søndag 9. mars 2014

Å gom meg i manken kor trøytt eg er!! Djiiiizes…..at det går an, seier eg berre. Det er nesten som om at eg tenker at no må dei berre sende meg til Kuraas. Neida…… Så ille er det vel ikkje, men eg vakna så grueleg tidleg i morges (rundt fem trur eg) og då er det vel kanskje ikkje så rart at halvparten av dei små grå har slutta med å svømme for denne kvelden. Eg får berre håpe at dei hadde på seg redningsvest så dei er klar til ny dyst i morgon tidleg når eg vaknar. I alle fall litt etter oppvakninga har funne sted. (Det kan jo ta litt tid, det også!)

Ein god del av dagen i dag har vore foræra til nabokommunen vår, Ballangen. Dei har hatt kulturmønstring og min skjønne "lille" gut har deltatt med sitt bidrag, Bombo - Adelen. Eg kan ikkje skjønne kor han har det ifrå, det at han syns det er gøy å opptre??? Hahahahaha……….
Uansett, det var mange flinke born og dei over tretten år hadde også sjansen til å tevle om å kome til fylkesfinalen i Bodø. (Min kar er berre straks 10.)



8.mars og kvinnesakskamper……
Skjønna eg det ikkje? Kva sak var det som fekk mest merksemd i går? Joda…….Reservasjonsretten. Store folkemassar protesterte rundt omkring. Om ein tenker seg litt om, er det faktisk eit litt merkeleg fokus. Skal ein verkeleg bruke kvinnedagen til å gå i tog mot dårleg forvaltning og organisering?
Sanninga er at reservasjonsretten ikkje på nokon som helst måte truar retten til sjølvbestemt abort. Hadde den det, ville saka stilla seg annleis.
Misforstå meg rett. Eg er ikkje for at legar skal få reservasjonsrett, men eg meiner det blir merkelg å bruke ei slik sak som sak på kvinnedagen.
Er det likevel nokon som den dag i dag faktisk trur at kvinnene skal miste denne retten, har dei ikkje fulgt med i timen. I alle fall ikkje heile vegen.

Ein lege skal hjelpe "sjuke". Å vere gravid er ikkje ein sjukdom. Å ja, eg veit alt om at ein kan bli sjuk som følge av graviditeten - kvalme osv osv…….men det er ikkje det som ligg bak alle abortane. Så eigentleg har graviditet ikkje så mykje på eit legekontor å gjere. (Sånn sett litt på spissen.) Å bruke fastlegen som mellomledd har ikkje noko praktisk funksjon. Viss ein er fast bestemt på abort, kan ein sjølv henvise seg til det. Eg må seie som ein av mine facebookvener…….Ein treng ikkje signatur frå ein fastlege for å få gjennomført ein abort. Han seier også at dersom det er behov for veileiing, ja då bør ein ty til helsestasjonane. Legen har meir med det som angår allverdas avvik på kroppen i løpet av livet.

Som sagt, eg er imot reservasjonsretten. Er ein lege, ja då er ein lege………på lik linje med andre som må utfløre ting dei blir satt til å gjere sjølv om dei ikkje ønsker det. Det er likevel ikkje noko kvinnesakskamp. Det er det eg reagerer på at dei lagar ho til.
Så lenge det ikkje er snakk om noko som truar retten til sjølvbestemt abort, meiner eg det er totalt skivebom å gjere det til sak på ein slik dag.
Skivebom………. Og viss eg tillet meg sjølv å ta innover meg andre saker som verkeleg burde fått fokus, men som blei overskugga av denne saka, blir eg berre trist. Då har vi verkeleg augene og tankane på feil planet.
Uansett…..trist har eg ikkje tenkt å bli, så eg lar vere å tenke, eg også. Det er trass alt straks natt.

Tapte 3 mill i Vegas. Spillegal?? Det er ein eller annan foretningsmann som heiter Mark som påstår at han er blitt lurt. Han har tydlegvis spelt i påverka tilstand og følgeleg meiner han at det var feil av casinoet at han fekk spele. Han seier at han ikkje hugser at han har tapt pengene.
Når eg les nett det, tenker eg at han ikkje er så særleg smart. (Vel……..ein foretningsmann som er god for så mange pengar, tja han er sikkert smart, men enkelte uttalelsar tyder på noko anna.)
Han seier blant anna at han hadde tatt 10 drinkar før han kom til casinoet. (Hjelpes, seier eg! Etter 10 drinkar må ein no vel klassifiserast som full?!)
Så påstår han at casinoet skjenka han 20 drinkar (gratis). Så det tilsvarar i mitt hovud 30 drinkar, og eg spør kven i all verda kan konsumere så mange drinkar på ein og same kveld?
Han hugser ikkje å ha tapt pengane, men han har talet på antal drinkar?! Ganske godt gjort å hugse drink nummer 29 og 30. Hahahha……Dei 28 første går liksom greit(!).
I tillegg tar hanmedisiner som forsterker rusen……. Eg lurer mest på korleis han klarte å halde seg på føtene. (Ein sit vel heile tida ein speler….)
No spørs det……Må han betale, eller klarer han å få oppreising frå casinoet? Time will show….

Nei, sundagen er ferdig for denne gong. Jomfru Knutsen skal lese litt før augelokkmusklane slepp taket heil og sørger for at ho går i dvale. (Først må ho nok finne fram til hiet sitt.)
Så ha ein fortsatt fin kveld (om du har noko att av den) og sov godt!

Hasta mañana!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar