fredag 20. november 2009

Kor blei det av tida??

Kor blei det av tida?? Det er helg på nytt. Det var jo nettopp helg. Klarer ikkje heilt å hengje med i svingane her... Jaja, det er jo sjølvsagt godt med helg. Om eg tenker etter, trur eg eigentleg ikkje at eg har fått utretta så mykje denne uka. Vel, noko må eg no ha gjort, det berre følest ikkje slik.
På onsdag var eg og mala litt på internatet. Om eg skal vere ærleg, kan eg ikkje fatte at det eingong har vore snakk om at det skulle vore komen asylantar allereie. Uavhengig av kva mi personlege meining om asylmottak er, så skal det seiast at om dei kjem ,så må dei kome til forhold det går an å leve i. Hadde dei komt tidlegare så ville det ha vore ei skam. Mykje er fiksa den siste tida, men enno står mykje att før det er leveleg der. Eg går ut frå at dei kommer til å arbeide på spreng og får det ferdig til asylantane kjem. Håper og trur det! (Det heile gjorde meg litt satt ut....Det betyr jo at Hoff og dei ikkje har så store krav til kva dei skal kome til. Godt det er nokon som har satt krav om standard).

Tysdagen var den beste dagen. Det er alltid gøy å avslutte ein "dag" med musikkøving. Tysdagsøvingene er nok litt gøyare enn torsdagsøvingene, men eg er glad eg er med i begge.
To musikkøvinger og ein malarkveld..... Skal vel ikkje klaga på at det ikkje har skjedd noko denne uka. Likevel, det virker som om tida spring i frå meg. Tørr ikkje eingong tenke på korleis det er for dei som er passert 50. Jo eldre ein blir, jo fortare går tida (seies det). Trur eg får halde meg til denne alderen ei god stund først. Om det skal gå fortare så detter eg av lasset.

No er det helg. Eg sitter i godstolen og slapper av. Planar for helga?? Har ingen foreløpig.... Det er eigentleg godt å kunne ta ei helg som den kjem. Neste helg er det julegateåpning. Då er førjulstida igang for fullt. Hmmm! Det var jo nettopp jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar