tirsdag 31. desember 2013

I dag har eg ofra framsida til Fremover eit par tankar og tenker eigentleg "Kor dum går det an å bli?".
Eg tenker ikkje då på mannen som er avbilda, men dei han siktar til i kommentaren sin.
Hovudsaka på årets siste dag er rett og slett "Damene blir lurt". Hahahahahaha……Særleg!! Eg skal no ta og kommentere kva eg meiner, så kan jo du avgjere om det er slik eller ikkje.

Ivar Rande seier følgjande:"Når damer er ute for å shoppe klær eller sko, sier de alltid at de har kjøpt det på salg. Akkurat det sier menn om fyrverkeri også." Poff, poff…..seier no eg.
For det første så tener eg mine eigne pengar. Viss eg då skal vere nøydd til å lyge om prisen av di eg skal rettferdiggjere kva eg kjøper meg…… Då er det noko som skurrar oppe blant dei små grå hos meg, for så redd er eg ikkje mannen i huset at eg treng å seie noko anna enn som sant er. Anten syns eg prisen er grei å betale, eller så lar eg vere å kjøpe det. Veldig enkelt!
Såååå til hovudkjerna bak det at eg tenker "Kor dum går det an å bli?". Fyrverkeri!! Menn og fyrverkeri!
Eg er då ganske sikker på at det ikkje er lov til å selge fyrverkeri på salg. Prisane er ferdigsatt og reklamen som dett ned i postkassa di fortel kva det kostar. Du kjem ikkje opp på butikken og så får du beskjed om at du får det til halv pris.
Så har du ein mann som kjem heim med mykje fyrverkeri og årøver å skulde på tilbodsprisar, ja då er han ikkje særleg smart. Ikkje du heller, forsåvidt, om du går på "løgna".
Det er berre å innsjå at fyrverkeri er, for mange menn (ikkje alle), veldig viktig og då er det verdt å bruke indel pengar på det.
Med tanke på at enkelte har sære og sure kjerringer, så er det forståeleg at dei prøvar å ro den økonomiske biten bort, men hallo……finn no på ei betre årsak enn ei som er så opplagt feil!
Når kjerringa står der i døra med kjevla i handa…..ja då er det sikkert ikkje så kult å seie "Ops, æ brukte visst strømpengan mine på nån raketta. Håpa det ikkje gjær nåkka?!"
Blåauge og knekte ribbein, eller det som verre er……ei kjerringa som lar deg bli pint med kjeft heile nyttårskvelden…….. Velg og vrak… Hhahahahahha……..

Eg skal no følge med litt ekstra i kveld og sjå om det dukkar opp nokre ekstra putt-putta. Tviler…….

Stemples som komisk og kulturløs. VG har denne overskrifta i dag. Det gjeld den nye kulturministeren som no får pes av di ho ikkje veit kva som var årets høydare for ho på filmfronten, eller kva album (musikk) som var det beste.
Jaja….så har eg lært noko nytt i dag også. Skal du vere kulturminister, må du vere ivrig kinogjengar og kjøpe ein drøss med cd-ar. Viss ikkje er du ute på djupt vann. (Så kan ein dra innom kvar ein heim i dette land og sjekke kor mange det er som eigentleg har så ufatteleg mange cd-ar av nyare dato. Spotify osv…..treng eg seie meir?)

Joda, ein kulturminister skal i bunn og grunn halde seg oppdatert, men kva film eller musikk ho likar best, har vel ikkje så mykje å seie for jobben ho eventuell måtte gjere bra eller dårleg. Kultur er så mangt og ho vil uansett aldri få vore innom alle kategoriane av kultur i dette land i sin periode som minister.
Det viktigaste må no vel vere kva haldningar ho har til filmbransjen, musikkbransjen og alle dei andre kulturfrontane vi har. (Og det er mange!!) Viss ho ser kor viktig det er med kultur, så er det vel der fokuset bør vere. Eg vil tru at døgeret hennar har like mange timar som vårt……..
Sjølv trur eg ikkje at ho er så kulturlaus. Ein kan meine mangt om Erna og Siv, men dei er då vitterleg ikkje så "toskåt" at ei tilsetjer ei som er kulturlaus i den stillinga.

Hva husker du fra idrettsåret 2013? Ta nyttårsquizen.  Hahaha…….. Eg trur eg står over. Faren for at eg skorer langt under pari, er så absolutt tilstades. Det verste er at minstemann i huset sikkert ville ha 100% fleire rette enn eg. Ikkje det at eg ikkje ser på sport….men ein ting er å sjå….ein annan ting å legge seg det på minne.
Eg hugser at Noreg sine handballdamer ikkje vann det siste meisterskapet, at Northug terga på seg svensker (dog ikkje i løypa), Messi netta fleire gonger, United- og Liverpooltilhengjarane tok ting til nye høgder når det gjeld å krangle(!), Drillo blei "skvisa", Magnus C. vann sjakkmeisterskapet, George Clooney……….…ops, nei han er visst ikkje ein del av idretten……
Jaja, det eg vil fram til er friidretts-VM, alpint, skiskyting, Europa-cup, ski-VM…….you name it…… Korleis skal eg klare å halde tankane oppdatert på dei greiene der?
Eg hugser jo ikkje eingong kven som var i årets cup-finale… (Er det litt flaut, kanskje? Håper ikkje det!)

Vel, eg skal ikkje ta ein quiz som psyker meg ned. Så finn heller ein betre quiz til å lokke meg med.

Del dine nyttårsforsetter. Jaaaaa, hurra for VG! Dei veit kva som opptar folk i desse dagar. I morgon! I morgon startar det nye og betre livet. Igjen! Det gjekk ikkje i år, men i morgon er det nytt forsøk. Alt blir så mykje betre i morgon.

Eg har rett og slett ingen nyttårsforsett. Ikkje skal eg slutte å røyke (hahaa….), ikkje skal eg slutte med godsaker, ikkje skal eg trene så himla mykje meir (kanskje urpitelitt), ikkje skal eg utfordre skjebnen så ufatteleg mykje at det gjer noko, ikkje skal eg bli snillare (så synd for dei som såg for seg det), ikkje skal eg seie ja til ny bil, ikkje skal eg la vere å "bølle", eg skal framleis ete popcorn fleire gonger i uka og ikkje skal eg bestige Himalaya med Torunn. (Sorry, Torunn….. Du blir for sprek for meg!!)

Eg vil tippe på at 12% av det norske folket (kanskje litt færre) kjem til å sende inn sine forsett, så då får vi andre noko å lese dei neste dagane. Kanskje er enkelte av forsetta så spenstige at dei faktisk kan virke kul….. Då kan det jo hende vi kan stele idèane?! Hmmmm…….. "Ingen" forsett kan jo fort bli til eitt eller to??! Tja…..

2014! Forventningar…… Eg trur det likaste er å gå inn i det nye året med "open mind". Å tru at det er så mykje som skal endre seg av di det bekkar over til eit nytt år, tja, kva skal ein seie?
Livet blir som det blir. Vi kan sjølvsagt sørge for å påverke det i stor grad sjølv. Mykje blir etter kva vi vi vel å gjere det til.
Likevel, det er så mykje vi ikkje kan styre, og vi kan berre håpe på at han der oppe ikkje har tenkt p gjere ting så ufatteleg vanskeleg for oss.
Det startar no med januar. Det er ikkje lange tida før februar inntrer og sånn går året. Raskare enn nokon gong tidlegare. (Her innrømmer eg ikkje at eg blir eldre……..det er tida sjølv som går raskare!!!)
Før vi veit ordet av det, er det eit nytt år som skal innviast og dei løftene vi ga for det nye året vi går inn i no, må fornyast av di vi ikkje fulgte dei opp.

Eg veit berre ein ting, eg…… Det er at vi må alle saman bli flinkare til å leve i nuet. Vi veit ikkje kva som skjer og difor er det viktig at vi er tilstades her og no. Det er for seint i ettertid og kome og tenke på det ein ikkje gjorde (som ein eigentleg hadde lyst til).
Vi lev i ei lita verd (samanlikna med "gammeldagan"), så moglegheitene ligg der rett foran føtene på oss.

Det er 31.desember 2013. Det er nyårsaften. Det skal vere ein "gladdag" der vi takkar alle for året som er gått og ønske glede for alle i det nye året som kjem. Så då gjer sjølvsagt eg også det. Ønsker dåke alle ein fantastisk fin kveld og at alle får eit fint nyår!! Ingenting vil glede meg meir!

Ha ein super kveld og så er vi igong att i morgon, 2014!

Hasta luego!

IWALY!


Lykkedag!!! Eg var ein tur innom butikken i dag for å sjå om det var noko eg skulle handle. Hahaha…… Om ein ikkje veit om ein manglar noko eller ikkje, er det ganske greit å berre sjå litt i hyllene og vips så har du noko i korga likevel.

No har det seg at eg ikkje er den store "Se og hør"-lesaren. Eg kjøper det når eg skal ut og fly, men ellers gjer dei nok ikkje seg rik på denne knetta.
Likevel, det betyr ikkje at augene mine aldri hamnar på forsida av bladet medan eg står i kassen og ventar på å få betale. Det skjer nok at bladet har eit eller anna som fangar blikket mitt der eg står og akkurat i dag var det nett det som skjedde. OG for ein lykke!!
GEORGE CLOONEY, av alle, er ikkje lykkeleg! Til no har han hatt 21 damer og etter det siste brotet han har uttalt følgjande:" Ingen holder ut med meg." Sitat slutt!!!!!!
Hmm……Stakkars mann! Nei, George, kom hit til Kjøpsvik, så skal vi vel sørge for å gje deg litt lykke. Maaaaaaasse lykke!
Eg kan sikkert ordne deg arbeid på fabrikken også. Eg er heilt sikker på at sjefen ikkje har noko imot å få ein så hyggeleg kar blant arbeidsstokken sin. (Med mindre han fryktar for at det vil bli uttalige sjalusidramaer på arbeid som vil gå ut over innsatsen til dei andre.)



Viss du tar til takke med ei industriløn, kan eg ta meg av å bruke rentene på dei resterande pengane dine. (Du har no vel spara deg opp pittelitt for å berge alderdomen din?!) Det er heilt grei avtale for meg. Eg skal ikkje vere så storforlangande at du vel å takke nei. 
Til gjengjeld kan eg ta deg med på fjelltur, fiske, NPC-fest og i svømmebassenget! 
Berre du sørger for å gje meg eit kyss i ny og ne, skal vel eg halde ut med deg til evig tid!!! Thihihihi………. 

Underholdningsåret på ti minutter. Ha! Viss dei ikkje treng meir enn ti minuttar på å oppsummere det, ja då kan det ikkje vere mykje å skryte av i det året som nett er unnagjort. 

Litt artig…….
@ Fleire trur på spøkelse enn Gud.
@ Ingeting rimer på pølser. (Bortsett frå Mjølner!)
@ I sjukehus vil menn falle ut av senga dobbelt så ofte som kvinner. (Hahaha…….Klart det!!)
@ Nyser du hardt, kan du knekke eit ribbein.
@ Eit langt gjesp kan knekke kjeven din.
@ Elefanter er det einaste dyret som ikkje kan hoppe.
@ Kvinner blunkar dobbelt så mykje som menn. (Hmmm…..Tvilar, for enkelte menn held jo på med å blunke seg halvt ihel til ei kvinne for å få sjangs.)

Ha ei strålande natt!! 

IWALY!




mandag 30. desember 2013

Slik får du et bedre 2014 med ti enkle steg. Haha…….Som om ein ikkje allereie no veit kva enkete av dei ti punkta er? Mat, blant anna. Trim! Det siste betyr sjølvsagt atein også må ta tak i det digitale livet.
Viss Facebook er med på å stjele så mykje tid av deg at du ikkje får tid til å trene, så er det absolutt verdt eit forsøk å kutte ned på det.

Her kjem det…..Thihi….Første punkt er "Spis sunnere". Full klaff, med andre ord. Forslaget er gode salater. (Huff……førebu deg på eit happy år med mykje salat. Kaninfòr året rundt.)
Punkt to er "Få kontroll på treningen". Punkt tre er "Få tid til treningen".
Hah!!! Jomfru Knutsen er synsk! Fantastisk! (Men ikkje fortel det bort til nokon, for då er eg redd eg vil få så mange tilbod om saker at det ikkje blir nok tid til å trene!)
Steg fire er "Få kontroll på det digitale livet". Hahahaha……. No er det sikkert nokon som trur at eg har smugkikka på artikkelen. Det har eg ikkje! Det er rett og slett reint tilfeldig. Men hallo?! Eg trur ikkje eg tippar så mykje feil om eg tippar på at rundt 80 % av den vaksne befolkninga ville ha tippa nett det same.

Steg fem: "Les flere bøker". Berre så det er sagt…..Viss du leser fleire bøker, ja då blir året så ufatteleg mykje betre. For ikkje å snakke om at dersom du gjer det den tida du eigentleg skulle ha tid til å trene.
Steg seks: "Gjør mer voksenting sammen". Disse bokseriene eller denne filmen (NB! 18.) Hahaha…… Joda, det blir superdigg å sjå bokseriar ilag, men kva betyr  NB! 18??? Er det meininga at det neste året skal vere fyllt av porno, eller?!
I så fall blir det mange veldig seine kveldar, for er ikkje det slikt som sendes nattestid?! Så viss lite svevn er foreinleg med å vere opplagt….jaja. Då er det vel verdt et forsøk. (Eg håpar berre nokon andre kan utføre det for meg. Det er litt synd om eg skulle prøve det ut til inga nytte.)

Steg sju: "Bli bedre i noe". Tja…… Kva det skulle vere i? Det fins jo dusinvis av alternativ.
Forslaget som blir gjeven er "Bli bedre i engelsk" eller alternativet "Mattemagi". Thihihi……… Meir lesing, med andre ord. Litt studier og sånne ting. Lykke på jord.

Steg åtte: "Slutt å røyke". Jaja, den er jo grei.
Steg ni: "Få kontroll på helsa". Kjøp deg ein blodtrykksmålar.
Steg ti: "Ha det litt ryddigare". Hmm……Det er kanskje noko i det siste punktet. Roter du ikkje, slepp du å rydde. Ergo sepp du å bruke unødvendig energi som du heller kan bruke til å lese ei god bok i den beste stolen du har, eller rett og slett henslengt på sofaen. (Med mindre det dårlege samvitet ditt tvinger deg til ein trimtur åleine i mørkret - for oss som bur her nord.)

Jaja, no har vi fått oppskrifta på korleis 2014 verkeleg kan bli DET året. Det beste "ever", kanskje? Alt er avhengig av korleis du har hatt det fram til no.
Lev av salat, trim, les, kutt ut det digitale, sjå porno ilag med andre vaksne (kanskje aller helst din betre halvdel - for at det ikkje skal bli så komplisert!), bli betre i engelsk og viss ikkje det hjelper, utforsk matematikken litt meir.

Pave Frans kåret til verdens best kledde mann. Jaujau……seier eg no berre.
Det er faktisk inge spøk. Det er alvorleg meint. Så desse populære stjernene som tidlegare har stukket av med sigeren, er no rett og slett utdanka av paven. Haha…..Litt sprøtt spør du meg, men likevel litt kult. Det må vel klassifiserast som ein ny æra?!

Årsaka er i stor grad hans stilreine måte å kle seg på (som om han faktisk har så mange valg).
Han kler seg "moderne" og det viser at han har ein moderne tenkemåte (?) og er difor eit forbilete. (Vel, forbilete eller ikkje….det er ikkje det som avgjer om du er velkledd.)
Jaja…Det må vere hyggeleg å vere pave i desse dagar når ein kan titulere seg med ein slik gjev pris.
(NB! Eg håper ikkje nokre av mine mannlege kollegaer har lest om dette, for då risikerer eg at fleire av dei dukkar opp i kvit kjole på torsdags morgon. Eg trur eg aller helst ønsker å sleppe det synet!!)

Dette undertøyet berger nyttårsantrekket. Ein skulle nesten tru at det er så mange som skal gløtte under kjolen din, denne kvelden.
Det står at det får deg til å sjå tynnare ut, så det er vel korsett med i det. Dei tenker vel sikkert på at du har fått i deg for mykje digg i jula og at det kan øydelegge den hyggelege nyårsaftenen. Akkurat det kan vi vel ikkje la skje?!
Så menn og kvinner……Finn fram korsettet og bruk det om eit par dagar. Så kan vi sjå kven som ser mest "hot" ut i det. (Sjølv trur eg at eg held meg til det undertøyet som eg enno ikkje har planlagt, men kjem til å bruke. Det er i alle fall ikkje korsett. "Du får det du ser".)

Nordmenn er flike til å forbruke. Haha…Dagens vits, eller? Aldri i verda om vi er det.
Vi er nok dyktige på forbruksområder, men vi er minst like flink til å fornekte det!

Jo meir staten gjer for oss, jo meir forventer vi at den skal gjere. Krava aukar heile tida. Det burde vel heller ha vore litt meir av "kva kan eg gjere for den norskes stat"? Viss eg no skal sette det litt på spissen. Kor går eigentleg grensa for kor kravstor vi kan vere? Den må jo kome på eitt eller anna tidspunkt.

Vi kjøper nytt hus og det første vi gjer er å pusse det opp. Ikkje nødvendigvis av di vi treng det. Det er ikkje av vedlikehaldårsaker vi gjer det. Vi jaktar rett og slett på smartare løysinger, meir velvære, vakrare belysning og så vidare og så vidare.
Uansett kor bra det er der du flytter inn kan det alltid bli betre. Det er det som driv oss. Fordi vi kan det………….

Så kjem fritidshuset…. Kor mange er det i dag som berre har parafinlamper som lyskjelde? Vedomn som einaste varmekjelde? Møblar kjøpt på salg? Det er dei færraste.
Joda, dei fins, dei også, men idag tilhøyrer dei mindretalet. I dag kjøper ein gjerne nye møblar, sørger for god plass, straum, tv og gjerne toalett inne. Fordi vi kan det…….
Vi har det, men om vi treng det, er eit anna spørsmål. Eit spørsmål eg nesten er tilbøyeleg til å svare ja på. Vi treng det……..av di vi har laga oss behovet. Samfunnet har sørga for å få oss til det nivået at vi ikkje vil ha mindre enn det vi kan få.
Det er både på godt og vondt. Det minimale har meir sjarm, medan det "nye" er meir enkelt. Mindre arbeid…….. Så kan ein jo sjølv vurdere kva som er best.
Mykje vil ha meir. Eg er vel sikkert ikkje noko unntak der, er heller.

No har klokka runda midnatt og eg skal berre sjå ferdig "Haisommar 2" før eg legg meg. Så ha ei god natt og sørg for å få mykje nattesvevn no medan du kan….I alle fall viss du har tenkt å følgje opp råda om korleis 2014 kan bli eit digg år.
Eg trur eg skippar eit par av punkta. Blant anna salaten! Hahaha……

Hasta luego!

IWALY!




lørdag 28. desember 2013

Ba om kvittering på at han hadde vært på glattcelle! Hahhahah…..Dagens! Ikkje greitt å vakne i bakrus og skjønne at du faktisk har tilbringt natta på glattcelle. Sånn forutan at det sikkert er megaflaut, er det sikkert hakket verre om du kjem heim til kjerringa og skal prøve å overbevise ho om at det er nett der du har vore.
Aller helst er vel sjansen størst for at ho trur du er stein hakke galen som faktisk kan finne på og samtidig tru at ho skal gå på slik ein dårleg spøk. (Dessutan spøker ein ikkje med slikt og kjerringa blir neppe nådig då.)
Gode råd blir plutseleg dyre, for det siste ein ønsker, er å trappe opp på trappa heime og risikere å bli "banka" av ei rasande kjerring som trur du har vore og dyppa "litjkaren" ein plass der den ikkje skal vere. Så kva gjer ein då???
Joda…….Viss du er ein smart drammensmann, ja då veit du råd. For då er du ikkje så bekymra for den kjeften du får av kjerringa av di du har sove der du faktisk gjorde det. Smartingen ba rett og slett om kvittering på at han hadde vore der om natta! "Litjkaren" kunne slappe av pga bevisets tilstand og trengte ikkje vere redd for å bli kastrert, eller eigaren av "litjkaren" kasta på dør. :=)

Fride og Mathias jakter etter mødrenes hemmelige sex-partnere. Jaha……. Det første som slår meg, er at dette høyres ut som ein sær hobby. Viss eg så prøver å la dei små grå vakne litt meir og kanskje evne å tenke litt meir "fornuftig", så kanskje eg kan vere tilbøyeleg til å tru at det faktisk ligg ei god forklaring bak det heile.
Sånn eigentleg trur eg nesten at eg kan påstå at eg skjønner kva det dreiar seg om FØR eg opnar saka. Det må jo vere farskapssaker det er snakk om. Noko anna vil jo berre vere rart. Då fell eg attende på det som seier sær hobby….. Nei, eg går for farskap!

Kvifor trur eg eigenleg at det handlar om farskap? Hemmelege sex-partnarar….. Det står ingenting i overskrifta om det er tidlegare partnarar, eller om det er partnarar dei har den dag i dag. Likevel er det nærliggande å tru at det fortid det er snakk om. Viss ikkje er det nesten så enkelt som berre å følgje etter mor di heile døgeret (skugge ho) og vips har du svaret.
Årsaka til at det er nærliggande å tru at det gjeld farskap, er at eg las tidlegare (fleire år sidan) at ein av ti born veks opp med ein annan pappa enn den som er den rette biologisk sett. Gifte kvinnfolk (eller ugifte for den del) er utro og blir gravid med "elskaren" og seier ingenting om det til mannen sin. Bornet veks opp i den tru at "pappa" er pappa.
Det var ti prosent den gong, og det er inga grunn til å tru at det har endra seg noko i positiv forstand til no. Utroskap er vel noko som til stadigheit skjer blant folk, og då er det ikkje vanskeleg å skjønne at det må gå galt enkelte gonger.
Eg trur eg skal opne saka og sjekke kva som står om desse sex-partnar-detektivane.

Fride er 30 år og Mathias er 40. Dei har ein ting til felles, nemleg at dei har vekse opp med "feil" pappa.
Fride visste ikkje om det før ho blei 24 år. Eg kan berre tenke meg til korleis det er å vere vaksen og få ein slik beskjed. Det er nok alt anna enn lett.
Ho prøvde å tvinge mora til å seie kven faren var, men mora nekta. Det hjalp heller ikkje at ho gjekk rettens veg. Løysinga blei difor ein artikel i avisa og dagen etter ringte ein mann som sa han kanskje kunne vere faren hennar. (Creepy…)
Dei avtalte at dei skuille møtast og då det skjedde, heiv dei seg i armane på kvarandre. Jo meir dei prata, jo meir sikre blei dei.
Berre så synd at det heile blei kleint og teit, for DNA-prøvar viste at dei ikkje var i slekt.
Den dag i dag har ho ikkje funne han. Ho har testa seg mot fleire, men ikkje fått treff.
Hallo…… Kor mange partnarar har mora eigentleg hatt? Mest sannsynlegvis berre ein, men når du leitar etter ei nål i ein høystokk, tja….kva kan ein forvente.
(Jo meir eg les på artikkelen, jo meir skjønner eg at eg har ei venninne som kjenner Fride….Jeeezes, verda er ikkje stor!!)

Mathias…… Han hadde også ein mistanke om at ikkje alt var som det skulle. I og med at han og systera hans var så ulike, tok dei og DNA-testa seg for å sjå at dei faktisk har same far. Faren var visst ikkje far til nokon av dei! Ops…… Shit happens, ikkje berre ein gong men to. Då er det plutseleg to fedre som må oppdrivast. Utfordringa blei plutseleg dobbelt så stor.

FN´s bornekonvensjon er tydeleg på at alle born har rett til å kjenne opphavet sitt. Likevel er det ingenting som seier at foresatte blir straffa om dei likevel vel å skjule det for borna. Ergo et det kun samvitet til dei det gjeld som avgjer. I denne saka er det viktigare for mora å dekke over for å sleppe og miste andlet utad.

Kva gjer eigentleg slikt med eit "born". Sjølv om du er vaksen, er du nokons born. For enkelte kan det nok ende i ei livskrise.
Dei fleste klarar vel på eitt eller anna vis å finne ein måte å takle det på, men for enkelte kan mykje vere øydelagt for resten av livet.
Mathias, som er omtala i denne artikkelen, fekk ei krise. Han blei paranoid. Det påverka han så mykje at han byrja å fylle hovudet sitt med tankar om at han ikkje var pappa til sine eigne born. Det påverker sjølvsagt kjerringa hans også.
Hadde eg blitt mistenkt for å ha lurt alle, inkludert sonen min, med kven som er faren hans , ja då trur eg at eg ville blitt bra nedfor berre ved tanken på at nokon kan tru noko slikt.
Som sagt er det ein menneskerett for eit born å kjenne foreldra sine og det er særs viktig at det er rette registreringar "ute og går" når bornet kjem i folkeregisteret. Tenk berre på følgjene det kan få for eit born om det det kjem ut for ei ulykke og treng blodoverføring frå faren sin……for så å oppdage at faren faktisk ikkje kan bidra av slike grunner som denne saka omhandlar.
Dei medisinske grunnane………Genfeil kan oppstå, arvelege sjukdommar…..Ting som ein bør vite om.

Å få born er ei egoistisk gjerning. Viss ein vel å få eit born, ja då må ein ta det ansvaret som følgjer med ved å vere open dersom det har skjedd på "feil måte". Det er det rette for alle partar.
Er du redd for konsekvensane ved å vere ærleg, ja då burde du heller ha tenkt på det før du hamna i uføret. Det er lett å ville beskytte seg sjølv, men det er mykje viktigare å beskytte bornet.
Når vi ser at dette er eit tema som omhandlar ein rimeleg stor prosentandel av borna som lever i samfunnet idag, er det grunn til å bekymring.

Nei, plutseleg var ikkje klokka på lag med meg meir. Kor eg har hatt hovudet (eller hendene, for den saks skuld) er meg heilt uforståeleg, for klokka var då vitterleg ikkje så grueleg seint då eg starta. Eg har sotte her i alle fall i tre kvarter, og det er mykje! Jaja….. Det var vel eit tv eller anna greier som fanga merksemda innimellom. No tar eg i alle fall kveld og håper at døgeret snus pittelitt attende i måro. Det er ikkje å stikke under ein stol at ein ikkje står opp klokka åtte om morgonen desse dagane.
Om eg ikkje tar heilt feil, er det snakk om litt skigåing i morgon føremiddag, så då må ein vel berre prøveå karre seg opp.
Skiforhola er nok ikkje optimale. I går var det rimeleg hardt føre, så det spørs. Det blei likevel nokre kilometer…….
Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!



torsdag 26. desember 2013

Tegn på at du er mamma. Eg har akkurat lest ein artikkel med 30 punkter som definerer teikn på at ein er ei mamma. Så er det opp til kvar enkelt å avgjere kva av punktene som eigentleg passar inn i livet  sitt. Eg las alle 30 og hamna på 14 "rette".
No skal det sjølvsagt poengterast at eindel av punktene forutsetter at du faktisk er småbornsmanmma. Sånn der gulpeklut-mamma og legoklossar-mamma……….. Gulpekluten har eg vore borti, men det er såpass lenge tida at alle slike ting er rett og slett gått i gløymeboka. (Kven vil vel frivillig gå rundt og hugse gulping og liknande?)
Lego trur eg nesten at han ikkje har vore særleg interssert i. Kanskje ein urpiteliten periode, men den må ha vore urpitteliten!

Uansett……Enkelte av punktee passar ikkje inn i jomfru Knutsens mammaliv. Defifitivt ikkje……
Døme på det er "Du innser at du fortsatt ser på NRK Super selv om barnet sovnet for en halvtime siden". NRK Super har eg aldri sett på, og er blei straks litt usikker på om poden sjølv har gjort det eller ikkje. Eg trur mest det gjekk i "Young Einsteins", "Mikkes klubbhus" og "Tom & Jerry" det gjekk i. "Tom & Jerry" som avla til råfliring og som garantert er like "in" i dag som for 30 år sidan!! 

Du vet intuitivt at lua dere ikke finner enten er i dusjen, i barnets lekekasse eller i kjøkkenskuffen. Nope….. Det har ok aldri skjedd, så den kjenner eg oss i ikkje att i. Ergo er det berre å luke punktet bort. 
Du vet at ingenting er vondere enn å trø på en legokloss. Det stemmer ikkje overeins med det som svirrar blant dei små grå, så vekk med det. 

NRK Super og legoklossar…… Viss det er det som definerer mammarollen, ja då slit eg grasalt. 
Du har alltid en smokk, våtservietter, en banan, en leke og noe som kan fungere som en bestikkelse i veska. Hahahahaha…….. Det er meg det er snakk om. Såååååååå smart er eg ikkje!! Hallo…!!?!! Eg som klarer å gå til Svartvannet med ein femåring utan å ta med meg skifteklede……… Då er det jo ingen tvil om at noko må skje, og det var akkurat det det gjorde. Han datt uti elvemuningen heilt oppe ved vannet. 
Resultatet var at eg måtte av med shortsen min og sokkane mine, slik at han kunne slipp eå fryse på heile nedturen. Sjølv måtte eg då gå ned i tursko utan sokkar! Alle veit vel kva det betyr?! Gnagsår de luxe!
Så å tru at eg garderer meg med naudløysinger når eg er oppover ein tur, eller liknande, ja det er verkeleg å tru for mykje!! Det skjer rett og slett ikkje. 

Du innser at du har hørt på Kardemomme by hele veien til jobb, også etter at barnet er levert i barnehagen. Hjelpes…..Eg trur artikkelen er mynta på søringar! (Hmmm………. Den kan vel kanskje ikkje EG slå i bordet med…..jaja…)
Kardemommeby?? Tja, han veit vel kva det er, men ikkje av di eg har spelt det for han. Kaptein Sabeltann er nok komen til han via bornehagen og liknande. 
Stakkars gut…….. Viss ein skal sjå på kva musikk som er lytta til med han i same rom, ja så er det "lovesongs" og andre sjangrar som eg lyttar til. Det har nok ikkje vore overflod av bornesongar. 
"Når jeg blir 66" går vel under kategorien "både ung og gammal", så noko har han vel høyrt på. Og så Kaptei Sortebill, då! Kulingen sjølv! 

Du innser at du kommer til å ha den samme bilen lenge – i hvert fall til noen finner ut hvordan du får bort de stygge flekkene og alt glitteret. Glitter, ja…..Då hadde eg mildt sagt blitt bekymra. 
Kva er eigentleg definisjonen på lenge? Hadde eg vore mann, hadde vel bilen blitt bytta annakvart år. 

Er det eigentleg rart at eg ikkje treff blink på alle punktene dei ramsar opp? Kardemommeby, våtserviettar, NRK Super (eg trur dei har fått solstikk), banan og lue i dusjen. Det kan nok ikkje vere heilt normalt?? 
Hahahaha……. Då er det snakk om ganske mange unormale i dette ganske land! Thihihi….

Likevel……sjølv om det er eit hav av punkter som treff langt under midjen (kanskje under tærne også), er det no i alle fall enkelte av dei som stemmer godt. 
At ein heller vil ha 40 i feber sjølv enn å ha sjukt born……. Vel, det er no eg burde seie at det stemmer, men å prøve å innbille andre at eg heller skulle vore sjuk sjølv for å unngå det, er å dra den litt for langt. Eg trur heller eg går for at vi held oss frisk heile gjengen. Definitivt! 

 I stedet for å flykte bort fra oppkast, løper du nå mot det. Joda, sånn bortsett frå at eg aldri har "løpt" i frå det før heller. Det er jo berre snakk om litt spy. Det er vel ingen som har tatt skade av det nokon gong?!
Eg er berre lykkeleg av di min aller beste pode alltid er flink til å seie ifrå om det er noko som er på tur opp halsen Eg får alltid tid til å førebu meg ved å hente bøtte før det kjem noko som helst. Inegn golvvask og liknande, med andre ord. :=)

Hver gang du skal handle klær til deg selv, kommer du hjem med to bæreposer med klær til barna i stedet. Der kom det plutseleg (sånn heilt ut av det blå) eit punkt som faktisk stemmer med 99,9%. DET er nært, det. 
No er det ikkje antalet bæreposar som stemmer, for det har eg null peiling på……., men at når planen er å kjøpe klede til seg sjølv, så kjem ein aller helst heim med klede til andre enn seg sjølv og då gjerne ein liten pode. 
Det er rart med det, men eigentleg er det ikkje det heller. Det er jo så mykje fine borneklede og då blir ein vel berre freista. 

Du ser på andre foreldre med barn som hyler med et medfølende blikk. Vel, akkurat det stemmer ikkje. Ingen medkjensle her i garden. Hyler eit born, så hyler det…..ig det utan at eg ofrar dei andre foreldra ein einaste tanke. Det er sikkert synd i dei, men det er vel ikkje nødvendig at eg skal bruke tankeenergi på det? Alt tll si tid, seier eg berre. 

Du kan høre barnet hoste gjennom tre vegger, fire dører og en mann som snorker. Hallo? Vis meg den mora som ikkje kan det. Det er juks å bruke sikkerstikk som punkt. Alle mødre har denne kvalisikasjonen!! 
Ikkje berre gjennom dører og veggar…..golv også, for den saks skuld. Av betong!!
(Du treng ikkje høyre det, heller….Du berre føler det på deg.)

Du vil heller sove enn å ha sex. Hahahahaha…… den ser eg helst at eg slepp å kommentere. Du får leve i den trua du vil, og uansett kva du ender opp med som svar, så er det sikkert rett.

Du begynner å gjøre deg klar til å gå en time før avtalen – fordi du bare vet at noe uforutsett kommer til å skje. Ikkje eg, nei, men eg kjenner fleire andre som hamnar under den kategorien. I stor grad. At det kanskje kjem av at dei har eindel fleire born eg enn eg, seier eg ingenting om. 
Kva uforutsett kan eigentleg skje? Eg ler jo berre om mjøldunken dett i golvet og melet strør seg utover "heile" golvet. Ler nok mykje så eg ikkje evnar å ta det opp etter meg, og då må andre trø til. (Som bannes!!) Eg blir sjølvsagt stornøgd med det og så er det heilt andre enn eg som blir stressa. 
"Andre" er ikkje folk i fleirtal, men det høyrtes så mykje betre ut med det ordet. Det går sjølvsagt ut over den same heile tida. 
Så når eg kan miste mjøldunken i golvet og le, kan ein jo ikkje ta på veg om minstegullet skulle vere så "uheldig" med noko. Det går jo forsåvidt berre bra, uansett??!!
Ein time før avtalen……… Hahahahaha……. Sei no heller ein halvtime. Ein halvtme til å dusje og stelle meg. (Eg bør vel ikkje nemne at det ofte kan dreie seg om eit kvarter?) Å ha god tid, gjeld berre fram til at du skjønner at du ikkje har det lenger. (Kor blei tida av?) 
Det einaste som er sikkert, er at eg ikkje kan skulde på poden for det. Eg klarer godt å sørge for det sjølv. Skal berre…..skal berre……… 

Du kan lage middag, amme, ta oppvasken og kjefte på barna – samtidig! Hahahaha…… Særleg! Kven kan ikkje det? Viss vi tar menna ut av biletet sjølvsagt. Dei har jo då nok med å gjere ein einaste ting i gongen, medan vi kvinner faktisk kan gjere fleire ting samtidig. 
Om amming og middagslaging er så god kombinasjon, veit eg no ikkje heilt. Likevel…..Om nokon skulle ta meg i å amme, uansett tidspunkt, så sørg for å sende meg dit det fins kvitkledde menneske. Då er det om å redde meg! Eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå for meg at det fins noko som helst melk i puppene mine, så då vil det vel bli klassifisert som bornemishandling på høgt plan. 
Kven veit? Det kan jo hende eg får tendensar til å bli gal ein eller annan gong, men seriøst…..eg håpar du då oppdagar det på eit anna vis enn at eg ammar eit stakkars lite born. 

Du skjønner betydningen av at det ikke er langt fra latter til gråt. Berre så det er sagt…..Krokodilletårer fungerer ikkje på meg. Skal du skrike, ja så gjer det ordentleg. Slå deg sånn at du faktisk kjenner det…..då skal du trøyst få. Pjalt og dalt?? Nei, tørk tårene!

Huff, det er visst ikkje berre, berre å vere mamma. Det kan sjå ut som om at kravlista er litt lang. Eg har berre kommentert halvparten (kanskje, for eg har ikkje telt) og enno skal dei prakke på fleire "krav". 
Nei, vi er vel alle som vi er. OG takk gud for at vi ikkje er likeeins heile hurven. Tru kor kjedeleg det ville vore. (Då trur eg ikkje at eg hadde overlevd.)
Alle får vere den mora dei sjølv ønsker å vere. Sannsynlegheita for at du uansett har den største stjerna i bornet sitt auge er stor "no matter what". 
Det heiter så fint…"Få er som far og ingen som mor." 

Ha ein fortsatt fin kveld! 
Hasta luego!

IWALY!!
Første juledag (eller kanskje aller helst andre…….) 2013. Dagen er over og det er ikkje lenge før senga skal få besøk av denne unge jomfrua. Det har vore ein roleg dag, noko som denne dagen som oftast brukar å vere.
Gårdagen var vellukka, alle var nøgd med gåvene og det var god mat. Med andre ord var det ikkje noko å klage på.
Minstemann lurte grueleg mykje på kor gåva frå oss var, av den enkle grunn at eg hadde innbilt han at den svære gåva som stod ved sida av juletreet var til meg. I og med at han er likenysgjerrig som eg var i den alderen, fann eg ut at det ville vere ein smart ting å seie.
Lykken var stor då vi innrømte at den var til han.


Ikkje vanskeleg å sjå at gåva falt i smak. No går dagane garantert med til "fotball". Bordet tar nok alt for stor plass i stua, så det er nok ingen tvil om at et skal ein etasje ned om få straksar. Foreløpig er heile familien med i kamp, så då er det kanskje like greit at det står der det står no ei lita stund. 
(Bak gutungen ligg eska som var utanpå pakken til meg! Viss du ser på forma til eska, så kan det kanskje hende at du klarer å tippe på kva som var inni. Viss eg seier at det var eit "etui" med noko inni, noko som kjem under den kategorien som kan kallast min hobby, blir det hakket lettare…….og har du ikkje skjønna det enno, ja så er svaret ein fiolin! :=))))))  Så spørs det om det er nokon som kjem til å angre på at den er komen i hus. (Då tenker eg ikkje på meg sjølv.) Thihihi………

Det beste var når nissen skulle kome. I lang tid har vi høyrt at nissen ikkje finnes og at det berre er nokon som kler seg ut. 
Likevel ville nok skuffelsen ha blitt stor om det ikkje hadde dukka opp noko nisse. 
"Onkel, æ veit at det e du som kommer tell å vær nisse i dag. Du lura kje mæ!" Eg veit ikkje kor mange gonger eg høyrte den setninga i løpet av dagen. 
Då middagen var ferdig, byrja han å bli utolmodig og lure på om nissen ikkje kom til å kome likevel. Dessutan sat vi jo alle rundt bordet, og det passa jo ikkje inn med at onkelen var nissen. 

Plutseleg høyrtes det kraftige dunk i veggen. Minstemann, som heile tida prøvde å overbevise oss andre om at nissen ikkje finst, blei med eitt litt skeptisk. "Mamma, æ trur du må åpn døra………." Eg nekta sjølvsagt og han mått epent gjere det sjølv. 
Så då opna han døra…….og kven andre enn nissen stod der?! "Hei, nisse. Bærre kom inn." 
Nissen entra døra og etter litt sa han at han hadde vondt i ryggen etter å ha reist så langt, så om ikkje guten kunne hjelpe han med skorne. Hahahaha…… Det er det beste eg har sett. Eg lo så eg grein.
Kva nisse er det som ber eit born om å ta av han skorne?? Thihihihihi…..

Kven er det som gøymer seg bak maska????????? Det er om å sjekke når nissen ser ein annan veg…….. Kvar gong nissen snudde hodet mot han, var det om å skjule at han prøvde å avsløre han. 
Nissen var god i rolla si og då han gjekk lurte poden på korleis "nissen" kunne vite at han trengte "skøyteskistavar". 
Så sjølv om han er fullstendig klar over at nissen ikkje fins, har han samtidig lyst at det skal vere slik likevel. 

Julaften rann no ganske kjapt, eigentleg. Heldigvis hugsa eg på å få foreviga poden ilag med meg sjølv før kvelden var over. Det er lett å ta bilete og gløyme at du sjølv må vere med. 


No er både julaften og første dag over. I morgon blir det nok ein litt meir aktiv dag. EIn kan jo ikkje sitte inne og sløve og stappe i seg heile jula, så i morgon har vi leid trenetid. Då blir det ingen "kjære mor". Så spørs det om ein er så "lykkeleg" når ein skal prøve å løfte seg sjølv opp ribbeveggen. Det er stor fare for anger………

Heldigvis er det ikkje parkeringsautomat ve dkyrkja her. Då kunne det blitt dyrt for mange, inkludert meg sjølv. Det er ikkje kvar dag at behovet for parkering er like prekært, og av og til må ein ty til alternative plasseringar (som sjølvsagt er heilt trygge). 
Verre er det om du bur i Stavanger og deltok under gudstenesten i domkyrkja der i går. I stavanger har tydlegvis parkeringsvakter gått beserk under gudstenesten og mange fekk seg ei "unødvendig" julegåve. 
Eg må seie meg einig med dei som blei råka…… Dette var spekulativt og dårleg gjort. Å gjere seg klar på julaftenen, heilt bevisst, for å gjere pengar på dei som skal få med seg juleevangeliet før dei startar julefeiringa si for fullt. 

Dei som ikkje fekk plass ved kyrkja, stilte seg opp på parkeringa ved Fisketorget. Normalt er det ikkje avgift på parkeringer i byar utanom opningstida til butikkane, så eg reknar med at det er mange som parkerte i god tru i går. 
Kanskje det er det dei må gjere her? Ta parkeringsavgift…… Då er det vel ingen som kjem til å bruke bilen sin meir og tru kva det kan gjere mes sjukefråveret?! Spørs om det er så mange som er einige med meg der……..Kanskje ikkje eg sjølv heller! :=)))

Vil ha bensinpris på 42 kr literen. Jaha? Det er ikkje her heime det er snakk om, men i det landet vi "alle" påstår er så mykje billegare å handle i enn her heime. Sverige……søta bror. 
Spørsom det blir så mykje nordmenn som drar dit på ferie om det slår til med bensinprisen. 

Viss det skulle slå til…….trur eg beint fram at eg er glad eg ikkje sit i noko maktposisjon der, for eg vil tru at det er mange som kjem til å rase frå seg i denne saka. 

Kom sammen til julegudstjeneste. Märtha og Ari……… Sjokk!! Hallo?? Er det noko å slå stort opp i ei avis? Hjelpe meg…….. Eit ektepar kjem ilag til kyrkja! Fysj!! Ikkje heilt normalt, eller…….

Slik unngår du vektøkning i jula. Vel, det er ikkje i jula du skal tenke på det. Skal vi tru på det presten sa i går, ja då er det tida mellom nyttår og jul som er den tida du skal tenke på det. Så berre spis med godt samvit heile jula. 

No tar denne knetta kveld og satsar på at det er masse (!) snø ute når eg vaknar i morgon tidleg. HAhhaha……Det var det med å tru på nissen. 
I alle fall……Sov godt! 

Hasta luego!

IWALY!!




mandag 23. desember 2013

Lillejulaften og julefred. Det er vel akkurat slik det skal vere. Treet er akkurat pynta, maten fortært, biljardrundane unnagjort og no sit vi benkra rundt stovebordet med litt snacks og ventar på kveldens film, Alene hjemme. Ein film vi har sett x antal gonger før, men som er like artig kvar gong. Og kva er vel betre enn ein god latter på kvelden?

Minstemann er spent på om nissen kjem i natt. Han seier berre at nissen ikkje finst, og at det er eg som er den som fyller sokken. (Noko eg sjølvsagt benektar.) Likevel trur eg nok han har eit lite ønske om at nissen faktisk fins og han er nok spent på om det er noko i sokken i morgon tidleg. Sokken er i alle høve komen opp på dørhanka, klar til fylling.

For å skryte litt, har eg baka nokre julebrød i ettermiddag. Det er kanskje ikkje noko å skryte av, men eg kan ikkje påstå at det er noko eg har gjort i alle år. Det har vore lett å kjøpe……. I år blei det ikkje slik. I år har målet vore at det meste skal vere "from the bottom". Ergo har vi ein pepparkakelandsby med hus, stall, kyrkje osv……som er rimeleg skakke, altså "up to date" for den tida den representerer! Når ein tar det på øyemål, ja då blir det slik. Men eg syns no berre det er sjarmerande.


Hahahhaha…….. "Lille Johanes" har skrive ønskeliste til julenissen og avsluttar heile brevet på ein heilt fantastisk herleg måte. Berre høyr her…: PS. Beklager hvis jeg er litt slem, det er ikke så lett å være snill som det høres ut. 
Sukk, der smelta i alle fall eg. Så hadde eg vore nisse, ville Johannes garantert(!) fått julegåve frå meg. 

No har eg ikkje lest ønskelista hans, men i følge nettavisa så er det eindel ting som står øverst påønskelista til folk. Blant anna står det tenner! Kva med elleve tennisballer? HAhah…. Akkurat elleve, liksom. 
Det står også at det kvart år strøymer inn over 20 000 brev til julenissens fetter i Drøbak. Julenissens fetter! Thihihii……. Kanskje eg skal skolere meg i niseefamilien og bli nissens niese? Det spørs om eg har stor nok postkasse….. 

Ein eller annan Raymond skreiv at dersom han ikkje fekk det han ønska seg, skulle han sende hodelus til julenissen (i ein konvolutt). Kanskje ikkje så smart ein kar, i og med at lusa døyr lenge før den når fram. Eg reknar med at denne furtne karen ikkje fekk det han ville…. 

Kjære nissen, du trenger ikke anstrenge deg for at mamma skal bli gravid. Hahahaha……. Fantastiske born!!! 

Nei. no startar filmen. Dåer det berre å flytte augene frå denne skjermen og over til ein litt større. Så ha ein fantastisk fin avsluttning på denne kvelden og ha ei god jul og julefeiring i morgon. 
Har du vore snill i år, kan du risikere at skjeggmannen dukkar opp i løpet av det neste døgeret. 
Sjølv forventar eg det, for eg har vore supersnill heile året!!! Jupp!

Hasta luego!

IWALY!

lørdag 21. desember 2013

Det er straks jul, og jula er kanskje den tida av året som er avsatt til ettertanke på mange områder. Vi "fråtser" i mykje forskjellig. Vi bruker stinn i pengar på både nyttige og unyttige ting. Mat bugnar det for det meste over av. Dyre gåver er handla inn. Lista kan bli uendeleg lang om eg legg litt innsats til for å få dei små grå opp og gå.
Då gjer det noko med meg når eg les artiklar som omhandlar det totalt motsatte. Akurat som eg nett gjorde. Eg har surfa litt på nettet og i stad kom eg over ei overskrift som sa følgjande: Her blir hun steinet til døde for å ha hatt en mobiltelefon. Ein slik setning set enkelte ting litt i perspektiv.

Steina til dauden……. Det verste er at dette er noko Noreg "støttar". Vi støttar dei av di vi sender masse pengar dit. I 2010 sendte Noreg 400 millionar til Pakistan. Eit land der ein då altså aksepterer steining som straff. (Ein skulle nesten tru at vi er 2000 år attende i tid.)
Fundametalistar og terrorisme får mykje drahjelp av desse pengane vi er så naive å tru at skal hjelpe landet.
Slik eg ser det, kan det berre bety at Noreg er elendige på det å konsekvensutreie det dei støttar. Akkurat det burde vore eit minstekrav, så her er det fleire som ikkje gjer jobben sin.

No kan det sjå ut som om at det også skal bli lovleg med steining i Afghanistan. I dag er det Karzai-regime, og dei vurderer no å innføre steining som straff att. Vi veit jo alle at det var noko som blei brukt under Talibanleiinga i si tid. Så det er ei skrekkens tid mange går i møte.

Å bli steina av di ein har ein mobiltelefon……Hallo?! Det er jo galskap! Det må jo vere av di dei skal ha full kontroll på alle for at dei ikkje skal kunne kommunisere med nokon som helst.
Galskapens verd som gjer at det er lett å bli takksam for at vi har dei moglegheitene vi har.
Så i julerushet og alt det vi tar som ein sjølvsagtheit………. Det er tid for litt ettertanke også.
Å eige ein telefon burde vore ein menneskerett uansett kor du bur. Å ikkje bli steina er ein endå større menneskerett. Verda burde vende seg imot dei til dei tar til vit!

Når eg no eingong er inne på temaet jul og det forbruket vi har, er det vel betimeleg å kome inn på det som omhandlar januar og at folk faktisk gruar seg til det bekkar over til nytt år. Då skal røyndomen innhente mange. Den innhentar dei som kjøpte alle dei dyre julegåvene dei eigentleg ikkje hadde råd til.  Dei ville så gjerne…….men gjerne er nok ikkje dei beste forutsetnadane for å faktisk gjere det.
Likevel, det er forståeleg. Det er det.
Når dei ser alle andre som investerer i dyre gåver, vil dei ikkje vere noko dårlegare. Det er dessutan ikkje særleg kult å sjå borna vere lei seg når dei kjem heim frå skulen og har høyrt om dei flotte gåvene "alle" andre har fått….og så har dei sjølv berre fått ein enkel, "liten" ting som dei ikkje ønsker å fortelle andre om at dei har fått.

Kven er det som har skulda for at det har blitt sånn? Eit spørsmål som i utgongspunktet ikkje er så lett å svare på, samtidig så det er nett det. Det er klart at det er alle oss som har råd til det…… Eg er sjølv ein del av det. Eg brukar masse penger når det nærmar seg jul, og ergo er eg med på å dra lasset om kjøpepress.
Eg veit at eg ikkje får problemar i januar og at eg difor kan gjere det. Likevel….Har vi ikkje alle eit ansvar? Når vi veit om alle dei som sultar? Når vi veit at mange brukar pengar dei ikkje har og må gå i banken og be om ein betalingsfri (eller to) månad på lånet sitt for å få endane til å gå opp?
Det er ikkje så lett……
Eg trur nok det er "for seint" å gjere noko med det no. Ulikskapane er komen for å bli. Det er eg ikkje i tvil om.

I dag har galskapen nådd eit såpass høgt nivå at det er fleire som har innsedd at det fins vikigare ting i livet. Difor er det mange som heller kjøper eit par middagar til nokon som ikkje har råd til det sjølv når dei skal kjøpe julegåver. Dei pakkar berre inn provet på at dei har betalt inn pengar til veledigheit.
Ein fin gest som vi aller fleste har råd til å gjere. Ein gest som er mykje meir verdt enn DS´en til 2400.-, den nye tv´n, fiolinen…….you name it.

Steining set ting i perspektiv. Det gjer kjøpegalskapen også!! Og handelstanden gnir seg berre i fingrane og sjekkar om dei har nådd nye høgder økonomisk i år. Det er det som gjeld. Så kan dei klappe kvarandre på skuldra og tenke at no er det berre eit år til neste gong. (Eeeehhh……feil! Det startar jo allereie i september. I alle fall føles det slik.)

Det er laurdagskveld og her i huset har det gått i biljard store delar av kvelden. Alle som ein, store og "små". Tap og vinn med same sinn. (Det er i alle fall det det heiter.)
No har eg entra dataen og denne sida, og om litt skal eg sjå om det er noko som freistar på tv. Ein etter ein tilter dei i seng, men eg tenker eg ikkje er heilt der enno.

Ha ein fin laurdagskveld og ha ei god natt etter kvart som natta tek til.
Hasta luego! :=)

IWALY!


Fredagskveld…… Jaggu meg går tida fort. Eg er akkurat ferdig med kveldens bakst, så no er det total avslapping resten av kvelden.

Dagen verste setning. Over femti brukere av hjemmetjenesten i Nannestad må gå opptil en måned uten å få dusje i jula.
Hahaha……Dei er nok ikkje som alle andre dei som bur i Nannestad. Der varar jula i ein heil månad. Viss det betyr at folk har juleferie ein heil månad, ja då må det jo vere lykke for enkelte, til trass for at det då går ut over dei det gjeld i nett denne saka.
Snakk om dårlege norskkunnskapar! To moment er satt saman til eitt og blir berre då direkte feil.

Det er jo sjølvsagt snakk om at det går ein heil månad utan at dei får dusje. Det som gjer det enno meir trist, er at dei til og med ikkje får dusje i jula……Jula der ein pyntar seg og skal kose seg riktig så mykje. Feire, med andre ord.
Likevel, jula varar ikkje ein heil månad. "En måned uten å få dusje i jula…" Dagens journalistversting!

Jaja, når det er sagt, skal det også seiast at det er ei skam at det skal vere slik. Ikkje det med formuleringa (sjølv om den er ille nok), men at enkelte menneske skal ha det slik. Det er ikkje eit verdig liv, og ei heller verdig gjort av den kommunen den gjeld. Trist som faen……som han Ari Behn så fint seier det.

Hjelpsomme gjester ga 9000 euro i bot. Kva du enn gjer, ta ikkje og rydd ditt eiga glas når du er på kafè. La glaset ditt bli ståande på bordet ditt, for elles kan du faktisk sørge for at kafèen får ei megabot. I alle fall om du er i eit galskapsland som Frankrike. Heilt utroleg!

For ikkje så lenge sidan var det ei dame som måtte på do. For å kome seg dit, måtte ho passere bardisken. I og med at ho hadde drukke opp innhaldet i glaset sitt, tok ho det med seg og satte det på bardisken (i lag med nokre andre glas). Ho gjorde det av di ho meinte det var vanleg høflegheit………men denne gesten sørga for at kafèen fekk ei megabot.
URSAFF var i lokalet og då dei såg kva ho gjorde, sa dei til kafèeigaren at han hadde brukt "uavklart arbeidskraft".
Slå den, du! Du er visst "arbeidskraft" dersom du gjer slikt, berre at du ikkje blir lønna.

I denne saka blei bota satt til 7900 euro. I tillegg blei eigarane satt i varetekt! (Hallo!!) Denne kunden, blant anna, gjekk god for versjonen eigarane ga og difor slapp dei straff.
No er URSAFF snurt for at dei ikkje fekk desse pengane likevel og går til sak imot kafèen. Denne gongen er beløpet heva til 9000 euro. Det er straffa for at dei slapp unna første bota.

Frankrike……… Det beste er vel berre å halde seg unna heile landet. Er dei gal nok til slikt der, tør eg ikkje eingong tenke på kva anna galskap dei kan finne på der.
Det er jo nesten hakket verre enn Amerika, og akkurat det skal det no noko til for å klare å vere.

Hver tredje nordmann føler at det går skeis på julebordet. Oi, det var eit høgt tal. Kam det stemme, då? Det spørs jo kva dei definerer som "skeis"…….

Etter å han lest artikkelen om dette temaet, skjønner eg at det ikkje er snakk om at dei sjølv har gjort noko galt, eller liknande…. Det går meir på det at dei meiner at folk bør bli flinkare til å beherske seg. Ergo er dei vitne til at andre ikkje alltid oppfører seg.
Akkurat det er vel ikkje akkurat ei bombe. At enkelte trøblar litt, er nok ikkje noko som er synonymt med julebord. Det skjer heile året det.
No er det kanskje fleire som går ut i julebordsesongen enn ellers i året, men eg vil tru dei som trøblar då ville ha trøbla om det hadde vore ein annan fest også.

Store deler av dei som går på julebord meiner at alkohol er ein naturleg del av eit vellykka julebord. I tillegg er det mange som har den haldninga at det er greit at ein blir litt meir full enn vanleg på eit julebord. Akkurat det siste samsvarar nok ikkje heilt med det at dei meiner at ein bør blir flinkare å behreske seg. Mest vil eg påstå at dei to punktene faktisk talar kvarandre midt imot. Så korleis dei har lagt opp denne undersøkinga og korleis dei går fram når dei tolkar…….ja, det kan virke litt tilfeldig. Ikkje heilt kvalitetssikra vil eg påstå.
I bunn og grunn trur eg det, i stor grad, dreiar seg om kven det er som svarar. Kvinner svarer ofte litt ulikt menn.
I denne saka er det nok mest kvinner som reagerer på inntaket av alkohol, medan menna er meir tolerante for det å å i seg litt for mykje.

Kven er det ikkje som har sotte på ferga over fjorden med "dagenderpåjulebordsdeltakarar" som enno ikkje har rukke å bli edru? Det er vel eindel, både born og vaksne, som har flira eller himla med augene fleire gonger. Enkelte episodar har vel blitt lagt seg sterkt på minne.
Det går nok eindel gjetord om dei tidlegare juleborda og det lages vel nye i år. Eg er rimeleg sikker på det.
Men kva gjer vel litt dans på bordet og "oi-ing" om ein veit å "berre" ha det gøy? Viss ein kan flire av det etterpå, er det vel ikkje så ille.
Ille er det om du vaknar på feil rom eller med blått auge. Då skulle vel aller helst kvelden ha vore unngått. Då blir det dyrt for pengeboka som skal veie opp for det dårlege samvitet i form av gåve.
Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at det fins eindel menn som har måtta krøpe på sine kner og bedt om nåde. Og då er ikkje kjerringa nådig. Nådig med nåden!!
Og kven har ikkje høyrt uttrykket "Æ ska aldri meir drekk!!" før?
Det er då ein kan spørre "Kor lenge var Adam og Eva i paradis?". Å ikkje drikke meir, tja…..det heldt vel ei uke eller to (på enkelte). Andre er litt meir fornuftig og så fins det jo ei gruppe snusfornuftige i tillegg til dei som berre ikkje får lov. (Kjerringa kan ha makt til mykje rart ho.)
Seier kjerringa at det ikkje er aktuelt å drikke, ja då er det vel ikkje det. Akkurat slik det bør vere. Enkelte treng å bli holdt litt hardt i øyrene.
Det er ikkje for ingenting at mange seier at "No er det nok. No går vi heim." Og så er det berre å dilte etter om ein veit sitt eiga beste. Thihihihihi……….

Viss ein endrar seg på julebord av di ein ikkje er vant til å feste ellers i året……..Betyr det då at ein må gjere noko med nett det og sørge for å bli full oftare?
Det beste er vel kanskje berre å la vere å drikke i det heile!
Eg ser for meg eit julebord der samtlege er edru. Eg trur enkelte ville få spasmar i tolvfingertarmen i løpet av kvelden. Eg trur til og med eg veit kven eg ville ha plassert der. :=)

Nei, det er godt vi alle er ulike som personar. Behova blir vel dekka på forskjellige vis og det går som regel bra (med dei fleste).
Viss eg passar mi ræv, så klarar vel alle andre å passe sine. Jupp! :=)

No er det straks natta her i garden. Sofalivet er urpittelitt digg no, så først må eg mote meg opp til å løfte ræva utav den. Om eg får ein halvtime på meg, skal eg vel klare utfordringa.
Uansett……..Ha ei god natt! Sov godt!

Hasta luego!

IWALY!

torsdag 19. desember 2013

Sjølvlysande kakkerlakk! Det er faktisk eit av dei nyoppdaga dyra, nemleg årets observasjonar. Kor kult er ikkje det? Sjølvlysande!
Vel…..eg kan styre mi begeistring. Kakkerlakkelskarar har sikkert ei anna haldning.

Kjøttetande olinguito. Vg-journalisten kallar arten for kjøttetande søting, artigkaren. Eit kjøttetande pattedyr kan då vel aldri kallast for søt? Eller……
Berre tanken på at det er kjøttetande sørger for at det søte forsvinn rimeleg kjapt. Eg har i alle høve ikkje tenkt å møte på ein av dei sjølv, sånn i levande live. (Dyret altså!!)

Grandonkelen til T-rex! Wow….. Det var ikkje lite. Og så grandonkel……For ein "tittel".
Men….det er no eg byrjer å stusse. For anten er det eg som er riv ruskande gal, eller så er det enkelte av dei som arbeider i Vg som er det. Det er liksom eitt av to, og eg likar ikkje heilt tanken på at det er meg det kan ligge hos. Hmm………
Overskrifta til det heile er "Disse dyreartene ble oppdaget i 2013". Så kan jo du tolke sjølv og tenke kva du legg i desse orda.
Sjølv gjekk eg sterkt ut ifrå at det var snakk om at ein var komen over nye dyreartar som lever i dag. Oppdaga i 2013. Det er det som står i teksten.
Når ein då byrjer å dra inn eit dyr som har vore utdøydd i sånn høveleg rundt rekna 80 millionar år, tja….då er det vel på tide å rive seg sjølv i håret og revurdere heile greia.
Det er nesten som om at det blir nye Jesus-tilstandar. Oppstått frå dauden, liksom. Berre at det tok litt meir enn tre dagar.
Det er i alle fall inga tvil om at dyret er utkvilt no, då.

Eg kan ikkje i min villaste fantasi (og DEN er vill!!!) sjå for meg at det er oppdaga noko dinosaur det siste året. Ergo står eg att med at det er eg som er riv ruskande gal. Jaja…..ikkje så ille at det ikkje er godt for noko. Då har ein i alle fall noko å skulde på!

Då handlar det vel aller hest om forskning på eldgamle dagar i dette tilfellet. Den der artige kakkerlakken levr visstnok i dag, så det er ikkje godt å vite kva dei held på med, sånn eigentleg, desse forskarar "wanna be". Ei god blanding av nye og eldgamle artar må jo berre bli ei herleg suppe.
Det stor spørsmålet er verkeleg det som omhandlar det berømte spørreordet korleis. Korleis i alle dagar kan dei finne ut at eit dyr har levd for 80 millionar sidan?
Viss dei evnar å finne ut slikt, ja då er dei vel supersmart og samtidig sel dei vel opplysningane til ein blodpris. Sånn berre for å gni det ekstra godt inn.

Jaja, det var eigentleg litt kjipt at eit par av dei små grå plutseleg byrja å reagere på litt av kvart medan eg sat/sit her og skriv. Skuffelsen blei så stor då eg oppdaga at eg var på feil planet til feil tid (i litt av saka) og då gadd eg ikkje lese om resten av dei kule dyra. For eg reknar med at når dei har dyr som er sjølvlysande, ja då kjem dei vel aller helst med andre kule dyr også.

Nei, då er det mykje meir spanande å sjå TV 2-vèret på Tv. (Hahahahaha……Den var djup! På TV!!) Eg legg no mest merke til at glidelåsen på kjolen hennar skulle vore eit pr centimeter meir lukka. (Eller heilt lukka for den del.)
Vèret er ikkje oppløftande det heller, så hipp hurra for den våte jula.

Kvinne (82) trodde hun hadde diarè. Legene fant et 40 år gammelt foster! Hallo? Går det an, då? Creepy!
Ikkje veit eg korleis eg ville reagert om eg hadde fått vite at eg har hatt eit foster i magen i fleire år. I dette tilfellet er det jo snakk om eit førti år gammalt. Jeeeezes!
Det er sjølvsagt snakk om eit ikkje-levande foster, men likevel……. Det må no uansett vere eit lite sjokk å få ein slik beskjed når du er passert 82 år.

Nei, i kveld er det visst så mykje rart som dukkar opp, så eg trur eg skal pakke saman sakene og berre kule ned resten av kvelden.
Vel, no er det vel ikkje noko anna eg har gjort heile kvelden. Eg har jo lege her som eit slakt, så kanskje neste stasjon burde vere Kuraas?! Hahahaha………
Jada…..God natt!!

Hasta luego!

IWALY!!

onsdag 18. desember 2013

Ja, så har ein fått unnagjort årets julekonsert. Litt sånn halvdau, kom det no nokre tonar ut av minien.  Om eg forstod det rett, var det over 150 tilhøyrarar. Det må vel ein kunne påstå er bra med folk på ein liten plass som dette. Det blei i alle høve ein koseleg kveld!
Diverre klarte ikkje handballen og Noreg å halde den fine kvelden der den burde vere, men vi overlev det også.

Se hva jeg fant i skapet til mor. Mat frå 1986!! No er det berre snakk om krydder, men likevel….. Dessutan, det skapet eller skuffa som krydderet har vore i, har jo neppe vore vaska særleg ofta.
Viss eg skal vaske ein stad der det står mat, sjekkar eg likesågodt om det er noko som er gammalt.
1986…… Det er jo horribelt! (Spør du meg……)

Eg veit berre at eom noko er gått ut på dato, ja då skal de ikkje inn i min munn. I alle fall ikkje om eg er klar over det. Ei uke over tida er meir enn for lang tid på overtid. (Ja, eg veit eg er sær.)

Justin Bieber!! Kva enn ein gjer i denne verda, så fortel ein ikkje Bieber-fans (jenter) at det står på nettet at Bieber skal legge opp som artist!! I alle fall ikkje om målet er at ein skal kose seg i lag heile dagen.

Dagen i dag……… I ein pause oppdagar fleire gutar at Bieber har annonsert sin avgang. Dei klarar sjølvsagt ikkje halde det for seg sjølv og det første som skjer, er at det spreier seg som ild i tørt gras. Plutseleg dukkar det fleire gutar opp og seier ifrå om at det er krise ute og går. Jentene strigret av di dei har fått seg eit kraftig "slag" i magen. Bieber, verdas "alt" kan jo ikkje berre sånn heilt utan vidare slutte av??!! Joda………MEN det kunne vi jo ikkje svare. Gode råd blei dyre og vi endte opp med å seie at vi var rimeleg sikker på at det kun var eit PR-stunt, eller at det er nokon som har spreidd noko som ikkje stemmer. "Dåkker veit jo at det er slikt som skjer heile tida. Bieber er sjølsagt i ein slik posisjon at han kan bli utsatt for det." "Buhuu……………" Ikkje snakk om at den beskjeden kom fram………
Så eg tenker det er fleire frustrerte mødre og ikkje minst fedre som er bra fortvila i kveld.
Har dei ikkje tidlegare harr problem med at ungdomen deira låser seg inn på rommet sitt (og nektar å kome ut), ja så opplever dei nok nett det i kveld. Det er nok landesorg blant store delar av jentene mellom 10 og 20 år her til lands.
(No står det no vitterleg i avisa at det er snakk om ta pause fram til at han finn ut kva retning musikken hans skal ta, så han kjem vel sterkt attende.)

Jaja, Bieber meg her og Bieber meg der. Gid eg hadde ein eg såg like mykje opp til som desse jentene har. Eg trur nok aldri at eg har vore så "inne i" ein kjendis. Det næraste må vere Johan Olav Koss (men han var/er jo då ikkje særleg musikalsk). Årsaka kan ikkje ha vore anna enn at eg må ha syntes at han var ganske "hot". Det var jo snakk om eindel musklar og Johan Olav Koss (på den tida) var jo rimeleg fin å sjå på når han hadde bar overkropp. Akkurat det er det vel ingen som kan seie noko på.

Bieber……. Tru kva for eit comeback han får når den tid kjem. (Kanskje det er nett det som er målet?!)
Det går i alle fall like hardt inn på tilhengjarane hans som tapet av handballkampen i kveld har gått inn på dei norske handballspelarane. Så kan ein jo sette dei to sakene opp mot kvarandre og vurdere…….

Forsøkte å bytte til seg en øl mot en stjålet alligator. At enkelte ikkje er riktig rett, tja…det lurer vi strengt tatt ikkje så veldig mykje på. Vi veit!
Du er i alle høve tørst om du hamnar i ein slik situasjon og samtidig passe dum.

Stripset fast barna sine til stoler mens de var i butikken. Kanskje oppfinnsamt, men dog ikkje særleg smart. Eg reknar med dei fleste vil påstå at noko slikt er bornemishandlling……
Kva om det hadde starta ein brann i det tidsrommet dei foresatte var borte? Eg tør nesten ikkje tenke tanken.
Det verste er at dette er sikkert ikkje eit eineståande døme på slikt. Eg er ikkje i tvil om at det er fleire som kan finne på slikt.

Det blør i eit mammahjarte å lese slikt. Ein tar ikkje ifrå eit born sjansen til å kunne rømme om det skulle bli nødvendig.
Tru for ein skrekk det ville ha vore for borna om dei måtte ha stirra på at flammane nærma seg dei med stormskritt. Smerten dei ville følt når flammane tok tak i dei……… Fy flate, eg kjenner eg blir sint!
Å skulle leve vidare etter noko sånt…..ja, eg veit ikkje korleis nokon som helst ville klart det.
Stripsa fast……

I denne saka er straffen på 6 og 8 månadar. Mora og stefaren får ulik straff. Stefaren for å feste dei og mora for ikkje å gripe inn og stoppe det. Begge deler, spør du meg, er vel akkurat like ille?

Eg veit ikkje, men eg syns eg til stadigheit les om mødre og stefedre som blir tatt for mykje rart når det gjeld born. Kva er det med relasjonen born og stefedre? Og kvifor lar mødre seg styre til å delta på slikt?
Eg er klar over at eg er ute på ganske djupt vann her, og eg kjenner personleg mange stefedre. Eg har ikkje noko grunn til å tvile på at dei gjer ein utmerka "jobb". Det er berre det at det er fleire og fleire saker som kjem fram, og då er det ofte denne relasjonstilknyttinga som står i fokus.

Stefedre kan nok vere blant dei beste foresatte på jord, i alle fall fleire av dei. Dei knyttar seg til borna og er med på å gje dei ein trygg oppvekst. Likevel er det då desse sakene som media hostar opp og som rystar meg.
Rystar meg på ein slik måte at eg ikkje skjønner kvifor mødrene ikkje berrre gjer dei avslag på grått papir.
Like fort tenker eg "Stakkars lille meg, eg veit nok ikkje stort…..Det er lett å sitte på sin høge hest og anta, medan sanninga er at det er nok er mykje vansklegare og større enn det kan sjå ut som. Og at i slike saker er det "skummelt" å berre anta når ein eigentleg ikkje veit ein skit om korleis andre har det."
Det er likevel ikkje så lett å å la vere "å bry seg" når det kjem til slike saker. Når ein les om små born som er skada, eller har døydd av skadar dei har blitt påført. Det gjer berre vondt å lese eller høyre om slikt.

Eit nytt forhold til ei som har baggasje i form av born, er det same som å tenke at ein får ein pakke. Når pakken opnast, pakkar ein ut både mor og born. Anten må ein ta imot heile pakken, eller så må ein berre la vere å ta imot noko som helst. Borna er jo uansett alltid uskuldig i det heile. Utan unntak!
Så kan ein ikkje klare å fungere med borna, kan ein heller ikkje vere i det forholdet. Borna er uansett det viktigaste.

For all del……… Eg har skrive stefedre…… Det kan sjølvsagt gjelde stemødre også. Det er slett ikkje slik at alle stemødre er nokre unikum av menneske. Det er berre det at stefedre tronar høgare på statistikken når det kjem til slike saker.
Heldigvis kjenner eg fleire snille og gode stefedre som i mange samanhenger kan kallast for unikum.
Dei som ikkje er grei, er nok spreidd ut over det ganske land og forhåpentlegvis er det ein liten prosentvis andel som er slik. Vi kan aldri vite……..

No skulle eg eigentleg sjå om eg ikkje kunne kome over ei gladsak, men eg fann liksom ikkje heilt motivasjonen til det etter å ha lese om desse borna som blei stripsa fast til stolar. Det er berre trist.
Så då tar eg heller kveld og kjem sterkare attende i morgon.
I alle fall……Ha ei god natt og sov godt!

Hasta luego! :=)@

IWALY!



tirsdag 17. desember 2013

Ein litt lang dag går mot slutt og det er ikkje så alt for lenge til det er på tide å finne senga. Natta til i dag var fylt med feberfantasier osv….og det var kjipt å konstatere at eg er blitt sjuk att, berre kort tid etter å ha vore sjuk.
Det var ikkje med den største gleda ein karra seg ut av enga i morges, men opp måtte ein lell. Opp og prøve å vere energisk og smilande på den eine av årets to dagar der vi er så heldige å få kose oss med samtlege av skulens elevar. Juleverkstad! Elevane er miksa, både store og små, og alle kjem dei rundt på dei ulike gruppestasjonane for å delta på dei ulike "aktivitetane".
Med andre ord er dette dagar der ein verkeleg kosar seg og samtidig får litt påfyll av jukestemning.
Difor har det vore kjipt å hangle i dag……….. Akkurat no kjennes det ut som om at morgondagen blir likeeins.
Jaja….det blir vel jul uansett.

Han leier kun ut til folk med husdyr. Eg skjønner det ikkje skal mykje til for å hamne på ei av Noregs mest leste avisnettside. Det er berre å fånne på noko utradisjonelt, så vips…….
I dette tilfellet er det ein kar som går i mot straumen og leier ut til folk med husdyr, og berre slike folk. Altså stikk i strid med det normale. Så no skal eg finne på noko anna utadisjonelt, så kanskje eg er like "heldig". Forslag mottas med takk!!

Prest sjokkerte små barn. Han sa at julenissen ikke finnes. Thihihi………Det er ikkje greit å vere prest og måtte tale til borneskuleelvar utan manus. Då kan det snike seg inn litt uheldige setningar som til dømes at julenissen ikkje finst. Shit happens……..
Han fortalte om korleis julenissen er basert på legenden om helgene Sankt Nikolaus. Kanskje ikkje så lurt å gjere når mottakarane av bodskapen hans er born.
Tanken hans var sikkert god, men dog ikkje så nøye planlagt. Så no er det eit x antal born som har fått "øydelagt" jula si og i tillegg har dei byrja å stille spørsmålet om tannfeen også berre er oppspinn.
Jaja…….Berre dei ikkje blander inn påskeharen, for han fins vel??? Hahaha…..

Eg avslørte julenissen, eg også. Ved middagsbordet! Mottakelsen var over all forventning.
Forskjellen på presten og meg er at eg hadde ein litt annan intensjon med det eg sa.
Eg hadde ikkje noko interesse av å dra inn han godeste Nikolaus i det heile. Eg berre innsåg at når julegåvelista til nissen kun inneholdt ønsker i "fleire tusen-kroners klassen", ja då var det på tide og informere om at det er mi eiga lommebok det vil gå ut over. For kven vel kjøpe noko anna enn eitt av alternativa som står på lista? Julenissen er jo snill og då kan han ikkje levere noko anna. Då blir han jo sett på som uvitande.

Tannfeen er nok gjennomskua, han også. "Mamma, hadde du ikkje meir enn 40 kroner i går kveld?"
Når han kjem med tanna seine kvelden og ikkje har gjeve mora eit lite hint om at tanna er farleg nær ved å dette ut……….
Det verste var at tanna låg der på bordet og då eg skulle ta ho, ja då var ho borte. Vel vitande om at eg hadde styra der eindel like før og at tanna var ute av tankane samtidig………. Kor i allle dagar var den svartens tanna?
Det var berre å leggje seg på alle fire og krype der som ein ungfole rundt på golvet. Tanna dukka ikkje opp! Eg er ganske sikker på at kvar ein millimeter av teppet blei befølt av ivrige hender på leit, dog utan resultat.
Tanna er enno ikkje komen til svars og eg trur eg vil få eit forklaringsproblem om det er ein viss kar som finn ho. Kanskje eg skal arrangere dugnad?
Eg satsar på at ho på eitt eller anna vis har hamna i søpla. Det er uansett ikkje like ille som då den første tanna falt. Ho hamna i magen hans i lag med ein eplebit. Då var det ikkje berre, berre å forklare at kanskje tannfeen ville kome likevel, til trass for at han ikkje hadde noko tann å tilby.
Akkurat no er eg tilbøyeleg til å tru at det er tannfeen som har vore her og henta tanna hans utan at eg har lagt merke til det.I hope so!

Uansett, presten tabba seg ut, så no spørs det om ikkje enkelte går inn under prekenen hans og seier at Jesus ikkje "fins". Kanskje det blir han som tar til tårene då? :=)

Kva ord søkte vi mest på i løpet av 2013? Tja, eg må ærleg innrømme at eg ikkje har ei viss peiling. Det er sikkert berre ord som eg aldri sjølv har søkt på. Eg skal i alle fall opne saka og sjekke!

Første plass går til ordet valg. Andre plass til Paradise hotel. Tja, litt overraskande, kanskje?! Eller ikkje……. Eg er jo ikkje heilt uvitande til at det er mange som har fulgt programmet og følgeleg også har fulgt dei på nettet også. Sjølv om eg ikkje kan fatte og forstå at folk syns at eit slikt program er kult, så vil eg anta at antalet sjåarar taler som prov der. Jaja…..

Tippeligaen, Farmen, Idol………Lista er visst ikkje så uforutsigbar som ein først ville anta. Likevel, det som slår meg, sånn umiddelbart, er at det er realityprogram på tv som er det som toppar heile skiten Om tippeligaen kan kallast for reality-tv, eller ikkje…….Det er no i alle fall frå røyndomen, på lik line med dei andre programma.
Så spør det kva ein kan tolke ut av det? At tv toppar nettsøkinga……….
Det betyr i alle fall at det er mange som brukar tida si på tv og internett.

Hva sier reven? Ylvis er o populære………..men det er jo også Justin Bieber! Skulle eg ha prøvd å kome med forslag før eg opna saka, trur eg at eg ville ha att han på topp fem. Så eg er eigentleg litt overraska over at ikkje han er lenger opp på lista.

Så kan ein også anta at ein del av den eldre garden surfar til ein viss grad. I alle fall kjenner eg til at det er fleire og fleire eldre som kjem seg på Facebook, og då får dei sikkert også auka bruk på nettsurfing.
Så spørs det kva dei søker på….. Eg tvilar på at Paradise hotel og Justin Bieber er så dyrisk høgt oppe på deira liste.

Kva eg sjølv har søkt mest på, er eg slettes ikkje sikker på. Eg har prøvd å tenke litt på nett det, men sånn umiddelbart kjem eg ikkje på noko som er innlysande. Då tar eg sjølvsagt bort Vg og dei andre nettavisene…..

Heilt ærleg trudde eg faktisk at skatten var eit av dei orda som trona øverst. Det har jo i alle år vore produsert ei avis som viser kva alle andre har tent, så det må jo bety at det er noko som opptar folk. Kan hende det har vore ei slik avis i salg i år også, men eg kan ikkje erindre her og no at augene mine har lagt merke til det.
Så nysgjerrig som mange er, er eg sikker på at det er eit stort antal menneske som søker på skatten til andre dei kjenner.
Kva som er så interessant med det, veit ikkje eg, men det opptar visst mange.
Eg trur ikkje eg ville fått så mykje meir glede i livet mitt om eg hadde visst kva naboen min tener.
Likevel…..skatten er ikkje blant dei søkeorda som tronar høgt oppe. Faktisk er det ikkje nemnt i det heile. Det kan ikkje bety at eg ville skora vedig lavt om eg skulle tippe på førehand.
Akkurat det kjem eg aldri til å innrømme……Hahahah….

Til og med morsdag tronar langt foran desse orda!!

No skal det seiast at eg hadde håp om ei meir "djusi" liste. Ei som ein kunne fleipe litt med. Eg burde vel skjønna at lista i og for seg berre er ei kjedeleg liste med ganske få overraskingar.

Nei, 78% av hjernen fungerer ikkje akkurat no. Då er det håplaust å la fingrane løpe litt over tastaturet. (Det kunne jo sjølvsagt hende at dei fann vegen sjølv utan at det måtte noko særleg hjerneaktivitet til, men den gong ei…)
Så no er det natta på denne knetta, med håpet om at eg skal sove av meg feberen og all anna ulumsheit som følger med den……
I morgon er det konsert og det er lite kult å spele om ein ikkje er i form. Så då seier eg berre natta!
Sov godt!
Hasta luego!

IWALY!!

søndag 15. desember 2013

Eg har vore på shopping (i alle fall litt) i helga og det kan i alle fall konstaterast at eg ikkje var åleine om det! Jeeeeezes, seier eg berre. City Nord var stappfull av menneske som er i sluttspurten av julehandelen sin. Berre det å finne ei parkering……..
Det hjelper sjølvsagt på at det er ei tavle som fortel kor mange ledige plassar det er rundt omkring, men kva hjelper det at det står at det er 14 ledige plassar på taket, og så finn ein ikkje ein einaste ein når ein kjem opp der?
Enkelte var så desperate etter plass at dei ikkje køyrde nett att, men berre køyrde i ring og i ring i håp om at det ein eller annan gong skulle dukke opp ei sjel som faktisk skulle forlate senteret. (Eg trur han måtte køyre nokre rundar før han fekk napp, ja.)
Sjølv har eg ikkje nok tolmod til det. Vi køyrde ned att og hadde flaks……… Hadde vi ikkje hatt det, ja då hadde eg berre gått ut av bilen og latt problemet vere andre enn mitt sitt. Ferdig med det, liksom.

Ein ting som er sikkert, er at det er mykje lettare å finne fram når det er normal mengde folk der. No var det berre eit virrvar av folk og enkelte måtte ein dytte i ryggen for å kome seg forbi. Ergo var det ikkje så lett å sjå kor ein skulle gå heller.
Med tanke på kor mange folk som eigentleg var der, er det nesten eit under at vi ikkje brukte lengre tid enn det vi faktisk gjorde. Om det var at vi ikkje sel eigentleg bli kulle ha så ufatteleg mykje, eller om det var eg som var grueleg effektiv, skal vere usagt. Likevel, det var ikkje så kult å vere "bondekjerring på bytur". Det fins grenser for kor kult det er å stå i kø berre for å få lov til å dra det lille rektangelet som "brenn" i lomma.
Det går nok med nokre millionar i løpet av ein dag når alle har fått tak i det dei skal.

Husker du å vaske disse? Det er sjølvsagt tærne/føtene det er snakk om. Kroppsdelane som bør vaskes kvar dag….ellers er det jo berre heslig. Og så handler det faktisk om å vaske dei riktig. Altså er det ikkje nok å berre klaske på litt vann og forhåpentlegvis litt såpe.

I følge ei undersøking som er foretatt, har det seg slik at heile 40 % berre lar vannet renne over dei. (Isj…)
Riktig fothygiene er like viktig som den hygienen dei fleste, forhåpentlegvis, har når det kjem til underliv og armhuler.
Kven vil vel bli plaga med sopp mellom tærne? Og kor deileg er det når nagla detter av når soppen får satt seg ordentleg? Det blir nok ikkje snakk om å lakke alle tærne til fest då, nei.
(I og med at sannsynlegheita er stor for at mange dei som droppar fotvasken er menn (sorry!), så er nok sikkert ikkje det det største problemet. Med mindre at menn syns det er så digg å fargelegge naglane sine. Eg har mine tvil……..
Ei ny tånagl brukar faktisk 12-18 månadar på å vekse ordentleg ut att. Så…….

Nei, dagleg vask av tærne er viktig. Berre tanken på at det kan vere så mange rundt meg som ikkje vaskar dei regelmessig, er til å få spunk i hovednerva av. Eg har studert nokre bilete av "fenomenet" og det ser ikkje særleg diggbart ut, mildt sagt.
No kjem eg vel til å stirre på føtene til alle kollegaane mine og lure på om dei vaskar føtene sine. Er eg i rette humøret, så spør eg vel dei rett ut.
Noko fotmassasje kan dei i alle fall ikkje forvente å få.

Tidenes dyreste forlovelsesringer. Så dyre at eg ikkje kan fatte at dei ønsker å bruke dei. Viss ikkje ringane er reine lokkemiddelet til tjuvar, så veit ikkje eg. Enkelte i denne verda er sikkert så galne at dei til og med kuttar fingeren av ein person om ho har ein ring som er verdt nok.

56 millionar kroner. Jaja….det var jo ikkje så høgt eit tal likevel….. Såpass må vel ein ring koste?! Djeeeezes…….. Kva er målet med å kjøpe ein slik ring?
Viss målet er å få eit JA, så er det vel berre å spørre?! 30 millionar må vel halde lenge?????? Hallo? 56 millionar? Eg ville ikkje ha brukt ein til 20 000 eingong. (Og nei, det er faktsik ikkje løgn eingong. Eg trur eg ville følt meg veldig utilpass.)

56 millionar! No er det jo juletid og det er sikkert fleire som har tenkt til å fri. Å svi av meir enn det eg tener på eit heilt liv på ein ring……….Ingen kommentar.
Det hjelper slett ikkje på at namnet er Elizabeth Taylor. Namnet skjemmer ingen og Taylor eller ikkje, eg trur eg ville fått problem med å puste og eg ville nok følt meg kjøpt!! (Og betalt!!)

Summen er sjølvsagt berre ein dråpe i havet av kva dei brukar på andre ting. Gud betre…….
Skjer det at eg plutseleg får meg ein slik ring, a då må det vel investeres i alarmar, bodybuildarar til proteksjon, osv osv……….
For all del…….IKKJE slå opp kva proteksjon er, for det betyr noko heilt anna enn det eg vil fram til. Eg har berre "fornorska" det engelske ordet, for moro skuld, og slår du opp ordet, ja då er det fare for at du ser for deg noko heilt anna enn at jomfru Knutsen blir beskytta av bodybuilderar!! Berre så det er sagt……..

Det verste med det heile?? Ringen ser ikkje ut! Hadde den i det minste sett fin ut…..

Jaja, eg har såvisst ikkje tenkt å drøyme om at eg får noko dyr ring frå draumemannen. Eg trur eg tar til takke med å telle sauar og håpe at det er nok med det.
Ha ei god natt!! :=)

Hasta luego!

IWALY!




torsdag 12. desember 2013

I dag har eg hatt tidas oppleving! Oh, my God, seier eg berre.
No skal eg ikkje gå inn i djubden på det som skjedde i dag, men eg kan i alle fall seie at det var ei "dette gjer du ikkje heime"-oppleving av dei store. Det inneberer ein god del beis, glasskolbe, steikeomn……tja osv i den duren.
Steikeomnen må sjølvsagt evne å bli varm for at du skal få eit minneverdig resultat, men det er så absolutt ikkje å anbefale. Eg åtvarar deg på det sterkaste.
Til trass for at det kan medføre ein god del fliring, ja så trur eg ikkje du ønsker å få eit kjøkken som ser ut slik som det eg såg i dag i samanheng med denne saka.
(Berre sånn for å ha det sagt……Det er ikkje EG som hamna i noko situasjon Eg berre prøvde å hjelpe etterpå med å få opp messet for å vere grei.)

Shit happens all the time….

Ivar…. Ja, så klarte dei endeleg å få eit mannleg namn på ein storm. Det beste er at det er ikkje snakk om ein tøffelheltstorm. Den tar godt i, så det prover jo godt at det ikkje berre er vi kvinnfolk som er nokre rivjern!

Den ultimate spøk? Å bli lagt i narkose for så, når du vakner, bli fortalt at du har lagt ti år i koma.
Tja…… Eg veit ikkje. Det er liksom anten eller. Anten er spøken fantastisk bra, eller så er den nett det motsette. Det spørs nok kven ein spøker med. Enkelte ville vel ha ledd av det, men eg trur nok fleire vil bli rasande.
Ein må vel hamne i same situasjon for å finne svaret……. (Hahahaha……)

Rune Øygard møtte selv til soning. Hahahahaha….. dagens "beste". Er det slik som i action-filmane? Der har dei stuntmenn der skodespelarane sjølv ikkje tør, kan eller vil utføre handlinga sjølv.
Skulle det liksom dukke opp ein heilt annan person enn Øygard sjølv? Joda…….
Dårlegare overskrift skal ein vel leite lenge etter!
Det verste er at denne overskrifta var ei retting av noko som har stått tidlegare. Så om dei har retta det til at han møtte sjølv, så må det jo berre bety at dei har skrive noko heilt anna tidlegare. Sprøtt! (Eg lurar på kven det er dei har skrive som møtte opp……. )

No har eg lest meg opp litt og det dreiar seg om at dei hadde skrive at han hadde blitt henta av politiet. Jajaaaa…….. Overskrifta er ikkje god likevel.

Bestemødre rundstjal julekake-konkurranse. Thihihihihih….. Eg ser det for meg! Tre eldre damer som stjal over 100 småkaker som var ein del av ein konkurranse. Slu var dei også. Ei av dei spurte om å få sjå eitt av romma for å avleie den daglege leiaren. Så slo dei til!
Er det det vi kallar for "råe" damer?

Hadde dette vore ein del av ein film, hadde vi sikkert sotte heime i sofaen og flirt godt av den artige komedien. I røyndomen er det nok ikkje sikkert at det blei sett på som såveldig skøy.
(Eg tippar også den daglege leiaren vil le av det, berre han får litt tid på seg.

Det står ingenting om dei var så gamle at dei brukar gåstol, eller om det er "spreke" bestemødre. I dag er jo det så mange unge eldre……
Jaja…….. Dei sikra seg i alle fall litt julebakst, så kan dei vel sjølv slappe av på det området. :=)

FpU vil tillate flerkoneri. Jaujau…….. Då må jo vi kvinnfolk også få lov til å ha fleire menn. Det er jo berre rett og rimeleg?!
Det er greit at samfunnet endrar seg over tid, men det må no vel gå ei grense ein eller annan stad?!

Jaja…. Ein artig dag er over, og det er på tide å byrje med planlegginga av kveldens legging. (Det er hardt å vere på topp.) :=)
Ha ein fortsatt fin torsdagskveld og sov godt sjølv om det bles litt rundt om novva.

Hasta luego!

IWALY!