onsdag 6. januar 2010

Internettvett.

Verdas første elektroniske datamaskin kom i 1945. Den veide ca. 30 tonn og opptok heile 167m2. Ein kan trygt seie at det var ein stasjonær maskin! :=)
Det første nettverket som blei tatt i bruk kom først i 1969 og ikkje før i byrjinga av 1990-åra blei det opna for kommersiell bruk. I dag finn vi stort sett det meste vi treng på Internett. Ingen av oss ofrer ein tanke på at heile reisa fram til no eigentleg starta som eit militært forskningsprosjekt pga. den kalde krigen og frykten for atomangrep.

Ei av mine oppgåver som lærar er blant anna at eg skal lære elevane at det er ulovleg å kopiere noko frå Internett. Det er no eingong slik at om ein finn eit eller anna som står skrive der, så er det ein eller annan person som står bak teksten. Om ein går inn i ein annan persons hage og stel epler er ein heilt og fullt klar over at ein gjer seg skuldig i tjuveri. Det er ikkje for ingenting at ein har adrenalinet som jobbar på spreng når ein snik seg inn i hagen, for deretter å springe for full speed bort frå hagen. Det er sjølvsagt av di ein veit at ein gjere noko ein ikkje har lov til. Dette eksemplet fører til at nokon mistar noko dei eig. Derfor forstår dei fleste at dette er noko som ikkje er tillatt. Kva då om du kopierer noko frå Internett? Då er det jo ingen som har mista noko som helst sjølv om du og har fått det...... Det er vansklegare å få elevane til å skjønne akkurat den biten. Det er eigentleg så lett som å seie at dersom du har arbeidd hardt og lenge med ei skuleoppgåve, så er det berre for andre å velgje den lettaste veg og kopiere alt du har arbeidd med. Kor mange ville akseptert det? Eller om du lagar ein cd som du skal selgje, men så kopierer alle den av første kjøpar og du tener ingenting?

Det er nok ikkje vanleg at ein går rundt og tenker på kva som er tillatt å gjere eller ikkje når det gjeld Internett. Det gjer ikkje eg sjølv heller, bortsett frå dersom eg skal bruke noko skriftleg derifrå til eige arbeid. Alle som har laga noko er beskytta gjennom åndsverklova. Dette gjeld i stor grad også Internett. Eg kan for eksempel ikkje (etter lova) leggje ut bileter, tekstar eller musikk på mi heimeside dersom det tilhøyrer andre. (Med mindre opphavspersonen har sagt at det er greit). Problemet i dag er vel aller helst at misbruk av digitale åndsverk lett kan forekomme pga. den moderne teknologien.

Alt det eg har skrive til nå er eigentleg ikkje definert som nettvett. Det er vettbruk i den grad ein skal kjenne til loven, men det eg eigentleg legger i ordet nettvett er i kva grad ein utleverer seg sjølv på nettet og kva ein tillater seg å gjere i dette offentlege rom. Sjølv om det er masse positive sider med Internett så er det ikkje til å stikke under ein stol at Internett har mange faresider. Det er vel aller helst ungdommen som er mest utsatt på det området.
Når ein er i tenåra, er ein lett påverkeleg og mange utforskar nye ting og leiter etter spenning. Det er ikkje alltid like lett for dei føresatte å følgje med på kva dei eigentleg gjer på Internett til ein kvar tid. Spesielt ikkje i dagens samfunn der det blir meir og meir vanleg at alle ungdommane har eigen bærbar pc.
Internett er bra av di det er ei kjelde til mykje informasjon. Men det er også eit forum der ein kjem i kontakt med andre mennesker. Det skal ikkje mange tastetrykka til før ein kan treffe mennesker som er spredt ut over heile verda. Det som er bra i dette tilfellet er at Internett gjer deg sjansen til å vere anonym i den grad du ønsker det. For mange er akkurat den biten litt spanande. Ingen veit kven du er...... Problemet er at når den du kommuniserer med ikkje veit kven du er, så veit heller ikkje du kven som er i andre enden. Så denne fridomen kan vere udelt positiv. Om du trur at du prater med ein persom på din eigen alder kan røyndommen seie noko anna. Kanskje er det ein vaksen mann du prater med som berre utgjer seg for å vere yngre. Då er det tryggare å forhalde seg til program som MSN osv. Slike chatteforum er i meir kontrollerte former. Der må ein leggje til e-postadresser i systemet og kun dei du har registrert i di adresseliste kan snakke med deg i dette forumet.

Dei fleste ungdommane er såpass opplyste i dag at dei skjønar at det kan vere farleg å chatte med feile folk på Internett. Dess verre er det at det ikkje gjeld alle. Der er ungdom som utforsker grensene alt for mykje og virrer seg inn i ting dei ikkje kjem seg ut av. Til dømes er det mange overgrepssaker som har byrja med uskuldig chatting. Feilen dei gjer er at dei gjer ifrå seg både namnet sitt og adressa si. Andre har ikkje skrupler med å gje frå seg telefonnumeret sitt.
Vegen er ikkje lang mellom det å gje frå seg telefonnummeret til det å avtale å møtast.
Ikkje alle overgrepssaker skjer med overgripar fysisk tilstades. I dag har dei fleste webkamera. Mange kler av seg foran kamerane.

Nettvettsregler i forhold til dette temaet er det mange av. Ein kan aldri poengtera dei nok mange gonger til ungdommen.

Chatting kan og vere eit forum for mobbing. Eg trur nok mange syns det er lettare å seie ting over nettet av den enkle grunn at då ser ein ikkje reaksjonen til mottakaren av bodskapet. Utviklinga viser at det er fleire og fleire som blir mobba i ulike arenaer på Internett. Denne negative trenden er det vanskeleg å gjere noko med, men desto viktigare er det at ein prøver!! Det beste ein kan gjere er nok å drive haldningsskapande arbeid. Det er også viktig at dei som blir mobba over nettet tør å seie ifrå om det.

Det er så utroleg mange feller å gå i på Internett. Å vere ung i dag inneberer å ta mange valg. Det er ikkje alltid like lett å ta dei riktige valga. Vi blir alle påverka av dei vi har rundt oss, samfunnet ellers og i kva grad vi har ting tilgjengeleg for bruk. Enkelte er meir lettpåverkelege enn andre, og slik vil det alltid komme til å vere. Uansett er det viktig at vi som vaksne prøver så godt vi kan å lære born og unge om dei farane som er og kor viktig det er med nettvett. Om ein lærer seg dei viktige nettvettreglane og følgjer dei, vil ein sjå at Internett er ei fantastisk gåve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar