lørdag 15. mars 2014

Etter å ha drøymt kampoppsett over halve natta til idag (og delvis natt til i går) og etter å ha forbanna heile Vardehorn (eller uansett anna ferge som krysser fjorden her), så har eg funne sofaen og fått stadfesta for meg sjølv at det er deileg å berre strekke føtene ut og ikkje gjere noko som helst.
Ein lang dag er over, lang, men likevel fin. 260 fotballglade born som har berika dagen vår på mange måtar.
Mange foresatte og ungdom som som har vore i sving………. Det er mykje som skal klaffe på ein slik dag, og eg syns vi kom bra ifrå det!
At eg forbannar heile ferga, skuldast at det er vanskeleg å få sydd ihop eit opplegg der eit hav av lag som er avhengige av ferga skal tilretteleggast for. Jaja, "ferga sjølv" skal i alle høve ikkje klage. Dei har gjort sine pengar på denne dagen! Det er ikkje berre, berre å skulle ta unna alle bilane som har vore eit prov på at ting skjer, også her i bygda. Då eg var nede og leverte noko på to-ferga, kom ho seg ikkje frå kai før ti minuttar etter skjemaet.

HAhaha…….Eg har sotte her i alle fall ein halvtime og berre sett ut i lufta. Hjernen evnar ikkje å kome på noko å skrive om. Snakk om skivebom då eg tenkte eg skulle innom for å skrive. Akkurat den tanken vitnar no i alle fall ikkje om særleg høgt nivå innnanfor sjangeren "det å tenke på ein laurdagskveld". Sånn eigentleg var det berre bortkasta energi. Like bortkasta som at eg faktisk sit og skriv enno.
I tillegg er det ein yngre kar som sit og stiller spørsmål om kor mykje 100 820 minus eitt eller anna er. Hallo? Han har verkeleg ikkje forstått at han ikkje vil få noko fornuftig svar i kveld. Det er berre slik det er!
Nei, det er berre å innsjå at det er liten vits i det å stirre på ein skjerm utan målog meining, eller rett ut i lufta for den del. Så då blir det ikkje slik resten av kvelden. No blir det heller heimlaga pizza (sjølvsagt oppvarma frå "farne tider"……..og sløving.
Uansett….Ha ein fortsatt fin laurdags kveld!

Hatsa luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar