onsdag 28. mai 2014

Onsdag 28.mai 2014
For ein dag!! Eg veit ikkje heilt om eg har meir å gå på når det kjem til fliring. Det hendte at eg følte for å legge meg ned på bakken for å flire, men det kunne eg jo ikkje! Hahaha……… Og det gjaldt ikkje berre meg, men alle som var ilag med meg på dei tidspunkta det gjaldt.
Noko av det skal du få sjå bilete av her, andre ting kjem ikkje med. :=)

Dagen starta med frukost. Vi et frukost klokka ni kvar dag, så sånn sett er vi oppe høveleg tidleg. I dag var det rundtur i Roma som stod for tur. Ein to timars lang busstur der ein sat på taket til ein buss og blei frakta rundt i heile byen. Då vi gjekk om bord, fekk vi kvar våre høyretelefonar sånn at vi kunne høyre historia bak dei bygga og severdigheitene vi passerte eller stoppa ved.
Det blei ein fin tur! Colosseum, Forum Romanum, Peterskyrkja og mange andre historiske bygninger og stader. Det er slett ikkje berre berre å hugse namna på dei alle. Mariakyrkja var ei av dei.
På busstaket. 

 Då vi var ferdig med den flotte rundturen, var det tid for mat. Dei har MacDonalds i Roma også! Burger og chips på heile gjengen.
Sjølv ikkje ved matbordet fekk vi fred for tiggarar. Ei var blant anna høggravid og ville vi skulle gje ho ein slant.
Det var berre det at vi blei veldig usikker på om det faktisk var ein mage, eller om det rett og slett berre var ei pute ho hadde på seg. Ergo blei nok svaret nei.
Ellers er det litt trist og sjå (ikkje så mange, men nok) uteliggarar som sover på opne torg midt på dagen. Det er sjølvsagt av di at då er det varmt og så sover dei seg opp til natta. Då er dei vakne natta igjennom for ikkje å fryse. (Det er for kaldt til å sove ute då…….Trist.)

Etter mat var vi på ein gåartur. Vi hamna nede ved Colosseum. Colosseum er diger!! Og for eit fantastisk skue! På dagen, ja, men du og du kor flott det er når det byrjer å bli mørkt og dei tenner lysa. Utroleg flott.




Uansett, då vi var der på dagen, var det eit par romerske ”krigarar” som ba om at vi måtte bli tatt bilete av i lag med dei. Berre sjå på biletet under her. Det er snakk om grepa tak ”der du veit” som du ser på biletet. Dette er ei av hendingane i dag som gjorde at vi holdt på å pisse oss ut av latter. Jeeeeezes!!!



Så kan du sjå på desse to bileta. Finn ein feil!! Thihihihihihi……… Sjå no godt og kanskje du finn ein som har gått seg litt vill blant dei andre???




Etterpå fortsatte vi på ruta vår. På veg mot Il Vitteriano held dei på med å rigge til noko stort. EG spurte ein av vaktene om kva det er som skal skje, og svaret han ga meg var ”The republic day”. Eg blei litt happy og tenkte ”Guuuu, skal vi få oppleve det ogsp medan vi er her?” Men etter å ha googla kva tid det er, fann eg ut at det er same dagen som vi reiser heim att. Typisk ”uflaks”. Det kunne vore skikkeleg gøy å få oppleve nett det. Det ser ut for at det legges opp til svære greier.
Vi fekk sjå mykje på turen vår og vi var ikkje attende på hotellet før det var nesten middagstid.

No er det jo ein gjeng med gutar som er interessert i bilar som er her. I dag gjekk vi forbi ein verkstad og då reagerte dei jo tvert! Eg skjønna at dit ville dei inn, så eg spurte eigaren om lov. Han skjønna sjølvsagt ikkje engelsk, men sa no ja i alle fall. Lykken som han såg i andleta til gutane var nok til at han skjønna at dei var spesielt interesserte. Likevel, han var nok litt skeptisk så han fulgte godt med. (Og eg flira!)

Etter ein god middag har nokon av oss vore ute og trødd, medan andre har shoppa eller slappa av på hotellet.
Vi traff tilfeldigvis på Trevi-fontena og DET var eit vakkert skue. Så i morgon kveld når det byrjer å skumre, skal vi ta elevane med dit så dei får sjå. Eg er overbevist om at det er lurt å gjere det når det er litt skumring, for det var så fint med tente lys i den.




Trevi-fontena.



Roma har mykje å by på! I kveld føler eg at vi har sett mykje typisk italiensk. Romatiske bord ute, trange gater med mykje folk. Stemninga. Alt……..Utroleg fint!

Jaujau……trur vi på "magi"???? Neppe!

Einliten levandes leirklump som ikkje heilt imponerte. Eg trur kanskje han var litt lei av å stå der etter ein lang dag. Han var hakket overivrig etter å bli avbilda. 


Dette biletet skal vises til ein spesiell elev. Vi trur at han kan få eit ønske om å oppsøke den!! (Den er jo litt tøff då..)

På tur over "bekken" (elva) og mot Vatikanområdet. 

Peterskyrkja.


Ha ein fortsatt fin kveld. 
Hasta mañana

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar