søndag 31. januar 2010

Oh, so boring!!

Uff, eg er så dårleg på å ikkje vere i slag. Då hjelper det ikkje særleg på at det mest spanande som skjer her i huset er at far og son krangler om kven som skal ha tv'n. Ein vil sjå fotballkamp og ein vil sjå teikneserie. Så kan jo du som lesar tippe på kven som vil sjå kva.....:=) Hehe.
Eg for min del er så sur på heile tv'n etter å ha sett "Greys" på tysdagen. Det er den værste sesongavslutninga eg nokon gong har sett. Det er jo meininga at ei sesongavslutning skal slutte på ein spanande måte slik at vi berre skal gå å gle oss til neste sesong. Vel, slik blei det ikkje i dette tilfellet. Eg var så lei meg og provosert etter å ha sett episoden og eg har absolutt ikkje lyst til å sjå fortsettelsen. Det var så trist så trist!! Mange tårer, ja.....

Sjølv om eg ikkje har så stor interesse for tv'n for tida så har eg fulgt nok med på nyheitene til at eg har fått med meg at Krekar sin familie er blitt beskoten. No blir dei skjerma frå farer av politiet. Ikkje det at eg har brukt så mykje tid tidlegare på å gjere meg opp ei meining om han som person, men eg har då vitterleg fått med meg at veldig mange trur han er ein trussel for rikets tilstand. Litt komisk då at nettopp riket må ta ansvar for han no.
Denne skyteepisoden er visst berre ein av mange her i landet i desse dagar. Eg ser med skrekk på framtida dersom det ikkje roar seg litt snart.
Eg har ein elev som på fredag sa at vi faktisk er avhengig av kriminalitet for å ha eit politi. Eit land utan kriminalitet treng ikkje særleg mange politifolk. Då ville mange blitt arbeidlause. Sant nok....... Trur kanskje eg likevel vil påstå at denne kriminaliteten vi "ser" for tida er i meste laget.
Då eg vaks opp høyrde eg om skyting ein einaste gong. Det var faren til ein venn av meg som blei skoten. Det var derfor eg fekk vite om det. Då var eg 8 år.
I dag trur eg det er mange born som høyrer om skyting og overfall dagleg. I alle høve kvar veke. Skremmande spør du meg!! Det skal bli vanskeleg å få orden på alle problema. Om det kjem aldri så mange politifolk, om det blir aldri så mange fengselsplassar, så trur eg dei aldri vil få bukt med kriminaliteten. I tillegg kan ein tenke seg til at det er folk blant politiet som er korupte. Kven kan ein eigentleg stole på?? Kor lang tid vil det ta før landet vårt følger etter og i stor grad blir "styrt" av mafia på ein eller annan måte? Eg berre spør..... Eg har ingen kjennskap til mafia og liknande, men eg veit at dei har stor makt i mange land.
Om ein ser på mange av hendingane dei siste åra, så viser det seg at fleire og fleire bruker trusslar for å tvinge gjennom det dei ønskjer. Får dei ikkje viljen sin skal dei sprenge det og det.... Joda...Trur det er grunn nok til bekymring for at også det vil bli tilfelle her til lands, om ikkje no så om år fram i tid.

Mange skyt av di dei er i konflikt med dei som dei skyt. Kva då med alle dei som skyt eller overfaller av di dei høyrer stemmer eller av andre grunner ikkje er tilregnelege. Det er jo eit faktum at det er fleire og fleire som blir psykisk ustabile eller rett og slett psykotiske.
Kor mange er det ikkje som har drept eller har prøvd å drepe berre av di samlivet deira går i oppløysing?? Eg skjønnar sjølvsagt at det er veldig vondt når eit samliv sluttar å fungere. Etter mange år ilag blir ein ganske avhengig av kvarandre. Likevel, drepe.....?? Ganske drastisk. Rett og slett vanskeleg å forstå.
Det er eit ordtak som heiter "Utan næring døyr kjærleiken". Det trur eg på...... Men dog er vi alle ikkje like. Spørsmålet er då: Er det nokon som er verdt så mykje at det er verdt å la livet sitt gå rett i "dass"? Vil ein heller ha ei ulukkeleg kjærring berre av di ein sjølv er redd for å bli åleine? Er ein så avhengig av kvarandre?? Eg berre spør......

Vel, plutseleg kjeda eg meg ikkje lengre:=) Det har jo gått litt tid med til å skrive dette, så då rakk den følelsen å bli borte. Deilig!!

Hasta luego amigos!!

31.januar 2010.

Så var det siste dag av januar. Månaden har gått rimeleg raskt. I morgon starter vi på den kortaste månaden i året. Om ikkje lenge er det sommar. Tida går berre raskare og raskare.
Denne månaden har det eigentleg skjedd ganske mykje. Det har vore nok å bryne hovudet på.... Det beste ved heile månaden er definitivt attendevendinga til sola. Det er berre så deilig med lysare dagar.

I helga har vi hatt seminar med musikken. "Queen rules" byrjer å sitte no, så då blir den vel med på konserten i Narvik i mars:=) Tre dager med øving gjer vel sitt også for amasjøren vår. Trur vi har hatt godt av det.
Sjølv har eg ikkje deltatt på heile seminaret av ulike årsaker. Fredagen måtte eg komme halvannan time seinare enn dei andre. Årsaka til det var ganske grei. Sidan Steffen har måtta holdt seg i ro pga sitt "lille" uhell på måndagen, har han vore heime med faren som eigentleg har gått og hangla litt (influensa). Ein liten gut var sjukt lei av å vere i ro på fredag. Derfor var han litt aktiv og det var ikkje noko særleg å høyre etter far sin. Resultat?? Dei gjekk kvarandre på nervane!! Trur dei begge to var ganske så glad å få meg heim frå arbeid då det blei tid for å ta helg. Fann ut at eg like godt kunne halde meg heime til at småen var ferdig stella og klar for seng.
Laurdagen var ikkje noko særleg. Ein influensasjuk mann hadde sjølvsagt smitta meg og.... Typisk. Det var berre å putte i seg paracet og komme seg i kyrkja for å øve. Klokka halv to var det nok for eit "sprengt" hovud, så då var det å kome seg heim og slappe av til kvelden. Det skulle jo sjølvsagt vere den årlege NPC-festen akkurat denne kvelden!! Typisk det også.... I alle fall: Eg kom meg no dit og gøy var det. Først åt vi god mat før det blei litt ompamusikk og seinare dansemusikk. Trur kanskje vi var rundt 80 mennesker på festen!?! Det var i alle høve veldig triveleg...sjølv om eg var den første som gjekk. Ikkje at eg gjekk så tidleg. I dag er eg glad eg ikkje tok det så hardt i går. Hovudet har nok plager om eg ikkje skulle ha dagen derpå-plager også. Hehe.....

I dag er det kjempeflott ute! Sol og greier.... Trur kanskje det var ca 12 kuldegrader og litt vind, men det var eigentleg berre deilig!! Eg burde vel ikkje vere ute, men det var sanneleg godt å få lufta seg ein liten tur. (Det var mest for å få tent nye lys).

No står middagen klar og venter på meg. Resten av dagen skal gå til avslapping før eg tar fatt på den nye månaden som forhåpentlegvis blir ein kjempefin månad med litt snø og sol. (Det kan godt snø litt så vi får skivèr).

I morgon er det ny arbeidsveke. Om ei veke kjem det studentar. Det er mykje å sjå fra til :=).

Hasta luego!

torsdag 28. januar 2010

Kva er det med oss nordmenn?

Kjenner eg blir heilt svett!! Puh.... Av og til lurer eg verkeleg kva det er med oss nordmenn. Eg trur rett og slett vi har det altfor godt.
Vend augene til Haiti. Der er det stor naud og elende. Dei har verkeleg fått kjent det på kroppen.
Likevel har dei aldri hatt større tru enn no. Aldri før har dei bedt til Gud om hjelp som nå. All motstanden dei har møtt har ikkje skremt dei frå å be.
Ikkje det at eg legg meg bort i om nordmenn ber eller ikkje.....men det er likevel eit lite poeng i det.

Ingen har det så bra som vi nordmenn. Vi er blant dei "heldigaste" i verda. Ingen syt så masse som vi. Det er jo ei falitterklæring!! Nei,.... vi er vant til å det meste vi ønskjer oss utan altfor mykje motstand. Det er ikkje lite materielle goder vi skaffer oss i løpet av livet. Vi, dei aller fleste, har så vi klarer oss og vel som det. Likevel klager vi på det meste., Alt skal gå på skinner, alt skal vere tilrettelagt. Mange seier "Det skal ikkje vere nødvendig at vi skal ha det slik vi som er eit så rikt land". Det er sikkert mange bra årsaker bak utsagnet. Ei av dei er sikkert dei lange sjukehuskøane berre for å ta eit eksempel. I Vg florerer det med leserbrev som angrip regjeringa. Har vi det ikkje bra?? Ja, vi er eit rikt land, og vi kunne sikkert ha gjort enkelte ting på ein betre måte. Det er mange ting å gripe fatt i, men spør du dei som i desse dagar er på Haiti vil dei ha ulike superlativ klare for å skildre oss nordmenn.

Det har blitt slik at vi har endt opp som egoistiske, sjølvopptatte og sytete nordmenn. Har vi gløymt kva forferdrane våres måtte gjennom? Vi skal jo vere takksame!! Vi har jo uendeleg masse å vere takksam for. Berre det at eg kan skrive det eg gjer her utan at eg vil bli henretta for det er ein ting eg kan vere takksam for. Det er ikkje noko som er sjølvsagt i andre land. Vi har ytringsfridomen. Det er sterke saker det med tanke på at ei heilt anna verd berre er nokre få timar unna oss.

Eg treng ikkje gå lengre enn til asylmottaket her i Kjøpsvik før eg kjenner eg blir stressa. For enkelte har det blitt så prinsipielt viktig å få viljen sin at dei går gjennom ild for å vise at dei har rett. Dei meiner at ikkje alle papir er i orden til å ta imot borna. Borna er byrja å kome.... Eg veit det er folk som har sagt dei kjem til å stenge det tvert on det dukkar opp nokon. Tankane om at det er 15-16-åringar som har komen er det ikkje rom for. Det har ikkje noko med saka å gjere om borna blir kasteballar...... Det som er viktig er at dei siste justeringane papirmessig må i stand og that's it. Ferdi med det!! Empati....Kva er det?
Born kjem frå krigsherja land og så skal nokre få kjøpsvikingar herse med dei. Kvifor?? Vi veit jo at borna kjem uansett. Om det er i dag eller i neste uke, kven er det som gidder å bry seg med det?
Åja...gløymte jo at vi er nordmenn som er oppfostra til å bli både sytepaver og få sydd puter under armane. Medkjensle med dei som ikkje har hatt det like enkelt som oss er langt unna. Men for all del......Det er ikkje berre eg som har ytringsfrihet. Alle har vel rett til å meine det dei vil. La det berre ikkje bli slik at ein må bli born att og kjempe for at ein har rett uansett kva.

Til dei som meiner dei ikkje er i nærleiken av å vere slik eg har skildra beklagar eg om dei føler seg støytt av orda eg har brukt. Eg er stygt redd at skildringane treffer bra på veldig mange av dei millionar menneska som bur i Noreg.

tirsdag 26. januar 2010

Sesongavslutning!!

Gjett kven som skal benkre seg foran tv-skjermen i kveld kvart på elleve?? Eller.... litt dumt spørsmål med tanke på at det vil ta si tid å liste opp namna til 3/4 av det norske folk. :=) Haha!
EG skal lime meg fast til den gode og deilige sofaen. Det er sesongavslutning for "Greys Anatomy"! Aldri i verden om noko skal kome i vegen for det!! Hvis ikkje han der dei kallar Ask plutseleg skal slå til for fullt og øydeleggje signala. Tipper det blir mange sure sjeler her i bygda då.
Eg må innrømme at eg tykkjer dei siste episodane har vore litt triste og i overkant ekle. Det fins ei grense for kor mykje blod hovudet mitt treng å fyljast med. Trur nok det er Izzy som får mest sympati hos folket for tida. Tenk det!! Ein filmfigur gjer oss den virkninga at vi både fell nokre tårer og lever oss inn i det som om det skulle vore ein av våre eigne. Ei merkeleg verd skal vite.

I utgangspunktet er eg veldig glad i handball. Som tidlegare handballspelar har eg vore vant til å sjå dei fleste handballkampane som Noreg speler i mesterskap (i hovudsak kvinner). I si tid var eg veldig ihuga. Men.....livet har fått andre dimansjonar enn då vi trena og trena heile tida. Det var ei bekymringslaus tid då tankane kun var "egoistiske" og ein sjølv var i sentrum. Det var om å vere best til einkvar tid. Den tida er over. Det gjeld den ihuga interessa for handballen og. Spesielt når mannfolka speler.
Det er som i fotball.....dørge kjedeleg å sjå på at kvinnfolk speler. I handball er det ikkje noko særleg å følge med på desse mannebeina som spring der rundt på bana. Ikkje slik å forstå at eg ikkje ser nokre av kampane....eg er berre ikkje avhegig av å sjå dei.
Oisann......Der kom visst den eigentlege problemstillinga fram. Handball akkurat no er ikkje favoritt av den enkle grunn at då blir alle andre program flytta (les mine program), og det til seinare tidspunkt. Det er ikkje ideelt å sitje oppe og vente ein time ekstra for å få med seg blant anna "Greys" (sjølv om det er verdt det). Det betyr ein time seinare i seng og ein time trøyttare dagen derpå.
Så mi bøn blir då: La sporten få ein heilt eigen kanal der alt av sånne program sendes. Så får det bli opp til den enkelte familie å krangle om kven som skal ha tv'n. Den sterkestes rett. (Bak eitkvart mannfolk står det ei sterk kvinne! Det er det som er ideologien). Eit mannfolk får ikkje viljen sin så lenge dei sender "Greys". Ferdig med det! Trur eg har mange med meg på det :=)

Uansett! Ask, held deg borte i kveld. Eg skal sjå sesongavslutninga som eg forventer blir kjempespanande. Så har vi noko å gå å gle oss til i vente på at dei skal starte den nye sesongen litt seinare.

mandag 25. januar 2010

Ei mors bekymring.....

Eg har eigentleg vore ganske heldig. Eg har vore spara for det meste når det gjeld sonen min..... Men slikt varer aldri evig. Det ville i så fall vere naivt å tru:=) Når det først skulle slå til, slo det til for fullt.
På fredag då eg kom for å hente han i bornehagen, hadde han fått ein gjenstand midt mellom augene. Litt sår på kinnet og hoven mellom augene blei han med meg i bilen for å køyre på hytta. Bilturen var ikkje av dei beste. Han surka eindel og ville berre kle av seg ALT av klede. Han ville ikkje eingong ha is på ferga.....
Laurdagen skulle han hjelpe meg å bake sjokoladekake. Då vann han ikkje på å smake på den heller. Ikkje orka han å "herje", og ellers var det dårleg med matlyst. Sundagen var han endå ikkje i form, så konklusjonen min er at eg trur han fekk seg ei lita hjernerysting. Sånn som skjer.....

I dag ettermiddag, tre dagar seinare, får han endeleg lov til å gå ut å leike i snøen. Lykkeleg for at han blei henta ut av naboungane og to "storunga" som skulle passe på, for han på skolen for å ake. I mellomtida heiv eg meg rundt for å lage til rundstykker og varm kakao til det skulle kome attende.
Etter ei lita stund høyrde eg plutseleg nokon på trappa. Joda.....då var det dei som kom heim. Det var berre det at årsaka til det var ein blodig, liten gut på fem år som hadde vore uheldig.
No er det jo ofte slik at det mange ganger kan sjå verre ut enn det eigentleg er når det piplar eindel blod. Eg skjønna likevel at her burde det koplast inn ein lege. Snille legen vår stilla opp sjølv om ho ikkje hadde vakt.
Det viste seg at ho meinte han burde sy haka, men ein liten gut syntes ikkje at det høyrtes så spanande ut. Eit plaster måtte vel vere nok :=) Det endte med at han blei stripsa litt ekstra og i tillegg plastra litt utanpå stripsinga. Avtalen han då måtte inngå med legen, sidan han ikkje ville sy, var at han i fem dager skulle prøve å ikkje prate så mykje, la vere å gape, drikke med sugerør og spise små og lettspiselege bitar. Han skal med andre ord halde seg mest mogleg i ro. (Ikkje så store rørsler på hovudet).
Sidan han er i slekt med meg trur eg kanskje det kan bli litt vanskeleg å vere stille i så mange dagar. Vi får vere optimistiske...... Han veit følgene om stripsene løsner.

Akkurat no ligger han og sover i storsenga. Det er jo klart at han må få ligge med "ho mamma" når han er skada:=)
Han er heldigvis ikkje den som klagar......det skal han ha!

Eg håper i alle høve at ikkje ordtaket "Alle gode ting er tre" gjer seg gjeldande denne gongen....hehe.

onsdag 20. januar 2010

Ny song..... :)

Min nye ballade heiter "Maybe".

I saw you yesterday
and it was good
You smiled at me
and that made me grow.

Everytime I see you
I want to tell you all
But something in me
needs to keep it safe.

Maybe I'm just afraid
It scares me more than death
I'm just a silly girl
I know what I want
but I need to keep my back upright.

So, I don't know how to tell you
I'm afraid I will loose
whatever I end up to choose.

It would have been easier
if you felt the same way
I'm afraid you will tell me
you don't like me at all.

Mabe I'm just afraid...........

tirsdag 19. januar 2010

Så ser vi snart sola.......

Endeleg!! No går det mot lysare tider og det fort. I går såg vi strålane frå sola der vi satt og prata på arbeid. Det var sterke stråler som lyste mot oss. Eg tenkte at no er det ikkje lenge før vi ser sola på ordentleg. Skuffelsen var nok litt tilstades i morges då eg vakna og såg at det var overskya. Ikkje i dag..... Det blir nok ikkje i morgon heller.
Eg håper det ikkje er lenge til vi får gleden av å nyte ho, sjølv om det berre er for ein liten halvtime. Den gjer så godt både for kropp og sjel.
For mange betyr det håp om betre dagar. Ikkje alle taklar denne mørketida like godt. No kjem dei gode dagane attende!

Det er eigentleg litt rart kor avhengig vi som menneske er avhengig av denne sola og lyset..... Slik er det vel med det meste. Det er nok ikkje berre vi som treng lys. Det var jo sola i si tid som sørga for den første veksten her på denne "vakre" kloden. Det er heller ikkje tilfeldig at det er så mykje mindre skog her nord i forhold til resten av landet. Klimaforholda her, med hovudvekt på kulde og lys, gjer sitt til at vekstforholda ikkje er optimale. Det er nok sola som gjer oss livsgrunnlag!!

Borna går berre å ventar på solfri. Etter lang tid med mørke er det mange som gler seg til å sjå sola. Solfri er stas!! Trur dette er ei ordning som har vore i veldig mange år...!?! Det er ei positiv oppmuntring til borna. I størst grad gjeld dette dei minste... Eg er stygt redd for at dei eldste ikkje har nokre planar om å tilbringa stunda ute i sola. Dei er berre glad for å få litt fri (dei fleste av dei).

Uansett.... Om sola er borte eller ei så er musikken alltid tilstades. Skal ein då klage? :=) Uansett kor trøytt ein er for tida så er det alltid gøy å spele. <3 Eg har faktisk vore på musikkøving i kveld.

I morgon trur eg kanskje eg skal byrje å lese i den nyaste boka eg har kjøpt, "Saras nøkkel". Det er ei bok eg blei tipsa om......så får eg sjå om den innfrir.

On my own, pretending he's beside me.........

søndag 17. januar 2010

Kvifor snakkar vi ikkje likt?

Vi bur alle i same land, men vi snakkar veldig ulikt. Kva vil det eigentleg seie å snakke norsk? Kvifor heiter det morsmål?
Vi bur i eit langstrakt land der det før var store avstandar og vanskeleg terreng mange stader. Det gjorde i si tid til at ein ikkje hadde noko særleg omgang med andre enn naboane sine. Det blei veldig isolerte forhold. Denne isolasjonen førte til at det utvikla seg lokale talespråk. I dag kallar vi det for dialekter. Korleis kan vi då enkelt forklare ordet dialekt? Dialekt er den måten folk snakkar på innanfor eit geografisk område. Områda er ikkje store. Berre her i Tysjord er det bra mange dialektforskjeller. Det er berre å lytte etter korleis ordet "eg" uttales blant innbyggjarane i kommunen.

Dei ulike dialektene er ikkje til hinder for at menneska her i landet skal forstå kvarandre. Dei aller fleste er vane med at folk snakkar ulikt. Det gjer dei også både på tv og i radioen.
Det vi opplever i dag er faktisk at ulikskapane blir mindre og mindre. Mange stader skjer det ei tilnærming til kvarandre. Utviklinga i landet har ført til at folk flyttar meir på seg. Dialekter bli menga med kvarandre. Vi får ei utvasking av dei "ekte" dialektene.

Eg som er vakse opp på vestlandet skarrer på r-en. Eller...... ikkje i den grad eg gjortde det før. Eg prøver å tilpasse meg rulle r-en dei har her. Stort sett går det bra, men inni mellom høyres det og litt rart ut. Det som er litt komisk er at det er lettare å skarre enn å rulle. Det er det fleire og fleire som oppdager. Utviklinga går i den retninga at fleire og fleire skarrar. Det blir skøy å sjå om heile den nordlege befolkningen hiv seg med på bølgja:=)

Det har seg no eingong slik at språket er ein del av identiteten vår. Det viser blant anna kva sosial gruppe vi er knytta til. Kven identifiserer vi oss med? Alder, vener, interesser og miljøa vi ferdas i er med på å forme oss og påverker talespråket vårt. (Det verste eg veit er den dialekten dei gamle "fine" fruene i Bergen snakker).

Det nye er "Kebabnorsk"! Litt av eit ord..... Det er talespråk som oppstår i miljøer der ungdom med ulike morsmål menger seg . Austlansdsungdom bruker ord som : bæhmen = kompis, gerro = sigarett, kæbe = jente, volla = jeg lover og flus = penger. Trur kanskje eg ville fått store problemer om eg skulle prøve å henge med i ein lik samtale mellom ungdom.

Korleis ville det blitt om alle som skulle sende brev, både private og offentlege, kunne skrive på si eiga dialekt? Trur kanskje det ville blitt mykje rot og misoppfatningar. Takke seg til at vi alle har felles skriftspråk som alle forstår. No er det store diskuajonar om korvidt det er bruk for to skriftspråk i Noreg. Eg sluttar meg til dei som er for det. Det fins mange gode grunnar for det utan at eg skal kome inn på det her.

Eg syns det er spanande med ulike dialekter. Så får vi sjå kor vi står om tjue år frå no. Då har det nok skjedd eindel endringar berre på dei få åra. Eg syns eigentleg at det er godt at vi ikkje snakkar likt alle saman. Det er ulikskapane oss menneske imellom som gjer at livet ikkje er heilt firkanta. For ei kjedeleg verd vi hadde budd i om vi alle skulle vere like:=)
Det er jo også litt gøy å vite at vi faktisk er komen så langt i utviklinga at vi og kan høyre kor ulik dialektene er i blant anna England. Det at vi kan skilje ut dialketer i eit anna land seier sitt.

For år attende i tida snakka ein berre med naboane. I dag er mange veldig internasjonale i språket sitt. Dei aller fleste maktar å forstå minst to språk (om ein tar bort dei nordiske språka som er likt på vårt språk). Dei som tar studieretningsfag i den vidaregåande skulen lærer seg og eit tredje språk. Dei spesielt ineteresserte fleire. Kor lang tid vil det ta før landa nærmar seg meir i språk? Eingong i framtida blir det nok slik at det blir færre språk......Trur eg!!

mandag 11. januar 2010

Idrettsgallaen - en vits??

For fleire år sidan tok regjeringa tak i problematikken som gjaldt mobbing. Det vere seg skole, arbeidsplass eller uansett kor i samfunnet ein holdt til. Det blei lagt stor vekt på at no skulle alle gjere sitt til at vi skulle få bukt med problemet her til lands i den grad det går an.
Det var og er staten! Så har vi ein annan STOR organisasjon her i landet som dekker alt som har med idrett her i landet. Dei har i massevis av år fronta at dei som organisasjon tar sterk avstand frå mobbing, og dei legg vekt på at det skal formidlast gode og moralske verdiar.

Det er noko som, i alle høve for meg, skurrar veldig. Kvifor skal eg som lærar bli bedt av staten om å følgje opp dette temaet? Eg skjønar sjølvsagt kvifor.... Det er berre det at eg lurer på kvifor dei ber oss om det når dei ikkje tar tak i det sjølv. Etter laurdagens idrettsgalla, som blei sendt over den statseigde tv-kanalen, har dei begge to skutt seg sjølv i foten (staten og idrettsforbundet).

Heile programmet var gjennomsyra av nedlatande kommentarar om namngjevne personar. Enkelte gonger gjekk det altfor langt.
Som person har eg sjølv ganske mykje sjølvironi. Det bør også framtredande personar innen idrett ha, men der er visse grenser. Når ein trekker det så langt som dei til tider gjorde det under sendinga, så er det noko som ikkje stemmer. Kven er det som korrekturleser og godkjenner desse skøyersetningane? Eg veit NRK har godkjent alt som blei sagt.

I alle år har idrettsgallaen vore koseleg å sjå på. Det har vore masse god humor og fleiping slik det bør vere. Forskjellen gjer seg gjeldande frå i år. Eg går sterkt ut ifrå at det er fleire som føler seg tråkka på etter laurdagskvelden.

Midt i beste sendetid!

Kven satt og såg på tv på dette tidspunktet? ....... Sjølv trur eg det var like stor grad av ungdom som av dei godt vaksne. Kva signaleffekt sender dei ut til dei unge når dei tillet slikt på ei slik sending? Idrettsgallaen er vel ikkje klassifisert som humorprogram?
Eg har lest mykje om bl.a. Nordlie den siste tida og blir sjølvsagt påverka av det til ein viss grad. Etter laurdagens pinlege galla vil eg berre sei at eg stiller meg heilt og fullt bak han.

Noregs dronning satt og i salen. Ho visste ikkje kva veg ho skulle sjå. Det såg berre ut som om ho syntes det heile var pinleg. Det er ikkje gøy å sitte i ein sal når det blir slik.

Nei, staten burde vere meir tydeleg på kor grensene går når det gjeld sine eigne. Dei har eit ansvar for folket når det gjeld kva dei tillet i sin eigen kanal. Folk betaler lisens for å få sjå tv. Til idrettsforbundet vil eg berre sei: Rydd opp og gå massivt ut og ta avstand frå det dykk sjølv har stelt istand!
Om lista dykkar for dei neste sendingane blei lagt no på laurdag har dykk mista ein av sjåarane! Merk dykk at eg ikkje skriv dykk med stor D!!

lørdag 9. januar 2010

Tenker eg har det bra!!

I helga har faktisk spysjuka nådd meg og. Trudde at sjølv om halve bygda allereie har hatt den, så skulle vel eg sleppe unna. I heile dag har eg lege og syntes synd på meg sjølv....(Eg er god til akkurat det:=)..) Men så når den verkelege verda meg og minner meg på at eg har ei "stesøster" som er i Italia, og i går kveld var operasjonen med å fjerne ein stor svulst over. Det gjekk bra, men ho blei lagt i koma av di det var komplikasjonar med ei blodåre. Tre små born har ho.....som sikkert er veldig bekymra akkurat no. Det set litt perspektiv på ting, og det gjer at eg ikkje syns så synd på meg sjølv lenger. I morgon er eg frisk att!!

fredag 8. januar 2010

Dikt.

Å leve er å samle
opp perler på tråd.
En for de lyse minner,
en annen for de grå.
Hver enkelt har sitt perlebånd
med dyrebare minner.
For minner lever evig
selv om livet selv forsvinner.


Ingen er med oss
for alltid,
tiden forsvinner så fort.
Men minnene får
vi beholde
til lindring når savnet
blir stort.

torsdag 7. januar 2010

.....

Kan ein miste sin eigen identitet ved å gjere det ein likar best på denne jord?? Eg byrjer så vagt å tru det sjølv. I alle fall i dag..... Har ein følelse av at eg kjem til å bli utfordra på enkelte områder den næraste tida. Veit ikkje om eg er så klar for det. Enkelte ting har sett seg så fast i meg at om det blir ei rokkering oppi hovudet i den samanhengen, så trur eg ikkje at eg henge med. Då vil eg heller la vere.
Det er sikkert i hovudet mitt det meste ligg, og det er sikkert eg som må gje mest....likevel, eg veit ikkje om eg vil. Eg er vant til å vere utadvent, men om eg møter min "overmann" så melder eg meg litt ut. Følgene blir då at eg føler eg ikkje har noko der å gjere. Om ein føler det så sluttar ein gjerne. Håper det ikkje blir så store endringer. Håper eg kan styre meg..... Time will show.
Det er vel ikkje akkurat det smartaste ein gjer om ein kuttar ein av sine trivselsfaktorar. Det er jo eigentleg berre teit. Men så er eg då teit innimellom. (Som sikkert mange andre og er...). Dårlig dag?? Eigentleg ikkje.....
Lett å forstå seg på meg i dette?? Tvilsamt.....

Jaja.... No har eg vore heime i to dagar med Steffen. Det skal bli godt å kome seg attende på arbeid. Å vere heime med sjukt born er noko av det kjedelegaste som fins. I morgon er det ein annan som får trø til om det trengs. Vi har nett hatt fri og det var godt å byrje på arbeid att, sjølv om det var hardt og brutalt å stå opp så tidleg første dagen:=) Det er godt eg jobbar på ein arbeidsplass eg trives godt. Eg gler meg stort sett kvar dag. (Men eg ser fram til sommaren lell - hehehe...).

I kveld har vi hatt korpsøving., Det ser ut som vi skal ha "On my own" fra Les Miserables. Det er ein av dei finaste songane som er, så det blir bra!!

onsdag 6. januar 2010

Internettvett.

Verdas første elektroniske datamaskin kom i 1945. Den veide ca. 30 tonn og opptok heile 167m2. Ein kan trygt seie at det var ein stasjonær maskin! :=)
Det første nettverket som blei tatt i bruk kom først i 1969 og ikkje før i byrjinga av 1990-åra blei det opna for kommersiell bruk. I dag finn vi stort sett det meste vi treng på Internett. Ingen av oss ofrer ein tanke på at heile reisa fram til no eigentleg starta som eit militært forskningsprosjekt pga. den kalde krigen og frykten for atomangrep.

Ei av mine oppgåver som lærar er blant anna at eg skal lære elevane at det er ulovleg å kopiere noko frå Internett. Det er no eingong slik at om ein finn eit eller anna som står skrive der, så er det ein eller annan person som står bak teksten. Om ein går inn i ein annan persons hage og stel epler er ein heilt og fullt klar over at ein gjer seg skuldig i tjuveri. Det er ikkje for ingenting at ein har adrenalinet som jobbar på spreng når ein snik seg inn i hagen, for deretter å springe for full speed bort frå hagen. Det er sjølvsagt av di ein veit at ein gjere noko ein ikkje har lov til. Dette eksemplet fører til at nokon mistar noko dei eig. Derfor forstår dei fleste at dette er noko som ikkje er tillatt. Kva då om du kopierer noko frå Internett? Då er det jo ingen som har mista noko som helst sjølv om du og har fått det...... Det er vansklegare å få elevane til å skjønne akkurat den biten. Det er eigentleg så lett som å seie at dersom du har arbeidd hardt og lenge med ei skuleoppgåve, så er det berre for andre å velgje den lettaste veg og kopiere alt du har arbeidd med. Kor mange ville akseptert det? Eller om du lagar ein cd som du skal selgje, men så kopierer alle den av første kjøpar og du tener ingenting?

Det er nok ikkje vanleg at ein går rundt og tenker på kva som er tillatt å gjere eller ikkje når det gjeld Internett. Det gjer ikkje eg sjølv heller, bortsett frå dersom eg skal bruke noko skriftleg derifrå til eige arbeid. Alle som har laga noko er beskytta gjennom åndsverklova. Dette gjeld i stor grad også Internett. Eg kan for eksempel ikkje (etter lova) leggje ut bileter, tekstar eller musikk på mi heimeside dersom det tilhøyrer andre. (Med mindre opphavspersonen har sagt at det er greit). Problemet i dag er vel aller helst at misbruk av digitale åndsverk lett kan forekomme pga. den moderne teknologien.

Alt det eg har skrive til nå er eigentleg ikkje definert som nettvett. Det er vettbruk i den grad ein skal kjenne til loven, men det eg eigentleg legger i ordet nettvett er i kva grad ein utleverer seg sjølv på nettet og kva ein tillater seg å gjere i dette offentlege rom. Sjølv om det er masse positive sider med Internett så er det ikkje til å stikke under ein stol at Internett har mange faresider. Det er vel aller helst ungdommen som er mest utsatt på det området.
Når ein er i tenåra, er ein lett påverkeleg og mange utforskar nye ting og leiter etter spenning. Det er ikkje alltid like lett for dei føresatte å følgje med på kva dei eigentleg gjer på Internett til ein kvar tid. Spesielt ikkje i dagens samfunn der det blir meir og meir vanleg at alle ungdommane har eigen bærbar pc.
Internett er bra av di det er ei kjelde til mykje informasjon. Men det er også eit forum der ein kjem i kontakt med andre mennesker. Det skal ikkje mange tastetrykka til før ein kan treffe mennesker som er spredt ut over heile verda. Det som er bra i dette tilfellet er at Internett gjer deg sjansen til å vere anonym i den grad du ønsker det. For mange er akkurat den biten litt spanande. Ingen veit kven du er...... Problemet er at når den du kommuniserer med ikkje veit kven du er, så veit heller ikkje du kven som er i andre enden. Så denne fridomen kan vere udelt positiv. Om du trur at du prater med ein persom på din eigen alder kan røyndommen seie noko anna. Kanskje er det ein vaksen mann du prater med som berre utgjer seg for å vere yngre. Då er det tryggare å forhalde seg til program som MSN osv. Slike chatteforum er i meir kontrollerte former. Der må ein leggje til e-postadresser i systemet og kun dei du har registrert i di adresseliste kan snakke med deg i dette forumet.

Dei fleste ungdommane er såpass opplyste i dag at dei skjønar at det kan vere farleg å chatte med feile folk på Internett. Dess verre er det at det ikkje gjeld alle. Der er ungdom som utforsker grensene alt for mykje og virrer seg inn i ting dei ikkje kjem seg ut av. Til dømes er det mange overgrepssaker som har byrja med uskuldig chatting. Feilen dei gjer er at dei gjer ifrå seg både namnet sitt og adressa si. Andre har ikkje skrupler med å gje frå seg telefonnumeret sitt.
Vegen er ikkje lang mellom det å gje frå seg telefonnummeret til det å avtale å møtast.
Ikkje alle overgrepssaker skjer med overgripar fysisk tilstades. I dag har dei fleste webkamera. Mange kler av seg foran kamerane.

Nettvettsregler i forhold til dette temaet er det mange av. Ein kan aldri poengtera dei nok mange gonger til ungdommen.

Chatting kan og vere eit forum for mobbing. Eg trur nok mange syns det er lettare å seie ting over nettet av den enkle grunn at då ser ein ikkje reaksjonen til mottakaren av bodskapet. Utviklinga viser at det er fleire og fleire som blir mobba i ulike arenaer på Internett. Denne negative trenden er det vanskeleg å gjere noko med, men desto viktigare er det at ein prøver!! Det beste ein kan gjere er nok å drive haldningsskapande arbeid. Det er også viktig at dei som blir mobba over nettet tør å seie ifrå om det.

Det er så utroleg mange feller å gå i på Internett. Å vere ung i dag inneberer å ta mange valg. Det er ikkje alltid like lett å ta dei riktige valga. Vi blir alle påverka av dei vi har rundt oss, samfunnet ellers og i kva grad vi har ting tilgjengeleg for bruk. Enkelte er meir lettpåverkelege enn andre, og slik vil det alltid komme til å vere. Uansett er det viktig at vi som vaksne prøver så godt vi kan å lære born og unge om dei farane som er og kor viktig det er med nettvett. Om ein lærer seg dei viktige nettvettreglane og følgjer dei, vil ein sjå at Internett er ei fantastisk gåve.

God morgen....

Så var ein ny dag starta.... I dag må eg visst vere heime med Steffen. Han er ikkje heilt i slag.... Må innrømme at det ikkje er det gøyaste eg veit. Jaja....Får vel ta å lese litt i skulebøker. Har heldigvis eit ekstra sett med bøker her heime:=) Om litt skal eg søke opp Avisa Nordland og mgp. Har høyrt rykter om at innslaget med Tommy og Rikke er lagt ut der. Kanskje dei får ei stemme hos meg og.....

Skal komme innom på sida her litt seinere i dag. Tenkte eg skulle drøfte litt det å bruke Internett med vett.

Klokka er berre ni nå, så ha ein fin dag!!

tirsdag 5. januar 2010

Åhhhhhhhhhhhhhhh. O du herlige!!

Dagen har vore heilt topp!! Før eg dro heim frå arbeid i dag opna eg ein mail frå ei her oppi nabolaget. Tittelen på mailen var "Åhhhhhhhhhhhh.....". Ein ting er sikkert.....tittelen passer 100%. Trur ikkje haka mi har vore lengre nede før enn etter å ha studert mailen ferdig.
Først stod det at det var ein mann på 36 år som var blitt kåra til verdas kjekkaste mann. Han var greker, men husker ikkje heilt namnet. Resten av mailen var rett og slett ein heil del bilete av han. Etterkvart blei bileta berre betre og betre...... Til slutt var han naken (men biletet var sjølvsagt skoren rett under navlen), og aldri har eg sett ein meir lekker mann.
Nederst på sida stod det så fint: Nå kan du lukke munnen din og tørke av sikkelet på tastaturet. Då oppdaga eg sjølsagt at munnen faktisk var open. I stor grad!!!! Eg måtte sjølvsagt sende den til mine kvinnelege kollegaer. Ei av dei fekk faktisk øydelagt eindel av førebuingstida si pga mailen. Haka hennar var like langt nede som mi:=) ALLE syns han var rålekker. Det er vel ingen som hadde turt å vore ilag med han. Då kan ein trygt seie sjalusien hadde tatt overhand....

Jaja...... Vi er heldig uansett. Kva skal vi med slike biletskjønne menn?? Hehe...

Ellers har "dagen" bydd på gøy øving med kjekke karer og sist men ikkje minst Greys anatomy. Kan det bli betre? For ein fantastisk dag!

God natt og draum søtt!!

søndag 3. januar 2010

Det store korslaget.

Så var det igang med ny runde av programet "Det store korslaget". I fjor fulgte eg med på programmet og hadde min favoritt (ho vann og). Eg har opplevd Hanne Krogh på tomannshånd sjølv og ho er eit fantastisk menneske! I går kveld såg eg opninga av årets utgåve. Det blir nok ingen favoritt i år. Skal eg halde med eit kor, så må det bli Bodøkoret. Ikkje for at eg meiner det er det beste koret......Det er vel for tidleg å uttale seg om det no. Ein må jo vere litt patriot og når ein tillegg veit at det er ein kjenning med i koret, så blir det litt ekstra stas. Så stå på Kay-Steinar!!
Programmet i seg sjølv er ganske koseleg, men eg kjem nok ikkje til å benke meg foran tv-skjermen kvar einaste fredag berre for det.

fredag 1. januar 2010

Godt nytt år!!!!

Så var året omme...det nye er påbyrja allereie! Borte ved seksjonen står ein liten kar og prøver å lure til seg nonstop frå pepperkakehuset. Stakkars..:=) Han venter berre på eit høve til å få rive det sønder og saman. "Æ har jo så løst på, mamma!!" Det er vel på tide å la han få lov.

2009 slutta på ein fin måte. Vi gjekk inn i det nye stille og roleg. Det var berre vi og hyttenaboane som var i Herøyvika desse dagane. Borsett frå ein liten svippetur til Storjorda, var det hytta og området rundt den som gjaldt. Lammelår, kalkun og grilling. Masse god mat!!!
Først. då vi kom, var det nesten ikkje snø å sjå på marka. Medan Einar bar alt av pikkpakk frå bilen og inn på hytta, sørga eg for å få litt varme i ho. Då eg hadde fått ordentleg fyr i omnen, gjekk eg ut for å hjelpe til i beringa..... Det lava ned med snø!! Herleg!! I løpet av den korte tida eg var inne var plutseleg marka heilt kvit av store snøkrystallar. Det lova godt.
Vi blei ikkje skuffa. Då vi vakna neste dag, var det mykje snø ute. Det var berre å hive seg rundt for å lage ei snøhytte. Vèret var kjempebra.
Ei kort oppsummering av dagen vil sjå slik ut: Mykje nysnø under fullmåne, måking av veranda, snøhytte, deilig frisk luft i uforstyrra terreng, utsikt mot Stetind i nydelege fargar........ Eg følte meg rett og slett levande!! Det var nydeleg godt å kjenne etter i seg sjølv. Alt ga ei meining:=)
Dagen blei avslutta med deilig lammelår på hytta vår.
Nyårsaftenen hadde vi fakkeltog (mest for Steffen sin del)..... Då gjekk vi ein runde i den vakre naturen. Det var mykje dyr rundt om....Vi så mange spor i snøen, men ingen dyr. Det var vel aller helst dei som såg oss. (Rev, hare, mus.....).

Det var eigentleg meininga at vi skulle vere på hytta til i morgon, men Steffen har to søskenborn som er heime i Kjøpsvik no, og han hadde så fryktelig lyst til å dra heim for å leike med dei. Så etter at grillinga var unnagjort bar det heimover att. Eigentleg ganske greitt.....

Så her sit eg....Det er første nyårsdag og trua på at det skal bli eit godt nytt år er så absolutt tilstades.
Har akkurat sett "Air force one" Harrison Ford. Må seie at han godeste Ford er ganske sexy!! Han hadde vore ein mann å trakte etter:=).........

I år har eg ingen nyårsforsett.....Like greitt!! Tenkte så der at kva skal ein eigentleg med slike løfter. Dei er jo berre til for å brytast. Eller.....Kanskje eg burde ha nokre lell! 1) Dra visakortet masse. 2) Gjere litt meir ugagn med andre (Dei seier jo at ein god latter forlenger livet). 3) Be om massage kvar dag. 4) Anskaffe eigen hushjelp. 5) Vinne i lotto...................