lørdag 31. juli 2010

Kva gjer det med kjærleiken??

Neste ukes KK kom i posten allereie i går. Eigentleg så passa det perfekt, for eg var åleine heime og det var eit påskudd for å ta pause frå pianospelinga......
Det kan sjå ut som om dei er ferdige med denne runden når det kjem til temaet menn. Kanskje like greit det, for kor fornuftig innhold ein kan lage ut av at dei intervjuar 3 menn kvar gong som representantar for heile hurven.......Ja, det kan vel diskuterast.

Denne uka er det faktisk ein artikkel som treff meg (på den rette måten). Det er ikkje ein artikkel ein kan fleipe med på nokon måte. Hovudinnhaldet er for alvorleg til det. Det handlar rett og slett om kva skjer eigentleg med ekteskapet om den eine får slag?
Eg vil tru det er ei vanskeleg problemstilling............
Når ein giftar seg, så seier ein i gode og vonde dagar. Problemet er vel at mange gløymer at dei vonde faktisk kan komme!

Om den eine får slag i ein så stor grad at det inneberer at du aldri meir kan gjere alt du kunne før. Sjølv dei små tinga blir vanskeleg...... Kva skjer då med kjærleiken?
Det reiser jo eindel grunnleggande spørsmål, blant anna kva kjærleik er. Hvis den du elsker plutseleg ikkje kan gjere noko av det ho gjorde før, er ho då fortsatt den samme? Er kjærleiken fortsatt den samme?
Livet byr på mange utfordringar og det er faktisk ein reell sjanse for at mange hamner i nettopp dette uføret.

I KK har dei møtt ein familie som blei ramma av nettopp slag. Ei ellers så frisk og raskt tobornsmamma fekk plutseleg slag og resten av livet sitt øydelagt. Seks månader på sjukehus for så å dra på rehabiliteringssenter. Mannen som ikkje var vant til å lage middag og å stelle heime måtte no plutseleg ta seg av alt. Det var mykje som skulle følgast opp. Det er ikkje berre berre i ein vaksen alder å skulle måtte omstille seg så mykje.....
Kva med dei to døtrene deira? Dei har nok ofte vore redd og lurt på korleis deira og mora si framtid vil bli. For dei var det jo snakk om supermora!
I tillegg til å måtte trøste to born, måtte han trøste seg sjølv. Han hadde jo mista den energiske, aktive og effektive kona si som han hadde lagt mange planer med. Nå må alle planane skippast.
Eg vil tru at ei slik hending vil føre til at ein får motstridande følelsar. På ei side vil ein gjere alt ein kan for å hjelpe, på den andre sida kan ein vere sint av di den ramma ikkje lenger kan hjelpe dei andre andre. Det er nok ikkje så lett, nei.

Det er eingong slik at gjennom ei krise så tvinges du til å tenke gjennom eindel aspekter av livet som du ellers ikkje ville ha ofra ein tanke.
Om du giftar deg med "Lise" berre for å ha eit namn, kan ein spørre seg om kven er eigentleg "Lise". Kven er ho eigentleg no når ho ikkje er seg sjølv? Ho er plutseleg ein heilt annan person. Ho kan ikkje løpe, lese, skrive, gjere husarbeid eller lage mat utan å søle...... Ganske sikkert frustrerande både for ho sjølv og dei rundt ho.

Kan ein klare å sjå forbi sjukdommen?? Sjå den verkelege personen som er bak maska? Er kjærleiken slik at den toler ei slik utfordring?
Mannen i KK's familie har fleire gonger fått spørsmål som om kva tid han skal forlate kjerringa. Kva svarer ein eigentleg til slikt??
Premissene for ekteskapet deira var klare (i gode og vonde dagar). Så er spørsmålet om det ikkje er andre premisser som ligger til grunn for forholdet no enn då ekteskapet blei inngått??!

Eg trur mange folk vel å leve i nuet. Dei gløymer å tenke på at dei faktisk kan bli ramma av f.eks slag. Difor har dei kanskje ikkje tenkt over om forholdet er sterkt nok til å takle det om det skjer. Mange oppdagar nok at dei ikkje er glad nok i mennesket dei lev med til at dei vil "passe på" det resten av livet. Det er det som skjer. Du får plutseleg ein person i huset som trengg hjelp til det meste. Frykteleg slitsomt er det!!! Eg skjønner godt at mange blir lei. Det er jo nettopp då hovudspørsmålet tvingar seg fram.......Kva er kjærleik og kva gjer dette med kjærleiken??
Taklar vi utfordringa?

Det står all respekt av alle dei som meistrar å få forholdet til å fungere. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva konsekvensar det kan få for ein famile og difor kan ein lett seie at det står respekt av det. Den andre parten gjev opp mykje av hensyn til den andre. Det kan ofte vere eit stort offer.
Likevel er det også forståeleg at ikkje alle meistrar å takle det. Alle vi som lev er jo berre menneske. Vi er skapt ulike og har ulik plattform vi kjem i frå. Mykje av svaret ligg nok i kva grad av "moral" vi har lært heimeifrå. Mange blir av di dei meiner det er det rette av di dei har lært at ein ikkje sviktar når slikt skjer. Det går prestisje i det...... Om det ikkje er kjærleiken som ligg til grunn så trur eg akkurat det vil skape meir "hat" enn kva det kan gjere godt. Ein person som har hatt slag trenger ein som bryr seg av kjærleik og ikkje av plikt. Eg ville aldri ha bedt ein mann om å bli om eg ikkje var sikker på at han elska meg. Ein ting er sikkert: Ein strekk seg langt for dei ein verkeleg elskar. Det er ikkje utan grunn at dei fleste ville ha gått gjennom ild og vatn for sine eigne born......

Det er berre å håpe at ein sjølv aldri får oppleve å bli ramma av slikt. Ein har ingen garantiar.
Eg ville uansett ikkje svikta. Nettopp av di eg har (hadde) to foreldre som heller ikkje ville ha gjort det. Ein lærer det frå der ein kjem ifrå. Det attspeiles i korleis vi er som personar. Eg trur vi kan kalle det samvit.........

Tid for kos.

Så fekk eg endeleg "hjertet" mitt heim att. Det er rart med det........ Når han er så liten, er det så lett å sakne han. Han er minst like kosesjuk som eg brukar å vere, så det passar bra. Så no er eg nøgd!!! :=)
Han har i alle høve mykje artig å fortelle. No nettopp fortalte han at det var så mykje knott medan dei høgde ved at faren var svart i panna. Til og med heile dusjen blei svart då han spytta....... Ja, då må det ha vore mykje knott. Knott smeker jo godt då?? Han er heilt inni situasjonen og prater med ein heilt overgjett stemme.

Det er regn, men likefullt ein fin dag. Av og til kan det vere godt å gå tur i regnvèr. Sjølv om eg definitivt er trøytt i dag......
Ein trøytt dag kjem som regel av ei årsak. Denne gongen er det jo etter å ha hatt det skøy i lag med "mainnan" i går kveld.

Pause......

Min kjære sønn har erfart at det er ikkje berre berre å vere gut. Han veit allereie no kva som ventar han når han blir stor, og eg trur ikkje han likar tanken på det:=)
Han har ein onkel som bur sørpå, og han kom til Kjøpsvik i går. I dag var han og besøkte han nede i "gammelhuset". Han var ikkje mindre heldig enn at han plutseleg var 50 kr rikare. Det var ein nøgd gut som dro på butikken for å kjøpe laurdagsgodterier.
Det er her aberet kjem inn. Han hadde jo sjølvsagt lyst å ete dei med ein gong. I bilen spurte han meg om det var greit at han åt dei. Som den bitcha eg er, svarte eg sjølvsagt nei. Etter å ha fått beskjed av meg at det først skulle inntakast ordentleg mat først, fann han ut at han kunne jo spørre faren. Det ville vere lurt.........
Han hadde heilt rett. Faren sa ja. Så då snudde han seg berre glisande mot meg og sa: "HA! Æ fekk nu lov hos han pappa. Så det så:=)".
Eg var snar med å seie at så lenge eg sa nei før faren sa ja, var det mitt svar som gjaldt........og hadde det vore faren som hadde sagt ja før eg sa nei, ja, då hadde eg uansett brukt rollen som hovudsjef. Då hadde det vore mitt svar som gjaldt uansett!!
Han blei heilt stille ei stund før han sa "Men han pappa e åsså sjæf!"
Det kunne eg ikkje nekte for, men eg sa berre at det er slik at han er nestsjef og eg hovudsjef. Slik er det hos alle. Det er alltid kvinnfolka som er sjef i alle hus! Det kom berre eit lite "Hmmm!" frå han.
Eg klarte sjølvsagt ikkje å dy meg, så då sa eg likesågodt at når han blir stor og får seg kjerring, så blir det ho som blir sjef. Det var nettopp det han ikkje likte. Han tenkte veldig mykje på det før han utbraut "Men då får jo æ aldri bestem nåkka. Kor kjedelig! Urettferdig!!!" Han nemnte at han kanskje berre må la vere å få seg kjerring........... Så med vitet om at han som gut aldri kan få vere hovudsjef, ja, då er han ikkje sikker på kva han vil:=) Hehe......

Det er ikkje lenge sidan han spurte "Mamma, når æ blir stor og får mæ kjærring....Kan vi då få bo her ilamme dæ og han pappa?" Eg måtte jo svare ærleg, så eg sa at når han blir eldre så må han finne sin eigen heim å bu i. Lite nøgd med svaret mora kom med, svara han berre "Jaja, då får æ nu bærre hør med ho søster eller ho dadda om æ kan bo dær!!"
Det er ikkje greit å vere seks år og ikkje forstå kva livet vil innebere når han blir eldre. Jaja....vi andre får oss no nokre gode rundar med latter!!

I'm loosing my mind.

Eg sitter her og høyrer på Toni Childs "I'm loosing my mind". Vel, eg kan ikkje heilt definere meg sjølv i den retninga som ho gjer, men litt sanning er det likevel i det.......
Ein ting har eg lært. Det er at det er lett å vere tøff i kjeften, men når det bærer til stykket så svikter motet. Reknar med det gjeld fleire enn meg, så då kan vi jo opprette ei eiga gruppe på det:=)
Du e den finaste eg veit........ No står namnet på den svenske gokkonelliken som syng den heilt stille. Ein får slike augeblikk. Uansett, der er ein fin song.
Toni Child syng visst berre depressive songar. Kanskje ikkje rette musikken å høyre på rett før ein skal snike seg i seng og få nokre timar skjønnhetssvevn.

Om ein blir konfrontert med noko må ein jo nødvendigvis svare?? Skulle ønske eg blei konfrontert med........

I want to let it out
I want you to know
I want to walk with you
I don't wanna run from this

.....

Kl. er tre om natta og eg er ein tøffelhelt!!! Så det så........

fredag 30. juli 2010

It's Friday:=)

Jaja.....Har litt pause frå pianospelinga og surfer litt på nettet. Eg byrja å sakne pappa, og så googla eg han litt. Oppdaga at det var mange som har skrive masse positive kommentarar om han under fleire innlegg frå aviser osv..... Det er jo fint, då.
Lell, det var eigentleg noko anna eg skulle kommentere....... På gravstøtta hans har vi eit dikt som lyder: "Smerten nå er lykken som den gang var." Medan eg satt her og googla litt, søkte eg på akkurat dei orda. Eg hadde jo ei forventning om at det skulle kome opp mange fine dikt. Den gang ei......
"Og unn deg noe godt. Det har man fortjent når man har mensen! Lykke til! ....smerter bortsett fra en gang. Det var etter en angrepille.Men har jeg gått....."
Joda.......eg trykte riktignok ikkje på avansert søk, men forventa vel eit litt betre treff. Hehe...

Neste treff blei "Smerter i eggstokkområdet som stråler ut mot....osv..." Hmm!

Det var selvfølgelig mensen, angrepille og eggstokker eg hadde i tankane mine då eg søkte!! :=)

Det høyres sikkert ikkje så artig ut, men akkurat her og no medan eg les det og er "in the mood" for noko heilt anna.....så blei det berre så heilt feil at eg måtte flire.
Eg trur kanskje eg skal slutte av desse søka mine og heller øve litt meir.

Medan eg er på nettet har eg BeeGees over høytalarane. I stad spelte dei Massachusets. Eg veit ikkje heilt kva det er med den songen, men eg har alltid likt den. Han eine musikklæraren min på Nesna syns det var spesielt at eg likte den. Han såg ikkje heilt for seg at det var ein song som appelerte til mi aldersgruppe. Likevel.....Han syns då sjølvsagt at det var veldig bra! Så derfor laga vi eit opplegg på den:=)

Det blir ikkje noko Massachusets i kveld, men det blir masse anna fint!!

......You got a special place in my heart.

torsdag 29. juli 2010

Mimrar!!!

Jepp, eg mimrar!! Hanne Storlid sine sangtonar til "I dreamed a dream" kjem ut av tv-høytalarane. Det var tider det! Eg kjenner eg saknar den tida. Alt dreide seg for det meste om musikk...... Lange dagar med mykje øving resulterte i ei flott oppsetting av Les Miserables. Skryt fekk vi så det monna etter i media. Det var berre ein stor opptur det heile.
Desto gøyare er det då ha det heile på opptak. Det er berre å sette cd'n i dvd-spelaren og så..........

Det er ikkje bra å vere for kjepphøg over eigne prestasjonar, men akkurat dette er eg veldig stolt av! Eg syns ikkje det gjer noko om ein ein sjeldan gong tar den fram og tenker "Dette er eg ein veldig stor del av". Det kjennest ganske bra å vite:=)

".......they're making love to one already dead". Moralen er eigentleg ganske høg i stykket. Når ein har sett seg veldig godt inn i stykket, på den måten eg (og dei andre) har gjort......Ja, tru meg, det er lett å få gåsehud til mykje av det. Vi kjenner den innerste "sjela" av stykket. Det er eit heilt fantastisk stykke som er laga av ein superdyktig reggisør.
Når eg høyrer ein av balladane (anten på radio eller andre stader) reagerer eg annleis enn dei fleste på den. Eg kjenner jo historia til orda bak songen. Sterke ord!!! Det har faktisk skjedd at eg har tatt til tårene. Så gripande finn eg det....... Spesielt til "A little fall of rain". Eg kan aldri bli lei den songen.

Uansett, det er ikkje sjølve musikalen eg eigentleg er oppteken av no, men sjølve mimringa av tida vi jobba med den. Det er mange eg saknar!!
Hanne og Inge med "Come to me". Vakkert!! Eg datt litt ut no....Måtte berre høyre dei synge ferdig:=)
Inge og Egil Magne sin utrolege innsats i kampduetten. Så utroleg vanskeleg, men likevel eit høgt nivå på gjennomføringa.

Vel, det eg hugsar best er dei vonde armane etter alt var ferdig. All øvinga resulterte sjølvsagt i senebetennelse i begge armane. Då er det ikkje noko særleg å sitte der under forestilling og spille utan pauser innimellom. Trur ikkje det er mange sekundar det er lyddfritt frå pianoet.

Det blei rett og slett for stor avstand mellom det ein dro frå og det ein kom til. Plutseleg blei alt så stille. Ti år seinare sit eg enno her der det blei så stille. Andre ting blei viktigare i livet mitt. Kanskje la ein bort litt for mykje av seg sjølv i prosessen. Det vil eg vel aldri få svar på. Sjølv om ein har det bra, kan eg ikkje la vere å undre på kor eg hadde vore i den musikalske verda om eg hadde fortsatt der eg "glapp". Trur kanskje musikklærarane eg hadde rekna med at eg ville ha større ambisjonar. All den innsatsen, berre for å la det vere som ei lita boble av livet (som ein kan sjå attende på). I dag kan eg ikkje seie at eg er god nok (langt frå), men den gong var nivået bra. Eg var faktisk den første som kom inn på mellomfag musikk då det blei oppretta på høgskulen, berre for å takke nei. I dag ønsker eg at eg hadde vore tøffare og ikkje hadde vore så redd for å skulle prestere der i tillegg til arbeidet her.
Eg veit ein ting! Eg har bestemt meg for at eg vil ha musikk som ein større del av livet mitt enn det er no. Det innebærer at eg skal innstille meg på meir øving. Eg skal finne att den delen av meg som blei lagt på hylla for ti år sidan.
Sjølv om ein bur der ein bur, betyr ikkje det at ein ikkje kan ha mål å jobbe mot. Det er der hovudproblemet mitt låg/ligger. Eg var så vant til at oppdraga stod i kø og venta, at når alt var over så skjønnte eg ikkje at eg måtte lage mine eigne mål. Ikkje dei måla andre skapte for meg, men mine eigne! Ein treng ikkje berre øve for at andre skal høyre. Ein kan øve for sin eigen del. Øve åleine av di ein har ambisjonar om å bli betre.
Vel, det er vel det eg må gjere då...... Eg må byrje å øve meir. Eg må rydde plass til det. Eg må sørge for at eg får åleinetid heime til øving.
Hvis eg ikkje gjer noko med det, vil det bestandig ligge der og ikkje slippe taket. Eg veit kven eg er, og eg vil ha større del av meg på det området fram.
Det er kun eg sjølv som kan gjere noko med det........
Kanskje finn eg noko eg vil skrive hovudoppgåve om......Ikkje det at eg har store planar om ta meir utdanning. Det kunne likevel vore gøy.

Eg er jo så heldig at eg er ein del av ei gruppe her med berre mannfolk utanom meg:=) Det siste klagar eg ikkje over. Det er stort sett berre artige øvingar vi har..... Men der også fell eg litt gjennom. Eg får noia berre det blir nemnt at eg skal spele instrumentalsolo. Eg kjenner eg blir heilt sveitt. Kva eg er redd for? Eg kan leite opp fleire opptak der eg verkeleg tar av i spelinga. Det var aldri eit problem før. No har eg fått ei eller anna sperre for det. Då blir det berre mislykka forsøk over nokre tonar. Trur kanskje eg må jobbe med psyken min der. Det er jo eigentleg berre ein bagatell. Litt dumt å ta improvisajonskurs om ein vel å stenge det ute når ein treng det.
Ein er så tøff i kjeften ellers......Så skal ein så liten filleting som ein liten solo "freake" meg ut.

Kva er eigentleg vitsen med å mimre, berre for å konstatere at nivået har sunke drastisk?
Det er så mange gode minner som dukkar opp her eg sit og ser på musikalen, men den gjer meg og merksam på kven eg er no.....
Eg er åleine heime, så då er det berre å starte på med øving allereie i morgon tidleg!!
Eg ser fram til i morgon....av fleire grunnar:=)

"One more day all om my own. One more day with him not caring". Kristin har den rette desperasjonen i stemmen...... Det kjem alltid ein ny dag!

You don't have to wear black to look good. You look good anyway......

mandag 26. juli 2010

Ops....Måndag og KK på nytt!!

Eg var litt bortreist då eg sat og skreiv i stad. Ikkje kobla eg på at det er måndag, ingen hadde tatt inn posten og sløve meg hugsa vel ikkje på at det er KK-dag. Då posten endeleg lå der på bordet og bladet stakk fram frå bunken..........Så då blir det to innlegg idag.

Eg var spent på ukas tema. "Ikkje tid, ikkje lyst, sa du?" Eg ana jo fort kva temaet var. Ikkje lett å mistolke , nei:=).
Så kom eg litt i klemme.......for, er det eit tema eg tør skrive om her???? Det er jo kanskje litt på kanten å drøfte sexliv her, men så kom eg til meg sjølv att. Det ville blitt ein påtatt beskjedenhet frå meg, og det blir jo berre dumt. Hehe.. Er ein frittalande til vanleg, ja, då er jo dette ingenting.......

So here it comes: Utgangspunktet (vil eg tru) har dei tatt ut ifrå at det er mange som slit i forholda sine pga mangel på ei av dei største føremonene ved å vere nettopp i eit forhold. Merk: Eg sa ikkje nødvendigvis den største føremonen, for det er mange fine ting med forhold...(Dette av di eg ikkje vil trø nokon på foten). Men eg går ut ifrå dei fleste også syns at sex er viktig!
Mange vel av ulike årsaker å skrive inn spørsmål til "ekspertar" om problema sine, for så att å få svar på dei gjennom ekspertsida til ukeblada.
For meg verkar fleire av spørsmåla ein les med kvart ganske tåpeleg, men eg har vel ingen rett til å dømme nokon. Desse spørsmåla er sikkert veldig viktig for dei det gjeld. Fleire gonger kan ein verkeleg bli nysgjerrig på kva ekspertane kan finne på å svare på enkelte spørsmål.

I følge ei undersøking, som dei har gjort ein eller annan gang, er det slik at jo lengre ein har vore i eit forhold jo mindre sex har ein. Så spørs det om vi alle er A4-mennesker då??
Tydlegvis er det menna som klagar mest på hyppigheita. Dei klagar på at kjærrnga vil for sjeldan. Det er til og med oppretta eit eige ord for dette: sexklemma. Jaja, kan jo sikkert vere bra for mange å vite at det er mange med sexklemme.
Å forvente at begge skal ha like mykje lyst på sex heile tida er det samme som å forvente at begge skal ha lyst på samme mengde mat til einkvar tid.

Forskjellen på menn og kvinner (ifølge artikkelen - ikkje meg) er at menn vil ha sex for å få forholdet til å fungere, medan kvinnfolk vil at forholdet skal fungere før de vil ha sex. Eg skal på ingen måte utdype om eg er einig i det eller ikkje. Det eg kan seie er at eg trur nok kvinner er ganske ulike på det området. Det passer nok på mange, men dog ikkje alle!

Å bruke argument som "er sliten" og "har ikkje tid" er det samme som å si at ein ikkje har lyst. Det ein har lyst til tar ein seg tid til.
For mange har problemet dukka opp avdi dei er blitt for vant til kvarandre og at spenningen er borte. Ein mann treng nødvendigvis ikkje bli tent berre avdi kjærringa sprader naken forbi.....
Ei kjem med kommentaren om at ho og mannen har funne ei bra løysing på problemet. Dei har ein fast dag i uka dei sett av til slikt, og det fungerer godt. Sjølv ser eg ikkje at det kan fungere i lengden. Ein kan vel ikkje bli tent på kommando?? "Kom, det er onsdag. No skal vi ha sex, så sørg for å bli tent!" Nei, då er det godt vi er ulike. Eg syns i alle høve det høyrest frykteleg uromantisk ut...... But, but...that's me:=)

Det som er sikkert er i alle fall at pliktsex er skadeleg i lengden. Det trur eg nok at eg kan seie meg einig i (sjølv om det aldri har vore eit problem..) Hehe....
Sex uten tenning er forresten direkte skadeleg. Eg reknar med det er damene dei siktar til då. For eg ser ikkje heilt for meg at det går an å gjennomføre sex utan at mannen er tent. Det er vel direkte umogleg?? Med kvinnfolk er det nok annleis, sidan det i slike tilfeller vil kunne gje dei smerter eller ubehag. Det er vel ingen tent med. (Tent betyr her tjent). Kanskje er det for mange slike runder som har blitt gjennomført i mange forhold, og som då er årsaka til at lysten har forsvunne heilt?? Ikkje veit eg.

Ein kan i alle høve ikkje krangle om kven som har skulda. Det blir for dumt! Det er ingen vits i det. Som regel ligger feilen hos begge to.
I tillegg kan ein skille mellom to typar sex. Sex som tappar energi og sex som gjev energi. Det er betre å ha sex som gjev energi eingong i blant i stedet for å tenke på kor ofte ein har sex.
Eit godt sexliv sitter i hovudet!

Tja.....Kva årsaker som ligger bak at mange nesten ikkje har sex lengre kan vere mange. Eg trur lista der kan bli veldig lang. Fleire kan ha fått fysiske plager med åra, impotens osv..... Slike ting er det viktig at ein har respekt for!! Det er også då ein verkeleg kan sjå kva andre kvalitetar som finnes i eit forhold. Då ser ein at sex slett ikkje er det viktigaste. Er forholdet sterkt nok, blir det ingen problem av det....
I tillegg trur eg det er mange par som rett og slett berre har "vokst frå" kvarandre. Dei er blitt bestevenner og ikkje kjærester. Mange gonger er det sikkert ikkje lett å oppdage at slikt skjer før det faktisk har skjedd. Då må ein velgje om ein ønsker å fortsette med å ha det slik (leve ilag som bestevenner) eller om dei skal skilje lag. Det er nok ikkje eit enkelt valg for nokon, det.
Mange held ihop av hensyn til born og familen ellers. Nokon sikkert av andre grunnar også. Enkelte gjer det av di dei er redd for at "det ytre" slår sprekker. Kva vil folk seie? Så held dei ilag for einkvar pris berre av di dei syns det er flaut/skjemmandes om folk veit dei ikkje har lukkast...... Eg syns eigentleg det er litt vanskeleg å ha ei meining om det. Eg trur at dersom eg ytrar noko negativt om det så vil nok nokon føle seg tråkka på. Kanskje nettopp av di det stemmer perfekt på dei. Det er det siste eg vil! Ein skal ha respekt for andre!!
Likevel.......det er vanskeleg å ikkje meine noko som helst. Skal eg vere heilt ærleg syns eg det er litt trist dersom ein held ihop berre pga kva folk ellers vil komme til å seie. Kva med seg sjølv?? Har ein ikkje rett til å ha eit bra liv, anten som åleine eller med den nye kvinna/mannen ein har truffe? Dersom begge er einige om at det ikkje lenger er eit kjærleiksforhold som ligg til grunn for at dei er saman, kva gjer det vel då om ein vel å gå vidare med livet sitt? Det er vel ingenting som er så ille som at ein set seg sjølv heilt til sides av hensyn til folkesnakk........
Det med hensyn til famile kan jo i og for seg vere greitt. Det er ikkje lett å splitte opp om det er born involvert. Slik er det berre........ Likevel meiner eg at det kan vere det beste i enkelte tilfeller. Om ein må forholde seg til krangling heile tida, ja, då trur eg det skadar meir enn det smakar.
Ei vanskeleg problemstilling, men veldig vanleg i dagens samfunn. Dei fleste menneska hamnar uansett opp som ein del av ein statistikk uansett kva dei vel. Det er nok ingen som slepp unna.

No var det ikkje partnerbrudd som var temaet (eg har nok skrive meg litt bort frå temaet). Temaet var jo sex og berre det.....Hehe. Jaja......Ikkje første gongen det!

Det einaste spørsmålet i bladet eg ikkje har vore innom er om det kan bli for mye sex. Det stod eigentleg ingenting vesentleg under det, og eg trur eg skal halde meg langt unna eigne svar i forhold til det!!! :=)
Sjølv om ein har litt innafjording i seg får det vel gå ei grense ein stad!

Konklusjonen er vel aller helst at alle par må sjølv finne ut kva som fungerer best for dei osv.... Det er slett ikkje hos alle par at det er eit problem at sexen uteblir. Nokon er vel berre likeglad:=)
Ein treng rett og slett ikkje skjønne alt i denne verda. (Sa eg det???).
Nei, eg veit kor eg har meg sjølv, så får det vere nok!

Fisketur i varmen:=)

Så var årets første fisketur her nordafor unnagjort. Det er måndag, ny veke, nye sjansar og vèret er bra. Etter å ha sitte i sola heile formiddagen var det godt å komme ut på havet sjølv om det ikkje var mykje til bris der heller.....
Då vi var på Vestlandet tidlegare i sommar, var det visst veldig dårleg med "haill". Eg skal ikkje uttale meg om kor godt "haillet" var denne gongen, men vi fekk i alle høve 24 seiar. (I tillegg til dei vi kasta ut att pga storleik og ein torsk). Trur vi seier oss nøgd med fangsten.
Sjølv om det var sei vi var ute etter, hadde vi også anna fangst med heim....... I huken ved Lappislauta blei det oppdaga ein svær kråkebolle i sjøen. Det blei eit svært prosjekt for å få den opp i båten. Det var ikkje djupare enn at åra rakk til botnen. Med ei åre i kvar si hand var det to som ivrig kjempa for å få den opp...... Ikkje så lett når båten sig unna. Det måtte fleire til, og på eit eller anna vis gjennom godt samarbeid så hamna bollen i båten (like heil og fin). Om det er nokon som har tenkt å koke den for å smake på innhaldet inni, ja, då kan eg trygt seie at eg aldri blir å smake!! Hallo? Berre tanken på det er heilt......

Heile to av oss holdt på å gå rett i havet, men vi slapp heldigvis unna det våte element. Verre var det med minsten om leika ved elva (på nytt) og datt...... Eg hadde ikkje med skifteklede denne gongen heller... Jaja.
No er vi komen heim, vi har vore på butikken og kjøpt oss rømme og fisken er komen på plata. Sei er langt frå det beste eg veit, men eg har lært såpass at eg veit det er nødvendig med fisk. Så då får vi tru det blir eit kongemåltid:=)

Helga har vore ganske innhaldsrik. Musikken eg har høyrt på varierer i så stor grad at det har eit vingespenn på det samme som ho Olga Marie som syng soloreklamen til dei flinke blueskarane som spelte litt for høgt(!). Begge deler var faktisk like gøy:=)
Ellers så har min ellers så høge moral på røyk/snus fått seg ein liten knekk!! Sjølvsagt tar eg full avstand frå begge deler.... Det var berre det at eg blei så "tatt på senga" av ei som kom med snusboks at eg mista vitet:=) Sjokket av at ho hadde snus (som eg aldri kunne ha sett for meg) sørga for at bondevitet forsvann og eg fekk "smake". Ikkje berre ein, men to gonger. Kor ille er ikkje det. (Det var sjølvsagt sånn svak damesnus som dei seier). Sjølv forstod eg ikkje kva dei snakka om då dei spurte om eg blei dårleg av det. Eg kjennte ingenting. Sikkert ikkje ei lur erfaring, med tanke på framtida....... Trur likevel det blir med den eine gongen!! Dei andre får ta seg av slikt.
Det einaste er at no når dei sel så svak snus, så er vel faren større for at fleire vil prøve og faktisk like det??? Trur det var lakrissmak på den eg prøvde. Skjønner då at mange går i fella.
Jaja, ei triveleg helg er over (triveleg sjølv om eg sneik meg tidleg heim begge kveldane) og dagane har vore megaflotte.

Det som er sikkert og visst er at det er mange fine stader i Kjøpsvik og omegn-området. I går var vi mellom Hundholmen og Kjelkvika for å kaste stein i havet. Det var utroleg fint, og Steffen fekk vassa litt i tillegg. Kaldt, ja, men dog skøy. Det var ein slik ro der at det blei ei veldig bra oppleving. Ikkje vind i det heile, og småseien var energisk i havoverflata heile tida. Berre så synd at kameraet låg att heime.........
Når det gjeld flyndrekasting så er ikkje det akkurat det lettaste ein lærer små born:=) Det kjem vel etterkvart!

For tida held eg på med ein song som eg kanskje skal tore å ta med meg til bandet. Den er ikkje heilt ferdig enno, men eg får no sjå..... Det kunne jo vere litt gøy det!

You are always on my mind......

lørdag 24. juli 2010

Laurdag 24.juli i Herrens år 2010!!

Jada jada.......trur det meste er jada, jada i dag. Til og med vèret er jada i dag. Fram med singlet og shorts!!! Delicious:=)
I går var det visst nysnø både i Stetinden og Prestinden! 23.juli for å vere heilt eksakt. Sånn eigentleg passa det litt bra, av di eg kvelden før lærte Steffen om nettopp vann (i væske-, fast- og flytandes form). Då blei det jo også nemnt korleis vannet blei til snø. Med skyane rundt begge fjelltoppane og nysnøen som låg der, ja, då fekk han sjå det heile i praksis. Så aldri så dumt at det ikkje er godt for noko:=)

I går var eg stupe trøtt, mildt sagt. Då er valgets kvaler om ein skal gidde å gå ut eller om ein skal berre gje blaffen og halde seg heime. Det er liksom anten eller. Med meg gjekk det visst rette vegen. Eg vakna då så visst til liv og det må vere lenge sidan eg skravla slik som i går. Trur kanskje eg var litt for ærleg innimellom også......Jaja, det skal ein jo eigentleg vere uansett, så... Det var riktig så koseleg:=) Det er alltid skøy å bli kjent med nye mennesker og treffe att gamle.
Tenk, då eg var tenåring såg eg skikkeleg opp til dei unge musikantane her i Kjøpsvik. Eg syns dei var så flinke og ikkje minst kjekke (enkelte av dei vel og merke....). No klimprar dei såvidt på gitarane sine medan det er eg som spelar:=) Det hadde eg aldri trudd den gong...... Uansett, det er hyggeleg å mimre med dei!!
Det er rart kor tidene endrar seg.

Akkurat no kom Einar inn døra. Ho Susana har vore heime i Barcelona ein tur og så har det seg slik at Steffen er fan av nettopp Barcelona (fotball). Dette syns faren til Susana er veldig kult, så derfor har Steffen fått Barcelonating av han. I fjor fekk han ein stor plakat med laget på. Tidlegare har han fått truser, shorts, skjorte, caps, sekk osv....... Så her i huset har vi masse utstyr frå den fronten (til Steffen si store begeistring).
Som eg sa kom akkurat Einar inn døra. Han har vore innom Susana og faren hadde også denne gongen sendt med noko til Steffen. Denne gongen fekk han ein megastor plakat med det spanske landslaget som vann VM. Det er ein liten gut er som er veldig klar på at den plakaten skal opp på veggen ved sidan av Barcelonaplakaten!!
I dag går han med fotballskjorta til Sør-Afrika, kjøpt i nettopp Sør-Afrika, Barcelonashorts, kjøpt i Spania og fått storplakat. Trur han er rimeleg nøgd, ja!!
Det er nokon som har det:=)

If I should stay.....

torsdag 22. juli 2010

Borte bra men heime best:=)

Så har eg tilgang til internett att!!! Eg har eigentleg hatt det heile tida om eg berre hadde gidda å leite godt nok. Eg har jo mitt lille mobile breibånd, men med det vèret som er no er det så dårlege signaler at det var berre å gje opp med ein gong. Kanskje like godt det..........
Det har i alle høve vore deilig å vere på hytta eit par dagar og tatt livet totalt med ro!!
Min kjære hyttenabo ringte her om dagen og spurte om vi ikkje skulle komme på hytta så ungene fikk leke i lag. Det er alltid mykje gøyare for ungane våre å vere på hytta om det er nokon å leke med. Vi var ikkje tungbedd, så om morgonen heiv vi oss i bilen og dro:=)

Sjølve dagen var ganske fin! Sola titta fram og ein kunne sitte litt meir lettkledd på verandaen og spille litt gitar og synge. Riktig så koseleg syns eg det var. Det er berre at slik idyll det varer aldri evig...... Heilt sånn plutseleg var det berre å berge alt inn under tak. Vår Herre tømte seg verkeleg over oss, noko borna syns var like greit. Då fekk dei vere inne og spele Buzz.

Planen var eigentleg ein tidleg kveld og ein riktig så opplagt nestedag...... Joda, det er det samme som å tru på julenissen. Eg gjer det samme kvar gong. Kryssord og kabal er ikkje så lett å leggje frå seg. Har ein først starta med det........ Det blei nok litt utover midnatt før mine auge kunne kvile seg mot ei god hovudpute i ei stor og god seng.
Minstemann vaknar eigentleg til fine klokkeslett kvar dag, men dog ikkje i dag.... Straffa for å sitte oppe var at han vakna klokka åtte. Tidleg det for ein som er i feriemodus!
Ikkje nok med det.....Den planlagte turen på sletta blei regelrett stoppa av ufine lydar utanfor vindauget. Det tok ikkje lange tida før dei små grå klarte å kople at dei som lova oss opphaldsvèr i dag faktisk hadde tatt feil!! Dei kunne faktisk ikkje tatt meir feil. Det rett og slett bøtta ned. Jaja, då blei det i alle høve raskt avklara at det einaste som ville fungere i dag, var å ha innedag og inneaktvitetar.

Heldigvis aktiviserer born seg sjølv når dei er fleire:=) Det blei heldigvis ikkje noko problem med med at dei ikkje fekk ut energien sin.
Etter mykje kryssordløysing og gitarspeling blei eg heldigvis avløyst frå det einsarta "livet" denne dagen bydde på. Ettermiddagen gjekk til at vi vaksne spelte "Amerikaner" til ganske så varierte resultater. (Det er ganske gøy å spele kort). Sjølve hyttelivet blei avslutta med at vi fekk borna med på ein runde med "Olsen". Eit lett men likevel ok kortspel......(Eg vann ikkje).

Å køyre bil i eit slikt vèr har vel aldri vore hyggeleg. Vindaugsviskarane sprang maraton om kapp heile vegen.
For første gong har eg lege bak ein bil med campingvogn utan å bli hefta av det. Etter å ha sagt at eg er heime om 30 min (medan eg framleis satt på ferga), var det vel ikkje akkurat så optimalt å ligge bak ei slik vogn. Denne vogna svikta ikkje. For ei fart!!! Eg hadde neste problem med å halde følge med ho opp fjellsida. Ho laga definitivt ikkje noko kø, nei..... Takk for det.
Eg kom meg ikkje heim på ein halvtime, men det gjekk no likevel radig unna. Heldigvis at det var eindel tunnelar som skulle passerast, for då slapp vi dei våte vegane!
Eg kom meg heim, og eg kom meg til avtalt stad (sjølv om det berre var for ein liten halvtime). Gøy er det alltid!!

Min øyenstein hadde sjølvsagt ikkje komen seg i seng då eg kom heim att. Han satt enno med kveldsen. Etter å ha inntatt ei stor vaffel på ferga må eg ærleg innrømme at eg trudde at han berre ville ete litt kvelds. Neida, der satt han og spiste på den tredje store brødskiva....... For ei mor som gjennomskuar han lett, var det ei enkel sak å seie ifrå om at han ikkje fekk ete meir. Han hadde visst allereie varskudd faren om at han skulle spise heile ti skiver, men at han først måtte få berre tre sidan det ikkje var plass til fleire på tallerkenene. Særleg......Kven et ti brødskiver når dei er 6 år??? Hallo!?! Nei, det blei satt ein rask stoppar for at ein gut skulle få ete berre for at tida skulle gå. Det var nok lysta til å vere lengre oppe som sørga for hungeren.
Medan vi satt her ved bordet for litt sidan prøvde han seg på ny. "Mamma, æ e så sulten". Ikkje eingong då eg prøvde meg med at hvis han masa om meir mat, må eg ta han til sjukehuset for å få sjekka om han har makk i magen. Nesjdå........ Han sa berre "Ååå, æ har jo ikkje makk, men æ må jo få mat når eg er sulten!!" Eg ga ikkje etter...... Det blei heller senga:=)
Han er vel ikkje det første bornet som har prøvd seg på det "trikset":=)

I morgon er det helg att! Her i bygda betyr det blues på kroa og hotellet. Vi får håpe det er mange som tar seg turen ut desse kveldane når det skjer noko her........
Neste helg er det også tilstelning på hotellet. 100 år sidan Stetindtoppen blei entra krever sitt jubileum. Då blir det spelt opp til dans av seks lokale musikarar. Eg håper det blir masse folk!!
Om ein er riktig heldig, trur eg ein kan utfordre dei mannlege musikarane til å ha megaflotte danse-moves. Dei har det i seg berre nokon etterlyser det:=) Hehe....... Tru meg, eg veit!!!

"Øppna din dør, och sei at du vill ha meg...........".

tirsdag 20. juli 2010

Tysdag 20.juli.

Sommer, sommer og sol..... Hugser ikkje heilt kven det er som har ansvaret for den songen, men det hjelper uansett ikkje å gå og nynne på den. Har prøvd ein heil del gonger, men byrjer å bli meir schizofren av det. Først song, så sjølvsnakking for å få meg til å forstå at det er fånyttes..... Kor smart er ikkje det??
Det er liksom litt meir å finne på om godvèret er på vår side.

Om eg kjedar meg?? Tja, det burde eg vel svare nei på. Kva i alle dagar gjer eg her heime når eg har ferie?? Det er ingen andre enn meg sjølv eg kan takke for det! I utgangspunktet er det mange alternativ å velge imellom.
Har ikkje heilt skjønt det der med at sjølv om den eine arbeider, treng ikkje den andre vere heime. Kanskje av di det er litt meir tiltak å dra på eigenhand?
Jaja, no har eg bestemt meg for å gjere noko med det:=)
Eg har eit ståande tilbod om å dra inn i fjorden i morgon formiddag. Må verkeleg seie at eg har knallyst til det. Problemet er berre å kome seg ut att tidleg nok på fredag. Kanskje eg skal gjere som dei to frå Tsjekkia her om dagen?? Eg kan stille meg opp på kaia med tommelen opp:=) Spørs om det er nok trafikk der inne til at nokon vil oppdage meg.......

Trur likevel eg vel å ikkje vere heime. Dagane blir liksom litt for like. Med tanke på at det står ei hytte på andre sida som ein kjem seg til og frå når ein ønsker det, trur eg at eg tar med meg minstemann og drar på hytta. Så får ein håpe dyna ikkje er altfor varm og god ein onsdags morgon så ein får mesteparten av dagen med seg. Ikkje det at eg trur det blir bading på stranda:=)
Så om det er nokon som har seg ein liten rundttur i kommunen er det berre å stikke innom. Det er alltid koseleg med besøk!

Dagen i dag har eigentleg vore storveis. Når ein får høve til å utøve musikk i fleire timar, kan ein ikkje klage!! Eg for min del syns at det er det beste livet kan by på. (Å utøve musikk!). Eigentleg skulle ein ha øva eit par timar kvar dag, men slik er det ikkje......... For meg ville det ha vore det optimale av lykke!!!

There's a light, certain kind of light that never shone on me.
I want my life to be, to live with you........

mandag 19. juli 2010

Er menn kroppsfiksert??

KK - Igjen!!! Føler meg snart utlærd når det kjem til temaet mannfolk. Lurer på om det kvalifiserer til å søke på yrker som omhandler temaet?? Har jo eindel kunnskaper no, så............. Kanskje eg skal ta å skrive ei doktoravhandling??!! Hehe..:=)

Om eg ikkje tar heilt feil, så er det nok ei som jobber hos KK som rett og slett har dilla på menn! Eg kan ikkje hugse kor mange ukene det er sidan sist eg leste eit blad utan emnet.


Jaja..... Det gjer ikkje meg noko. Satsar på at dei snart har skreve om det meste.

Denne gongen overtalte dei tre nye menn til å stille opp. Atpåtil skulle dei stille opp naken!! (Er det rart eg ikkje syns det gjer noko at dei skriv om menn???)! Tre menn på 35 år utan ein tråd på kroppen! Eller, det kjem an på definisjonen på tråd......Dei var jo nokså hårete alle saman:=)

Overskrifta til innsalget er: Kva tenker menn EIGENTLEG om kroppen sin? Ordet egentlig betyr jo eindel vil eg tru...?.....Prøver dei å skjule noko til vanleg????. Hmm, då kan vi altså ikkje stole på at dei er ærleg om vi spør dei....:=)
Då dei utvalgte sjølv skulle gje seg terningkast, hamna dei alle tre på ca 4 (4+). Altså skorta det ikkje på sjølvkjensla. Kva eg meiner, etter å ha sett bileta, skal vere heilt usagt. Kanskje kan det komme til å skinne gjennom i det eg skriv, men det er slett ikkje sikkert.

Spørsmåla bladet stiller er: Samanlikner dei storleiken? Er dei opptekne av slanking? Vokser dei armhulane sine? Osv...... Svara kjem på rekke og rad:=)
Før eg starta å lese på ordentleg håpa og tippa eg på eindel av svara. Det var eindel svar eg absolutt ikkje såg heilt for meg, og i dagens samfunn tror eg vi kan forvente kva som helst svar. Heldigvis hadde dei plukka ut tre som var innanfor det ein kan kalle normalen.
I tillegg er alle tre innforstått med det peset som kommer til å komme frå kollegaer og andre. At det blir litt "mobbing" på gang........ Ja, det er sikkert og visst.

Menn snakker veldig lite om kroppen sin. Mange har ofte for høge tanker om seg sjølv. (Jatakk, det veit vi eindel om!). Ellers er det ikkje pent å vere for pen!??! Jaha....... Kan kanskje tilbauge meg til å forstå den og samtidig vere litt einig. Eg ser heller ikkje for meg at menn går rundt og tenker "Oi, han der er fin!" (Kanskje det er nettopp det dei gjer?)!
Hovudpoenget til ukas objekter er at det viktigaste er utstråling. Har ein utstråling kjem ein langt. Akkurat der må eg seie meg einig i stor grad!!
Til spørsmål om dei under press kan legge seg under den kirurgiske kniven, ser dei alle ut som store spørreteikn. Eg tror nok menn generelt har meir sperre for det enn kvinnfolk. Store deler av den mannlege folkestyrken vår ser vel på det som uaktuelt?!

Voksing av armhuler er definitivt ut!! (Heldigvis...). Litt lite mandig å vokse seg. Det får heller kvinnfolka ta seg av. Dessutan tror eg ikkje mannfolk hadde klart å vokse seg. Dei ville sytt og klagd heile tida på kor vondt det er. (Menn har eigentleg lav smertegrense! Dei berre prøver å skjule det godt...) Hehe..... Eg ser for meg alle "au'ane osv om ein hårete mann skulle feste voksen i brysthåra for så å dra den av. Oh, my God!!!!! Då hadde eg vel ikkje klart å la vere å flire på minst ei uke..... Nei, la heller vere.

Kva med tida i herregarderoben?? Joda, for dei som lurer: Menn ser på kvarandre!!!! Dei klarer ikkje la vere, men dei prøver å gjere det litt lite åpenlyst. Er det ein eller annan som utmerker seg med veldig stor eller veldig liten, ja, då syns dei det er vanskeleg å ikkje legge merke til det. (Tja, dei er jo alle berre mennesker). Konklusjonen på det er at menn er på utstilling i garderoben anten dei vil eller ikkje.
Dei er litt opptekne av størrelse, men i stor grad har dei kommet over det stadiet og skjønner kva som er viktig:=)
Ellers bør ikkje menn vere altfor opptatt av utseendet sitt og pynte seg når det berre er menn tilstades. Om det gjerest åpenlyst blant menn er det både teit og flaut. Ekselmpel på det kan jo vere at ein mann på Norcem plutseleg byrjer å føne håret sitt foran alle dei andre. Litt creepy og girly!!!!!! Jaja.......

Spørsmålet dei ikkje stilla er: Korleis tror dåke kvinnfolk vil ha dåke?? Vil dei ha kroppsfikserte menn? Vil dei ha ein som vokser armhulane sine, og er det nødvendig med ein stor "lillepetter" for å tilfredsstille?
Dagens samfunn har ofte for stort fokus på kropp som gjer at mange berre blir deprimerte og innadvendte. Kvart einaste ukeblad på seinvåren og om sommaren har masse stoff om slanking, og det kvart einaste år. Du kan ikkje lese eit einaste ukeblad utan at du blir minna på kroppsfiksering. Det viktigaste ein må lære her i livet er at vi er alle født ulike og at det er meininga at vi skal vere det! Ein må lære å like seg sjølv.
Nettopp derfor er eg heilt einig med at det viktigaste momentet er utstråling!!
Utstråling er viktig!!!!!! :=)





Alle tre

søndag 18. juli 2010

Framande i hus.....

I dag, då vi var på tur heim frå hytta, stod det to ungdommar frå Tsjekkia og fraus i busskuret ved Sætran. Vi syntes så synd på dei at vi snudde og tilbaud dei skyss til Kjøpsvik.
Desse to var ordentlege "hitch-haikers" og hadde levd på denne måten i tre veker. No var dei på tur til Oslo. Ganske spenstig å haike og ligge i telt i desse dagar med så ustabilt vèr!
Jaja, uansett, det var ein slik ferie dei ønska, og dei om det:=)

I kveld håpa dei å kome seg til Fauske. Eg trur ikkje det er ofte at folk plukkar opp haikarar langs vegen......Så eg håpar dei er heldige.
Dei blei med oss til Kjøpsvik, og sidan det var over ein time til ferga skulle gå tok vi dei inn i varmen heime! Dei må nok ha truffe meg på ein riktig så god dag!! Det er ikkje kvar dag eg hadde turt å tatt framande, utanlandske mennesker inn i heimen min.......Eg veit ikkje, men dei verka heilt harmlause og var kjempetrivelege.
Eg køyrde dei ned til ferga, og samtidig sjekka eg om det var kjenningar som skulle sørover mot Fauske. Det var ingen, men ein kollega av meg skulle sørge for at dei kom seg opp til E6 slik at dei kunne haike derifrå. Så i dag føler eg at eg har gjort ei riktig så god gjerning!! :=) Dei kom seg i alle høve 70-80 km lengre sør enn dei var i utgangspunktet. Om dei ikkje får haik?? Ja, då ligg dei vel i eit telt langs E6 og prøver å få seg litt søvn til morgondagen.......

mandag 12. juli 2010

Endeleg!!

Til alle kvinnfolk!! Eg har lese det nye "KK" nettopp, og no sit eg på FASITEN til kva menn føler innerst inne!! "Alle" kvinnfolk har til alle tider lurt på akkurat dette, og då føles det litt kult å sitte med svaret. Sidan dei har intervjua heile tre menn om akkurat dette, ja, då må det jo tilsvare det dei fleste "meiner". No treng eg ikkje lenger vere redd for å gå i nokon som helst felle. Akkurat det er jo heilt fantastisk:=)

Kjærleik er som å vere godtesjuk! Knallgod samanlikning spør du meg. Det kunne jo vore deilig om våre betre halvdelar smaka litt karamell og kanskje litt salt innimellom..... Då ville det nok vore fleire kvinnfolk som hadde sakna mannen sin til einkvar tid. Er det ikkje slik at mange er godtesjuk veldig ofte??? Godtesjuk etter kvinnfolk betyr "noko du vil ha heile tida utan å få skuldkjensle". Slå den!!

Vi kvinner liker han kjekk, smart, nevenyttig, muskulaus, kløktig og ikkje minst beskyttande! Puh......... Det er ikkje måte på kva som skal til for at vi blir nøgd:=) Aller helst skal ha ha ein tredagersstubb som rasper akkurat passe! Sukk......

Halve artikkelen er unnagjort og enno kan eg ikkje heilt påstå at eg veit kva menn føler innerst inne. Jaja.... Det kommer kanskje nokre poeng snart?

Kvinner er meir emosjonell. Jo mindre emosjonell ein situasjon er, jo enklare er det for menn å forholde seg til den. Så kvinnfolk.......La oss bli mindre emosjonell!! (Emosjonelle situasjoner går lett i ball for menn!).

I tillegg er menn ukomplisert!! Slå den..... Ei verd utan ukompliserte menn. Menn er rett fram og utvetydig medan vi kvinner har ein tendens til å gå rundt grauten. (Trur kanskje det er eit poeng i det).

Menn liker ikkje å krangle. I utgangspunktet er jo det veldig greit då?? Problemet er vel at så lenge det fins kvinnfolk slipper dei aldri unna..... Stakkars menn! Hehe.....

Å krangle er som å uredigert slippe fram dei mørke kjenslene. Samanlikninga som blir trekt er at det er som å spise masse sjokolade. Etterpå blir ein overraska over at ein får kviser... Altså, det får ein konsekvens. Så ut frå det tolker eg det slik at krangling ikkje er sunt og at vi burde bli flinkere til å la vere.

Menn føler at dei må blidgjere. I frykt for å bli åleine prøver dei å forklare kvifor dei gjorde feil. Dei jobbar med å sjå ting frå kvinners perspektiv. Tendensen er at dei alltid er 5-10 sekunder for seint ute....

Kvinner ser lykken av venninneprat, eit sovande bornehovud på puta, kjæresten som raust slår ein strek over gårdagens diskusjon osv. Menn derimot...... Det er to måtar å bli veldi glad på. Det å fysisk meistre noko og når dei blir forstått. Ikkje akkurat store krava til lykke der, nei.

Menn ønsker også å bli satt pris på (forståeleg nok).

Kven vel ein mann om han må sjå for seg ei aude øy og må velje kven han vil ha med seg. Kvinnfolket eller vennen?? Det er tydlegvis ei veldig vanskeleg problemstilling. Eit grusomt valg blir det sagt. Veit ikkje heilt om eg liker det utsagnet.....:=) Vel, forklaringa er veldig enkel. Ein kompis held deg ikkje ansvarleg for noko du har sagt. Kjæresten derimot....Ja, ho kan gjerne kome med utsagn som "Nå tuller du! Du følte jo sånn og sånn i forrige uke!" Følelsesmessig vil nok ein mann bli smartare av nettopp det! Så kvinnfolk er eigentleg ei kjelde til sjølvutvikling blant menn. (Eg visste det måtte vere noko positivt med oss.....).

Når ein mann gret, då er det verkeleg alvor. Å gråte blir kalla for Hitlerkortet. Det er det som legger lokk på videre krangel, sjølv om mannen eigentleg hadde mykje meir på hjartet.

Utrogrensa?? Vel, der må det vere mange som sviktar!! Å vere utro gjeld både om det er emosjonelt, tillitsmessig eller fysisk. Så om vi tenker på ein annan mann så er vi faktisk utro! Jaja....... Ingen kommentar frå meg om det!!
Eigentleg kan mannen "nusse" og ha lideskapelege tungekyss. Dersom ei kvinne gjer det samme, vil mannen føle seg temmeleg verdilaus. Hmm.....Veit ikkje heilt om eg likar at det skal vere forskjell på kva ein har lov til eller ikkje.

Artikkelen avsluttar eigentleg med noko bra. Den avsluttar rett og slett med spørsmålet om kva menn eigentleg tenker om kvinner. Eg må innrømme eg var litt nysgjerrig på kva svara var. Eg beli ikkje skuffa! Vi er flinke til å få menn til å føle seg bra. Vi er rause med komplimenter og ros og vi skjønner når det er nødvendig. Kvinner har gode sympatiske sider og er det beste som har hendt mannen.
Artikkel ferdig!!

Så etter å ha lest desse sidene i bladet, føler eg no at eg kan forstå menn på ein mykje betre måte. No når eg sit på fasiten, skal eg gjere mitt beste for at menn skal føle seg vel ved å ikkje gå i dei fellene som menn påstår om oss kvinnfolk....... Om eg kommer til å klare det????? Hehehe.... Aldri i verda! Eg er jo kvinne!!!! :=)

It's over....

Så var fotballshowet endeleg over. Back to normal life again! Eg er vel nøgd med at Spania vann i går. Nederland er hakket litt for tøff til at eg syns dei forten å vinne. Aldri før har eg sett ein kamp der det har vore så mange utdelte kort til dei på bana. Slikt blir det mange stopp i spelet av.....Ikkje bra!

No er det slutt på hysteriske rop, varierande kommentatorar, sinte menn som er misnøgde med resultata undervegs (dei trur eg det er mange av) og ikkje minst er det mange heimar som kan gå tilbake til normalen.

Det fins nok av dei som lar "heile" livet styrast av kampresultat. Dei tar det ut over "alle" andre. Eg, for min del, syns ikkje noko særleg om slike...... Berre tenkt på dei som har sjefar som seier ja til det meste, berre av di favorittlaget deira har vunne ein kamp i helga! Det er om å vite kva tid ein skal be om noko.....:=)



Ei ny helg er over, eg er heime, vèret overlev vi, det blir øving og eg har ferie. Alt er berre flott! :=)

Laurdag feira vi 60-årslag i fjorden med mange og trivelege fjordingar(!). Slike samankomstar bør vi ha oftare. Det er ganske triveleg!!



Gutane brukte store deler av formiddagen i går på å fiske frå kaia. Det blei ein suksess for dei små. Dei fekk først eindel sei før den riktig store fangsten kom. Eg såg at Elias stod der og sleit med stanga si og då eg kom bort til han såg eg kvifor. Det var den store torsken. Eg skjønna fort at snøret ville slite seg om vi prøvde å få han opp på kaia. Eg tok stanga for å få fisken rundt kaia medan Elias sprang inn til faren og ropte: "Pappa, pappa, kom! Æ har fått en fisk som e like stor som han Vetle, minst 20 kilo!!! ". Tror kanskje Ron skjønna at det var å overdrive litt, men snar ut var han.......

Vi fekk torsken på land, og ja, han var stor. Det var ein lukkeleg fiskar som pryda bileta som blei tatt!! Fisken var nok ikkje 20 kilo. Elias fekk sjansen til å tippe vekta på nytt etter at fisken kom på land. Han tippa på 4 kilo. Han fekk rett. Den var rett i overkant av fire, så vi må seie oss nøgde med innsatsen:=)
Torsken blei stolt frakta rundt på Grunnvoll slik at dei andre og fekk sjå. Årets (til no) største fisk var eit faktum, så får vi håpe dei får laks i den andre fjorden når dn tid kjem!!

See you:=)

torsdag 8. juli 2010

Sola følger oss!

Då vi vakna i morges, var det eit deilig vèr. Dette deilige vèret har rett og slett fulgt etter oss i heile dag. Flotte greier!! Eg prøver å godsnakke med vèrguden i håp om at vi skal vere velsigna med godt vèr resten av ferien. Håper ingen motarbeider det!!!!!

No når det er godvèr er det også merkbart meire turistar på vegen. Det er både på godt og på vondt. Det er jo bra at vi har mange turistar, men når enkelte av dei snegler seg avgårde ein heil fjellovergang.....Ja, då kjenner eg at det vrir seg i magen!
Eigentleg hadde eg gløymt kor dårleg vegen er, men no når vi er komen inn på sjølvaste E6 så er det heldigvis så ille.
Vi er midt oppå Dovrefjell, men vi ser ingen moskusar....... Eg er fullt klar over at dei er lengre inn på fjellet, men det hadde berre vore så kult å få sett dei (om ikkje for min eigen skuld, så for Steffen si skuld).
Det er litt seint på døgeret no så då trur eg neppe vi tar oss ein tur i Dovregubbens hall. Det får bli ved neste høve..... Det er ikkje så svimlandes mykje å sjå der uansett.

Mange stader på vår veg i dag har det vore mykje sauar i omløp på vegbanen. Det er blitt meg fortalt at årsaka til det er at dei held seg i næleiken av bilane av di dei då blir mindre plaga av flåger! (Fluer). Smarte sauer med andre ord!! :=)

Vi har sett eindel hytter langs E6 (på fjellovergangane). Det er mange hytter som ligg veldig fint til og er nydelg utforma. Trur likevel eg ville ha vegra meg for å ha hatt ei hytte langs Noregs største ferdselsåre......... Ikkje berre med tanke på at dei fleste får innsyn til meir enn dei treng, men også med tanke på at det fins bander som raider hytter når dei finn det for godt. Hytter langs hovudvegen må jo då vere meir utsatt enn andre??!!
Ellers er det utroleg mykje fin natur å sjå. Eg blir heilt fasinert når eg ser meg rundt. Dette er eit eldorado for turmennesker.
Snart passerer vi Snøhetta, fjellet som kom på andre plass under kåringa av Noregs nasjonalfjell. Det ligger fint til, ja:=) (Stetind er uansett vakrare!).

Det er fint med ferie, og det har vore knallfint å vere heime ein tur. Det er no eingong slik at ein må attende til sitt vanlege liv att, sjølv om det er trist både for små og store.
Det at minstemann har vore så flink i bilen gjer at dette garantert blir gjenteke ved eit seinare høve!

No skal eg berre nyte at sola trålar rett mot meg seine kvelden. Sør-Trøndelags grense er passert og eg skal nyte resten av kvelden (sjølv i ein bil går det an :=)....).

We can pick up from where we started.....Listen now..

Går det an???

Hehe..... fekk melding frå miniamarulla i dag om at typen skulle ha total makeover sponsa av tv2 og at det skulle sendes direkte klokka åtte i kveld. Kva gjorde eg då?? Joda......I beste sendetid for opptakten til semifinalen mellom Spania og Tyskland, måtte eg overbevise mannfolka om at det var noko viktigare vi måtte sjå først!! Sidan eg er vant til å få viljen min, så blei det slik:=) Klokka åtte var eg kjempeklar foran skjermen. Eg blei ikkje skuffa, for på tv kom dei - heile familien.......
Eigentleg burde eg vel innrømme at eg holdt på å kvelast (av latter)!!! Det er altså ikkje grenser for kor vår kjære kjøpsviking klarer å stikke seg fram.
Uansett. då Ole kom nystasja fram i slutten programmet, ja, då var det klart ei forbetring. Det såg og ut som fruen var bra nøgd......... Uavghengig av kva ein meiner om slikt er det jo litt skøy å sjå kjenningar på skjermen. Kor stor er sjansen for det???? (Om ein ser bort ifrå at ein kjem frå Kvinnherad som har avla mange kjendisar, då. Det skjer ofte at eg seier "Han der kjenner eg godt!").

I dag burde eigentleg overskrifta ha vore "La regnet øse ned..."!!! Det var ikkje gøy å vakne til det drittvèret som har vore i dag. Det er så kjedeleg, for då begrenser aktivitetane seg sjølv. Det er lett for at det blir sentergåing slike dagar.... No i kveld har det ikkje vore så dårleg vèr, så vi håper på godt køyrevèr i morgon. Det er på tide å vende nasen riktig veg:=)

Eg har vore ganske ovenpå desse dagane av di ingen har klart å slå meg i "Fire på rad". Eg har ein eigen forkjærleik for akkurat det spelet, så følgeleg har eg opparbeidd meg litt føremoner på det området. I kveld fann vi ut at vi måtte spele noko anna, så eg og mamma hamna foran sjakkbrettet. Sjakk er jo også veldig gøy å spele. Vi vann kvar vår gong, noko som kanskje er like greit med tanke på at eg ikkje er verdens beste "tapar".....
Berre så synd at eg har sjakkbrett heime, men ingen motspelar...:(

Trur kanskje ikkje at eg skal nemne korleis det har vore i stua her i kveld (med tanke på fotballkampen). Lydane og energien går rett og slett ikkje an å skildre. Det likaste vil vere å berre seie god natt og håpe på ein fin dag i morgon.
Det eg kan seie er at alle var nøgde med sluttresultatet:=)

On the road again......:=)

tirsdag 6. juli 2010

Baronihagen er fortsatt flott!

I dag tok vi endeleg turen til Rosendal og baronihagen. Vèret har ikkje vore optimalt, men så lenge det er opphaldsvèr så skal vi vel ikkje klage.....
Eg blei litt skuffa då vi først kom dit. På grunn av àt det ikkje har vore så mykje sol den siste tida, har ikkje alle labyrintrosene fått høve til å opne seg opp og blomstre. Det vil vel kanskje ta ei uke eller to til før det skjer. Når det gjeld eit besøk til baronihagen, så er desse rosene halve opplevinga.

Eg trur ikkje det er mange stadane i Noreg dei kan skilte med så høge trær som dei kan i Rosendal og baronihagen. Om eg ikkje tek heilt feil så har eg aldri sett slike trær andre stader i det heile. Enorme er dei....... Steffen stod berre og måpa, lenge!
Ellers er det eit praktverk av ein hage som krinsar rundt sjølve "slottet". Det er jo eit bygg som er viden kjent og som er via plass til i histoiebøkene.
Sjølv har eg vore på eindel omvisningar i baroniet tidlegare. Derfor orka eg ikkje å hive meg med på siste runden som skulle starte like etter at vi dukka opp der inne. For turistar som vitjar baroniet kan det vere ein foremøn å ta turen inn i bygget. Berre det åleine er ei oppleving. Guidane som blir brukt er veldig flinke og fleirspråklege. Det er mykje å sjå inne.....

Uansett kva dei kan skilte med i sjølve baroniet, er det den enorme hagen som fasinerer meg mest. Det ville vore kult å sende minstemann opp i eit av trea, berre for å få tatt eit spektakulert bilete. Berre så synd eg ikkje kom på akkurat det medan eg var der. Jaja......

I løpet av tida der inne var det ein som fekk litt for mykje energi i kroppen (til moras store irritasjon)!! Heldigvis var det ikkje langt mellom cellene nett då, så då var det lett å finne ein metode for å få ein riktig så roleg gut..... Han er sjølvsagt like lite fasinert av brunsneglane ((iberiasneglane) som eg. Vi syns begge dei er riktig så heslige. Derfor fann eg like så godt ut at eg kunne seie: "Hvis du ikkje er roleg resten av tida, kommer eg til å gje deg ein iberiasnegle i julegåve (i staden for det du ønsker deg)". Du kan tru det var ein som blei roleg. Litt lettare bekymra for at mora skulle vere tullete nok til å gjere nettopp det, gjorde sitt til at han ikkje torde noko anna.

Iberiasneglar, ja det er sneglar dei fleste føl avsky for. Han som trur at han er min betre halvdel, deler nok mi og Steffen si meining om dei. Ikkje heilt hundre prosent korrekt... Han er faktisk hakket verre. Det grensar somme gonger til det heilt utrolege. Om han veit vi har gått på ein sti eller veg der ein snegle er observert (det skjer jo på dei fleste vegane), så kan du vere sikker på at han sjekker bilen etter vi har gått ut av den (berre for å forsikre seg om at vi ikkje har dratt med oss gørr ifrå ein snegle). Som om vi ikkje merker det om vi trør på ein snegle??!!
Så dersom det er nokon som fryktar at vi skal spre desse skapningane til Nordland kan føle seg riktig så trygge. Ingen sjanse for det her i garden:=)

Ein ting er sikkert!! Det er minst like mykje å oppleve her heime i eige land som ein gjer om ein drar utanlands. Fleire burde faktisk lære sitt eige land å kjenne betre. Skulle det eingong bli aktuelt å ta seg ein køyretur sørover i landet, kan eg anbefale å ta turen innom Vestlandet via Hardangervidda. Det til trass for dei dårlege vegane.
Det er mykje vakker natur i Nord-Noreg, men det er det jaggu meg her sør også........ Hardanger om sommaren......Ja! Det er vakkert!! :=)

mandag 5. juli 2010

Er det bistanden som gjer oss fattig?

Av og til (eller ganske ofte), når eg les meiningsytringane til mange som skriv inn til "Si dei i VG", verkar det som om at det er mange som syns vi er fattig her til lands. Berre i dagens avis var det fleire innlegg som omhandla at bistandspolitikken gjer oss "fattig". (Om ikkje eg er elendig til å tolke, då?? Det kan jo skje det og.......).

Ein av dei heng seg opp i at når enkelte nordmenn må spare på straumen for å ha råd til den, treng ikkje asylantar å tenke på det. Det er tydlegvis urettferdig!! Vel, då kan eg informera om at asylantane heilt sikkert har andre ting å grunna hovudet sitt med. Veit ikkje om krig er nok ille samanlikna med litt straumsparing? Kva ville uroa meg mest? Staum, krig, straum, krig.....? Tja, vanskeleg å velje.........

Ekstremistar fins det i alle land. Sjølvsagt vil det også vere ektremistar blant asylsøkarane også. Det er ikkje slik at dei lever noko sikrare enn andre. Sjølv om mange reagerer på haldningane deira når nordmenn blir drept i Afghanistan, så må dei ikkje gløyme at ikkje alle er einige at Noreg skal blande seg inn i forholda der nede. Vi "pressar" oss på dei, og følgeleg vil det sjølvsagt vere fleire av dei som føler seg tråkka på (uavhengig av kva vi meiner er det rette å gjere). Ja, dei er her i Noreg. Ja, dei får stønad frå den norske stat. Ja, dei er ekstremistar og til slutt: Ja, dei hyllar det at norske soldatar blir drept. Vi lever i eit demokratisk samfunn kor ytringsfridomen råder! For den som ikkje veit kva det inneberer, så betyr det faktisk at vi ikkje treng å vere einige om alt. Takk for det!!
Eg og reagerer på framferda til enkelte ekstremistar, også dei som kjem frå utlandet, men eg veit og at for mange av dei er det årsaker som ligg til grunn for det dei gjer. Ei heller ser eg at nokon hiv seg rundt og skriv om dei norske ekstremoistane. Med ein gong det skjer noko der ein asylant er innblanda, ja, då er det mange som har meininger om det. Eg er ganske så sikker på at vi har minst like mange saker blant nordmenn og. Sjølv om media ikkje har det store fokuset på det, betyr det ikkje at det ikkje skjer. Eg vil påstå at mange av dei som brukar mesteparten av energien på dette emnet er rasistar, i alle høve til ein viss grad...... Kvifor ellers gidde å bruke fellesnemnaren for asylantane når det er ein liten prosentandel av dei som gjer det som det skrives om??
Eg har i alle høve ikkje merka noko negativt med dei asylantane som er i vår bygd. Dei er faktisk veldig mykje meir høfleg enn kva vi sjølv er. Dei er hjelpsame og greie! Så konklusjonen på akkurat det må vere at det fins ytterpunktar blant asylantane, men det betyr ikkje at den generelle asylant er eit problem.

Sjølvsagt skal ikkje kven som helst få opphalde seg her til lands. Ingen må forstå meg dithen, for det er ganske så langt frå mitt standpunkt. Der er berre at enkelte uttrykkjer seg så krasst.
Så var det overskrifta mi....... Der skreiv eg jo "Er det bistanden som gjer oss fattig?". Det har eg jo ikkje akkurat vore så mykje innpå til no. Poenget til no har vore å belyse at temaet ikkje er så einsidig som enkelte avisskrivarar skal ha det til. Eindel av bistanden Noreg gjev går til nettopp asylantar. Det ingen vektlegg er at all denne straumen av asylantar også fører til at folk (nordmenn) får arbeid bl.a. ved asylmottak. Dei pengane asylantane får utdelt går som regel til kjøp av varer frå dei lokale butikkane (noko som er positivt for handelsnæringane). Av lønningane til dei som arbeider ved mottaka kjem skattepengane dei respektive kommunane tilgode.
Det betyr at asylpolitikk er dyrt, men også inntektsgjevande.

Så har vi dei som meiner den norske stat brukar like ille metodar som Hitler i si tid overfor jødane. (At vi i dag gjer det vi kan for å jage jødane rundt....). Kven som har rett? Det er sikkert ingen som kan svare på det, men det er kanskje å gå litt for langt når ein samanliknar med ein mann som Hitler............

Når det gjeld at vi er fattig, reknar eg med at dei ikkje meinte å bruke fellesnemnaren der også. Dei siktar heilt sikkert til den prosentandelen det gjeld. Vel, Noreg kan gjere mykje for å hjelpe på det området, og det utan å kutte ut bistand. Kva med å prøve å fange opp potensielle "på skråplanet - ungdommar" før det går for langt og dei hamnar ut i elendet?? Kva med å prøve å få bukt med problemane før dei er blitt verkelege? Vanskeleg? Ja, i stor grad, men dog ikkje umogleg. Det fins sikkert metodar som kan fange opp fleire enn det som fanges opp i dag......
Eg syns det verkar litt rart om eit born kan vekse opp i ein rusheim, der narkotika flyt laust, i mange år utan at hverken bornehagen eller skulen klarer å fange det opp. Still større krav til dei som arbeider med borna fram til dei skal klare seg sjølv. Ikkje gje dei føresette mange sjansar til å rette opplivet. Ta borna bort frå elendet med eingong. Ha politiet i gatane og følg med utanfor skulane at det ikkje skjer langing på slike områder!
Dette er berre få eksmpel på tiltak, men det fins sikkert eit heilt hav av tiltak om ein berre tenker nok etter.

søndag 4. juli 2010

Dårleg med "haill"!!!!!

I går kveld grilla vi ilag med gode vener. Både store og små kosa seg. Trur nok at det som gjorde mest inntrykk var dyrehagen til familien Remme. Gleda var stor hos ein liten gut då han fekk med seg heile sju vaktelegg som han skal ha til delikatessefrokost i morgon!!! Det er ikkje kvar dag han får halde ein kanin heller........ Har ikkje heilt talet på kor mange dyr heimen inneheld, men det er mange!! Sjølv syns eg det var kulast med ålen Otto:=) Så lenge den er i akvariet så er det kult å sjå på. Hadde nok slitt litt om den hadde kommet krypande mot meg........ Huff!

I dag vakna vi til bra vèr og følgeleg fann vi ut at havet var neste aktivitet. (Baroniet utsatt ein dag..). Vi drog med båten til ei vik på utsida av Onuglo. Det var i ly for det meste og Steffen og mamma våga seg ut i sjøen! Det var verkeleg deilig å vere der. Vi slappa skikkeleg av. Null stress.
Lengre ut såg vi drøssevis av oppdrettsanlegg. Då meiner eg mange. Hardangerfjorden er full av oppdrettsanlegg. Trur det er eindel laks det går i..!??!
Uansett.....Ingen båttur utan fisking! Steffen har kjøpt seg ei harpe som han valgte å dorge med og ellers gjekk det i stang. Problemet var at det fantes ikkje "haill" i det heile blant alle oss i båten. Fisketuren kommer glatt innunder uttrykket "skitt fiske". Kunne ikkje passa betre..... Dårlege greier. Så dei som hadde sett for seg at det skulle vere fisk til middag i dag, måtte fint gå i frysaren og finne kjøpfisk og steike!

Ellers skal det godt gjerast at ein må reise heilt hit for å treffe slekta som bur på Ulsvåg!! Der gjekk vi og tusla på senteret, og kven andre enn familien Knutsen/Grunnvoll var det som stod der rett foran oss....:=) Jaja.....Kult det.

Bortsatt frå eit gammalt "Hamondorgel" fins det ikkje eit einaste instrument her i huset. Eg merker godt at eg har vore utan utøvande musikk ei stund no, og derfor skal det bli godt å kome heim att snart. Håper det blir lii øvinger i løpet av sommaren:=)

Sjølv om det er tre år sidan eg var her sist, har eg lagt merke til at det er mykje som er akkurat på det samme som før. Han som sit kvar einaste dag på konditoriet og stirrrar..:.Han veit vel kva dei fleste handlar og lev av. Litt ekkelt å føle at augene hans fylgjer deg uansett kor du går!! "Damo" med regnkepen som til einkvar tid er fullt oppdatert om kva, kor, korleis og kven osv.... Ho var til og med oppdatert på meg..... Eg som knapt nok hugsar namnet hennar. Ho som eig Stefani held enno ut. Er ho rundt 80 år kanskje?? Ganske sprekt å drive sin eigen butikk enno. Ho har vel vore der så lenge eg kan hugse. Ho har "alltid" vore der. Det er heile tida utskiftingar av butikkar som ikkje klarar dei store leigeutgiftane, men ho er der. Ganske bra!!
Ungdomsleiaren som har vore i samme jobb no i 20 år, og som ungdommen aldri blir lei av.......
Tørreshaugen 1 har alltid eit prosjekt på gong når eg er heime..... (Nytt av året er at eg ikkje treng hjelpe til med det).
Alle blikka som stirrar og etterkvart endar opp med eit "Er det du???? Det er du, ikkje sant??? Du har ikkje endra deg mykje med åra!! Eg såg at det var du med eingong!" Neida, eg ser nett lik ut som for 15 år sidan. Like tynn og fager som ei ung jomfru på jakt etter meininga med livet...... Joda, det er meg det!! Hehe......

Ellers så er det ut som om at dei som eg trudde skulle bli evig heimeverande har gjort det bra i denne verda. Butikksjefar og greier......Ikkje ille det. Lurar på kor tida blei av då eg ikkje fekk med meg mykje av utviklinga?? Kanskje på tide å få opp augene for alt som skjer rundt seg og ikkje leve i sitt lille skall!!? Nei, eg må nok bli flinkare på å halde meg oppdatert.
Uansett er det veldig gøy å møte folk og få høyre korleis verda har fart med dei. Koplingar mellom menneske som var heilt usannsynleg før, antall barn og med kor mange ("up to date" i dagens samfunn), korleis ser dei ut etter så lang tid osv..... (Sa eg gøy????? Trur kanskje triveleg passar betre!).

No er det tid for å lese om Terje Vigen og moralen hans. Kanskje eg blir litt klokare av det?? Kven veit...........?

lørdag 3. juli 2010

Laurdag 3.juli.

Så var det ei ny helg ...... Fotball VM nærmar seg slutten og godt er det!! Ikkje at det ikkje er skøy å sjå kampane, men det byrjer å bli vel mange no.....:=) I går kveld såg vi Uruguay-Ghana, og eg må berre seie at det kan ikkje ha vore meir spanande kampar i løpet av dette VM'et!! Oh, my God......Her var det full koking i stua!!! Eg syns verkeleg synd på nummer 3 som bomma på straffen i siste sekund. Etter eit høgt trykk fortente dei verkeleg å få eit mål. Så gjekk den i stanga!?! Nei, dei tapte på verste måte...... Då han braut saman etter kampen, var det heldigvis fleire lagkammeratar som stilla opp for han, Det var jo ikkje hans skuld at dei tapte. Slik er foballen.....

Her sør er det varme dagar. Om det er sol eller ikkje, temperaturen held seg godt. Ikkje alltid like gøy det på nattestid når ein aller helst vil sove!
Det koselegaste i går var at tante og Hanne var her og grilla med oss. Det er så lenge sidan eg har brukt tid i lag med dei og det var kjempetriveleg. Håper det ikkje går like lang tid til neste gong...
Steffen syns det var veldig stas med Hanne, og han elsker det når han får vise fram sine nintendokunnskapar til ho:=)

Planen i dag har til no vore at vi skal ein tur i baroniet (Rosendal). Det kan sjå ut som om at det blir utsatt til i morgon.... Eg har no vore der eindel gonger før, men det blir nok ei positiv oppleving for dei to hankjønna eg har med:=) Det er verkeleg fint der, og ein god porsjon historie......

Dei siste dagane har eg høyrt på eindel musikk. Det har vore bra med musikkprogram både på tv og radio. Så no er ønsket mitt at eg kan ligge og slappe av medan det er ein som syng Katie Melua sin "Nine million bicycles" for meg <3 . Det hadde vore knasj!!! Sukk.........

Det er sommar, det er nødvendigvis ikkje sol heile tida, men det er deilig!!!

Look into my eyes, you will see....what you mean to me.