lørdag 8. mars 2014

Her ligg eg som eit slakt på sofaen etter ein aktiv dag. Eit par rundar på tredemølla gjorde forsåvidt godt for kropp og sjel, men det var vel ikkje akkurat nett det eg tenkte då eg vandra ut av hallen, stokke stiv og vonde hofter som eg trudde ikkje ville fungere før om minst fem dagar! Så feil kan eg ta…..Dei fungerer som berre juling (så då kan eg ikkje klage og håpe på at eg kan fåmin eigen butler for ei stakka stund….Jaja meg overlev vel det også. :)
I og med at eg først var i aktivitet, heiv eg meg rundt og vaska også. Det er jo ikkje vits i å spare på kruttet når det først er tilstades.
I morgon blir det meir avslapping……Då blir det Ballangen-tur for å høyre på minstemann som skal synge for oss.

Eg ligg på sofaen og no har visst MGP starta opp for kvelden. Unnskyld at eg seier det, men gud hjelpes kor mykje dårleg musikk som produseres! Eg kjenner eg blir sveitt i hovudtarmen etter dei låtane dei har spelt til no. Dessutan fins det ikkje eit einaste nytt moment i det heller. Den songen dei nettopp spelte, tja den er vel rett og slett ein plagiatsong av "If you really want me" av artisten Robyn. Melodilinja var grueleg lik, rytmen og ja masse anna også.
Det blir berre akkurat like teit som då Espen Lind kom ut med "When Susannah cries" og Emilia med "Big, big girl"……….. Det er jo "The Rose" opp av dage. Kveldens grand prix-låt var hakket meir plagiataktig enn dei. Så hurra for dagens musikk-Noreg!

Joda, det er produsert mykje musikk opp gjennom tidene og det skal noko til for å skape noko nytt. Likevel…….Ein må då vitterleg klare å skape noko betre enn det dei viser på skjermen i dag. "Sing, sing, sing, sing, sing like you mean it………….."Den kvinnelege artisten har litt spesiell stemme, men det stoppar der. Det blir som om at det er "Syng med oss-kveld" for dei som hugsar den tida.
Jaja….Ho har jo kule sko på seg!! (Og ho letta fotan bak og opp ved ein klem! Då kunne han jo gjeve ho eit kyss…. )
Så sit det ein der og seier at dei sang som om at dei hadde lyst på kvarandre………….Jaujau….. Det var ikkje mykje festformidling over songen til trass for iherdige forsøk.

Han som står på scena no, spriker å mykje med føtene at dersom han skrever meir no så går han ut i spagat. (Ikkje at eg heilt forstår kva ei slik stilling skal vere godt for…….I alle fall ikkje for å få meir luft i lungene til å synge…)
Det blir sagt at han er Noregs nye Morten Harket……og der datt eg ut! Morten Harket er ein dyktig artist. Dette var ikkje målbart. Med slike "ekspertkommentarar" etter kvart innslag, tar jomfru Knutsen og droppar ut frå MGP-kanalen og flyttar fokuset over på andre ting.

Fra boks til pose ga kraftig prisøkning. Joikakaker………Hallo? Ikkje det at joikakaker er så mykje betre enn MGP, men kven trur at joikakaker på pose blir ein suksess? Den må jo vere på same boks som den alltid har vore. Viss ikkje blir det noko som ikkje stemmer. Dessutan….dersom det fører til prishopp, trur eg berre det er mange som kjem til å droppe å kjøpe produktet. Joikakaker som inneheld berre 10% reinkjøtt…………….

4 av 10 kvinner har blitt stalket. Hahahahaha………Eg er nok i same kategorien som dei andre seks! Eller…? Om eg tenker meg litt meir enn nøye om, så var det ein som stalka litt då eg var i slutten av tenåra og det var riktig så creepy. Kvar gong han seig forbi huset vårt, var det berre ekkelt, eller då han stod gøymt bak eit tre på øversida…. Hahahaha….Det hadde eg gløymt! Eg som skulle gjere litt narr av meg sjølv som aldri har blitt staka………(Ikkje det at det er noko å trakte etter!!)
Å bli stalka er alt anna enn kult.
Jaja……….Så mista eg poenget med den der! Shit happens all the time.
Hmm…..Og ved nøyare ettertanke blei eg vel stalka her i bygda også i byrjinga av 20-åra, men det tok far min seg av! (Verbalt, sjølvsagt…) :=)

4 av 10 kvinner….. Det er kanskje eit høgt tal? Det kjem jo an på om det er snakk om spionering eller trakassering. Det siste er vel hakket verre enn det andre. Viss det no held seg til berre å sjå, så er det i alle fall ikkje til fare for nokon.
Det er klart om at det tikkar inn tekstmelding etter tekstmelding som du ikkje ønsker, så blir det plutsleg veldig ekkelt.
Blir tilfellene alvorlege nok, kan det føre til angst og depresjonar. Då har det gått alt for langt.
At ikkje den som stalker deg skjønner at han gjer noko galt, er jo eigentleg ganske skremmande. På ein måte kan ein seie at det feilar dei noko!

I utgongspunktet skulle eg fleipe litt med temaet, i og med at eg har eit par venninner som har blitt stalka, der det faktisk berre har vore ganske komisk. Likevel blr ein vel ikkje spøke med det, for det fins så mange alvorlege tilfeller av det også.

Nei, "Hver gang vi møtes" vises på skjermen no. Anneli Drecker er kveldens hovudperson og dette er eit ganske koseleg program. Aleksander Rybak har akkurat framført ei låt, men eg syns eigentleg at den var litt keisam. Litt tøff, men i lengda litt keisam. (Jada, jomfrua er sikkert litt i det vrange hjørnet i kveld……) :=)
Uansett….Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta luego!

IWALY!! 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar