lørdag 4. februar 2012

Laurdag 4.februar 2012!!!

 Endeleg har eg forstått kvifor eg gjekk hen og forelska meg og innleia eit hemmeleg forhold til Harry Hole i vår/sommar!! Mannen, som i utgongspunktet er ein drukkenbolt og har nedlagt eit hav av kvinnfolk, har endeleg fått eit andlet, Eg har sett det.......... Han er tynn, mager og veldig usunn! Augene, som ein som regel legg først merke til hos eit menneske, er blodskutte og litt blasse. (Dåke ser vel logikken i at ein fell for det???? Hahahahaha........)
Likevel......Han har verkeleg mange mandige trekk som appelerer til kvinnfolk. Ingen tvil om det. Korleis har han elles klart å lure ei indremisjonsberte og leiar for AA osv til sengs? Mannen har utan tvil karisma!!
"Eit sjokkerende magert rovdyr" står det i avisa........ Jaja, så er no eg litt rar då, så det forklarer vel litt av kluet:=) Eg har uansett slått om med han for lenge sidan. Det fans ein som var så mykje betre!!!!

KK kom i posten i dag. Eg venta det eigentleg i går, men det kom no først i dag. No har eg bladd idet. Hyggeleg lesing?? Tja, joda, forsåvidt........Om ein liker "Ta selvbilde-testen", "Hva har livet lært deg om kjærligheten?" og "Hvorfor sliter samlivet?" Forsåvidt sikkert heilt greie saker, men ganske oppbrukt, spør du meg. Dei fleste blad har vel omtala desse temaene x antal gonger tidlegare, så ein blir vel ikkje så mykje klokare av å lese dagens tekst. Eg gidd i alle høve ikkje setje meg ned og krysse av om eg blir deppa av å sjå meg sjølv i spegelen. Då må det no heller vere alle dei andre som må glo på meg ufrivillig time etter time som får svare på om dei blir deppa. Eg ser meg sjølv minimalt i løpet av eit døger, så eg overlet det til andre.
Etter ein har kryssa av, blir ein analysert. Så bra!!! Ein Mr.Stubsjøen skal avgjere kva tankemønster eg har (viss eg tar testen) ut frå svara mine. Flest sant, usant eller like mange på begge?? Eg gjer meg no katta. Love me for who I am!!!

Vel, eg kan faktisk finne ein fornuftig ting som står under artikkelen om "Hva har livet lært deg om kjærligheten?" Det står følgjande: Kjærlighet handler om å tåle også det men ikke alltid liker - og likevel elske. Det er eg heilt einig i. Ingenting kan vel gjere oss meir himmelstormande lykkeleg, meir frustrert og adrenalinsint enn nett kjærleiken. Eg har stor tru på kjærleiken!! :=)

Arresterte naken tyv dekket i sjokolade og peanøttsmør. Herlege London!!! Kva skal ein tolke ut frå den overskrifta?? Jaja......Viss tyven berre er "hot" nok, så er det vel ikkje så ille å fakke han om han er naken. No er eg ikkje så glad i peanøttsmør at det gjer noko, men det fins jo sikkert andre alternativer. Nokon som føler seg freista til å prøve?? Spørsmålet blir då: Kva gjer denne unge jomfrua dersom det står ein "hot" innbruddstjuv i stova, tildekka av mykje digg?? Hmmmm........Vanskeleg, vanskeleg........!!!! Thihi........

Slik bytter du hjul på en Airbus! Vel, det er nok ikkje det eg har mest behov for å lære. Om eg ikkje er heilt navla, så er vel ein Airbus eit fly?? Håper eg ikkje er altfor "blond" no og tar feil der. Eg trur eg overlet hjulskifta til andre. Berre ikkje feile folk les korleis ein gjer det og fiksar dei slik at det går gale når eg skal ut å fly!!

"Jeg skal knuse ansiktet ditt!" Denne vikarlæraren bør dei vel strengt tatt vurdere om han kan fortsette som vikarlærar! Ikkje heilt bra å true ein elev med slikt. Stygg sak!! No veit ikkje eg bakgrunnen for uttalelsen, men uansett grunn, bør ein vel ikkje kome med slike truslar? Eg trur kanskej eg skal opne saka og sjå kva det dreiar seg om.
Ifølge foreldrene skal det hele ha startet med en verbal samtale mellom jenta og vikarlærerens sønn i en skoletime 14. desember i fjor. Jenta skal ha spurt medeleven hvilken hårfarge han hadde, noe som førte til at gutten forlot skolen i sinne.
Videre skriver foreldrene at da jenta var alene hjemme etter skolen samme dag, skal vikarlæreren ha troppet opp og gått rett inn i gangen i huset. Her skal vedkommende ha fremsatt en rekke trusler mot jenta, ifølge foreldrene:«Jeg skal knuse ansiktet ditt så du aldri blir i stand til å se deg selv i speilet mer», skriver foreldrene i brevet til rektoren ved skolen.
Vel, etter å ha lest dette, er det ganske klart for meg at han ikkje bør få fortsette. Å true ei tolv år gammel jente på denne måten og samtidig skal fungere som ein trygg vaksen på skulen..........Det skurrer litt for meg!! Likevel, han er fortsatt vikar ved skulen.
Kva betyr det då når dei seier at det skal vere trygt å gå på skulen for alle. Det er ein rettigheit alle born skal ha. Jaja........

Nei, eg skal slutte av...... Laurdagen er enno ung og det er eit nydeleg vèr ute. KK får ha sine artiklar i fred og eg skal dyrke min eigen kjærleik! Eg treng ikkje eit blad for å fortelje meg korleis eg skal leve livet, det finn eg fint ut av sjølv....... Så med desse ord ønsker eg alle ein strålande fin laurdag. Vit å nyte den!!!!!

ILYMTYCEI   YF  TDDUP