mandag 31. mars 2014

Tel Aviv

Tel Aviv! Eg sit på hotellrommet i Tel Aviv og har akkurat joina dei andre i spisinga og litt shopping. Vi var ein stad her i nærleiken av hotelle, og maten var veldig god.
Eg sit faktisk i 14.etasje og har min eiga lille balkong på utsida. Ein balkong som har fått sitt første og einaste besøk av meg for denne gong. Eg har ikkje høgdeskrekk, men det er rett og slett veldig høgt rett ned og du får følelesen av at du ikkje står heilt trygt. Ergo……eg held meg inne.
At eg gjekk ut i første omgong, var berre av di eg ville ta bilete av utsikta eg har mot havet og andre vegen også byen. Ved å sjå på biletet under, ser du at eg ser ned på alle dei andre bygningane. Som eg sa……Høgt!!!
Her er sjølvsagt nok av gardiner, så det vil ikkje akkurat bli eit problem, men hadde eg hatt høgdeskrekk, ja då trur eg vitterleg at eg hadde besvimt i stad! 


 Her er eg ein snartur nede på stranda. For første gong i livet har eg faktisk opplevd å sjå på når folk står på surfebrett. Å surfe i bølgjene er berre slikt eg har sett på tv, men no kan eg skryte på meg å ha sett det også. Det var så fasinerande at eg gløymte reint å fotografere det. "Bønder på bytur!"
Hotellet ligg rett på denne stranda, så det kunne nesten ikkje ha vore betre lokalisert. Her får du storby og strandliv i ein og same pakke. I tillegg er det basseng og jacuzzi på hotellet og ei super spa-avdeling for dei som er interessert i det. 
Vi kunne sjølvsagt ha nytta oss av tilbodet, men med berre ei natt her Tel Aviv, kan vi ikkje kaste bort tida på slikt. 
Eg er litt sånn der i bakvendtland, så her kjem det som var tilfelle FØR vi kom fram til hotellet. Det er vel dette som kalles rush-trafikk?! Det gjekk i alle fall ikkje særleg fort. Når bilane ikkje var av den tolmodige sorten………….. Her var det skifting av filer i eitt sett. At det ikkje small inni mellom er eigentleg mest berre utroleg. Eg er glad eg ikkje er sjåfør her.


Vi har hatt ein toppers tur. I dag var siste dag ved universitetet og etter lunsj var det rett til hybelen og gjere seg ferdig der. Dette biletet er tatt på veg ut frå Jerusalem. Som du kanskje ser, har både denne kvinna og mannen i bakgrunnen eit svært gevær på seg. Med andre ord er det høg sikkerheitsfaktor her. Samtlege bilar blir stoppa og "intervjua". 
På dette biletet ser du at kvinna ser rett på bussen vår. Eg har mobilen retta i den retningen for å ta bilete. Bak i bussen høyrde eg berre at dei sa at det ikkje er lov til å ta bilete, men eg klarte sjølvsagt ikkje å la vere. Heldigvis oppdaga ho det ikkje, så telefonen fekk bli med meg heim. 

I og med at vi har vore "studentar", har sikkerheita rundt oss vore rimeleg høg. Universtetet har sørga for at vi alle har følt oss rimeleg trygg. (Om ikkje for trygg!) 
Første guida-turen vi hadde, var det ein vaktmann med. Vi spurte ikkje han om kvifor, men vi forstod at  universitetet hadde leid han inn.
Då vi så for til Masada, Negevørkenen, og Dødehavet, kom det ein annan vakt inn på bussen om morgonen. 
I løpet av dagen spurte vi han om kvifor han var med oss på turen. Svaret vi fekk var: Because I have a gun." Hahahaha……. Det var jo kanskje ikkje heilt det svaret vi forventa, men etterkvart kom det no eingong fram at universitetet krever at det skal vere med ei vakt som passer på oss (med "gun") når vi er på turar i deira regi. 
Dei teiknar gode forsikringar på oss og dei vil vere sikker på at det ikkje skjer noko med oss. 

Her er det slik at menn sin "førstegongsteneste", som vi kallar det heime, varar i tre år. Kvinner i "berre" to. 

Då vi kom til kantina i morges, hang denne plakaten der. Veldig koseleg gjort av mannen bak disken. Han er kjent for å legge merke til kva som er spesielt med kvar einaste "kunde" og når det gjaldt gruppa vår, var det kaffe americano!! Lærarane syns det var litt artig at vi reiste frå Noreg til Israel for å kjøpe "americano". :=) 
Sjølv drikk eg ikkje kaffe, men han fann fort ut av mine vanar også. Ein triveleg mann som gav farge til tilværelsen. 

Eg måtte, so sant er, seie til lærarane at det var litt vemodig at vi skulle reise. Likevel, akkurat det er jo eit godt teikn av den grunn at det betyr at vi har hatt det bra der vi har vore. 
I morgon ventar passkontrol og sikkert fleire intervjurundar på oss. Det er ganske strengt her. 
Visumet er ikkje lima inn i passet av di då kan vi ikkje reise inn i andre arabiske land. Difor har dei slutta med det og starta med å legge visumet inn i passet og så må vi sjølv sørge for at det ikkje blir borte "during our stay"! 
Om ein ikkje har det når ein skal gjennom passkontrollen, ja då slit ein. Då kjem ein inga veg! Slik er det berre. 
Elles i verda trur eg det er slik at ein møter opp to timar før avgong. Her må ein vere på flyplassen heile tre timar før. Jaja, viss det ikkje tar så alt for lang tid i innsjekkinga og passkontrollen (og at ingen finner ut at dei har frykteleg lyst til å gå gjennom bagasjen vår), så får vi vel tid til litt tax-free også. 
Akkurat på det området blir det vel aller helst om suvenirar og godteri. Alkohol får vi ikkje ta med oss inn i Europa med mindre den er i kofferten. Kofferten er nok allereie sjekka inn før vi slepp til i tax-freeavdelinga. 
Eg får heller kjøpe eit par flasker vin når eg kjem til Oslo. :=)

No er det lalletid i Tel Aviv. Vi er ein stakkars liten time foran dåke heime, så det betyr at ho straks er elleve her. Vi skal tidleg opp i morgon og har ein lang dag foran oss. Eg trur ikkje vi er i Oslo før ti på halv åtte. Først må vi innom Kastrup ein urpiteliten tur. 
Eg er byrja å bli smal i augene no og ser fram til ei god natt i ei god seng (megastoooor!) og eg skal ligge midt i! Eg har eit tonn med puter, så det er berre for meg å plukke og vrake etter evne. Det hadde vore plass til fire vaksne i denne senga her, og eg er berre meg. 

Så i morgon blir det ikkje ani, anaxnu, måra, talmida, bevakasha, shalom osv osv osv….. Då blir det enkelt og greitt ein dag med berre norsk att, og det blir deileg. (Så gløymte eg jo då i same slengen at vi skal sitte mange timar i eit digert fly der crewet mest sannsynleg er alt anna enn norsk.) JAja……
Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego! 

IWALY!!



søndag 30. mars 2014

Sundag og nest siste dag på universitetet her. I morgon held vi på til klokka tolv før vi tar lunsj og reiser til Tel Aviv. Vi har ikkje kjeda oss eit einaste sekund, så det blir litt trist, men likevel godt å reise heim. Som det heiter så fint…….Borte bra, men heime best.

I dag er det ganske vindfullt her i Jerusalem. Det er litt sol, men likevel er det rimeleg kaldt. Vi veit vel alle kva det vil seie å ha vind rundt seg og kva det gjer med "temperaturen".
No er eg i studentlandsbyen og har funne meg ein liten avstikkar kor det er wi-fi. Det er rimeleg kaldt å sitte her, så eg er berre sånn aller kjappast innom ein tur. Etterpå blir det byen og middag.

Vi sit att med mange gode opplevingar etter denne turen. Ikkje berre har vi lært mykje språk og metodar for læring, vi har også fått lære "folket" å kjenne på mange måtar og fått oppleve ulike kulturar som fungerer ilag. (Det siste skulle ein vel ikkje tru før ein kom ned hit og såg det med eigne auge. Jerusalem er fredens by!!)

Vi har køyrt eindel med ulike drosjekarar. Akkurat det er ei historie for seg sjølv. I denne vinden som herjat no, vil nett det ta litt for lang tid. Uansett, i går kveld pressa vi oss inn i ei drosje og ba sjåføren om å få oss trygt fram til Manilla. På turen ned oppfatta han sjølvsagt at vi var utlendingar (what a big surprise, liksom) og nysgjerrigheita hans var nett like stor som alle dei andre sjåførane vi har hatt.
Vi prøvde sjølvsagt å imponere litt med det vi har lært av ord og setningar og då blei han så ivrig at han "slo" alle universitetslærarar osv rett ned i støvlane. Han overtok læringa med ein sjølvsikkerheit mange kan misunne. Og gud kor han terpa!!! Det var ikkje snakk om å slippe unna. Han tok jobben svært seriøst! Han tvinga oss nesten til å herme etter han når han prata, og i løpet av kort tid kunne vi ein god del meir.
Då vi kom fram til Manilla, sa han at dersom vi lot han køyre rundt med oss i ein time, skulle han sørge for at vi kom til å lære språket mykje kjappare enn ein lærar kunne lære oss. Då kunne vi berre slutte og studere, for han kunne undervise oss medan han køyrte rundt i drosja.
Vi tvilte ikkje eit sekund på det, for han var jo reine "gestapoen", men vi takka høfleg nei.
Då vi gjekk ut av bilen, sa han til dei andre at eg hadde fjeset til ein israelitt. (At han lett kunne tru at eg var frå Israel!) Så no veit eg det! Thihihihihihi……….. Shalom!

Vi har hatt ei super tid her nede, og sanninga no er at eg faktisk kan tenke meg å vere her eit heilt år. (Hmmm…..Det siste tvilar eg på at eg får aksept for.) Det har vore så interessant å vere her og eg har verkeleg lyst til å lære meir. Både språket og historia, kulturen og rett og slett sjå meg meir om i heile området.
I morgon blir ettermiddagen tilbringa i Tel Aviv. Det er sjølvsagt noko å sjå fram til det også. Om eg ikkje tar så alt for feil, ligg hotellet på stranda. Bading og shopping er noko dei fleste kvinnfolk syns er digg, så det betyr at vi har noko å sjå fram til då også.
I tillegg får vel lære litt meir historie og kultur i løpet av turen.
Tysdagen går med til reising. Faktisk er vi ikkje heime før på morgonkvisten, onsdag, om vi vel å reise heile vegen i strekk. Då vil det bli ekstra godt å legge seg i eiga seng!!
Vi er ikkje i Bodø før det nesten er midnatt, så det blir ei lang reise. Sjølv om ein kan ligge over i Bodø, er det beste å vakne i eiga seng og vite at ein ikkje skal ut på meire reise før ein er heime.

I morgon kveld skal eg skrive litt om Tel Aviv og legge ut litt bileter derifrå. Eg går sterkt ut ifrå at dei har internett på hotellet. Noko anna vil vere rart i 2014.
No skal eg pakke ned dataen og tusle opp for å gjere meg klar for middag. Det har gått mykje i ulike typar kyllingrettar og kosher-rettar. (Kosher er faktisk digg.)
Maten her nede er heilt grei. Det er mykje mat og her er mat for alle og einkvar. Det einaste som er dyrt, er laks. (Noko eg uansett ikkje er den største fan av…….so I don´t really care..)

Eg gløymte å vise dette biletet etter at vi var i Negevørkenen, Masada. "Mønsteret" du ser er høgare enn det ser ut for. Det er ein leir etter romerne. 

Eg skreiv vel også at dei som kom etter Herodes ikkje brydde seg om mosaikkgolva?! Her ser du provet på det. Dei har berre mura opp gruer og liknande oppå deler av mosaikken og rett og slett øydelagt deler av det. (Her er det særs viktig at ingen står og drikker vann og søler på det. Det er mosaikken for gammal til!)
Det er ganske tøft å vite at ein har tatt borti og gått på områder som er to tusen år gamle. Det blir på ein måte heilag. Det føles i alle fall slikt.) 

Første kvelden vi kom då vi kom, var det meste stengt av di det var shabbat. Etterkvart på kvelden når enkelte opna opp att, måtte vi jo finne mat. Det som er litt "funny" er at vi reiser til Israel og ender opp første kvelden med å spise følgande: 
Hahahaha…….seier eg berre! Dei har burger og cola i Israel også!! Det første eg tenkte vat at vi ikkje var "riktig rett". Burger og cola i Israel, men slik blei det no. Det blei med den eine gongen….. Vi har nok prøvd litt av kvart, og vi har funne ut at det meste er trygt å spise. 

Det blei visst ei lita avsporing til at eg holdt på å slutte av her.:=) No skal eg gjere nett det. Eg skal logge meg av og gjere som eg skreiv lengre oppe på sida. Så då attstår det berre å ønske dåke ein fin sundagskveld og så kjem det ei lita Tel Aviv-oppdatering i morgon. 

Hasta mañana!

IWALY!!!


lørdag 29. mars 2014

Det er laurdag og vi har fridagen våres. Vi burde kanskje utnytta den betre enn det vi har gjort, men vi har faktisk valgt å meske oss i sola. Vi la ut pleddet og bretta oss sjølv ut og sugde til oss alle solstrålane som gjekk an.
Dagen har vore superdeileg, men akkurat no bles det litt, så då blir det å ta turen inn for å slappe litt av før ein skal ned til gamlebyen.

Det er eingong slik at vi har gått og følt litt på det med klede og Israel, spesielt Jerusalem. Vi hadde fått eit inntrykk av at kner og skuldre skulle dekkast til på skulen og aller helst elles også. (Sånn av respekt for dei ulike religionane.) Difor har vi vore ganske anstendig kledd overalt. Berre i matpausane har vi sneke oss litt unna og valsa i berre singlet.
Heilt til at lærarane på skulen, torsdagen, kunne informere oss om at vi ikkje trengte å tenke på slikt. Det er 50 nasjonar representert blant studentane her, så viss alle skal tas hensyn til, blir det mange hensyn å ta.
Kvelden før eg dro ned hit kjøpte eg meg badedrakt. Eg såg liksom ikkje heilt for meg at dei sprada rundt i bikini her nede. Badedrakten ligg ubrukt i kofferten! Badeturen igår blei med andre ord ikkje ein tur der vi trengte å tenke på nett det.
I dag har vi sola oss, og eg var usikker på kva eg skulle sole meg i. Difor hadde eg på meg ein singlet.
Då eg kom ned på plenen, skjønte eg at det ikkje var nødvendig. Eg bretta av meg og solte meg som om eg skulle vere kor som helst elles på denne jordkloden. Med andre ord har dette vore ein herleg dag der kroppen har sugd til seg det den kan av sola sin energi. Temperaturen er fin sjølv om det eigentleg berre er vår her nede.

Vi har to dagar att på skulen før det bærer vidare inn til Tel Aviv. Forhåpentlegvis får vi tid til litt shopping der. I tillegg trur eg at hotellet der ligg sånn høveleg på stranda, så kanskje det blir litt bading også.
I morgon skal vi følge ei normal forelesning md studentar som har vore her lenge. Akkurat det blir litt spanande,eg ser i alle fall fram til det.

I kveld skal vi på kosher-restaurant. Det er nok eindel av dei her nede. Vi har prøvd oss på det tidlegare i uka og det var faktisk god mat! God mat til ein grei pris.
Andre varer er det stort sett sånn høveleg norske prisar på, kanskje hakket billigare enn heime. Bensinen derimot kostar nærmare tjue kroner, så akkurat den er dyr.

Kurt Walander har no i utgongspunktet vore med på turen, men han har sikkert følt seg litt snurt til tider. I dag har han imidlertid fått bruke tid i lag med jomfru Knutsen.
Eg har veldig (eller hadde veldig) lyst å dra til Riga på eit litt lengre opphald enn det vi var på turen ned hit. Etter daten med Kurt Wallander, veit eg rett og slett ikkje.
Eg får håpe at tilstanden er litt annleis no enn då han var der i 1991. Mykje annleis!!!!
I morgon skal eg hive meg rundt og bli med på hans neste reise, men det blir ikkje før den tid. No skal eg berre nyte det å ha fri. Berre slappe av og ikkje bry dei små grå med noko som helst.
Eg føler eg har gått og småspist heile dagen, så eg sympatiserer ikkje akkurat med ei som lever her fast. Å ikkje ete noko kvar einaste laurdag…….Hallo…..Eg trur ikkje eg vil finne ut korleis dei har det. I kveld opnar heldigvis butikkar og restaurantar att, så då får vi oss eit anstendig måltid i dag også.

No har vi blitt mykje tøffare når vi er ute blant folk. Vi prøver oss litt fram på hebraisk, det "lille" vi har lært til no. Det er faktsik ganske gøy.
Når ein først byrjer å skjønne systemet, er det sjølvsagt gøy å prøve seg litt  fram.

Nei, eg skal ta å tusle meg opp på rommet og kanskje få meg ein halvtime på auget. Berre kanskje av di eg er litt dårleg på det der med å sove på dagen. Eg har liksom aldri fått heilt taket på det. Jaja…….
Uansett, ha ein strålande kveld dåke som er to timar bak oss, i alle fram til i natt eingong. I morgon rettare det heldigvis på seg litt……slik at ikkje forskjellen blir så stor når vi kjem heim. Det kan jo forsåvidt vere ganske tungt.
Sjølv om det er laurdag, var eg oppe før åtte i dag. Det vil seie seks heime. Det er litt spesielt med det og sitte ute og sole seg grytidleg på dagen. Det hadde ikkje skjedd heime!!

Hasta luego!

IWALY!!!

fredag 28. mars 2014

Det er heilt overveldande!!
Eg klarar ikkje heilt å ta innover meg at eg får vere med på dette. Dagen i dag har vore heilt fantastisk. Masada og Dødehavet. Ørken og hav "next to each other". Herodes, palass, gammalt, sol, varme, trim…….
Her sit vi på bussen og er på veg………..Då må vi sjølvsagt gjennom kontrollar. 

Det er varmt i høgden!! Hahahahaha………Høgden, faktisk!! Sånn bortsett frå at vi var under havoverflata, så var vi jo på ein måte i høgden. Vi er fleire hundre meter "UNDER" havet. Daudehavet ligger 400 m (ca. trur eg) under det vi kallar for m.o.h og m.u.h. 
Her er eg oppe på ei høgde i Masada og då er vi sånn ca 280 meter under havet. (Eg tippar på talet, for eg hugsar ikkje heilt eksakt. Men eg det er i alle fall sånn høveleg rett.) 

Her går vi på utsida av palasset. Her var det berre ein del av oss som valgte å gå. Det var jo litt bratt og på utsida, så dei som har høgdeskrekk eller ikkje er glad i trapper bør ikkje gå nett her. 
Det var heilt fantastisk då vi kom fram til målet. Ei fantastisk utsikt. 

Det var Herodes spm først bygde det. Dei som kom etter brydde seg ikkje stort sett ikkje om kva arbeid som var lagt ned og gjorde "kva dei ville" med det. 
Det betyr at dei ødela mosaikk-golv og murte ting rett oppå det istadenfor å tavare på det. 
Her er det berre ørken i bakgrunnen. 
Viss du lurer på kva eg har på hovudet, så er det påtvungen……Eg fekk ikkje gå utan noko på hovudet, og då blei sjalet løysinga. (Eg hadde bevisst ikkje tatt med meg caps eller hatt av den enkle grunn at eg ikkje ville ha det. Men, men….) 


Her er frå den delen som berre nokre av oss fekk oppleve. Vi snakkar om gammelt materiale her!!

Utsikta Herodes hadde. Ikkje til å klage på, med andre ord. 





Den svarte streken midt på muren er laga for å vise kva som er frå opprinnelsen og kva som er bygd opp etterpå. Den svarte streken er ikkje så veldig tydeleg som denne heile vegen. På dette biletet syns eg den blei litt for tydeleg. 



Det kvite langs kanten her er SALT! Sjå det saltlaget! Er det rart vi berre flyt når vi er uti? 
Vi går uti med ryggen først fordi det ikkje er lurt å legge seg på magen og svømme. Du flyter berre opp. 
For å ikkje få vann i augene er det likast å ligge på rygg. Har du opne sår på kroppen, går du ikkje uti! Då svir det enormt. 
Sjølv smurte eg meg i gjørme og gjekk uti. Då fekk eg bekrefta at det ikkje er tull at alt flyter der. Du treng ikkje å kunne svømme for å bade der. Du flyter uansett. (Det blei jo sjølvsagt litt fliring av det.)


Då eg skulle opp frå havet og til bussen, stod det plutseleg ein dromedar der. Akkurat det var jo litt kult. Det hadde vore hakket betre om det hadde vore ein kamel, men det gjekk heilt fint med dromedar også. 
Eg visste ikkje om det var lov å gå bort til den,men eg gjekk no så nærme eg turte. 


Dette har vore ein fantastisk dag. Mykje sol og varme er alltid digg, men vi har også lært mykje. 
Likevel, det var godt å kome attende til "studentbyen" vi bur i. Ein blir rett og slett sliten av å vere på ein slik tur. 

I morgon har vi fri. Det er den einaste fridagen vi har her nede. Årsaka er at ingen arbeide her frå i sekstida til i morgon kvel i sju-åtte-tida. 
Det betyr at vi ikkje får kjøpt mat eller noko, men det handla vi inn i går kveld. Så spørs det kva ein skal finne på i morgon. Det er om å utnytte tida best mogleg medan ein har sjansen til det! 

No skal eg gå og slappe av ei lita stund før vi sikkert skal finne på noko. 
Eg er litt trøytt av di vi stilte klokka fram i natt, noko om ikkje skjer heime før no i helga. I tillegg skulle vi møte 1,5 time tidlegare enn vanleg i dag. Med klokkestillinga tilsvara det 2,5 timar tidlegare enn modusen vi har vore stilla inn på. Så då klokka var fire heime, i natt…….stod eg opp……

Ha ein fantastisk fin fredagskveld. 
Hasta luego! 

IWALY!!

torsdag 27. mars 2014

Det er torsdag og eg er komen meg på universitetet. Det er tre kvarter til forelesning, så eg skal no mest berre sitte her og slappe av og få litt inntrykk av det som skjer rundt meg.
Gårdagen var sterk og då vi var ferdig med "skulesyslane" for dagen var eg rett og slett mentalt utmatta.
Yad Vashem - Holocaustmusèet……..

Du kan reise til blant anna Polen for å sjå kva forhold jødane levde i. Du vil kome attende derifrå og ha fått sterke inntrykk. Yad Vashem, her i Jerusalem, er dei som har fått i ansvar og bygge opp det som skal sørge for at dei jødane som blei drept skal bli hugsa.
Det er her du sjå skorne deira, det er her du får sjå bilete av dei, det er her dei har endra jødane frå å berre vere eit nummer til å "gje dei namn" kvar og ein av dei som dei har klart å finne identiteten til.
6 millinar jødar……..1,5 millionar born.

Då vi var komen halvvegs i runden-guidaturen der, kom vi til ein stad der vi får sjå korleis "henrettinga" av born kunne foregå. Då vi kom til setningen der dei skildra eit born som skal skytast, og at han ropar til mora si at ho må snu seg og ikkje sjå på……Ja, då raste nesten verda mi saman. Då kjente eg at "her vil eg ikkje vere". But I stayed ………..


På dette biletet ser du "blå gass". Med det meiner eg den gassen som kom ut av dusjen i konsentrasjonsleirane. Då jødane dusja og ikkje visste at nett den dusjen ville sørge for at dei kom til å døy. 
På dette biletet ser du ekte vare. Nett desse som du ser, er restar frå den verkelege hendinga. Også her var det vanskeleg å halde seg. Det blei berre vondt i magen. 
Og dette stod verda og "såg på"!

Det verste var kanskje då vi skulle ned i det rommet der borna blir hedra. Du kjem inn i eit mørkt rom og du får følesen av at du er under den mest fantastisk stjernehimmelen du kan tenke deg. Samtidig leses namnet på born for born opp. Namn, alder og land. Då høyrer du snufsinga byrjer…….
Her er ikkje jødane lenger eit nummer……..

Irena Sendler er ei som det stor respekt av. Ho døydde for kampen ho kjempa for jødane. Ho fekk "access" til leirane og smugla inn mat og liknande. Ho klarte også å smugle ut born, eit etter eit med bilen sin. Namna på dei skreiv ho ned og gravde ned. Borna blei plassert litt her og der. 
Då ho blei torturert, avslørte ho ikkje namnet på eit einaste born! 


Her er komen ut frå den delen som ikkje innbefattar borna så mykje. Det vises eigentleg bgodt at ein ikkje er heilt komfortabel.
Kameraet er rundt halsen, men det var ikkje lov til å ta bilete inne. (Og, ja, det betyr ta eg sneik meg litt sånn der litt utan lov til å ta bilete av "blågassen. Eg berre måtte. 

Dei har fuglar her også. Det er ikkje berre forbeholdt Noreg! :=)))))

I morgon blir det ørkenen og Dødehavet. Det blir "gøy" å få bade der. Vi har fått beskjed om at dersom nokon har opne sår, er det ikkje berre å bade……med mindre du vil ha veldig vondt. Årsaka er sjølvsagt at det er veldig salt! 

No skal eg gå til time, så ha ein fortsatt fin dag. 
Hasta luego!

IWALY!!


onsdag 26. mars 2014


Det er ganske "deileg" å få med seg oppvåkninga av byen. Litt etter litt våkner folket til liv. Det er lite folk i gatene, og heime i Noreg ligg dei fleste og sover enno. Vèret er bra, det er heilt blå himmel i dag, så det lovar godt.
Likevel må vi passe på at vi kler oss anstendig. Skuldre og kner skal aller helst vere tildekka. Difor har vi gjerne hatt på oss langbukse dei første dagane. No går det i "halvbikse". Dongeribukse som går til rett under knerne. Det er litt meir konfortabelt enn å dekke seg heilt til.


På biletet under her ser du at det er fjell i bakgrunnen. Det er rett og slett Jordan. Så her er ikkje avstandane store! Biletet er tatt frå eine sida av universitetet. 


Universitetet har ein eigen botanisk hage. Innanfor murane til universitetet fins alle "plantane" som er å oppdrive i Israel. 
På dette biletet er det eit tre som er litt spesielt. Stammen er "raud" og steinhard. Heilt anna enn kva vi er vant med heime i Noreg. (I tillegg er det eit fint tre når du ser det i heilfigur.)


At dei som praktiserer religionen sin kjem gåande med dette på hobudet er slett ikkje uvanleg. Det er meir regelen enn unntaket. Kanskje ikkje så rart……….

Det vi har oppdaga, er at praktiserande jødar (med dette på hovudet) ikkje ser på oss når vi møter dei. Dei har faktisk ikkje lov til det. Dei ser ned på bakken eller i lufta, men augene er i alle fall vendt ned. 
Når eg no skriv "oss", meiner eg sjølvsagt berre kvinnene. Menna skal ikkje sjå på kvinnene. Enkelt og greitt. Spesielt ikkje oss vestlege, for vi er jo trass alt hakket mindre "moralsk" kledd enn kvinnene her. (Sånn satt litt på spissen og ut frå kva som er vanleg her.) 

Eg har vore i eit par situasjonar der eg faktisk ikkje har visst heilt korleis eg skulle takle situasjonane. Det er ikkje greitt å vere norsk og bli kasta inn i eit heilt anna samfunn enn det ein er vant med og slett ikkje eit samfun som er prega av religion. 
Det er ikkje verre enn at eg kjem og skal ta heisen opp til studentboligen min. Her om dagen kom eg og ein jøde hadde trykt på heisknappen. Då han gjekk inn i heisen, lurte eg på om eg kunne gå inn i den, eg også……. Eg visste jo at han ikkje hadde lov til å sjå på meg. 
Det heile blei litt kleint, men eg valgte å gå inn i heisen. Eg tenkte at viss det var galt, ja då ville sikkert han gå ut av heisen. Han blei verande! (Om det er sjarmen til jomfrua som gjorde utslaget er usikkert….Hahhaha….) 
Han såg ikkje i mi retning ein einaste gong. Stramme kinn og augene rett i golvet. (Men EG har lov til å sjå, så eg prøvde å studere kroppsspråket hans litt utan å bli for ………..) 

Vi tar som regel drosje til "byen". Kvar gong har vi hamna i ei drosje som køyres av ein jøde. (Vi brukar å spørre av rein nysgjerrigheit, for då veit vi kva vi kan spørre om og slikt.) 
Drosjesjåførane er nok ikkje av dei som praktiserer religionen heilt og haldent. Som regel seier dei at dei er jødar, men at at dei ikkje lever 100% etter dei srenge reglane. 
Kva dei tenker når dei fraktar oss galne kvinnfolka frå nord, skal vere usagt, men jaggu meg har vi hatt nokre kjempeartige drosjeturar. Vi lærer mykje av sjåførane og så flirer vi frykteleg mykje. 
Mange gonger blir sjåførane så "ivrige" i samtalen med oss at dei gløymer å køyre når lyset blir grønt. Faktisk har det skjedd med dei alle!! (Og då tar vi laus!!!!! Hahahahaha………….)

Ein bydel av Jerusalem, også tatt ved universitetet. 

I Jerusalem bur det ca 2 millionar menneske. I heile Israel ca 9 millionar. Landet er ganske lite, så det betyr at her bur ein ikkje med mange metrane unna kvarandre. Det er mykje meir spartansk enn heime, men så er dei vel heller ikkje vant med anna her. 
Vi får sjå ein anna røyndom enn vi har heime, men likevel er standarden ikkje det eg vil kalle dårleg. Israel er ikkje sånn sett eit fattig land. 
Er du jøde og vil "heim til Israel", hjelper staten deg og gjer deg ein startpakke. Du får det du treng for at du skal kunne få eit greit liv her. 
Det er sjølvsagt eit ledd i å bygge opp folkeslaget att. 

Den som spør meg om namn på planten får ikkje svar. Eg kan svare rose om eg ser ei, men eg er ikkje store botanikaren. Dette er staden naboen min burde vore med sine grøne fingrar.

I går høyrde eg nokre kraftige dyrelydar og "gud" kor eg leita for å lokalisere den. Universitetshagens fiskedam hadde sjølvsagt konsert akkurat denne dagen. Froskekonsert, men den var nok uannonsert i og med at eg ikkje fann artisten før etter litt om og men.

Då Jesus bar krossen, la han handa si her for å kvile. Det er lett å sjå at det er mange som har gjort det same i ettertid. 
Vi har til og med gått på stein som er to tusen år gammal. (Der er litt av den att, men det meste er nok litt nyare enn det.) 

Frå gårdagens lesksjonar! Her går det fort unna! Og JA! Eg forstår kva det er ho skriver! 

Vi skulle eigentleg til Betlehem i går. Det dukka noko opp, men vi tenker å dra ein annan dag. 
Det er heilt utroleg at eg får oppleve dette. Eg er så glad for å få vere med! 

Ha ein fin dag! Hasta luego!

IWALY!!


mandag 24. mars 2014

I´m actually here…..Hebrew University, Jerusalem, Israel……. Klokka er enno tidleg på morgonen og det er enno ein time til forelesning. Rundt meg kjem det studentar frå omlag femti land litt etter litt. Enkelte er tidlegare enn andre, andre startar rett og slett før andre…..altså alt som normalt.

Eg er verkeeg heldig som har fått denne sjansen til å dra hit. Det er heilt unikt og spesielt å få oppleve dette. I går var eg på ei forelesning som kun foregjekk på hebraisk og eg forstod faktisk stort sett alt som blei sagt. Det vitnar sjølvsagt om gode lærarar som vil vi skal lære språket. Allereie etter ein dag kan eg bøye verb, adjektiv og substantiv i presens på dette språket. Et språk som for hundre år sidan nesten blei sett på som daudt, muntleg sett. Så at det i dag er så mange millionar som snakkar det……Det ses nesten på som eit mirakel.
Pgaden korte tida som er brukt på å få det "opp og gå", vitnar det om at metoden som brukes må vere god.

Vi starta reisa i fra Riga tidleg på laurdags morgon. Det var ikkje "berre berre" å kome seg opp. Etter få timar i senga, seier det seg sjølv at det ikkje er det kulaste ein gjer. Likevel, opp måtte ein.
Vi budde på eit hotell som heiter "Elefant Hotel", eit hotell som er høveleg bra og prisen for natta var på under 500 kroner med frukost. I Noreg måtte du i alle fall ha forventa trippel pris. Så billig var det.
Frukosten blei hiven innpå før vi bussa dei få minutta det tok til flyplassen. Først no gjorde passa seg gjeldande. Ikkje ein einaste gong måtte eg vise det då eg kom til Riga. Verre blei det når Israel var målet.

Det var ganske uverkeleg å lande i Tel Aviv. Sikkerheita er stor, men det må den vel vere. Utanfor venta bussen, og var heldig og fekk førsteradsplass i den. Så det betyr at eg fekk sjå mykje.
Bussturen gjekk fort og då vi var rett ved Jerusalem skjer følgande:
Himmelen var heilt blå og ikkje ei sky var å sjå. Alt var "berre lekkert". Plutseleg skjer det noko, raskare enn at eg heilt klarer å fange det opp. Plutseleg ser vi det som dette biletet viser…..heilt ut av det blå. I løpet av sekundar…...


Kva det eigentleg dreiar seg om kan vi ikkje vite heilt sikkert, men det første som slo oss heilt framst i bussen, var at det må vere ein rakett over Vest-breidden. Vi kan ikkje vere heilt sikker, så det er berre antakingar. Kanskje er det snakk om noko så enkelt som ein brann. Det var berre det at det skjedde så fort……. Uansett er vi trygge her vi er, så det er ikkje noko vi tenker på i det heile.
Med buss til Gazatar det 1,5 time, så vi er ganske nært.

Vi er innkvatert i ein studentlandsby som huser 1600 studentar. Det er høgsikkerheit rundt heile "student village" og ingen, inkludert oss, kjem inn der utan studentbevis med bilete på. Heile området er gjerda inn, så der er vi ganske så trygg.

Vi har vår eiga private guide, Shai, ein 26 år gammal tredjeårsstudent. Han kan mykje og har lært oss mykje allereie. Røyndomen om korleis det er her nede er nok litt annleis enn den som blir presentert i media heime. Der er det eit veldig fokus på det negative og det er nok ikkje heilt slik som det kjem fram. Her lever muslimar og jødar tilsynelatande ilag med kravandre i full harmoni. Kyrkje og moske ligg vegg i vegg, så mange religionar blir ivaretatt, spesieli innanfor muren til gamlebyen.

Her er utsikta mi om morgonen når eg gløttar ut av vindauget. Eg klagar ikkje på den! 

I går var vi på omvisning tre timar rundt om i gamlebyen. Ein jøde, som ikkje var sørleg utøvande jøde, omviste oss og ga oss mykje historie på ture, Han var veldig "open minded", noko som er bra når du kjem til ein stad som dette kor det er eindel motsetnadar når det kjem til religion. 
Blant anna tok han oss med til kyrkja som er bygd der  Jesus blei gravlagt! Det var sterkt. Han fortalte om då den første kyrkja blei bygd, så ruinert til fordel for tempel, så kyrkje att, så tempel……og slik fortset historia. 
Uansett, no har det vore ei kyrkje der i mange, mange, mange år…..og den er komen for å bli. Det var utroleg å vere inne i ho. 
Vi fekk sjå kor krossen stod, kor han blei balsamert og kor han blei gravlagt. 
Her går folk inn til der krossen stod. Køen stoppar aldri. 

her tar eg på stedet der han blei balsamert. Sterkt!! Du føler at det er noko i lufta. Heilt spesielt!


Her er frå taket på ein bygning. 

Her er "klagemuren". Det er klart vi måtte avlegge den også eit besøk. Menn og kvinner hadde kvar sin del av muren. Her måtte vi vaske hendene først.
Den "broa" som er midt i biletet er laga for at dei som ikkje er muslimar skal, til gjevne tider på døgeret, skal kunne kome opp og få sjå. 

Omvisninga blei avslutt amed god middag før vi dro heim att til hyblane. 


Universitetet er stort!!

Denne gravlunden er for dei som falt i første verdskrig. (Også fienden.) 

Her skulle eg eigentleg laste opp eit likeeins bilete berre at det skulle stå St. Helena. St.Helena er den einaste gata i gamlebyen som har eit kvinneleg namn.

Beklagelegvis er klokka no så mykje at eg må gå til time. Så då får eg heller fortsette seinare. 
Ha ein fortsatt fin dag. Eg har det kjempebra her eg er og lærer utroleg mykje.

Hasta luego!!

IWALY!!






lørdag 22. mars 2014

Dagen min, fredag 21.mars 2014, starta forholdsvis tidleg. Mest skuldest det vel at eg hadde plassert ein gutunge ilag med meg i senga. I og med at eg skulle ut på reis, ville eg sjølvsagt ha mest mogleg "mammatid" og då blei det slik. Ergo ba eg jo om det……å vakne tidleg. Det er jo klart at det blir mindre plass til meg i senga då!
Jaja, det betyr jo ikkje akkurat at eg stod opp då. Laaaangt ifrå.

Då eg kom til flyplassen, måtte ge jo gjennom sånn der sikkerheitskontroll. I og med at dei beste matalternativa er på innsida av denne, var det nett det som freista mest. Så då tok eg med meg mie dådyrauge og stirra han eine mannen i senk og verkeleg lot han sjå at det var ei mamma med hjarteverk som spurte "Kan du vær så snill og la gutungen få følge mora si heilt inn til gaten? Eg skal vere leeeeenge borte!" Det var garantert ein pappa sjølv som stod der, og han klarte sjølvsagt ikkje å seie nei til denne jomfrua og sa at dei kunne begge to få bli med inn. Så då kjøpte eg meg ein halvtime til.
Berre så det er sagt, ein halvtime går veeeeldig fort! Så då eg var ferdig med å grine og klemme og kjenne og lukte og stryke og klemme og og og og og…….så kom eg meg no ombord. (Etter å ha sneke meg til å snede ei tekstmelding først! Og ja, eg veit eg er rar…)
Det er berre det at han eigentleg er sjuk, med feber og greier, og då er det ekstra vanskeleg å dra ifrå.

Eg hamna sjølvsagt med ein raring som ikkje sa eit einaste ord på heile flyturen ned til Gardemoen. Skikkeleg kult, så eg har ikkje talet på kor mange kryssord som blei løyst nedover……
Desto betre blei det då vi hadde landa, for då kunne vi sette oss ned og diskutere kor mange kamelar vi er verdt. Berre det at det kom ei kjerring vi kjenner til i frå før og ho kunne fortelle om då ei vennine av ho hadde solgt ho for 40 kamelar på ein Tyrkia-tur. Det blei blodig alvor og det var såvidt dei berga seg.Ergo trur eg ikkje det vil vere så lurt å fleipe med det når vi kjem fram i morgon.Plutseleg så er det ein prins frå Israel som eig oss!!!! Hahahhahaha…….

Vi fekk ikkje sjekke inn til Riga før det var to timar att. Sjølve innsjekkinga var nok eit kapittel for seg sjølv, og han som sat i skranken må nok ha tenkt sittt. Stakkars mannen stod jaggu med i gaten vår også…….så eg sa no berre "Takk for sist."
Eg gjekk ombord på flyet, vel vitande om at eg hadde fått plass med kollegaen min. Det hadde han der mannen lova.
Jauskit!! Vi sat på same rada, ved kvart vårt vindauge!
Det beste var at rett før vi gjekk ombord fleipa med at eg kom til å hamne ved sida av ein skummel latvier. Så kom vi ombord og så hamna eg pinadø ved sida av ein sånn mann!! Ny flytur utan eit einaste  ord! Jippi!
Og ikkje berre det….. Ei stund trudde eg nesten at han var sånn der terrorist. Han sat og las på nettet og sjølvsagt var det sånne derrane rare bokstavar som eg ikkje skjønner bæret av. Jaja, akkurat det var jo ikkje så rart, men for kvar gong han kom til eit bilete så dekka han foran det som om at han skulle hindre meg i å sjå kva det var bilete av. Eg klarte sjølvsagt å få med meg at det var kampbilete med våpen og greier. Ergo byrja tankane mine og løpe løpsk oppe i mitt lille hovud.
Hedigvis hadde han ring på fingeren!!! Då eg oppdaga det, tenkte eg at han sikkert er ein mjuk mann med born og kjerring, og ergo er han sikkert ein harmlaus fyr som berre har vore ein snarvisitt i Noreg ein tur……sånn for artig.

Då vi skulle ut av gaten og inn på flyet, fekk vi ein følelse av syden. Ikkje av di temperaturen tilsa det, men vi måtte først med ein buss ut til flyet.
Med raud og fin himmel (skyfri), blei det til at vi nesten forventa at varmen skulle slå imot oss då vi skulle ut av bussen att. (Vi blei raskt henta attende til "earth again". )
Det var ikkje noko varme som slo imot oss, MEN eit syn av eit fly som berre var eit sånn der propellfly!
Eit urpittelite fly skulle då frakte oss til neste mål. Eit fly med hjula festa under vingane.
Ei stund lurte eg på om dei var nøydd til å starte flyet med å stå foran vingane og sveive propellane igong.


Det var nok ikkje plass til mange passasjerane ombord, så Fylskesmannen hadde sikkert bestilt oss eit "privatfly". Det føltes i alle fall sånn (viss du tar bort det med at eg hamna atmed ein raring som ikkje var ein av oss….).

Flyuren gjekk heilt greitt, men det var kanskje eit par stykk som blei litt overivrig og ikkje heilt takla å få vere ute på reis på eigenhand. Dei er sikkert vant til at kjerringene held dei etter øyra, men no hadde dei jo ingen til å gjere det…….
Kva flyvertinnene tenkte, er ikkje greit å vite, men noko tenkte dei vel…… I lengden litt slitsamt, men ellers skøy.

Då vi landa, såg eg sjølvsagt ut vindauget. Eg var spent på dei svære hjula som holdt til inne i vingane. Joda……dei kom ut i god tid og eg prøvde å følge med på dei då dei traff bakken.
"Herreminhatt og huttemegtu!" Først traff det eine hjulet bakken, litt på skeiva, før staken til hjulet pressa på og sørga for at det andre også hamna der det skulle. Plutseleg føltes det som om at vi var 20 år attende i tid.

No ligg eg her i senga og skal prøve å få skjønnhetssvevn i nokre timar. Det er faktisk ikkje så lenge til vi skal opp att. Vi drar vidare ganske tidleg. Så i morgon blir det vel både kroppsvisitering og diverse greier før ein kjem seg velberga fram til reisas hovudmål.

Mor mi ringte meg frå Alaska i dag. Ho ville ønske meg god tur og sa samtidig at eg måtte ta mine forholdsreglar. Eg svarte sjølvsagt at vi hadde fåttt enkelte restriksjonar…….
Då sa ho berre "Husk at restriksjonane er til for å holdes!" Hahhaha……
Eg svarte at det blant anna gjekk ut på at vi ikkje fekk lov til å dra til Gaza og då kom det raskt "Ja, og det betyr at du ikkje skal vise deg der!!" HAhahahahah…… Ho kjenner meg bra godt! Say no more….
Det er skummelt med Gaza så nært, men det blir jo også litt forlokkande. (Det er vel det ho veit når det gjeld meg. Plutseleg står eg der…..berre for å ha vore der)
Vel, eg har lova at eg skal halde meg unna, så då får eg vel gjere det! (Det er berre å tenke på minstemann det, så går den idèen over i fisk.)

Nei, ha ei god natt! No legg eg meg på hovudputa og skal prøve på å få sove.
Hasta luego!

IWALY!!