lørdag 12. juli 2014


Her kjem eit lite bilete som viser kva du definitivt IKKJE skal la menn få prøve seg på. Om du har ein mann i same husstand som deg sjølv…….For all del…….Ikkje la han nappe augebryna dine!!! Jomfru Knutsen har vore gal nok på det området og veit nettopp av den grunn kva det er snakk om. Så absolutt!
Det er o eingong slik at ein er "stødigare" på den eine handa. Venstre handa er ikkje alltid like lett å manøvrere. Så difor gjorde eg meg ferdig med det eine auget først, men gadd jo sjølvsagt ikkje fullføre det andre av den enkle grunn at det blei så som så med arbeidsforholda når det plutseleg måtte gjeres på "feilsida" også. 
Full av mot sa eg at eg hadde eit enkelt prosjekt eg måtte ha hjelp til. Han såg først berre dumt på meg og lurte på kvifor ein måtte vere så forfengeleg, men då eg garanterte at det var det lettaste i verda, for det var jo berre å sørge for å få det likt som over det andre auget. Jauajau………….
For det første drog han alt for sakte, noko som resulterte at det gjorde dritvondt!! Då eg sjekka innimellom, rettleia eg berre kort kor han måtte fortsette. Heilt til eg slappa for mykje av……..som du ser på biletet. DET skulle eg aldri ha gjort. Jeeeeezes! Eg fekk no nesten lettare panikk der eg låg og såg i speilet. Om det blei likt som andre sida?? (Er det no eg skal seie at det kjem an på auget som ser??) Nei, det blei ikkje likt. Ergo måtte eg sjølv reparere. Heldigvis trur eg det endte godt. 
Likevel……Eg er ei erfaring rikare. Ikkje slepp til kven som helst. I alle fall ikkje menn. (Det burde eg sikkert ha skjønna frå starten av.)

Ei av mine "eigenskaper" er at eg kan vere ganske impulsiv av meg. (!!) I går kveld fekk eg så lyst på Peppes pizza. Klokka var ikkje mindre enn 22.00 og eg sat i stova. 
Enkelte meiner jo då at ein berre må kvele den lysta, men………….. Klokka halv tolv stod eg utanfor døra til Peppes og las på opningstidene og ba inni meg om at det måtte vere opent. Hahahahaha…… Og det var det. Heilt til eitt, stod det. Eg fekk Pizza, eg! :=)
Til og med bilen fekk seg ein vask. Heilt normalt det når det er bekkamidnatt. Så god pizza og rein bil. Kan ein be om meir? Hahahaha…….

Klokka to var det tid for å passere hjulet på nytt. Kvifor ikkje berre ta eit bilete derifrå også? 

Fine fargar nattestid! (Det tok si tid før eg stod opp i dag!)

Eg har vore mykje på Grunnvoll.  Det er alltid artig om det dukkar opp besøk, anten med ein plan om å grille med oss, eller rett og slett berre for å få seg ein kopp kaffe.
Her under er eit bilete av eit reisefølge som kom på ettermiddags-/kveldstur for å grill emed oss. Det var kjempetriveleg! Godt selskap og god mat.
Eg måtte jo narre enkelte av dei med på ein liten fjelltur. Det blei liksom desserten. Her sit dei med utsikt mot Sørfjord. Det er no vel aller helst "Bukta" som vises innst på biletet, men Sørfjordkaia er nok innanfor synsvidda til dei som er på biletet. 


Enkelte er definitivt tøffare enn andre. Det skal vel til for å slå stilen til denne karen. Han unngjekk heldigvis brennmanetane i området. 


Sjølv nøydde eg meg med å gløtte på sjøen. Eit fint skue det…. Hahahaha…… Kan jo ikkje vere like tøff kvar dag heller. Eg tar heller til takke med sola på huden. (Ein må jo få itt farge!)

Under er eit bilete frå turen til Nisgameset. Må jo skifte fotograf innimellom. 


I og med at vèret har vore så nydeleg, har ein jo kunna vore litt impulsiv og berre gjere det ein har hatt lyst til. Som denne kvelden……….. Det var blanstille på havet, så då tenkte at det ville jo vere digg med litt ost og kjeks midtfjords. Midtfjords og i kveldsssol. Det smakte fortreffeleg! 



Det som skjedde var at på tur bortover sjøen oppdaga vi at det var ei terne og nokre måser som direkte angreip ei kongeørn. Store ørna blei jaga på flukt av dei andre. Terna var i direkte kontakt med ørna. Ho flaug i ho i sinne av di ørna har ein tendens til å stjele egg frå reira deira. Det vil dei ikkje ha noko av. 
Etterkvart prøver ørna å rømme unna og eg prøvde så godt eg kunne å få det foreviga på bilete. Eg fekk det no sånn høveleg til med mobilen. (Ørna held seg stort sett rett over trehøgda, så då eg hadde med meg dei to små tanteborna tidlegare, var eg veldig obs på at ikkje ørna skulle nærme seg dei.) 


Eit par måser la seg rett ved sida av båten. Det var akkurat som om dei sat og tigga etter kjeks. Difor heiv vi uti ein kjels for å sjå kva som skjedde. Plutseleg byrja dei å krangle. Det virka som at dei heilt seriøst krangla om kven som skulle få ta kjeksen. Til slutt blei det den eine som fekk viljen sin. 
Den andre sat berre og saut, så då heiv vi ut ein kjeks til. Den tok sjølvsagt han og fornøyd tidde han stille. Så det er ikkje berre born som er opptatt av at det må vere rettferdig. 
Det endte med at dei spiste fire kvar før den eine blei litt for grådig. Stillinga blei 7-4. Til slutt blei den andre lei og så byrja dei å "sloss". Ei fasinerande stund.:=)



Det er heilt utroleg. Det er nesten ikkje til å tru at vi har hatt så fint vèr heile tida. Det er berre såååå godt for kropp og sjel. 
Det einaste aberet er at kleggen viser meir muskelkraft når det er varmt og godt. Og klegg er det mykje av i fjorden. (Vi er ikkje akkurat bestevener n(for å seie det sånn…). 
Eg lurer no mest på kor det blir av all kleggen når den blir borte etter få uker i drift. Eg reknar med at den døyr, men det er jo snakk om eit visst antal klegg!!! 

Det einaste eg ikkje har gjort til no, i sommar, som eg har lyst til, er å gå i fjellet og ha med meg telt. Eg ser ikkje heilt for meg å gå heilt åleine…….. (Det går sjølvsagt an å spørre andre.) 

No er det kveld for denne tøtta. Ha ein fortsatt fin kveld om du har tenkt å sitte oppe. 
Hasta luego! 

IWALY!!

lørdag 5. juli 2014

4.juli

Jomfru Knutsen har det litt keisamt. Ein litt uvanleg situasjon har oppstått. Minstemann har dratt med søskenborna til bestemora på Vestlandet og plutseleg er ein bornlaus. Kva skal ein då finne på å gjere? Slike uvante "moments" er ikkje kvardagskost, så ergo er det berre keisamt fram til eg finn ut kva eg skal bedrive tida med til han er attende.
Det einaste som er sikkert er at det er ikkje snakk om å sitte i den sofaen eg sit i nett no.

Eg har ringt fleire gonger i dag. I morges fekk eg berre til svar at det passa dårleg at eg ringte før dei hadde stått opp. Så då venta eg ein time til og då var det greitt. Berre det at han hadde jo ikkje tid til å snakke med meg. To setninger og så kom det så fint "Hade, glad i dæ", og klask, på med røyret. Sjølv rakk eg aldri å seie hade attende. Jaujau…..
Det same skjedde i kveld. "Mamma, æ må gå ned tell de ainner. Vi ser jo kamp. Æ bi ikkje å reng dæ før æ lægg mæ. Hade, natta, glad i dæ" og klask, på med røyret på nytt.
Wow……. Her er det berre å venne seg til at det straks er pubertetstid og greier. Plutseleg er det ikkje mora som er "verdas navle" lenger. Hmm………Eg veit ikkje om eg likar det, men har vel ikkje anna å gjere enn å infinne meg med det. Jaja….. :=)

Vi har akkurat sett på film. Boka om hundreåringen som stakk av var ei fornøyeleg bok. No oppdaga eg at den var kommen ut på film også og då måtte eg jo berre kjøpe den. I kveld blei det "snurr film" og den var riktig så fornøyeleg. Det einaste som var litt dumt (som mange andre gonger) er at når du først har lese boka……..
Filmen lever nok ikkje heilt opp til forventningane, men den er likvel verdt å sjå. (Sjølv om eg sov nokre minuttar av den). Vil du ha deg ein latter (som dei påstår vil forlenge livet), ja så får du i alle fall det undervegs i filmen. Ein kul gamling på rømmen. Litt kjipt å heile tida vite kva som skjer, men greit nok.
Først film og så fotball. Jaja….eg overlev det også. Eg treng jo ikkje følgje med heile tida. Av lojalitet for arrangørlandet så heier eg på Brasil. Om det er av di eg fryktar kva brailianerane kan finne på ute i gatene etter kampen om dei taper, eller om eg faktisk heier på Brasil….. skal vere usagt.

No er faktisk kampen akkurat over og eg trur det gjekk vegen. (Som sagt….eg fulgte berre med på det heile med eit halvt auge!)

Mattilsynet advarer mot giftige blåskjell. Jaja, eg har no uansett ikkje tenkt å ete blåskjell. Det får finnes grenser for kor langt eg vil gå i testing av "ny" mat. Dessutan, etter å ha opna skjell etter skjell gjennom heile oppveksten og faktisk sett det ekle som er inni skjella…….. Kven i alle dagar klarar å finne lysta til å ete det skvipet (som enkelte liksom kallar delikatesse). Nei, om nokon hadde gjeve meg tilbodet "et blåskjell og få 100 000 kr, så hadde eg faktisk takka nei. Jo, eg hadde det!!
No går dei uansett ut og åtvarar mot å ete det, så då er det vel fleire enn eg som har tenkt å vere fornuftige.

Straffesak vekker oppsikt. Det dreier seg om Facebook og det dreier seg om faceraping. Ein irsk mann har fått ei klekkeleg bot etter å ha vore så ufin at han har brukt metoden "faceraped" mot ekskjæresten sin.
Joda, det er mange som gjer dette, men då er det gjerne snakk om meir uskuldige setninger. Det er eigentleg forbudt ved lov, så ein slit om ein blir rapportert inn og avslørt.
Denne irske mannen var sur og fornærma på ekskjæresten sin og la ut noko som ikkje var fint på sida hennar (som om det var ho sjølv som skreiv det). Det er alt anna enn koseleg når slikt skjer og eg trur ein skal vere glad for at ein faktisk har ei lov som forbyr dette. Om ein tillet seg kva som helst. kan det fort bli ubehageleg for enkelte.
At ein ungdom ser at mora står pålogga utan å vere tilstades og snik seg inn og postar "Jeg skal kjøpe sønnen min 1 kg godterier i mårra", så er det ikkje mange som blir sint for det. Det er noko anna når det blir slik som denne saka med den irske mannen. Eg syns eigentleg berre at det er bra han får sin straff.
Han skreiv at ho var ei hore som ville ta imot eitkvart tilbod som kom. Ikkje bra………..

Mange vil påstå at dersom ein ikkje loggar seg av så er det eins eigen feil. Då må ein nesten forvente at slikt kan skje. Det er faktisk ikkje sånn det fungerer. Du skal ikkje vere nøydd til å logge deg av. Alle som går inn på andre si side veit på førhand at dei ikkje har lov til det. At freistinga ligg der betyr ikkje at du er nøydd til å fale for ho.
Om du går forbi sjokoladehylla på butikken, tar du ikkje sjokoladen og puttar den i lomma berre av di sjansen byr seg. Ein tar sjokoladen og stiller seg i kassekøen.

Sjølv har eg facerapa bror min ein gong. Då skreiv eg frå han at eg var den kulaste søstra i heile verda. Heller ikkje det var heilt lovleg, men det var no i alle fall meir lovleg og det blei berre litt artig ut av det.
Eg sat der i sofaen og berre venta og venta på at han skulle oppdage det. Og for kvar "likes" som kom blei eg meir og meir flirfull.
Akkurat denne facerapen skjønna alle var nett det. Alle forstod at det var eg som hadde skrive det og det kunne ikkje skade han på noko måte. Verre var det med denne kvinna som blei utsatt for eksen sin.
(Eg trur irer er ekstra langsinte!!!)

Det kunne jo vere spanande å sjå kva folk eigentleg meiner om "facerape". Eg vil tru at det er ganske mange ulike syn på det heile. Enkelte vil påstå at det er heilt greit, medan andre vil synes det er forkasteleg. Og midt i mellom kjem sikkert brorparten. Enkelte vil vere usaklege og andre ikkje. Sånn går verda vidare, for på akkurat det området blir ikkje "menneskeheten" betre.

Ha ei god natt og sov godt! Drøym søtt og godt!
Hasta luego! :=)

IWALY!!

tirsdag 1. juli 2014

1.juli 2014





Det er lenge sidan eg var småbornsmamma!!  No har eg altså vore det for to herlege små born på 2 og 4 i lit over ei uke og eg seier det rett ut….. JA!!! Det er lenge sidan sist. All ære til dei som har små og må opp i otta for å ta seg av borna etterkvart som dei vaknar. 
Når ei lita pia så fint seier "tante" klokka halv seks på morgonen og augene går i kryss….. Say no more! Plutseleg er det fleire dagar der eg har brøda ferdigbaka før klokka åtte på morgonkvisten. Og når atpåtil ein av dei spør etter pizza…..til frukost!! Då er livet herleg!! Det var berre å hive seg rundt. Ingen skal påstå at eg til no, denne sommaren, ikkje har fått med meg dagane. 
Det er berre fint med små born som smiler og ler på morgonkvisten. Då kan ein ikkje anna enn å vere glad. 
Tanta har sjølvsagt hatt det artig med dei små, men berre ikkje fortel foreldra at eg har lært dei å geipe!!!

Med tre born i hus……Kva skal ein finne på? Joda, då fartar ein! Først til Kjeldebotn-dagane, for der er sukkerspinn og anna godt. Ikkje minst har dei hestar og gode pølser. Så drar ein på hyttetur! 
Sola uteblei dei første dagane, så bading på langgrunna i Herøyvika måtte vi berre slå ifrå oss. Men grilling i fjæra kan ein godt gjennomføre i sollaust vèr også, og det var eit sikkerstikk. Eit lite kubesøk gjorde også susen. 

Treklatring er alltid gøy. Det var nok berre "eldstemann" som fekk klatre såpass høgt opp. Han har nok litt betre trening i klatring. Han har si eiga hytte oppe i treet……..


Det som skulle til for at vi kunne få sol, var at vi måtte forflytte oss. Frå eine kanten av kommunen til ein heilt annan kant. Grunnvoll!! Sola kom og vi fekk verkeleg kose oss alle saman. Å kaste stein i fjæra er også gøy. Det er berre om å sjekke at det ikkje er fare for at enkelte skal få stein i hovudet. Alle som har hatt små born veit kor lett det er at motorikken kan svikte nokre sekundar i det ein skal kaste ein stein. Det skjedde heldigvis ikkje blant oss. :=)
Sol og fjæra. Ein verkeleg god kombinasjon. 

På kvelden har ein sol til klokka halv elleve. Det er ikkje rart at nett sola og dei fargane ho skaper er gjenstand for ein del biletetaking. We just love it! 

Stille på havet, sola som straks blir borte bak fjella, flo, lyst til å bade, men lar vere…….. Dette er kos. 

Fisking er obligatorisk! Aller helst med grønske på knerne! (Hahaha…….) Her er det nokon som har vore ganske ivrig i fotballspelinga og slengt seg i graset etter ballen. Buksa vitnar godt om det. Om det hjelper så mykje på fisket skal vere usagt, men det blir definitivt meir fargerikt. (Og kor er eg når eg tar biletet?? Eg har definitivt ikkje mobilen med meg uti sjøen!!) 

Har han fått fisk, mon tru? Her er det ikkje snakk om å legge seg tidleg. Er det sommar, ja då er det sommar. I alle fall i ein ung gut sitt hovud. 

For dei med friske bein er det riktig så fint å trø litt lengre opp i terrenget. Her er gutungen og eg på tur til Nisgamneset. Ein kjempefin tur når vèret er slikt som denne dagen. Ikkje lange turen å gå, men likevel nok til at ein kan seie at ein har trimma. (Noko som er veeeeldig nødvendig med tanke på kva som inntas munnvegen for tida.) :=)

Her er utsikt mot "Kjøspvik". Med andre ord ut fjorden. Kjøpsvikretninga er nok ikkje rett ut fjorden. Fjorden er slik at den går litt i svingar og greier……. Kjøpsvik ligg til venstre for biletet, bak fjella. 

Her er vi på toppen av neset. Utsikta mot "Bukta" og Sørfjorden er upåklageleg. Ikkje så langt unna er det også eit ørnereir. Ikkje havørn (faktisk!!), men kongeørn. Og sjølve ørna er diger!! 
Mange dagar krinsa ho rundt oss nesten rett over hovudet på oss. Kvar gong ho kom låg sjølvsagt mobilen inne og eg rakk aldri å få eit supert bilete av ho. Uansett….. Den var ganske så flott. 
Med dei to borna på 2 og 4 hadde vi nok eit ekstra auge på dei medan ørna krinsa over oss. Ikkje godt å seie om ho hadde ein plan eller to. 

Det beste med å vere borte frå alt sosialt liv (sjølv om det eigentleg har vore bra med folk her inne), er at ein får pause frå kva som skjer rundt om i Noreg eller verda elles. 
Enkelte vil kanskje påstå at det er viktig å halde seg oppdatert, men det er faktisk deileg å av og til kunne berre kople vekk frå alt det maset som media kjem med og berre eksistere på alle andre måtar. 
At eg ikkje har sakna hverken aviser eller anna fekk eg fort stadfesta då det var ein som hadde tatt med seg ei ny avis inn i fjorden. Framsida til VG var pryda av at ein norsk TV-kanal skal lage eit program der målet er at menn og damer skal gifte seg på første "date". Reality, my ass………. 
Å gifte seg under første møte er berre teit og no skal dei tene penger på noko så grundig useriøst som det. For meg blir det berre latterleg. At dei i tillegg har klart å "lure" med seg ein prest på konseptet…. Jaujau……
Så når det er det som møter meg av medieverda når eg først møter ho……Ja, då lar eg berre vere å bry meg om sjekke meir ut. Media er media. Jomfru Knutsen er Jomfru Knutsen. 

Julimånaden er starta opp. Det er mykje spanande som skjer denne månaden. Eg håper verkeleg at vèret held seg slik som det er no. Det vil vere lykke på jord. Og ikkje minst…….Eg har byrja å få farge på kroppen. 

Ha ein fortsatt fin kveld! :=)

Hasta luego!! 

IWALY!!!