lørdag 7. november 2009

X-FAKTOR.

Om du spør majoriteten her i bygda, trur eg ikkje det er mange som ville ha svart at dei har x-faktor. Ein ting er å ha det, ein annan ting er å skjønne at ein har det og tørre å seie det. Eg kjenner fleire som har potensiale. Problemet er at dei manglar det å tørre å slå se laus utan å vere redd for kva andre tykjer.
For å ha x-faktor må ein tørre å gjere det samme som ein tørr etter eit par drammar. Om ein klarer å ha positiv energi og utstråle den til publikum utan noko innabords, er det større sjanse for at ein er "velsigna" med x-faktor. Sanninga er vel ikkje så langt unna om eg tippar at mange syns det hjelper på med ein liten dram for å roe nervene..... Sidan det er så mange som syns det, er det vel eit faktum at det fungerer og. Ellers ville ein vel ikkje gjere det om att og om att??

Sjølv er eg ikkje redd for å feile. Eg har vel aldri tatt meg sjølv så høgtideleg. Det er ikkje i nærleiken av det å ha x-faktor, men poenget er vel mest for å påpeike at dei som har potensiale bør prøve det samme.
Mange har så lyst, men likevel har dei sperrer. Ein treng ikkje vere god til å syngje for å ha x-faktor. Eg trur x-faktor er knytta til om du har det når du framfører noko uansett art. Det kan vere ein tale, ein vits, song, instrumentspeling og ellers mykje anna!
Eit band stiger i rang om det er nokon med x-faktor med. Difor tenkte eg at eg skulle prøve å skrive litt om korvidt bandet "mitt" har x-faktor. Då tenker eg sjølvsagt på menna! For gudene skal vite at det er god blanding.
5 menn! Alle er dei flinke og alle glimtar dei til inni mellom. Men dugleiken deira kjem ikkje ordentlig fram via glede. Det vil seie at alle elsker å spele, men det ser berre ikkje slik ut. Det er nettopp kjærleiken dei har for musikken som bør kome fram.Så eit framtidig mål må vere at denne såkalla kjærleiken skal kome fram i form av "attitude". "Attitude" er ikkje x-faktor, men må likevel sjåast i samanheng med det. Ingen "attitude" - ingen x-faktor.

Ein av dei ville glidd rett inn i rolla som ein av Beatlesgutta. Stilen er ganske så lik. Måten han står på og speler...... Trur kanskje han er Beatlesfan og! Forutan det er han nok også litt "Hippie wannabe". Han har potensiale der, men ikkje nok til at han har x-faktor.

Å elske å vere i sentrum burde vel eigentleg også bety at utstråling er tilstades i høg grad. Om ein liker å vere midtpunkt, nyttar det ikkje å spele bra medan ein berre står der rett opp og ned utan eit blikk på publikum. Då fanger ein ikkje augeblikket. Å ha såpass sjølvtillit at ein kommuniserer med dei ein speler for, ja, då kan ein nå langt. Vi har ein som liker å vere i sentrum. Her må "attituden" opp.

Eit anna ytterpunkt er ein som gjer uttrykk for at han ikkje ønsker å vere i sentrum. Likevel er han nødt til å vere det ein god del. Han gjer vel eigentleg uttrykk for at han ikkje er så god, når han veit at sanninga er noko heilt anna. Mi personlege meining er at han ønsker å vere der, men vil ikkje vere den som brautar seg fram. Han lærer gjerne opp dei andre og viser dei korleis dei skal spele soloar i stadenfor å berre ta dei sjølv. Han har ofte glimt i auga på øving. Bør ta det med seg i evnt. spelejobbar.I tillegg må han stenge nervene ute. Det gjeld forresten dei alle.

Når ein har spelt eindel år, burde ein klare å lausrive frå ark med akkordar og slikt. Musikk er logikk, kjensler (det å føle seg fram), naturleg og det er formidling. Å bli betre på dette området vil utvilsamt gjere ein av gitaristane til ein mykje betre musiker.Han har tildels evnen til å vise publikum at han liker å spele. Årsaken til det er gliset og knebøyen han tar innimellom. Det sprer humør....

Alt i alt vil eg påstå at ingen av dei har x-faktor. MEN!! Det betyr ikkje at det ikkje finst potensiale. Om eg hadde fått lov til å bruke litt tid på det personlige til kvar enkelt musiker og tvinga dei til å tenke på korleis dei speler og ter seg, trur eg at stor framgang ville vere å spore. Men det er tidkrevande og ein får mindre tid til anna.
Trur kanskje ikkje ein skokk med menn,som speler slik dei har gjort i 40 år, syns det ville ha vore så skøy me instruksjon frå ei som ikkje er halvvegs i livet. Det beste vil vere å la vere å spørre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar