mandag 30. november 2009

:=)

Ny uke, nye sjanser.
Føler meg som den husmora for tida. No sitter eg og venter på at bollene skal bli ferdigstekte. Ferske boller er godt!!!
I går laga eg og Steffen pepperkakehus. Minn meg på til neste år at dette var siste gongen!! Det sa eg forresten i fjor også...... Kvart år seier eg at til neste år skal eg ikkje lime huset saman med smelta sukker. Så.....i år som alle andre år er fingrane mine vonde. Får håpe at det ikkje går betennelse i dei. Smelta sukker er VELDIG varmt. Slett ikkje noko å få over fingrane sine. Men, når ein er så dum år etter år, må ein jo berre ha det så godt! Det skjer vel til neste år og.
I morgon skal vi alle 5 hive oss rundt i pepperkakelaginga. Steffen ville vente til ho Dadda og ho søster kommer. Så det blir koseleg. :=)

søndag 29. november 2009

O du herlige....

Så er adventskalenderen kommen seg opp på veggen, julestjerna heng i vindauget, og på kjøkkenet er julegardinene kommet på rett stad. Første sundag i advent..... No ventar speling i kyrkja og julegrantenning på utsida.
Har vel eigentleg lova ein liten kar at vi skal lage pepperkakehus i dag. Håper det blir tid til det før spelinga. Har jo ikkje lyst å skuffe han heller.

Så får vi sjå kva verdensproblem vi klarer å løyse idag. Dei neste dagane vil vel avisene stort sett berre bære preg av at fredsprisvinnaren snart melder sin ankomst. Det er bra ein ikkje bur der sør no. Det blir nok mykje styr. Alt for eit blikk av Obama. Klarer meg godt uten. Er ikkje redd eg skal gå glipp av noko. Alle dei norske kanalane kjem nok til å vere gjennomsyra heile døgeret av ein ting. Heldige Jagland!

Dagen i dag er gårdagens framtid.
Dagen i går er dagens fortid.
Vi veit ikkje kva morgondagen bringer,
men eg håper det er fred i alle heimar.

lørdag 28. november 2009

Laurdag:=)

Det er laurdag, klokka går mot halv fem. Det har vore ein ganske kald dag.
Klokka to var det julegateopning. Musikk til juletregang, julenisse, tipping av høgde på juletre og antall julelys og ikkje minst masse folk. ¨
Det var koseleg, men det var kaldt. Eg fekk jo oppfylt ønsket mitt om at marka skulle vere kvit idag, men likevel hadde ikkje hovudet vore like klår oppi toppen. Det handler om å kle seg etter vèret.....
Steffen tippa at det er 140 lys som henger på treet. (Han kom med talet av seg sjølv). Då offentleggjeringa av svaret kom, viste det seg at det er 136 lys. Snakk om å vere nære:=) Sjølvsagt var det berre ei tilfedigheit at han kom så nære, men det var jo litt gøy. Berre så synd at Einar var der like etterpå, og han tippa 136........ Så då vart det jaggu meg premie til dette huset likevel!!!

Leste på nettet i dag der ein kjenning av meg frå Kvinnherad ba folket i kommunen om å slutte å syte og klage. Alle var så negativ for tida. Eg skreiv ein kommentar der eg poengterte at det sannsynlegvis var slik i dei fleste kommunar, inkludert her. Dei har det nok ikkje verre enn alle andre....... Så eg hive meg med i oppfordringa hans. SLUTT Å SYT!!!!
Det er meir enn nok menneske som syt og klagar kvar dag. Eg har vel eigentleg aldri heilt klart å forstå det der. Har vi det så ille??? Ikkje eg i alle fall! Eg har alltids vore ute for ei eller anna bekymring i løpet av dei åra eg har levd, men eg har då alltid hatt både mat og tak over hovudet til einkvar tid.
Eg kan forstå at dei som har det ille klagar!! Men generelt har dei fleste menneska i Noreg det bra. Det er gjerne dei som har mest som klagar mest og. Eg bruker å tenke at eg har arbeid, eg har familie og folk rundt meg som bryr seg, eg har hobbyar og eg har alt eg treng for å leve. Kvifor i all verda skal eg gidde å bruke så mykje energi på å vere sur for at vi ikkje har det betre?? Det er jo noko som er heilt galt hvis eg skal klage, eg som har det eg treng. Det er ikkje synd i meg om eg ikkje har sjansen til alt her i livet. Egentlig har eg sjansen til kva om helst. Om ein verkeleg vil noko så får ein det til. Hvis fleire hadde brukt energien på ein meir positiv måte ville det vore ein betre plass å vere her nede på "tellus kvintus".
"Gud bedre" eg kan vere sur eg og. Ingen tvil om det!! Men eg tar det ikkje med meg overalt. Det er nok av folk som er sur for eit eller anna, og så tar dei det med seg ut blant andre. Kor er logikken der? Det skal vel ikkje gå ut over alle andre om ein har hatt ein dårleg dag. Om eg er blitt sur heime, skulle eg då vere gorrsur på musikkøving i lag med 30 andre?? Nei.... Alle har lov til å ha dårlege dagar, men er det verdt å la det hengje over seg heile tida?? Kor trist skulle ikkje eg vere om eg aldri smilte eller lo (trur ikkje det kommer ¨så mange av dei dagane):=) Eg hadde nokre slike dager i fjor då pappa var så sjuk. Gudane skal vite at det satte gråe hår i skolten på meg. Bekymringer er ikkje bra. Så dersom ein kan unngå det, bør ein gjere så godt ein kan. Eg skal i alle fall ikkje ha fleire gråe hår på minst 20 år!!! Så eg må nok berre halde meg glad......

Har vel eigentleg gjeve meg sjølv ei utfordring i det eg nettopp sa! Det er no i førjulstida saknet er størst. Eg må gå inn i meg sjølv og sørge for at det ikkje skal ete meg opp innvendig. Eg skal tenke positive tanker "heile tida". Det ville han ha ønska, og derfor må det bli slik. Vi har jo så mykje å vere takksame for!!!!

Tenk, det er snart jul:=) Det er ikkje lenge sidan sist, og no er ho her på nytt. Tenk at nissen kom idag!! Veit ikkje kva tid det er på tide å seie at nissen ikkje finst!??! Kanskje det er meininga at det skal finnast ut på eigenhand? Nokre gleder må dei små få ha. Det er no i alle høve triveleg i desse dagar. Det er på tide å leite fram adventskalenderen. 24 små pakker er pakka inn og ligger der klar for å komme på veggen. Berit Henriksen er fadder på Steffen, og for eit par/tre år sidan laga ho ein kjempeflott adventskalender til han:=) Ho har brukt lappeteknikk.

Ellers så har eg mine tankar og ønsker for den næraste tida. Så attstår det å sjå kva som blir oppfylt eller ikkje. Det er jo lov til å drøyme!! Kva hadde vi vore utan drøymer? Ein treng å satse av og til.......

Ha ein fin laurdagskveld!! I måro er det første sundag i advent og då skal julestjerna opp.

fredag 27. november 2009

Ti over halv tolv......stuptrøtt. Jaja. Det er vel berre å pelle seg iseng. I måro er det julegateopning på torget.
Kvelden har eigentleg gått ganske tregt. Ikkje lenge sidan eg kom inn ifrå ein liten spasertur i regnet. Vèret er ikkje noko hinder for å gå tur. Eg syns faktisk det er deilig å gå tur når det regner. Syns tankane klarnar så mykje lettare då, og så er det så deileg å komme inn etterpå. Litt musikk i øyrene og regnet merkes ikkje.

Går med ein ny song i hovudet i kveld. Trur kanskje den skal få tittelen "I will give you my life in a lovesong". (Det blir sjølvsagt ein ballade). Det er om å gjere den mest mogleg ekte.

Ellers er eg lei av heile x-faktor. Trur ikkje eg gidde å sjå dei tre siste episodane. Det er eigentleg ingen av dei som utmerker seg spesielt på enkelte områder. Så no får eg halde meg til faktorane i mitt eige liv.

Helg!!

Ja, så var det helg på nytt. Det er ganske deilig det:=) I huset er det stort sett stille. Ein ligg og søv og ein ser på barnetv. Sjølv slapper eg av med litt rydding og vasking. Ja, eg kaller det å slappe av! Det går ikkje i noko hurtigtempo. Eg går no rundt her og tar litt etter litt. Akkurat no har eg tatt meg ein liten pause. (På nytt.....).
Ein er vant til å ha mange mennesker rundt seg store deler av uka, og plutseleg blir det helg og så stille. Ikkje at eg klager på det, men det er rart med det. I mitt yrke må ein forhalde seg til andre heile tida. Sånn sett er det deilig å berre sitte her i godstolen og sløve.
Eg er forresten ferdig med "verdas" dårlegaste bok. Ho var ikkje verre enn at eg følte eg måtte lese h0 ut, men akk ja, elendig. Det var kanskje ein underliggandes moral i boka om ein leitar godt, for den var ikkje så gjennomsyra av logikk.
Det er ein familie som skal på hytta og vere i nokre veker i løpet av sommaren. Kvinna skylder på arbeid og lover å komme etter neste dag. Sanninga er at ho skal ligge og knulle på ein ho såvidt har møtt før. Då neste dagen kom, dro ho ikkje til hytta. Ho skyldte på migrene og tok ei ekstra natt med heftige rørsler. Familien hennar bestod av ein heil bunsj av små born, og stakkaren ho hadde til mann måtte klare å ta seg av dei alle heilt åleine. Nesten 400 sider med stakkarslig slit hos ein og heftig sex hos den andre.
Ho røpa seg sjølvsagt over telefonen. Mannen ringte hustelefonen som ho aldri svara på sidan ho ikkje var heime. Smart!!!
Hadde innhaldet vore av ein litt anna karakter, kunne eg ha latt elevane korrekturlest boka. Ingen adverbial i heile boka. Det skal ikkje gå an. 14--åringane i Kjøpsvik kan betre enn det!
Nokon må ha likt boka......for ellers ville den vel ikkje ha blitt utgjeven?? Av og til var den skriven i første person. Så var det plutselig skriven i tredjeperson. Det tok si tid å komme inn i det og skjønne sammenhengen mellom dei to variasjonane, men når eg først forstod det gjekk det greit å henge med i svingane. Likevel.....ingen bok å anbefale. (Ingenting å angre).

Det er fredag, helga er såvidt starta. Så attstår det å sjå kva helga bringer med seg............

torsdag 26. november 2009

Endeleg eit opplegg!!

Det kan sjå ut som om vi i NPC-musikkken skal vere med på "svære" greier. På tide seier eg. Vi snakker storband, helaften osv.... Korps, band og solister. Proffe arrangører i ryggen, ordentleg lys og lyd og heile pakken. Musikken blir skriven for berre oss. Eg forstod det slik at vi skulle hive oss med på det:=) Så no vil eg få eit mål å øve mot. (Trur kanskje eg skal spille akkustisk piano)..... Uansett, det er ti år sidan sist eg hadde sjansen til noko sånt, så det er på tide. No må eg byrje å gje av meg sjølv. Då blir det slutt på å leke musiker, for det er klart det må settes krav til ein viss standard.

Ellers har det vore ein kjempefin torsdag.
Hasta luego!
Så var pepperkakedeigen kommet seg i kjøleskapet. Den må vel ligge der i x antall timer før den kan rullast ut?? På tide å få unna litt baking til jul. Satser på å lage eit pepperkakehus også:=)

Så var det torsdag igjen...... og eg har storøva på kornetten. Not!! Uff, veit ikkje heilt kor tankane har vore den siste uka. Har visst gløymt av at instrumentet står der. Jaja. Det går for det meste i pianospeling i disse dager. Holder på å lære meg "The greatest love of all" med Withney Houston. Ho har berre så fantastisk fin stemme, og i tillegg har ho eit x antall songar som er knallfine. Denne songen er ikkje noko unntak. Trur eg kan den utenat no. Det er forspelet til songen som er finast. Eg kan sitte der og berre spele det om att og om att. Ellers går det i litt jazz. Men det får ingen høyre meg spele. Det speler eg kun om eg er heilt åleine. Eg er jo eigentleg ikkje noko jazz-menneske, men av og til er det litt gøy å spille det likevel.

Steffen liker og å spele. Då går det for det meste i enkle akkorder. Han har jo ikkje så lange fingrar endå, men han er blitt flink. Han har veldig god rytme i kroppen!! Så eg må prøve å vere flink til å utnytte det.

I dag, no nettopp, har eg og Steffen vore hos helsesøstera og tatt pandemivaksinen. Det gjekk berre godt det. Foreløpig er det ikkje kommet nokre syptomar på at ting ikkje er bra. Eg spurte han nettopp om det går bra med armen. Han svarte berre ja og skulle til å sjekke stikket. Han tok då feil arm og sjekka, så det tyder på at han ikkje kjenner noko som helst. Eg håper han ikkje får nokon som helst reaksjon på sprøyta. Det var vel aldri noko alternativ at han ikkje skulle ta ho.
Det er på tide å leite fram kasserollane og få middagen på kok. I dag blir det salt uer. Ikkje akkurat min favoritt, men det har heldigvis ikkje Steffen arva frå meg. Han et alt berre det heiter fisk eller kjøtt. Så bra er det.
Etterpå blir det forhåpentlegvis litt tid til "The greatest love of all" og:=)



tirsdag 24. november 2009

Dagen blei ikkje som forventa...

Dagen i dag blei ikkje akkurat som eg hadde sett for meg. Ikkje det at det gjorde noko. Ikkje hadde eg nokon planar heller..... Då eg kom heim frå arbeid rett før fire, kjente eg at eg var heilt tom i hovudet. Tysdagane er ganske lange..... Akkurat i dag følte eg meg ganske trøtt, så eg såg for meg at det kom til å bli ein riktig så slapp ettermiddag og kveld. Men så feil kan ein ta! Dagen blei vel alt anna enn roleg.

Etter middag klarte Steffen å overtale oss alle til å spele "Robot Jam". Sidan vi var fire spelarar og eg eigentleg ikkje liker så godt å tape, var det berre å gje alt. Steffen blei jo sjølvsagt litt surmulande og sa eg ikkje fekk vere så god, men born har vel godt av å tape innimellom?? Hehehe... Koste meg storveis på toppen av seierspallen eg (eller i rampelyset som dei seier i spillet).


Etter endt speling fekk Steffen det for seg at han ville bake. I lang tid veksla han mellom fleire kakesortar og endte til slutt opp med noko heilt anna....karameller!! Det var berre å hive seg i bilen for å kjøpe det som mangla i huset for at det skulle kunne lagast. Han var jo litt lur då. Karamellane må mora helde seg langt unna! Må og må...... Ja, det er vel best det:=)

Etter ein liten øvelseskøyretur med Helene bar det rett heim i kokinga av sirup og diverse. Det var Steffen som skulle vere kokk. Han har aldri svikta på det området før, men i dag slo han til. Då han skjønna at det å lage karameller betyr å stå og røre i ei gryte i tre kvarter, la han inn årene og overlot det heile til meg. Etterkvart fann han ut at vi kune bytte på det.

Håper det blir lenge til neste gong det ska lagast karameller, for det krevdest visst litt etterarbeid også.

I stadenfor å ete karameller tok eg heller turen ut på ein liten "date" langs veien. Vi gjekk til brenneriet og attende. Sidan vi avtalte å møtes på vegen, var det eit stykke å gå åleine. I dag var det Jahn Teigen som opptok ørene mine. Mange vil sikkert synes at det er kjedeleg å høyre ei låt om att og om att, men av og til bruker eg å gjere det. I dag var det "Det vakreste som finns" som blei repetert x antall gonger. Syns det er greit å høyre på mp3-spelaren når eg går, og så drøymer eg meg heilt bort frå den verkelege verda.! Då er alt akkurat som eg vil ha det.


Dagen har vore alt anna enn roleg, men det har på ein måte vore veldig positivt. Det er godt å ikkje ha nokon planar og berre gjere det som fell deg inn akkurat der og då. I dag har det vore ein slik impulsdag. Akkurat no er klokka elleve og eg kjenner at det å sette seg ned i sofaen gjer at eg kjenner at den positive energien er brukt opp. Det er utroleg godt å sitte her og slappe av. Eg kjenner at det ikkje er lenge før gjespinga tar meg.

Det er kveld
dagen er på hell.
Tankene flyr avgårde,
noen gode andre såre.
Kanskje følger de med inn i drømmen
om å leve en stund på rømmen.
Jeg blir her likevel.

Morgendagen vil komme
vi har ikke vikt oss en tomme.
Vi skulle vært nær,
du skulle vært her.
Det er rart hva mitt hjerte kan romme.

mandag 23. november 2009

.....!

Det er mandagskveld, og klokka går mot halv elleve. Har eigentleg vurdert å gå å leggje meg ei stund no, men det blir visst berre med tankane. Må vel vente til rundstykkane blir kalde så eg får putta dei i frysaren. Eg har vore litt effektiv i dag, og no som det nærmar seg jul må ein vel sørge for å bake litt også!
I stad satt eg her og trudde det var tysdag. Fekk ein liten nedtur då eg skjønna at det berre er mandag. Fann det faktisk ut heilt på eigenhand......:=) Ikkje det at det gjere så store forskjellen på kva dag det er eller ikkje. Trur nok denne uka blir ganske roleg. For ein gong skuld har eg ingen planar i løpet av kvardagane. Vel, må vel arrestera meg litt der. Torsdagen er jo opptatt uansett.
Om det går som eg vil, gler eg meg til fredagen.

No har eg "sløst" bort ei god stund foran denne skjermen. Kanskje på tide å leggje den unna!?! Skulle jo eigentleg berre innom ein kjempesnar tur, og her sitter eg.

I måro blir det nok julekortproduksjon i kjellaren. Skal lage eit spesielt fint eit til Monica, søskenbarnet mitt. Ho er 31 år og har downs syndrom, men ho er verdens beste!!! Tenk, ho bur på Borkenes, og her sitter eg i Kjøpsvik....... Eg burde skamme meg som ikkje tar å ser til ho oftare. Sist eg var med ho var i fjor sommer! Over eit år sidan......og då var det på grunn av at onkel Frank plutseleg forlot oss. Dumt at det er slike ting som skal til for å samle familien. Det er vel eit varsku om å roe seg ned og tenke på kva som er viktig. Monica er viktig!!! Så her og no lover eg meg sjølv at det ikkje skal bli lenge til ho ser meg!!!

God natt og sov godt. Litt kryssord og bok på senga så gjere eg det samme....:=)

søndag 22. november 2009

Just a little question....

Finns det ein mann i denne verda som ikkje ELSKER fotball??? Ein som klarer seg ei heil helg utan United, Arsenal, Bolton, Blackburn, Liverpool og whatever?? Gje han adressa mi!! :=)

Flotte dagen!!!!!

Var litt skeptisk i går då det regna så grasalt. Det har heldigvis ikkje vore standarden for idag. Eg er nett komen heim frå ein kjempefin tur forbi vannverket. Det var utroleg mykje fint å sjå....om ein då tar vekk dei metrane som går forbi søppelfyllinga. Der flyt det , JA!!! Det er heldigvis ikkje det som har brent seg mest fast oppi hovudet mitt.

No er det skistafett på NRK, så får vi sjå kva standard som blir satt for årets skikarar. Litt spennande å sjå på, og litt misunnelse dukkar opp her....vi som ikkje har snø. Håper i alle fall at vi får kvit jul!!
Eigentleg bør det kome litt snø i løpet av den nærmaste uka. Det er jo julegateopning neste helg. Då blir det vel speling på torget og kyrkja som vanleg.

17.desember er det konsert på klubbhuset? Trur det skal vere der..... Foreløpig ser det ut for at det kommer til å bli ein fin konsert. Håper vi får Queen rules klar til då:=) Queen har jo mange bra låter!! Sjølv må eg nok øve litt. Eg var jo borte frå spelinga ein heil månad. Det tar tid å få god amasjør (skrives det slik???) att. Dirigenten vår har funne fram nokre fine arrangement på julesongar. Problemet er at dei går så lyst for min del. Det er berre å øve!!!

Jaja.... Det er vel på tide å få potetane på kok så dei sultne magane får middag. Ellers burde eg vel hive meg rundt å få gjort litt skulearbeid. Med tanke på at det ligger ein bunke noveller, engelskstiler og ett sett med samfunnsprøver og venter så tett oppunder tentamensrettinga, kjenner eg at eg blir reint svett. Håper eg får tid til ein "liten" svømmetur i dag. Fin trim:=)

Denne flotte dagen er enno så ung.......

e-mail-stopp???

Skulle ønske nokon kunne vise meg korleis ein kan slette e-post ein har sendt.......... Av og til sender man ein e-post, og det er greit.....men når ein følger opp med ein teit e-post etterpå, så skulle ein ønska at den var usendt!!! Enkelte ting ligger opp i dagen, men av og til tar det litt tid å fatte det og må absolutt sende informasjon som er totalt unødvendig med tanke på at enkelte ting forstår man utan at nokon fortel deg det.... jajajajaja LOL:=)

Klokka er passert midnatt og det er larurdagskveld, eller natt til sundag....whatever...! Det er vel på tide å finne stien til senga ein burde liggje å sove i. 1,50 m brei!! Akkurat nok til to. Passser heilt perfekt med tanke på at det er stor sjanse for at ein på 5 plutseleg dukkar opp midt på natta. Ikkje snakk om at eg viker plass der!!!!!!! Det er berre å breie seg, så er det ein annan som må karre seg ut av senga og inn på eit anna rom. EG.......overtar ei god og varm dyne!!!!

I kveld har blikket vårt kvilt seg på tv'n og "Skal vi danse". Er glad for at det var Karstein som vant!!Hmmm!!.....Farleg! Eg er visst allereie på førenamnet hans. Han passer godt bar overkropp, så det at han måtte barbere seg der i løpet av programmet var berre eit pluss. Ellers er det jo heller litt mandig at ein mann har litt hår på brystet........ Ikkje at det er så viktig tema uansett!!! As before....whatever:=) MEN er glad Mia Gundersen kun vart nummer to. Eg er absolutt ikkje fan av ho!!! Problemet er at ho er flink å danse. Då passer det perfekt at ho vart nummer to. God til å danse.....nummer to....Bra prestasjon.

Hadde eg skifta kjønn eller vore "tvilsam", kunne eg gått nærmare inn på å beskrive ho, men eg ser nok berre på rumpene til mannfolka!!! (Skreiv eg det?????? Huffda!!).......
Ingenting sjokkerer lenger:=)

I vasken ligg fårekjøttet til tining. Då er sundagsmiddagen sikra:=)

Det einaste som står att er å seie god natt og sov godt.......Kanskje eg må inn og slette dette i måro. Kven veit?? Får sjå humøret an når eg vaknar......Sannsynlegvis er det godt humør og fliring av at eg er så teit i dette innlegget. Då lar eg det sjøvsagt stå som det er!!!!!! :=) Natta!!!

Smask!!!

fredag 20. november 2009

Hmmm......Klokkesletta for innlegga stemmer overhodet ikkje. No er ho 19.28.

Kor blei det av tida??

Kor blei det av tida?? Det er helg på nytt. Det var jo nettopp helg. Klarer ikkje heilt å hengje med i svingane her... Jaja, det er jo sjølvsagt godt med helg. Om eg tenker etter, trur eg eigentleg ikkje at eg har fått utretta så mykje denne uka. Vel, noko må eg no ha gjort, det berre følest ikkje slik.
På onsdag var eg og mala litt på internatet. Om eg skal vere ærleg, kan eg ikkje fatte at det eingong har vore snakk om at det skulle vore komen asylantar allereie. Uavhengig av kva mi personlege meining om asylmottak er, så skal det seiast at om dei kjem ,så må dei kome til forhold det går an å leve i. Hadde dei komt tidlegare så ville det ha vore ei skam. Mykje er fiksa den siste tida, men enno står mykje att før det er leveleg der. Eg går ut frå at dei kommer til å arbeide på spreng og får det ferdig til asylantane kjem. Håper og trur det! (Det heile gjorde meg litt satt ut....Det betyr jo at Hoff og dei ikkje har så store krav til kva dei skal kome til. Godt det er nokon som har satt krav om standard).

Tysdagen var den beste dagen. Det er alltid gøy å avslutte ein "dag" med musikkøving. Tysdagsøvingene er nok litt gøyare enn torsdagsøvingene, men eg er glad eg er med i begge.
To musikkøvinger og ein malarkveld..... Skal vel ikkje klaga på at det ikkje har skjedd noko denne uka. Likevel, det virker som om tida spring i frå meg. Tørr ikkje eingong tenke på korleis det er for dei som er passert 50. Jo eldre ein blir, jo fortare går tida (seies det). Trur eg får halde meg til denne alderen ei god stund først. Om det skal gå fortare så detter eg av lasset.

No er det helg. Eg sitter i godstolen og slapper av. Planar for helga?? Har ingen foreløpig.... Det er eigentleg godt å kunne ta ei helg som den kjem. Neste helg er det julegateåpning. Då er førjulstida igang for fullt. Hmmm! Det var jo nettopp jul!

onsdag 18. november 2009

Et lite dikt.

Jeg vil være det rolige regn
som faller når min elskede har glemt sin paraply.
Jeg vil være den heldige dråpen
som renner langs hans panne.

(Litt omskrevet etter et dikt av Lars Saabye Christensen).

mandag 16. november 2009

søndag 15. november 2009

Klatremus i skogen!!





















I skogen nedanfor hytta har eg laga ei lita tauløype som borna kan leike og utfalde seg i. Her er Steffen i 2.etasjen og klatrer. Er det noko han syns er skøy, må det vere å klatre i trær. (Det har han arva av mor si!! ) :=)



Det har vore ei fin helg. Betre laurdag må ein langt attende for å finne! I fleire timar var vi ute og leika i skogen og på stranda. Dei kuldegradane, som var meldt av dei som liksom skal ha peiling på slikt, kom aldri til Korsnes. Litt vind gjorde likevel sitt til at det var litt kaldt, men ikkje meir enn at vi trossa det. I tillegg til tauklatring har vi fått laga "stige" i eit anna tre. Det fins trær som har greinene sine veldig langt oppe, men som likevel kan sjå fristande ut for klatring. Det har vi gjort noko med!!
Det beste var likevel at Einar var på hyttetaket til nokre naboar fra Bardu for å ta nokre mål av pipa. Vinden tok tak i stigen, og eg var den einaste som kunne gjere noko med det! :=) Først så slo djevelen i meg til, men så vakna eg no til livet og fann ut at det beste var å vere snill.....hehehe... Stigen kom til slutt opp langs veggen til taket. Eg har ein uimotståeleg trang som bygger seg opp innimellom til å ha det skøy. Å vite at han ikkje kunne komme seg ned frå taket utan MI hjelp....ja, om eg skal vere ærleg.....så fryda det meg litt meire enn litt!!!!!!
Litt seinare kom også folka på Herøybua, så då var det duka for sosialt samvær og grilling. NICE!
I dag for vi eigentleg litt tidleg heim. Det var nok årets siste tur. (Kanskje vi feirer nyåret der...vi får sjå). Kjøleskapet og frysaren er i alle fall avrima og vaska.
Etter koseleg ettermiddagsbesøk har det vore skulearbeid som har hatt størst fokus. Er heldigvis ferdig no, så då er det tid for å lese litt i romanen min før eg legg meg. Eg syns framleis at det er rart at eit forlag har gått med på å gje den ut. Den inneheld ALT det eg lærer elevene at dei ikkje skal ha med. Og kommafeil??...........fleire hundre. Korrekturlesing er visst eit gløymt kapittel. Det einaste som er bra er at forfattaren klarer å skrive ein heil roman som berre gå over to døger. Jaja...... Kommer ikkje til å anbefale den for ungdommen:=)
Hasta luego!

fredag 13. november 2009

Helg!!

Endeleg er det helg!! Endeleg er det hytta!!!
Har ikkje vore på hytta på aldri så lenge..... Gjett om det skal bli delilig!?! Gler meg om ein liten unge. Eg liker godt å vere på hytta! I tillegg ser det ut som om vèret slår til. Fantastisk. Ingenting er som ei flott helg på hytta.
Den som gler seg mest, er Steffen!! Han hadde ikkje lyst å vente heilt til idag. Han har masa om å få fera på hytta lenge no! Grilling på hytta overgår alt:=)
Ei fin kvardagsuke er over og no er det helg. Måtte alle få fine dagar!

GOD HELG!!!

mandag 9. november 2009

Fear factor!!!

X-faktor, xtra-faktor, solfaktor, faktorisering........No har vi jaggu meg fått "Fear factor" også!!! Det er ikkje måte på kor mange faktorar vi skal oppleve. Må berre sei det, dagens høgdepunkt må vere den lille halvtimen av dette døgeret eg såg på tv'n. Det var til og med på ettermiddagen. (Skal ikkje tv'n eigentleg vere av då??). Uansett....Fy flate. Adrenalinkick, spenning, mageomveltning, frysninger....say no more. FFFF. Har ALDRI så mykje som høyrt om programmet "Fear factor" før. Ikkje har eg tenkt å sjå det fleire gonger heller, men er likevel mållaus. Folka som er med er rett og slett gal!!!!! Eg hadde jaggu meg glidd rett i i ei rolle der! Digg:=)

Poenget er at det skal vere 4 lag me to bestevenner på kvart lag. Tillit er grunnen til det...og det trengs! Kjenner at eg vil seie fy flate etter kvar setning, men skal prøve å begrense meg. Eindel tester må bestås før vinnerlaget stikker av med 50 000 dollar. Først var det ei dykkeoppgave som var ganske så utfordrande (berre eit lag fulførte), men ingen kunne ryke ut då. Neste dag skulle dei ha ei blodigle-oppgåve. Den eine måtte ha på seg blindebriller og dykke med hodet ned i eit kar med fleire tusen blodigler. (Creepy).... Det var om å få flest mulig inn i munnen, springe bort til ein vegg (i blinde) og spytte blodiglene gjennom eit lite hull i veggen og inn i munnen på lagkammeraten. Så var det å få dei vidare til ein bolle lengre bort i lokalet. Kven klarte å få samla flest blodigler i løpet av 2 minutt?? Trur vinnerlaget klarte heile 212 blodigler. Ekkelt!!!!!
Eit av laga måtte heim. Dei klarte berre å frakte 58 blodigler via munnen. Hm....Lite!
Siste dagen måtte dei springe på ein trommel som gjekk rundt og rundt, fortare og fortare 60 m oppe i lufta. Det var om å ikkje falle av. Vinnarane av denne dagen ville sitje att med premien.

søndag 8. november 2009

Rastlaus....

Klokka er 19.50 og eg kjeder meg. Huset har vore fullt heile helga, men alt av besøk er reist, så det blei plutseleg så stille. Steffen sover og eg sitter her og lager kort. Har laga meg nokre snømenn som skal malast og pryde deler av julekorta i år. Kreativ!!! Mest av alt har eg eigentleg lyst å ta meg ein tur ut i den "friske" lufta. Er det ingen som vil gå tur i kveld???
Ikkje har eg lyst å sjå tv, boka har eg allereie lest eindel i. Sikkert bortimot ein time..... Ingenting å angre heiter den. Skal skrive bokomtale om den seinare. Har allereie mykje klart for meg når det gjelder den!
OG DER ringte det på døra......Einar roper ned til meg at vi har fått besøk. Det er vel berre å gløyme heile spaserturen som eg vil ta......jaja.

lørdag 7. november 2009

Senil.......

Skreiv om x-faktor tidlegare. Eg gløymde å ta med det siste men viktigaste avsnittet!!! Veit ikkje om det er alderen eller.......
Uansett. Slik skulle det ha sett ut:
Eg treng ikkje nokon med x-faktor rundt meg. Eg er nøgd som vi har det. Tror alle koser seg på øving!!
Så var det sagt:=)

No treng eg berre hjelp med å lage komp/melodi til den nye teksten eg har skreve. Ser for meg litt DDE-stil?? Har for det meste skreve ballader før, så eg fekk plutseleg ei utfordring når eg no prøvde meg på noko anna. Hadde eg vore betre på gitar, ville det vore enklare. :)
Her er teksten:'

FORELSKA
Lørdagskveld på lokalet.
Festen e' i gang.
Øl og vin på bordet.
Kvelden den blir lang.

I kroken, ja, der sitt du
i din flotte positur.
Men min vei ser du ikkje.
Æ trur æ trør en tur.

Refr: Æ e' forelska, håplaust forelska,
men mest naiv og dum.
Æ burde ta til vettet.
Ikkje tru at det går an.
Om æ fortsett blir æ såra,
for det e' nok ingen sjangs,
for at du skal kall mæ kjærring,
og æ kall dæ for mann.

Alt for full det blir æ,
æ må drekke mæ til mot.
Avslaget sett dypt i mæ
når æ ber om dansefot.

Oppi hodet raser ubalanse,
ut kjæm stygge ord.
Neste dag så angre æ
på alt det som æ gjor.

Refr: Æ e' forelska, håplaust forelska,
men mest naiv og dum.
Æ burde ta til vettet.
Ikkje tru at det går an.
Om æ fortsett blir æ såra,
for det e' nok ingen sjangs,
for at du skal kall mæ kjærring,
og æ kall dæ for mann.

X-FAKTOR.

Om du spør majoriteten her i bygda, trur eg ikkje det er mange som ville ha svart at dei har x-faktor. Ein ting er å ha det, ein annan ting er å skjønne at ein har det og tørre å seie det. Eg kjenner fleire som har potensiale. Problemet er at dei manglar det å tørre å slå se laus utan å vere redd for kva andre tykjer.
For å ha x-faktor må ein tørre å gjere det samme som ein tørr etter eit par drammar. Om ein klarer å ha positiv energi og utstråle den til publikum utan noko innabords, er det større sjanse for at ein er "velsigna" med x-faktor. Sanninga er vel ikkje så langt unna om eg tippar at mange syns det hjelper på med ein liten dram for å roe nervene..... Sidan det er så mange som syns det, er det vel eit faktum at det fungerer og. Ellers ville ein vel ikkje gjere det om att og om att??

Sjølv er eg ikkje redd for å feile. Eg har vel aldri tatt meg sjølv så høgtideleg. Det er ikkje i nærleiken av det å ha x-faktor, men poenget er vel mest for å påpeike at dei som har potensiale bør prøve det samme.
Mange har så lyst, men likevel har dei sperrer. Ein treng ikkje vere god til å syngje for å ha x-faktor. Eg trur x-faktor er knytta til om du har det når du framfører noko uansett art. Det kan vere ein tale, ein vits, song, instrumentspeling og ellers mykje anna!
Eit band stiger i rang om det er nokon med x-faktor med. Difor tenkte eg at eg skulle prøve å skrive litt om korvidt bandet "mitt" har x-faktor. Då tenker eg sjølvsagt på menna! For gudene skal vite at det er god blanding.
5 menn! Alle er dei flinke og alle glimtar dei til inni mellom. Men dugleiken deira kjem ikkje ordentlig fram via glede. Det vil seie at alle elsker å spele, men det ser berre ikkje slik ut. Det er nettopp kjærleiken dei har for musikken som bør kome fram.Så eit framtidig mål må vere at denne såkalla kjærleiken skal kome fram i form av "attitude". "Attitude" er ikkje x-faktor, men må likevel sjåast i samanheng med det. Ingen "attitude" - ingen x-faktor.

Ein av dei ville glidd rett inn i rolla som ein av Beatlesgutta. Stilen er ganske så lik. Måten han står på og speler...... Trur kanskje han er Beatlesfan og! Forutan det er han nok også litt "Hippie wannabe". Han har potensiale der, men ikkje nok til at han har x-faktor.

Å elske å vere i sentrum burde vel eigentleg også bety at utstråling er tilstades i høg grad. Om ein liker å vere midtpunkt, nyttar det ikkje å spele bra medan ein berre står der rett opp og ned utan eit blikk på publikum. Då fanger ein ikkje augeblikket. Å ha såpass sjølvtillit at ein kommuniserer med dei ein speler for, ja, då kan ein nå langt. Vi har ein som liker å vere i sentrum. Her må "attituden" opp.

Eit anna ytterpunkt er ein som gjer uttrykk for at han ikkje ønsker å vere i sentrum. Likevel er han nødt til å vere det ein god del. Han gjer vel eigentleg uttrykk for at han ikkje er så god, når han veit at sanninga er noko heilt anna. Mi personlege meining er at han ønsker å vere der, men vil ikkje vere den som brautar seg fram. Han lærer gjerne opp dei andre og viser dei korleis dei skal spele soloar i stadenfor å berre ta dei sjølv. Han har ofte glimt i auga på øving. Bør ta det med seg i evnt. spelejobbar.I tillegg må han stenge nervene ute. Det gjeld forresten dei alle.

Når ein har spelt eindel år, burde ein klare å lausrive frå ark med akkordar og slikt. Musikk er logikk, kjensler (det å føle seg fram), naturleg og det er formidling. Å bli betre på dette området vil utvilsamt gjere ein av gitaristane til ein mykje betre musiker.Han har tildels evnen til å vise publikum at han liker å spele. Årsaken til det er gliset og knebøyen han tar innimellom. Det sprer humør....

Alt i alt vil eg påstå at ingen av dei har x-faktor. MEN!! Det betyr ikkje at det ikkje finst potensiale. Om eg hadde fått lov til å bruke litt tid på det personlige til kvar enkelt musiker og tvinga dei til å tenke på korleis dei speler og ter seg, trur eg at stor framgang ville vere å spore. Men det er tidkrevande og ein får mindre tid til anna.
Trur kanskje ikkje ein skokk med menn,som speler slik dei har gjort i 40 år, syns det ville ha vore så skøy me instruksjon frå ei som ikkje er halvvegs i livet. Det beste vil vere å la vere å spørre.

tirsdag 3. november 2009

Advent???

Ein skulle tru at det snart er jul..... Eller, det er jo det, men ikkje så kjempenært. Det er sikkert eit par uker sidan eg oppdaga at adventskalenderen var komen i butikkhyllene. Er det ikkje meininga at det er borna som skal ha dei?? Kanskje ikkje... I så fall ville det jo vere teit å kjøpe ein allereie no, berre for at borna skal glo på den i over ein månad. Julemarsipanen er og komen. Nidar er vel ikkje større enn at dei er avhengig av å selge jule- og påskeprodukter det meste av året for å få det til å gå rundt!
Nei, når det blir desember og snøen kjem, ja då skal eg kjøpe julegodter. Adventskalenderen må dei no berre ha for min del. Eg er ikkje ein av kundane der. Eg lager heller eigen. Tror kanskje eg skal legge inn nokre "aktivitetsgaver". Noko som tvinger meg til å setje av tid til kvalitetstid. Ingen dum idè!

mandag 2. november 2009

Svigermor på besøk.....

Det finnes jo eigne ordtak om svigermødre....... Av ein eller anna grunn så har den "myten" oppstått. Her i huset har ikkje det vore noko problem. Svigermor til "Einar" er ikkje av den værste sorten. Likevel...... Onsdsag kjem ho. I dag ved middagsbordet byrja han plutselig å snakke om at huset måtte vaskes. Det er ikkje mange dagane sidan sist, men joda, huset måtte vaskes. Eg tenkte meg litt om, og etterkvart skjønna eg jo årsaka. Eg prøvde å overbevise han om at det sikkert gjekk bra om det ikkje dufta grønnsåpe i samme augneblikk ho entrar døra. Plutselig var det å bortforklare seg..... Neida, då var det ikkje det som var grunnen. Så då måtte eg spørre han om kor mange gonger han hadde spurt om vi skulle vaske huset på ein mandag dei siste ti åra.
Han var jo litt søt då.... For å vere grei heiv eg meg rundt og vaska litt. Så nå kan mamma trygt komme på besøk på onsdag. Ho vil ikkje i alle høve ikkje døy av overflod av støv!!