torsdag 30. juni 2011

"Den store klassefesten"......

Det er torsdag og formen er stigande (trur eg)......... Eg hadde eigentleg sett for meg at eg skulle på fjelltur i  Tromsdalen i helga, men akkurat dei tankane trur eg berre eg skal legge vekk med dei første. Det er greit å vere optimist, men det er også lov å vere fornuftig ein sjeldan gong også! Så difor skal eg vere det denne gongen. Eg skal heller slappe av medan dei andre svettar seg avgarde på tur. Dei andre er slektningar frå fjern og nær. Eg skal på slektstreff.
Fjelltur kan eg utsette til over helga. Vi har då nok av fjell her heime:=)

Overskrifta kjem av at eg nett har laga spørsmål som eg skal ha med meg i helga. Vi skal ha eit opplegg ala "Den store klassefesten", så det kan jo bli gøy. Så spørs det kven som skal svare på mine spørsmål. Det er ikkje berre, berre å vite om eg har kyssa ein politimann i teneste eller om eg har vore etterlyst av politiet. Har eg hatt Åse Kleveland til bords? Ikkje alle spørsmåla er like snille som det, men eg kan jo ikkje avsløre alt heller. Thihihi..........  (To av desse tre er sann!)

Tre dagar på hytta har vore ganske deileg. Seine kveldar og minst like seine morgontimar. Ikkje snakk om å slippe lyset for tidleg inn der, nei. Spørs om ein får til å sove i kveld når ein bør legge seg litt tidlegare. Tvilar.....
Det einaste aberet denne uka er at sola ikkje vil vise seg frå den beste sida si. Den her tåka og regnet er ikkje motiverande for noko som helst. Det blir meir mygg av det også! Akkurat det har eg bestemt meg for å trosse. Mygga skal ikkje få stoppe meg frå å ha fine stunder på verandaen om kveldane. Det får vere måte på kor gøy det er å spille kort heile dagen og kvelden. (Det er ofte det som skjer når vèret er slik det er no). Det er sjølvsagt gøy, men ikkje riktig såååååå gøy. Nei, det er godt vi har ho Anne Holt innimellom slaga.
(Om sola lover å skjerpe seg, skal eg love å halde meg her i Tysfjord mesteparten av sommaren).

Eg har framleis ikkje lyst på dei oppdressa typane frå avisa her om dagen, men framsidene etter det har vore litt betre. Det einaste eg irriterar meg over, er at det bestandig må stå noko om forhold. "Slik blir forholdet ditt lykkeleg." "Slik bevarar du forholdet ditt". Pisspreik!! Viss det berre var å følge ein fasit.......Ja, då hadde det vore enkelt. Har dei ikkje betre å skrive om. Det kan jo vere at enkelte ser ei hjelp i det som står, men eg tvilar....... Hm!
Det er berre det at det er det same kvart einaste år. Det er akkurat det same som kjem til å prege kvardagen neste sommar også. Av ein eller annan grunn har det blitt eit årstidssyndrom. Resept på forhold. Resepten som held deg frisk! Eg las det i fjor og no har eg lest det i år også. Eg syns ikkje eg er blitt så mykje klokare. "Ikkje kommenter størrelsen", "Tør å si hva du ikke liker i senga", "Ikke skyld på hodepine om du ikke har det"........bla, bla, bla....... Eg trur eg får spasmer i tolvfingertarmen!! Er det berre det som skjer i senga som er avgjerande for eit forhold? Det kan nesten virke slik. Stakkars folk. Synd det då ikkje er tillatt med fleirkoneri. Tru kor lykkeleg mannfolka då kunne blitt:=) Så kunne dei kvinnfolka som ikkje var så verpesjuke ta seg pausar innimellom. Om ikkje sjalusien tar overhand og dukar for kvinnekampar. We love girlfights!!
Nei, tru om nokon skulle ha halde ut med tre ganger Beathe. Då trur eg det hadde blitt stakkars mann. Hahaha.......... Det får vere nok med EI kjerring og så får heller dei som har lyst til det, ha eit par på si.

Kvifor snakkar vi alltid om fleikoneri?? Eg trur aldri eg har høyrt uttrykket "fleirmanneri"....... Kva om vi kunne ha valgt oss ut fleire menn?! Det kunne jo ha vore digg:=)  
Jada. eg veit eg er ei tøvsjur..........og jada, eg skal gå å legge meg.  Likevel, tanken var jo ikkje såååå dum? Ikkje før eg vaknar i morgon tidleg og hugsar at eg har skrive nett det og syns det er suuuuperteit, men veljer likevel å la det stå! (Eg har vore i ro for lenge).

God natt og hasta luego:=)

It's worth it.........

tirsdag 28. juni 2011

Måndag 27.juni.

Så sit eg her att og alt er ok. I kveld er det ok, men det var langt frå ok då eg blei henta med legeskyssen på Grunnvoll. I lang tid hadde eg gledd meg til å dra inn i fjorden. Dagane kunne ikkje gå fort nok. I bakhovudet visste eg at graset der inne mest sannsynleg var megahøyt og verkeleg trengte ein klipp. Ein klipp eg såg fram til med glede.

Det byrja fredags formiddag. Utpå dagen auka det litt på. Smertene. Eg ville ikkje tru det. Ikkje akkurat den dagen. Dagen eg hadde gledd meg sånn til. "Det er sikkert berre berre noko som snart går over", tenkte eg for meg sjølv og gøymde meg på badet av alle stader. Det blei litt likare.

Klokka blei fire og det var på tide å dra. Eg sa ikkje eitt ord om at det gjorde vondt. Eg var redd turen då ville bli avlyst. Eg beit det i meg og innover fjorden bar det.
Det var kjempefint å komme inn dit og eg prøvde å klippe litt gras. Det var ikkje så givande som det brukar. Hovudet hadde fokus på heilt andre ting enn grasklipping. Det blei ikkje noko betre etterkvart.

Det var ein som ville ringe doktoren, men eg nekta. Eg ville ikkje ha noko snakk om slikt. "Dei har vel viktigare ting å halde på med enn å høyre på sytet mitt!"......... Eg ga meg ikkje. Då han vakna av at eg låg samankrølla på stovegolvet, var det berre å bite i det sure eplet og la han ringe. Eg skjønte vel etterkvart at det ikkje kom til å gå over. Likevel......Eg syns det var litt flaut å få hjelp rundt midnatt seine fredagskvelden.
Ein ting er sikkert. Vi er bra privilegiert her til lands som får slik ein service. Langt inne i eit fjordhol. Båten hadde til og med ambulansepersonellet inn dit.
Glad er eg for t det var ein som var sta'are enn eg, for det ville ikkje gått over av seg sjølv.
Hadde eg berre vore mann! Då hadde eg sluppe det heile. Det er kun kvinnfolk som kan hamne i ein situasjon som dette.

Jaja...... No får eg to fine arr på kroppen (heldigvis ikkje så store, trur eg). Det måtte ein liten operasjon til for å få bort smertene. No er det heilt ok. Ikkje meir enn det. Det gjer ikkje direkte vondt lengre, men eg kjenner litt. Det går nok fort over. I alle fall om eg tar det litt med ro ein dag eller to. (Lettare sagt enn gjort). Eg har styra grueleg i kveld, så eg kjenner det godt. Typisk meg.
Det einaste som er litt dumt, er at under navlen har eg nok av kompressorar. Det passar vel ikkje akkurat så fantastisk godt med årstida og eventuelle bikinidagar. Om eg soler meg, vil jo huden  bli lysare der eg er tildekka. Det er krise, det! Kva kvinnfolk er det som likar det?? Eg spør no berre.......... Eg overlever det også:=)

I kveld har eg satt husbonden i arbeid. I og med at eg ikkje klarar å vere 100% med, har eg satt han til å skru saman ei bokhylle for meg (ei stor sådan - med 20 hyller). Han er god til å "bainnes" når det gjeld!! Slikt arbeid er det verste han veit. Då han prøvde seg på meg med strofa "Det her er det verste som finnes på jord", sa eg berre "Eg har hatt det verre i helga, så berre fortsett med arbeidet". Og så flira eg inni meg sjølv. Stakkars mann! Eg skulle gjerne gjort det sjølv, men tilstanden.........Shit happens. Han syns sikkert at det var veldig gøy at eg stod der og veileia han. Skikkeleg kult:=)
Vi levde oss så inn i det at vi fekk ein lykkeleg gut i huset. Klokka blei halv elleve og enno ingen som hadde bedt han om å leggje seg. For ei lykke!!! 3 timar på overtid. Halv ti var han enno utanfor huset og leika. Må tru kva naboane tenkte når ein sjuåring sprang som gal her ute på plenen seine kvelden. Hehe...... Er det ferie så er det ferie. Vi har kanskje eit ørlite håp om at han ikkje vaknar før klokka ti i morgon tidleg. Det vil rett og slett ikkje vere å forrakte.

Eg fekk ialle høve lest mykje i helga. Sånn bortimot fem hundre sider er vel ikkje akkurat lite. "En plass i solen" med Liza Marklund(?). Namnet stod stille ei stund, men eg trur det blei rett. Så sidan eg har lest ho ut, måtte eg jo ha meg ei ny bok. Eg var innom og kjøpte meg ei ny bok før eg for heim i dag. Det blei ei bok Anne Holt har skrive i lag med broren sin. Eg hugsar ikkje heilt tittelen, men den virkar heilt ok.
Om eg ikkje tar heilt feil, har eg sikkert lest ti bøker berre sidan påske. Det har tatt heilt av. Som regel går det i periodar, det med den her leselysta, men det siste året har den berre auka og auka. Det er akkurat som at eg ikkje får lest nok. Om det er av di eg har vore heldig med valg av bøker skal vere usagt. Gøy er det uansett! Gøy?? Hmmmm........ Det høyrtes betre ut inni hovudet enn det var å lese det. Lesing er vel ikkje direkte gøy. Det er vel aller helst andre ord som passar betre.
Eg er byrja å henge meg litt opp i synsvinkel osv i bøkene. Om det er av di det har vore eindel av eksamensførebuingane eller ikkje, er eg usikker på. Eg er i alle høve blitt merksam på at enkelte synsvinklingar gjer ting litt meir spanande enn andre. Det har eg eigentleg aldri brukt å gruble så mykje over før. Jaja.....Eg får sjå på det som ein positiv ting.

Nei, det er måndags kveld, det er seint og sjølv om det er skulefri, kan det vere greit å få dagane med seg. (Spør meg - eg veit kva eg snakkar om etter å ha mista nokre dagar). Det er bekka over til tysdag allereie.... Kanskje eg skal bli eit utprga b-menneske? Kan ta det opp til vurdering med meg sjølv.....Spørs om eg kjem nokon veg. Eg styrer visst ikkje det der heilt sjølv. Heldigvis er det ingen superutprega a-menneske her i huset heller. Det trengs ikkje song rundt øyrene før etter ni. (Akkurat det er leveleg.......). Ikkje det at det er så mange fleire enn eg som syng i dette huset, då........, men det kunne jo ha vore?!!
Eg kjem nok aldri tilnå ta etter far min som kunne finne på å gå til Kjøpsvikvannet med "Tyson" klokka fem om morgonen, og attpåtil møte ein av kollegaene mine der (opptil fleire gonger). Det er å vere "harry" det. Neisåmen om eg sviktar den gode og varme dyna mi for ein tur i skogen!!  Om det ikkje er noko spesielt som lokkar då. Unntak finnes alltid:=)   (No var det snakk om kl fem om morgonen, så det er sagt). Då ligg eg heller og drøymer om kjekke og musuløse karar.

Eg har ikkje lest dagens "Dagbladet", men eg fekk med meg kva som stod på framsida. Førstesidestoff bør jo i utgangspunktet vere litt viktig og interessant. Her er dagens førstesidestoff i avisa. 33 ting vi gjer feil i senga! Absolutt verdt å lese om. Mon tru kva krise det handlar om? Eg såg aldri inni avisa. Jonas slår knockout på Jens. Nei, det stod ikkje det. Eg hugsar ikkje kva det stod, men det var noko i nærleiken av det. Det handla sjølvsagt om at dei var draumesvigerson, hadde fine dressar osv, osv.......... Verkeleg noko å ha som førstesidestoff.
No trur eg faktisk mor mi ville ha syntes at det hadde vore digg med Jonas Gahr Støre eller Jens Stoltenberg til svigerson. Eg har ikkje den minste tvil der. Stakkars menn, dei skulle fått noko å bryne seg på, politisk! No må eg ærleg innrømme at eg ikkje ville ha hatt nokon av dei, men det er det sikkert ingen som trur på likevel. Hihihi........ Likevel. Ærleg talt!!! Førstesidestoff. Skjer det ingenting i denne verda som er meir interssant enn akkurat dette?? Eg driter vel i kven av dei to som har den finaste dressen. Eg er då meir interessert i det som er innanfor dressen!!! Give me something real:=)

Jaja...... Det var dagens utblåsning. Eg skulle legge meg for eit kvarter sidan, her sit eg enno. Kanskje ein MANI?? Shit!!  Det krøller seg visst litt her oppi skrotten. Ikkje rart det........

Ha ei fortreffeleg god natt!! :=) Draum søtt!!!
Hasta luego!

I miss you all the time......

søndag 19. juni 2011

Sundag 19.......

Jezzzzzzzzzzzzzzzzes! At det går an. Det er så vidt augelokka klarer å løfte seg. Her er det om å halde tunga rett i munnen slik at eg ikkje sluknar med maskinen i fanget. Snakk om å vere i koma. Når Beathe slår til, ja då slår ho til!! Sann mne ord.
Den første som forlet festen på kvelden, kven er det? Hmm.....Beathe?? Tja, ikkje så langt unna sanninga. Kven legg seg først? Hmm......Beathe?? Joda:=) Kanskje dei har rett dei som påstår det. Dei fekk i alle høve feil i går. Det høyrtes veldig rett ut i går når enkelte sa at "den første som sluknar i kveld blir Beathe". Sju halvgalne kvinnfolk på tur (utan mannebein!!!!). (Det skal seies at vi prøvde å å skaffe nokre bein, men det var ikkje så lett, langt inni skauen som vi var). Uansett, då klokka bekka åtte kom den første gjespen. "Sjå på ho der. Snart e det bare å få ho tell sengs!" Neida, sa eg litt uviss på meg sjølv om dette skulle bli ein kveld der halve moroa kom til å gå bort i soving. Det gjekk berre godt:=)  Eg henta meg inn og dei neste timane blei riktig så gøy. Det er lenge sidan eg har flirt så godt som i går. Vi hadde det knall, og då stampen etter mykje pes endeleg blei varm nok, ja, då var vi fleire som fekk oss ny bolig. Ein laurdagskveld i stampen var ikkje feil. Det kan ein fort bli vant til! Jaja........ Timane gjekk og hendene blei riktig så skrukkete etter å ha vore i vannet i x antal timar. Så lenge andre ting ikkje blei "skrukkåt" så gjorde jo ikkje akkurat det noko. Thihi.....
Ein etter ein blei angrepen av "trøytta". Ein etter ein tok dei kveld. Dog ikkje eg! Den som påstod at eg kom til å slukne først, tja, ho tok grundig feil. Eg trur eg må slått alt av rekordar i går. Halv fem var det berre å bite i det sure eplet og skjønne at no må stampen få fred. Så klokka fem blunda augene og var sikkert lukkeleg for akkurat det.
Ein ting er sikkert.......Det er utroleg fint å sitte og sjå på at sola held på å demre. Vèret var jo så fint og tidleg, tidleg på morgonen er det mykje fint å sjå i så måte. Likevel, det er nok ikkje så lurt å bruke for lang tid til å gløtte på vèret når ein veit at førstemann sannsynlegvis kjem til å vakne om eit par-tre timar. Så dagen i dag er heilt fin, men i kooooooma! Eg må nok sørge for at eg held meg i litt aktivitet utover ettermiddagen. Det går vel aller helst bra. Sannsynlegvis blir det superlenge til neste gong ein sånn "happening" kommer til å skje i forhold til meg. Aller helst trur eg det kommer inn under eingongshendingar. Dyna og eg er litt for gode vener til at natta vil få ha besøk av meg som utegjest så altfor ofte:=) Det var uansett verdt det. Det blei ei herleg stund. OG sjølv om vi tilslutt berre var to, kven ville ikkje vore floge på veggen når sju bikinikledde kvinnfolk boltra seg i vannet? Hadde eg vore mann, hadde vel eg vore ein av dei:=) Hahaha........

I tillegg oppdaga eg ein ting til. Ein "date" i ei badstu ville ikkje vore å forakte. To "svette" kroppar........ say no more!

Hasta luego!

I love you just the way you are.........

fredag 17. juni 2011

Fredag 17.juni:=)

Det er fredag, det er helg, det er tid for å gjere ingenting. Her ligg eg som eit slakt på sofaen. Det er så varmt at eg innimellom trur eg er komen i overgangsalderen. Hadde eg berre ikkje visst betre.......Thihi.
Nei, det er vel enno lenge til den dukkar opp. Er eg heldig, så aldri:=) Det ville jo vere ein lykke!
Eg skal ikkje klage på varmen. Heller den enn regn.

Det er 100% stille rundt meg. (For ei stakket lita stund i alle høve...). Det varer vel ikkje lenge. Snart kjem det vel litt musikk ut av høgtalarane eller pianoet. Tenk eg er åleine heime resten av døgeret, og så ligg eg her istadenfor å spele av hjartens lyst. Kva er det som er gale i dag??? Ingenting, er eg stygt redd for. Det er nok berre lenge leve latskapen.
Det er deileg og kjedeleg å vere åleine. Akkurat det er vel ein god kombinasjon?? Eg flire no litt for meg sjølv...... Eg veit det høyres rart ut. Korleis kan kjedeleg vere deileg? Det er mest det at det ikkje er kvardagskost å vere heeeeilt åleine. Roen som er då, er berre fantastisk. Likevel, det blir liksom litt einsamt. No er det jo nok av folk rundt om, så akkurat det burde ikkje vere noko problem, men eg kjeder meg heller:=) Eg er uansett ikkje ferdig med boka mi.
Skal eg vere ærleg, var det ei stund i går der eg vurderte å slutte å lese i ho. Boka er bra, men i går kom eg til ein bite der det var direkte ekkelt å lese. Eg levde meg sånn inn i teksten og eg blei reint litt redd. Når forfattaren skildrar slik han gjorde i det eine kapittelet.......huff, ja då klarte eg nesten ikkje å lese. Det gjekk heldigvis over. Og snart er daten min med Jo Nesbø også snart over. No trur eg kanskje at eg vil utforske ein annan forfattar, men eg har ikkje peiling på kven. Forslag på gode bøker motas med takk:=)

Ellers så må eg berre kommentere facebookbruken min. Eg er litt imponert over meg sjølv...... Hvis eg har vore innom i tre timar tilsamans dei to siste månadane, så må det vere maks. Kvifor eg nesten ikkje er der? Vel, ikkje spør meg. Det er vel ingen andre å spørre, men eg har ikkje noko svar på det. det berer er slik. Eg byrja akkurat å reflektere over nettopp det. Så eg må innrømme at eg syns det er ganske bra!Einig? Veit ikkje om Harry Hole skal ta litt av æra for det eller om det ligg andre årsaker til grunn. Kanskje facebook ikkje lenger er så spanande?! No går vi mot sommar og då blir bruken uansett redusert.

Nei, ei våryr kvinne åleine heime henslengt på sofaen......Kan det vere bra? Eg trur eg hiv meg rundt og trør meg ein tur langs vegen. Kanskje eg ser noko skikkeleg spanande på min veg? Kven veit? Kanskje eg går våryrskapen av meg........ (Det går ikkje an i følge ein av kollegaene mine. Kva han siktar til då skal vere usagt).

Hasta luego:=)

Little darling can't you hear my plea....

onsdag 15. juni 2011

Onsdag 15.juni.

Det er ein deileg ettermiddag på verandaen ein onsdag i juni. Livet er flott! Sola har stått på frå tidlege morgontimar og varmar enno godt.

Dagen byrja med eksamensinformasjon. "Dåkker kjæm opp i RLE og norsk". Beskjeden blei mottatt med både glede og misnøye. Det er muntleg eksamen på fredag og som vanleg er det stor variasjon i kva elevane syns om faget dei er trekt ut i. Det er alltid nokon som blir godt nøgd, medan andre syns det motsatte. I dag var inga unntak frå akkurat det. Så no sit fleire ungdommar heime og svettar over pensumbøker i håp om godt resultat på fredag.

SFO har hatt den årlege basaren sin. Ein lukkeleg gut kom heim med to gevinstar. Basar er skøy!! Det er flott at dei orker å stelle i stand slikt for borna. Triveleg. Min kar var i alle høve godt nøgd. At han i tillegg fekk ta fram vannspredaren og leke seg "i" den, gjorde dagen hans meget vellukka. Ingenting er vel betre enn ekte borneglede.

Ellers har vi hatt årets første heime-grilling. Det var så herleg å sitte uteog spise i finvèret. Maten smakar så mykje betre då:=)
Eg måtte ein snartur på butikken først (mangla salat). Då eg kom ut av butikken, høyrde eg at det ringte så valdsamt. Eg var sikker på at lyden kom frå meg eller veldig nært meg, for det var ingen i nærleiken. Det ringte og det ringte. Det einaste som ikkje passa inn var ringetonen. "Det er ikkje den ringetoneneg har", tenkte eg stille for meg sjølv. Joda......Då såg eg det. Telefonen som låg oppå bakluka til bilen. Der hadde eg vore ute og køyrt med ein mobil bakpå. Hallo??? Kven er det som er så lur at dei ligg ein telefon der??? (Eg veit svaret!) Jaja, han skal vere glad den låg der enno då eg kom ut og at det faktisk ringte i den så eg kunne oppdage den. Kva om eg hadde tatt meg ein svipptur rundt i bygda og den fann seg eit høve til å leke gøymsel med oss?! Det skulle tatt seg ut. Sukk......Det er litt av kvart ein må passe på.
Eigentleg hadde eg tenkt å gøyme telefonen unna, for å sjå kva tid han kom til oppdaga at han mangla den. Berre så synd at eg sa til vedkommede som ringte at eg skulle be han om å ringe opp att straks.
(Eigentleg sukka eg ikkje......eg flirte av det).

Nei, vi har fine dagar. Det er lite å klage over og akkurat det er jo bra. Hovudproblemet mitt i desse dagar er ikkje verre enn at eg må få nokon til å skyssa meg til Skarberget på laurdags ettermiddag. Har ein ikkje verre problem enn det..........Vi har sjølvsagt konsert på hotellet klokka to denne dagen. Det passar ikkje heilt inn i mine planar. Åleine heime utan bil kan vere uhøveleg enkelte gonger. Eg trur eg får gå til anskaffelse av ein liten scooter eg kan køyre rundt på. Eg minnast eg tok mopedlappen i mine yngre dagar. (Ehh......eg er jo ung enno, då!). Eg veit ikkje heilt kvifor eg tok lappen, for eg har enno aldri kjøpt meg noko moped.
Det var sikkert av di alle dei kule gutane gjorde det og eg skulle ikkje vere noko dårlegare enn dei.
Eg tok det som valfag på skulen. Det og båtførarprøven. Det er synd ein ikkje lenger er så heldig at ein kan gjere slikt på skulen. I dag er det slik at ein må velge språkleg fordypning eller framandspråk. Språk er ikkje noko som ligg for alle, og difor hadde det vore fint med andre valfag også. Om eg ikkje tar heilt feil, trur eg at det faktisk er på veg attende (andre valfag enn språk).

Ute høyrer eg ein unge skrik. Det er ikkje sjeldan det i desse dagar. Syklane er komen ut, sparkesyklane, shorts og kortarma klede. Det er mange som dett og slår seg. Eg veit ikkje kor mange skrubbsår eg har vaska og "lappa" den siste månaden. Min kar har sluppe unna til no, men det er vel ikke lenge til før han også står her på trappa og treng trøst.
No har det seg slik at eg har magiske puste/blåse-evner. Det passer eg på å nemne for borna når eg bles på såra. Det er ikkje måte på kor fort "aua'en" forsvinn når eg har sagt det. Sjølvsagt trur dei på det......... Hehe.
Det har stoppa å skrike ute, så kven det no enn var, så har bornet fått hjelp. Eg kan trygt sitte her og skrive meir. Hurra!!!

Hvis det her vèret har tenkt å fortsette (kan det hende eg er såååå heldig?), veit eg jaggu meg kva eg har lyst til neste helg. Då er skuleferien starta og ein kan ta ting som dei kjem. Eg trur jaggu meg eg skal ta meg ei helg på Grunnvoll. Berre det å sitte her og sjå på havet.....eg kjenner det kriblar.
Dessutan reknar eg med at plenen der inne sårt treng å bli klippa ned. Graset er sikkert megahøgt no.
Det er ikkje mange plassane eg finn slik ein "fred" som eg gjer der inne. Det å sitte på kaia og sjå ut over fjorden som ligg heilt stille. Det er rett og slett fantastisk. Ingenting anna betyr noko i slike augneblikk. Mange gonger er eg "lei meg" for at eg ikkje er der oftare. Eigentleg burde eg prioritere å få meg ein skikkeleg båt, ikkje berre det rakkelet av ein båt som vi har no. Hadde eg hatt ein større båt, kunne eg dratt inn der i løpet av andre årstider også. Akkurat det er eit sakn. Slik er det no berre...... Uansett, inn skal eg snart!

Då eg var unge, budde vi der inne om sommaren. Det var tider, det! Fiskinga på berget eller frå båten. Vi fekk alltid lov til å halde på med det på eigen hand. Vi lærte tidleg å ta ansvar for å vere forsiktig og passe på at ikkje noko skulle gå galt.
Som 10-åring var eg betre å sløye fisk enn det eg er no. (Eg er ganske dårleg på det no, for å seie det mildt).
Det aller gøyaste var ettermiddagane/kveldane då gøymsel var den obligatoriske aktiviteten. Han Walter stod medan vi borna gøymte oss. Det gjekk aldri an å lure han. Han var glimrande god til å forflytte seg lydlaust i terrenget. Han lista seg alltid heilt innpå oss og lå og lytta på alt vi kviskra til han ikkje lengre klarte å halde seg alvorleg. Det nytta ikkje uansett kor vi gøymde oss.
Det var kanskje nettopp denne evna ti å bevege seg lydlaust som gjorde at han elska elgjakt.
Det er gøy når ein har foreldre som er barnlege av seg. Heldigvis har eg vore heldig der. Difor har eg sjølv tenkt å vere likedan, bestandig.
Fjellturane med overnatting i telt. Dei er minneverdige dei også. Minnerike og lærerike!
Eg hugsar det som om det var igår......Turane innover fjorden med "Line-Beathe", båten til onkel. Vi brukte alltid den då vi skulle innover. Som femåring lærte pappa meg "Den siste mohikaner". Den song vi alltid på tur inn fjorden. Det er eit av dei beste minna eg har frå heile livet. Eg var fem då han lærte meg den og vi sang den framleis to dagar før han døydde. (Uffdå.....så kom det ei lita tåre på kinnet. Slikt skjer). Så no har eg lært den vidare til min son opg sagt at "han beste lærte mæ den da æ var unge". Kanskje den kan ende opp som ein generasjonssong:=)

Det er fint med minner. I alle høve syns eg det. Dei gode minna eg har frå fjorden er nok med på å gje meg den roen eg føler når eg er der inne. Tenk, eg har ikkje vore der inne sidan i haust! Eg kjenner det i magen. Det er ikkje anna alternativ enn å kome seg dit snarast.

Nei, det var vel sola og det fine vèret som var utgangspunktet........... men det var jo også det som fekk meg til å sjå på havet og draume meg vekk. :=) Livet gåt sin vante gang slik det skal og slik må det vel vere.
Som sagt er livet flott og i dette vèret betyr det at eg må klappe att denne lille maskinen eg har foran meg og hive meg rundt til eitt eller anna i sola. Det er "teit" å sose tida bort her foran skjermen no. Det kan eg gjere seinare.
Eg har nokre tema klar (som eg vil skrive om), men eg har bevisst venta med dei pga muntleg eksamen. Litteraturhistoria har mange interessante poeng, men i og med at eg skal ha elevar opp til eksamen, kan eg ikkje drøfte temaene her. Litt dumt å skrive om det oppgåvene omhandlar...:=) Det ville tatt seg fint ut.....

Jaja..Hasta luego.

I wanna know...

mandag 13. juni 2011

Måndag 13.juni.

Hmm......Det er visst gått nesten ei uke sidan eg sat på Gardermoen, og likevel har eg ikkje klart å få hovudet med inn her før no (og det utan at eg eigentleg har noko fornuftig å kome med). Jaja, her er eg, så får eg vel bli her ei stund då...

Trur du ikkje eg tok med meg det deilege vèret heim att til Noreg, avdeling nord. Snakk om god timing! Det er slett ikkje å forakte for ei som gladeleg brettar seg ut i sola og lar huden nyte dei "farlege" strålane som sola spyr ut. Det seies at vi alle treng sol på kroppen, så då tar eg dei gladeleg på ordet!! Thihii....
Likevel er det ikkje alltid så positivt med denne varmen. På dagtid til dømes. På eit lukka klasserom med sola rett mot seg, kan det fort bli varmt. Grueleg varmt. Då seier det seg sjølv at det er kjempelett å hente rette inspirasjonen til skulearbeid for både små og store!! Dei siste dagane før helga var i så måte litt for varm........ (men eg klagar ikkje).

Ellers er sola perfekt for lesing. Å sole seg er i same slengen ein unik sjanse til å få med seg siste nytt innan bokverda. Sjølv kjøpte eg boka Jo Nesbø kom ut med i forrige uke(?? eller noko sånt). Eit herleg utgangspunkt for ein topplaus verandakvardag for seg sjølv. Musikk i bakgrunnen, alle dei andre på stranda..........kunne eg klage, då? Nope! Livet var det eg vil kalle for herleg. Så eg tur eg kan bli godt vant med slike dagar. Men evig varar dei aldri.......

Attende til kvardagen er det flom og andre ulykksalige saker som opptar samfunnet og media. Lite teit av han der artigkaren som ikkje skjønna at alt vannet over vegbanen tyda på at her er det ikkje trygt å køyre. Kanskje han såg på det som sin einaste sjanse til å kome på riksdekkande tv. I så måte lukkast han.......:=) Nei, flom og flom og flom. Ein ting fattar eg ikkje. Sjølv om det ikkje er like gigatisk flom kvart år, så har det vore det tidlegare. Kvifor tar ein ikkje lærdom av det og demmar opp enkelte stader. Det er vel ikkje til å stikke under eit teppe at enkelte stader vil det vere vanskeleg å hindre flom, men ein må jo kunne forebygge der det går an?? Ja, det kostar mykje, men det kostar meir kvar gong det blir storflom. Det er sikkert berre teit det eg meiner, for ellers ville dei vel ha gjort det for lengst??! Sukk.... Flommen råkar ikkje meg direkte, så sånn sett må den berre fortsette i det uendelege. Likevel, eg tenkte eg kunne vere pittelitt solidarisk med dei som faktisk blir råka. No er den uansett på hell.......

Akkurat no er eg her berre på trass. Eg leitar og leitar og dei små grå sirkulerer for fullt oppi topplokket. Eg har eigentleg ingenting å skrive om. Mest har eg lyst til å fortsette på boka eg les. Det er gøy å lese når ein ikkje klarar å la vere å lese. Spenningsromanar er digg.
Det er varmt, eg har skrytt av sola, men det er ikkje digg om natta. Her under dyna er det alt for varmt. Det er bakdelen med varme dagar. Likevel, eg vil ikkje bytte dei bort med noko. Det er så mange glade mennesker rundt meg for tida. Eg er ikkje i tvil om at sola er ein medårsak til nettopp det:=)

Dei små grå har sovna og eg gjer meg hen til Harry Hole. (Hm.......... Det høyrtes mykje betre ut oppi hovudet mitt enn å sjå det på trykk). Hehe..... Så håper eg på ein fin dag i morgon. Vi ses!

Hasta luego:=)

Listen to me.....

tirsdag 7. juni 2011

Gardermoen!

Gardermoen, Noreg. We're back in buissness....... Etter å ha blitt avbroten av ein buss i morges, er eg på nett på ny. Einaste forskjellen er landet og vèret. Frå sol og varme til overskya og "kaldt". Jaja, det blir uansett godt å kome heim att (ein god del brunare enn då eg dro, ja!!).
Eigentleg skulle eg skildre korleis det var å sitje på hotellverandaen og nyte sola medan vi venta på bussen. Eg hadde jo tenkt å verkeleg nyte sola til siste sekund, men ein ivrig sjåfør dukka opp ein halv time før tida. Ikkje noko gale i det eigentleg. Då fekk vi jo betre tid på taxfree'en i Dubrovnik. Jepp......eg hadde planar der!

Det er tysdag og her sit eg med mange inntrykk av den siste uka. Eg har sett og lært mykje. Berre det å gå muren var ei oppleving eg blir å hugse lenge. Vi har besøkt fleire kyrkjer, synagoge, jødekvartal og krigsfotogalleriet. I tillegg har vi hatt ein fantastisk ekskursjon til tre store øyer lengre ut i havet utenfor Dubrovnik. Likevel, det er ikkje desse tinga eg har tenkt å skrive om no. På ein slik tur er også det sosiale viktig. Vi har brukt mykje tid på å kose oss i lag desse dagane. 16 born og 3 vaksne på tur til Balkan. Denne gongen vel eg å legge vekt på det "gøye" vi har opplevd.

Vi har hatt våres turar til Gamlebyen. Spesielt èin butikk blei nedrendt av ivrige kjøpsvikingar. T-skjortebutikken der ein sjølv kunne bestemme motivet, var ein suksess. Sjølv sørga eg for å få laga ei skjorte med teksten "I am not normal" og "I am too sexy for this t-shirt".
EIN ting eg aldri kjem til å gløyme, er turen vi tre vaksne heilt ufrivillig la ut på. Alt på grunn av ei heller dårleg forklaring av retning av ein av dei yngre i troppen. Etter ei halv mil og plutseleg ny by, skjønna vi at noko måtte vere galt, veeeeldig galt. No hadde eg greie sko på meg, men det var verre med ho andre knetta. Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte då eg blei klar over situasjonen. Eg har teke bilete, og under biletet skal det stå "Finn ein feil". Svaret? Feil by!!!!
Likevel, det var ikkje det verste. Vi var "pesse lei" av å gå (det var trass alt grueleg varmt), og såg ikkje heilt for oss å gå attende. Kva skulle vi eigentleg gjere?? Ingen bussjåførar gadd å stoppa då vi prøvde å stanse dei på tur forbi oss. Etterkvart kom vi til ein utestad kor vertinna var veldig grei og ringte ei drosje for oss. DÅ byrja herleheita!!! Herreminhattoghuttetu..........Alldri har eg opplevd verre. Då vi satte oss inn i den "flotte" Mercedesen og sa kor vi skulle, blei vi regelrett skjelt ut av den fjotten av ein taxisjåfør. Steike ta for ein fyr. Kven i svarten var vi som bestilte ei drosje for usle fem km?? Hadde vi ikkje fått føter for å bruke dei?? Her hadde han måtta køyrt fem km for å plukke oss opp og så skulle vi ikkje lengre. Idiotar var vi og vi måtte skjønne at han ikkje syns det er noko særleg å køyre drosje på denne tida av døgeret. (Trur ho var sånn sirka fem på ettermiddagen....)
Etter å ha kjefta heile vegen, spurte han kor vi kjem frå. Då vi sa Noreg, byrja han plutseleg med å unnskulde seg. Eg skal i alle høve aldri ta drosje der meir. (Vi var i Grus og hamna i ein by vi ikkje veit namnet på).

Dagen etterpå skulle vi overvære ei gudsteneste i ei gammel kyrkje. "Det e gudstjeneste kvær dag klokka tolv"..........Joda, der sat vi og ingen prest dukka opp. Jau skit.

Mitt på torget mata dei fuglane i byen på laurdag. Aldri har vel eg sett så mange fuglar på ein og same gong (om eg tar bort lundefuglane på Lovund). Eg trur minst ein fem-seks av dei sneia meg både i håret og på nesen. Dei ga seg no vel katta i meg som stod der.
Det beste var likevel då ein av elevane pluseleg var så heldig at eine fuglen dreit på han. Det var nettopp same eleven som lokka oss ut i bortvekkistan dagen før, så eg trur vi må ha gana han riktig så mykje etter den turen.

Badeområdet nedanfor hotellet blei flittig brukt. Mykje av den ledige tida gjekk til bading, soling og vannscooter. Rundt stranda var vi så heldig at det gjekk netting frå eine enden til den andre (trudde vi). Vi hadde også svaret på kvifor nettingen var der (under vann). Sjølvsagt var det av di det er mykje hai der!! Vi var sikker i vår sak. Sidan nettet var der, bada vi kjempetrygt. Fleire av oss valgte å svømme heilt ut til nettingen, berre for å oppdage at det slett ikkje var noko netting der. Det var berre tau med blåser for å hindre båter i å kome inn der. Stakkars den eine lille venen vår.......... Han fekk no litt panikk då han blei klar over det. "Shit! Då e vi jo ikkje beskytta mot hai, då!??!" Han la på svøm i full fart innover att. Vi flirte godt...... Han summa seg like etterpå og alt var greitt. Likevel, reaksjonen er verdt å hugse:=)

Sjølv blei eg sjekka opp av ein ungfole..... I går kveld sat eg og Sissel på verandaen då ein bil med tre ungfoler køyrde forbi. Like etterpå snudde dei og kom attende. Tja, det var jo fine tilbod dei kom med. Sjølv laug eg så eg trudde det sjølv. Eg var mangemillionær som berre var der for å prøve ut korleis dei med lite pengar levde. Diverre sikta eg litt høgare enn dei ungfolane der. Dei tok det heile med fatning og dei måtte finne seg ei anna og "herse" med. Vi fekk oss ein god latter, og det var ikkje ille å bli lagt merke til av yngre "gutar". Likevel.........slike ser eg ikkje på.

10-11 av borna har hatt sine adrenalinkick då dei køyrde vannscooter. Dei som eige scooterane tente nok gode pengar på ungdommen. Sjølv prøvde eg ikkje. Eg får ha det til gode.

På sundag var vi på ein herleg ekskursjon på havet. Vi besøkte tre øyer ute i havet og det var ei oppleving som var vel verdt pengane. Denne turen får eg kome inn på seinare. Det er visst berre litt over ein halv time til avgang. Det er på tide å oppsøke gaten vår så vi kjem oss nordover.
Null stress her:=)

Hasta luego!!!

Avreise!

Så sit vi her......I foajeen på hotellet og ute på verandaen. Klokka er elleve og vi venter på bussen som skal frakte oss ut til flyplassen. Selvfølgelig kommer bussen akkurat no når eg skriv. Typisk. Den skulle ikkje kome før halv tolv. Jaja.....Då får eg vente til Gardermoen før eg fortset i dag. Vi ses!! :=)

torsdag 2. juni 2011

Tre dager......

Så var eg her att:=) Tre dager er gått og vi har det heilt supert. Vi har vore knallheldige med vèret heile tida og vi blir alle fin og brun i sola. I dag var planen å besøke kyrkja St. Ignacio. Vi har gjort det, men etter å ha titta ut vindauget på morgonkvisten, sa det seg sjølv at stranda måtte avleggast ein tur først. Vi kom oss tidleg ned og fekk oss fleire timar i sola. Bading, soling, tennis, you name it. Om ikkje dette er bra for kropp og sjel, ja, då veit ikkje eg. Det er rett og slett deileg å vere her.

Kl.15 dro vi til Gamlebyen att for å besøke kyrkja. Det er heilt utroleg kva menneska laga for så lang tid attende i historia. Javisst har vi Nidarosdomen og andre fine kyrkjer, men hallo.......Ingenting kan vel måle seg med ei slik kyrkje som dei har her på Balkan. Det var lett å sjå kor dei ulike kyrkjelege "seremoniane" blei utført. Dei hadde eigne avdelingar for, fødsel, vanleg gudsteneste, gravferd osv...... Utsmykkinga var heilt rå! Heile taket framme var eit gedigent maleri. Elevane blei nesten gudelege då dei kom inn der. Dei blei nok imponerte over det dei såg.

Etter at kyrkja var besøkt, tok vi og vandra langs dei trange gatene under muren. Det er heilt utroleg at folk kan bu slik. Det er ikkje vi som hadde takla slike forhold. Klesvasken?? Den hang høgt oppe i lufta i områder som ikkje dufta så altfor godt. I tillegg var det litt "heavy" å sjå ein halshuggings-gapestokk "for real". Ingen av oss turte ta hovudet inn i den for å få eit bra bilete!!
Denne gåturen endte opp i akvariumet i Gamlebyen. Fleire hadde gleda seg til å sjå dei spesielle havartane dei har her, og dei blei ikkje skuffa. Nokre av "dyra" valgte også å vise seg litt fram. Riktig nokre entertainere:=)
Turen blei avslutta med besøk i butikkane. Trur mange får svidd litt pengar, ja! (Akkurat som det skal vere).

Bussturane våre mellom hotellet og Gamlebyen er jo då eit kapittel for seg sjølv. Eg trur rett og slett at det ikkje finnes noko form for reglar her..... Eg veit dei har reglar, men dei blir ikkje etterfulgt nokon som helst stad når det kjem til trafikken.
Vel, det var bussturane eg starta med...... Det må nemnast at å ta buss ikkje er det mest komfortable ein kan gjere her. Bussane blir rett og slett overfylte. Det blir aldri fullt. Om det står folk langs heile midtgangen, ja, då tar sjåføren likevel opp fleire passasjerar. Det beste var då fleire av elevane blei pressa inn mellom setane for å få plass. Mange sat i fanget til kvarandre og føter dovna bort.
Billettane er veldig billig, så det er sikkert ingen som gidder å gå her. 10 kr for ein bussbillett er langt frå mykje. Vi har alle vore letta då vi har gått av bussen. (Men vi klagar ikkje...).

I morgon skal vi inn til Gruz. Det gler vi oss alle til. I morgon skal det vere den store "shoppingdagen". Om vèret blir som i dag, blir det først stranda og så butikkar. Det blir knall!!!!!
Jødekvartalet skal få seg eit besøk på laurdag. Det blir sikkert spesielt. Same dag vil bli avslutta med fotballkamp på storskjerm. Vi har allereie avtala det med sjefen for ein utestad her. Heldigvis spiller Kroatia kvelden før. Ellers trur eg vi ville fått problemar med å finne nokon som vil vise oss kampen. Vi gler oss:=)

No er det kveld og leggetid på ny. Dei fleste er slitne etter ein lang dag i sola. Det er ikkje akkurat kvardagskost for oss.
Sjølv skal eg legge meg ned og lese i krimboka mi før eg avsluttar kvelden med litt musikk i øyret. Det blir nok litt musikk eg kan drøyme meg bort i:=)

Ellers har eg rukke å skrive brev, så det blei sendt i dag. Tvilar på at det når fram før vi er heime, men det er jo lov til å håpe. Eg likar jo å skrive brev, så eg håpar jo då at det er gøy å få brev også, sjølv om det berre er frå meg:=)

Nei, no ser dei der "skumle" securitasmenna litt mykje på meg. Kanskje dei meiner eg burde slutte av og forlate foajeen? Ikkje veit eg, men eg trur eg vel å gjere det. Klokka er uansett halv tolv, så det ikkje akkurat tidleg. Eg ser fram til i morgon og håpar på ein ny, fin dag i lag med dei kjekke elevane. Så "høyres" vi kanskje i morgon kveld? Om tida gjer rom for det, dukkar eg nok opp her og mimrar litt frå "shoppingdagen" og Gruz. Så då attstår det berre å seie hasta luego!

I felt it when the sun came up this morning:=)

Torsdag 2.juni:=)

Vi har det heilt herleg!!!