mandag 5. mai 2014

Då eg bada her om dagen, var det ein liten kar som også hadde lyst til å bli utfordra. Eg sa at det ikkje kjem på tale og at det skal han berre slå ifrå seg. SÅ kom utfordringa! Eg har jo ein bror, og han sneik seg til å utfordre gutungen. Her i huset nektar vi å tape ein kamp mot han, så då var eg jo nøydd til å la han få bade. 19.30 var klokka då vi køyrde ned til fjæra. Bada  gjorde han, og ein ting skal han ha. Som søstra sa……Han var roleg kul! Ikkje eit lite knyst eingong. Berre gjekk rett uti og like roleg inn att då han var ferdig.
Under her er filmen hans.


Eg trur han må vere i slekt med mora når det kjem til utfordringar!! :)

Northug, Northug, Northug…….. Har eg forstått enkelte rett i dag, er det stort sett temaet Northug som har blitt via plass i den store mediaverda i dag. Nett det viser kor lite oppegåande dagens mediesamfunn eigentleg er. 
Northug er ein mann på lik linje med andre menn. Joda, han er skistjerne og skal gå foran som eit godt eksempel. Greit nok det, men det betyr ikkje at ein treng å gjere saka til den siste ukas store "happening". 

Det Northug har gjort, er forkasteleg og kan ikkje forsvarast på noko som helst måte. Likevel, han er berre ein vanleg verdsborgar som gjer feil som så mange andre gjer. Han er ikkje den første og kjem heller ikkje til å bli den siste. 
Alle skal ha meinigar om det han gjorde og det blir hausa frykteleg mykje opp. 
Sjølv seier han at han angrar og at han syns det heile er forferdeleg tragisk. Han fattar ikkje sjølv at han kan ha gjort noko slikt. 
Kva gjer enkelte andre då? Jo, dei brukar nett det imot han. "Skal vi liksom synes synd på han bare fordi han angrer?" Spør du meg, er det ei tåpeleg setning. Det handlar ikkje om å synes synd i han. Skal han liksom ikkje ha lov til å meine noko sjølv, berre av di han er kjendis? Ein kjendis har vel lov til å angre på noko galt han har gjort?! Han er lei seg, og det er fint at han beklagar. 
Viss nokon trur at han slepp lettare unna av di han beklagar det han har gjort, er det passe teit. Lova er lik for han som for andre. Han må ta sin straff, han også. Så dei som trur han skal få slippe unna på grunn av den han er, dei må berre gjere det. Det fortel meir om dei enn om han. 

Vi hausar han opp som stjerne når han er god, og no gjer vi det same, berre motsatt. Vi "hausar" han ned i dritten. 
Eg er einig med han som skreiv at det er mange som ikkje angjer vener eller familemedlemmar om dei ser at dei sit seg inn bak rattet etter å ha tatt seg nokre pils. Dei er like ille som Northug (på ein måte). Det er fleire ulykker som kunne ha vore avverga pga slikt. 

Northug har gjort noko ille, men la no mannen få fred. EG vil ha fred. Det fins grenser for kor ofte eg gidd høyre eller lese kva han har gjort. Eg tippar det er fleire med meg som er det. 
Om eg køyrer i fylla og krasjer……..blir det bygdesladder og litt skriverier i Fremover dagen derpå. (Dog utan namngjeving.) Så er saka blitt så gamal at den ikkje er snakkeverdig etterpå. 
Det set eigentleg det heile i perspektiv. Ulikskapen mellom "oss" og dei som er kjendisar. (Er det rart at eg er glad eg ikkje er kjendis?)
Noreg er full av drittsekkar…… Mange av dei viser seg fram når saker som dette oppstår. 
Eg håper eg slepp å lese om saka i avisene eller sjå den meir på tv i morgon. La no heile saka vere ferdig debbatert no. La systemet ordne opp i resten. 

No kjem sola!! Om du ikkje stoler på yr eller storm, så kan denne knetta fortelle at det blir strålande vèr   dei neste dagane. Akkurat det er til å stole på, for eg kjenner det på heile meg. Så det betyr at vi har nokre flotte dagar vi går i møte, og det er slett ikkje for tidleg. Kjem det meir snø no, trur eg nesten eg får spunk i hovudnerva. 

No skal eg straks tilte meg i seng. Eg skal til nabobygda i morgon tidleg, for vi har "besøk" frå Israel der. Det har vore skulebenk på meg i dag, og i morgon blir det nok det same. Greit å vere ekstra opplagt då. :=) 
Så ha ei god natt og sov godt!! :=)

Hasta luego! 

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar