søndag 15. november 2009

Klatremus i skogen!!





















I skogen nedanfor hytta har eg laga ei lita tauløype som borna kan leike og utfalde seg i. Her er Steffen i 2.etasjen og klatrer. Er det noko han syns er skøy, må det vere å klatre i trær. (Det har han arva av mor si!! ) :=)



Det har vore ei fin helg. Betre laurdag må ein langt attende for å finne! I fleire timar var vi ute og leika i skogen og på stranda. Dei kuldegradane, som var meldt av dei som liksom skal ha peiling på slikt, kom aldri til Korsnes. Litt vind gjorde likevel sitt til at det var litt kaldt, men ikkje meir enn at vi trossa det. I tillegg til tauklatring har vi fått laga "stige" i eit anna tre. Det fins trær som har greinene sine veldig langt oppe, men som likevel kan sjå fristande ut for klatring. Det har vi gjort noko med!!
Det beste var likevel at Einar var på hyttetaket til nokre naboar fra Bardu for å ta nokre mål av pipa. Vinden tok tak i stigen, og eg var den einaste som kunne gjere noko med det! :=) Først så slo djevelen i meg til, men så vakna eg no til livet og fann ut at det beste var å vere snill.....hehehe... Stigen kom til slutt opp langs veggen til taket. Eg har ein uimotståeleg trang som bygger seg opp innimellom til å ha det skøy. Å vite at han ikkje kunne komme seg ned frå taket utan MI hjelp....ja, om eg skal vere ærleg.....så fryda det meg litt meire enn litt!!!!!!
Litt seinare kom også folka på Herøybua, så då var det duka for sosialt samvær og grilling. NICE!
I dag for vi eigentleg litt tidleg heim. Det var nok årets siste tur. (Kanskje vi feirer nyåret der...vi får sjå). Kjøleskapet og frysaren er i alle fall avrima og vaska.
Etter koseleg ettermiddagsbesøk har det vore skulearbeid som har hatt størst fokus. Er heldigvis ferdig no, så då er det tid for å lese litt i romanen min før eg legg meg. Eg syns framleis at det er rart at eit forlag har gått med på å gje den ut. Den inneheld ALT det eg lærer elevene at dei ikkje skal ha med. Og kommafeil??...........fleire hundre. Korrekturlesing er visst eit gløymt kapittel. Det einaste som er bra er at forfattaren klarer å skrive ein heil roman som berre gå over to døger. Jaja...... Kommer ikkje til å anbefale den for ungdommen:=)
Hasta luego!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar