tirsdag 31. mai 2011

Vi trives:=)

Så er vi endeleg her! Dubrovnik! Jaaaa, her er kjempebra. Det var ikkje berre berre å stå opp i halvt koma midt på natta. Kvart over fire var vi på reis. 19 trøytte og forventningsfulle sjeler som la ut på langtur til herlege Kroatia. Det har vel eigentleg ikkje gått heilt opp for oss at vi er her enno.
På hurtigbåten var det eit par som byrja å vakne til liv, medan resten eigentleg berre var trøytt!! Enkelte hadde eingong ikkje sove i løpet av natta. Sjølv fekk eg meg kanskje eit par-tre timar bak augelokka. Som eg sa: koma!
Gardermoen kan vere stor nok, i og for seg, for dei som aldri har vore der før. Tax-free lokkar veldig. Så veldig at klokka kan finne på å gå fortare enn ønskeleg. Jaja.....vi kom no alle med flyet. Eit fly som skulle halde ut med oss i tre timar. Akkurat det var ikkje så vanskeleg. Dei fleste hadde nok med deg sjølv og trengte tida til å slappe av. (Det blir alltid "fine" bilete av det).

Dubrovnik!! Varmen slo imot oss. Mange og tjue grader og soool. Det var rett og slett ikkje særleg godt å gå frå flyet og inn i hallen med jakke på....... Vi reiste jo ifrå det sure og kalde regnet. Kleda kom raskt av oss. I følge yr og storm så regna det også her nede. Heldigvis hadde vi også sjekka dei loakle vèrmeldingane.
Sola var her og venta på oss. Alle var strålande nøgde med det og eg måtte berre seie "Dette kan eg lett venne meg til".
Heile bussturen sat "alle" og kommenterte kor heldige vi var og kor fint det er her. Uttrykka dei brukte, gjorde at eg reint trudde dei alle var blitt religiøse. "Herregud", Herre Jesus", "Jesus Maria"......Dei var nesten mållause. Eg må seie meg eining med elevane. Det var utroleg flott å få med seg utsikta over havet og innkøyrselen til "Gamlebyen" osv...... Heilt utroleg.
Vel framme og ute av bussen troppa vi opp i fojaeen til hotellet. Vi bor ikkje på eit førsteklasses hotell, det er sikkert. Likevel.....vi skal jo berre sove her. Sengene er gode, så vi lir inga nød. Vi brukte ikkje mange minutta på romma. i eit slikt vèr er det andre stader å vere (les: stranda). Vi var ikkje før kommen før stranda var innvadert av kjøpsvikingar både til lands og til vanns. Enkelte hadde pengar som brann i lommene, og såg for seg både scooterturar osv. "Snille" meg sa nei. Det kjem mange andre dagar. Pengane skal ikkje brukast opp første dag.
Sola var deileg og havet også i følge elevane. Eg beit ikkje heilt på kvar gong dei ropte "Beathe, må du hiv dæ utti ilamme". Eg skal bade, ingen fare for noko anna. Det var like greit å få oversyn over alt først. Det kjem garantert fleire slike dagar.
God mat har dei her, også! (Billig, i alle høve der vi var i dag.).

No er dei fleste komen seg i seng for i kveld. Varmen er til å ta og føle på. Vi har mange inntrykk å sortere i hovuda våre. Vi gler oss til dagane som kjem!!
Til no har alle vore flinke til å sørge for at alle blir innkludert og det verker som at alle trives godt. Litt fridom under ansvar vil dei også få etterkvart, men det kan vere greitt at vi gjer oss kjent først. Vi er trass alt i eit framandt land.

I morgon er planen at vi skal gå muren og Stradum (hovedgata). Langs muren er det mykje historie og kjempeutsikt. Langs hovudgata, mange kyrkjer og ander severdigheiter. Berre det å få sjå hustaka her er eit minne. Det er allereie blitt kommentert av elevane. Det er veldig spesielt. Det er i alle høve "The Old Town" som får besøk av oss i morgon. Så det er berre å leggje seg ned og prøve å få ei god natts svevn.

Vi er alle kjempe takknemmelege for at vi fekk dra på denne turen. Den blir nok å leggje seg på minnet for godt. Så får vi håpe at dei som tenker på oss heime har det bra og at alle har ei god natt foran seg:=)

Hasta luego!!

I could easily fall....... (I already have...)

søndag 29. mai 2011

Litt vrede her i gården......

I dag er det litt vrede her i gården. Det betyr eigentleg hos meg.......Det er eg som er irritert. For ei stund sidan (i dag) var eg ute og gjekk meg ein tur. Eg gjekk tur av di eg var sint og fann ut at om eg skulle blogge, burde eg gå av meg litt av vreden. Det er i utgangspunktet ein god idè. Då veit eg at eg ikkje skriver noko eg ikkje kan stå for etterpå.
Så no har eg gått tur og i tillegg baka knekkebrød, så den verste harmen er over. Det betyr ikkje at eg er noko blidare i den forstand, men at eg har hovudet mitt med meg på ein meir fornuftig måte.

Så til sakas kjerne. Kven er det som har gjort ho Beathe så irritert at ho brettar det ut her på bloggen???
Joda, her kjem det........ Eg har sett meg drit lei på at alle skal rakke ned på bygda. Det vil seie dei som går inn for å øydeleggje. Kanskje skal det ikkje så mykje til for å glede meg? Kanskje eg kan trives kor som helst? Ikkje veit eg om eg er så annleis enn alle andre..... Uansett, vi har prekær lærarmangel her, dei treng pedagogar i bornehagen, Norcem treng sikkert folk og det er behov for fleire over 18 i butikk her. Ergo treng vi masse arbeidstakarar.
Eg syns det er flott å bu i Kjøpsvik. Ja, det er mykje å irritere seg over politisk, men vi då vitterleg mykje å vere glad for. I alle øve eg. Eg har arbeid, eg har vener, familie, hobbyinteresser, hus, fin natur bla bla bla... Eg kan fortsette i det uendelege. Så har vi dei som er negative til ALT. Desse negative folka har null respekt for andre føles det nesten ut som. (Respekt for meg i denne samanhengen).
På grunn av at vi treng eindel folk på min arbeidsplass, syns eg at eg kan prøve å gjere mitt for å hjelpe til. Det vil jo gagne meg også om vi får fleire lærarar hit. Så kva gjorde eg i dag?? Eg var på nettet og skreiv: "Om det er nokre lærarar som har planar om å skifte beite, vurder gjerne å komme hit. Vi treng mange! Vi kan hjelpe til med å skaffe bolig, her er naturskjønne omgjevnadar....bla, bla". (Dåke skjønner teikninga). Eg skreiv tydeleg at det var retta mot lærarar. I mi fjesbokliste er det flust av lærarar. Om ikkje nokon av dei er aktuell, veit dei kanskje om andre. Kva skjedde så?? Sambygdingar går inn og rakkar ned på bygda som kommentar under mitt innlegg på MI side. Dei skreiv om dei elendige boligane og masse anna tull. Her prøver eg å gjere noko positivt for bygda og håper på ei framtidig vekst. Så er det enkelte som tar seg den friheten at dei øydelegger for meg. Kva lys set det meg i om eg skriv det positive og så kjem dei andre og påstår det motsatte. Det er jo ingen som søker om dei ser at sambygdingane mine ikkje ønsker nye folk velkommen. Hallo!???! Kor er moralen? Kor er respekten for meg???? Eg kjente det bobla over av raseri.

Det er fleire som no har fått melding frå meg i innboksen sin. Eg har skrive nett kva eg meiner om slikt. Skammeleg, spør du meg. Eg veit ikkje om dei er blant dei som les bloggen min, men innerst inne håpar eg det. Kanskje dei kan ta dette til seg. Eg står for kvart einaste ord. INGEN skal komme på mi side og rakke ned og prøve å hindre meg i å ønske folk velkommen hit. Hvis ingen prøver å positivt fokus på bygda, vil vi aldri få ei bygd i vekst. Då vil dei berre få meir å klage over. Det virker som om at det ikkje er lov til å tenke sjølv. Det kunne aldri ha falt meg inn å komme med ein negativ kommentar til nokon som prøver på noko positivt. Hadde eg ikkje vore einig, hadde eg berre hold kjeft.
Enkelte trur det er greit at dei har ei meining om alt og rett til å prakke det ned på alle andre.
For min del må dei berre vere negativ, men absolutt IKKJE på MI side. Der er det eg som bestemmer. Enkelt og greitt.

Dersom du sit og les dette og er lærar.....Her kjem mi oppfatning av bygda Kjøpsvik:
Eg syns Kjøpsvik er ei flott bygd å bu i. Eg trives kjempegodt. Vi er ikkje ei kjempestor bygd, folkemessig. Eg trur kanskje vi er rundt 1000 menneske her. Det er ikkje så ille det heller. Dei aller fleste er kjempegreie folk og vil ta godt i mot alle nye sambygdingar. Likevel, vi har også, som dei fleste andre, enkelte som berre er negativ til alt. Det som er så bra, er at det er ikkje dei som bestemmer kva nett du skal synes.
Kjøpsvik treng arbeidstakarar på skulen, bornehagen, i butikk og på fabrikken. Det kan godt vere andre stader eg ikkje er klar over. På min arbeidsplass, skulen, har vi eit godt arbeidsmiljø og eg gler meg til å gå på arbeid kvar dag.
Rundt meg er det masse fjell og natur. For ivrige turgjengarar er det ypperleg å bu her. I tillegg ligg vi ved havet, så der er det også moglegheiter. Naturen kan by på så mangt. Fjordturar, grottevandring, bestige nasjonalfjellet Stetind osv.....
Vi har ikkje eit stort kjøpesenter her. Det gjer uansett ingenting. Kva skal vi med det? Det er berre litt over ein time til næraste by (med bil).Der får vi alt vi treng. Det er jo koseleg med ein liten bytur innimellom. Det vi har derimot er to matbutikkar, bank, blomsterbutikk, bokhandel (meir litt av kvart-butikk), hotell, forhåpentlegvis ei kro i løpet av ganske kort tid, kommunalt senter........Tja, litt har vi i alle høve. Vi har borne- og ungdomsskule. Eg er rimeleg sikker på at alle får plass i bornehagen her. Kunstgressbane, flerbrukshall under bygging (snart), isbane om vinteren, skiløyper, skyttarklubb, idrettslag, korps, yrande musikkliv blant born og unge, stor bluesfestival anna kvart år, kyrkjeklubb for ungdomen og kulturskule. Eg har sikkert gløymt av fleire ting, men denne lista fekk no ein viss lengde uansett.
Eg har hyggelege naboar, det er trygt for borna å vekse opp her, vi er i stor grad skåna for kriminalitet (vi har hatt litt, men det er ikkje noko som er definert som vanleg her). Her er hobbyklubbar og hagelag for dei som har slike interesser. Så eigentleg er det ein fin plass å bu.
Vi har mykje å vere stolt over. Eg er fullt klar over at det er mykje rart som skjer politisk og ja, vi har dårlege vegar her også. Det er ikkje berre andre stader dei har det. Likevel, det viktigaste må jo vere å fokusere på det som er bra. Positivitet avlar positivitet og kan skape vekst. Legg dei negative tankane bort og gje rom for moglegheitene. Dei som berre tenker negativt blokkerer for så mange vegar at dei ikkje får eit positivt liv sjølv.

Dessutan.....Vi er ansvarlege sjølv for det livet vi lever. Vi kan ikkje bure oss inne og klage på alt utan å legge ned ein durabeleg eigeninnsats. Dei fleste er der dei er på grunn av valg dei har gjort gjennom livet sjølv. Så mi oppfordring er "Prøv å vere positiv".
Ligg i alle høve unna sida mi om du har tenkt å rakke ned på denne fine bygda. Her er godt å bu og trivsel kjem av seg sjølv om ein prøver å trives. Løft hovudet opp og sjå fram, ikkje ned og attende. Kloke ord, hæ??

Sånn.....der var dagens moralpreken over. Eg er enno irritert på dei som skriv negativt om plassen under mine forsøk på å få folk hit. Fortsett med det, så kan ein sjå kor godt livet blir........ Nei takke seg til....!

 Beklager harmen. Eg skulle eigentleg skrive om noko veldig positivt i dag, men eg klarte ikkje styre meg. Harmen er kun retta mot dei som bruker nettsida mi til negativitet. Eg skreiv berre masse positivt, og så hiv dei seg på utan respekt for det som står der. Det verste er at eg skreiv kven mottakarane var. Ingen av kommentarane kom frå rett hald. Så det får bli mitt hjartesukk for kvelden.

Hasta luego!

I wanna hold you....

torsdag 26. mai 2011

Puh.........

2864 uleste "e-poster". Say no moooooore! Shit......... Om eg ikkje bommar heilt no, vil eg påstå at eg bruker hotmailsida mi kanskje ein gong i året. (Maks!) Av ulike grunner måtte eg inn på adressa mi, og gjett om eg fekk sjokk. Så her sit eg og skriv på ein pc medan eg sit og slettar e-postar på ein annan. Juhuu..........Gjett om det tar tid?? Eg er nede i 1873 no, så eg nærmar meg.
Hadde det vore ein annan, hadde eg sikkert heller sagt "finn deg ein hobby". Jaja, sånn er det. Livet er spanande!!!!!

Håper ingen høyrer at eg banner no! Pc'n min har låst seg.......No vil den vel ikkje meir for i kveld. Så om nokon vil hacke seg inn på sida mi og fullføre slettinga, skal eg ikkje bry meg med det "lovlege" i det. Det kan jo vere dagens utfordring....kva er passordet mitt????? (Hint: veldig enkelt!). Eg oppdager det uansett ikkje før sånn sirka om eit år eller noko i den dur.
For dei som ikkje er så smart.................. Nei, det er ikkje min pc eg sit og skriv på.

I går kveld var eg ute og gjekk meg ein passe lang og god tur. Eg var klar over at det draup sånn "pittelitt" frå øverste hald, men eg trur nok mister chief ikkje var heilt blid på meg i går. Då eg liksom var lengst mogleg unna heimen (uatn regnklede), valgte han å opne alle sluser for meg. Eg kan ikkje i min villaste fantasi tru at "han" gjorde det for å vere grei med meg..... No likar jo eg å gå i regn, så kven veit. Å gå langs havet i vind og blest er ikkje alltid så motiverande. Det positive må då vere pluggane som var plasserte i øyrene så musikken kunne nå fram dit den skulle. Då kom ein i alle høve ikkje heim med full øyrebetennelse! :=)

Av ein eller annan grunn trur eg og at eg fann attende den indre meg. (Flire litt, for det høyrest vel superteit ut). Det var akkurat som om alt plutseleg falt på plass. Det som har vore borte dei siste to åra var attende og eg kjente at eg også fann min eigen styrke.
Det var medan eg høyrde på "You raise me up". Eg har alltid tenkt på den som kjærleik mellom mann og kvinne. Det var berre heilt tilfeldig at eg lytta til akkurat den songen. I går var det plutseleg ein heilt annan som plutseleg kom inn i songen og forklarte meg litt av kvart og sørga for at eg skulle skjønne at orda gjaldt ein heilt annan person for meg. Eg kobla plutseleg kven det var som hadde "løfta" meg opp før og så skjønna eg jo at eg har den styrken som trengs. Eg fekk ein spontan glede der eg gjekk og skuldrane blei mykje lettare. Litt rart....og kanskje uforståeleg, men ikkje for meg. Det lovar godt for framtida:=)

Vi er i slutten av mai. Kult at det då er nysnø i fjella enkelte stader. Reknar med at dei aller fleste er supereinige med meg der. Det er vel ingen som lengtar etter sommar og sol her? Kva skal vi med det?
Eg har jo utsikt rett i ein fjellvegg. Det må vel vere nok tilfredsstillande det? Nei...eg skal slutte å tulle.

Eg har nett vore på musikkøving, ei tung ei i så måte. Det var ikkje heilt enkelt å finne nok luft heile tida. Det fins vel slike kveldar også....... Det er jo gøy likevel. Vi øver til vårkonsert på hotellet og Callela-tur til hausten. Det siste inneberer at munnstykket mitt får seg nokre kilometer på beina denne sommaren. Det vil i alle høve vere lite smart å la det ligge att heime. Då straffer det seg til hausten. (Og så har eg jo lova meg sjølv at eg skal bli flittigare til å øve. Så spark meg i baken!).
Det blir uansett deileg å brette seg ut på stranda på dagtid og speling og kos kveldstid. Er vi riktig så heldig, renner det over av lekre spanjoler..................Jada. På tide å vakne, kanskje?

Når hovudet løper løpsk med tankegangen sin, er det ikkje godt å seie kva som kan kome til uttrykk. Så takke seg til at det ligg ei bok og ventar på sengekanten. Så kanskje noko blir berga denne kvelden også.
I morgon er det fredag og helg. Forutan jomfruturen i morgon, fins det null planar. Akkurat det føles veldig bra. Så for denne gong: GOD NATT!! Draum søtt.......

Hasta mañana!! (Måtte nesten komme med eit nytt utrykk no. Holdt på å gro fast i det gamle)!

Hopelessly devided to you........

tirsdag 24. mai 2011

Tysdag 24.mai.

Dagen i dag har eigentleg vore ganske interessant, utan at eg eigentleg heilt klarer å setje ord på kva som har vore så interessant. Ganske bra, hæ? Ja, eg veit eg kan vere litt ute av drift innimellom. Uansett, det har vore ein bra dag. Den byrja bra og den avslutta enno betre. (Nei...............eg snakkar ikkje om leggetida!)

I dag har eg sett for meg Nicole Kidman som drikk ein kopp kaffe på Walters kro og kjent på ordentleg knokelukt. Ikkje spør meg om kva eg meiner med det siste. Det er nok å vite at det inneberer eindel fliring:=)
Vi har diskutert jødeutryddingar, den svenkse nazismen (fortid vel og merke), lofotværingar sin vanske med uttale av u'en, elskovsjuke utlendingar som syns norske jenter er arrogante og stolte av di dei ikkje får deira merksemd (frå jentene), New Zealand og Jehovas vitne. Ei lang liste, ja. Den er eigentleg mykje lengre, men av hensyn til at ein ikkje skal sovne i lesinga............ Den kan i alle høve kallast ganske varierande! Som sagt........interessant dag.
Den har sikkert vore interessant for fleire andre også. Det er sikkert litt av eit syn å sjå meg springande rundt med ein ball på bana. Dei minste har hatt fotballtrening og eg heiv meg med litt for moro skuld. Det er i alle høve eit fint påskudd for å legge seg ned og slappe av i deileg og varmt vann (badekaret). Å ligge der og sløve og nesten sovne.........sukk. Kunne budd der, eg. Trening, bading, øving....for ei herleg rekkefølge! Sjølv om fingrane var litt feilplasserte innimellom (ofte) og fokuset litt unna det som det burde, var det veldig gøy å øve. Det er det no forresten alltid. Pulsen steig vel litt meir enn normalt av og til, men årsaka til det skal eg glatt hoppe over her:=)

Då eg kom heim i kveld, fekk eg beskjed om at det ligg ein hyggeleg liten herremann og sover i senga vår. Etter å ha lagt seg, sneik han seg musestille over gangen og inn på rommet. Då det blei oppdaga, svara han berre heilt enkelt og greitt "Dåkker må jo skjønn at sønnen i huset må få ligg i storsenga. Det e jo berre sånn det e! Skjønna du ikkje det??" I slike tilfeller flirer ein for seg sjølv og tenker at "eg har ikkje hjarte til å seie nei". Ikkje at det gjer meg noko, eigentleg. Det er ikkje eg som blir utvist frå rommet. Så då så..........

No er "Frustrerte fruer" og "Medium" over for i kveld. Eg har forsåvidt berre hatt eit halvt auge på tv i og med eg har vore her inne og skrive. Det halve auget var nok til å skjønne at Wisteria Lane er fylt opp av halvgalne mennesker, men som likevel sørger for at ein tenker at det kunne vore gøy å bu der. Tru alle dei intrigene ein kunne fått med seg. Det ville jo ha vore lykken!! Hehe.......
Det har nok vore nok intreiger og mord for i kveld, så då er det berre å tenke på at det ventar nokre deilege timar utan at vitet skal fungere. Først må eg vel prøve å nærme med slutten på "Pengemannen". Eg er rundt side 400 no og det nærmar seg slutten. Eg har enno ikkje fått tak på den eigentlege "storyen" til boka, så eg er ganske spent på kva som ventar. Eg har i alle høve ikkje tenkt å bruke nattetimane til det formålet, så ein liten halvtime får duge for denne gong.

På fredag ventar ein liten jomfrutur til Narvik på meg. Fleire timar åleine på bytur. Lurar på kva det kan resultere i. Kanskje ikkje så spanande å spise middag ute åleine, men all den andre tida gjer det sikkert verdt det. Stor sjanse for at eg legger merke til meir, då:=)  Juhuu.....kor spanande.

Med tanke på at det heile no ser ut til å vri seg i retning av berre "møl", tar eg hintet og avsluttar. Så håper eg alle har hatt ein fin dag og at morgondagen blir like bra.

Hasta luego.......

You are the one my eyes are on........

søndag 22. mai 2011

Sundag 22.mai.

Så var helga over. Ei varierande helg i så måte, på alle plan...... Det beste var då eg sat på ferga til Bognes og snakka i telefonen med mamma. Plutseleg ser eg eit kvinnfolk hiv seg ned i setet rett over meg, smilande og blid. Først blei eg heilt perpleks, men då eg fekk summa meg litt, såg eg jo at det var Silje, ei venninne frå høgskuletida. Mamma forstod nok ingen verdens ting då eg plutseleg berre sa at eg ikkje kunne prate meir og la på. Silje.......Ja, vi har opplevd mykje gøy ilag. Det var forøvrieg ho som klipte bort alt det laaaaaaaaaange håret eg hadde. (Det rakk langt nedanfor brøsta). Fredagskvelden tok ho mesteparten av håret (ja, eg fekk rikeleg med merksemd på "byen" den kvelden) og laurdagen tok Steinar (ein kompis av oss) resten. Trur kanskje det stod att 3mm etter at han var ferdig. Som sagt.....mykje gøy ilag.
Det var så gøy å treffe ho. Det er berre så synd at fergeturen der over går så alt for fort. Likevel...det blei tid til litt mimring. I tillegg held ho hus på ein gard i Steigen, og det betyr at Steigen må avleggjast eit besøk i sommar!!

Å kome på hytta denne gongen var litt likare enn sist. Då var det ein som hadde mala utan å ha noko under seg på verandadekket. Eg vil ikkje akkurat påstå at det er fint med malingsflekkar over heile verandaen. Heldigvis ordna han opp i det.
På trass av regnet, har det blitt mala litt denne helga også. Kven er det som er så lur å gå over verandaen med malingsstøvlar?? Trur ikkje kvinnfolk klarar å vere så lur, så svaret gjer seg sjølv. Jaja...... Ein lagar seg unødig arbeid.

Eigentleg har eg avtalt med hyttenaboen min at eg skal legge ut eit bilete av ho og meg her på sida. Biletet viser to oppgitte damer blant uhelbredelege menn. No har det seg slik at eg ikkje har lasta bileta over på dataen enno, så dei slepp billig unna.

Ellers så har sonen min fått oppleve korleis det er å kome i mellom fleire "kvinnfolk" i dag. Det kan jo vere direkte farleg......... Ikkje at han syns det var så ille. Han var lykkeleg og glad han då han kom inn og fortalte at alle jentene hadde krangla sånn..... Då eg spurte kva det var dei krangla sånn for, svarte han galant "Det e jo førdi æ va dær. De klarte ikkje å bi enig om kem som sku bli kjæresten min". Det er ikkje kvar dag ein kan velgje og vrake:=) Så det var visst reine lykken.

Sjølv har eg gått meg ein passe lang tur i dag. Med musikken i øret, var det berre å følgje rytmen og gå. Som regel blir tempoet litt høgare då. Innimellom, når eg no eingong kom på at det gjekk an å tenke sjølv om musikken rulla, svirra tankane rundt to tema. Det eine var at vi sørger for at det bygges skuler i u-land, men vi gløymer at det ikkje er nokon til å arbeide som lærarar der. Om ingen kan lære borna noko, er jo bygga bortkasta. Bistandshjelp som virker?? Det andre var om årets tema på skriftleg eksamen. Temaet som er valgt ut er "Ord". Eg trur ikkje ein kan finne eit meir vidt begrep enn det. Ord kan jo vere så mykje. Hadde temaet vore "Miljø" eller noko liknande, hadde det vore litt lettare å avgrense seg og lettare å førebu seg. Korleis førebur ein seg til eit slikt tema. Ord? Kva oppgåver kjem dei eigentleg til å få. Det er så vidt tema at dei kan få kva som helst type oppgåver.
Eg kan sikkert klare å skrive lange avhandlingar med ord som tema, men utfordringa ligg i at ein skal prøve å tippe på korleis dei som sit litt lengre opp i systemet tenker og kanskje kome med gode tips om kva oppgåver dei kan forvente. Eg er like spent som dei. Vi har morgondagen på oss. Det går sikkert heilt flott:=)

Eg minnast så vagt at vi hadde ei tid med askeskyar i fjor. Om eg ikkje hugsar heilt feil, var det mange som blei råka av det. Islendingane er no eingong så heldig at dei har desse flotte vulkanane. Akkurat det er det ikkje noko å gjere med. Likevel.....I fjor kom denne aska på våren, og no er det vår på ny. Kva skjer? Joda, vi får askeskyar no også. Eg håpar inderleg ikkje at dette er eit nyt fenomen som er komen for å bli. Askeskyvår for alle reisehungrige. "Få deg eit litt lengre ferieopphald enn du reknar med!" Flyselskapa sitt nye slagord.... Jaja. Sånn går no dagane.
Så kan ein spørre seg om kvifor eg gidd å henge meg opp i kva som skjer på Island på denne tida. Svaret er veldig, veldig enkelt. Eg fryktar at eg kan bli ramma av desse mørke skyane. Eg skal jo til Dubrovnik om litt over ei uke. Vi er 19 stykk i reisefølget, og det vil bli riktig så surt om det ikkje blir tur. Eg er sjølvsagt opptimist, naturlegvis, men likevel er det ikkje gøy å vite at det faktisk i verste fall kan ramme oss.
No er det jo ikkje den største vulkanen som har utbrott, og det var vel ei heller uventa. Den har utbrott med jamne mellomrom og det har som regel gått bra. Det er berre det at dei aldri kan garantere noko. Vi får berre smøre oss med tolmod. Det vil i såfall ikkje vere første gongen.

Eigentleg hadde eg tenkt å drøfte problemstillinga med at vi bygger skuler i u-land og "gløymer" biten som kjem etter ferdigstillelsen. Eg ser fort no at tida kjem til å fordufte megaraskt og at det er altfor seint til å sette seg ned å gruble på eit slikt tema. Eg tar rett og slett avgjerdsla om at det temaet blir utsatt til litt seinare i uka som kjem. Så får vi samtidig håpe at det skjer noko spanande i livet innan den tid.

Hasta luego:=)

I can't help falling in love with you.......

torsdag 19. mai 2011

Torsdag 19.mai.

Her ligg eg....henslengt på sofaen. Har eigentleg ikkje anna å ta meg til enn å liggje her og høyre på musikk. Eller........Det blei vel litt feil. det er sikkert nok å finne på, men dette alternativet var det beste. Så her ligg eg med dataen i fanget, noko som er svært lurt i følge ulike artiklar. Nope.....men eg har heller ikkje noko stort ønske om å vere så lur i dag. Eg får ha den biten til gode til ein annan dag. Alt til si tid=) Eigentleg ligg eg her og grublar på kva eg kan skrive om. Det er nesten på tide å skrive noko fornuftig, men begge hjernehalvdelane er ikkje heilt med no heller, og då er det ikkje lett å fungere.Temaet kunne jo ha vore "Kva er det med menn og vèret". Skal vi verkeleg dra på hytta når det regnar slik??? Å jada....Det regnar grusomt mykje. Minst fjorten dråpar i timen!!! Hallo......Den problemstillinga gjer seg i alle høve her i dette huset i dag, men det går vel over. (Syng, syng, syng og ver glad....).

I KK står det for det meste om tid, og tid er ikkje det eg har mest lyst å tenke på no. Vi draumer om å stopp opp og fange tida.......(Påstås det). Vel, eg har fleire gonger sagt at tida går for fort, så det er ikkje noko unikt ved det.
Slankekurar er vel heller ikkje eit heitt tema?! Heile våren er vel alle ukeblada fylt opp med slikt stoff.
Det einaste eg kan bøye meg etter og vere delvis einig i, er ei side der det står om facebook. Heile den nye generasjonen er totalt oppslukt i facebook.....tja, så kvifor ikkje. Fleire av lesarane mine er ivrige facebook-brukarar, så det må vel vere eit tema som vil treffe mange (og kanskje mange vil seie seg einig i det eg skriv). Det handlar om alt det positive som blir skrive på denne såkalla fjesboka. Vi elskar positivitet.I alle høve gjer eg det. Positivitet er det beste i verda. Likevel........Kan det bli for mykje av det gode?? Eg berre spør. I følge artikkelen i bladet, kan alle dei positive tinga som står på nettet føre til at fleire får problem med sjølvtilliten. (Eller noko i den dur......Det er eit par dagar sidan eg leste det, og med ein hjernehalvdel ute av drift....say no more).
Det heile går vel ut på at mange samanliknar seg med den glansbileteversjonen mange gjer uttrykk for over facebook. Difor har dei "skapt" ein ny lidelse, nemleg facebook-depresjon. Gjennom forskning har dei funne ut at dei som har mesteparten av sitt sosiale liv over nettet, lettare blir deprimerte enn andre. Facebook-misunnelse er at vårt eiga liv bleiknar mot alt det gøyale andre viser fram.
Er det slik at vi prøver å vise oss fram meir positiv enn kva vi eigentleg er?? Ikkje veit eg. Eg har vel eigentleg aldri tenkt over det. Ikkje før no når eg på ein måte må ta stilling til det her. Eg må ærleg innrømme at eg er tilbøyeleg til å seie at eg delvis er einig. Enkelte (ikkje alle) skriv masse positiv om seg sjølv, born osv kvar einaste dag. Det er sjeldan ein les noko anna (om ein ser bort frå at ein skriv om sjuke born osv...). Som sagt gjeld ikkje dette alle, men mange. Eg syns det er litt viktig å poengtere akkurat det.

Vi tenker og føler negative tankar åleine, medan vi deler det positive. Sidan dette er noko dei aller fleste gjer, får vi eit inntrykk av at mange er oftare glade enn triste (sjølv om det kanskje ikkje er realiteten). Det er feriane sine folk legg ut bilete frå...ikkje kvardagane. Dei skriv gjerne om ting som dei gler seg til og ting som har gått bra. Dei skriv som regel ikkje om kva dei gruar seg til eller kva som ikkje har gått så bra. Det er berre å sjå på profilbileta. Dei fleste smiler! Kven har ikkje lyst til å ta seg ut best mogleg?? Eg skjønner godt at ein ønsker det.
Eg trur nok at bladet sitt hovudmål var å ende opp med konklusjonen om at vi burde bli flinkare til å dele meir av det som er leit og vanskeleg med venene våre på facebook. For dersom fleire ga eit meir realistisk bilete av korleis vi eigentleg har det, kunne alle føle seg mindre åleine.

Eg er forsåvidt einig i konklusjonen til KK, men så kan eg ikkje for at det dukkar opp ein heilt annan tanke i det hjernehalvdelen kjennes ut til å vakne til liv. (Hurra!). Treng vi eigentleg dele så mykje informasjon på facebook. Utleverer vi oss sjølv i alt for stor grad. Burde vi avgrense oss meir. Eg spør........ Eg trur kanskje eindel folk burde vurdere tanken. Det skjer jo innimellom at ein les ting ein meiner ikkje har noko på nettet og gjere. Ting som blir litt for personleg. Eg veit ikkje. Mine tankar er jo berre få blant millionar av andre. Kanskje er det meininga at det er slik det skal vere.

Det er berre å sjå på alle bileta som blir lagt ut på nettet. Det er veeeeldig langt frå lov slik det fungerer i dag. I følge åndsverklova har vi ikkje lov til  leggje ut bilete av andre utan samtykke. Om nokon vel å anmelde at dei er lagt ut på nettet, kjem avsendaren seg ingen veg. Likevel.......det er blitt så vanleg at det er ytterst få som reagerer på det. Er det ei utvikling vi vil ha?? Det fins tilfeller der halvnakne fyllebilete er blitt lagt ut og i same slengen sørga for at ansettelsesforhold ikkje har blitt inngått. Litt kjedeleg om andre legg ut eit bilete av deg som ein framtidig sjef kan oppdage om han googler deg før eit eventuelt jobbintervju. Kor mange er det eigentleg som tenker på den biten når dei legg ut bilete som er litt "på kanten"?? Igjen...eg berre spør. Har utviklinga gått for langt?? Det er nok mange ulike haldninger til akkurat dette. Lova er klar på det....men dei fleste gjer blaffen.

Plutseleg kom "Total drama action" opp på tv-skjermen. Her er ein som har funne ut at klokka har passert seks og det er høveleg med litt bornetv. Jaja......då blir det lett å konsentrere seg om dette. Nope. Sidan eg er lite villig til å løfte ræva opp av sofaen, får eg vel berre vike for den yngre og pakke bort dette lille udyret av ein data. Det merkes på den at den er bltt nokre år no. Kanskje på tide med ein ny..... Må jo vere "up to date". Så hasta luego! Have a nice evening!

You're a part of me........

onsdag 18. mai 2011

O lykke!!!!

Som overskrifta seier, er det lykke i huset i dag. Då Steffen kom heim frå skulen i dag, var det kommet ein pakkeseddel om at han kunne komme på coopen og hente pakke. Det er sjølvsagt av di han nett er fylt sju år..... Ein "norgespakke" lett som berre det. Spent opna han den, og han hadde ikkje i sin villaste fantasi villa klart å tippe på innhaldet. EGG!! Jepp.....det stemmer. Bursdagsgåva var ein pakke full av egg:=) Korleis kan det bli lykke i ein heim pga at nokon har sendt nokre egg?? (Han blei faktisk veldig glad).

No er det jo sjølvsagt slik at denne pakken har ein forhistorie.Det er faktisk ikkje snakk om nokre egg frå ei ellers så vanleg høne...... På Husnes, beste vestlandsbygda ein finn, bur verdas greiaste ektepar/familie. No er det eingong slik at denne familien har "mange" rare dyr. Dyr er vel ikkje akkurat rare, men dei har i alle høve mange. Eg veit ikkje heilt om det er heilt normalt med ein ål som heiter Otto som "husdyr". Ål er vel ikkje akkurat det første dyret eg ville ha skaffa meg........ Mora i huset såg ålen i dyrebutikken og ga borna grei beskjed om at ål skulle dei ikkje ha. Seinare same kvelden (utan noko som helst form for kommunikasjon i mellom mann/kone og born) kom mannen heim frå arbeid. Kva anna enn ålen var det han hadde med seg??!! Han hadde sett same ålen same dag og han falt heilt for den. Så der sat dei med ein ål dei både ønska å ha og ikkje ønska å ha. Det blei til at dei tok vare på den (og kalla den Otto av alle ting). Så difor vel eg også å skrive rare dyr.......... Ålen er liksom berre ein av mange.

Eg har ikkje gløymt at eg eigentleg skriv om egg her.....Hehe. Egga kom sjølvsagt frå denne fantastisk greie familien. Vi grillar med dei årleg og alltid har dei ei overrasking på lur. I fjor var det at dei har bygd seg ein fuglegard ute i hagen. Då snakkar eg om ein storleik langt unna dei vanlege fuglebura. Ein fugl må jo sjølvsagt ha nok plass å boltre seg på både ute og inne. Så bak i hagen er det ein heil fuglepark med mange vaktelfuglar. Desse fuglane gjer nett det same som hønene! Jada, dei gjer det. Eg tenker ikkje på klukkinga i tide og utide, men meir på den biten om at dei legg egg i fleng:=) SMÅ egg!! Det er litt anna volum på eit vaktelegg enn eit høneegg, og du dyre kor godt det er med v-egg.
Då vi var på Husnes sist, fekk Steffen sju vaktelegg hos dei. Han syns dei var så gode at han nesten ikkje ville dele. Mormora fekk smake det eine, men så var det stopp. Han kokte seg eitt egg kvar dag. Desse egga er noko han hugsar veldig godt og han syns dei er riktig så kule. SÅ....... i dag kom pakke til han. Kva anna enn vaktelegg var innhaldet. Så unikt genialt å sende det. Han blei så ufatteleg glad. Trur nesten det må vere den beste gåven han fekk denne bursdagen. Det ligg liksom litt meir tanke bak denne pakken. Det heiter seg jo at det er tanken som tel, og akkurat denne tanken var veldig god, då! I alle høve om ein spør meg! Så difor.....O lykke!!

Vi har hatt langhelg, og eigentleg kan ein definere heile "helga" som "O lykke". Det har jo vore eit knakandes fint vèr (ein skam å dra heim frå hytta). Minstemann måtte jo få gå på diskotek, det er jo ikkje 16.mai så ofte heller! Det i seg sjølv var jo ein lykke verdt å leve på i minst ei uke.
Etter 16.mai kjem alltid 17.mai (korleis klarte eg å rekne meg fram til det????). Det er som regel lykke det også for born i alle aldre. Om det blei så mykje lykke for min del........tja, eg er usikker på den:=) Om det å bli vekt grytidleg på morgonen (og det så grasalt) er lykke, skal vere usagt. Eg komla meg no ut av senga og ut til ungdommen. Dei blei glade då dei oppdaga at eg hadde kake på lur. Det var vel mest synd i naboane i strøket. Eg var jo veldig førebudd på at dei skulle kome. (Var liksom ikkje i tvil der). Lykken låg kanskje i det at minstemann sov seg gjennom heile greia(?????), tru det den som kan. Med det spetakkelet utanfor husveggen, så er det ganske fantastisk. (Han er ein som treng mykje svevn, og 17.mai ville blitt alt anna enn det som det blei om han skulle vore stup trøytt). Så litt lykke finn ein vel i det.
Eg har konstantert for meg sjølv at årets russ er den som bråka mest under vekkinga på mange år.
Med tanke på at eg spiste kvelds med dei til litt over midnatt og at eg ikkje sovna før halv to......ja, stemmer, eg var veeeeeldig trøytt heile dagen. Faktisk så trøytt at eg la meg (eigentleg berre for ei kort stund) klokka fem. Resultatet av det blei 14 timar med svevn. Eg stod ikkje opp att før sju i morges.. Her i huset gadd dei ikkje eingong prøve å vekke meg. Eg var heilt i koma og det var det. Så dagen i dag har jo då sjølvsagt vore heilt super. Eg kan ikkje hugse å ha vore så utkvilt på mange år. Eg trur kanskje ikkje at det er noko ønske frå dei to andre om at dette skal bli ein vane. (Hmm....lurar på kvifor. Hehe...).
Jaja....og sånn går no dagane.

Det er kort uke denne gong og det er berre to dagar att til ny helg. Om det ikkje skulle dukke opp eit fristande tilbod, veit eg kor eg kjem til å tilbringe den.Fram til då er det berre å nyte desse fine dagane som forhåpentlegvis har tenkt å vare ei stund. Sjølv om det ikkje akkurat er så vakkert med dei få regndråpane som er i lufta nett no. Reknar med at det berre er forbigåande.

Hasta luego:=)

Baby can you teach me - how to.
Baby can you reach me - I am calling out for you.......
Underneath your window tonight
I am no Juliet so help me make it right.

mandag 16. mai 2011

lørdag 14. mai 2011

Laurdag 14.mai 2011!

Eg har hatt litt problem med å kome meg på bloggsida mi. Det stod noko om oppdatering/endring osv... Men no er den i alle høve oppe og går att, så her er eg....:=)
Det er 14.mai og v har ein sjuåring!! Jaggu meg går tida fort. Herleg er det også at sola skin på ein dag som denne. Det gjer at vi kan kose oss ute heile dagen. Vi har allereie spelt badminton og slått ball på "sletta". Best av alt, vi kan nyte middagen ute med den vakre naturen rundt oss.
I morges då eg stod opp, kika eg ut vindauget og såg at fleire fuglar har funne seg hus i fugleburet Steffen snekra her før påske. Det er kjempebra, for poenget våres var jo å få fuglar hit mot mygga. Så attstår det å sjå om det har nokon effekt......

Verandaen er pynta med masse ballongar. Det er ein som er lukkeleg og glad i dag. No ventar han berre på kake og pakkar. Vår pakke har han allereie opna, til stor lukke!! Dei siste dagane har eg endevendt huset heime for å finne gåva hans. Eg var hundre prosent sikker på at eg hadde lagt den på ein lur plass, slik at han ikkje plutseleg skulle dumpe bort i pakken. Det var berre det at eg slett ikkje hugsa kor den lure plassen var.Kjempelurt.......... Eg har leita på kvar ein millimeter og eg har kjent at tårene nesten har vore på tur. Berre tanken på kor skuffa han ville bli om han ikkje fekk pakke frå si eiga mor på dagen sin.....Huff!!
Så var det ein som var så påståeleg (like påståeleg som eg) og sa at eg hadde gløymt pakken på hytta sist (noko eg visste ikkje stemte). I går var det fredag og eg måtte dra med håpet om at pakken var på hytta. Eg var bra engsteleg.......

No er det eingong slik at når det er sol, kan det vere ein føremon med solbriller. I går var det sjølvsagt sol, så eg opna hanskerommet i bilen for å ta ut brillene mine. Kva låg der??? Intet anna enn pakken!!! At det går an........ Eg har tydelegvis ikkje lagt den på ein lur stad. Eg hadde berre gløymt å ta den inn. Der forsvann ti kilo frå meg..... Det er lenge sidan sist eg var så letta. Difor var det "gøy" å vakne i dag.

Det er som sagt eit herleg vèr, ørna flyg over oss og vakar, fuglane kvitrar og vi høyrer fergeduren rett her ute i havet. Det føles riktig så godt. Vi skal ikkje gjere anna enn å kose oss i dag. Det er sikkert og visst. Slike dagar må nytast. (Så får eg heller male vindauga i måro......Det blir fint med fargeskifte:=) ).

Vi er midt i mai, og det er berre i overkant av ein månad til ferie. I går var det lykkerus på skulen. Elevane jubla over eksamen og det er alltid gøy når ting går den vegen ein ønsker. Så er det berre litt over to uker til Dubrovniktur. Det blir sikkert ei oppleving vel verdt å hugse. MEN, før den tid er det 17.mai-feiring og andre hyggelege dagar i vente. Om eg gler meg så frykteleg mykje til den 17., veit eg ikkje. Eg er jo ikkje akkurat i tvil om at eg blir vekt grytidleg i år. Er eg riktig heldig, har eg vel hagen full av ungdommar allereie i femtida. Det vil ikkje forbause meg........ Kanskje eg bør ordne med ei lita overrasking?!! :=) Så viss eg er i koma resten av dagen, så er det vel ikkje tvil om årsaka.......... Have fun!

På radioen er det mykje fin musikk og nettopp spelte dei "Let\s make a night to remember" av Bryan Adams. Eg syns eigentleg det er ein fin song, og kven har ikkje eit slikt ønske?? Hehe...... Bryan Adams har mange fine låter, han.....
Det var visst berre ei lita avsporing. Eg skal hive meg rundt med middagen så den kan nytast ute. Det blir herleg. Så får eg håpe alle får ei kjempefin helg og 17.mai-feiring.

Hasta luego!

You.......light up my life.

tirsdag 10. mai 2011

I had my chance but I blow it................................

Kven gjorde det?

Om det er noko som har opptatt folk til alle tider, må det vere spanande forteljinger. Dei "fleste" liker å la seg underhalde ved å lese om menneske som lar seg friste og tar sjanser, til trass for alle forbod, reglar og ikkje minst faren for å bli tatt. Fellesbetegnelsen på denne litteraturen er krim. Krim-bøker handlar som oftast om forbrytelser og mysterier som er uløyste. Korleis har dei utført ugjerninga? Kven vaar det som gjorde det, og kvifor? I nesten alle tilfella er det ein politietterforskar eller ein privatdekektiv som løyser kriminalgåta. Då finn ein jo også forbrytaren.
Eg er ein av dei som likar denne litteraturen. Eg trur eg har mange med meg der.

Det første minnet eg sjølv har om temaet krim, må vere Sherlock Holmes. Det er den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle som har skrive om han. No er minnet mitt om han knytta til film, eg har ikkje lese bøkene om han. Sherlock Holmes er kanskje verdas mest kjente etterforskar. han var jo då også ein meister til å finne spor i daglegdagse ting og gjenstandar som ingen andre la vekt på. Dette var også lenge før datamaskinane og andre tekniske hjelpemidler var tilgjengeleg for bruk i etterforsking. Skurken blei alltid avsølrt.

England er kjent for å mange gode krimforfattarar. Likevel er det Noreg som vaar først ute i sjangeren. Verdas første kriminalroman blei skriven av nordmannen Maurits Christopher Hansen. Han skreiv "Mordet på maskinbygger Roolfsen" i 1840.
Ellers er litteraturen full av kriminalitet og forbrytere, og mange gonger er ikkje hovudpersonane vaksne heller. Eit døme på det er Oliver Twist. Den unge guten må stjele for å overleve. Så kan ein i den samanhengen spørre om han då er ein forbrytar som bør straffast. Eit born som er nødt til å stjele?? Skuldspørsmålet!?

Vi har og har hatt mange dyktige krimforfattarar her til lands. For å nemne nokre...... Anne Holt, Gunnar Staalesen, Ingvar Ambjørnsen (eg las mykje av han i tenåra), Jo Nesbø, Jon Michelet, Karin Fossum, Roald Dahl, Unni Lindell og Tom Egeland. Eg har sikkert utelatt fleire dyktige skribentar, men det er rett og slett av di eg ikkje kjem på dei i skrivande stund. Så dei får tilgje meg for at eg ikkje gjer dei krediten dei fortener:=)

I litteraturen er det slik at forbrytelser som oftast blir satt i samanheng med straff. Vi som lesarar, eller tv-tittarar for den saks skuld, forventer at det gode vinn til slutt. Det onde skal ikkje berre overvinnast, men gjerne få ein passande straff også.
Frå den norrøne mytologien har vi Loke som blei sjalu av di Balder fekk så mykje merksemd. Han sørger for å få han drepen. Gudane hevner seg og bind han fast til fjellveggen med eit giftbeger oveer seg. Kvar dag dryppa det gift over andletet hans. Kanskje, og berre kanskje, finn vi nettopp her grunnstammen i ei god forteljing. Det er nemleg kampen mellom det gode og det onde!?!
Sjølv i Bibelen finn ein historier om forbrytelser og straff. I følge bibelhistoria er menneskets første forbrytelse å stjele. Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste då skjønner at eg snakkar om skapelsesforteljinga(ne). Adam og Eva spis av kunnskapens tre i Edens hage. I tillegg finn vi begrepet dødssynd i Det Gamle Testamentet. Der var det synder som var så alvorlege at dei blei straffa med dauden.(Dødssyndene: hovmod, misunnelse, vrede(sinne), dovenskap, gjerrigheit, fråtseri og utukt).

Som sagt, eg likar sjølv krimbøker best. Eg likar spenninga og det faktum at eg må lese heile boka for i det heile tatt skjønne kven som eigentleg er mordaren.

Sjølv om veldig mange likar krimromanar og det å lese generelt, er det visse ting ein må vere forsiktig med. Det kan faktisk vere livsfarleg å skrive bøker. Det veit vi med sikkerheit i dag. Vi som bur i Noreg veit kva det vil seie å ha ytringsfridom. Likevel, den må ikkje tøyast for langt, og spesielt ikkje med tanke på enkelte emnaer som går ut over våre eigne landegrenser. I 1989 skapte Salman Rushdie rabalder med romanen "Satanistiske verk". Khomeini likte ikkje boka og utstedte noko vi kallar for "fatwa". Det betyr at ein kan drepe eit menneske utan å bli straffa for det. Rushdie måtte skaffe seg livvaaktar og ikkje minst måtte han gå i dekning. Denne boka blei sett på som gudsbespottande (blasfemisk) og som eit direkte angrep på islam.
Boka blei likevel utgjeven her i Noreg, men med anonym oversettar. William Nygaard blei skutt utanfor huset sitt i Oslo og mange har hevda at Nygaard stod på Khomeinis daudsliste og at det var han som oversatte den.

Ytringsfridom handlar om å få lov til å meine og uttrykke det ein vil. Likevel er det ikkje alltid så lett. Ein skal passe seg for at innhaldet blir sårande og krenkande. Kven er det eigentleg som skal bestemme kva ein kan skrive om? Kva bør vere forbudt? Fleire forfattarar har endt i rettsalen.

Eg byrja med krim og endte opp med litt anna. Ein kan likevel sjå alt i samanheng. Generelt syns eg ikkje norske krimforfattarar trør over grenser med særleg store skritt. Dei held seg innanfor ein sjanger der ein har visse kriterier for at det skal bli ei vellukka bok. Det er skrivelysta som driv dei, ikkje politiske meininger osv....

mandag 9. mai 2011

"There is no such thing as a free lunch".

Kvifor er den norske velstandsutviklinga avhengig av handel med andre land?

I dette augeblikket er om lag 100 millionar kvinner i verda gravide. Det betyr jo då at det er om lag 100 millionar born som ventar på å bli født. Då kan ein spørje seg om kva sjansar kvart av desse borna har for eit godt liv. Det er i stor grad avhengig av kva samfunnet kan tilby han eller henne.

Dei fleste veit at vi allereie FØR fødselen stiller ulikt. Finnes det blant anna sjukehus som kan avhjelpe ved eventuelle komplikasjonar? God fødselshjelp? Må ein betale for det? Har vi tilgang på nok mat og drikke? Skoletilbod? Utdanning, arbeid og inntekt? Eg kunne sikkert ha laga ei megalang liste. Eg gidd ikkje! Vi veit (dei fleste) at forskjellane er store og det er ingen tvil bak påstanden om at vi ikkje stiller likt.
I Noreg stiller dei fleste likt (om ein set det på spissen). Eg tenker først og fremst då på at alle har like rettigheiter på mange områder. Likevel......Det er også store ulikskapar her.
Sjølv om det er ulikskapar her til lands, er det ikkje akkurat det som ligg bak i hovudet og har fokuset mitt no. Eg tenker meir generelt på verda vi lev i. Heile verda.

Dei spørsmåla eg har stilt, er alle viktige for samfunnsøkonomien. Det er nettopp samfunnsøkonomi som er hovudtemaet for det eg ønsker å skrive om. Ein føremon der må vere at ein veit kva samfunnsøkonomi handlar om. Kort fortalt er det blant anna korleis eit lands økonomi, og styringa av økonomien, påverkar innbyggjeranes leveforhold. Samtidig er det viktig å få med korleis den heng saman med viktige sider ved internasjonal økonomi. Staten må skaffe seg pengar (inntekter) og fordele goder i samfunnet. Kva bestemmer staten og kva bestemmer dei private aktørane?

Vi skal ikkje lengre attende enn til byrjinga av 1800-talet at Noreg var eit av Europas fattigaste land. Det er gått 200 år og vi er eit av verdas aller rikaste land.(Om vi ser det i forhold til innbyggjartalet). Vi er til og med fleire år på rad klassifisert som det beste landet og bu i aav FN.
Ei slik utvikling som Noreg har hatt, kjem ikkje av seg sjølv. Nokre av dei viktigaste momenta er blant anna tilgangen vi har på naturressursar (vannkraft, fisk, olje og gass) og utbygginga av infrastrukturen (vegnett, jernbane, flyplassar, bygningar, telekommunikasjon, vann- og avløpssystem og "you name it".
I tillegg har vi internasjonal handel. Vi kjøper varer vi sjølv ikkje har tilgang til eller som er fryktelig dyrt å produsere her. Vi har utdanning og teknologi. (Eit godt og "gratis" utdanningssystem). Sist, men dog ikkje minst, politikk og fordeling. Eit stabilt demokrati har bidratt til at økonomien har hatt gode vekstvilkår. Samtidig er det eit politisk mål å fordele rikdommen på ein fornuftig måte.

For å seie alt dette med få ord, kan ein seie at vi i Noreg har vore heldige og målretta. Heldig av di naturen har gjeve verdifulle ressursar. Målretta valg om korleis ressursane skal utnyttast og godene fordelast i samfunnet likeså.

Enkelte synes at politikk generelt, og ikkje minst det som kalles økonomisk politikk, kan virke både komplisert, kjedeleg og fjernt frå folks kvardag. Ein kjem likevel ikkje unna at svært mange avgjerdsler om den økonomiske politikken berører deg direkte.

Kvar haust legg regjeringa fram eit statsbudsjett for kommande år. Det er ei samla oversikt over alt staten planlegger å bruke pengar på i året som kjem. Difor er også statsbudsjettet noko av det aller viktigaste som skjer i politikken.
Mange gode formål må velgjast bort til fordel for andre.

Overskrifta er "There is no such thing as a free lunch". Det er eit utrykk som er brukt for å vise at svært mykje av det vi tebnker på som gratis, i røyndommen ikkje er gratis i det heile tatt. Det er alltid nokon som betalar rekninga.
Her i Noreg tar vi for gitt at det skal vere gratis å gå på skule, køyre i ambulanse, bli behandla på sjukehus, låne bøker på biblioteket, å gå på ski i preparerte løyper på fjellet osv. Det same gjeld at vi skal få alderspensjon når vi blir gamle eller sjukepengar av di vi ikkje kan arbeide. Dette er ikkje gratis. Det kostar staten 800 milliardar kroner kvart einaste år. Det er også difor dei tek inn skattar og avgiter.

Olje og gass er ikkje fornybare ressursar. Dei er ressursar som brukes opp og forsvinn........Nei, beklagar. Eg blei litt lei no og eg er eigentleg ikkje sikker på om eg har mista perspektivet eller ikkje. Kva var det eg eigentleg skulle ta opp??? Av og til manglar det litt her oppe i knollen.......Sukk!
Spørsmålet var vel kvifor den norske velferdsutviklinga er så avhengig av handel med andre land. Sidan eg byrjer å bli lei av å skrive i kveld, skal eg prøve å hente meg inn litt til  slik at eg får ei brukbar avsluttning.

Noreg har ein svært open økonomi. Med det meiner eg at vi driv med handel med andre land. Omlag 50% av det vi produserer i landet vårt, selger vi til andre land. Det er det vi kallar for eksport. Slik er det andre vegen også. (Import). Omlag halvparten av det vi forbruker, kjem frå utlandet. Vi handlar mest med landa i EU-området, USA og Kina.
Uansett, eksport skaffar oss nødvendig kapital og import skaffar oss mykje vi treng for å "overleve". Hadde vi ikkje hatt handel med andre land, ville vi heller ikkje ha vore så rik. Kva skulle vi gjort med all olja om vi ikkje hadde hatt nokon å selgje den til?? (Olja er berre eitt eksempel, men også eit eksempel som det er lett å forstå samanhengen i sett opp mot kva eg skriv om).
Vi lagar mykje sjølv i Noreg, men langt frå alt vi treng. Slik det er no, er mange andre land med på å oppretthalde den gode standarden vi har i Noreg. Med andre ord skal vi vere takssame for at vi er så heldige at vi har handelspartnarar. Om eg ikkje tar heilt feil så har vel Noreg drevet med handel heilt sidan oldtida.

Det har vore ein lang dag og det er visst ikkje så lett å halde fokus. Jaja....... Hvis det er årsaka, så burde eg vel heller ikkje ha sotte meg ned for å skrive i kveld heller....... MEN det gjorde eg "lell".
Eg har nett vore på konsert med kulturskolane i regionen. Eg syns dei kom bra i frå det. Det ligg nok eindel arbeid bak heile prosjektet. Enkelte av songarane var kjempeflink (musikarane også sjølvsagt). Eg er glad eg valgte å gå. Det var vel verdt det. Det er ikkje så ofte det skjer ting her, så det er om å få med seg det som skjer. Ei triveleg stund med resten av bygda i salen.

Jada......eg er trøytt. Viss ikkje ville eg sikkert brukt superlativ etter superlatv for å skildre kor flink borna var. Eg er ikkje heilt der i kveld. Det går vel over til i morgon. Det er rart kva litt svevn kan gjere med eit menneske. Så då seier eg berre god natt og sov godt.

Hasta luego!

My heart missed a beat when I saw you <3

søndag 8. mai 2011

Sundag 8.mai i Herrens år 2011!

Det er sundag, det er 8.mai og det er flaggdag. Puh.....Det blei mykje på ein gong. Likevel, det har vel berre vore ein heilt vanleg sundag her hos meg. Litt trøtt.no osv. Med andre ord akkurat slik det skal vere.

Helga har vore bra. Det var gøy i festleg lag i går. Når mange spesielle folk samles, er det vanskeleg å ikkje ha det gøy. Eg trur forresten at eg har ei(n) eldre kollega av meg som må ha ein knalldag i dag med tanke på at ho mest sannsynleg tittar gjennom kameraet sitt i dag. Kva det eigentleg er eg siktar til, tør eg ikkje seie her, men det er nesten det beste eg har vore med på i løpet av dei siste åra!!
Sjølv hadde eg ikkje mindre enn tre toppar i går kveld. Det var jo då ei ny erfaring, men det gjorde det heile litt gøy. Om ein ser bort ifrå at eg måtte leggje inn årene allereie klokka eitt, sjølvsagt........ Akkurat det gjorde jo at denne dagen blei fin i alle høve.

Åååååh eg trur eg døyr.......Eg flire så det gjer vondt i magen. At det går an:=) "Einar" sit og ser fotballkamp, han er heilt uvitane om at eg sit og skriv her, og akkurat når eg har skrive om kameraet til "T" om knalldagen ho må ha idag, presterer han å seie "Ehhh, du Beathe? Æ trur du må be ho "T" om å slette det der bilde du veit. Skikkeleg usikker, halvt nervøs for at andre skal få sjå biletet av ho, prøver han å overtale meg til å få ho til å slette det. Sukk.....Så søtt:. NEVER!! Aldri i verda. Eg håpar ho legg det til bakgrunnsbilete på skjermen sin berre for å vere "troillåt". Haha..... Nei, ein slettar ikkje eit glimrande bilete. Så grei kjerring har han ikkje at han slepp billig unna. Han kan leve ei stund i uvissa.
(Kanskje det er telepati? At han spør om det akkurat når eg nemner det her.....). Jaja...stakkars mann.

Ein skal vel eigentleg halde kviledagen heilag. Er det ikkje så?? Her har den vel vore alt anna enn roleg. Plenen har endeleg fått litt pleie i form av litt raking (skal ikkje ljuge på meg heile plenen......men store deler), skulearbeid og ellers litt rydding. Eg syns eigentleg at eg har vore ganske effektiv idag, eg:=)
I tillegg fekk eg meg ein fin traskartur no i kveld. Med musikken i øyret, var det deileg å gå langs havet og berre nyte kor fint det var utover fjorden og oppover "fjellsidene". At det kom nokre få regndråpar gjorde ingenting. Det var berre godt det også.
I dag høyrde eg mest på nokre låtar eg brukte å høyre på for ei stund attende. Det vere seg låtar som "Rendezvous", "Hearts of stone",  "I wanna marry you", "Tør du sats alt" og "Sånne som oss". Det er fine låter alle saman. Ellers er eg veldig "glad i" ein song som heiter "Why do you do it?" med Toni Child. Akkurat denne låta er ikkje slik at eg kan draume meg bort slik som i dei andre. Denne låta er meir ein seriøs song som tar for seg litt av livets bakside for enkelte. Likevel, det er noko med låta, trass i at den er sørgeleg, som gjer at eg likar den. No er det jo også slik at Toni Child har ei litt spesiell stemme. Det blir meir slik at anten så likar ein ho eller ikkje. (Ingen mellomting med andre ord).

Oisann......Eg trur kanskje eg har sotte her i over fem minutt utan å skrive eit einaste ord. Ikkje veit eg heilt kor eg har vore, men eg "vakna" plutseleg av at eg stirra på skjermen. Creepy......, men sikkert heilt normalt?!
Det er kanskje eit teikn på at eg burde leggje meg for kvelden. Det ville i så fall ikkje vere så dumt. "Pengemannen" av Anne Holt ligg nemleg på nattbordet og ventar på meg. Eg har x antal sider att å lese, så det vil jo bli velbrukte minutt då.
Eg er ikkje heilt sikker på kva eg syns om boka. (Om den er god eller ikkje). Joda, den er god, men av og til så syns eg den blir litt "rar". Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre det, men innimellom syns eg ikkje den er så bra, for så like etterpå like den att. Eg skal i alle høve lese den ferdig. Så får eg heller gjere meg opp ei meining etterpå det. At eg er litt usikker kan kanskje ha samanheng med at eg syns det er vanskeleg å hengje med på kva som eigentleg skjer. Eg er komen til s.120(??) eller noko i det høvet. Etter så mange sider er det litt rart at eg enno ikkje heilt har fått taket på kva den eigentleg handlar om. Det skjer så mykje omeinannan at eg ikkje heilt klarar å følgje heilt med. Kanskje det berre er meg?? Sikkert:

I morgon er det måndag og ny uke. Det er berre litt over tre uker til eg skal til Kroatsia. Tida går fort og eg gler meg masse!!

Hasta luego:=)

I wanna rendezvous.
Just me and you.

fredag 6. mai 2011

Ich freue mich:=)

Så var det helg! Fredag, seier dei. Så då er det vel berre å tru på det då:=) Så synd........... I følge horoskopet mitt (som eg sjølvsagt trur 100% på), skal dagane mine rett etter helga bli fylt av romantikk. Gjett om eg gler meg!??! Ukens motto blir "grip kjærleiken". Så det lover godt for min del. Lurar på kven den heldig utvalgte blir.....Hm. Ops.......Sa eg det?? Shit!! Thihihhi..............Jaja:=)
Eg har no tenkt å gjere fleire sprell innan den tid! Så sånn er det.

Akkurat no har eg nok med å glede meg til i morgon. Då skal eg i 40-årslag...ops....sorry. Det var ikkje meininga å vere frekk. Eg skal sjølvsagt i "siste dag i trettiåra-lag". Det var slik det var. Viktig forskjell, det! Uansett, det blir gøy. Litt jordbærdram og festen er i gang:=)
Eg har i alle høve pønska ut litt djevelskap. Eg fekk ferdigstilla prosjektet mitt i dag, så det blir bra. OG ja, eg veit at "jubilanten" mest sannsynleg les dette, så kvifor vere så dum og avsløre det??????
Vel, no er det eingong slik at det er umogleg å tippe på kva det eigentleg er eg har styra med. Eg har holdt det hemmeleg, så ingen kan avsløre meg:=) OG "jubilanten" er uansett førebudd på at noko djevelskap blir det. Hallo??? Det er jo meg det er snakk om! Trur ho ville vore meir forbausa om det ikkje kom noko som helst:=) (Lurar eigentleg på kvifor. Eg er jo snill som eit lam).

Så først fest, så romantikk.....Kva blir det neste? Lotto!! JA, eg vil bli lottomillionær! Eg hadde vel passa godt som det. Ordtaket er jo at lottomillionærar ikkje er som alle andre. Eg kan vel trygt seie at eg ikkje er som alle andre!?????!!!! Hahhaahahahahaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaa.
Om eg har lite å gjere?? Tja, eigentleg. Det er forskjell på burde og ikkje gidde. Samtidig får eg jo høyrt på ukas song.
Eg har vore åleine heile uka og har høyrt den x antal gonger. Han der artigkaren eg bur med,  kom heim i går. Allereie no er han luta lei songen. Han har berre høyrt den sidan i går....... Den er nok blitt spelt eindel gonger, ja. "I wanna hold you till  I die". I'm to romantic......Help me. (Det siste er ikkje med i songen....That's only me).

No skal eg sitte meg ned og lese "Jeg er mye tryggere nå" (Siri Kalvig), "Dette gjør alle vakre" (så bra), "Er han sexavhengig" og "Dronningen av drama". Kanskje eg får litt påfyll her oppi topplokket. Alltid bra med litt ny informasjon. Eg blir nok å abbonere på blad til evig tid. Kva skulle eg gjort utan??

I look forward......:=)

onsdag 4. mai 2011

Onsdag 4.mai.

Så var det onsdag att og og "svømmegruppa" skal ha sin siste gong i bassenget for denne sesongen. Borna er meir motiverte for å vere ute og slå ball eller sykle. Så her sit eg og berre ventar på at klokka skal skunde seg litt meir. Det er liksom ikkje noko tid til å finne på noko særleg før vi skal gå, men likevel nok tid til at tida går litt for sakte:)

Eg har laga meg sjølv eit lite problem. Det gjorde eg i går kveld. Ikkje eit problem av særleg betydning, men dog nok til at det kan stjele for mykje tid og tankar av meg. På laurdag høyrde eg ein nydeleg song. Eg var ein snartur innom hotellet og songen eg høyrde har eg rett og slett aldri høyrt om før. (Det er ingen ny song......). I går kveld sat eg her og prøvde å søke på ord som hadde med songen å gjere. Ikkje snakk om at eg fekk nokon som helst treff. Difor sendte eg likesågodt ei melding til ho som song den songen på laurdag. Ho hugsa godt kva song det var og eg fekk tittelen. Herleg, tenkte eg, og søkte den opp umiddelbart. Det er der problemet ligg. Sidan meldinga tikka inn på mobilen mi har eg sikkert spelt songen over 50 gonger. Eg trur ikkje eg tar i då. Heller motsatt. Eg klarar ikkje la vere å høyre på den.
Eg høyrde på den heile kvelden i går, i morges, medan eg sat og retta stilar og akkurat no. Eg er rett og slett hekta. Slik det er no, trur eg kjem til å ta lang tid før det går over. Det blir akkurat som med meg og forelsking. Er eg bergtatt så er eg det i evigheiter. Eg trur eg er forelska i denne songen!!!
Det er mange som syng songen og det fins dårlege versjonar. Eg har leita opp "Best of Olivia" (Olivia Ong). Det er kun ein gitar som kompar songen. "You ask me if I love you........" Sukk......... Eg er oppslukt allereie i første setning. "I wanna hold you till I die".  Eg fann den først i går og no er det ikkje langt unna at eg kan den utenat.
Songen heiter Sometimes when we touch. Som sagt fins det mange dårlege versjonar. Denne må høyres med ei som gjer den bra, ergo Olivia Ong.

Jaja.......problem og problem. Hovudet mitt er i alle høve fylt opp med tankar rundt songen. Eg kan spele litt gitar, men langt ifrå at eg vil klare å lære å spele den slik som denne gitaristen. Kanskje den blir fin med piano? Det er vel verdt eit forsøk. Berre om at eg finn akkordane:=) Viss det ikkje dukkar opp ein draumemann med gitar rundt nakken, då! Hehe....... Det hadde vore noko.

Sjå der....Klokka er blitt fem. Flotte greier. Det er berre å hive seg rundt så minstemann får seg litt svømmetid. Kvelden er enno ung når eg kjem heim att, så det er vel ingen tvil om kva kvelden min går med til. Jaja, eg har ingen å ta hensyn til i kveld så det går berre lekkert:=)

"And sometimes when we touch....... I wanna hold you till I die".

tirsdag 3. mai 2011

WOULD YOU LAY WITH ME IN A FIELD OF STONE


IF MY NEEDS WERE STRONG, WOULD YOU LAY WITH ME

SHOULD MY LIPS GROW DRY,

WOULD YOU WET THEM, DEAR

IN THE MIDNIGHT HOUR,

IF MY LIPS WERE DRY

WOULD YOU GO AWAY TO ANOTHER LAND

WALK A THOUSAND MILES THROUGH THE BURNING SAND

WIPE THE BLOOD AWAY FROM MY DYING HAND


IF I GIVE MYSELF TO YOU

WOULD YOU LAY WITH ME

IN THE STREAM OF LIFE

WHEN THE MOON IS FULL,

WOULD YOU BATHE WITH ME

WILL YOU STILL LOVE ME,

WHEN I'M DOWN AND OUT

IN MY TIME OF TRIAL,

WOULD YOU STAND BY ME

WOULD YOU GO AWAY TO ANOTHER LAND

WALK A THOUSAND MILES THROUGH THE BURNING SAND

WIPE THE BLOOD AWAY FROM MY DYING HAND


IF I GIVE MYSELF TO YOU

WOULD YOU LAY WITH ME

IN A FIELD OF STONE

IF MY NEEDS WERE STRONG,

WOULD YOU LAY WITH ME

mandag 2. mai 2011

Måndag 2.mai.

Så var det mai. Endeleg, vil eg tru mange meiner. Vi har så vidt entra månaden og forhåpentlegvis  har vi mykje å sjå fram til.
Akkurat no sit eg her i mørkret og har eit halvt auge og øyre på Wallander. Eigentleg er det eit ok program, men akkurat i dag fann eg det ikkje så grueleg interessant. Data og tv på ein og same gong. God kombinasjon.......
Jada, eg har det heilt mørkt rundt meg. Ikkje av di eg er redd for å bruke straum. Langt i frå:=) Latskapen lenge leve. Om eg vil ha det lysare, må eg lette heile meg ut av den ekstremt gode sittestillinga i sofaen. Eg må nok innrømme at eg har lite lyst til det. Her har eg vore dei to siste timane og her har eg tenkt å vere den neste timen! Det er deileg med slike kveldar også.
Med den eine i seng og den andre på hytta, er eg rett og slett heilt min eigen sjef.

I går var det ein fantastisk fin dag. Vèret viste seg frå si beste side. Borna storkosa seg ute store delar av dagen og etterkvart blei det 1.maitog for dei som ønska det. Det har vel aldri vore det lengste toget, men likevel.......vi skal ikkje gløyme kvifor vi har nett denne dagen. Slik det er no, verkar det som om datoen har utspent si rolle, men sanninga er at det framleis er mykje å kjempe for. Det er berre mangel på folk som gidd å kjempe.
No veit ikkje eg kor mange som var og høyrde på talen i går. Om eg skal ta utgangspunkt i dei eg såg gjekk i retning av "Gammelskola", så kan eg trygt seie at det ikkje var mange. I utgangspunktet syns eg det er veldig "trist" (kanskje eit dumt ord...) Oppslutnaden burde ha vore mykje større.
Kven er eg som kan ytre sllikt. Eg var der jo ikkje sjølv eingong. Eg vurderte det, men det enda med at eg gjekk heim. Eg er ikkje betre enn nokon som helst andre. Det betyr jo i utgangspunktet at eg bryr meg akkurat like lite som andre. Det hjelper ikkje kor mykje dårleg samvit ein får. Ein vel det jo sjølv.

Ellers blei gårdagen brukt til å rydde bort siste rest etter pappa. Det er gått over to år no og det er på tide å gje slipp. Det er mykje klede som no blir vraka. Eigentleg burde vi ha gjeve det til frelsesarmèen. Eg er ganske sikker på at han ville ha ønska det om han hadde fått bestemt. Slik blir det ikkje. Eg hiv dei. Enkelt og greitt. Eg må ha det ut av systemet.

Dagen i dag har forsåvidt vore like fin som i går. Ettkvart som timane gjekk, blei det berre betre og betre ute. Det er ikkje mange som klagar på det.
 I eit slikt vèr, var det kjempedeileg å ta seg ein sykkeltur. Vi sykla oss ein tur ned til båthamna i kjøpsvika. Det er mykje gøy ein kan helde på med der. Blant anna var vi ein tur utover flytebrygga. Då vi kom til skiljet mellom dei to ytterste bryggene, måtte vi snu. Mellomrommet mellom dei var så stort at det ville vore risikabelt å prøve å hoppe mellom dei. Det verste er at Steffen faktisk vurderte det. Hadde eg sagt at det kom til å gå bra, ville han rett og slett ha prøvd. Sjansen for at han ville fått seg ei våt oppleving var vel på over 90%. Born kjenner vel ikkje si eiga begrensning!?! Uansett, det burde vel kanskje ordnast opp i?? Avstanden mellom flytebryggene, meiner eg.
Ein "lang" sykkeltur måtte jo sjølvsagt avsluttast med is i godvèret. Han valgte sjølvsagt den største av dei alle:=)
Kvalitetstid..........

Tv'n blei visst eit forstyrrande element likevel. Det er gått riktig så lang tid, og er er her enno. Konklusjonen blir då at tv og data ikkje er så god kombinasjon likevel. I alle høve ikkje effektiv.
Jaja.......Ikkje verre enn at eg bør skjønne at no er det nok. Han som ligg der inne på puta til "ho mamma" har sikkert breia seg utover (midt i) senga. Det er nok den beste føremonen med å vere heime åleine med meg. Då kan han tilbringe heile natta i verdas beste armar. (Og eg kjem til ei varm dyne).

I morgon er det ein ny dag, forhåpentlegvis like bra som denne. Då blir det sikkert kos med litt øving.
Ha ei fin natt. Det har eg tenkt å ha:=)

Hasta luego.