fredag 30. mai 2014






I dag er det varmt!! Vi stod opp til vanleg tid for å spise frukost. Eg lyg viss eg seier at eg ikkje gler meg til eg skal ete ”normal” frukost heime……
Det er for så vidt ikkje noko å klage på her, men det er grenser for kor lenge ein ønsker å spise loff med nugatti eller syltetøy på. Då blir det godt å kome heim til eigne heimbaka brød.

Planen i dag var at vi først skulle på Hard Rock Cafè. Det var eit stykke å gå (vi har faktisk brukt føtene våre kvar einaste dag. Her er det inga lettvindt-løysing ute og går), men vi fann fram ganske lett. Vi har no eit bykart vi prøver å orientere oss etter. Og etter nokre få dagar her føler i oss eigentleg litt lokalkjent i denne store byen.


Hard Rock Cafè. Roma. Same greia som resten av verda. Stilen, interiøret, maten, alt……..Stort sett det same. Hard du vore på Hard Rock før, veit du kva du kjem til. Du veit også at maten der er dyr, men vel likavel å spise der.




Det var tre som bestilte kvar sin nachosforrett. Som du ser på biletet over så er det snakk om porsjonar som er ute og går. Dette  er restane som var att etter at måltidet var fortært. Eg trur nok kanskje at forrettane er meint til at ein bestiller i lag med andre. Gruppetallerken, med andre ord.
Inga tvil om at vi blei mett i alle fall. Eit par stykk spiste faktisk norsk laks. (Som tydlegvis var mykje betre enn den dei er vant med frå før.)

Så var det Il Viterriano i lag med jentene. Det er så fantastisk fint å stå på taket der. Det er sjølvsagt litt ekkelt å ta heisen opp på utsida av bygget, men det er berre sååå verdt det. Utsikta som ein får utover heile byen er berre super.





I og med at det har vore så varmt i dag, var det jo også naturleg at vi stoppa opp for å kjøpe oss litt drikke. Enkelte byrja å bli rimeleg slitne med tanke på at det sikkert er gått meir her nede enn ein går på eit heilt år heime. Så klart det tar på! :=)
Ergo valgte nokon å slappe av på hotellet medan andre ville ”suse” litt rundt. Eg var ein av dei i siste kategorien. Og eg leita meg fram til Romas beste is!! Eg visste gatenamnet den skulle ligge i og eg fann fram. Boka og Internett laug ikkje. Isen var GOD!!!! Oh, my God. Den beste isen eg nokon sinne har smaka! Jaggu meg ikkje rart at isbutikken har fått det ryktet.



Eg føler eg har gått minst 3-4 mil i dag. Og då trur eg faktisk ikkje at eg tullar. På heimturen prøvde eg å leite opp ein musikkforretning eg oppdaga i går. I følge mitt hovud så skal den vere rett her oppe i gata. No har eg endevendt alle gatene i ein sirkel med radius på eit ganske så høgt tal, men butikken er sporlaust borte!! What´s happening?? Er det kanskje meininga at eg skal unngå å kjøpe noko som helst instrument med meg heim, eller? Eg kan jo i det minste få lov til å sjå på?! Jaja, eg får spørre han der mannen eg har med meg her nede om han hugser vegen……….
Om DET fungerer, skal vere usagt. Det er lov til å håpe, men då eg sendte ei melding til han i stad for å høyre kor han var, fekk eg dette til svar: ”Du spør no godt!” Hahahaha…… Kanskje han ikkje føler at han har blitt like lokalkjent som oss andre?! (Bortsett frå at eg ikkje finn den der butikken då)

Roma……. Typisk Roma er trapper som har trinn som haller nedover. Ikkje veit eg kvifor, men ute haller alle trapper litt nedover. Fascinerande …… Og så har ”alle” moped. Til og med gamle røy´er på over seksti. Eg ler når eg ser dei kjem der i full fart på sykkelen sin. Tøffe kjerringer på tur. Og ja, dei er tøff, for i trafikken her er det inga spøk å vere.
Uansett, det ser heilt feil ut når pensjonistdamer kjem på moped, men for all del……. Ingen fordommer her. Hehehehe………




Langs alle gater står det laina opp bilar. Og ikkje minst står dei nært parkert kvarandre.
For å seie det enkelt. Ikkje forstår eg korleis dei klarar å kome seg ut frå parkeringa si. Dei få sentimetrane som er mellom bilane, er ofte ikkje nok til at eg (som eigentleg er ganske tynn) klarar å presse meg i mellom. Dei er klint oppi kvarandre.
Men så fins det jo ganske mange bulka bilar her også!
Eg trudde eigentleg at eg hadde sett mange fancye bilar før, men etter å ha vore her…….. Her er mykje rart av køyretøy. Då det kom ein firhjuling midt i byen, ja då måtte eg i alle fall flire. Då fekk eg litt assossiasjonar til heime, midt i Roma!









Slike som dette er eit ganske normalt syn langs gatene! 




Eg møtte no på han her karen også!! :=)



No er vi slitne alle mann. Eg trur eigentleg ikkje vi maktar så mykje meir i dag/kveld. Vi har brukt opp energien for lengst. 
Eg, for min del syns det er tungt nok å bevege fingrane over tastaturet her. DET seier litt om aktiviteten i dag. 
No blir avslapping resten av kvelden i lag med han Wallander!! 

Ha ein fortsatt fin kveld. Hasta luego!

IWALY!!

torsdag 29. mai 2014

”Æ har så mykkje reiseførsekring at æ kan dau hær nede og likavel kom heim i live! ”Eg flirer meg halvvegs skeiv……..

I dag, då vi var på Forum Romanum, høyrde eg plutseleg  Det hær kunn æ jo ha laga sjøll på sløyden.”  Det ryr ut setninger som perler på ei snor og vi andre ler.
Her er vi blant verdas mest kjente historiske områder, og når det då kjem setninger som dette, ja då er det klart vi ler.


Forum Romanum
Forum Romanum sett frå innsida av Colosseum

Viss han klarte å få opp ein av fiskane i dammen, skulle ein av dei andre spise den. (Sjølvsagt berre på tull……trur eg.)

No har vi utforska Colosseum i alle vinklar og fasongar, utvendig, så i dag skulle vi innanfor ”veggene”.
Vi har passert på guida-tur med buss, gått rundt på føtene både i lys og mørke, så vi var bra spent på korleis det  ser ut innvendig.
Det vi ikkje var førebudd på, var at det av ein eller annan årsak var stinn av folk der i dag. Guidane som var der forstod heller ikkje det. (Eg reknar med at dei har Kristi himmelfartsdag her nede også??
I alle fall….. Vi fekk beskjed om at dersom vi skulle stå i billettkø ville det ta ein og ein halv time for å få billettar. Akkurat det kunne dei hjelpe oss med. Berre vi betalte 15 euro pr person, skulle dei få oss forbi køen. (Alle under 18 år, skole, går gratis .) Så då meinte dei at sjølv om vi kunne gå gratis, burde vi heller betale 180 euro til dei.
Innpåslitne var dei også. Vi hadde ikkje før fått bort eitt menneske før nestemann stod der klar til å overtale oss.
Vi tok på oss arrogantmaska og strena heller opp mot inngangen til Forum Romanum. Der var liten kø og då vi ordna billettar der, gratis, sa dama i skranken at dei gjaldt for Colosseum også. Ergo kunne vi gå forbi heile billettkøen der og rett inn. DET nevnte dei ingenting om der nede, luringane. (Men dei lurar ikkje luringar!!!) :=)

Vi fekk oss ein fin runde i Forum Romanum før vi gjekk inn i Colsseum. Og det var ikkje berre berre å kome inn der. Det var kjempesvært! Det er litt rart å tenke på at vi faktisk stod inne i eit så ”viktig” byggverk. Og når andre seinare snakkar om Colosseum, kan eg faktisk seie at ”der har eg vore”. Kult!






Tida den går no når ein er med på slikt. Så etter å ha trimma seg gjennom desse to severdigheitene var vi ganske så svoltne. Tru meg, vi trimmar mykje. Hadde vi hatt skrittellar på oss, ja då hadde vi vunne einkvar konkurranse på det området! Inga tvil om det!


Det blei litt fliring då dei oppdaga at ein cheese-burger ser slik ut. (Utan brød!!)

Etter mat splitta vi oss litt opp. Nokre av ungdommane ønska å slappe av, medan andre ville handle eller kikke meir i byen.
Sjølv tok eg med ein liten tur i Maria-kyrkja før eg kikka i butikkar. Nokre småting blei kjøpt, men eg brukte vel heller mesteparten av tida på å la meg fascinere av alt rundt meg.




DÅ eg kom attende på hotellet, høyrde eg at gutane var inne. Eg pikka på og spurte om dei hadde det bra. DÅ fekk eg høyre noko som gjer at eg kan seie at vi har fått oppleve det meste av Roma! På godt og vondt! For no kan eg seie at det er inkludert lommetjuvar! Hahaha………

Nei, ein skal ikkje flire av det, men etter  å ha høyrt versjonen deira, kan eg ikkje anna enn å le. Så eg må nesten dele den her.
Dei var ute og gjekk, og plutseleg var det ein som stod og gnudde seg opp etter den eine av gutane. Han skjønna ikkje kvifor han gjorde det og like etterpå gjekk dei vidare.
Først etter å ha gått ti meter, kobla ein av dei andre gutane at det kan ha skjedd noko muffens. ”Har du alle sakene dine i lomma no?” Han kjente etter og NEI, mobilen var borte!!
Dei snudde seg og rakk akkurat å sjå dei italienske ungdommane/unge vaksne runde hjørnet. Gutane våre la på sprang etter dei og nådde dei att.
Først nekta dei for å ha tatt noko som helst, men då ein av våre nakka tak i brystdelen av skjorta hans, kom mobilen raskt opp og attende i rette hender.
Sanninga var at vedkommande sjølvsagt blei redd og kompisen hadde stukket av, men vår kar var like redd han også. Adrenalinet jobba for han! Så no har dei opplevd at ein må vere forsiktig med sakene sine, men ingen har mista noko som helst. Lærdom i det også!!

Dei same gutane hadde fått nokre maur på besøk på rommet. Det blei raskt ordna ved at eg sa i frå om det og så fiksa reinhaldarane det. Det som var litt komisk er jo at ”store gutane” var litt sånn der småredd for desse maura. Hahahahaha……… Vanlege veldig små maur som ikkje gjorde noko spesielt.
I tillegg hadde dei sett ein edderkopp!! Det var minst så så stor og det måtte heilt klart vere ein tarantell. Og så var den heeeeeilt grøn!! Heeeeilt grøn og kjempesvær tarantell!!! Eg flirer feil på meg sjølv!

”Æ trur pinadø æ ska kom å hell maur i kofferten din, æ, så kan vi sjå om du syns det er så kult. Då bi du åsså å bi så redd at du pessa på dæ.” Hahahaha……..     ”Sjå nu!!!! Æ bi ikkje å tørr å søv i natt!!”  Jeeeezes kor hjarteleg det er!! Herleg!!!

No har vi komen attende etter å ha spist middag og besøkt fontena på nytt. I daghar ungdommane kasta myntar i fontena. Det betyr lykke og løfte om at dei kjem attende. Var det nokon som heiv fleire, risikerer dei ående opp med ein italiener.
Kanskje nokre foresatte må bekymre seg??????? Hahahahahaha……………………
Den må hives over skuldra.

Nei, eg skal haste ned på markedet ein snartur før det stenger. Må ha litt veskepåfyll og søtsaker. :=)
Ha ein fin kveld!

Hasta luego!!

IWALY!!!

onsdag 28. mai 2014

Onsdag 28.mai 2014
For ein dag!! Eg veit ikkje heilt om eg har meir å gå på når det kjem til fliring. Det hendte at eg følte for å legge meg ned på bakken for å flire, men det kunne eg jo ikkje! Hahaha……… Og det gjaldt ikkje berre meg, men alle som var ilag med meg på dei tidspunkta det gjaldt.
Noko av det skal du få sjå bilete av her, andre ting kjem ikkje med. :=)

Dagen starta med frukost. Vi et frukost klokka ni kvar dag, så sånn sett er vi oppe høveleg tidleg. I dag var det rundtur i Roma som stod for tur. Ein to timars lang busstur der ein sat på taket til ein buss og blei frakta rundt i heile byen. Då vi gjekk om bord, fekk vi kvar våre høyretelefonar sånn at vi kunne høyre historia bak dei bygga og severdigheitene vi passerte eller stoppa ved.
Det blei ein fin tur! Colosseum, Forum Romanum, Peterskyrkja og mange andre historiske bygninger og stader. Det er slett ikkje berre berre å hugse namna på dei alle. Mariakyrkja var ei av dei.
På busstaket. 

 Då vi var ferdig med den flotte rundturen, var det tid for mat. Dei har MacDonalds i Roma også! Burger og chips på heile gjengen.
Sjølv ikkje ved matbordet fekk vi fred for tiggarar. Ei var blant anna høggravid og ville vi skulle gje ho ein slant.
Det var berre det at vi blei veldig usikker på om det faktisk var ein mage, eller om det rett og slett berre var ei pute ho hadde på seg. Ergo blei nok svaret nei.
Ellers er det litt trist og sjå (ikkje så mange, men nok) uteliggarar som sover på opne torg midt på dagen. Det er sjølvsagt av di at då er det varmt og så sover dei seg opp til natta. Då er dei vakne natta igjennom for ikkje å fryse. (Det er for kaldt til å sove ute då…….Trist.)

Etter mat var vi på ein gåartur. Vi hamna nede ved Colosseum. Colosseum er diger!! Og for eit fantastisk skue! På dagen, ja, men du og du kor flott det er når det byrjer å bli mørkt og dei tenner lysa. Utroleg flott.




Uansett, då vi var der på dagen, var det eit par romerske ”krigarar” som ba om at vi måtte bli tatt bilete av i lag med dei. Berre sjå på biletet under her. Det er snakk om grepa tak ”der du veit” som du ser på biletet. Dette er ei av hendingane i dag som gjorde at vi holdt på å pisse oss ut av latter. Jeeeeezes!!!



Så kan du sjå på desse to bileta. Finn ein feil!! Thihihihihihi……… Sjå no godt og kanskje du finn ein som har gått seg litt vill blant dei andre???




Etterpå fortsatte vi på ruta vår. På veg mot Il Vitteriano held dei på med å rigge til noko stort. EG spurte ein av vaktene om kva det er som skal skje, og svaret han ga meg var ”The republic day”. Eg blei litt happy og tenkte ”Guuuu, skal vi få oppleve det ogsp medan vi er her?” Men etter å ha googla kva tid det er, fann eg ut at det er same dagen som vi reiser heim att. Typisk ”uflaks”. Det kunne vore skikkeleg gøy å få oppleve nett det. Det ser ut for at det legges opp til svære greier.
Vi fekk sjå mykje på turen vår og vi var ikkje attende på hotellet før det var nesten middagstid.

No er det jo ein gjeng med gutar som er interessert i bilar som er her. I dag gjekk vi forbi ein verkstad og då reagerte dei jo tvert! Eg skjønna at dit ville dei inn, så eg spurte eigaren om lov. Han skjønna sjølvsagt ikkje engelsk, men sa no ja i alle fall. Lykken som han såg i andleta til gutane var nok til at han skjønna at dei var spesielt interesserte. Likevel, han var nok litt skeptisk så han fulgte godt med. (Og eg flira!)

Etter ein god middag har nokon av oss vore ute og trødd, medan andre har shoppa eller slappa av på hotellet.
Vi traff tilfeldigvis på Trevi-fontena og DET var eit vakkert skue. Så i morgon kveld når det byrjer å skumre, skal vi ta elevane med dit så dei får sjå. Eg er overbevist om at det er lurt å gjere det når det er litt skumring, for det var så fint med tente lys i den.




Trevi-fontena.



Roma har mykje å by på! I kveld føler eg at vi har sett mykje typisk italiensk. Romatiske bord ute, trange gater med mykje folk. Stemninga. Alt……..Utroleg fint!

Jaujau……trur vi på "magi"???? Neppe!

Einliten levandes leirklump som ikkje heilt imponerte. Eg trur kanskje han var litt lei av å stå der etter ein lang dag. Han var hakket overivrig etter å bli avbilda. 


Dette biletet skal vises til ein spesiell elev. Vi trur at han kan få eit ønske om å oppsøke den!! (Den er jo litt tøff då..)

På tur over "bekken" (elva) og mot Vatikanområdet. 

Peterskyrkja.


Ha ein fortsatt fin kveld. 
Hasta mañana

IWALY!!

tirsdag 27. mai 2014

Roma - tysdag 27.mai 2014.

Vi vakna til sol og varme. Innimellom var det litt overskya, men det gjorde ingenting. Når ein skal vandre i gatene, er det greit at det ikkje blir for intens sol.
Ergo var det heilt perfekt.
Alle var til frukost før halv ti og etter det var det berre å gjere seg klar for Spansketrappa




Spansketrappa…… Tja, kva skal ein seie om den? Vi kom inn frå toppen av trappa, og først blei eg ikkje så ”imponert”. Akkurat det endra seg etter at ein hadde gått ned heile trappa og fekk skue litt frå den vinkelen også.
Etterkvart blei det berre meir og meir folk der, så det blei bra folksomt.
Etterkvart som trappa fyltes med mennesker, fyltes den også med selgarar. Vesker og solbriller i fleng. Salget blei heller dårleg då dei skulle ha oss til å kjøpe noko.

Frå midtplatået i trappa var det ei som klarte å lese eit skilt kor det stod ”PRADA” på. Då kan du jo tenke deg til kor første shoppingrunde i dag starta.
Ikkje det at det blei lagt att så mange pengar der, for kven har vel råd til å kjøpe noko hos ”PRADA”? Men……Berre det å ha vore der og sett på klede…….
Det er jenter med sans for kvalitet.


Etter eit lunsj-måltid, splitta vi oss litt opp. Det var ulike interesser ute og gjekk og difor avtalte vi å møtes til eit gitt tidspunkt.
No skal det seies at det er usikkert om gutta gjorde det dei gjorde av rein interesse, eller om dei berre fulgte med……men dei har i alle fall fått trimma i dag. Vi har gått og gått i fleire timar! Mykje trim og mykje fliring.
Eg må jo berre sitere ein av dei. ”Gamle kailla og gammel mainnskit. Det e det som e Roma!”  Vi andre holdt på å knekke i hop. Den gamle mannskiten var jo då sikta til alle ruinane osv. Så sei slikt til ein italienar og du blir sikkert banka opp. (Hahhahaa…….)

Det gjekk ei lita stund og så kom følgande setning. ”Sjå ka med fluer det er:”  Det komiske med det var jo at det forskjell på fluer og fjær!!! Og så kan du jo sjølv tenke deg til kva det var han såg. I alle fall ikkje fluer.
Oppfølgingsspørsmålet var det beste av alle. Då berre bobla det i magen. Ein ny setning som berre sørga for at dette har vore ein toppers dag.
”Ka han heite han dær kongen som e på bildan dær?”
Jeeeezes!! Det var verkeleg dagens beste. Om du lurar på kvifor?! Sjå på biletet under. Fine kongen, hæ?????? Thiihihihihihihihihi……… Er det rart vi har flira mykje i dag? (Eg fekk lov til å sitere vedkommande her…) :=)



Medan vi tok oss ein liten ”rast i bakken”, oppdaga vi plutseleg ein svær måse (svær!!!!) som tok alt han hadde ut over ei due. Stakkars due, for det var ikkje akkurat mykje att av den etter at måsen var ferdigspist.


Sliten i føtene fekk vi oss ein mini-time på romma før middag. Vi gjekk litt i gatene for å finne ein triveleg plass og det syns eg vi klarte bra. Det handlar om å ta litt på sparket også. Vi endte opp på ein ”fin” restaurant og fekk god mat og drikke. I og med at dei tener godt på oss sidan vi er så mange, fekk vi gratis dessert. Kake……… Eg trur det var godt at vi hadde ein gå-bite for å kome oss attende hit til hotellet.

Vi er berre komen til kveld nummer to, men allereie kan ein skimte at det er enkelte som har lagt oss på minne og vi glir lett inn i mengden. De er som dei har kjent oss ei bra stund. (Litt kult eigentleg.)

No er det litt avslapping på hotellet. Sjølv syns eg det er deileg etter å ha vore utanomhus sidan i føremiddag. Mykje ”frisk” luft, med andre ord, i den grad ein kan kalle Roma for ein by med ”frisk” luft.
Det er i alle fall ein by med trafikk!! Og då er det ikkje snakk om køyring etter norske reglar og skikkar. Det skal vere visst. Her er det ikkje grøn mann overalt som seier at det er greit å kome over, sjølv ikkje på svært traffikkerte vegar.
Enkelte stader er det nok det, men det er like ofte at det ikkje er det. Det er berre om å snike seg ut i vegen og ”tvinge” dei som kjem køyrande til å stoppe. Eg føler vi er blitt ganske god på det allereie.


Historie, severdigheiter, shopping, mat, trim……..you name it…….. Vi kosar oss i alle fall og det er vel det viktigaste.
Gutta på tur. 

I Roma er det like lett å gå fem på som alle andre stader i verda. Det var ein artigkar som skulle lage armbånd til oss. Eg forstod jo straks at han skulle ha noko for det, men han gjorde jo på ein jæ…….smart måte slik at det ikkej berre var å seie nei. Så sa han at vi kunne betale det vi sjølv ønska. 
Eg leita fram fem euro, men då steila han. Han skulle ha ti. Så over åtti kroner for nokretrådbitar som ikkje blei fint eingong. Sjå berre sjølv på kor ujamnt. Snakk om å gå i fella. :=))) Ergo er alt akkurat som det bør vere!! 

Tamburinlys er kult!! Ei slik lampe skulle eg hatt heime.

På turen vår kom vi sjølvsagt over ein altmogleg-sykkel. DET var mat for gutta!!! Den hadde alt……slipestein, horn, mykje lys og verktøykasse, vannkanne for slipesteinen osv……. Akkurat nok masse til at dei såg for seg at den vil dei ha med heim. Einsykkel som var som ein verkstad. Mobil arbeidsplass. Kult!!









Shopping! Sminke! Fine jenter! Her skal vi attende og kjøpe meir!!! 
Som du ser….Vi storkoser oss og ser fram til fleire dagar her nede! 

Hasta luego!! 

IWALY!!!