mandag 11. januar 2010

Idrettsgallaen - en vits??

For fleire år sidan tok regjeringa tak i problematikken som gjaldt mobbing. Det vere seg skole, arbeidsplass eller uansett kor i samfunnet ein holdt til. Det blei lagt stor vekt på at no skulle alle gjere sitt til at vi skulle få bukt med problemet her til lands i den grad det går an.
Det var og er staten! Så har vi ein annan STOR organisasjon her i landet som dekker alt som har med idrett her i landet. Dei har i massevis av år fronta at dei som organisasjon tar sterk avstand frå mobbing, og dei legg vekt på at det skal formidlast gode og moralske verdiar.

Det er noko som, i alle høve for meg, skurrar veldig. Kvifor skal eg som lærar bli bedt av staten om å følgje opp dette temaet? Eg skjønar sjølvsagt kvifor.... Det er berre det at eg lurer på kvifor dei ber oss om det når dei ikkje tar tak i det sjølv. Etter laurdagens idrettsgalla, som blei sendt over den statseigde tv-kanalen, har dei begge to skutt seg sjølv i foten (staten og idrettsforbundet).

Heile programmet var gjennomsyra av nedlatande kommentarar om namngjevne personar. Enkelte gonger gjekk det altfor langt.
Som person har eg sjølv ganske mykje sjølvironi. Det bør også framtredande personar innen idrett ha, men der er visse grenser. Når ein trekker det så langt som dei til tider gjorde det under sendinga, så er det noko som ikkje stemmer. Kven er det som korrekturleser og godkjenner desse skøyersetningane? Eg veit NRK har godkjent alt som blei sagt.

I alle år har idrettsgallaen vore koseleg å sjå på. Det har vore masse god humor og fleiping slik det bør vere. Forskjellen gjer seg gjeldande frå i år. Eg går sterkt ut ifrå at det er fleire som føler seg tråkka på etter laurdagskvelden.

Midt i beste sendetid!

Kven satt og såg på tv på dette tidspunktet? ....... Sjølv trur eg det var like stor grad av ungdom som av dei godt vaksne. Kva signaleffekt sender dei ut til dei unge når dei tillet slikt på ei slik sending? Idrettsgallaen er vel ikkje klassifisert som humorprogram?
Eg har lest mykje om bl.a. Nordlie den siste tida og blir sjølvsagt påverka av det til ein viss grad. Etter laurdagens pinlege galla vil eg berre sei at eg stiller meg heilt og fullt bak han.

Noregs dronning satt og i salen. Ho visste ikkje kva veg ho skulle sjå. Det såg berre ut som om ho syntes det heile var pinleg. Det er ikkje gøy å sitte i ein sal når det blir slik.

Nei, staten burde vere meir tydeleg på kor grensene går når det gjeld sine eigne. Dei har eit ansvar for folket når det gjeld kva dei tillet i sin eigen kanal. Folk betaler lisens for å få sjå tv. Til idrettsforbundet vil eg berre sei: Rydd opp og gå massivt ut og ta avstand frå det dykk sjølv har stelt istand!
Om lista dykkar for dei neste sendingane blei lagt no på laurdag har dykk mista ein av sjåarane! Merk dykk at eg ikkje skriv dykk med stor D!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar