tirsdag 4. mars 2014

Eg har akkurat stege ut av dusjen og absolutt ikkje stått og venta på at dei magiske tre minuttane skulle gjere seg ferdig før eg tørka meg. Jaja, eg er i alle fall "ren og pen" no, så då er jo målet oppnådd. Det er vel lite som er så deileg som å dusje etter ein trimtur som berre var tung og som gjorde at lungene nesten kollapsa (for å overdrive veeeeldig) pga at det var så kaldt. (Dramaqueen, liksom!) Jajajaja……

Så har eg opplevd det også! Thihihi……. Det er ikkje kvar dag eg får selskap medan eg er ute og jogger. I dag fekk eg det!
Med musikk i øyrene, er eg nok i mi eiga verd der eg beveger meg langs vegen. Etterkvart blir det "betterleg" varmt og det føles sjølvsagt godt å bli litt sveitt. Likevel, når ein er i si eiga verd, er det ikkje berre å oppdage alt rundt seg.
Eg kom joggande og nynna på Matti Røssland sin "Sånn livet er" då det plutseleg knaka rett ved sida av meg. Med tanke på at musikken sørga for at resten av verda var utestengt, så kan ein trygt seie at knakinga var veldig nær meg (i og med at eg høyrte det). Så spørs det kva som knaka…….. Det var i alle fall ikkje ein elg! Det oppfatta eg ganske kjapt.
Vi snakkar likevel dyr. Ikkje elg, men litt mindre. Det kryssa så fort foran meg at det ikkje var så grueleg lett å sjå kva skapning det skulle tilseie å vere. Eg skjønte etterkvart at det var snakk om eit rådyr.
Kven som var mest redd, rådyret eller eg, skal vere usagt. Sjølv fekk eg ikkje noko oppgong i produksjon av adrenalin, så med mindre rådyret var redd denne knetta, stilla vi likt.
Så skal det jo seiast at det kun er "one of a kind" av meg, så ……………………
Uansett, eg sprang no der etter vegen og jaggu meg slo rådyret følge med meg. Lenge!! Det sprang i sikksakk foran meg i lang tid, akkurat som om det planla at eg skulle slippe å vere åleine i mørkret. (Sjølv om det slett ikkje var heilt mørkt enno.)
Det var berre så synd at rådyret ikkje evna å snakke, så eg måtte likevel ta til takke med Matti Røssland, men akkurat det var slett ikkje noko dårleg alternativ. Ikkje før eg skifta over til "Just give me a reason….." Joda, den er på hjernen enno. (Noko eg trur fleire byrjar å få. EG tar neppe på meg skulda for den. Eg kan ikkje for at enkelte er lett påverkelege!)
Så no sit eg her…….nydusja…….ler litt ved tanken på det stakkars dyret og kva det måtte tenke der det sprang ilag med meg.

Putin hersar med Ukraina samtidig som jomfru Knutsen joggar med rådyr. Det set ting litt i perspektiv! :=)

Neste år kan du spille poker om penger lovlig. Regjeringa kastar korta". Jaja, så ser vi kor skoen trykker og kva prioriteringa dei blå satsar på. Å skape fleire gjeldsslavar er jo supert……….
Så kan ein sikkert seie at jomfrua må roe seg litt, for det er ikkje sikkert det er heilt som på film. Der står dei i gjeld til andre "farlege" menn og må låne og låne til dei vinn, noko dei ikkje gjer…….før dei blir tatt av dage. Juhuuu……. (Jada jada, jada……eg skal slutte å drøyme!) Hahaha…..
Uansett….Denne knetta har ikkje tenkt å la seg lure i fella, så det angår ikkje meg. (Eit standarduttrykk som blir brukt i altfor mange saker.)

Nei, eg skal hive meg rundt og arbeide litt. Må jo vere sikker på at eg er ferdig før Greys byrjer. Det vil eg slett ikkje gå glipp av i kveld. Så ha ein super tysdagskveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar