søndag 16. mars 2014

Oh, my God, det var herleg å gløtte ut av vindauget i morges……og det til trass for at klokka berre var seks. Det er fint å sjå ut når du på ny går under dyna veit at når du skal stå opp så er himmelen heeeeeeilt blå!! Sol og blå himmel gjer noko med med både kropp og sinn.

No har eg ikkje lest KK på ei god stund. Eg sa jo opp abbonementet for ei tid attende, litt sånn der av di eg ikkje var nøgd med utviklinga bladet for framtida. Det blei veldig mykje som ikkje fenga meg, så kvifor abbonenere på det då? Så…….
No har det gått ei stund og dei i KK har tydlegvis tenkt at dei kanskje kan prøve å freiste meg med ein velkomstpakke verdt ein god del om eg kjem attende til dei. Det er jubileumsår og eg har fått ei "feit" utgåve av bladet. Diverre for dei har eg ikkje tenkt å bli kunde på ny. Skulle behovet trenge seg på, tar eg berre turen opp på daglegvarehandelen og kjøper eit blad.
Med tanke på at bladet hamna i postkassen hos meg rundt 14.februar (ifølge framsida på bladet) og eg les det først i dag…….. Svaret er vel allereie gjeven.

I og med at vi er i eit jubileumsår, er det klart KK vil framheve at dei er ei norsk moderne historie. Dei gjer jo trass alt tips, guiding og inspirasjon til den ellers så grå kvardagen. (Neida, den er ikkje grå…..Det berre passa så godt inn.)
Tusenvis av kvinner er dressa opp, så det blir mange "Bli ny-damer", det. I dag har dei Noregs største nettstad for kvinner og dei samlar kvinner til store eventer.
Så med jubileumsår for heile Noreg og jubileumsår for KK (140 år) kan ein kanskje forvente at dei slår på stortromma. Så attstår det å sjå om dei klarar å halde rytmen og ikkje minst om dei kjem til å gå i takt med resten av korpset.

Eg må faktsisk bla heilt til side 50 før det kjem noko som kan kallast for noko anna enn mote. Det kjem ikkje til å skje at eg studerer dei der klesbileta, for kvifor skal eg glo på noko eg aldri kjem til å vurdere å kjøpe eingong? Så avansert er eg ikkje.
Vil eg ha nye klede, dukkar eg opp i nokre klesbutikkar og gløttar om dei har noko av ineteresse. Null stress…..
Men så spørs det…….. Kva er det som dukkar opp på side 50 som gje at eg ikkje vil kalle det for mote lenger? Joda, eg får blant anna vite kva Erna Solberg brenner for og kva huslege syslar ho ikkje føler at ho får til. I tillegg får eg lære kva Kristin Halvorsen gjer  blaffen i og kva ho gjer for å slappe av.
Linn Skåber er singel og blir mest provosert av kvinner. Jålekvinner som er mest opptatt av kor jakka si kjem ifrå og det å stå i parken og ta selfiar for å vise fram kleda sine. (Hmmm……Kanskje ikkje ho Skåber les motesidene ho heller….nett som eg? Tøft!)
OG kor interessant er det ikkje å få vite kva Cecilie Skog vil bruke dagen sin på om ho får ein fridag i morgon.

Side 61 står det noko eg definitivt ikkje visste. Jens Stoltenberg har faktisk vore spaltisk i KK!! I eit jubileumsår er det klart at han må få slippe til, han også. Så han har skrive "Til en mor". (Sjølvsagt eit kvinnetema.) Så eg skal lese kva han skriv og vurdere om han faktisk egnar seg til å vere spaltist.

Joda, det er vel ingen som ikkje veit at mannen kan snakke for seg. Til ei mor klarte også å formulere seg bra. Mora var alle kvinnfolk med born. Han veit kva vi kvinnfolk vil høre og seier sjølvsagt ingenting vi kan arrestere han på. Viss han i tillegg meiner alt han seier, er det sikkert mange som forelsker seg i han og ønsker han var deira. :=) (Han har faktisk forstått at kvinner KAN gjere fleire ting på ein og same gong, i motsetnad til ei anna gruppe menneske - som eg skal la vere å lage fellesnamn på. Kvinner vil skjønne kva eg meiner tvert……..medan den andre gruppa sikkert vil fundere litt på det først og så forstår dei det sikkert dei også.)

"Hjemme hos"-reportasjer er berre  å styre unna.Dei er berre fulle at eit hus eller ei leiligheit som er nyvaska og "shaina" som om det er daglegdags at det ser akkurat slik ut. Nei, skal det vere "Hjemme hos" så burde dei dukke uanmeldt opp og verkeleg fange augeblikket. Då kan det hende det er treningsbukse istadenfor den kuleaste buksa, kanskje eit surt og usminka "tryne" istadenfor smil som gjer at dei lekre nypussa tennene er på tur ut av kjeften og ikkje minst får fok sjå at det faktisk er heilt naturleg at alt ikkje er tipp topp til eikvar tid.
(No har KK ein slik reportasje i denne utgåva, men akkurat i denne er det meir sånn der rot med system i og heilt greit smil.)

Viss du skal halde tale ein gong i løpet av dette året, kan faktisk Mia Gundersen hjelpe deg! Eller eit heilt foredrag om du vil……….
Akkurat det kan jo bli interessant, eller? Kva kan ein forvente då? Ikkje lett å forutsjå…….  Då er det vel hakket betre å be han der Peder Kjøs om å gje forholdet eit piff. (Ditt eiga forhold, sjølvsagt…. Eg tvilar på at du får innleie noko forhold til han.)
Tone Kroken kan pusse opp stova di! (For min eigen del, er stova rimeleg fersk….., men kan eg no få velge ein annan del av huset…….Meir spesifikt nede ein stad, ja då kan det jo kome på tale.)
Kven kan vel få eit betre år enn at Tone Kroken pussar opp for deg, Peder får forholdet ditt på glid att og Mia Gundersen sørger for at du held DEN glitrande talen i "feiring av nyoppussa heim"-festen? Det må jo vere lykke på jord!
Alt kan skje berre ein sender KK ein e-post med ei eller anna ufatteleg god forklaring på kvifor nett "du" skal vere den heldige. (Kan ein vere så heldig at ein vinn alle tre?….Neppe…..)
KK påstår at dette er fantastiske ekspertar, og står det i KK, ja då stemmer det vel.
(Hmmm…..kjenner eg nokon eg kan sende inn forslag for?? OG ikkje minst- kva er straffa om ein blir avslørt?) HAhahahaa……

Nei, eg pakkar heile bladet bort. Eg skjønner kvifor eg "ga opp" heile prosjektet.
Klokka no er berre halv ni, så det er jo eit hav att av denne kvelden. Kva skal eg finne på når eg allereie  har skrive her? Han Wallander får kanskje ta støyten……. og så har eg vel strengt tatt ting eg må byrje å planlegge. Eg har jo nedtelling til noko spanande. Five days left…… Tjajajaja……. Det kjem alltids ein onsdag og kanskje ein torsdag. Dei egnar seg sikkert til slikt.
No er det lesing med minstemann. Kvalitetstid på sengekanten! Så det er berre å skunde seg så han ikkje må vente.
Uansett, gammal eller ung……ha ein fortsatt super kveld. Nyt sundagskvelden, for i morgon er det ny uke att. :=)

Hasta luego!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar