fredag 30. mai 2014






I dag er det varmt!! Vi stod opp til vanleg tid for å spise frukost. Eg lyg viss eg seier at eg ikkje gler meg til eg skal ete ”normal” frukost heime……
Det er for så vidt ikkje noko å klage på her, men det er grenser for kor lenge ein ønsker å spise loff med nugatti eller syltetøy på. Då blir det godt å kome heim til eigne heimbaka brød.

Planen i dag var at vi først skulle på Hard Rock Cafè. Det var eit stykke å gå (vi har faktisk brukt føtene våre kvar einaste dag. Her er det inga lettvindt-løysing ute og går), men vi fann fram ganske lett. Vi har no eit bykart vi prøver å orientere oss etter. Og etter nokre få dagar her føler i oss eigentleg litt lokalkjent i denne store byen.


Hard Rock Cafè. Roma. Same greia som resten av verda. Stilen, interiøret, maten, alt……..Stort sett det same. Hard du vore på Hard Rock før, veit du kva du kjem til. Du veit også at maten der er dyr, men vel likavel å spise der.




Det var tre som bestilte kvar sin nachosforrett. Som du ser på biletet over så er det snakk om porsjonar som er ute og går. Dette  er restane som var att etter at måltidet var fortært. Eg trur nok kanskje at forrettane er meint til at ein bestiller i lag med andre. Gruppetallerken, med andre ord.
Inga tvil om at vi blei mett i alle fall. Eit par stykk spiste faktisk norsk laks. (Som tydlegvis var mykje betre enn den dei er vant med frå før.)

Så var det Il Viterriano i lag med jentene. Det er så fantastisk fint å stå på taket der. Det er sjølvsagt litt ekkelt å ta heisen opp på utsida av bygget, men det er berre sååå verdt det. Utsikta som ein får utover heile byen er berre super.





I og med at det har vore så varmt i dag, var det jo også naturleg at vi stoppa opp for å kjøpe oss litt drikke. Enkelte byrja å bli rimeleg slitne med tanke på at det sikkert er gått meir her nede enn ein går på eit heilt år heime. Så klart det tar på! :=)
Ergo valgte nokon å slappe av på hotellet medan andre ville ”suse” litt rundt. Eg var ein av dei i siste kategorien. Og eg leita meg fram til Romas beste is!! Eg visste gatenamnet den skulle ligge i og eg fann fram. Boka og Internett laug ikkje. Isen var GOD!!!! Oh, my God. Den beste isen eg nokon sinne har smaka! Jaggu meg ikkje rart at isbutikken har fått det ryktet.



Eg føler eg har gått minst 3-4 mil i dag. Og då trur eg faktisk ikkje at eg tullar. På heimturen prøvde eg å leite opp ein musikkforretning eg oppdaga i går. I følge mitt hovud så skal den vere rett her oppe i gata. No har eg endevendt alle gatene i ein sirkel med radius på eit ganske så høgt tal, men butikken er sporlaust borte!! What´s happening?? Er det kanskje meininga at eg skal unngå å kjøpe noko som helst instrument med meg heim, eller? Eg kan jo i det minste få lov til å sjå på?! Jaja, eg får spørre han der mannen eg har med meg her nede om han hugser vegen……….
Om DET fungerer, skal vere usagt. Det er lov til å håpe, men då eg sendte ei melding til han i stad for å høyre kor han var, fekk eg dette til svar: ”Du spør no godt!” Hahahaha…… Kanskje han ikkje føler at han har blitt like lokalkjent som oss andre?! (Bortsett frå at eg ikkje finn den der butikken då)

Roma……. Typisk Roma er trapper som har trinn som haller nedover. Ikkje veit eg kvifor, men ute haller alle trapper litt nedover. Fascinerande …… Og så har ”alle” moped. Til og med gamle røy´er på over seksti. Eg ler når eg ser dei kjem der i full fart på sykkelen sin. Tøffe kjerringer på tur. Og ja, dei er tøff, for i trafikken her er det inga spøk å vere.
Uansett, det ser heilt feil ut når pensjonistdamer kjem på moped, men for all del……. Ingen fordommer her. Hehehehe………




Langs alle gater står det laina opp bilar. Og ikkje minst står dei nært parkert kvarandre.
For å seie det enkelt. Ikkje forstår eg korleis dei klarar å kome seg ut frå parkeringa si. Dei få sentimetrane som er mellom bilane, er ofte ikkje nok til at eg (som eigentleg er ganske tynn) klarar å presse meg i mellom. Dei er klint oppi kvarandre.
Men så fins det jo ganske mange bulka bilar her også!
Eg trudde eigentleg at eg hadde sett mange fancye bilar før, men etter å ha vore her…….. Her er mykje rart av køyretøy. Då det kom ein firhjuling midt i byen, ja då måtte eg i alle fall flire. Då fekk eg litt assossiasjonar til heime, midt i Roma!









Slike som dette er eit ganske normalt syn langs gatene! 




Eg møtte no på han her karen også!! :=)



No er vi slitne alle mann. Eg trur eigentleg ikkje vi maktar så mykje meir i dag/kveld. Vi har brukt opp energien for lengst. 
Eg, for min del syns det er tungt nok å bevege fingrane over tastaturet her. DET seier litt om aktiviteten i dag. 
No blir avslapping resten av kvelden i lag med han Wallander!! 

Ha ein fortsatt fin kveld. Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar