lørdag 30. oktober 2010

Helg!!

Det er laurdag og det er helg! Deilig med andre ord....... I går var eg full av energi (grensa til adhd), så eigentleg burde eg ha sotte meg ned for å skrive då. Tenker det ville ploppa ut mykje rart, fpr det var ikkje måte på kva eg klarte å lyre ut av meg i går! (Ikkje noko ille, vel å merke).
Eg trur eigentleg det starta med at eg fekk eit stort gjennombrot når det kjem til rytme i ein musikktime i går. Synkope er ikkje så lett for dei, men i går gjekk det som berre juling. Etterkvart som dei spela betre og betre, fekk eg energi etter energi etter energi påfylt. (Trur nesten dei må ha vore glad timen var over då dei gjekk derifrå!!! Dei tenkte sikkert "Makan te tulling!") :=)
Når ein først får eit slikt adrenalinkikk, er det ikkje berre, berre å komme seg ned att. Om eg ikkje tar heilt feil, byrja energien først å avta rundt kl,.23. Heldigvis var det ingen som klaga. Det beste var jo at då fekk huset seg ein omgang med pleie. Musikk og vasking går godt overens, og under vasking skal det gjerne vere litt høgt. Ofte er vasking pliktoppgåve, men i går var det ein sann glede!!
Det må vere ganske fint for ein mann å komme heim frå arbeid og kjenne den deilige kjøttlukta som kjem frå kjøkkenet, for så etter å ha ete få beskjed om å slenge seg ned på sofaen og sove ein god og lang middagskvil medan huset blir shina. Eg høyrde ingen klagar:=)

Eg kan dessverre ikkje skryte på meg den samme energien idag...... Sjølv syns eg at eg har fått gjort mykje, men det er slett ikkje av di eg ikkje klarte la vere. I dag slo plikta til, og det på ein laurdag. (Laurdag er vel strengt tatt ein fridag???)

Posten er ganske ustabil her......Er eg heldig, så er det berre min post i postkassen. Er eg ikkje heldig så har eg naboens post i min og han min post i sin. Eller andre som har samme namnet som eg......... Som regel får eg KK i posten kvar fredag (om eg er heldig). Det hender det tar nokre dagar ekstra. Det betyr at eg har vore heldig denne uka, for ellers ville eg ikkje sotte her og lest om Anette Stai, Unni Lindell, Liv Ullmann og Kari Bremnes no. Kva kan dei ha til felles då??? Eigentleg ingenting! Joda, dei er alle kjendisar.......... Det er ikkje berre derfor dei er med i samme reportasje alle saman. Litt derfor sjølvsagt, men dei har fått i oppgåve å skrive brev til seg sjølv som 30-åring!! "Jau,jau", seier eg!!! Hvis ikkje det er ei utakknemmeleg oppgåve, veit ikkje eg.
No har dei eit litt anna utgangspunkt enn meg i livet sitt, men hadde det vore ein stakkar som hadde foreslått at eg skulle ha gjort det samme.......Nei, det ville vore ganske så mislykka! Garantert!!
Kva er det naturleg å ha med i eit slikt brev? Eg vil tru at ein må ta med advarslar om enkelte ting ein har opplevd. Sjølvsagt ville eg tatt med at framtida er mindre stress enn ein som 20-åring kanskje kan tru. Ein har jo gjort seg fleire erfaringar opp gjennom åra. Likevel, eg trur det forventes at ein i eit slikt brev på ein eller annan måte skal advare mot å gjere dei feila ein gjorde. Så kan ein ramse opp fleire av dei tinga ein skulle ønske var ugjort. Eller.......... Sjølv om det moralsk vil vere rett å ønske det ugjort, er det slett ikkje sikkert at det er det eg eigentleg meiner. Dei einaste tinga eg, for min del, ville ha ønska bort, er om eg har vore direkte ufin mot nokon. Det skal ein ikkje vere. Ellers har eg sjølvsagt trødd over enkelte grenser og gjort ting eg ikkje burde. Likevel er eg ikkje så sikker på at eg angrar på det.
Nei.... Om eg skulle ha skrive eit slikt brev til meg sjølv: "Du skulle berre visst"....... Uff, det hadde berre blitt superteit. Det ville sikkert blitt minst 4 A4-sider fulle av mykje unødvendig skit. Eg er altfor frittalande og om eg skulle skrive om alle dei gongane eg eigentleg berre burde tidd stille, ja....Det hadde vel blitt fleire sider åleine, det.

"Evig ung" er tittelen på ein annan reportasje. Den har ein layout og ingress som gjer at eg får lyst å lese den. (Det er vel det som er målet deira også).
Den handlar eigentleg om at vi idag kanskje er litt aldersforvirra!! Akkurat den kjøper eg. Eg har faktisk vore inne på den tanken før.
Det er noko som ikkje heilt stemmer om mora på seksti år er sprekare enn dottera på 30. Sekstiåringen trener meir, reiser meir, shopper meir, går lengre skiturar osv osv......
Dagens bestemødre er spreke, eventyrlystne, sjølvrealiseringsorienterte og økonomisk ressurssterke. Dei er såkalla suprforbrukarar. Det er ikkje lenger slik som det var før då bestemødrene var gråhåra og sat i gyngestolen og strikka.
Førtiårskrisa er faktisk eit utdøande fenomen. Tjueåringane er enno tenåringer. Når eg tenker meg om, er eg nok einig i det meste av dette. I stor grad, sjølv om det fins unntak.

Så snur eg om sida og finner denne overskrifta: "Bør vi fortelje alt?". Hups.....Farleg å uttale seg om, kanskje...........?!?!?!?!?! Den viser i og for seg til ein god del ulike "tema", men likevel er det jo lett å skjønne kva hovudbaugen i eit slikt spørsmål er. Heldigvis er det ingen forskning som underbygger at det alltid er riktig å fortelje sanninga.
Det er nok greit å ta ei kvit, lita løgn om kjærringa spør om ho ser tjukk ut i den nye kjolen ho har kjøpt osv..... Det handlar på ein måte om å vise omsorg istadenfor å vere hensynslause.
Kva om ein er betatt av nokon på arbeid?? Bør det komme fram? (Berre for å avklare det, så er det heilt generelt eg meiner. Eg er alt anna enn betatt av nokon på min arbeidsplass. Så er det sagt!!). Hehehe... Noko slikt vil vel kunne skade meir enn det er gagnar for eige samvit. Ser for eit senario der, ja.
Eg trur eg stoppar der...... Det står så mykje, mykje meir på dei sidene, men eg finn det best å la vere å kommentere resten.

Det er laurdagskveld. Eg sit her åleine med min lille data. Ein ligg og får skjønnhetssvevnen sin medan den andre er på halloweendiskotek!! Halloween........Eg er imot det!! Det er jo ikkje ein tradisjon vi har her?! Med mindre vi kan kalle det tradisjon av di det no er nokre år sidan det blei brakt hit til landet. Handelstanden gjer sikkert store pengar på det! Eg er imot det, sonen min er 110% for det. Enno meir om det går an. Han har altså prata om denne kvelden og kor han gler seg i fleire dagar no. Når han våkner om morgonen, reiser han seg opp i senga og danser limbo. (Han må jo øve seg til konkurranse i kveld). Gud betre.....
I tillegg kan han jo lese...... så når han skal forklare så seier han berre l-i-m-b-o. Alt går i stavelser. Det er visst fryktelig morosamt! Sjå for deg ein lang setning og den tida det tar før den er ferdigsnakka........ M-a-m-a k-a-n æ g-å p-å d-i-s-k-o-t-e-k i k-v-e-l-d. Nok til å bli "hautullåt" av! Eg ser verkeleg fram til han kjem heim og skal fortelje om alle inntrykka for i kveld. Eg trur eg vekker den eldste og trør meg ein tur sjølv i regnvèret heller. :=)
Men, som Bjørn Eidsvåg syng......Når ungar lek, ler og har det godt. Ja, då er livet utrolig flott!


.......always on my mind, in my heart, in my soul.

mandag 25. oktober 2010

Måndag 25.okt.

Det er måndag, det er ny uke, det er nye sjansar..............
Haustferie, mykje arbeid osv = ingen tid til KK (før i dag). Det er nokre uker sidan eg sist las i eit KK. Kanskje like greit...... Så fekk eg sjansen til å bli spora over på noko anna. Det har vore haustferie og etter det har det vore veldig mykje arbeid. Det har resultert i at eg ikkje har følt noko behov for å tyngje det fagre hovudet mitt med meir lesing enn nødvedig:=) I dag gjekk det over...... Eit KK låg der så fint ved sida av senga og såg så innbydande på meg. Kva skulle eg gjere?? Eg kunne jo ikkje berre ignorere det heller. "Les meg"......Eg kunne høyre dei bedande orda som strutta i mot meg av lengsel etter omhug! Så då måtte eg berre løfte det opp og ta det med meg inn i sofaen, og her sit eg no.

Om eg tenker meg om så godt eg berre kan, ja, då må eg innrømme at det er ei stund sidan eg sist fann ein gjevande artikkel i bladet. Hmm...... Lurer på om det kan grunne i at dei ikkje har hatt med dei magiske, tre menn??? Ikkje utenkeleg. Dei har visst gått tom for idear! For eit tap for meg. Eg som lærte så mykje av dei!! Hehehe.......... Neida, det har ikkje rabla for meg. Eg berre manglar noko fornuftig å bruke tida mi på. Jaja.

Kva inneheld så denne ukas blad? Tja......Det står blant anna at meir enn halvparten av alle norske kvinner har ein dildo! Mange fleire vil ha, men dei tør ikkje heilt. Eg trur at eg set strek for det temaet med ein gong. Eg følte liksom ikkje for å diskutere temaet onani og hemningaene folk har i forhold til det. Det kan plutseleg ta litt av og det kan vi ikkje ha noko av. (Men eg les sjølvsagt artikkelen!!).

"Kven er i best form?" Ja, den hopper eg glatt over... "Kjærleikslivet til Mikael Persbrandt..." Ikkje av direkte interesse, nei. Då står eg vel berre att med "Kjærleik til overs". Den er jo forholdsvis grei, så då er det jo greit:=)
I overskrifta kan temaet eigentleg verke oppløftande. At ein har meir kjærleik å gje, er vel ikkje i utgangspunktret noko negativt (etter mi meining). I dette tilfellet handlar det om litt meir alvorlege tilfeller av kjærleik. Det handlar om dei borna som får for lite. Det handlar rett og slett om dei som har overskudd til å ta desse borna til seg for ein periode og gje dei så mykje kjærleik som det berre går an. (Slike folk står det stor respekt av). Beredskapsheimar kallar dei det.

Mange born strever av ulike årsaker. Born blir henta av årsaker som husbråk eller skytedrama. Det er no ein gong slik at vi lever i ei sjuk verd med mange galningar. Mange born lir under dette. Politiet må jo ein stad å gjere av desse borna. På to timar må ein beredskapsheim vere klar for å ta imot........ Ubetinga kjærleik må tilførast borna. Kanskje inneber det lite søvn og lange dager med tilvenning og håp om tillitt. Eg vil tru dei første døgera er ganske så intense!
Beredskapsheimar er berre midlertidige..........
Avskjedane kjem og eg vil tru dei er vanskelege dei også. Når ein først har opparbeidd tillitt, er det klart at borna gjerne vil vere der i den heimen. Det er ikkje slik det fungerer.
I tillegg er det viktig å få fram at eit slik tiltak krev at heile familien synes det er greit. Om ein har eigne born, krever det faktisk ein god del av dei også!! Dei må jo avsjå store deler av den omsorgen dei er vant med og overlate den goden til dei borna som plutseleg kjem.
Så all æra til dei.

Ellers har bladet intervjua forfattaren av boka "Saras nøkkel". Det er forøvrig ei bok eg har lese og funne veldig bra. Forfattaren er Tatiana de Rosnay og er ein av dei mest leste franske forfattarane. Boka er lest av millioner og eg vil tru at det er grunner til det.
Ut over dette syns eg eigentleg at bladet ikkje har så mykje meir å fortelje denne gongen. Litt synd. Eg gledde meg jo eigentleg til litt lesing i kveld, men blei rett og slett skuffa.
Eg lærte i alle høve korleis eg skal bryte hemningane i forhold til onani....så det er jo noko! Skikkeleg intellektuell utvikling med andre ord!!

onsdag 20. oktober 2010

Mimre, mimre....

Eg kom nett på noko eg tenkte å skrive om tidlegare i haust, før armen slo seg vrang. No kan eg ikkje lenger skulda på den, så då tenker eg at eg går litt attende i tid. Det var i dei tidlege morgontimane....... Både Steffen og eg var ute i god tid. Det var knallvèr og det var full aktivitet frå byggingsbransjen på nabotomta her. Ambulansestasjon seier dei at det skal endast opp med.
Som alle andre morgonar, hadde dei radioen på med ganske høg lydstyrke. Akkurat det er vel nødvendig om dei skal klare å høyre noko i arbeidsbråket.
Jaja.....Tilbake tl kluet. Dei hadde radioen på og vi starta på skulevegen vår. Vi kom ikkje lenger enn til postkassa før Matti Røssland ruva ut av høgtalarane. For eit flashback!!! Vår alles kjære Matti:=) Åh....kor eg saknar den tida! Trur kanskje bror min var kompis med han ei stund attende i tid.... Sjølv blei eg mo i knærne av søskenbornet hans.
"Tøffe tider" heiter songen som blei spelt for n'te gong i radioen. Veit ikkje heilt kor mange gonger den er blitt nynna på opp gjennom tenåra. Den var verkeleg ein hit på den tida. Seinare har han kome med tøffe låtar som "Stjålen båt" og "Lyseblå hagestolar". Det er nok ikkje meg han syng om i "Stjålen båt", men heldig er ho som har fått ein song skriven til seg.

Eg hugsar godt når Matti opptredde under Husnesrock i Husneshallen. Då var det ikkje så spennande med Morten Hjøllo og Divin' Ducks, sjølv om dei var 100 gonger meir kjent. I dag er nok Matti Røssland like kjent som han.
Vi digga Matti Røssland, men det var nok ikkje personen vi digga. Det var rett og slett mange av dei tøffe låtane som fengte så flott.
Spesielt hugsar eg ein song som eg trykte til hjartet mitt, men problemet mitt er at eg ikkje kjem på kva den heiter. Trur kanskje eg må be mamma om å prøve å sjå etter kassetten min som eg hadde. Det var jo sjølvsagt medan det enno gjekk an å kjøpe kassettar.

Eg var på tur på arbeid, ja, det var visst slik det var. Lett å skrive seg bort når ein mimrar........ Hehe........ Resten av den dagen gjekk eg og nynna på songen og eg leita den opp på nettet.
Eg var liksom ikkje heilt førebudd på at det skulle kome ein song frå ein kjenning over radioen her eg gjekk og trødde i ei nordlandsbygd langt, langt unna opphavsstaden. Det er nok ein grunn til at dei enno speler låter av han.

Det er nok hverken Matti eller søskenbornet hans som gjer meg mo i knærne no. Det er lenge sidan det gjekk over, men mo i knærne kan eg nok enno bli:=)

I must be crazy now
Maybe I dream to much
But when I think of you¨
I long to feel your touch.

tirsdag 19. oktober 2010

Bærekraftig utvikling.

Bærekraftig utvikling........ Eit uttrykk som kanskje treng ein definisjon?!
Bærekraftig utvikling kan forklarast så enkelt som at det er eit forsøk på å imøtekome behova og forventningane til dagens menneske utan å svekke sjansane til å innfri framtidige generasjoners behov og forventningar. Endå enklare sagt, er det slik at vi som lev akkurat no må forvalte jorda vår på ein slik måte at også dei som kjem etter oss skal kunne leve like godt som oss. Det handlar sjølvsagt om bruken av ressursar i eit langsiktig perspektiv.
Kort sagt kan ein seie at det er to hovudproblem som må følgast opp, CO2-utslipp og overfiske. Det siste er rein rovdrift på naturen.

Om ein går eit par hundre år attende i tid, vil ein ende opp i ei tid der det låg an til ein industriell revolusjon. Eller......Det er rettare å seie at det er tida for ein verkeleg industriell revolusjon! Kva har så denne revolusjonen ført med seg av goder?? Mange, spør du meg! Tenk berre på den handlefridomen vi har. Tidlegare generasjonar kunne berre drøyme om akkurat det. Av di vi har ein moderne kommunikasjons- og transportteknologi, kan vi kjøpe og selge varer og tenester produsert på eit kva som helst stad i verda.
200 år etter har vi endeleg skjønna kva industrisamfunnet og fossilt brensel gjer med naturen.

Det er nær samanheng mellom økologi og forbruk. Derfor meiner eg at dern jobber økologane legg ned er svært viktig. Ein skal verkeleg ikkje undervurdere det yrket.
Kva er det ein økolog gjer? Enkelt og greit......Han studerer økosystema på jorda. Ein kan blande inn ei vitenskapeleg forklaring av kva økosystem er, men ein forenkla versjon er at det er ei skildring av korleis plantar og dyr innanfor eit geografisk område er avhegige av kvarandre for å overleve.
For at vi menneske skal kunne leve og få i oss den maten vi treng, kan eg påstå at vi er avhengig av fotosyntesen. Den set igang planteproduksjon som er mat for planteetande dyr, som deretter blir mat for kjøttetande dyr. Vi veit alle kva store deler av folket lever av!
Så kan ein spørre om kva det har med bærekraftig utvikling å gjere.

Den industrielle revolusjonen starta ein kraftig vekst i produksjonen av forbruksvarer. Utvikling av ny medisin kom, og moderne jordbruks- og fiskeriteknologi gjorde det mogleg å mangedoble verdas matvareprodusksjon.
Her kjem kluet. Dagens industriproduksjon og industrialiserte jordbruk, skogbruk og fiske set varige spor i dei mange økosystema vi har på jorda.
Jorda, lufta og vannet blir gradvis øydelagt av industriell jordbruks- og fiskeproduksjon. Vi haustar meir og meir av naturen og det fins ei grense for kor mykje som er forsvarleg å hauste (med tanke på dei som kjem etter oss). Vi skal jo ikkje øydeleggje kloden vår!!

Global utvikling er eit tema som er heftig debartert dei siste åra. Dei blir aldri heilt einige, men 90% sikkerheit om at global oppvarming skuldast menneskeleg aktivitet held for meg. Det er nok til at eg tenker på temaet og ønsker at fleire skulle engasjere seg i nettopp dette. Eg er lite engasjert sjølv og eg kjem nok til å forbli det, men eg håper andre har litt betre vit enn meg på det området. Det er lett å tru at ein ikkje kan gjere så mykje sjølv, men det er jo berre tull. Eg kan sjølvsagt gjere mykje for å hjelpe til å minske prblema. Eg kan starte med meg sjølv og samtidig håpe at fleire gjer det same.
Ein kjem ikkje unna at oppvarminga har sine konsekvensar. Heitebølger som tar liv, ørkenspreiing, tap av plante- og dyreartar, ekstremvèr, surare verdshav, stigning av havnivået, isbresmelting, tining av tundraen og store mengder av CO2 og metan slippes ut. Dette for å nemne noko. Lista kan sikkert bli veldig mykje lengre......

For å klare å gjere jorda vår ein stor teneste, er vi avhengige at klimaverstingane hiv seg med. USA, Kina og India har tidlegare nekta å skrive under på avtalar som innebærer at dei må begrense eiga forbruk av fossilt brensel. I fjor snudde heldigvis USA og no er også dei med.

Det er fleire alvorlege måter som øydelegg økosystema våre. Fiskeriressursane våre overbeskattes. Det fiskes minst 50 gonger meir no enn det blei på 50-talet. Fleire stader blir våtmarkene drenert bort eller fylt att for å gjere plass til bygninger eller nye jordbruksområder. Jordbruksområder utsettes for omfattande erosjon og begyggelse. Dette reduserer jordsmonnet som matproduksjonen er avhegig av. Så kan eg nemne overbeite, avskogning og for høgt forbruk av vann enkelte stader.

Det er ingen tvil om at noko må gjerast. Kven tar ansvaret for det? Vi har folk som kjem etter oss. Forhåpentlegvis er det endå mange generasjoner etter oss som skal få oppleve jorda vår. USA har ny teknologi som kanskje vil fungere. Det handlar om å pumpe CO2 ned i havbunnen. Det skal prøvast ut. Så attstår det å sjå resultatet. Om det virker, vil det vere eit stort bidrag til å redusere CO2-utslippa globalt.

Internasjonalt samarbeid for bærekraftig utvikling er heilt avgjerande for framtida vår. Det er lov til å håpe.

Det er tid for Greys anatomy nå, så det får bli med det....... Kvelden har vore bra. Vi har øva, noko eg alltid likar, men det var ein som eg sakna.

Hasta luego....

søndag 17. oktober 2010

Trøytt.no

Trøytt, ja! Helga er snart over og eg har eigentleg eit lite ønske om at den kan vare ein dag ekstra. Eg har nok ikkje evner til å skape den ekstra dagen, så det er berre førebu seg på helgeslutt.

Vi har hatt seminar heile helga. Så no har det vore speling kvar einaste dag sidan torsdag. Det merkes godt at amasjøren ikkje er heilt på topp for tida.
Det har vore ei lærerik helg som er tilbrakt i lag med musikantar frå Narvik. Eigentleg har vi øva kvar for oss, medan det også blei tid til litt fellesspeling også. Då fekk vi kasta over oss to songar som skulle spelast på konserten i dag. Jippi....... Marsjen var i utgangspunktet heilt grei, men hadde eindel krumspring som skulle takast i løpet av songen. Etter ei hurtiggjennomføring av låta (bladspilling) spelte vi gjennom den andre songen. Namnet på den er "Samba loco". Tru meg..... namnet passar perfekt til songen. Om eg ikkje tar heilt feil så betyr namnet "den gale sambaen". Det var den!!!! Eg trur kanskje eg ikkje har spelt verre song før. Det var rett og slett eit hav av noter på arket. Så var det å få alle til å spele alle notene heilt likt. Utfordring?? Jepp:=) Det blei mykje rar speling. Det seier seg sjølv at når 8-10 trommeslagarar skal spille i lag, ja, då må det bli krøll. (Sjølv om den faktisk ikkje blei så ille på konserten).
Så kan det diskuterast kor vidt det er lurt å ha ein konsert som avslutning til eit seminar. Slitne lepper......eg sei ikkje meir.

Det er alltid viktig med eit hyggeleg, sosialt samver ei slik helg. Det blei det sjølvsagt sørga for også denne gongen. Det er stor fare for at mange koste seg i går kveld. Sjølv var eg litt usikker om eg skulle gå. Eg er glad eg valgte å møte opp:=)
Som på alle andre festar er det fleire som skiller seg ut mange måtar. Vi var ei stund usikker på om vi skulle skaffe til veie ein ADHD-tablett osv.......
Maten, bakalao og viltgryte, falt i smak hos dei fleste og det utvikla seg tterkvart til å bli ein kjempetriveleg kveld. Mykje fliring blei det i alle høve.
Det er vel ingen som kommer til å gløyme det fantastiske forsøket på å starte opp snøscooteren på scena.........
Hovudproblemet med slike kvelder er vel aller helst at ein ikkje har vett nok til å ta kveld på eit høveleg tidspunkt. Det var nok tungt å spele for dei aller fleste, inkludert meg, i formiddag. Det ville gjort seg med eit par timar ekstra svevn!! Det er no på ettermiddagen ein kjenner at det blei litt for langt inn i det nye døgeret før ein la seg. Jaja.....Sjølvgjort er velgjort. Ingen å skulde på her i garden.
Uansett, prikken over i'en mangla i går kveld, utan at eg skal utdype det noko nærmare......

Helga er over, det er på tide å forberede seg på den nye uka som kjem. Det er fleire ting å sjå fram til, så det blir nok ei bra uke:=)

I wanna hold you close,
I wanna feel your breath.
I wanna hear you say the words.......
I love you.

tirsdag 12. oktober 2010

Tysdag 12.oktober.

Eg byrjer likesågreit med slutten...... Eg er på tur i senga og med meg skal eg ha eit juleblad. Jepp, det er sant. Eg trur det ikkje heilt sjølv, men det er fakta. I går, då eg var ein snartur innom butikken, kjøpte eg eit juleblad.
Dette bladet er hverken full av julegavetips eller liknande. Det er rett og slett tips til ting ein kan lage for å pynte huset til jul. (Det vere seg oppdekking av bord, pynt på hverandaen, vindauga osv...). Eg har ikkje byrja å tenke på jul enno, eller, det vil seie at eg hadde ikkje ofra jula ein tanke enno, før i går....... Så gjekk eg rett i fella!!! Kvart år "klagar" eg over at dei startar med alt julestyret så tidleg. Eg er eigentleg heilt imot at det skal vere noko som omhandlar jula i butikkhyllene no! Det er berre eit triks for å tene meir pengar, og gjekk fem på! Sukk......., og sjølvsagt har eg ikkje vit til å la bladet ligge ei stund framøve. Eg skal sluke i meg alt av informasjon. Jaja........Ein veit vel ikkje betre?!

Greys anatomy er akkurat ferdig. Det rare er at der var det jule- og nyttårsfeiring på gong. Det kan virke som om heile verda samarbeider om å spre jula ut til folket i oktober! Normalt ville eg ha sitte i sofaen og sett på Medium no, men eg vel å la vere. Vil ikkje risikere at det samme skjer der.

Det er tysdag og det har vore ein fin dag. Etter å ha vore på skulen i formiddag, bar det vidare til Oppeid på møte. Eit innhaldsrikt sådan:=) Eg gler meg til dei neste tre vi skal ha. Då gjer det ingenting om dagane blir lange.
Ekstra bra blei det då eg kikka innom mobilen og det låg ei melding til meg der. Øving! Jippi!! Eg klarte helidigvis å styre mi begeistring overfor dei andre:=) Uansett, eg fekk plutseleg noko å sjå fram til. Det er alltid fint å vere på øving!
Sjølve øvinga var vel de beste biten av dette døgeret. <3

Nei, eg trur eg er for trøytt til dette. Eg antar eg skal skrive litt om bærekraftig utvikling i morgon. Så får eg sjå kor det endar. Må tenke litt meir på temaet først!!

You are so beautiful to me......

mandag 11. oktober 2010

Bistandsarbeid.

Når det gjeld bistand og utvikling er det eitt spørsmål som må stillast. "Kvifor er innsikt i lokale forhold og behov minst like viktig i bistandsarbeid som fagkunnskap og kapital?"

Først må eg vel kanskje definere kva eg legg i begrepet bistandsarbeid. Bistandsarbeid er kampen mot fattigdom. Enkelt og greitt! Så spørs det om bistand fungerer slik det i utgangspunktet skal (som hjelp til dei aller fattigaste).

Fattigdom er på lik line med apartheid og slaveri menneskeskapt. Det er kun menneskelege handlingar som kan avskaffe det.
Ordet bistand blir brukt om overføringen av ressursar frå eit land til eit anna i form av gåver, ekspertise eller rimelege lån.Hjelpa skal baserast på mottakarens premissar og ikkje dei føremoner som gjevaren kunne ha fått. Det er viktig å få med at militær hjelp ikkje kjem under det som kallast for bistand.

Om vi går attende til kolonitida, så oppstod der store forskjeller på fattige og rike land nett på den tida. Kolonistane sørga for at kolonilanda ikkje kom seg opp og fram. I staden for brukte dei koloniane til å sjølv bane seg vei mot rikdom.
Eksempel på det kan vere at dei henta ut mest mogleg billege råvarer til eiga bruk. Utbygginga av infrastrukturen var ikkje til noko føremon for dei som budde i koloniane. I utgangspunktet blei vegar og jernbanar bygd frå dei råvareproduserande delane av landet og ut til hamnene ved kysten. Derifrå blei varene frakta til kolonimakta.
Forutanom dette blei det brukt ein metode som i dag er kjent for "splitt og hersk-metoden".

Galskapen er prøvd retta på etter denne tida. Noreg er eit land som gjer ganske mykje bistand. Noreg har jo alltid hatt misjonærar, og bistandsarbeid blir på ein måte ei vidareføring av tradisjonar dei har bygd opp.
Problemet har vel aller helst lege i att vi nordmenn føler oss litt for gode. "Er du norsk, er du ekspert". Det er ei haldning ein ikkje kjem langt med. Bistandsarbeid er kjempeviktig, men som eg skreiv i innleiinga mi så er det eit viktig spørsmål som må stillast. Det er spørsmålet om innsikt i lokale forhold og behov. Har ein ikkje det, er det stor sjanse for at arbeidet ikkje lukkast. Det kan kanskje ha kortvarige betringar, men på sikt kan det øydeleggje meir enn det gagnar. I enkelte tilfeller skjærer det seg heilt.
Eg bør vel kanskje komme med eksempel på dette for å få fram kva eg eigentleg siktar til her. Det har vore saker som har vore mindre bra, der Noreg er eine aktøren. Masse pengar er spruta inn i prosjekt som har vore bortkasta.
Krealaprosjektet var i manges auge ein fiasko. Det var ei modernisering av fiskerinæringa i "India". Denne utbygginga førte til eit sterkt overfiske og ei utarming av naturgrunnlaget. Dei tradisjonelle, fattige fiskarane fekk lite ut av prosjektet.
Så har vi Turkana-prosjektet. Eit område som er klassifisert som halvørken. Nomadane der levde av dyrehald. I 1960 var det ei langvarig tørketid. Det blei nød og Noreg skulle stille opp. Prosjektet skulle gjere nomadane om til bufaste fiskarar og jordbrukarar. Ved hjelp av vanningsanlegg skulle store landområder dyrkes opp.

Det meste gjekk galt. Det burde ein jo sjølvsagt ha forutsett (dersom ein hadde hatt innsikt i lokale forhold og behov). Vannstanden sank heile 17 m under byggeperioden. Jordbruksdelen av prosjektet fungerte heller ikkje. Det blei planta ein amerikansk plante for å få stoppa erosjonen der. Denne planten skulle binde jordsmonnet. Planten er i dag blitt eit kjempestort problem. Den sprer seg hurtig, danner tett krattvegetasjon og er i tillegg giftig for husdyra!

Det er fleire årsaker til at det gjekk galt...... Samaarbeidet mellom Noreg og Kenya kunne ha vore betre. Det var manglande forundersøkingar, og dei bagatelliserte problemet med å omdanne ein tradisjonell nomadekultur til ein fastboande fiskar- og jordbrukskultur.

Heldigvis er mange blitt flinkare til å kombinere lokalkunnskap med moderne teknolog. Også samarbeid med lokalbefolkningen og ansvarleggjeringing av lokale styresmakter er blitt viktigare.
I Namibia sa dei "Vi ønsker ikkje skolar og vegar frå dåke, men sjansen til å tene på fisken vår, slik at vi kan bygge det sjølv". I samarbeid med Noreg klarte Namibia å få kontroll over eigne fiskeressursar og dei fekk bygd opp eit havforskningsinstitutt til å overvåke ressursane i havet. I dag sysselsetter fiskeindustrien over 13 000 mennesker (mange av dei kvinner)!! Dette er eit eksempel på godt bistandsarbeid.

Noreg har sju hovudsamarbeidsland som vi gjer bistand til. Det er Tanzania, Mosambik, Uganda, Zambia, Malawi, Bangladesh og Nepal.

"Vi trenger ingen almisser, vi er ikke tiggere. Hvis vi får en anstendig pris for kaffen vår, kan vi klare oss uten veledighet". Ein setning som nok vil gje mangen bismak....... Det er ikkje meir som skal til.

søndag 10. oktober 2010

Sukk....:=)

I dag har eg høyrt på den nydelege songen. Garth Brooks med "To make you feel my love". Eg trur kanskje det er Bob Dylan som har skrive teksten? Uansett, eg har aldri høyrt den før og den var kjempefin.










lørdag 9. oktober 2010

Toback in Norway!! :=)

Toback.........attende/tilbake........ Det er visst den nye oversettinga av ordet. Eg overhøyrde at dei foran meg på flyet flirte og lo av at det var så mange som trur at det er rett oversetting. Sjølv trur eg dei fleste berre fleiper i så måte??!!
Uansett, eg er attende i vår kjære nordlansbygd. Borte bra, men heime best. Bra ordtak eigentleg. Det er svinaktig godt å vere heime og skal sove i eigen seng, MEN, eg kunne likevel tenkt meg å vore borte ei uke til.

No skal eg prøve å lage ei "lita" liste over kvifor ein bør velge Alcudia og La dorada (Prins otel) som sitt neste reisemål:
- Barnevennlig
- Roleg nattestid
- Fine rom/leiligheter (stoooort bad og soverom, stue og eit lite kjøkken).
- Masse (!) basseng (vann "overalt"), innebasseng, boblebad, treningsrom, badstu osv...
- Du risikerer å spise deg halvt i hel (Er det positivt??????)
- Minidisco med opplegg for born kvar einaste kveld
- Barneklubb på dagtid
- To tennisbaner, sjakkbane, bordtennis, biljard, hoppeslott
- Ponniridnig
- Bar (ute og inne) og restaurant
- Vasking av rommet kvar dag
- Spanjolene KAN kunsten og får deg til å føle deg spesiell
- Skokastingsbane!!!!!!
- Underholdning kvar kveld (Ekstremt spennende til tider!)
- Gratis trådlaust Internett på rommene
- Drops på rommet etter vasking
- Stilfullt
- "Hotte" badevakter med SOS på ryggen (Vi vurderte å teste SOS'n nokre gonger, men motet svikta - synd)
- Ansiktsmaling, leikeplass, skattejakt osv.......
- Kort veg (200m) til stranda. (Der var det verkeleg fint. Kjempefin badetemperatur.)
- "Hotte" badevakter også på stranda.
- Sandslott
- Massasje og fletting av hår.
- Kort veg til marked.
- Hotell med veldig høg standard!!!! Anbefales.
- Dessertbordet må ikkje gløymast. Viktig!
- Eve's Mojito
- Dei lar borna bestille sjølv og så kommer dei berre med regninga til oss (Hehe.....) Standarduttrykk frå min kar: One cola!! Gracias.
- Du får sannsynlegvis eindel av songane der (spes. ein på hjernen)
- Ingen 4 cl's regel der nei. (Ikkje akkurat på hotellet, men borti gata).

Lista kan fortsette i det uendelege...... Berre spør Eve. Ho fekk ein fantastisk venn i lille Lois nest siste kvelden. Han var (er) ikkje stor, men jaggu meg var han søt!! Akkurat passe lang og rund på toppen.

Likevel......... Det er nokre aber med slike steder også.
1) Du må stå opp kl.04.00 ved avreise. Drepen, kallar vi det. Du har såvidt sovna og så skal du plutseleg opp att. Frukost midt på natta. Hallo!?! Det var nokre skeive auger, ja.
2) Du risikerer at du vil attende. (Ikkje bra med tanke på at ein aller helst vil oppleve mest mogleg av denne verda).
3) Altfor mykje god mat.
4) Menn i trangtsittande badebukser som ikkje overlet noko til fantasien.
5) Du blir påprakka "fake-solbriller". (Men det er jo standard over alt). :=)
6) Du blir obs på kva norske menn ikkje kan. (Våre eigne)...... Spanjolane kan kurtisere!!!!!! Det er ikkje måte på kor stor pris dei set på oss.
7) Sidan det er familievennleg, må du ta med deg både mann og born. Med tanke på shopping så er det håplaust. Det må nok ein jentetur til.
8) Hotellet ligger i eit område der dei ikkje sel Roma (parfyme). Det gjorde forøvrig ikkje taxfreen heller. (Trudde alle hadde den....?) Ca, 200 ulike parfymer lina opp, og så manglar dei den beste...:(

Jaja..... Vi har hatt ein fantastisk fin tur til Alcudia. Vèret har vore toppers for det meste, og vi har kosa oss både ved basseng og hav.
Det er nok ikkje siste gong eg set føtene mine der.
Ellers trur eg det er bra vi er komen heim. Det er tendenser til at det er ein liten gut som trur han er grueleg god i spansk no. Kanskje like godt å stoppe han no før han blir litt for verdensvant:=)
På ferga i stad sa han til kassadama: "Du, æ kan spansk!" Ho blei jo kjempeimponert og ville høyre han prate litt. "Si", sa han og gjekk. .......Hehe.

You make me feel......

fredag 8. oktober 2010

onsdag 6. oktober 2010

Un dia muy buen.

Livet er herleg i desse dagar!! Det er sol, sol og atter sol.
I går kveld valgte vi å finne ein annan stad og ete berre for å ha prøvd noko anna...... Det funka ganske bra. Sjølv om vi er veldig nøgd med staden her, var det ganske greit å prøve noko nytt. DEt beste er at veldig mange stader har dei tatt lærdom av at mange har born med seg og lagar opplegg til dei:=)
Eg veit ikkje kven som hadde set skøyast i går......Mannfolka sine mislykka forsøk på å flørte med servitrisene, eller vi kvinnfolk som faktisk fikk tilbodet om å bli med eine kelneren!??!! Seint blei det i alle høve.

I dag har vi hatt eit fantastisk vèr. "Kjærringan" tok turen på stranda rett over gata medan borna hadde pappadag. Det fungerte utmerka (i alle høve for oss). Så no har vi verkeleg fått slappa av og bada i havet. Det beste med dagen var vel den deilige massasjen vi fekk. Sjølv om massøren ikkje var verdas kjekkaste mann, var han dog flink. (......og vi likar at menn gnur på oss!!!!).
I tillegg var det ei som fekk gleda av å flette håret mitt. Berre så synd at eg ikkje tenkte på det med det samme eg kom ned hit. Helsebot, ja!!!

Ein ting har vi forstått her nede. Her spises det dessert til alle måltid. Veit ikkje om andre stader eg har vore som har laina opp lange dessertbord til frokost. Vi kan velge mellom det meste av mat og desserter. Eg trur eigentleg vi nesten et oss ihjel. Det blir hardt å kome heim att.

Ellers er det gøy å sjå kor lett borna hugsar spanske ord og songar. Det brukes verdskjente bornesongar i opplegget her, så borna veit kva dei syng sjølv om det er på spansk.
I går kveld gjekk dei glipp av showet sidfan vi åt ein annan stad. Trur ikkje dei er så lysten til det i kveld......så vi får sjå.
Det er i alle høve helsebot å vere her i sola.

I morgon skal vi attende til stranda. Då tar vi i med borna også. Kanskje blir det meir massaje på oss.
Vi får sjå........... No vil eg berre ut på shopping. Det er rart med det.......shopping er gøy:=)

Caveza ombro pierna pieze.........

When I need you
I just close my eyes and I'm with you.......

lørdag 2. oktober 2010

Deilig!!

Joda, overskrifta passer perfet. Eg har det ganske deilig her eg ligg i ei seng langt, langt borte......... Dagen har vore bra lang, men det har verkeleg vore verdt det. Så har det også blitt sagt ein del artige kommentarar i løpet av det siste døgeret.


Ikkje berre har eg sørga for å snakke meg til at dei måtte ta av meg gipsen (bandasje fungerer vel greit det og???), for i samme slengen har eg sørga for at eg slipp å få ein kvit arm og ein brun. (Ja, for ein bandasje kan ein vel lure av seg av og til....!!). Ergo kan eg nyte dei neste dagane for fullt.


Det heile har vel ein start....... Klokka var 08.00. Ingen av oss kjente vel eigentleg for å vakne opp så tidleg ein laurdags morgon. (Spesielt ikkje med tanke på at eg har en son som var grueleg glad for å treffe søskenborna att slik at klokka blei nærare elleve før han kom seg i seng. Sjutida er vel meir i rett høve for han.

Avgang til flyplassen skulle vere ca kl.09, og det er vel ingen i familien som er kjent for at dei er ute før dei må...... (Har ein vag hukommelse at det er mangen som rekker ferga sekunder før ho skal gå....) Jepp, that's my "family"...... Veit ikkje om det kan vere eit syndrom?!

Uansett, vi var litt sein i dag, men dog ikkje seinare enn at vi hadde god tid til å slappe av før flyet skulle lette.


Det er vel aldri slik at ein kan dra på tur utan at det er nokon som stikke seg litt meir ut enn andre. Medan vi satt og venta på flyavgang, var det sjølvsagt ei som måtte krangle med desse securitasvaktene eller kva dei no er. Ho trudde tydlegvis at reglane gjaldt for alle andre enn ho. Jaja.... Det roa seg no etter kort tid.


At lufttrykket er annleis oppe i lufta enn nede på bakken, ja, det veit vel alle? Likevel har eg eigentleg aldri erfart det sjølv på anna måte enn at ein kan få litt "dott" i øyrene. I dag slå den delen til for fullt. Både kjekspakken og ostepoppen til minstemann var oppblåst....... (Til det ytterste!). Ein kan trygt seie at det smalt då han skulle opne det, og ein kan trygt seie at kjeksane ikkje holdt seg i posen. Ein eksplosjon der kjeksane flaug imellom.......joda.


Over fire timer på fly kan virke ganske lenge for born. Derfor er det ganske greit at det er to av samme alder. Det gjorde turen litt kjappare unnagjort, i tillegg at det er meir "gøy" for oss vaksne også. Vi får liksom litt meir å snakke om..... (Veit ikkje heilt om de som satt foran oss var like einige i det...). Vi blei også kjent med ei som snakker fire gonger meir enn meg.....huttetu. Trur kanskje det var prosenter i alt ho drakk og at det kan forklare litt av det.


Vel framme var det ein time på bussen. DÅ byrja vi å merke at borna var prega av all stillsittinga den dagen. Dei prata i eitt heile busstrekninga, og det var ikkje måte på kva dei fann på for å ha det skøy. For å nemne noko, kan eg seie at ostepop i øyrene er veldig gøy.

Vi måtte rett og slett innføre stilleleken. Den som var stille lengst, skulle få ein euro. Problemet med så små born er at dei endrar reglane på det meste (slik at det alltid går i deira favør). Eg veit ikkje kor mange gonger vi måtte prøve på nytt og på nytt.......


Ellers så har eg funne ut at enkelte ting er det best å teie stille om. Steffen var litt for ivrig med å dulte i setet mitt. Irritert fortalte eg han om at i Spania så er det slik at alle måtte vise respekt og høyre etter kva dei som er eldre enn deg sjølv seier. (Det innebar at han skulle la vere setet mitt ved FØRSTE beskjed). Joda.........Det kommer til å forfølge meg resten av ferien. Den første kommentaren som blei sagt rett etterpå var at den setningen skulle eg få bite i meg.
(Sjølvsagt må det vere slik at eg er den yngste av oss fire. Med tanke på at eg liker å gjere litt ugagn, ja, eg seier ikkje meir.)


Etter å ha konstantert at vi var sikre på at sjåføren har betalt for kvar køyrde kilometer han køyrer, var vi endeleg framme ved hotellet. (Då hadde vi sett fleire av hotella opp til fleire gonger).
Men, vi blei ikkje skuffa. Det er eit utroleg flott kompleks vi har hamna i. Megastore bad, stort og fint soverom og eit opphaldsrom som det står stil av. Her blir det bra å bu!!!! (Her er heile fire basseng).

Bufèen i restauranten innheld det meste av matsortane og det er show om kveldane for både born og vaksne. Opplegget i kveld var knalltøft!!

Hovudaktiviteten til borna er foreløpig skokasting. (Dei kastar sko med føtene). Det verste er at dei klarte å lure mannfolka med på det ogå. Det såg rimeleg teit ut, og eg har foreviga det!!! Vå lille venninne var så god at skoen hamna på taket heile to gonger. Tar eg ikkje mykje feil, ligg den der enno......

___________________________________________________________________

No er det gått eit par dagar og vi lever framleis. Borna har storkosa seg med bading, ansiktsmaling og danseshow. I tillegg var det eit megabra afrikansk show i går kveld. Eg datt ut av tellinga på kor mange gonger Steffen sa "herremin" i løpet av showet (av di han var imponert).

I dag var vi inne i Port' d Alcudia. hyggelege drosjesjåfører sørga for å få oss heilberga fram. Por favor..........
Shopping?? Nope, det er ikkje noko som passer å gjere når ein drassar på små born. Eg trur kanskje at det må ein damekveld til for å få gjennomført det. Herved er det bestemt!!!!

Eg gløymte å fortelje om dei fantastiske vrikkeøvingane vi utførte i går kveld. Vi blei utfordra til å delta i litt afrikans dans. Oh, my God!!!! Trur dei fleste må ha tenkt sitt, ja:=) Vi var dog sporty!!! (Er stygt redd for at mannfolka ikkje kan skryte på seg det).
Dei ist jo ikkje eingong å løfte revo så dei kan studere fine senioritaer.

No er det litt kvile før det braker laus på ny. Det er uansett deilig å vere norsk i Spania:=)