mandag 28. mars 2011

Neste innlegg er tydligvis uten avsnitt.......Sukk...... Det vil ikkje la seg redigere. Berre til opplysning.

Livet, ein dans på roser???

Jada, jada, jada....... Heile tida:=) Viss ikkje det var klisjeaktig, så veit ikkje eg! Likevel, livet kan vere ein dans stundom. I dag var det ganske nært. I alle høve om ein avgrenser det til berre å gjelde dans. Eg har dansa mykje i dag. Til og med i morges tok eg meg ein liten svingom for meg sjølv. Heilt normalt!! Etter å ha konsentrert seg djupt over fleire timar i dag, var det rett og slett nødvendig å få ut litt energi. Kva er vel betre enn dans, då? (Sjølvsagt kombinert med litt nynning...) Veit i alle høve om èin som blei inspirert av det. Då var det vel verdt det? Det var ikkje den kua eg dele kontor med for å seie det slik........Ho "hær" jo ikkje musikk. (Med fare for å virke spydig her, bør eg vel seie at "ku" er intern humor og ikkje noko vondt meint. Utelater glatt kva eg sjølv er...Thihihi...). Dei blei dans fleire gonger i dag også:=) Det sørga herlege mannfolk for. Misforstå meg rett!! Hehe......... (Dog berre for meg sjølv bak eit "lite" instrumenthjørne). På fredag er det 1.april. Eg gler meg!!!!!!!!!!!! Hmm......Kva skal ein finne på i år? I fjor hamna dagen sjølvsagt i påska. Året før var eg heime med sjukt born, så i år "døyr eg" etter å lure nokon! Ikkje særleg lurt å åtvare om det her, kanskje? Joda.....Kunsten er å gjere det så skjult at ingen veit det er meg:=) Heilt uventa og utenkeleg. Thihihihihi......... Har planane klar allereie. Det fins eigentleg ingen tvil om kva spøken bør innehalde. (Ich freue mich!). Så får vi sjå kva reaksjonen frå ein spesiell kollega blir. Ellers så er det verdt å nemne at eg er tatt inn i varmen att. O lykke!!! Tralala..... Etter å ha dumpa meg ørtiførti gonger, har eg overteke trona att:=) Love is in the air.......Tralalala.... Så får vi sjå kva "prinsessen på erten" og "hønepøne-mor" har å seie til sitt forsvar. Fleirkoneri skulle såvisst ha vore tillatt her til lands! Hahahahahhaa..... Jada, vi har det (normalt) gøy!! Ingen "girlfight" enno. Eigentleg litt synd.... Kunne jo vore gøy med ein real kamp:=) Måtte den sterkaste vinne. (Godt eg har Grunnvollgener i meg, då....Ingen over, ingen på sida!!) Fleirkoneri?? Det kunne likesågodt ha vore fleirmanneri!! Fint uttrykk, hæ? Veit kven eg skulle valgt då! Hehe..... Ellers så er vår alles kjære Wenche Foss daud. Ho gjekk visst bort i natt som var. Då veit vi kva som kjem til å prege nyheitsbiletet den neste tida. Ikkje til forkleinelse for ho, for ho var ei flott dame......... Det er berre det at det ikkje er så interessant (for meg vel og merke) å følgje ei og samme sak over fleire dagar. Eg har forstått det dit hen at staten tar regninga for gravferdsla hennar. Vel og bra det....Ho har jo gjort mykje bra for oss. Eigentleg ser eg ikkje noko problem i det (noko eg vil tru mange gjer). Likevel....... Eg klarar ikkje slå frå meg tanken på alle dei som kunne trengt akkurat den hjelpa. Staten betaler for ei som har/hadde nok av pengar, medan andre som slit knapt nok får støtte til gravferdsla i det heile. Før fekk alle 4000 kr, medan i dag er det behovsprøvd. Greit nok det, men eg trur likevel det mange gonger ikkje blir heilt rett. Med tanke på kva ei "normal" gravstøtte kostar....... Det er ikkje alle som etterlet seg flust med pengar. Så når staten dekkjer Foss si gravferd, blir ting satt litt i perspektiv........ Som sagt, eg er ikkje imot at dei skal gjere det. Eg skjønnar jo kvifor dei gjer det. Tankane på dei som har små kår snik seg likevel inn......... Må ho kvile i fred. Det er kveld og leggjetid......på nytt!! Rart at det tidspunktet må snike seg inn kvar einaste dag/ kveld. Kunne vi ikkje berre ha skippa leggjetida ein kveld i ny og ne? Så bortkasta å leggje seg når ein er lys, lys vaken og kjempemotivert for heilt andre ting. Det er jo berre tøv!! Hmm...... Har vel ganske så sikkert ei heilt anna meining om det når eg vaknar trøtt og jæ.... i morgon tidleg. Det var alt for skjønnhetssvevnen som ikkje alltid virker. Jaja..... Det attstår berre å seie god natt. Ha ei fortreffeleg natt. Drøym gjerne om meg!! :=) Hasta luego:=) Eg ville svart ja til alt:=)

torsdag 24. mars 2011

Til å bli klar av......

Eg tenkte eg skulle ta meg ei stille stund for å lese dagens VG. Litt nysgjerrig på om det var noko nytt her til lands eller i den store, vide verda, tok eg fatt på avisa. Kva skjer? Joda, det første som skjer er at blikket saumfarer framsida. Sex-splid i Frp. (Så gøy!!) Elizabeth Taylor 1932-2011. (Endå gøyare!)
Kva var det som blei fokusert på i media i går kveld? Eg er visseleg sikkert på at det var mykje om akkurat dei samme sakene. Jaja........Det var berre å opne avisa og håpe på at det i alle høve kunne vere litt fleire innhaldsrike temaer enn dei to.

Side 3. Sååååå langt kom eg........ "Gi mannen et hårnett". Må innrømme at eg blei litt nysgjerrig på kva meininga bak det var. Eg skjønna sjølvsagt at det måtte omhandle ein med mykje hår. Eg fekk rett i det. Eg føler det var veldig bra å få lese at Jan Ovind syns at Pål T. Jørgensen har for mykje hår. For å sitere han litt: "- en innehaver av en manke med hodehår av ypperste merke/fasong." Ikkje dårleg å få ein slik kommentar. Likevel........ Vår kjære Ovind syns tydlegvis ikkje at det er så veldig fantastisk med eit slikt hår når ein er reporter som gjerne taler til folket i uvèr og storm. Har du ein manke som Jørgensen, ja, då vil storm og liknande sørge for ein mindre fin hårsveis. Hårsveis er jo noko av det viktigaste å tenke på når ein raporterer frå slike strøk som han. Frisyren slår seg fullstendig vill og balstyrig!! Medan den eine handa skal han temme lokkene og med den andre skal han halde øyreknotten på plass. Då framstår han som multitaskande! Flott uttrykk, kva?
Forslaget er difor at Jørgensen må gå til innkjøp av ørkenhårnett. Dersom dette skaper eit problem for han, kan han heller invistere i eit pannebånd. Sukk....... Det blir sexy på tv, det!!!
Følgeleg vil vår mentale situasjon bli mykje betre. YESS! Go for it, Pål T.
(NB! Det er jo mogleg å putte i litt hårklyper, hårstrikk og hårspray....... Det fins jo ikkje "femi" det.)

"Køen og Det store eplet". Det er overskrifta på side to. Køen blir samanlikna med brødkøen som var i Moskva på 70-talet. Denne gongen er det snakk opm iPad2. Enkelte står opptil fleire døger i kø for å sikre seg eit eksemplar. Køen går over fleire tverrgater. Er folk blitt heilt gal??? Kanskje det berre er eg som ikkje skjønar at eit slikt produkt er eit "must"........ Ei dame stod i 41 timar i kø. Så kom det ein og tilbydde ho litt pengar for plassen hennar i køen. 41 timar!!! Hallo...... Igjen, det er sikkert i hovudet mitt feilen ligg. Kva ho valgte å gjere med pengane? Ikkje bruke dei på iPad..... Lady Gaga konsert!!!! Ho fekk i det minste litt publisitet i og med at ho solgte køplassen sin. Då var det jo berre sååååå verdt det. (Eg kjenner eg får spasmer i tolvfingertarmen......).

På side seks dukkar framsidestoff opp på agendaen. Sexskandalen....... Joda, ei alvorleg sak, men dog ikkje så interresant at heile fire sider treng å bli utnytta til det. Det har jo vore i media i fleire dagar no. Det er mange andre som har gjort det samme, men media dekker i dei sakene på samme måten som denne. Eg skjønar sjølvsagt at det blir annleis når det er snakk om ein meir profilert person, som i denne saka. Heilt greit det.......MEN det tar litt av. Mannen må straffast på lik line med alle dei andre som blir tatt for noko slikt. Det er berre rett og rimeleg.....Likevel håpar eg ikkje media gidder å bruke heile den neste uka til denne saka. Det blir som Ari Behn sa "Trist som faen".
Kva sak er verst? Søviknes eller denne? Det er spørsmål som blir stilla. Det er vel ikkje rett å samanlikne desse to sakene? Det blir hevda at denne saka er verre av di i Søviksaka var vedkommande han hadde sex med 16 år og "lovleg", medan i denne saka er snakk om ein 15-åring.
Søviknes gjorde vel ikkje akkurat noko kriminelt. Eller er det eg som hugsar så feil?? Han blei vel aldri anmeldt? Om eg ikkje er heilt på jordet, så var det heller ei sak med moralske skrupler.
Saka som nå pågår er jo mykje verre enn det? Her er det snakk om å ha sex med ein 15-åring og at fleire unge gutar har blitt filma utan at dei har vore klar over det. Det er jo klare lovbrudd. Her er mindreårige innblanda og loven brutt i stor grad. Mykje av det som har skjedd har også vore planlagt. Klart denne saka er verre. Så det er nok ikkje grunnlag for å samanlikne desse to sakene.
Personleg syns eg litt synd på Søviknes og hans familie i desse dagar. Han var ein dust som gjorde det han gjorde. Det er ingen tvil om det. Likevel...... Det er eit kapittel av livet han mest sannsynlegvis vil ha ut av livet sitt. Han har jo på ein måte gått vidare. Så kjem dette og plutseleg får saka myke omtale på nytt. Eg kan berre tenke meg til korleis det er for familien.....
Som sagt.....Heile fire sider.

Elizabeth Taylor! Det var mykje om ho i går også. I dag får ho heile fem sider i avisa. Wow.... Ikkje dårleg, det. Ho var jo eit stort forbilete for mange, men likevel.

Så VG har faktisk brukt 9 sider av dagens utgåve til å skrive om Taylor og Birkedal. Fantastisk interresant. Nei......Eg trur eg skal skippe å lese noko som helst den neste tida. Dagens samfunn flyter over av dårlege aviser. Det er sikkert å visst!

Det var det med å vere positiv. Hmm.....Er det noko positivt idag? JADA.....Om fem minutter er vi på tur opp i løypene for å stå på ski. Dagen kan berre ende veldig så bra:=)

Hasta luego!

I miss you like hell.......

onsdag 23. mars 2011

Kortproduksjon:=)

Eg har prøvd meg på eit bokkort. Det vil seie eit kort forma som ei bok:=)











Engel som speler fiolin:=)

tirsdag 22. mars 2011

Tysdag 22.mars 2011

Ein ny dag er over, det er på tide å ta kveld. Den siste timen har eg prøvd å klotre ned nokre ord til det som forhåpentlegvis skal bli ein ny song. Akkurat i kveld er det visst ikkje så lett å skrive noko som helst. Ikkje i mangel på inspirasjon.......(trur eg). Kanskje inspirasjonen i dag er litt i overkant og av den grunn blir det vanskeleg å skilje ut kva som kan brukast av alle forslaga:=) Neida.........Det er vel aller helst av di eg skal prøve å skrive om "forbuden kjærleik". Vel og merke ikkje på nynorsk! Som regel er det lettast å skrive på engelsk, så det blir nok å ende på det denne gongen også.

Det at sit her og skriv akkurat no, tyder visst på at kveldens innsats er over. Energien er ikkje den beste så seint på kvelden, så det er om å få søvd seg opp til ein bra dag i morgon. Det er tida for prøveeksamenar på skulen og det betyr mykje retting som må gjerast. Nok å gjere med andre ord.

Nei, nei og atter nei...... No har eg brukt snart ein halv time på det lille som står her. Hovudet sviktar visst totalt. Alt stoppar opp før det eingong har rukke å hamne i mitt søte, lille hovud. Eit dårleg teikn! Lite poeng i å sitte her og gnåle og prøve å dra orda ut av hjernen. Jada........er litt blond i dag!! Veit at det berre er å trykke "delete" og så vil alle dei bortkasta orda vere borte og ute av verda. Lite vits i å skrive at det er lite å skrive:=) Som sagt: ikkje så smart i dag.

Eg tar kveld med vissheit om at det meste er på plass att om nokre timar. Onsdagskveldar er sikkert fine kveldar til å skrive på:=)

Hasta luego:=)

Det er aldri for seint.........

søndag 20. mars 2011

Påfyll:=)

Byen er Bergen og laget er Brann. Stedet er stadion........Juhuu! RBK tapte for dei. Så bra!! Nøgd no, ja. Det var ikkje akkurat det eg hadde tenkt å skrive om, men det er jo verdt å nemne i forbifarta. Tralalala....

Påfyll? Det kan jo bety så mangt. Påfyll av kaffe (lite sannsynleg med tanke på at eg ikkje likar kaffe), påfyll av energi (tja...), påfyll av edlere dråper (tja....for såvidt), påfyll av kunnskap (nærmer seg) eller noko som så fint sagt påfyll av musikkunnskaper! Ei kjempefin helg på klubbhuset ligg bak meg og det same gjer ein skøy kveld på hotellet.
Vi har hatt seminar og ikkje berre eit seminar........Det har vore eit veldig lærerikt seminar for det seie det slik:=) Trur dei fleste er godt nøgd med helga! Då ser eg bort frå han som sång og tok heilt av i sin iver heile gårdagen og ikkje minst at han la seg ned på golvet og tok x antal armhevingar i dag. Han var vel kanskje ekstrem i si glede over ei flott helg.

Vi har hatt ein ny instruktør i helga. Han var FLINK å spille, og ikkje minst flink til å dirigere. Han var så dyktig at eg måtte seie "Eg har aldri vore så lite sliten i leppene mine etter eit seminar som denne gongen". Det var heilt utroleg. Eg kunne sikkert spelt i fleire timar til. Mykje ligg i oppvarminga...........
Vi har fått mykje påfyll frå han i helga. Så bra er han at vi allereie har tinga han ei ny helg til hausten. Dato er også satt!
Eg meiner eg høyrde nokon som sa at han har vunne fleire konkurransar i utlandet med andre korps. Så....... Det var vel verdt å sette av denne helga til speling. Trur kanskje eg har fått den vitamininnsprøytinga eg treng for å bli flinkare til å øve heime. Bank i bordet!! :=)

Som vanleg er vi (i alle høve dei andre) god på å vere sosial på kveldstid slike helger. Denne gongen heiv eg også meg med. Det blei ein utroleg skøy kveld. Enkelte klarer å lyre utav seg så mykje "tøv" at dei fleste har betre magemusklar når dei forlet åstaden enn då dei kom. Gårkvelden var intet unntak i så måte. Eg skulle berre vere eit par timar, men slik blei det ikkje! Litt trøytt i dag, ja, men så verdt det.

Med litt dårleg samvit for å vere borte så mykje ei helg, blei ettermiddagen brukt på den herlegaste guten i verda <3
Eg hadde love han at vi skulle sjå Farmen i lag i dag, så då måtte eg jo halde ord. Veit ikkje om det var så lurt, med tanke på språket til ein viss narvikværing der....... Jeeeeezes!

Det er sundagskveld og ei ny uke står fortan meg og alle andre. Etter ei heil uke med fri, blir det godt å kome attende på arbeid att i morgon. (Ikkje det at eg ikkje ønsker lengre ferie.....). Det er travle tider foran oss på arbeid framover, men tida går vel som vanleg alt for fort.
Når ein tittar ut i lyktene i mørkret utanfor stovevindauga, er det lett å sjå at vinteren er på hell. I år kjem påska så seint, så eg tvilar på at det blir skigåing. Jomfru Knutsen må vel heller hive seg rundt og lage påskequiz istadenfor....... Ikkje så dårleg alternativ det. Jomfru Knutsen.....Eller det fine, nye namnet dei har gjeve meg......Møyfri(d). Lurer på kva dei eigentleg meiner med det? Er eg fri for møydom eller noko slikt?? Hmm.......I så fall blir eg aldri å innrømme det. Jomfrua kan jo ikkje kapitulere. Her gjeld det å stå på krava og ikkje gje etter for presset. (Med mindre det melder seg ein "hottis"...Thihihihi...)

Let me be the one:=)

fredag 18. mars 2011

Bruk hjelm!!!

Så var skiferien over. Overskrifta burde kanskje heller ha vore "Fantastisk". Det ville ikkje vore feil å skrive, for det har vore ein heilt utroleg fin ferie. Ingen tvil om det. Likevel, det var ikkje ALT som var like fantastisk........ Eg kunne like gjerne valgt å bruke ei heilt anna overskrift. "Ei mors mareritt" ville passa godt, men det virker kanskje litt dramatisk. Så difor, om eg skal sjå på det positive, vel eg "Bruk hjelm!" Det var nettopp hjelmen som blei sentral i ei hending.

Historien gjentar seg................................ IKKJE. Takk Gud for det! Steffen er berre eitt år yngre enn det eg var då eg var i ei ulykke utan å bruke hjelm. Resultatet blei at store deler av barndommen fram til då blei borte for meg i stor grad. Eg overlevde i alle høve, og det var jo sjølvsagt det viktigaste. Ikkje veit eg kvifor eg i ein alder av 23 år vakna og plutseleg hadde alt retta på seg og eg hugsa masse frå åra som blei borte. Fint var det i alle høve:=)
Så til sakas kjerne. Kvifor var eg redd historien skulle gjentas? Joda....... Eg såg Steffen kom ned bakken i raskt tempo. Litt overmodig trudde han at han skulle klare å bremse opp i tide om han sikta seg inn mot liften han skulle ta. Sukk............ Han hadde ikkje ein sjanse i havet. I full fart køyrde han rett gjennom sporet kor han skulle stå og rett i hytteveggen ved sida av. Eg berre høyrde smellet då hjelmen small inn i veggen og så sank han berre rett om. Akkurat då forbanna eg slalomskoa eg hadde på meg! Korleis i alle dagar skulle eg klare å springe raskt nok ned til han frå der eg sat og såg på at det skjedde. Eg berre ropte ut "SPRING!!!"Hjartet holdt på å komme ut av kroppen og tårene holdt på å presse seg fram (noko dei gjer enno om eg tenker nok på det). Faren reagerte heldigvis og bror min høyrde eg ropte og hoppa av liften og køyrde ned att. Eg har aldri vore så redd før. Eg var sikker på at no var det berre å ringe etter sjukebil.......
Då faren kom seg ned til han, reiste han seg fortumla opp. Eg trur ikkje han heilt skjønna kva som skjedde først. Han blei spurt om det gjekk bra med han, og då han svarte ja, har eg vel aldri før følt større lettelse! Han hadde ikkje slått seg i det heile. Heilt utroleg at det går an. Det einaste han har klaga litt på i ettertid, er at han har litt vondt i skuldra. SÅ........ At hjelmen berga han i den situasjonen, ja, det er eg hundre prosent sikker på. Hadde han ikkje hatt hjelm, hadde han vore ille ute. Så difor overskrifta!!
Eg var sikker på at no ville han ikkje stå meir slalom. Så feil kunne eg ta. Skia hadde løyst seg ut i smellen og det var berre å hente dei og få dei på han att. Opp bakken bar det, og ned i samme farta som før. Han gjorde ikkje samme feilen fleire gonger.
Det sit i ei takknemleg mor enno. Berre tanken på kva som kunne skjedd, er skremmande.

Jaja......Om ein tar bort denne "episoden", har ferien vore ein super opptur. Det er herleg å sette ned fjellsidene. Fart er skøy. Når vèret i tillegg viser seg frå si beste side, og vi får fin ansiktsfarge.......Say no more!
Ingen tvil om at turen skal takast på ny til neste år:=) Eit flott anlegg dei har.......

Det var rett og slett knallvèr heile tida. Fantastisk:=)













tirsdag 15. mars 2011

Sweden by night......

Well, that headline doesn't fit at all.........ikkje språket heller:=) Vel, det er Sverige og det er kveld. MEN eg kan ikkje skryte på meg at eg er ute og smaker på det søte liv akkurat no. Orda kjem nok frå ei som allereie ligg på sengekanten og snart har tenkt å fall djupt inn i draumeland. Det er lenge sidan eg har stått så tidleg opp som i dag......All ære til industriarbeidarane som har det slik stort sett heile året. Eg bøyer meg i støvet, for klokka er berre ti og eg er stuptrøtt!!!

06.15: Klokka (telefonen) ringte. Det var tid for å vakne. Til fine tonar med The Eagles og "The last resort" var det berre å bite i det sure eplet og gni svevnen ut av dei halvåpne augene. "Jeeeeeses!!!" Ikkje førebudd på det, nei. Ikkje i nærleiken. Når eg syns det var tungt å vakne, korleis skulle eg då få liv i den lille skrotten som låg på sida av meg?? Stakkars, han er ikkje vane med å bli tvinga ut av den varme dyna medan det enno er natt for han...... Jaja, han vakna no etterkvart. "Gap opp". Stakkars, han var ikkje før vakna før mora trødde ein reisesjuketablett i kjeften på han. Der var det ingen tid å miste. Hardt og brutalt. Ein time etterpå var vi på veg. Akkurat passe tidspunkt ifølge det skjemaet vi såg for oss kvelden før. (Sjølv om alle flira og sa at vi aldri kom til å komme oss avgarde så tidleg)....

08.00: Fauske og statoil. "Dei hels....... idiotane som ikkje har vit nok til å tenke sjølv!". Ups......morragretten???? Tja, ikkje så ofte, men i dag....JA! Der stod vi (i kø) for å fylle diesel. Masse bilar........ Han som var føre oss hadde såvist ikkje tenkt å flytte bilen før han gjekk inn for å handle seg ferdig. Der stod han så fint og opptok den j..... pumpa. (OG han hadde verdas beste tid). Ikkje gjekk det an å bytte pumpe heller. Ein annan fjott hadde plassert seg på skrå midt i mellom alle pumpene. Så der stod vi midt imellom alt og ingenting og berre måtte innfinne oss med å vente på fjompen som tydlegvis hadde mange ærend inne på stasjonen. Jaja......halv ni kom vi oss no vidare......... (Ja, det tok faktisk sååååå lang tid!!! Grr....)
"Brora" som låg eit kvarter foran oss, var plutseleg milevis unna oss.

11.30: Endeleg!! Vi køyrde over brua og inn i Arjeplog. Det var soooooooool!! Så fantastisk herleg. Vi som skulle stå på ski, og så fekk vi dette nydelege vèret! Snakk om flaks..... Borte var alle tankane om kor trøytt ein var og alle statoilhandlarane. No byrja det å likne noko:=
Etter ein deileg lunsj var det å sjekke inn på hotellet og få på seg vinterklede. "Galtis here we come".

Eg må seie eg var spent på korleis det skulle gå i alpinbakken med ein seksåring som for det meste har holdt seg til langrenn. No, i kveld, kan eg trygt seie at det ikkje var noko å bekymre seg for. Det var nok av bakkar, og barnebakkane var kjempefine å stå i. Eg trudde det kom til å vere ein "pitteliten" bakke for borna, men den var faktisk ganske bra. Ikkje mange turane etter vi kom, satte han rett utfor åleine og såg aller helst at mora holdt seg unna. Ho kunne til nød vere tilskodar og sjå på då han kom i full fart. Riktig så gøy var det. Rein lykke!! (Sjølvsagt låg kameraet att på hotellrommet....... Det gjer det ikkje i morgon!)

Då skiheisen plutseleg stoppa, var det noko som sa meg at her er sonen min innblanda...... Om eg fekk rett?? Jepp!! Klart det! Han hadde likesågodt trykt på den raude knappen som det stod "nødstans" på. Han ville sikkert sjå om det fungerte. Sukk......... Trur ikkje han gjer det fleire gonger. Han blei litt i villrede då han såg kva som skjedde. "Mamma. Æ datt jo, og så traff æ plutselig bære den". Ja, særleg.........

Etter ein knallfin dag i fjellet var det godt å komme ned til sivilisasjonen att. Dusjing og reine klede var berre så herleg!
No har vi ete eit herleg måltid og er følgeleg stuptrøtt. Ikkje rart med all den friske lufta i tillegg til den tidlege starten på morgonen.
Det er ein ting eg lurar på. Er svenskane matgal?? Herreminhatt for nokon porsjonar med mat vi har fått i dag. Walter gange to. Det var så ille at eg berre måtte ta bilete av det. Spesielt svigersøstera mi sin mat. Maten var jo halve ho!! Jaja.....

No er det kveld og endeleg skal det blundast. Ingen tvil om at det er nokon her som kjem til å sove tungt og godt i natt. Ei god natts svevn lovar godt for ein ny dag i løypene i morgon. Det er meldt like bra vèr til då også. Herleg!!! Eg gler meg som ein liten unge:=) Det er vel heller ikkje å forakte at ein får fin farge i andletet?!!

Hasta luego:=)

Whatever time might take away.....it cannot change the way........

søndag 13. mars 2011

Sundag 13.mars.

Det er sundag, det er helgeslutt og det er ikkje arbeid i morgon:=) Ok då........ Skal ein liten tur på arbeid i morgon, men den blir ganske liten. Likevel, ein god tanke!!

Torsdagen var som sagt fantastisk, og difor ville det vore dumt å følgje opp med at fredagen var enno meir fantastisk. Ville vel aller helst ha blitt ein kjedeleg klisje.....og klisjear treng vi ikkje!!! Den var nok ikkje like bra som torsdagen. Sånn er det berre. Enkelte dagar er betre enn andre.
Allereie på ferga byrja eg å uroe meg for at vi kanskje berre måtte ta ferga attende i same slengen. Steffen ville ikkje ha is eller noko som helst anna på ferga. DET er eit dårleg teikn!!! Slapp låg han i fanget mitt, men han insisterte på at han skulle på hytta. Så då blei det slik. Noko som eigentleg gjekk heilt fint, sjølv om han blei veeeeldig skuffa då han fekk vite at hyttenaboane hadde måtta avlyse helgeturen sin. (Han hadde gledd seg veldig). At mora (eg) sa at ho kunne vere leikekameraten hans, tja......kva skal ein seie?? Det blei ikkje heilt det same. Godt det er noko som heiter ludo, stigespel og kortstokk!!!

Laurdagen var jo då suuuuuper! For eit vèr!!! Heilt utroleg at vi skulle få ein slik fin dag. Det var ikkje mykje innetid å snakke om, nei. Det føltes godt å kunne leite fram masse blomar å plassere ut på verandaen og ikkje minst kunne utemøblane settast ut i hytteveggen. Det føltes nett som påske. (I alle høve hadde eg eit stort ønske om at det faktisk var påske..........) Stemningen var så veldig tilstades. Det var rett og slett herleg. Akkurat då ønska eg at vi ikkje berre var der for ei helg. Sånn sett var det litt kjipt å dra heim idag.
På kvelden grilla vi ilag med gode hyttenaboar. Det var kjempekoseleg....... Kvelden blei avslutta med eit slag "lygaren" og ein riktig så nøgd mann i rette slaget over ha vunne heile 15-12. Storsiger!!!!! Jada...... Høg på pæra i mange minutter!! (Hadde det vore motsatt, måtte vi vel ha spelt mange rundar ekstra!!). Eg har sagt at den som ler sist, ler best..... Så det er berre å vente litt før ein slår til. Hehe..........

Ein slik flott dag som laurdagen var, med den store sola som stråla imot oss, sørga for rikeleg med energi. Akkurat det eg trengte med andre ord. I alle høve var det ei kjemperein og ryddig hytte som blei forlatt. Plutseleg fann eg ut at eg skulle vaske både veggar og tak og ikkje minst ommøblere. Eit heilt prosjekt. Resultatet blei ganske bra.
Eg hadde ikkje tid til å slutte av før det kun var eit kvarter att før ferga skulle gå. Den tida skulle nyttast til å få alt i bilen og i tillegg køyre heilt til kaia. Vi var der på sekundet!! Eg var bra letta over at vi ikkje måtte vente halvannan time på kaia til neste ferge skulle gå...... Då er det sikkert ein som hadde vore rimeleg blid på meg:=) Vi kom oss no heim............

Så om vi tar bort ulykka i Japan frå hovuda våre, så har dette vore ei kjempefin helg!!

OG så må eg ikkje gløyme det viktigaste...... Elgen! Eg har sett elgen!!! Jippi:=) Rett over hytta vår stod han og han hadde ingen planar om å la seg forstyrre av oss. Han stirra oss nesten i senk innimellom etinga si. Forholda låg heilt til rette for bilettaking for ei som var bra nøgd med at ho fekk sjå det "alle" pratar om.
Kva skjedde, trur du?? Joda, når forholda ligg så vel til rette, så er det jo eit eller anna som må gå galt. Ikkje noko nytt det, eller? Kameraet slo seg av, sånn heilt av seg sjølv. Eg hadde sjølvsagt ikkje lada det opp. Helsi..... digitale verd!! Grmpfh..... Eg rakk no heldigvis å ta tre bilete, så då er i alle høve provet fiksa. Det er berre det at ingen av dei tre blei særleg bra. Ikkje noko særleg å ha eit dårleg bilete innlima i hytteboka. Han kom ikkje attende på besøk heller. Einaste spora vi såg som var nye i løpet av helga, var harepusen sine. Han ville sjølvsagt ikkje vise seg for oss... Det minner meg om at det ikkje er lenge før påskeharen kommer:=) Nam, nam!!! (Ikkje slik å forstå at eg har tenkt å ete haren...Thihihi...).

Ha ei fortreffeleg fin uke!! Det har eg tenkt å ha.

Every night in my dreams.......

torsdag 10. mars 2011

Torsdag 10.mars.

Ja, dette har vore ein kjempefin dag!!! Ei uke som ikkje starta så bra, med tanke på at minstemann blei sjuk måndags formiddag..... Jaja, eg fekk gjort mykje sjølv om det var trasig å vere inne døgeret rundt. Det gjorde det berre ekstra godt å kome seg ut att onsdagen. :=)
Onsdag, ja, det var jo i går det. Var vel ikkje så mykje som skjedde då?? Tenke, tenke...... "Fjotthau"!! (Eg sjølv altså.....). Vi var jo i Kjeldebotn i går. Konsert med Ballangen og Kjeldebotn. Jaja......ein kan vel ikkje gå rundt og hugse alt heller??! Det gjekk sånn passe for min del, men totalt trur eg det gjekk bra. Kanskje ein liten nedtur då eg sjølv oppdaga at eg hadde tatt på meg lilla sokker. Ein farge som sjølvsagt ikkje er lett å legge merke til og som sikkert gjekk alle tilskodarane hus forbi. (Ironi for dei som er litt treig i dag).
Uansett, det blei vegd opp med den artigaste bilturen (både tur/retur) eg har hatt på mange år. Eg skal ikkje nemne kven eg sat på.....

Eg byrja vel eigentleg med i dag?? Sukk......Så lett å skrive seg bort. Ein er jo av og til (les ofte) i draumeland. Det fins vel heller ikkje noko håp om betring der. That's me!
Dagen i dag har vore heilmaks. Dei aller fleste sjelene eg har sett i dag, har vore blide. (Kanskje det har vore noko i støvet frå fabrikken i dag?? )
Sjølv om eg er glad i å lage mat, er det alltid godt å kome heim til ferdig middag! Kva er vel betre enn å ta seg ei tur i løypa etter det?? Jada.......... Eg veit mange av dåke er glad i sofaen. Eg er berre ikkje komen dit enno. Sannsynlegvis nokre år att til det:=)
To små "gluntar" og eg på skitur i fint føre. Det var berre lekkert!
Ikkje nok med det. Turen blei avslutta med ei kjempekoseleg musikkøving. (Det er som regel dagens høgdepunkt...) Det er så gøy å vere i lag med flotte mennesker!! Ein blir så glad då....

For å bevare ryktet.....skal eg ikkje seie at kvelden kommer til å ende så fantastisk. Hmmmm!!! Det får andre ta seg av! Thihihihihihhihihi......

For å gni det inn...................................................... EIN DAG TIL og så er det vinterferie!!!Yuhuu........ Så kan alle maskinistar, juristar, kyr, politi, trailersjåførar, "høner", lokomotivførarar og blomsterhandlarar ha det så godt. Ikkje min feil at dei valgte feil veg å gå. Hehehehe...... Kjære snø "here I come".

Ha ei fantastisk fin natt (det er berre å drøyme om meg) :=) Det blir sikkert ein fin dag i morgon også og helga med. Stå på for ei betre verd og bla, bla, bla, bla...........

Æ kan gi dæ alt du træng.........

mandag 7. mars 2011

Måndag 7.mars.

Steffen har den snillaste mammaen i verda!!! Stakkars lille guten som ikkje følte seg i slag i morges....... "Mamma, æ har så ondt i magen, og så e æ litt kvalm". Nesjda, det prella av på meg..... "Så, så...det går over. Ut og få litt luft, så skal du sjå det går bra. Skolen next!"
"Mamma, kan du bær mæ?? Æ klar ikkje å gå sjøll"...... "Nei, det går så bra, så. Kom igjen!"
Det var berre for han å lystre!

Kva skjer? Joda...... Før det var gått ein time på skulen, spydde han! Hurra for mammaen som ikkje brydde seg meir i dei tidlege morgontimane. (Spyinga var nok heldigvis eit eingongstilfelle. Det er nok meir vondt i magen og hovudet). Så no sit eg her i eine sofaen og skriv medan han ligg i den andre (kvit i andletet) og ser borne-tv. Takk til den som fann opp teikneseriar på tv!! Ingenting er så kjedeleg i denne verda som å vere heime med ein sjuk unge. Så no er eg låst fast her i huset dei neste ørtiførti timane, med tanke på at eg er åleine heime heilt til onsdag,. Hurra!! Med fare for å virke litt ufølsom........ Er jo ikkje det, då:=)

VM er over, Noreg gjorde det bra og skal no attende til det normale. Like greit.... Trur ikkje VM er heilt sunt alltid. I alle fall ikkje på fredag som var. Mildt sagt!
Klassen og eg såg på stafetten (nett-tv over storskjerm). Det blei jo ein spanande stafett..... Med kvart kjente eg at eg fekk vondt i magen og adrenalinet steig fleire hakk ofte. Vi kunne aldri vere sikker. Etter tre spanande rundar, ringte det ut og elevane fekk ta helg. Sjølv valgte eg å sitte foran skjermen og sjå stafetten ferdig.

Når ein i utgangspunktet er veldig spent og oppgira, bør det ikkje skje så mykje feil...... Akkurat DET skjedde fredagen. Nortug gjekk storgodt.........400 m att å gå. Det var så spanande!! Trur nok eg "prata" eindel med meg sjølv på slutten. Ikkje brukar eg å bannes i min daglege tale, men eg kan ikkje garantere at eg ikkje gjorde det dei siste metrane. Kva skjedde?? Joda........Plutseleg stod skjermbiletet heilt stille! What?? Heldigvis fortsatte kommentatorane å prate. Skulle eg ikkje få sjå sluttspurten? My God!! Så forsvann lyden...... NEI!!!! Skjermen blir svart. ÅÅhhhh....eg får ikkje vite resultatet. Det går ikkje an!! Hallo!??! Adrenalinet pumta for harde livet.
20 meter att til mållinja og skjermen er oppe og går att..... TAKK!! Noreg vann og eg fekk sjå det. Så fins det ein der oppe likevel:=) Det er slikt vi kallar nervepirrande og kan umogleg vere sunt!
No er det over........

Den siste tida er det mange som har klaga over den høge bensinprisen. Det har fått meg til å lure på om den eigentleg er så dyr.... Kva kosta den før?? (I forhold til kor mykje ein tener). Prisen må jo knyttast opp mot lønnsveksten dei siste åra. Det er vel naturleg?? Eg får sikkert mange på nakken om eg påstår at prisen ikkje er dyr....... Det skal eg heller ikkje gjere. Likevel, eg kan tenke meg å drøfte temaet forbruk litt. Drivstoff vil då sjølvsagt falle naturleg inn under temaet i og med drivstoffer noko vi brukar mykje pengar på. Kva er ulikskapane mellom før og no? Eg gjev det eit forsøk.

Eg bør vel aller helst starte med å definere kva ein legg i begrepet forbruk. Forbrk er pengar vi brukar på bolig, bil, transport, mat, drikke, energi, telefoni, fjernsyn, kino og andre kultur-og fritidstilbod eller andre varer og tenester vi kjøper. Puh........ Lang setning! Kunne vel eigentleg ha sagt det så enkelt som at forbruk er summen av alle pengane vi brukar.
Sanninga er at vi nordmenn, i løpet av dei siste 50 åra, har tredobla forbruket sitt. Det er mykje! Det er sjølsagt av di vi har fått det romslegare økonomisk. (Sjølv om forskjellane er blitt større. Rikaste rikare, fattigste får minst). Kva er det vi brukar pengane på idag?

Mesteparten av pengane går nok til bolig og transport. I tillegg er det nok slik at vi brukar meir pengar på kultur og fritidsaktivitetar enn på mat og drikke. (Det kjem sjølvsagt an på kvar ein bur også). I 1958 var mat og drikke den største utgiftsposten, medan det i dag berre utjer 11% (40% i 1958).
Vi har fleire endringar i forbruksmønsteret vårt. I tillegg er det viktig å peike på at det osgå fins naturlege forklaringar på eindel av endringane. I fleire tilfeller endrer prisen seg på det vi kjøper. Enkelte varer blir billigare eller dyrare. Pga konkurranse mellom bedrifter, kan vi ofte kjøpe varer og tenester til ein rimeleg penge. Ta kjøttdeigen f.eks. Eg meiner eg leste i fjor at kjøttdeigen kosta ca 50 kr for eit halvt kilo i 1980. Kva kostar kjøttdeigen i dag?? Enkelte stader er vel prisen nede i rundt 20 kr. Med tanke på at lønningane har stege vil dette seie at kjøttdeigen er veldig masse billigare enn før. Det er med på å gje oss ein romslegare økonomi. (Kjøttdeig er berre EITT eksempel).
Det er heller ingen tvil om at vi kjøper mykje unødvendig når vi får litt ekstra å rutte med.....

Ofte kan vi få inntrykk av at alt var billegare før. Det er langt frå sanninga. For å kunne sjå om ein vare er blitt dyrare, må ein samanlikne prisstiginga med den generelle lønsveksten. Kor mykje var ei krone verdt i 2004 i forhold til kva ei krone er verdt no? Lønsveksten kjem jo også til dei som selger varer og tenester. Kor skal dei hente inn tapet av lønsveksten om varane skal ha same pris heile tida??

Det er faktisk slik at bensin er billig i Noreg! Tru det eller ei........ Det stemmer faktisk. Noreg er eit av dei landa som har den billigaste bensinen. Det blir som å seie at det er så mykje billigare for alt i Sverige. Det er det ikkje!! Joda....Det er billig for oss i Sverige, men for den generelle svensken er det ikkje billigare enn for den generelle nordmann i Noreg. Vi må sjå prisane opp mot lønningane som er i det aktuelle landet. Ikkje kva vi som turistar betaler. Eg trur det er mange som ikkje klarar å tenke slikt.
I 1980 kosta ein billett på trikken i Oslo og 1 liter bensin det same. I 2008 kosta ein liter bensin 12 kr, medan ein trikkebillett kosta 30 kr. Så skal vi legge konsumprisindeks til grunn, er bensinen relativt billegare.
Om vi samanlikner bensinprisane i heile Vest-Europa med inntektsnivået i dei ulike landa, ser vi at Noreg har den nest billigaste bensinen i heile Vest-Europa! Ut frå det kan ein påstå at bensinen vår er billig i europeisk samanheng. I tillegg er den blitt billigare enn i 1950 med tanke på den generelle prisveksten.

Forbruksmønsteret vårt har endra seg i stor grad. Vi drikker mykje mindre melk. No går det i brus og mineralvann. Vi spiser mindre fisk og forbruket av poteter er halvert.
Mindre del av inntekta går til klær. (Av di klær er blitt mykje billigare). Vi brukar meir på teletenester. Til tross for at tenestene på det området er blitt mykje billigare. Det indikerer t forbruket på det området har stege mykje.
Vi handler meir på nett. Ikkje alle er like flinke til å vere aktsom der. Det kan vere lett å bli lurt.

Forbrukermakt. Gjennom forbruket vårt seier vi litt om kven vi er eller ønsker å vere. Dyre merkeklede eller billige produkter? Nekter vi å bruke dyre merkeklede? Eindel er ubevisst, medan andre ting er nøye gjennomtenkt. Vi som forbrukarar er med på å bestemme kva varer og tenester som skal tilbys. Er det ingen som kjøper eit produkt, forsvinn det raskt frå hyllene. Det gjer at vi får ein slags forbrukermakt.

I dag tener vi såpass bra at vi har større krav enn før. Mykje vil ha meir er eit ordtak som stemmer bra. Det er fleire og fleire som klagar sjølv om dei har meir enn nok til å klare seg. I dag kan det virke som om at "alle" trur dei har krav på å bli millionærar. Det er blitt eit mykje større fokus på pengar. Eg trur at mange av dei som veks opp i dag får eit unaturleg forhold til pengar og kva eigentleg pengar har å seie for livet. Vi gløymer at det ikkje er SÅ lenge sidan at det norske folk måtte vere flinke til å prioritere pengane sine. Vi er ikkje ganrantert mot at det ikkje kan komme nye slike tider. Vi er eit rikt land, men det i seg sjølv er ikkje sikkerheit nok.
Vi har auka forbruket enormt. Det kan i mange tilfeller vere positivt, men det lurer farer bak det meste! Forbruket skaper både forureining og tapping av ressurser. Vi prøver ikkje hardt nok å få ei bærekraftig utvikling!! I alle høve gjer ikkje eg det...... Eg er langt frå flink nok, og JA, gjett om eg kjøper mykje unødvendig. Ingenting å seie til mitt forsvar der!

You should know.....everywhere I go.

onsdag 2. mars 2011

Onsdag 2.mars.

Så seier vi takk til Eve for det nydelege biletet ho fann av meg på nettet......Husk no berre på at neste gong må eg få lov til å sminke meg først. Ellers såg eg likskapen (galskapen!!!).

I går var det ein som sa til meg at "The air that I breathe", med The Hollies, er ein nydeleg song. Eg gjekk sjølvsagt på nettet og sjekka teksten. Med tanke på enkelte samtaleemne som dukka opp dagen føre, blei eg litt betenkt, men den virka i alle høve grei.
Sååå......I dag.... Eg tenkte at eg kanskje burde gå på you tube for å høyre songen. Jaaaah... Det var det.... Kva skal ein seie?? Førsteinntrykket var eigentleg heilt på "rævva" så dei seier. Eg måtte no flire litt for meg sjølv. Eg hadde jo allereie bringa beskjeden vidare om at den er fin til Mr.Tredjeperson. Flotte greier!!! Puh.... Ingenting å gjere med det.
Det var slik det heile byrja....................

I gongen på tur til klasserommet, på tur til lærarrommet, kontoret, på vegen heim til middag og til og med på den heilagaste staden i huset....... ÅÅååååå. Kjenner eg blir "gorrsur"!!! Kva er det eg gjer?? Jo, eg brukar store delar av dagen på å gå og nynne på songen. Songen som eg i utganspunktet ikkje likar. Hallo??!! Kor teit går det an å bli??
Betyr det at eg likar den likevel, då?? Kanskje den ikkje er så ille....... Det verste er vel at eg blir å bruke meir tid på den. Jaja.... Den er jo ei kjærleikserklæring heile songen, og det er vel ingen tvil om at tekstar med romantisk innhald smeltar meg 110%. Difor er det grueleg trist at det ikkje er nokon stor songstjerne her i huset som kan syngje meg djupt inn i svevnen. Sukk.......For ein lykke det ville vore!! Det er vel ingen som har ein å låne ut sånn mellom kl.23-24 kvar kveld??

Utanfor husveggen bles vinden, noko som eigentleg er litt koseleg no etter eit varmt og godt bad (etter ein tur langs vegen i regnet). Det er lenge sidan sist eg tykte det var deileg med skitvèr. I slutten av tenåra elska eg regnvèr. Regna det grasalt, kan du vere sikker på at eg trødde meg ein tur ut (utan noko på hovudet). Det er så godt å kjenne regnet mot panna og det at panna blir skikkeleg kald. Det blir så ekstra godt når ein då kjem inn att. (Trur ikkje dei andre venene mine syntes at eg var normal på desse dagane. Forstå det den som kan!?? Hehe.....).
Uansett, det var godt med ein regnvèrstur i kveld. (Heller ingen elg å sjå i dag....). MEN, eg lærte noko nytt på denne turen. Eller, nytt og nytt........ Som eg har sagt tidlegare......svimåt! That's me..... Eg brukar alltid å ha musikk i øyrene når eg går åleine. Å gå i regnvèr utan noko på hovudet er vel ikkje det smartaste ein kan gjere når ein har eit "headset" i øyrene. Då eg var halvvegs på heimoverturen, skjedde det eg burde ha skjønt ville skje. Plutseleg blei lyden så svak. Kva anna var det å vente med alt vannet rennande ned frå håret. Det er vel berre å leite seg fram eit nytt sett! Det er vel lite sannsynleg at eg tok lærdom av det, så det same skjer sikkert neste gong også......

I morgon er det torsdag, og vips så er det fredag og helg. Det går litt fort i svingane, men ein skal vel ikkje klage:=) Spørs om helga blir som planlagt......Det skal jo vere skirenn på laurdag. Akkurat no ser det ikkje heilt lyst ut. I følge vèrmeldinga skal det kome litt snø og kaldare vèr før den tid, men det er ikkje heilt lett å sjå det akkurat no.

You`re the air that I breathe.......

tirsdag 1. mars 2011

Elg???

Kor er denne elgen som alle skryter av å ha sett??? (Elg i fleirtal). Har høyrt at vi plages med inntil 18 elgar her (samtidig). Eg har gått ørtiførti turar og ikkje sett ein einaste ein. Ikkje har eg sett dei løypene på lenge heller.

Her ein dag var det ei venninne som var så lur at ho la ut bilete av elgen i hagen sin. Oh, my God......seier eg berre. Det resulterte i over 50 kommentarar under biletet. Folk var heilt i harnisk! Sterke meiningar ute og går:=)

No har tydlegvis "alle" andre enn eg hatt besøk av desse herlege skapningane. Er elgen redd meg??? Kan virke slik.......
Kanskje det meir er slik at det er eg som er så "svimåt" at eg ikkje legg merke til dyra??! Sikkert.... Eg er ikkje redd for elgen, og difor ser eg ikkje etter han heller. Eller......nesten heilt sant. I går var eg litt skeptisk på kyrkjegarden. Vil aller helst ikkje gå på ein elg der...... Hugser enno elgen som låg rett ved sida av grava til pappa, og eg såg den ikkje før eg skulle gå. Normalt å ikkje sjå ein elg som berre er to-tre meter unna. Jaja.....sa eg ikkje "svimåt"?? Heldige elgen som fekk med seg den koselege samtalen min med den daude......

Det er vel ikkje det smartaste eg har gjort, det å lure på kvar elgen er...... Med stor sannsynlegheit er det nok to unge "jomfruer" som kommer til å fange ein elg og plassere den rett foran inngongsdøra mi. Berre for å vere snill..........

Jaja......her er sikkert mange elg. Trur ikkje at det er så mange som kan drøyme det same på same tidspunkt. Så då er det berre å tru på dei. Ikkje farleg det....Eg trur jo på julenissen også!

You are the reason I wake up every day:=)