tirsdag 18. mars 2014




Eg var litt seint ute med å få tatt bilete i går, så eg endte opp med dette. Det er to fly som er ute og "kosar" seg…….. Dei kom side om side og så vendte dei seg utover, kvar sin veg og laga eit flott mønster.
At det var to fly, oppdaga eg ikkje før etter ei kort stund. Først så eg ei sikksakkløype bortetter himmelen og trudde nesten at det måtte vere eit fly med ein rusa pilot. (Mønsteret er sjølvsagt utanfor biletet her…) Så såg eg plutseleg at det var to fly som leika seg og ergo reknar eg med at dei er ein del av den store millitærøvinga som har vore………
Eg tenker det må føles ganske befriande å fly der oppe og berre gjere dei krumspringa dei vil.

Biletet over vitnar jo også om at vi har fine dagar for tida. Vi har hatt fleire slike soldagar no, og eg må ærleg innrømme at det har vore deileg. Kanldt, men nydeleg.

I går las eg ein artikkel om det å få born og ikkje greie med det. Eller…… Det handla vel sånn grovt sett om at det skal kuttast ned på bornevernsida. Uansett, eg kjem no vel til poenget etterkvart.
Eg skal vere litt forsiktig, for det er eit litt ømtåeleg tema for enkelte og meininga mi er alt anna enn å "dømme" nokon. Men det er no eingong slik at eg har eit spørsmål som eg ønsker å stille, og denne artikkelen gjer tankane mine og spørsmålet gras å gå på.
Eg kan likesågodt, først som sist, stille spørsmålet og det er "Kva rettigheiter har eit born som er på tur til å kome ut av mora og inn i den vide verda?" Det blei kanskje litt teit formulert og eg er slett ikkje sikker på at du som lesar skjønnar kor eg vil med spørsmålet. Ergo må eg utdjupe det litt…….

Av og til hender det at unge menneske som ikkje burde bli foreldre enno faktisk går hen og blir gravid. Unge menneske med ein bakgrunn som gjer at det vil bli vanskeleg å oppdra eit eige born.
"Thea" på 21 år er eit slikt menneske. Ho var berre seksten år då ho fekk det første bornet sitt. No ventar ho nummer tre. Sånn rundt rena betyr det at det tredje bornet kjem innanfor ei tidsramme på fem år. Rimeleg tett, med andre ord.
I utgongspunktet er ikkje dette verdas undergong. I ei perfekt verd ville dette gått heilt greit. Problemet er at då det første bornet meldte sin ankomst, hadde ho inga peiling på korlei ein skulle ta ansvar for ein baby. Det endte med at bornevernet tok seg av dei begge.
Det er noko som heiter "Senter for familie og born". Her endte "Thea" opp og fekk delvis opplæring i det å vere mamma.
På sikt klarte ho det ikkje og gav frå seg bornet for at bornet kanskje kunne få det betre ein annan stad.
I dette tilfellet kan det hende at det var ein smart ting å gjere.

Så går ho hen og får endå eit born. I dag har ho ikkje den daglege omsorga for dette bornet heller. I dag er ho gravid med nummer tre og fryktar at viss det kuttast i midlane til "Senter for familie og born", har ho ikkje nokon plass å kunne kome til når bornet kjem til verda og er difor redd for at ho kan bli frateken bornet sitt ved fødselen.
Ho meiner ho har blitt meir moden og at ho med rettleiing kan klare å få det til med dette bornet.

Så attende til spørsmålet mitt. Kva rettigheiter har bornet? Å få born er ein egoistisk handling. Det er noko dei fleste får av di dei ønsker å formeire seg og bringe slekta vidare. Likevel, det er ikkje ein menneskerett å få born?! Eller tar eg heilt feil?
Er det å få born noko ein kan eksprimentere med? At dersom det ikkje går så er er det berre å sette det bort. Så kan ein få nye og nye born heilt til ein endeleg klarer å ta seg av eit born……
Eit born har aldri bedt om å få bli født, og det kan umogleg vere slik at det er eit mål å skape flest mogleg fosterborn?
Det er fantastisk at det er såpass mange som tar til seg fosterborn. Det er nok nokre born som blir født inn i "feil" familie, og då er det flott at det fins menneske som kan hjelpe desse borna. Likevel meiner eg at ein i utgongspunket ønsker at antalet på slike born er minst mogleg.

Som eg skreiv lengre opp, skal ikkje eg "dømme" nokon, men eg syns at det blir heilt feil av "Thea" å seie at ho føler seg meir moden no og at det kan gå greit viss bornevernet hjelper ho.
I utgongspunktet er jo det å få eit born og følge det opp, noko ein skal klare på eigenhand. (Sånn satt litt på spissen.) Blir det ikkje så feil overfor bornet å ha den haldninga at ein skal prøve og sjå korleis det går, og viss det ikkje går så får andre overta?
Kva utgongspunkt kjem dette bornet til verda i? Det er nesten som at det å få born er som "tombola".

Når "Thea" seier at kanskje konsekvensen av nedskjæringane vil føre til at endå eit born må vekse opp utan si biologiske mor, er det kanskje noko ho burde tenkt på før ho går hen og lager nummer tre. Det er nærliggande å tru at ein skal lære av det livet bringer og etter å ha fått to born som er satt bort……….
Det blir litt for enkelt å berre bli gravid av di ein veit at det fins eit vern som tar seg av bornet om det ikkje går.

Det er nok mange som gjer nokre uheldige valg i løpet av livet. Ingen er feilfrie. Likevel er det viktig å ta vare på alle dei borna som blir fødd inn i denne verda. Å kjenne inni seg at ein har lyst på eit born er ikkje alltid nok. Det er ikkje alle som har nær familie som kan hjelpe. Spesielt viss det er snakk om unge mødre.
Det fins mange solskinnshistorier, men det fins for mange av dei historiene som er det motsatte også.
Born burde ha ein rettigheit som seier at dei skal fødast inn i trygge armar. Ikkje finne dei når dei først har rukke å ha levd litt. Dei første ukene er dei viktigaste ukene.

Det er klart at det er trist at borneverntenesten må ta sine kutt. Det er sikkert "katastrofalt" for enkelte. Jo sterkare bornevernsteneste, jo betre! Men tenesten skal ikkje vere den back-up-planen ein har i tilfelle ein ikkje får det til.
Viss ein er redd for at bornet skal bli tatt i frå seg, stemmer det kanskje ikkje heilt at ein er så mykje meir moden. Hadde ein vore meir moden og klar for å få born, hadde ein vore meir trygg på seg sjølv og at det vil gå bra. Eg vonar og trur at eit bornevern ser slikt……

Dette er ei ømtåelege sak, men diverre er den ganske "up to date". Ein skal på ein måte vere forsiktig med å meine noko som helst, men det er vanskeleg å la vere. Eit morshjarte kjenner det innerst i hjarterota når ho tenker på at born får ein slik start på livet.
Heldigvis fins det mange flotte menneske som stiller livet sitt til disposisjon for gjere sitt ytterste at slike born skal få ein trygg og god oppvekst. All ære til dei!

Nei, det er seint og eg kjenner augelokka har byrja å henge litt. Det er på tide å finne Jon Blund. Han er sikkert ikkje langt unna. Wallander blir "dissa" i kveld, det får han berre tåle. Unge jomfru Knutsen har andre planar. Zzzzzzzzz……..
Ha ei god natt! Sov godt!

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar