøskada av meg på det området. Han går titt og ofte og syng på dei same songane som eg. Born og unge syng på heilt andre songar enn det, så.......... No nettopp høyrte eg han song "Så kom du" for seg sjølv. Hmm....Kanskje av di eg har spelt den på dataen mykje dei siste dagane. (Om att og om att). Når han syng "Kom til mej i natt" blir eg litt bekymra!Hehehe......

Eg har slått på tv'n for å sjå om det er noko spesielt på nyheitene. Det ser ut som at det kjem til å vere valg, valg, valg heile dagen. Det er jo forståeleg det, men eg orker berre ikkje å sjå på det i dag. Akkurat no er det ho Siv Jensen som er i fokus. Det er ei dramatisk utvikling i antal anmeldingar av overfallsvaldtekter i Oslo og no drøftar ho den saka. Stygg sak! Slike ting trengte vi ikkje å bekymre oss over då vi var yngre. Då vi var tenåringar og var i Oslo på Norway-Cup, var det aldri nemnt at vi måtte vere forsiktige av slike årsaker. I dag kan vi ikkje få sagt det ofte nok.....Ver forsiktig!! Det er ikkje bra at ein ikkje kan føle seg trygg om ein er ute og trør ein tur sjølv om det ikkje er lyst ute. Dei galningane som begår desse ugjerningane...... Eg lurer på kva som foregår inne i hovudet deira. Nei, då er det tryggare å bu på ein stad som ikkje er overfylt av mennesker. Eg er glad eg ikkje kjenner nokon som er blitt utsatt for slikt. Då blir det på ein måte så langt unna at det ikkje påverker meg på noko måte av betydning.
Om eg ikkje tar mykje feil, må eg ein tur til Oslo rundt desember, åleine, og eg veit ein ting sikkert. Om kvelden skal eg med 100% sikkerheit halde meg inne på hotellrommet. Eg skal såvisst ikkje tru at det ikkje kan skje meg noko og ta turen ut åleine. Ikkje slik det er no iflølge media.

Klokka går og det er vel meir fornuftig å ta turen ut i finvèret. Så eg håpar dagen blir like fin som det ser ut for at den blir.
Ha ein fin dag!!

Hasta luego.....

I know where I rather be than here right now...........

fredag 9. september 2011

Helg....

Det er helg! Det var så deileg å ta helg i dag. Det beste er at eg faktisk blei ferdig med alt eg skulle, så det blir inga sundagsarbeid på meg. Likevel, akkurat no føles det ikkje som at det er helg. Ein er jo ikkje noko mindre trøytt ein fredagskveld enn ein annan kvardag i løpet av uka. Eg kviknar no vel til etterkvart........

I stad høyrte eg på den songen eg skreiv om i går. Eg låg der og slappa så fint av i badekaret og nøyt musikken. Plutseleg stod sonen min der. "Mamma, æ veit kem det e som søng der." Eg blei litt forundra og svarte "Åh. kven er det, då?" Heilt overbevisande svarte han "Det e jo du og han John-Gunnar!". Hahahahahahahahahahhaha......He really made my day. Det var berre så herleg. Eg måtte sjølvsagt spørre han om han visste kven John-Gunnar er. Det kunne jo hende han sa feil......... Joda, han jobber på skolen, var svaret, så det var ingen tvil. Latteren som kom då var riktig så hjarteleg (frå meg). No har eg aldri høyrt min kjære kollega syngje, men at han syng som vokalisten i Sie Gubba?? Tvilar........ Eg veit kva eg blir å fortelje han på måndag. Thihuihi....."Du og han John-Gunnar". Joda!! Det er vel heller andre eg før vil synge duett med, vil eg påstå. Sukk.......Han er bra herleg. (Ja, sonen min altså). :=) 
"Vil ha dej næra"...... "Kom til mej i natt".

I'll send you good toughts.......

Thursday:=)

Det er seine torsdagskvelden og eg syng på siste refreng for i kveld. Når eg i morgon tidleg vakner, veit eg at det er helg når eg er på tur heim frå arbeid. Eg har ingen spesielle planar for helga. Ikkje anna enn at den skal tilbringast her heime. Vèret held på å snu seg til det betre att, så kanskje eg skal utnytte det og få litt røyrsle i skog og mark.

I går kveld surfa eg litt på nettet. Av ein eller annan grunn ploppa det opp ei låt sm heiter "Så kom du" med Sie Gubba. Eg har ikkje høyrt noko særleg på dei før og tenkte rett og slett berre at eg skulle høyre kva type musikk dei speler. Så tilfeldig........og så fantastisk bra at det skjedde. Eg seier det berre: Det var ein heilt herleg song. Eg veit kva eg blir å høyre på den neste månaden, om ikkje lenger.Sjukt!
"Har venta så læng på dæ og æ veit æ vil ha dæ. Æ har vist dæ alt æ e og det e alt æ kan gi dæ."
Det beste er at den går akkurat sånn som eg likar best å spille på piano. Sukk. Eg er solgt!!! Ikkje bra...... Å bli så håplaust forelska i ein song. No kjem eg jo ikkje til å sovne på lang tid. Eg kjem berre til  å liggje der å "tenke" og å synge songen inni meg.
Det er ikkje ofte at ein song treff meg så fullstendig som denne. Berre nesten........Dei syng knallfint begge to. Jaja, dette betyr ikkje at det nye favorittbandet mitt er Sie Gubba. Eg har enno ikkje høyrt noko anna av dei, så eg kan ikkje uttale meg om musikken deira. Om denne balladen legg lista.....say no more.

I kveld har eg vore på musikkøving. Det var eigentleg rimeleg tungt å spele i dag, men eg overlevde no det også. Det er visst plukka ut eit par utfordringar til meg så det ser ut som at det kan bli øving på meg kvar einaste dag no framover. Eg burde i alle høve det. Kvaliteten vil jo isåfall auke og ingenting er vel betre enn det. Det er jo litt gøy også, då, det å få litt utfordring. Ein blir litt skjerpa.
I neste uke blir det i alle høve nok speling. Øving tysdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag. I mitt hovud blir det heile fem dagar. Om ikkje amasjøren kjem på plass med det, så veit ikkje eg:=)

No må eg slå av så eg ikkje blir så trøytt i morgon. Eg skal berre høyre songen ferdig ein siste gong. Eigentleg skulle eg ønske eg kunne sovne til den. Det ville ha vore lykken. Definitivt!

Ha ei fin natt og sov godt!!

Hasta luego.....

Distance can't keep toughts away......