tirsdag 23. mars 2010

Kvifor kom den store fedrelandskrigen?

Det er fleire grunnar til at 2.verdskrig starta. Mellomkrigstida dreide seg i det store og heile om ein maktkamp. Hovedårsaka var vel aller helst det hatet som bygde seg opp i den tyske befolkningen etter første verdskrig. Alle veit vi jo at det var Tyskland som fekk heile skulda for krigen.


Då fredsavtalen blei underskriven i Versailles, måtte Tyskland godta ein heil del. Ikkje berre fekk dei skulda for krigen, dei fekk også fleire krav retta mot seg. Blant dei var krava om å gje frå seg koloniane sine, krigsflåta si og fekk berre ha eit minimalistisk militært forsvar. Det var dette som ga grunnlag for at det seinare samme år blei danna eit nazistisk parti i Tyskland og eit fascistisk parti i Italia.

Ein ideologi er ein idè om korleis eit samfunn bør styrast. I mellomkrigstida, og ellers tidlegare på 1900-talet, var det ganske mange ideologiar ute og gjekk. Fleire av dei var ganske langt frå kvarandre! Kva ideologi som var den beste veit eg ikkje heilt, men eg veit eg er glad for at vi i dag lever i eit demokratisk land. Etter 2.v.kr. er det fleire og fleire land som har skjønna akkurat det.......

Før den 1.verdskrigen var Europa kjent som verdas sentrum. Det var berre det at gjennom krigen hadde mange europeiske land lidd store tap på mange områder. Det gjorde at USA blei den som seila opp og skulle berge verda.

Dei hadde vore ein del av krigen på slutten, men dei hadde ikkje hatt krig på eiga jord. Defor fekk dei eit økonomisk oppsving då Europa sleit. Resultatet blei at dei lånte penger til Europa.

Krigsskadeerstatninga som Tyskland blei satt til å betale, sleit sterkt på landet. Staten såg seg nøydde til å trykke opp masse pengesedler. Vi veit godt i dag at det ikkje er det smartaste ein gjer. Det er klart at det måtte føre til ein enorm inflasjon for dei. Den tyske økonomien kom heilt ut av kontroll! Det var nettopp det NSDAP og Hitler trengte. Det var det som det nazistiske partiet trengte for å bane sin vei framover. Folket var fortvila og som den flinke agitatoren Hitler var, er det klart han såg sitt snitt til å utnytte akkurat det.


Det tyske folket, som følte seg dolka i ryggen av både regjeringa, som skreiv under på fredsavtalen, jødane, kapitalistane og kommunistane hadde liten forståelse for det som skjedde og hatet som bygde seg opp var lett å utnytte.

Grunnen til at nettopp jødane blei sett på som motstandarar, var at dei meinte at det var jødane som stod bak den internasjoale kapitalismen. I ly av dette oppretta Hitler ei gruppe, SA, som ved bruk av vold og terror skulle skremme alt av motstandarar.

Akkurat der og då var det nok ikkje det luraste han gjorde av di han hamna i fengsel for det. Eller, ikkje berre for det. Det skal jo og seiast at han prøvde å gjere eit lite vellukka kupp.....


Han utnytta tida godt i fengselet, og i løpet av perioden han satt inne hadde han laga grovutkastet til boka vi godt kjenner som "Mein Kampf".

Trur eg var 15-16 år då eg leste nettopp den boka, på engelsk. På den tida skjønna eg nok ikkje mykje av tankane som kom fram i boka, så skal eg ha noko utbytte av ho må eg nok lese ho på nytt i vaksen alder. MEN, eg hugser ein ting som stod. Ganske tidleg i boka står det at bestefaren hans var jøde........ Ganske utroleg at ein mann kan skape så mykje "uro" mot eit folkeslag han sjølv er etterkommar av. Ikkje veit eg om det tyske folket den gong visste om hans aner attende til jødane.


Då børskrakket kom i NewYork og vi fikk ei verdskrise der mange blei blant anna fri for arbeid, sørga Hitler for å bruke fiendebilete for å forklare inflasjon, arbeidsløyse og framtidige farer. Naiv som mange tyskarar var , gjekk dei rett i fella hans. Han var så flink til å snakke for seg og fekk fleire og fleire tilhengjarar.


Den nasjonalistiske politikken nazistane dreiv, der dei la vekt på Tysklands ærerike historie, skapte etterkvart ungdomsorganisasjonar. Ungdommen var vel like lett påvirkelege den gong på samme måte som dei er det i dag...... Ungdommar heilt ned i 14-års alderen var stolte av å følgje "Der Fuhrer".


Med den store oppslutninga Hitler fekk, var det i utgangspunktet lett for han å få posten som rikskansler, eller det vi i dag kaller statsminister. Han fjerna alle politiske motstandarar og innførte eit diktatur.

Hitler hadde ingen skrupler med å fjerne motstandarar. Hadde han den minste mistanke om at det var nokon som var mot han, kvitta han seg med dei på grufulle måtar. Han visste blant anna at der var leiarar innanfor gruppa han sjølv var med og fekk oppretta, SA, som ikkje var heilt til å stole på. I og med han frykta kuppforsøk frå det haldet, tok han likesågodt og sørga for at dei blei drepne eller sendt i konsentrasjonsleirer.


Ein kan stille seg spørmålet om kvifor ingen skjønte kva Hitler dreiv med. Var verkeleg ALLE så naive og trudde på det han sa?? Kvifor var det ingen som stoppa han?

Det er ikkje enkelt å gje eit eintydig svar på desse spørsmåla. Det einaste som er sikkert er at han fekk til slutt for mykje makt. Kva anna person har hatt sjansen til å gjere det samme som han?

Nazisme er ei spesialform for fascisme. Derfor var det litt naturleg å hjelpe Franco under borgarkrigen i Spania. Hitler sendte avgarde fleire fly for å støtte Franco, berre av den enkle grunn at han då fekk testa ut nokre av dei nye våpna han hadde. At det var snakk om å ta livet til store folkemengder vørte han ikkje i det heile. Det var tyske fly som i si tid sørga for å jevne Guernica med jorda. Rett og slett eit barbarisk angrep!

Hitler stod sjølvsagt ikkje bak alle handlingane åleine. Han hadde fleire med seg, men det var til sjuande og sist han som hadde ansvaret. Ein av dei han hadde mest tiltro til var Joseph Goebbels. Han var den som Han var den som verkeleg gjorde livet surt for jødane. Kunsten deira blei bannlyst, ingen fekk handle med dei, dei blei trakasserte på det grovaste, mista husa og andre bygninger som var i deira religion og sist men ikkje minst blei dei drepne eller sendt i konsentrasjonsleirar.

Hitler og hans folk hadde eitt mål med alle sine handlingar. Dei skulle gjenskape Tyskland som stormakt, og dei skulle sørge for at folket som budde i landet skulle vere reinrasa. Dei klarte det nesten........

Alle trudde dei at då avtalen i 1938 om at Tyskland skulle få Sudetenland i Tsjekkoslovakia kom, så skulle ting roe seg og at det skulle bli fred.
I dag veit vi ein ting.......Dei kunne ikkje tatt meir feil!!

No tar eg påskeferie:=) Må det bli ei kjempefin påske for alle saman!!! Eg skal på hytta i måro og vere der åleine i eit par dagar før alle saman entrar ei påskeklar hytte. Tar gjerne imot besøk:=)
Det er laurdag, det er helg. Ha ein fortreffeleg kveld:=) <3

søndag 21. mars 2010

Litt stolt i dag:=)

I fleire dagar har eg gleda meg til i dag. Eg håpa på godt vèr og godt skiføre, for då skulle eg prøve å karre femåringen min opp til skihytta på ski. Den andre karen og for så vidt. Veit ikkje kven eg var mest spent på......
Det er riktignok ikkje sol i dag og innimellom har det snødd, men temperaturen har vore fin heile dagen.

Det viste seg at det ikkje var noko å vere spent på. Begge to klarte dei godt å kome seg opp. Minstemann gjekk foran og styrte tempoet og vi brukte ca 50 minutter opp til hytta. Det syns eg eigentleg er ei god tid med tanke på alder i begge ender....Hehe....:=)

Då vi kom opp var Steffen ganske sliten, og då smakte det godt med drikke og sjokolade. Ekstra gøy var det at det satt eindel folk inne på hytta. Ei koseleg stund blei det!!!

Enkelte var litt sprekare enn oss og tok turen lenger opp i naturen. Det får bli vårt neste mål.


Det gøyaste med ein slik tur er sjølvsagt returen. Ein slik tur fører jo då til ein laaaaang nedoverbakke. Ei utfordring det og, berre av det kjekke slaget! Det blei no eindel fliring, ja. Eg skal i alle høve ikkje klage på motet til gutane der dei sette utfor bakken. Jaja....vi kom oss no heil ned att.

Då vi kom ned til bilen, var det plutseleg ein som fann ut at om vi gjekk på ski heim så ville han få fleire nedoverbakkar. Det var ikkje akkurat det eg så for meg at eg ville då eg kom ned, men det blei no eingong slik. Så eg kjenner det godt i føtene no:=)

lørdag 20. mars 2010

Laurdag:=)

Så heng kvelden over oss att.... Det er laurdag og dagen har vore innhaldsrik:=) Det einaste som er sikkert er ar byturer aldri er bra for lommeboka!! Say no more....

Hadde eigentleg store planar for morgontimane i dag, men som vanleg slo det veldig feil til. Eg har vel kanskje eit problem med å skjønne at slike ting aldri slår til. Ei god og varm dyne i halvslumringa vil aldri bli bytta ut med noko anna. Det er berre å sjå det i augene.
For å seie det enkelt....Klokka var akkurat litt meir enn stress då eg fauk ut døra for å nå konserten vi skulle spele på i Narvik. Sjølvsagt rakk eg det!! (Med heile fem minutter) :=)

I fjor var det fleire så klaga på at det var for lite bruk av rallarhattar blant innbyggjarane i byen og dei som jobba på sentra.
I dag var det ein som utbraut "Herregud kor sjølvopptatt desse Narvikingane er som kjem spradande med desse rallarhattane"........ Kva ventar han eigentleg?? Det er vinterfestuke og rallarhatten er ein del av den! I fjor for lite, i år for mykje.....Kva er akkurat passe då?? Eg syns det er gøy å sjå kor "alle" stiller opp for å setje sitt preg på uka.
Akkurat no er det nok fleire Kjøpsvikfolk som har på seg nettopp rallarklede. Det er fest på lokalet til Jernbanemusikken. Vi er godt representert der, berre ikkje eg...... Fann det likast å køyre heim att. Vel å merke ikkje før kortet blei bra svidd. Det er gøy, det!!

I år har eg nok ikkje vore den ivrigaste Farmen-tilskodaren. Eg, som dei fleste andre, får likevel med meg litt av det som skjer........ (Skal innrømme at eg med kvert ser det på laurdagar...Då får ein vel med seg det meste??). Nytt av året er at dei må ha vore ganske langt ute på gjordet då dei valde ut deltakarane. Aldri før har vel så mange trekt seg, og det i løpet av berre tre uker! Kva venta dei seg eigentleg då dei meldte seg på? Eg går sterkt ut frå at dei har fulgt med på Farmen tidlegare. Nei.....

Det er berre å innsjå at det å vere pr-kåt har sine baksider. Å utlevere seg på ein slik måte..... Jaja, det er dei sjølve som må stå for det!
Det er sikkert vanskeleg å vere der inne, men eg syns ikkje akkurat det tok så veldig lang tid før fleire blei satt ut psykisk. Det er ikkje måte på kor lite enkelte tåler.
Er det nokon som tåler det meste, er det nok til at andre blir irritert over nettopp det! Folk er rare...... Men det er vel då eg skal seie "Takk for det!!". Eg er rar eg og:=)

Snart er det påske og snart kommer Påskeharen! Det er ein liten kar som er oppsatt på akkurat det. Veit ikkje heilt kva tid eg skal seie at det er eit oppdikta dyr!?!? Vil han oppdage det på eigenhand, eller vil han bli ledd av hos andre born for at han ikkje har skjønt det.... Kanskje han då blir sur på meg for å ha lura han. Hehe.... Han har enno ikkje gjennomskua sjørøveren og heksa på Sankthansaftenen. Skjønnt der "ser" han jo dei begge, om enn på litt avstand. Heksa var vel den som turde å kome nærast forrige gong før ho tok turen attende til Blokksberg.
Tradisjonen tru kjem ho vel med brev i påska....... Folk må tru vi er galen når han prater om at han har sett heksa, men han lyg faktisk ikkje når han seier det. Kven det er som er Hekselurva held vi for oss sjølv, men ho bur ikkje langt unna:=)

Uansett...... Påskeharen må vel kome i år og som alle andre påsker. I tillegg så må han som før ha noko med seg. Eg har funne ut at påskeharer jobbar best om kvelden medan born søv. Så no har eg nettopp vore Påskeharen, og om eg skal seie det sjølv så syns eg at eg har vore kreativ i år. Eg er stygt redd at Påskeharen har vore litt for snill, så eg får håpe at ikkje all enegien i innholdet gjer seg gjeldande i utfoldandes born i større grad enn vanleg!! Time will show......

Det som eigntleg er det mest spanande med påska er kven som går av med sigeren i den årlege akekonkurransen blant dei vaksne!! Forrige gong møttes Åshild og eg i den store gullfinalen. Utan å skulde på alderen så hugsar eg rett og slett ikkje kven det var som vann, men eg held eit kort på meg sjølv.
Mannfolka juksar berre så mykje, så kven som er den rette vinnar der er alltid vanskeleg å fastslå!
Borna går skirenn og overlet den barnlige delen til oss vaksne. Det er skøy, det!!!!!!

I fjor var det nesten ikkje snø i Herøyvika, så då måtte vi trå til med ei alternativ løysing. Orientering i skogen, familie mot familie......... Spørsmål i både lette og utfordrande sjangrar. Familien Setså gjekk av med sigeren! Eitt poeng foran Snekkarbua. Eg laga oppgåvene, så eg fekk gleda av å vere dommar.
Sjølv om slike konkurransar er gøy syns eg definitivt det er gøyast med akekonkurranse. Då slår konkurranseinstinktet til. Eg er stygt redd for at eg er ein litt dårleg tapar.......Hmm. Kanskje derfor eg gjer alt eg kan for å vinne.....

Påska skal berre kome. Eg har handla inn mykje gult, sjølv om det er lilla og kvit som eigentleg er påskas farger. Koselig blir det uansett!! :=)

Vær så snill skjenk meg full og forfør meg.......

fredag 19. mars 2010

When I need you.....

When I need you, I just close my eyes and I'm with you. And all that I so want to give you...is only a heartbeat away.

I love my car!!!!!

I går kveld fekk eg bilen min (ehhh...vår) attende. No kjem det ikkje lenger eksos sivande inn i bilen. Medan bilen var på verkstad, lånte vi ein flunkande ny Mazda. Det var ein som blei veldig ihuga etter å få seg ny bil, mildt sagt!!!! Det var ikkje måte på kva argumenter som dukka opp i løpet av tida vi lånte nybilen...... I dag kan eg trygt seie at eg er glad eg var så standhaftig og sa tvert nei!
Etter all overtalinga var det ein som måtte bøye seg i støvet og "krype til korset" for å seie at bilen vi har frå før har mykje betre køyrekomfort. Han "oppdaga" ikkje det før han skulle køyre heim frå Narvik. Eg seier berre heldigvis. Det var berre rett og slett deilig å køyre bil idag!! :=)

onsdag 17. mars 2010

Onsdag 17.mars 2010

Det er onsdag og kveld..... I bakgrunnen høyrer eg tv'n som viser fotballkamp mellom Barcelona og Stuttgard. .....OG der scora jaggumeg Messi! Ikkje vanskeleg å få med seg at det blir mål. Det er berre å følgje jubelen til ein ivrig sjåar:=) Uansett, eg følte ikkje akkurat kallet etter å setje meg ned for å sjå på fotball ikveld.

Dei siste dagane har det virra ein god del tema, som eg kan tenke meg å skrive om, rundt i hovudet mitt. Litt typisk då at når eg først set meg ned for å skrive, så er det rett og slett ganske blankt der oppe......

Denne uka er ganske langt unna det å kunne klasifiserast som ei roleg uke. Det treng sjølvsagt ikkje vere å negativt det og er det heller ikkje. Likevel ville det av og til vore deilig om vi kunne putte inn eit par ekstra timar i døgeret. Berre sånn av og til.....

Sonen min har utvikla seg til å bli ein ihuga skigåar. Han har rett og slett funne ut at det er skøy å stå på ski! Eg ser det då på som mi plikt å følgje opp på det området. Det er jo berre bra med sunne interesser. Difor var det naturleg å bruke mandags ettermiddag nettopp i skiløypa. Då eg hadde ei ferge eg skulle rekke i sekstida, var det berre å gløyme at middagen skulle få sige noko særleg. Kanskje like greit...... Uansett, det blei seine kvelden før svevnen greip inn.

Så kom den beste dagen av denne uka. Trur eg trygt kan seie det sjølv om berre halve uka er gått.
Tysdag! Det var gode vèrmeldinger i forkant, så eg gledde meg til skolens årlege skitur til "fjells". Eg vakna forholdsvis tidleg. Det er jo godt å ha god tid om morgonen. Heilt stille i huset. Ingen forstyrrande lydar, og Steffen låg og sov.

Vi skulle møte ved vannverket klokka ni. Allereie der skjønna eg at det kom til å bli ein kjempefin dag. Stemningen blant elevane var veldig god, og alle var raske med å karre seg oppover i løypa. Mange hadde ski, men det var og mange som gjekk til fots, anten med eit akebrett eller slalomski over skuldra. Det er jo eit stykke å gå og bere på både slalomski og skor berre for å få stå på ski på nedoverturen......., men det betyr vel aller helst at dei syns det er veldig skøy med slalomski.

Som vanleg venta eg til alle elevane var foran meg før eg og eit par kollegaer starta oppturen. Det er viktig med ein vaksen bakerst.... Det er aldri godt å seie kva som kan skje på ein slik dag når så mange er med.
Vel oppe på skihytta benkra elevane og dei vaksne seg både ute og inne på hytta. Hytta var allereie varma opp då vi kom. Dei som ikkje valgte å fortsette turen opp til vannet eller Eide (?), heiv seg rundt og laga eit brukbart hopp (med tanke på størrelse). Der holdt dei det gåande i bakken mesteparten av dagen. Det var utroleg gøy å sjå kor dei kosa seg. Mykje fliring blei det og!!! Det var vel dei færraste som satte utfor utan at det på ein eller annan måte blei komisk. Eg trur kanskje eg skal vere glad for at ikkje kollegaen min tok utfordringa som gjekk ut på å hoppe med ski på beina. Hvis eg skulle fulgt det opp.........Ja, eg seier ikkje meir.

Sjølv om sola som dei lova oss ikkje var så mykje tilstades, var det fin temperatur. Forholda var rett og slett kjempefine. Dagen kunne vel ikkje ha vore så mykje betre........
Det var blide ungar som stod og venta på klarsignal til å starte på nedfarten. DET var litt av eit syn!! Over 70 born nedover samme bakke, samtidig.... Det seier seg sjølv:=) Utroleg nok gjekk det heile godt (akkurat som alle andre gonger). Å tru at alle skulle kome seg ned utan knall og fall er vel det same som å tru på nissen. (Håper ingen blir lei seg av å lese at hans ikkje fins):=) Som sagt: Litt av eit syn!! (Og eg såg berre starten.....).

Typisk som det brukar å vere, så dukka sola opp idet skoledagen var over. Ikkje snakk om å renne ned då. Vi var fire stykk som benkra oss i hytteveggen og sørga for å nyte sola lengst mogleg. (Ein av dei dagane då døgeret kunne blitt sponsa med ein ekstra time).
Vi måtte uansett ned. Nokon til arbeid på sfo, andre til middagslaging og badekar!!
Tru meg når eg seier det: Nedturen var enormt skøy!! Hehe..... Utroleg nok så datt eg ikkje ein einaste gong! Takk for det seier eg berre...... Men slik var det ikkje med alle fire. Det er no berre så enkelt som at eg ikkje er skapt for å la vere å le av andre når det ser ut som dei er med i ein komedie. Å flire og renne på ski samtidig er slett ingen god kombinasjon, men det var vanskeleg å la vere. Når ein kollega ligger med hovudet i snøskavelen.......ja, kva gjer ein då??? Hos meg er svaret enkelt!! Hehe...... Det er godt ingen filma oss der vi kom nedover "fjellsida". (Kan ein kalle det for det??). Eg var i alle høve glad og lukkeleg då eg var komen heilberga ned. Så får det vel gå nokre få dagar før ein prøver seg på nytt. Tenker eg seier sundag. :=)

Kvelden var avsett til øving med gutta. Ei fin avslutting på eit døger som byrja så bra som det gjorde. Skjønt tida gjekk så altfor fort....

Ski i løypa på mandag, skitur med skolen på tysdag og så kom dagen i dag. Dette er nok den store trimuka!! I dag har det vore arrangert "Dammen rundt", og som vanleg stilla vi opp med ski på beina og fekk trimma litt. Etterpå dro eg til skolen og bassenget. Det svømte eg 1000m før eg sliten (!!) tusla meg heim....... Og her sit eg, heldigvis ikkje for sliten til å skrive:=)

I morgon er det generalprøve med NPC før vi skal til "byen" på laurdag for å spele. Akkurat no angrar eg på at eg ikkje har vore flinkare til å øve heime... Eg håper det kjem litt folk og høyrer på oss når vi skal spele. Det blir liksom litt gøyare då.

Vi går ei fin tid i møte! Snart er det påske og ferie. Så kjem våren (forhåpentlegvis) fort. Lysare tider merkes på humøret til mange. Sikkert mitt og:=)

Don't ever change that smile you're smiling now........

lørdag 6. mars 2010

Så lite som skal til.....

I dag skulle eg gå på ski ved Dammen med Steffen og tanteborna mine. Då vi kom fram, viste det seg at det skulle vere skyttarstemne i helga og at det ikkje var mogleg å gå på ski i løypene der i området. (Vi enda opp på Kobbvikhøgda til slutt...) :=)

Titt og ofte brukar eg å møte på ein mann i slutten av 80-åra. Då brukar vi alltid å stoppe og slå av ein prat. Eg syns eigentleg at desse samtalane er ganske koselege. I tillegg brukar han å fortelje eindel historier frå bygda. Så dei siste åra har eg lært eindel om Kjøpsvik og "gammeldagan".
Det er ei stund sidan eg såg han sist......men i dag då eg kom opp til Dammen, var også han der. Tøff er han, for han hadde tenkt å stå rett ned heile bakken på sparken. Ikkje dårleg det til å nærme seg 90 år!!
Uansett..... Det var kjempekoseleg å treffe på han. Då eg fòr derifrå kjende eg meg riktig så glad. Det viste seg at det ikkje berre er eg som set pris på samtalane. Faktisk hadde han sakna å prate med meg:=) Han sa at det var lenge sidan han hadde sett meg og at han hadde lurt på om eg hadde flytta på meg. Det at han har lurt på det, gjer at eg veit at han set pris på at eg stopper opp og lytter til det han har å seie.
Han blei veldig glad og det smitta fort over på meg! Han ga klart uttrykk for at det var fint å sjå meg att.

I bilen ned frå Dammen tenkte eg på kor lite som eigentleg skal til for å glede eit anna menneske. Det å ha tid til å stoppe opp og vise at ein bryr seg betyr ofte mykje. Ein ting er sikkert....eg skal fortsette med det!!

I dagens samfunn stresser vi altfor mykje. Det er mykje vi ikkje tar oss tid til. Det å vise eit anna menneske at vi bryr oss er kanskje noko av det viktigaste vi kan gjere.
No veit eg at akkurat denne mannen har familie her og har besøk frå dei kvar dag, men langt frå alle har det. Det er nok mange eldre som har liten kontakt med "omverda". Det er nok mange som sit på ein ellen annan sjukeheim eller åleine i ein heim og ønsker å ha nokon å lausprate med innimellom. Eg trur ikkje det kjem til å bli noko betre i framtida. Det er nok berre slik samfunnet utviklar seg til å bli.
Eg håper det er nokon som tar seg tid til å snakke med meg når eg blir eldre.

Ein skal ha respekt for dei eldre. Det er dei som i utganspunktet har sørga for at vi som lev i dag har det såpass bra som vi har det. Det må vi ikkje gløyme! (Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett..... Nasjonalsongen vår).

Eg håper eg kan vere ein av dei som betyr "det lille" ekstra!

tirsdag 2. mars 2010

Tysdag 2.feb.

Det var hardt og brutalt å byrje med å stå opp tidleg att. Etter å ha snudd døgeret nokre dagar meir enn normalt, var det ikkje berre berre å stå opp i går morges. I dag var det hakket lettare, men likevel "tungt". Misforstå ikkje.....det har vore to flotte dagar!! Det har berre vore nokre trøytte auger som desse dagane syns det var ille å opne seg.

I går ettermiddag var eg i skiløypene ved "Dammen" og stod på ski i lag med minstemann:=) Det var veldig "gøy", men løypene var ikkje noko særleg å skryte av. Det vil vel kanskje vere rettare å seie at det faktisk ikkje var løyper i det heile..... Jaja, vi karra oss i alle høve rundt i løypa. I morgon (onsdag) er det tid for skirenn. (Ikkje det at eg har tenkt å delta sjølv. Trur eg overlet det til andre)... Det er i alle fall ein som gler seg!!

Dagen i dag har eigentleg vore ganske så bra. Eg var vel heime frå arbeid rundt fire og heldig som eg var (bruker å vere det på tysdagar) kom eg heim til ferdig middag. Det var rett og slett deilig, sjølv om det var Steffen som hadde bestemt kva vi skulle ete. (Det er berre to forslag som florerer oppi hovudet hans..... så med mindre eg har veldig lyst på hans favoritter unngår eg å spørre han om forslag til middag. Hehe...... ).

Uansett......"Dagens" høgdepunkt har utvilsomt vore øvinga i kveld. Det er alltid gøy å øve!! Akkurat no sitter eg her og nynner på "I could easily fall in love with you...". Det er mange fine songar der ute i den vide verden. Berre så synd at ein sannsynlegvis aldri vil vere i nærleiken av å høyre dei fleste. Tenk på alle songane ein går "glipp" av....

Nei, på tide å ta kveld. Det er vel ikkje så sunt å sitte her foran dataen på denne tida av døgeret. Eg får heller sjå til å få nok timar til skjønnhetssvevnen min:=) Det kjem fleire dagar etter denne!
Ha ei god natt!! :=)

Hasta luego!