tirsdag 11. mars 2014

Så har harmonien igjen fått nytt fotfeste og denne knetta er nøgd og glad. Einkvar er sin lykkes smed, og eg sørger for mi eiga lykke ved at småfurter litt og så rettar det meste på seg .
Så etter å ha furta i går kveld etter nedturen av å oppdage at nabokollegaen ikkje har godterier i skuffene sine………..Var resultatet i morges DETTE!!!!!!!

Herlege London, seier eg berre! Viss ikkje dette er lykke på jord, då veit eg ikkje! (Det beste er at skuffa er berre ein meter unna meg!!!)

I dag har mødrene (dei som hadde høve til det) kamp mot den yngre garden. Treninga i dag brukte dei til å prøve å gruse oss vaksne. Det gjekk ikkje heilt etter planen deira, men det som er sikkert er at alle tok seg heilt ut. Mødrene hadde ikkje gløymt sine kunster!
Vi burde kanskje annonsert det heile, men vi er nok likeglad for at vi ikkje gjorde det. Hadde det vore ein heil del publikum, ville vi vel ha sprunge oss halvt i hel, for då hadde vi nok ikkje turt å stoppe opp for å ta oss ein pust innimellom. 

Når kan du kutte ut eletrikeren? Er det noko som er sikkert, er det at det fins mange hobbyeletrikarar rundt omkring. Enkelte dyktigare enn andre, men ingen av dei meir lovleg enn dei andre. 
Så til spørsmålet……. Eg har faktisk tenkt på det fleire gonger opp gjennom åra. Så no tenker eg at eg vil finne ut kva svaret er! 

Er det noko eg har lurt på, er det kvifor i alle dagar kan vi kjøpe det utstyret vi treng over disk når vi eingong ikkje har lov til å montere det sjølv? Då er jo poenget borte, for eg trur nok det er mange eletrikarar som seier nei til å utføre oppdrag der dei ikkje held utsyret også. 
Så viss det ikkje er lov til å leike seg litt sjølv, bør ein jo heller ikkje ha tilgong til utstyret heller. 
Er eg femten år og ønsker å ta meg ei øl, ja då får eg ikkjekjøpt det over disk………Det er kanskje ikkje den aller beste smanlikninga, men satt litt på spissen kan ein sjå paralellane i moralen. 

Uansett……. Det viser seg at det er sånn der "litt" lov til å hobbylere. (Er det eit nytt ord, produsert av meg, eller eksisterer det faktisk? Det er i alle høve heilt greit å forstå ordet.)
Sånn eigentleg er eg ikkje blitt så mykje klokare etter å ha prøvd å lese meg opp til litt kunnskap rundt temaet, men om det er det at det er tysdagskveld som har skulda, at jomfrua ikkje er på rett planet, eller om det faktisk berre er dårlege forklaringar å oppspore…….Tja, det skal eg ikkje kommentere. 
Eg har ikkje tenkt å sørge for at hus skal brenne ned, så ergo bør eg nok ikkje slippes til når det gjeld eletriske oppgåver. 
Kjært born har mange namn, eletriker er ikkje eit av mine! Spør du meg, vil eg svare at du sikkert må ha noko sånn der "pluss og minus-polar"……….Akkurat det har eg spurt meg fram til og fått svaret at det er det ikkje. Så berre der har eg allereie tapt. Lenge før eg i det heile tatt har prøvd. 

«Ufaglærte kan bygge og vedlikeholde elektriske anlegg når de blir direkte fulgt opp av person som oppfyller kravene i første ledd. Ufaglærte kan utføre mindre arbeider på elektriske anlegg dersom dette utføres på sikkerhetsmessig forsvarlig måte.» (Dette henta eg på nettet, nærare bestemt på Dagbladet sine sider….) 
Så lurar eg på kva "sikkerhetsmessig forsvarleg måte" betyr?! Kva kan eg forstå ut frå desse setningane?
For viss eg prøver å vere hobbyeletriker, ja då har eg nok ikkje ein eletrikar klar for handa. 
Viss eg verkeleg har lyst til å vere kverulant, er dette god mat. Det levnar ingen tvil om at det fins rom for tolkninger her. 

Eg må ærleg innrømme at eg er like blank enno. Ikkje forstår eg kva det er eg har lov til å gjere eller ikkje. Og så må eg le litt for meg sjølv………..For eg har jo ikkje lov til å gjere noko som helst! Det stoppar seg sjølv. 
Så skal du ha kopla noko av meg, så trur eg du bør velge å få betalt for det istadenfor å betale sjølv, for eg går ikkje god for resultatet. (Eg ville i alle fall ikkje ha råda deg til å sove godt!)

Jaja…..Det fins mange hobbyeletrikarar og det er neppe slik at framtida kjem til å legge til hinder for det. Så lenge det fins menn, vil det vere ei problemstilling. Eg reknar med at menna ikkje har tenkt å forgå med det første………..

No har eg lest fleire statusar her frå bygda som seier at det er så kraftig vind. Jaujau…..har eg tenkt, for eg har ikkje merka noko til det sjølv. I og med at det var så mange som meinte at deb var sterk, konstaterte eg berre for meg sjølv at eg sikkert bur i ei lomme der den ikkje vil ta skikkeleg tak. 
Det må eg berre bite i meg no, for no høyrer eg mange lydar som eg mistenker kjem ifrå ein eller annan vind. 
For ein gong skuld har dei valgt eit mannenamn på eit slikt vèr……Kyrre! Så Jorunn fekk knapt gjere seg ferdig før Kyrre kom for å vise krefter. Og tradisjonsfast som "menn" er, må "dei" jo prøve å gjere det betre enn kvinnene. Difor kan ein nok anta at han Kyrre ikkje har tenkt å vere snill i natt. 

Jomfru Knutsen skal straks slå av skjermen her og prøve å falle i svevn før Kyrre slår til for fullt. Noko øyreproppar vil eg nok ikkje ha. Då sover eg heller dårleg.
Wallander har verkeleg blitt dumpa mange gonger i det siste av den enkle grunn at puta blir litt for god til at augene vil vere samarbeidsvillige. Om han lir same skjebnen i kveld, tja det er enno usikkert. Målet er jo alltid at det skal lesast. :=)

Ha ei god natt!!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar