tirsdag 11. mars 2014

Jomfrua er litt småfurten i kveld. Eg sat på skulen tidlegare i kveld og retta stiler og blei småsugen på godteri. I skuffa til nabopulten min (pulten til ein annan kollega, sjølvsagt) er det alltid godteri. Problemet  er at då eg skulle snike til meg litt så var det jaggu meg tomt. I og med at det er første gongen at det skjer at eg finn ei tom skuff, så blei eg rett og slett litt småfurten. Sånn der "henge med leppa"-furten. (Eg har lov til å sjekke skuffene!!)
Så no er eg spent på om det etterfylles i morgon………
Det er jo klart at om det hadde vore smågodter der, ja så hadde det blitt lykke på kontoret og følgeleg ville rettinga ha gått så mykje betre. (Eg trur eg skal småfurte litt i morgon tidleg!! Hahaha………)
Ein skal dele på godene, men det forutsetter jo at godene faktisk er der!!

Får seks millioner i året for å være gift. Jaha? Den ordninga har eg også lyst på! Tenk å ha ein mann som betaler deg seks millionar kvar einaste år i ti år. Etter det må du vere gift utan å få betaling. Tja…Det gjer jo ikkje noko. 60 millionar skulle klart å halde meg i drift i litt meir enn ti år, ja. Berre rentene åleine……..
Når ein i tillegg får behalde alle gåver og smykker som ein får……..Jippi, for ein deal. Med tanke på kor denne jomfrua nedlessar se sjølv med smykker og greier, så ville det blitt billeg for den rike dj…… som skulle stå for det heile. Han hadde vel sluppe unna med dei seks millionane pr år (og kanskje nokre digre flyglar innimellom…..)
Viss nokon mot formodning skulle meine at seks millionar er litt drøyt, kan eg bøye meg ned til 3 millionar. Eg skulle klart meg godt på det også.

I natt var det verkeleg vèrhardt på uysida av husveggane. Det var ikkje berre å få sove i alt bråket og ein vakna både titt og ofte. Sjølve vinden ga seg no sånn høveleg i løpet av dagen og unge Knutsen fann ut at ho skulle lure minstemann ut på trimtur.
Har ikkje du tenkt å stå på ski idag? Sånn der overhøflig og smiskete tone, sjølvsagt. Mamma kan sjølvsagt blir med deg og så får du deg ei fin treningsøkt. Joda, han svarte plutseleg ja, la den irriterande ipad´n bort og sa at det ville han gjerne.
At middagen såvidt hadde rukke å kome seg ned i tarmane, tja det var nok langt unna i tankane der og då. Heldigvis tar det litt tid å skifte til treningsklede og i tillegg finne eit brukbart område å trene.
Denne gongen blei det frakt i bil til Brattlitunnelen og til fots/på ski heim att. I utgongspunktet er jo det ein kjempefin tur, men tru meg………Då eg skjønna at det faktisk var snakk om store delar med stigning , hadde eg eit lite ønske om at eg aldri hadde stilla han spørsmålet. Sanninga er at ifrå tunnelen og til der "bakken" faktisk startar er det faktisk stigning heile vegen. Akkurat det var ikkje det som stod i tankane på denne knetta før ho oppdaga det med eigne auge.

Stakkars gutunge………Eviglang motbakke frå Kikvika og opp, då i sterk motvind og regn……. Eg fekk litt vondt inni meg.
Det sa eg sjølvsagt aldri høgt, og heldigvis kommenterte han aldri at vi heller skulle ha vore heime.
Er det rart at eg svara ja då han spurte om vi kunne stoppe på coopen og kjøpe litt godiser?
Så spørs det……Kven var turen verst for? Han som måtte karre seg heile vegen opp på ski, eller mora som måtte springe etter og angre på at ho i det heile tatt hadde foreslått turen.
Det blei helt klart ein kjempefin tur…… (puh…….) Så lenge mora tidde stille, så var alt i skjønnaste orden. Det einaste som er typisk, er jo at akkurat i sånne situasjonar når du veit at det er langt heim…..ja då må du ditt fornødne. Og nei, ikkje snakk om at det skal skje i noko veggrøft med vogntogmenn susande forbi både titt og ofte. Joda….Det blei jo ein superherleg tur….. Vind, regn, motbakke, tissetrengt……you name it.
Telefonen var med i lomma, men ikkje svarten om denne knetta gjer etter og kapitulerer ved å ringe etter assistanse. Skulle det vere noko som helst sjanse for at det kunne bli snakk om avblåsning, ja då måtte det vere ein liten kar som sørga for det, men han hadde sjølvsagt ikkje vit til å klage i dag. Han fekk sine kilometer på ski og var nøgd med det, liksom.

Ein kan i alle fall ikkje påstå at eg ikkje stiller opp. Å utsette meg sjølv for ein løpetur på fleire kilometer som erstatning for ein meir behageleg ting som ein middagskvil………..(som eg eigentleg aldri brukar å ta…) Eg må passe på så eg ikkje blir for sprek!




Sånn der fornuftig ting som regnjakke, eller bukse for den del…………. Det var kanskje ikkje rart at vi var så våt då vi kom heim?! 
Eg er berre glad ingen tok bilete av den pesande mora som kom løpande bak. (Eg klarte no å holde iphonen stille nok til å få zooma inn og tatt bilete.)

Jaja, i natt blir det vel total dvale! Ha ei god natt! 
Hasta luego!

IWALY!!



1 kommentar:

  1. Ha ha ha... får meg en god latter når jeg leser loggene. har fått med den om bruden og den siste om ferger og lørdagssamling med 250 unger. Du er god, jomfru Knutsen. Især om du skulle hatt deg betalt for å være gift og...hihihihi. Snakk om smør på flesk ;) Ha en god søndag. Hasta la vista :)

    SvarSlett