tirsdag 21. februar 2017



Eg er "glad" for at Rema står for det dei sa i fjor om at dei ville boikotte påskeegga frå Freia i år dersom dei ikkje fjerna palmeolja frå produktet, MEN gud betre kor glad eg er for at eg sjølv ikkje har lova det!
Ja, eg veit.......det er  lenge til påske og altfor tidleg at butikkane tar dei inn for salg. Eg kunne likevel ikkje la vere, for dette er egg som smakar vanvittig godt! Det er vel inga tvil om at eg allereie har starta på min pakke. At sjølve sjokoladekartongen er borte frå dette omslaget tyder berre på at første egg er fortært. I morgon er dei vel borte, alle fire. :=) 

Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg (i det siste) har tenkt "kor lite interessant som skjer i verda for tida". Hovudstadsavisene...... Avis/magasin-artiklar som blir delt på facebook. Der er verkeleg mangel på filter innimellom. Sjølv i slutten av februar 2017 er det mange som ikkje har klart å skilje ut dei mest kjente propagandasidene frå dei seriøse. Og dei deler i hytt og pine og skriv rasande kommentarar som om det skulle stemme med den verkelege røyndomen. Folk engasjerer seg, noko som er vel og bra, berre at ein kanskje burde bruke energien på å ergre seg over realitet før "tullesider". 
Når hovudstadsavisene har mangel på saker, ja då skriv dei om Gørild Maurseth som bestilte egg i kantina medan ho var i Russland. Uttalen var litt rusten, så sjølv om dei ansatte skjønna at det var egg ho bestilte, utalte ho ordet litt feil og ba eigentleg då om "ballar". 
Beklagar så mykje Gørild, men dei gongane eg har omtala tekstiklar, ja då har eg aldri vore så heldig at det har blitt nemnt i ei riksavis. Så sorry om eg kan virke hårsår. 

Enn Mariusen då?? Stakkars gut. Det er vel ikkje så mange som blir samtala om slik som han vil eg tru. Fok tar heeeeeilt av. Er det meininga at eg skal la meg provosere av at han er avbilda med resten av familien sin? Spesielt når dei har kutta ut Ari-boyen....... For det er ikkje måte på kor det argumenteres for at han er like stor del av familien som Marius. Han er trass alt far til borna hennar Märtha. 
Mette-Marit har jo bedt pressa om å ikkje behandle han som ein offentleg person! Kvifor skal han då vere eindel av eit offentleg bilete av kongefamilien? 
Folk burde verkeleg stikke fingeren sin i jorda og selge unna den høge hesten sin. Det må altså vere mange steborn som føler seg uønska rundt om i landet. Når den eine etter den andre sleng ut at han ikkje er eindel av storfamilien til kongen........... 
Mette-Marit er ein sentral person i denne familien. Ho har tre born. Det er det ingen som kan ta frå ho. Skal ho stille seg opp til pynt på eit familiebilete og samtidig seie "beklagar son, du er nok ikkje eindel av denne familien". Kronprinsen valgte prinsessa med heile sin pakke. Noko anna ville vere tåpeleg. Sjølvsagt skal Marius vere med på nokre av bileta til den norske kongefamilien sjølv om han ikkje har eit ønske om å vere ein offentleg person. Han er ikkje kongeleg, men han er familie. 
Hadde eg blitt bedt om å utelatt eit born, ja då hadde eg tatt hatten min og gått. Det er lett å ofre ei "krone" for sitt eiga born. Det syns eg eit born har krav på. 
Smålige folk er det nok av. Det verste er at dei "står fram" med haldningane sine offentleg...... med fullt namn. Ordlydar har eg utelatt av den enkle årsak at mange av uttalelsane har vore langt over linja. Eg håper ingen av dei som har vore kvasse har same yrket som eg. Er det noko det fins mange av i dette landet, er det steborn. Det siste dei treng er ein lærar som møter seg sjølv i døra når han/ho skal snakke om dagens kjernefamilie. 

Monsen......Lars... What a man! Eg veit ikkje heilt om eg skal kalle han macho eller gal. Eg tvilar på at eg klarer å konkludre med noko som helst. At han gjer alt for å nå sine mål, tja det er det vel ingen som kan lure på. 
Om eg har mareritt, innbefattar det gjerne at tennene mine dett ut. Først løsnar dei litt....såååå kjem dei ut ein etter ein. DET er det verste eg kan drøyme. Heldigvis skjer det maks ein gong i året, men eg syns det er like uhyggeleg kvar gong. Lars Monsen derimot....... han sørger for å få trekt ut dei friske tenna sine! Berre for å få kunne dra langt inn i "bushen"!! Kor er logikken? 
Joda, eg veit at dersom det oppstår betennelsar og slikt midt inni gokken, kan det bli ille. Likevel er det jo ganske creepy å frivillig få trekt ut tenna sine. Fins dei, dei menneska som syns det er normalt? Greit nok å få gebiss den dagen ein treng det, men ein mann i sin beste alder.....med fine tenner.... Say no more. 
Mine mareritt er hans glede!

Fifty shades...... Eg har ikkje sett toa enno, men eg skal. Ikkje av di det er så vanvittig bra film (og bøkene var ikkje den beste litteraturen), men det er no rart med det. Har ein lest bøkene, nøyer ein seg ikkje med film nummer ein. At folk klarer å medbringe agurkar til premieren klarte også å få spalteplass i avisa. Som om nokon skulle ha brukt dei. Dei er nok lemna der for å oppnå merksemd, og det klarte dei jo. :=)

Enkelte som uttalar seg i desse dagar er kjempebekymra for oss av det svake kjønn. Ja, det fins faktisk dei som ser på oss som det enno. 
Det er synd i oss. Kjempesynd! Vi skjønnar jo ikkje at ved å sjå denne filmen kan vi få eit feilaktig inntrykk av kva som er greit og akseptabelt kontra det som ikkje er det. Vi kan ta skade av den. Rett og slett. Den kan føre til at vi trur det er greit å bli handsama slik Anastasia blir i filmen. At det er normalt at kvinnfolk blir undertrykt. 
Ikkje minst kan filmen føre til fleire valdtekter. Menn vil lettare kunne falle for freistinga og valdta eit kvinnfolk etter påverknad av filmen. Den kan påverke nokon til å "tru" at det er slik det skal vere. 

Det er då eg seier "jeeeezes"! Kor toskåt trur enkelte at vi er. Tenk å nedverdige oss til det punktet at dei ikkje har høgare tankar om oss. Hadde ein nistirra på slike filmar dagleg.....så kanskje. 
Viss eg i ein alder av over førti plutseleg skulle legge om stilen av di eg har vore på ein kino?! 
Å sjå Fifty shades kan nok ikkje samanliknast med det å sitje foran ein PC-skjerm og spele valdsspel dag etter dag. 
Og den mannen som valdtar etter å ha sett filmen...... Han hadde valdtatt uansett, for han kan ikkje vere riktig god. Han vil vere ein såkalla idiot som ikkje veit att fram på seg sjølv. (Ja, eg veit at det er stygt å kalle nokon for det, men eg trur ikkje nokon vil gje meg så mykje pes for det likevel.)

Kva ein skal kalle han som ringte 112 (politiet for dei som ikkje er opplyst) fordi han følte seg urettmessig handsama av vinmonopolet heile 15 gonger, for så å bli anmeldt sjølv (av politiet)......... veit eg ikkje. Det var i alle høve ikkje særleg smart å gjere det. Eg tenker han angrar seg no.

At Trumpen ikkje blir nemnt er av di eg ikkje ønsker å gje han gratis spalteplass. Alle andre ser ut til å meine noko om han, så eg tenker at då slepp eg unna. Han får ikkje "likes" av meg uansett om det som står er positivt eller negativt. 
Eg reknar med at han aldri står heime i stova hos meg, så då er han ikkje så interessant heller...... Eg er ikkje så glad i hentesveis! 

Ha ein fortreffeleg kveld og uke. Kanskje vi ses straks. No skal eg slappe av i "gressenkemodus" ei god stund framover, så då er det vel sikkert ein sjanse for at det kan bli så kjedeleg at eg forvirrar meg inn her. 

Hasta luego.
IWALY!