onsdag 7. mai 2014

Hahahahaha………eller buhuhuhuhuuuuuu…….alt etter kva som passar best. Eg skulle betale ei rekning på 2000 kr, no nettopp, og plutseleg gjekk det opp for meg at eg betalte over 25 000!!!! Sjølvsagt såg eg det akkurat for seint til å få trykka på "avbryt". Så juhuuuu…… Ti poeng til meg! (Dagens blemme liksom.)
Men det gjekk no berre bra. Det er ordna no, så det betyr at eg får ha nattesvevnen god og ikkje minst husfred. :=)
Andre ville kanskje blitt søkkfortvila med det same, medan eg er meir sånn at eg byrjer å le…. (Eit lite problem eg har.)

Tok dobbel bade-salto naken! Hahaha……. Det skulle vel eg også klart, det! Thihihi…… I alle fall bada naken. Saltoen trur eg kanskje det er verre med.
Einaste måten å finne det ut på er å kome med ei utfordring. Det er jo det der med meg og utfordringar då. Har jo litt vanskeleg for å seie nei.
Likevel…..Eg er ikkje så altfor redd for at det skal kome ei slik utfordring. Skal nokon utfordre med til slikt, ja då må dei jo gjere det sjølv først. Eg vil sjå det mennesket som er så tøff (blant dei eg kjenner).

Jeg har aldri lest en rørlegger skryte av at han stod med klokakk opp til midjen. Tja, det høyres jo megahesleg ut, seier eg!

Det heile handlar om kor falske vi alle er på sosiale medier. Motebransjen kan vere motbydeleg og hakket verre enn nybakte foreldre. Vi snakkar "det skruppelløse selvskrytet".
At nybakte foreldre blir dratt inn i dette, heng nok saman med at det har vore nokre kontrversielle saker det siste året der småbornsforeldre har vore i fokus. 
No er det fleire som skuldar dei for å feilaktig framstille seg sjølv og kvardagen på ein slik måte at alle skal oppfatte livet ditt som over middels behageleg og i tillegg veldig innhaldsrikt. 

Dette er nok eit tema mange har diskutert. Eg har i alle fall vore floge på veggen der dette har blitt diskutert. Kor lei ein blir av alle skrytestatusane osv…… Det skal ikkje mykje til for at vi bryr oss meir enn nødvendig. Slik er det berre. Vi vil ha ei meining om alt. 
Så spørs det………. Dei som er så kritiske,,,,,… Kva er det eigentleg dei ønsker å lese? Om menn som ikkje er kjærleg med mindre dei er full? Om oversteikte rundstykker? Svidd mat? (For matbilete er jo eit av dei tema som mange irriterer seg over.) 
Matbileter inspirerer nok ikkje med mindre dei ser innbydande ut. Så ergo må det jo vere bilete av vellykka mat. 

Kva er det med motebransjen som gjer at modellane trur at vi andre som ikkje har fått tildelt akkurat dei same formene er misunnelege? Eg lengtar ikkje etter noko tilbod der….. 
Tenk å få vere med på alle "eventane"….. Det må jo rett og slett vere livet! Nei……Neppe….. Eg trur det er dei færraste som har noko ønske om å leve eit jetset-liv berre for å få sånn der goodie-bag. 
Om ein dag etter dag publiserer kor glamorøst ein har det…. Ja, då blir det diskusjonar ut av det. Folk blir lei. (Sjølv om vi eigentleg ikkje skal tenke slik. Alle må få vere som dei sjølv vil…) @

Foreldre skryter av at babyen har smilt lenge før det er fysisk mogleg for eit menneske å trekke på smilebådet. Likevel leser vi det til stadigheit. Slik kjem det alltid til å vere. 
Kor mange leser statusar som fortel kor mange sårbandasjer ei sjukepleierske har skifta denne dagen? Akkurat like lite som at ein røyrleggjar skryt av å ha stått i kloakk. Sånn er det berre……

Korleis vil vi eigentleg ha det? Kva skal til for at vi skal bli heilt nøgd? (Joda, eg veit at nett det går ikkje an, men ein kan jo ha ei viss forespeiling om kva ein likar eller ikkje….) 
Skriv vi berre negativt, blir det feil. Skriv vi berre positivt, blir det feil. Kor er den gylne middelveg? 
Kan det tenkes at viss ingen legg ut eller skriv noko som provoserer ein eller annan, ville vi fått ei keisam verd? (Det trur eg.) 
Eg trur vi må bli flinkare å finne ut av kva som er verdt å irritere seg over og kva som ikkje er det. 
Sjølv har eg blitt mykje flinkare. Eg tenker mindre enn nokon gong på kva som står i andres status. Enn så lenge…………. 
Eg syns det er bra at det såpass mange som ikkje berre skriv negativt. Enkelte bør kanskje tenke seg to gonger om (eller sove på det) før dei postar enkelte statusar. Det er ikkje bra når enkeltpersonar blir hengt ut. Heldigvis kan det ikkje slå attende enn på dei sjølv. 

Alle skal berre skrive kva dei sjølv føler for. Den dagen nokon prøver å diktere meg kva eg skal skrive……….. 
No held eg meg stort sett unna negative statuskommentarar ( eg trur i alle fall at eg aldri skriv negative……) Det er eit valg eg har gjort. Det betyr ikkje at livet mitt er perfekt, eg vil berre ikkje ha fokus på det. 

Klokka er ikkje elleve enno, men eg trur likevel eg skal tilte meg i seng. Eg har ingen planar om å telle sauer (eg trur ikkje behovet er der), eg satsar heller på at hjernen ordnar det der på eigenhand. I alle fall vil den ikkje få særleg hjelp av augene om den prøver å halde meg vaken. 
I morgon er det torsdag, og så er det straks helg att. Tida går alt for fort, men det er berre å halde seg fast i svingen. 
Så då attstår det vel berre å ønske god natt! Sov godt! 

Hasta mañana!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar