mandag 25. januar 2010

Ei mors bekymring.....

Eg har eigentleg vore ganske heldig. Eg har vore spara for det meste når det gjeld sonen min..... Men slikt varer aldri evig. Det ville i så fall vere naivt å tru:=) Når det først skulle slå til, slo det til for fullt.
På fredag då eg kom for å hente han i bornehagen, hadde han fått ein gjenstand midt mellom augene. Litt sår på kinnet og hoven mellom augene blei han med meg i bilen for å køyre på hytta. Bilturen var ikkje av dei beste. Han surka eindel og ville berre kle av seg ALT av klede. Han ville ikkje eingong ha is på ferga.....
Laurdagen skulle han hjelpe meg å bake sjokoladekake. Då vann han ikkje på å smake på den heller. Ikkje orka han å "herje", og ellers var det dårleg med matlyst. Sundagen var han endå ikkje i form, så konklusjonen min er at eg trur han fekk seg ei lita hjernerysting. Sånn som skjer.....

I dag ettermiddag, tre dagar seinare, får han endeleg lov til å gå ut å leike i snøen. Lykkeleg for at han blei henta ut av naboungane og to "storunga" som skulle passe på, for han på skolen for å ake. I mellomtida heiv eg meg rundt for å lage til rundstykker og varm kakao til det skulle kome attende.
Etter ei lita stund høyrde eg plutseleg nokon på trappa. Joda.....då var det dei som kom heim. Det var berre det at årsaka til det var ein blodig, liten gut på fem år som hadde vore uheldig.
No er det jo ofte slik at det mange ganger kan sjå verre ut enn det eigentleg er når det piplar eindel blod. Eg skjønna likevel at her burde det koplast inn ein lege. Snille legen vår stilla opp sjølv om ho ikkje hadde vakt.
Det viste seg at ho meinte han burde sy haka, men ein liten gut syntes ikkje at det høyrtes så spanande ut. Eit plaster måtte vel vere nok :=) Det endte med at han blei stripsa litt ekstra og i tillegg plastra litt utanpå stripsinga. Avtalen han då måtte inngå med legen, sidan han ikkje ville sy, var at han i fem dager skulle prøve å ikkje prate så mykje, la vere å gape, drikke med sugerør og spise små og lettspiselege bitar. Han skal med andre ord halde seg mest mogleg i ro. (Ikkje så store rørsler på hovudet).
Sidan han er i slekt med meg trur eg kanskje det kan bli litt vanskeleg å vere stille i så mange dagar. Vi får vere optimistiske...... Han veit følgene om stripsene løsner.

Akkurat no ligger han og sover i storsenga. Det er jo klart at han må få ligge med "ho mamma" når han er skada:=)
Han er heldigvis ikkje den som klagar......det skal han ha!

Eg håper i alle høve at ikkje ordtaket "Alle gode ting er tre" gjer seg gjeldande denne gongen....hehe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar