søndag 29. september 2013

Derfor tar norske menn botox. Overskrifta framstiller det heile som om at norske menn ligger på toppen når det kjem til slikt. Ikkje veit eg, men det er sikkert andre land som er like "ille".

Botox, middelet eg alltid kjem til å skugge unna. Kva er det som er så viktig i forhold til utsjånaden at ein treng å fylle seg med slikt? Er forfengelegheit åleine eit bra argument?
Det er i alle høve ikkje berre av di enkelte har hatt dårleg sjølvbilete i form av at enkle kroppsdeler/stader har vore gjenstand for negativ merksemd av andre.
Eller.......Det veit jo ikkje eg noko om, men eg veit fleire "flotte" menn gjer det for å perfeksjonere seg. Menn som har draget på det motsatte kjønn. Menn med stålsjølvtllit. Menn som er opptekne av detaljar. Blant anna...........

No sa ikkje eg at alle som tar botox ser sånn og sånn ut. Eg sa at eg veit fleire menn......... Eg vil tru at det fins fleire av dei enn dei eg kjenner til.
Glatte panner og glød i huden.... Høyres fint ut, det.

I følge Vg nett er det ein som har ytra at han ser hakket meir alvorleg ut enn han sjølv meiner han er. Han ønsker "sjølvsagt" ikkje å sjå så alvorleg ut og difor har botox vore eit alternativ.
Dette er hans årsak, men det er 12 000 andre menn som også har fått utfrt eit inngrep på denne måten.
Så spørs det..... Er 12 000 eit høgt tal?

Kven er så denne urbane botoxmannen?
Kjelder vitnar om at det er menn mellom 40 og 60 år. Kan det då vere snakk om ei midtlivskrise?
I just wonder..... Kan hende eg bommar totalt.
Høgare inntekt og sosiale lag......wow....... Om ein er ein del av det øvre laget av sosieteten, ja då må ein jo sjølvsagt ta seg godt ut! Kan ikkje dukke opp på ein fest med ei rynke midt i panna. Det er jo full krise!
Tenk om heile fagseminaret blir øydelagt av at alle som lyttar blir trøytte og held på å slukne av di dei har vore så opptatt med å sjå på den der hersens rynka istadenfor å følgje med på sjølve innhaldet av det som blir beretta i salen.

Når det kjem til dei under 28, er marjoriteten homofil eller metrofil. (Ikkje min påstand, men ifølge ei undersøking, er det dette som har kome fram.)
Kva er så metrofil?
Det er slett ikkje eit ord eg høyrer så ofte, men eg har vore borte i det ved eit par høve. Metrofil..... Om du er metrofil, betyr det ikkje verre enn at du er veldig motebevisst. Då heng du gjerne i miljø der det er akseptert å vere det.
Andre stader kan du bli oppfatta som noko anna enn det du ønsker. (Like born leker best.)

Businessmenna blir sendt av kjerringene sine! Hahahahaha....... Stakkars menn! Kjerringene er ikkje nøgd med dei og krev at dei får gjere noko med det! Thihihihi.......
Kanskje dei berre gifta seg for pengane si skuld? Kven veit?

Snekkarar og arbeidsklassemenn hiv seg visstnok ikkje med på bølgja. Kvifor ikkje, er det vel strengt tatt ingen som veit, men det kan jo sånn aller hurtigast virke som om det er dei som er dei mest fornuftige i denne verda?! Hahaha......
Så å tru at dei som er så forbarska rik er komen dit dei er av di dei er så smart........ Jaujau.....
Smart på enkelte område, kanskje........

Med andre ord så bruker ikkje bonden på Løten Botox!!

Botox meg her og botox meg der. Eg gjer meg no katta...Berre eg sjølv slepp å forhalde meg til det.
Då trur eg ar eg hadde sprunge.....og aldri snudd meg!

Kva i alle dagar er det som skjer med samfunnet rundt oss? Det virker som om at det er knivstikking nesten kvar einaste dag. I alle fall kvar helg......og i stor prosentgrad er det "kompiser" som kvivstikk kvarandre under fest. Jeeeeeezes....... Det er nesten som om at det er heilt normalt blant unge menn.
Har samfunnet kommet så "langt" at ungdom ikkje lærer å beherske seg om dei får litt motgang? At dei ikkje klarer å beherske seg om dei blir litt provosert?
OG ikkje minst......Kvifor er kniven i det heile tatt med på fest?
Eg tvilar på at det er snakk om at dei snik seg inn på kjøkkenet til den dei er hos og hentar seg ein smørkniv.
Er det biverknadar av valdsspel som har byrja å gjere seg gjeldande?

Det er jo ikkje akkurat til å stikke under ein stol at dagens unge ser mykje på valdsfilmar og speler mykje ulike valdsspel. (Akkurat det siste gjeld no mest sannsynleg ganske langt ned i alder!)
Eg veit ikkje ein tøddel om årsaka til at det er blitt sånn, men det er jo klart at eg tenker mitt. Så det er vel ikkje så dumt av oss foresatte om vi har eit ekstra auge til kva borna våre held på med med tanke på tv og data.

Minecraft.......EIt spel eg veit speles av 8-9-åringar. Eit spel mange vil hevde er ganske så uskuldig. No er det peika ut som "syndebukk" etter at det har vore eit våpendrama på ein borneskule. Er det då rart at ein set spørsmålsteikn ved dei spela og filmane som er vesentleg verre enn Minecraft?
Minecraft, eit spel som handlar om å beskytte seg mot zombiar.
Det er ikkje alltid like lett for born å skilje mellom røyndomen og det som skjer i dataverda. Slik er det berre.
Enkele er sjølvsagt meir disponerte for slikt enn andre.

Spelet har faktisk mange moglegheiter som gjer at norske skuler har brukt de,t i tillegg til at det har blitt brukt som behandling av born med aspergers.
Med andre ord er det snakk om eit ganske bornevenleg spel og likevel er det no blitt omtala som "syndebukk" av di det har vore ein episode der ein niåring har levd seg sånn inn i spelet at han har lata som om at han var ein av "personane" i spelet og følgeleg tatt med seg våpen på skulen.

Sjølv sit jomfrua og har eit halvt auge på tv´n medan ho skriv........ Det er i alle fall skyting med i programmet, så det spørs om ho blir tilstrekkeleg påverka. Vi får satse på at det går bra denne gongen også!

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!
Hasta luego!

Dagens mest givande aktivitet........... :=) 

IWALY!!




fredag 27. september 2013

To menn skal ha blitt så sinte at de slepte en mann etter bilen flere kilometer. Jaja, enkelte er rett og slett crazy! et
Ein heeeeilt normal reaksjon på ein krangel (på nachspiel).
Moralen er kanskje at ein ikkje bør krangle på nachspiel, for elles kan det gå deg ille! Joda...........

Kommunen ville innføre kleskoder, men nå har politikarane satt foten ned. Kanskje dei hadde tenkt at det ville vere greit om mannen bak skranken i rådhuset hadde på seg eit flott skjørt, eller at .......

Det handlar i bunn og grunn om at dei ømska å forby bruk av korte skjørt, magetoppar og utringning.
I enkelte tilfeller kan ein faktisk forstå det.
Sjølv om det i utgongspunktet er ein sjølv som avgjer kva klede ein ønsker å ha på seg, er det ikkje å stikke under ein stol at enkelte tar den litt fort langt.
Det er ikkje nødvendig å ha brystene utildekka berre for å få all merksemda retta mor herlegdomen sin. Det er ikkje nødvendig å kome i det kortaste skjørtet du har heller. (Sjølvsagt kjem det an på kor du jobbar.)

Jobbar du i eit yrke der du skal møte mange andre menneske, er det særs viktig før ein tek på seg slike klede.
Det er likevel (burde i alle fall vere det) teit om ein treng å gå så langt som å vedta reglar for det.
Då må ein heller tørre å seie ifrå til den/dei det gjeldog sjå om det ikkje hjelper.

Hadde no ein eller annan av "gammelkaran" på skulen troppa opp i miniskjørt og djup utringning slik at vi hadde fårr innsyn rett i hårmanken dei har på brystkassa............... Uff.........
Så kunne ei gått rett foran oss og vrikka fint på stompen og sjå om vi reagerer.
Det ville vore "likestilling", det! Berre skjørtet er langt nok til å dekke dei edlare delane, så er det vel greit?!
Jaja, eg trur kanskje det blir oppstyr den dagen dei dukkar opp i ein bikini, og då ikkje på ein positiv måte. (Det skal liksom vere litt fritt for hår langs bikinilinja..... Det er ein årsak til at små speedotruser ikkje er kult!

Dagens beste.......Det har vore innbrot hos gullsmeden der oppe i Bardu. Glupe som tjuvane var, fekk dei med seg ei heil eske med ringar.
Berre så synd at den innehaldt prøveringar, noko som seier at det dei har fått med seg er av null verdi.
Med andre ord betyr det vel at det er nokre sjeler som ergrar seg veldig i kveld.

Viss du har har fått med deg saka og studert biletet frå ranet, såg du kanskje at det var sånne der "Norcem-hanska" dei hadde på fingrane! Kanskje det er nokon kjenningar? Thihihi.......

Nei, det er vel mange som brukar slike hanskar, men det berre slo meg.........

Polhunden Tutta(!) kan avsløre polkundar med falsk leg og det er faktisk inga aprilspøk. Hunden er trena opp til å avsløre nervøse kundar. Hehehe........ Det er nesten som om at eg får lyst til å teste det. Berre så synd at straffa gjer at det ikkje er verdt det.
Ikkje det at eg har svaret på korleis eg skal klare å lage eit falskt identitetskort som seier at eg er gamal nok til å kjøpe sprit og samtidig vite at eg skal klare å bli nervøs...
Skulle det vere ein smarting som spør meg etter legitimasjon i desse dagar, trur eg kanskje han har store synsproblemar og eg veit ikkje om eg faktisk ville ha blitt smigra eller ikkje.
EG trur heller eg ville tatt det som årets spøk.

Straffen er alt frå bot til fengsel, så det er kanskje ein idè at ein ventar til ein når rett alder!

Før gikk smågutter i kjole. Hva skjedde? What? Er det tilfelle? Det forbauser meg ikkje....... Rosa var ein gutefarge! Jaujau, fru Blom.

Kjønnsdeling av småborn er ganske så modernisert. Det er ikkje så altfor lenge sidan at det ikkje var slik som det er i dag.
Det er først i etterkrigstida at folk byrja å sjå behovet for ei viss kjønnsdeling. (Ei god ei, spør du meg.)

Hvis jeg prøver å glemme rumpa og puppene, er jeg ganske pen. Trist......... Tenåringsjenter rundt om i dette landet bruker meir tid på utsjånaden sin enn det dei gjer på lesing og lekser tilsammen.
Det betyr dermed at kva som er viktig i livet, ja det er definert på ein heilt annan måte i dag enn tidlegare tider.

Vi har nok ein kultur der kroppsfokuset berre blir større og større. Samfunnet er blitt ganske utseendefiksert og seksualisert. Dette skaper eit usunt press på ungdomen!

Sjølv tenker eg mest at det må vere slitsamt å måtte stå opp grytidleg, berre for at ein skal få nok tid på badet. Å sminke seg i over ein time er ikkje noko som er særleg uvanleg i desse dagar.
Eg kan garantere deg at hos meg så vinn dyna glatt.
Aldri i verda om eg står opp ein time tidlegare for å narre folk til å tru at eg er så mykje finare enn eg er.
Take me as I am, seier eg berre.
I alle fall overlev eg det og då er det vel ikkje såååå viktig.

Vel, no er det nok rumpa og puppene menn først legg merke til (i stor grad, for det fins nok unntak der også.) Så det spørs om det er nok med eit søtt andlet. (Med mindre du har dådyrauge som ingen kan motstå. Det kan skje det også.......)

Å ikkje vere i stand til å vise seg utandørs om ein ikkje sminkar seg, er i høg grad eit svakheitsteikn.
Ein kan liksom ikkje la vere å nå skulen eller arbeid av di ein har forsove seg og berre har ein time på å kome seg ut av huset.
Enkelte får jo djup krise om det skjer og vel faktisk å kome for seint foran det å sminke seg litt mindre og faktisk nå det ein skal.

Klokka er jaggu meg blitt mykje i kveld også. At ein aldri lærer. Jaja...Det er berre om å skunde seg i seng og få bretta over seg dyna og sove.
Drøyme søtt........... Så ha ei fortreffeleg natt!

Hasta mañana!

IWALY!!!!

torsdag 26. september 2013

Frøken Knutsen har akkurat pakka bort skulesakene og tatt kveld. Denne uka har det visst vore kveldsarbeid kvar einaste kveld, så eg tenker det er ein liten kar som syns det er dumt at mora ikkje har tid til han.
Helga får veie opp for det, for det blir nok arbeid i morgon kveld også.

Mange lærarar opplev ofte at dei må forsvare seg når det kjem til lang sommarferie. Dei aller fleste gongene kjem det frå folk som antar. Antar at dei veit arbeidstida til lærarane.
Sanninga er at ein Norcemarbeidar, butikkmedarbeidar eller "you name it" ville aldri gått med på å sitte å arbeide til klokka er nesten midnatt fleire kveldar på rad utan at dei får noko att for det.
Viss ein må ekstra på kvelden når ein er dagarbeidar, ja då forlanger ein sjølvsagt ekstra løn eller avspasering for det.

Ein god del av arbeidet er faktisk lagt til ettermiddagar/kveldar. Det er sjølvsagt meir i enkelte periodar enn andre, men i løpet av eit skuleår går det nok med nokre sundagar i tillegg til dei kveldane som går med.
Medan andre yrkesgrupper kan avspasere i løpet av året og kanskje reise på ferie når det passar dei......Når dei ser at dei kan få superrimelege reiser av di dei reiser på tidspunkt som ikkje er lagt til sommaren .....,...kan faktisk ikkje vi gjere det same.
Vi får ikkje avspasere når det passar oss. Det blir lagt til blant anna sommarferien.
Kvifor?? Joda, det er jo sjølvsagt det som gagnar best. Det er jo då elevane har fri. Ved å avspasere då, treng dei ikkje ta inn vikarar og liknande for å ta eit døme.
Vi klagar ikkje. Ordninga er heilt super den, syns i alle fall eg.

No er det snart haustferie. Eg har fri då også eg!
Mange vil då kome med utsagn som seier at vi har så mykje fritt. Ei heil uke med haustferie.
Vel, det stemmer ikkje heilt.
Elevane har fri heile uka. Ikkje vi! Eller......Vi får fri vi også, men det får vi av di vi legg planlegging til ettermiddagstid/kveld.
No framover skal vi alle møtes og ha planleggingsdagar etter endt arbeidsdag. Det kjem til å gå med ein god del kveldar. Det er jo det same om ein planlegg på dagen eller ettermiddagen/kvelden. DIFOR kan vi ta fri heile uka når elevane ikkje er der.
Vi forskyv berre arbeidstida.

Det er sikkert ikkje så lenge til jula heller. Vi får eit par-tre dagar der også. Då ropes det høgt om at vi har fritt heile jula.
Joda, men så er eindel av dagane raude. Raude, som gjer at då har dei fleste fritt. Skiftarbeidarar er på arbeid, men det er då vutterleg mange yrker som ikkje arbeider på dei raude dagane.
I år har vi fritt fredag 27.des. og måndag 30.des. også slepp vi å jobbe den halve dagen ekelte gjer lillejulaften og slikt.
Vel, eg har allereie jobba inn dei dagane og vi er berre i september. Så alt er relativt.

No skal dei innføre sommarskule for dei lærarane som ønsker det, i første omgang, men etterkvart blir det vel ein tvang.
I heile valgkampen har det vore fokusert på skule på ein slik måte at eg er sikker på at det vil bli håplaust å rekruttere nye lærarar dei neste åra.
Kven er det som ønsker å studere til noko som blir omtala på den måten som det har blitt gjort heile hausten?
I tillegg blir det fokusert på at det er så mange ufaglærte. Joda....Det er nok sant det, men tala stemmer ikkje heilt med realiteten.
mange av dei som er klassifisert som ufaglærte har høgare utdanning i faga dei underviser i. Dei har berre ikkje tatt pedagogikkeksamen. Så på papiret er dei ikkje rette faglærte, men kunnskapen er såvisst tilstades.
Mange av desse er dyktige vaksne. Dei er med i talet dei også.
Det er for mange ufaglærte, ja, men det er ikkje så svartmalt som det gis uttrykk for.

Årsaka til at lærerferie opptar meg akkurat no, er av di det ikkje er lange tida sidan sist eit menneske sa at "dåkker lærara som har så mykkje ferie......".
Det er greit at ein kan skulde på uvitskap hos den som påstår det, men samtidig føles det feil og måtte rettferdiggjere "ferien". For det er ikkje ferie alle dei sju ukene vi har fritt.
Dagane i juni "betaler" vi for. Dei trekk oss i løn for fire dagar. Augustdagane er avspasering på lik linje med det dei gjer i alle andre yrker, berre at den er årstidslagt sentralt av di det gangnar samfunnet best økonomisk (blant anna). Eg kan sjølvsagt hoste opp fleire grunner utan problem, men det er vel strengt tatt ikkje nødvendig.

Sjeldan høyrer vi om dei som arbeider i Nordsjøen. Dei er borte ein tredjedel av året. Resten har dei fritt. Joda.....Litt lengre dagar når dei er på abeid, men ingen kan kome og seie at dei ikkje har ei god ordning. Og løna.......... Vi kjem aldri i nærleiken.
Nordsjøarbeidarar er berre EI arbeidsgruppe. Det fins fleire gode alternativ å samanlikne med.

Andre yrker avspaserer time for time pluss overtidsløn. Kva er då så galt med at vi får gjere det same (sjølv om det er lagt til sommertid)?

Èn mann - to forlovelsesannonser - to kvinner. (Og det stopper ikke der.) Hahahaha....... Finske Mika er visst ein luring.
Saken er at han tar hand om dei begge to. Først forlova han seg med den eine og etterpå tok han sjølvsagt med seg brudepika hennar. Ho kunne jo naturlegvis nok ikkje vere åleine?! Thihih....... Så då forlova han seg med henne også.
Eg tenker han har lykkelege dagar!

Berre så synd for han at Finland er like streng på det som Noreg når det kjem til giftarmål. Han kan nok berre gifte seg med den eine.
Han har bestemt at det må bli den første han forlova seg med, men alle skal bu ilag.
Hmm.....Kven er det eigentleg som syns det er heilt greit å dele mannen sin med ei anna kvinne?
(Desse to, sjølvsagt, men spørsmålet var vel heller ikkje meint heilt slik det blir stilla. Det er meir at EG ikkje kan forstå at det faktisk går an å elske to stykk samtidig og få begge to til å gå med på at det er greit.)

Ylvis......Eg syns no det blei mykje Ylvis-prat på media i desse dagar. Det er jo ikkje ein einaste dag utan at dei blir drøfta. Sjølv har eg ikkje sett eit einaste klipp med brørne. (Kanskje eg går glipp av noko superstort i og med at dei er så populære?!)

Fikk ny nese - midt i panna. Shit happens! Hahahaha..... genialt! Kanskje ikkje så hyggeleg å gå rundt med ei nese i panna for alles skue. Det er kanskje litt kjipt......
Likevel, målet helliger middelet som dei seier så fint.

Det er ein mann som fekk øydelagt nasen sin i ei ulykke. Han sørga ikkje for å få den fiksa før det blei for seint og at han hadde fått infeksjon i det heile.
No har dei laga ei ny nase til han (av brusk frå ribbeina), plassert ho i panna slik at ho skal få riktig form.
Eller, det er vel gått ei lita stund no......Så det er tida for å gjennomføre inngrepet og plassere ho der ho skal vere i framtida.

Eg må innrømme at då eg las overskrifta, trudde eg at det var snakk om feiloperasjon. At det var ein lege som hadde vore så "tuillåt" at han av ein eller anna årsak hadde bomma litt under ein operasjon.
Det var det ikkje......Heldigvis for denne mannen! :=)

Eit lite appropos til dei som reiser ofte. Til og frå Gardermoen........ Ein skulle tru at Flytoget er suverent når det gjeld tidsmessige planar du legg. Slik er det slett ikkje. Ein kunne ikkje tatt meir feil. Ikkje med mindre du meiner at fire minuttar er mykje å spare.

NSB og Flytoget har ein forskjell på 4 minuttar mellom Oslo S og Gardermoen. Prisforskjell? 80 kroner!
Såom du tel på kronene, vil det jo vere det likaste om du tar NSB si løysing.

Nei, no skal eg ta kveld. Ha ei god natt og ein fin dag når du vaknar til liv att!
Hasta luego!

IWALY!!!




onsdag 25. september 2013

Eldstemann får høyest IQ. Jaja, eg tar utfordringa frå bror min på strak arm. Han har sjølvsagt lest at den eldste i søskenflokken er den som blir smartast, og i dag prøvde han å gni det inn.

Vel, det står følgande i artikkelen eg har foran meg: De to norske forskerne Petter Kristensen og Tor Bjerkedal har funnet ut at storebror skårer høyere på IQ-tester enn yngre brødre.
Brødre! Det er ordet som står der. Eg er søster!! 

Så står det vidare at nestemann i rekka også blir rekna som eldst dersom det er stor aldersforskjell. 
Vel, det er ein viss aldersorskjell på oss. Berre så det er sagt. 
Det står ordrett at dersom det skiller seg mer enn seks år, oppfører bornet seg som eineborn. 
Min storebror et 7,5 år eldre enn meg. Så til no kan eg seie at han ikkje skal godte seg for mykje! Thihihihi..........

Det står også at "lillesøster" hopper i fallskjerm! Hahaha....... Det stemmer det! Det er nok størst sjanse for at eg gjer det enn at han gjer det. 
Eg har nok ikkje gjort noko meir vågalt enn paraseiling, som sjølvsagt var ganske så luftig høyt der oppe i lufta......men lysta til å hoppe ut av eit fly og sveve i ein fallskjerm er såvisst tilstades. 

Heller litt rebelsk enn snusfornuftig! (Dessutan har det aldri vore smart å bruke snus. Det har i alle fall denne knetta oppfatta og holdt seg unna.) 

Utfordringa bunna nok i at det skulle kome eit bekreftande JA her på at storebror er smartast. 
Vel......Eg er for smart til å gjere det. Så nope.........

HIV-mannen går fri - saken er foreldet. Jaja, det var jo hyggeleg lesing! Ikkje det at eg har så stor frykt for at han skal smitte meg. Eg har nok ikkje tenkt å forholde meg til han på noko måte, men når ein har hatt ubeskytta sex med over 130 menneske, ja då er sjansen ganske så stor for at det er "fare for gjentakelse". I tillegg var fleire av tilfella klassifisert som valdtekter. 
Så sjølv om saka er forelda, burde det finnes ei lov som kan gjelde når faren er såpass stor. 

Prest truet med å avlyse vielse. Likte ikke det som skjedde bak ryggen. 
No såg eg verkeleg for meg at det var djusie saker på gong og at nokon hadde vore så umoralske at han ikkje ville fortsette vielsen. 
Så tok eg rimeleg mykje feil, att. 
Det var rett og slett så kjedeleg som at det var ein sær og alt for "seriøs" prest som stod for vielsen. 
Det heile handla rett og slett berre om at det var nokon som skulle forevige vielsen og brukte kameraet sitt til dette formålet. 
Presten blei "rasande" og sa klart ifrå om at dersom dei ikkje fjerna seg tvert, kom han til å avlyse vielsen.
Det var nok ikkje så vanskeleg å sjå at brura blei lettare nervøs av det heile. Kven er det som vil at sitt eige bryllaup skal avlysast etter at det allereie er starta? 

Jaja, det fins mange sære menneske og denne karen sørga for at eg fekk meg ein urpiteliten nedtur i form av at eg blei skuffa over at overskrifta ikkje var ein del av noko større enn litt fotografering. 

Skal ha lurt dopingjegere med juksepenis. Det når nye høgder vil eg påstå. Doping.........

Så blei jomfrua lurt på ny!! To gonger på under minuttet. (Håper ikkje storebror min les dette!! Hahahaha..........)
Her såg eg for meg at det ar snakk om smugling på høgt plan, og så var det noko heilt anna. 

Dopingjeger.......Det seier seg sjølv at det er ein som er på jakt etter folk som har "dopa seg". Ikkje etter smuglarar. Likevel. Klokka er såpass mykje at kvota for realisme og hurtigtenkning er litt mindre enn elles i døgeret. (Seier vi....)

Å fylle ein juksepikk med stoff, er kanskje ikkje så lett å få til å virke overbevisande. 
Kven ville ikkje reagert på det om ein kom med ein sværing utan like?
Så viser det seg at det er snakk om idrettsutøvarar som har på seg ein juksepikk med reint piss. Alt for ikkje å bli tatt for doping. 
Då har du verkeleg lyst til å vinne! Berre så synd at det ikkje er fortent. 

At det ikkje er tap og vinn med same sinn på det nivået der, er vel ganske forståeleg, men det må då finnes ei grense for kva ein vil gjere for å vinne. 

Par skal ha sex i kasse - foran publikum. Alt for å vinne tv-sjåarar. Det er meininga at par skal ha sex i ein lydtett kasse foran publikum. Etterpå skal dei kome ut av kassa og diskutere det heile og dele opplevinga. 
Eit sexpanel...........

I følge nettavisa er dette ein unik måte å få merksemd på. Jaja...... Då er du jaggu meg bra PR-kåt viss du gjer det for merksemda si skuld.
Det handlar visst om at dei vil vise at det er viktig å få fram at sex er eit heilt normalt tema i livet vårt som vi må vere opne og ærlege om. 
Jaujau, seier no berre eg! 
Ganske teit.........

Skal søke som prest. Trond Sollied........ Joda, eg vil tru at han har dagens artigtruse på. Noko anna er sjølvsagt umogleg?!! 
Så medan Sollied prøver å ha det artig med landets innbyggjarar, skal unge Knutsen ta til vit og legge seg. (Kan vere riktig så smart.)
Så difor vil eg berre ønske dåke alle ei god natt.

Hasta luego!

IWALY!!!


tirsdag 24. september 2013

Unge Knutsen har brukt kveldstimane sine på arbeid. Powerpoint, med andre ord. Heilt sånn plutseleg blei visst klokka sånn sirka leggetid og då er det klart at ein berre må slutte av. Powerpointen må nok berre vente på tur til i morgon att. Det blir vel ei råd med det!

Matematiske begrep...... Det er ein liten del av det heile. Der møter ein ordet ropupasjon. Så spørs det.... Kven veit kva det ordet betyr?
Kanskje ein bør utlove ein gevinst til den som kjem med det beste svaret?
Det nyttar nok ikkje å google det, for du blir ikkje særleg meir klok av det.

Ordet er samansatt på ein slik måte at denne knetta ikkje evnar å lage seg ei eiga forklaring på ordet. I alle fall ikkje i kveld.
Er barten ropupert? Skal egget ropuperast?
Nei, eg har aldri høyrt ordet før, men likevel skal eg bruke det. Så får ein sjå kor fornuftig det er!
Er det nokon som har ei godforklaring på ordet til meg, ja då tar eg imot den med opne armar.
Eg kan ikkje love gull og grøne skogar attende, men glad blir eg!!

I dag las eg noko artig som i utgongspunktet ikkje er så artig. Nettsida heiter Kvinnheringen.no og er nettsida til ei lokalavis på Vestlandet.
Der var det ein som sovna midt i vegen.

Først trudde eg det var snakk om ein bilførar som hadde sovna bak rattet (for det vil i såfall ikkje vere den første føraren som gjer det).
Eg tok feil..........
Det betydde sovna midt i vegen som i "sovna midt i vegen"! Hahahaha...... Den var djup!

Det er ein mann i 30-åra det er snakk om, så eg er stygt redd for at det kanskje kan vere ein eg er bekjent av. (I hope so not.....)
Han hadde nok fått i seg ein dram eller to for mykje. Noko anna forklaring har ikkje eg til at han kunne finne på å legge seg midt i gata og sove. I sentrum!!
Ganske risikabelt, spør du meg. Midt i mellom hotellet og senteret.

Politiet kom høveleg raskt til staden, så det var ingen som rakk å køyre på denne mannen. Mannen blei vekt av politiet og var blid og nøgd då han vakna før han gjell heim til senga si.
(Eg veit no ikkje om eg hadde vore så blid og nøgd om eg hadde blitt vekka midt i gata av politiet?! Flau hadde vore hakket meir korrekt.)

Ja, dei vestlendingane, dei vestlendingane..... hahahahahaha........

Forbyttet baby og ga moren feil blod. Går det an då? Vi snakkar Noreg her, altså! Fredrikstad.
Snakk om megatabbe, begge deler.
Den første feilen seier seg sjølv er megastor. Den andre.......? Vel, tabben har sørga for at sjansen er stor for at ho ikkje kan få fleire born.
Mora til bornet mista fleire liter blod og blei operert to gonger. Ho fekk blodtilførsel, men feil type og kroppen starta prosessen med å lage antistoffer.

To feil, same sjukehus, same familie......... Eg vil tru at det ikkje var lett å vere dei ei stund.

No er det slik at ho har fire born, så det er ikkje slik at ho må ta til takke med "berre" ein. Likevel, verda hennar raste litt ihop då ho fekk vite kva konsekvensane kan bli.
Sjølv om ein har mange born frå før, betyr ikkje det det same som at ein ikkje vil ha fleire.

Jaja, dette er slikt som ikkje skal skje. Kva om ein ikkje hadde oppdaga at babyen var blitt forbytta?
(No ser ikkje eg heilt at det går an å ikkje kjenne att sin eigen baby, men det går vel an det også......... Det tok i alle fall ei stund før det blei oppdaga...)

MC-fører kjørte på ett hjul i over en kilometer. Med politiet som vitne. Ops......Kanskje ikkje så heldig å bli tatt på fersken?

Ein kilometer er då vel ganske langt i så måte? Eg ser i alle fall for meg at det må vere litt tungt å halde sykkelen opp så lenge som det. Eller?? Er det eigentleg så lenge? Herifrå og ned til kaia.......eller noko i det høvet.
Jo, når det er snakk om MC så......
Hadde eg kjent ein MC-førar som er så uansvarleg, trur eg at eg ville ha engsta meg halvt i hel for ei ulykke med dårleg utfall. For ikkje å snakke om faren andre menneske blir utsatt for.

Jaja.....Ingen tvil om at det er ein kul kis.
(Lurar litt på om det går an å sitte bakpå ein slik sykkel under eit slikt stunt? Ikkje det at jomfrua har så stort ønske om det, akkurat, men ..........)
Eksosrype, liksom! :=)

Nei, det er måndag og leggetid var det vel strengt att før eg starta med å skrive. Hmm..... Ikkje bra. Det er lett å bli bitt av basillen, men det er vel viktig å få sine tilvalgte timar til svevn også. Ein kan jo ikkje risikere at ein sluknar på sofaen i seine ettermiddagstimar. Akkurat det er det lenge mellom kvar gong det skjer. (Og aldri på ein tysdag!)

Jomfru Knutsen skal pakke sakene sine saman og tilte seg under dyna. Ho er mest sannsynleg like god i natt som i går natt. Det er rart med det...... Vanedannande dyne den eg har.
Uansett...... Anten har du lagt deg, eller ikkje......Å sove godt er viktig.
Difor kan det vere lurt å ikkje ha noko uoppgjort før du legg deg. Då blir ikkje natta god. (Berre eit lite tips frå denne knetta.)
Som det heiter så fint: Don´t worry, be happy (hippie!).
God natt!!

Hasta luego!

IWALY!!!!!


mandag 23. september 2013

Og gift blei brura. Brudgomen dukka opp og klarte å lire av seg eit ja, så då blei det både fest og moro.
Eg har vore så heldig at eg har fått tatt del i eit bryllaup i helga. Ei fin stund i kyrkja der brura var vakker der ho kom gåande i lag med faren opp kyrkjegolvet. Lettare nervøs, sjølvsagt.
Brudgomen blei raud i både kinna og augene, så han kan ikkje lyge seg unna at han syns sin tilkommande fru var slåande vakker på den store dagen sin.
Så blei det feiring av det heile.


Det er ikkje så ofte at denne festdrakta er i bruk. Då er det klart den må takast i bruk når det er ein fest som dette. Når ein då er så heldig å ha ein staskar som dette i lag med seg.............. Han er no litt lik mora, ja!! (Stakkars den som seier noko anna! - Hahaha........)

Fjellet på billigsalg. Jaja, skal ein tolke overskrifta, kan ein få kjøpe seg litt fjell, bokstaveleg talt. 
Det er sjølvsagt ikkje tilfelle her, så det kan jo diskuterast om kor god denne setningen er eller ikkje. 
Så er det vel heller ikkje særleg nytt at det dukkar opp slike missvisande linjer. 

Det er i utgongspunktet ikkje vanskeleg å skjønne at det gjeld salg av hytter/hyttetomter. Det treng ein nok ikkje opne saka for å forstå. Det er ikkje det..........

Når eg no faktisk tok og opna ho, så tok eg visst feil. Ikkje med tanke på at overskrifta ikkje passa, men det er ikkje hytter til slags. 
Joda, hytter til salgs, men ikkje på permanent basis. Det er snakk om haustferie. Prisar ned til 100 kr natta på hytter i fjellet. (Det stemmer i alle fall at det er billig!)

Så viss du såg for deg at du skulle kjøpe Dovrefjell i håp om å få treffe "Ola Diger", så er det berre å beklage. Det er visst ikkje mmogleg. 
Av ein eller annan grunn så trur ikkje dei minste borna på skulen meg når eg seier at Ola Diger bur oppå Dovrefjell.
Han er diger av di han et og et og plutseleg var alle hus og liknande for små for han. Kanskje ikkje så rart når han kan ete 95 pannekaker til middag. 

Her stokket det seg for "Paradise"-deltakerne. Jeg kan ha mine øyeblikk der det mest intelligente ikke skinner gjennom. 
Hahaha......... No har eg aldri vore noko stor fan av Paradise. Denne gongen har dei latt Paradise-delatkarar få bli med i Robinsonekspedisjonen, og enkelt sagt så er det kanskje ikkje heilt rette staden for dei å vere. 

Eg syns eigentleg "Jeg kan ha mine øyeblikk der det..........." er ein setning som ikkje er så veldig intellingent. 
Slik eg tolker den, seier han rett ut av det hender at han ikkje er særleg smart. Eg reknar med at han meiner at det med kvart kjem slike "god dag mann økseskaft"-svar. 

Kva betyr eigentleg "god dag mann økseskaft"? Det er ikkje sikkert at alle brukar setningen heilt korrekt. 
I alle fall....... Det betyr rett og slett nonsense, som er det same som at ein gjer eit svar på eit spørsmål og som er alt anna enn det rette svaret. Enkelte vil og kalle svaret for teit. 

Sjølve uttrykket stammar frå eit eventyr der det blir ødsla bort ein god del pengar. 
Asbjørnsen og Moe samla inn mange eventyr og dette er eit av dei. Så i likskap med mange eventyr, er det nok ein moral i dette også. 
Det heile tar utgongspunkt i dårleg hørsel. For mange (før i tida), så var dårleg hørsel forbunde med svekkande sjelsevner. Ofte tar den som høyrer dårleg berre og tippar på kva som blir sagt og svarer derned også med det som utgongspunkt. Ergo blir det eindel "rare" svar.

Det blir på ein måte mi oppfatning av ditt svar.........

Disse bildene viser hverdagen på luksusrestauranten Meatmarket i Oslo. 
Dyre restaurantar er stort sett kjent for god mat. Er du litt sær, eller berre vil kose deg litt ekstra og gjerne ta spanderbuksa på deg sjølv, vel du mest sannsynleg ein litt "finare" restaurant.
Så spørs det. Kva er det som avgjer om det er ein "fin" restaurant? 
Veldig ofte er det prisen. 
Er prisen ein god del høgare enn kva ein kan forvente ein slik middag skal koste, så antar ein gjerne at det er ein restaurant av dei betre. 

No er det ikkje akkurat slik at nett det treng å vere feil. Likevel, det hender. Det hender at du bommar totalt. At det ikkje er verdt å betale i dyre dommar. 
Bileta som er publisert når det gjeld Meatmarket, er alt anna enn innbydande. Det er ein ekslusiv tapasrestaurant som ligg i eit luksukvartal. Ergo er det lett å få forventningar oppe blant dei små grå. (No har ikkje eg sagt at dei serverer dårleg mat.......Eg har aldri vore der og kjem sikkert aldri til å hamne der, men som sagt....Bileta seier jo litt.)

Ikke legg sjokolade i kjøleskapet. Akkurat det trur eg nemleg at mange gjer. Eg har gjort det sjølv, sjølv om det høyrer til det smeir sjeldnare. 

Sjokoladen blir grå når den ligg kjøleg. (Noko som stemmer, for eg har fleire gonger lurt på kvifor glasuren til sjokoladekake alltid blir "grå" når den har lege ei stund i frysaren.)
Fett og sukkerkrystaller dras mot overflata og dannar eit grått lag.

Går det så langt som at sjokoladen blir kvit, ja då er det snakk om feittblomstring. Smaken endrar seg ikkje, men sjokoladen ser kanskje hakket mindre innbydande ut.

Eg blei litt skuffa då eg opna saka. Eg såg for meg at no skulle eg lære noko eg ikkje visste frå før og at det skulle stå at det kan vere skadeleg å ha den i kjøleskapet.
Spesielt med tanke på at den første setningen som dukka opp då eg opna ho var "Du legger vel ikke sjokoladen i kjøleskapet?" Det nøra i alle fall "litt" opp under tanken om at det skulle stå noko "skremmande", men det gjorde det altså ikkje.
Det heile dreier seg kun om utsjånad, noko som betyr at då kan ein også peike på at ein sjokolade ikkje bør oppbevarast for varmt heller. Då blir den jo heilt deformert. Så kan ein jo sjølv avgjere kva som er best eller verst. Grå eller deformert sjokolade.......
Det likaste er vel berre å følgje rådet. Legg den i romtemperatur, sånn ca 20 grader. Så kan du nyte sjokoladen til fulle og slippe å tenke på anna enn at den smaker deileg.

Får du dårleg samvit i det du puttar den i munnen, ja då er det jo ei heilt anna problemstilling!
Eg kjenner dei som gjer det. Puttar fleire sjokaladar i seg kvar einaste dag og angrar like fort. Svake menneske! Hahaha........ Det handlar om å utøve sjølvkontroll. Ta ei uke der det vil vere vanskeleg, men så er ein ganske sikkert over kneika.
Det blir som med røyken, det tar tid å venne seg av. Sjokolade, cola.......You name it. Lastane kan vere mange. Særleg kjipt om du slit med dei alle.

Kanskje vi skulle ta initiativ til å starte opp ei eiga gruppe med hypnose som spesialfelt. Sjølv har eg blitt hypnotisert ein gong. Då gjorde eg alt eg blei bedd om.... Så om vi no kunne klare å få hypnotisert desse sjelene som sleit med søthoget, så kunne vi seie til dei at sjokolade er "farleg" og må ikkje forekomme.
Bakdelen er at dei mest sansynleg må gå rundt å vere hypnotisert heile tida. (Akkurat det kunne jo forsåvidt vore litt skøy. Eg veit nøyaktig kven eg ville hypnotisert.)

10 gode svigermor-regler. Hahaha.....Ja, det trur eg kan vere lurt å ha. Det er i alle fall mange som klagar på at dei har DEN svigermora. Som regel trur eg det er verst for kvinnfolk. Kvinnfolk som hr "stukket av" med yndlingen til ho mor. Plutseleg er det eit anna kvinnemenneske som skal regjere over svimlingen sin.

Vaskedame og konfliktløser er ikkje to begrep som inngår i det å vere ei god svigermor. Definitivt ikkje. Slikt blir det konflikt av. "Gutungen" treng å ha fokus på sin nye familie og då kan det bli ille om mor forlanger å vere ein like stor del av den som kjerringa. Sånn er det berre.

Det er mange gonger slik at ei svigerdotter har andre verdiar og måtar å gjere ting på enn du sjølv. I tillegg er sikkert temperamentet hennar ulikt ditt. Då kan det vere lurt å trø litt lavt over dørstokken. Viss ikkje kan det hende ho prøver å sette sonen opp mot mora.

Det er faktisk slik at det er fleire som har doktorgrad i dette temaet. Svigermødre.
Det syns jo eg er litt morosamt. At ei svigermor blir eit fenomen av dei store, så stort at ein faktisk kan studere og få seg ei utdanning på det feltet.
"Korleis handtere svigermor:" "Korleis klare å vere ei god svigermor." Osv............

Eg er sikker på at det er fleire rundt omkring som sit på knallgode historiar om svigermor. Både på godt og vondt.
Om ein hadde prøvd å få samla eindel av desse og laga ei lita bok, er eg sikker på at den ville fått høge slagsta.
Kanskje ikkje like høge som "Fifty shades", men lell...... Thihihihi.......

I overskrifta står det 10 gode reglar, så då må det velnemnast fleire enn berre to.
Det viktigaste rådet er kanskje at ein må hugse at kjærleik ikkje er ein konkurranseidrett. For det er vel nett det den har tendensar til å bli i forhold der sviger-biten ikkje heilt fungerer.
Dei restrerande sju er berre møl som at ein må respetere det nye livet og ikkje blande seg så mykje inn. Heilt "plaine" råd med andre ord.

Så har du ei svigermor av det gale slaget. Ei svigermor som går deg på nervane. Ei svigermor du gjerne skulle låst inn ein viss stad...... Ja, då har du vel eit interessant liv.
Du får i alle høve brukt litt av energien din på tankeverksemd som irriterer. Tru berre då kor godt det er kvar gong du kan reise bort og slappe av. (Dersom svigermor ikkje stoppar heile turen.) Thihi......

Lykken på jord må jo vere å bruke dagane på å løyse problemet "svigermor". Klarar du det, kan du nok gjere deg styrtrik. Det er vel ingen tvil om det.

No har eg ikkje heilt møtt på problemet sjølv, men gudane skal vite at eg har høyrt litt av kvart.
I slike samanhenger er det vanskeleg å halde seg, men det er kanskje ikkje det luraste ein gjer.......ler når nokon klagar på svigermor.

Sånn eigentleg skulle eg tatt med nokre historiar av det artige slaget her, men det er ofte slik at når ein treng å kome på noko, ja så står det heilt stilt. Noko det gjer oppe blant mine små grå nett no.
Om det kjem av at klokka nesten har passert leggetid eller ikkje, skal vere usagt. Likevel......Kjem ein ikkje på dei, ja då kan dei jo heller ikkje vere med. Nesten er ikkje godt nok.

No skal jomfru Knutsen på date med favorittdyna si. Nokre timar med djup svevn vil sikkert gjere underverker for trøytte auge. Når eg vaknar, er ei ny uke i gong. Det er ikkje lene att av denne septembermånaden.
I det augeblikket ein bekkar over til oktober, ja då er det ikkje lenge att til jul. Tida vil renne avgarde og det blir mørkare ute.
Hausten er fin med sine fargar, men det er også den som inviterer kong mørke på besøk. Det er om å vere mest mogleg ute før den tid, så får ein samla opp litt energi til mørketida.

På tv´n sleper dei på nokre lik...... Hyggeleg å sjå rett før ein skal sove. Jaja, eg har såvisst ikkje tenkt å drøyme om slikt. He i garden er det berre fine draumar!
Ha ei god natt og sov godt! God - godt......whatever......

Hasta luego!

IWALY!!!!

lørdag 21. september 2013

Det er tid for bryllaup i morgon (i dag) og jomfru Knutsen har leita fram bunaden. Ho er nok vel vitande om at brura kjem til å kaldkvele ho når ho oppdagar at jomfrua ikkje har lakka neglene sine!
No er klokka passert midnatt og då kan eg sjølvsagt ta ein spansk ein og seie at det er så seint at eg ikkje evnar å stryke det på. I morgon er det for seint, for det er aldri lurt å stresse. Hahahaha....... Slik kan ein på ein dårleg måte skjule at ein faktisk er elendig på det. Å smøre neglane......

Ikkje det at eg aldri har brukt neglelakk, men det høyrer jaggu meg med tildet sjeldne!
Det faktum at eg hat brukt det heile to gonger i sommar, er jo å overgå seg sjølv. Det er nok nokre år sidan sist.
Så er det å gå eindel dagar og vente på at lakken skal forsvinne av di eg ikkje evnar å skjønne at ein bør bruke lakkfjernar.
Nei, blomar, bilar og neglelakk......... Not my table. Det er berre slik det er. Eg får seie at det er halve sjarmen med meg.......Alt det eg ikkje evnar å "gjere". Det eg har null peiling på!

Kva gjer ein når brura trur ho har kontroll på alt? Joda, sørger for at ho skjønner at det har ho faktisk ikkje.
Den følelsen, liksom......... :=)
Sjølv er eg mest spent på om brudgommen klarer å knele riktig, for eg var nemleg så heldig å fekk oversjå prøving. Say no more......... Han risikerer verkeleg at eg byrjer å le i kyrkja! (I hope so not!!)
Heldigvis veit eg han har øva...... Thihihi....
(Berre han ikkje byrjer å flørte med presten.)

Er du mann nok til å bære veske? Eehh....... Ein ting er å vere mann nok, men ein annan ting er at det for oss andre vil sjå heilt snålt ut. (I alle høve for meg!)
Mann og mann........

Det ultimate trendtilbehøret er faktisk manneveske! Tru det eller ei........ Det er faktisk sant.
Det verste er at det første eg tenkte var at dette var teit. Mennog vesker er ikkje noko særleg god kombinasjon.
Det var til eg fekk sjå veskene. Dei var faktisk ganske kule, så eg kan sjå den med at det er blitt ein trend.
Dog.......Det er ikkje kva som helst mann som kan bruke slike vesker, berre så det er sagt.
I skrivande stund ser eg for meg fleire menn her som så absolutt må halde seg langt unna trenden. Elles trur eg at eg får mine tvil.......

Kanskje det snart dukkar opp mannlege kollegaer på skulen, med nye trendvesker i håp om å virke ungdommelege.
Uff.......Eg ser ikkje for meg ein einaste av dei med veske. Det blir berre såååååå feil.

Eg er heller ikkje så imponert over cat-walken som dei siktar til i denne saka. Den blei litt for femi!

Menn er ikke så enkle som du tror. Neivel...? No har eg aldri trudd at menn var eit så enkelt dyreslag, for å seie det sånn. Eg har berre meint at dei er enklare enn oss kvinnfolk, for vi er såvisst alt anna enn lett.
Dei skapningane som kalles menn, tja, dei er nok hakket enklare enn oss og akkurat DET er ikkje til å stikke under ein stol.

Det er berre ein myte at menn er så enkle. Ein myte som kan virke ganske øydeleggande for menn.
Og så hamnar plutseleg saka innanfor temaet sex. Nytelse, orgasme, ereksjon.......Ja, orda er mange. Plutseleg tar saka ei heilt anna vending enn først antatt. Jaja, så feil kunne ein ta.

Nei, jomfrua blei plutseleg så sigen! Mildt sagt! Det er berre å utnytte høvet og stupe under dyna straks. Det er ein viktig dag i morgon og då er det vel best å vere best mogleg førebudd. Då skal det ikkje stå på antal timar med svevn.
Så ha ein  god natt!! :=)

Hasta luego!

IWALY!!!!


torsdag 19. september 2013


Troppsjef Knutsen har vore på tur i dag. Litt vind, men ellers bra. 
Vind har forøvrig aldri vore noko problem så lenge den ikkje er så sterk at vi bles ut i vannet når vi balanserer på kanten  av demninga for å kome oss vidare. I dag var det berre nesten tilfelle, men sidan vi alle har lært at nesten ikkje er godt nok, så gjekk det jo berre heilt supert. 

Godt humør, song av glade ungdomar, sjokoladekake, utsikt, litt herjing, "leveggar", fotoapparat.......Lista kan vere superlang om eg berre gidd. Alt i alt ein triveleg hausttur!
Biletet under viser forholda ved Storbotnvannet då vi kom ned dit att. 


Her om dagen skulle eg ha litt kylling i lag med nistepakken min. Les teksten under biletet, så ser du kvifor eg blei litt flirfull. (Litt artig, då!)
Thihihihihi..........og så reven............

Ville misbruke og spise barn. Dømt til 27 års fengsel. Vg-nett har verkeleg funne fram til ei ekkel sak i dag. Spise born......... Fisj!! 
Det er vel ikkje noko nytt at vi lev i ei "crazy" verd, men av og til kjenner eg at eg får spasmer i tolvfingertarmen. Akkurat no er det slik! Ekle fyren...............

"Fat Longpig"! Kva er det for kallenamn? Ein tjukk og lang gris? 
Jaja........ Gris er jo eit ord som er ganske dekkande for enkelte av dei tinga han hadde som "hobby" i og med at vi er vane med å bruke ordet i negativ forstand når vi ikkje talat om husdyret med same namn. 

Når politiet finn ei bornekiste hos ein mann som skriv om å spise born, så lemnar det vel ikkje så mykje tvil om at han faktisk har tenkt å gjennomføre det. 
I tillegg har dei funne ut at fyren har fleire likesinna som han har diskutert det heile med. Akkurat det gjer det berre meir ekkelt. 
At det fins ein mann som er sjuk nok til å ha slike tankar...............Joda, ein får ikkje sjokk i dagens verd, men at det faktisk skal vere mange likesinna? Poff!!


Flesland evakuert etter bombetrussel. Viss det er med Flesland som med Trondheim for berre dagar sidan, ja då er det pinade enkelte som har lite å gjere om dagen. Viss ein syns det er så kult å ringe inn bombetruslar, så burde ein verkeleg vore innesperra ein viss stad. 

Frykt, irritasjon, forseinkingar, kostnadar........ Konsekvensane er ganske mange.
Vel, bergensarane står han vel av denne gongen også. Ukrutt forgår ikkje så altfor lett. :=)

Alt ein gjer for å kome i media sitt søkelys.

Hamzah (4) ble sultet av sin egen mor. Dette er vel ikkje anna enn hjarteskjærande. Kva mor er det som gjer slikt? Ikkje ei normal ei......
Ho berre la bornet i sprinkelsenga for å døy, for så å sjølv bestille seg pizza. 

Liket låg der i heile to år (mumifisert) før det blei funnen, inne på soverommet til mora. Mora nektar straffskuld!
Viss ho slepp unna med dette, ja då veit ikkje eg. (Sjølv om ein ikkje bør bli overraska av noko som helst i desse dagar. Det er mange som slepp unna litt av kvart.....)

Jean (75) er ikke som alle andre bestemødre. Hahahaha..... Endeleg ei sak som er av det meir koselege slaget. Kul....artig.... You name it. 

Jean er pensjonist, men kler seg som ein tenåring. "Jeg bestemmer selv om jeg ser bra ut." Herleg sagt av ei dame i denne alderen. Ho har jo så rett, så rett. 
Dessutan har jo rett i at det er ingen som kan bestemme kva ho skal kle seg i. Trives ho i ungdommelege klede, ja då er det vel greit, det også?!

Vi lev trass alt ikkje på 70-talet. Før i tida var du kanskje gamal når du var 70 år. I dag har nok samfunnet endra seg ein del på nett det området. 
Kanskje har det med at levealderen har stege betrakteleg å gjere, eller kanskje det at moteindustrien har fått så mykje merksemd dei siste ti-åra. Årsakene kan sikkert vere mange, men det er nok ikkje til å stikke under ein stol at det er fleire og fleire eldre som kler seg ungdommeleg.

Det beste innslaget i forhold til temaet alderdom som har vore det siste året, må jo berre vere Bodø kommune sin reklame for å få folk til Bodø. Eldre som dansar til "Gangnam-style". Det var jo berre så superherleg. Genialt, med andre ord! 
Om den hadde noko effekt på antal søkarar til Bodø, tja......Det skal vere usagt. 
Det eg imidlertid kan seie, er at i alle fall så fekk EG ein god latter av det. 

Gangnam-style, unge eldre (det uttrykket likte eg godt), ekle menn, revemat............ Alt i alt så tenker eg at avisa må berre bugne over av ekle saker akkurat denne dagen. Det gjer ingenting. Eg har hatt ein super dag i naturen og det overgår det meste som står i avisa i dag. Så det så!!

Klokka renn avgarde og det er på tide å finne krypinnet sitt. Det kjem jo trass alt ein dag i morgon også.  Eg håpar berre at vinden løyer litt snart. Det er ikkje særleg gøy å sove når vinden leiker seg på utsida av vindauga. 
Akkurat såååååå gøy treng vi vel neppe å ha det. Eg klarer meg godt utan spaninga.
Bla, bla, bal...... Uansett, ha ei strålande natt! (Så kan du jo sjølv definere kva som er ei strålande natt i dine auge!)
EG kryp straks under dyna og satsar på å sove opp både skjønnheita og humøret. Kva er vel betre enn ein torsdag i uke 38?! Det må jo berre bli ein super dag?! Eg kan ikkje skjønne anna......

No har eg ingen store planar, så då er ein vel open for det meste.....:=)
Natta!

Hasta luego!

IWALY!!!





søndag 15. september 2013

Dagens beste! Gutungen var med på fisketur inne i fjorden. Det blei høveleg bra med fisk og som vanleg blei den bløgga med det same. Tamane og diverse hamna hos fuglane som sverma til den store gullmedaljen rundt båten.
Vel.........Nesten alt. Berre nesten! Det er det som er dagens beste. Fisken skulle hivast ut til fuglane og vips så høyrtes det et æsj (med kraftfull stemme).
Då eg såg opp, var det eindel blod i andletet til gutungen. Det som i utgongspunktet skulle hamne hos fuglane, blei trevja rett i augene på han!
Med ei mor som eg, er det nok ikkje "trøyst" å få med det første. Først må eg jo få flire ferdig. (Akkurat det er obligatorisk. Det er berre sånn det er. Umogleg å la vere.......)
Etterkvart fekk eg jo sjølvsagt leita fram litt papir til han så han fekk tørke seg, men det tok si tid.

Fikk seks dagers betalt ferie fordi de måtte bruke PC på jobben. Jaha? Er ikkje det meir regelen enn unntaket? Det er kanskje berre i Noreg at det er slik? (Neppe.....)
Årsaka til ferien? Joda, deter belastande for synet å bruke PC. Det er kanskje ikkje for ingenting at dei no vurderer å avvikle ordninga. Ei ordning som har vore sidan 1989. Så det byrjer å bli ei stund sidan dette dukka opp.
Kanskje noko å tenke på for Fru Solberg når ho no blir landets førstedame. (Om ho kjem i mål med dei andre partia, vel å merke.) 6 dagars ferie for databruk.

Keraunothnetofobi! Ha, det var ikkje berre, berre å få ordet stava rett. Eg trur det blei riktig til slutt.
Så spørs det.......om det er ein sjanse i havet sor at eg veit kva det betyr......

Vel, for ein time sudan hadde eg null peiling. Eg hadde ikkje så mykje som høyrt om dette ordet. Ikkje før eg las det på nettet. Ei studentvenninne bruke det i ein samanheng og heldige meg oppfatta det. Enkelt og greitt! :=)

Keraunothnetofobi? Fobi seier jo seg sjøl. Så ordet må jo bety noko med å ha angst for noko. (I skrivande stund veit eg jo at det stemmer.)
Fobi mot kva? Keraunothneto......... Hmm.... vanskeleg! Det einaste eg klarar å fange opp, er den delen av ordet som heiter "uno". Uno har eg i huset her og skulle det ha noko med det å gjere, så står ikkje verda til påske.

Eg hadde rett og slett inga peiling. Ikkje klarte eg å kome ei artig, tilfeldig forklaring heller, så då kan eg ikkje lyge på ein definisjon før eg kjem med den som gjeld.
Sterk angst for å få ein satelitt i hovudet! Hahahaha........ Det er nesten betre enn fiskesloet som hamna i andletet til gutungen tidlegare i dag.
Om det er fysisk mogleg, skal såvisst vere usagt, for det har eg så absolutt inga peiling på.
Det vil i såfall høyres heilt merkeleg ut! Definitivt!

Som studentvenninna mi "sa": Har man da lest for mye Donald Duck, evnt. sett for mange Star Wars?
Thihihi....... Godt spørsmål!

Likestillingstiltak har skapt følsomme gutter og menn. Supert! Var det ikkje det som var målet?
Gutter som snakkar om følelsar og leier i hendene til kvarandre?
Likestillingstiltak fungerer og difor kan eg også seie at vi driv og endrar på kjønnsroller i Norden. Ingen tvil om det.
Så kan ein like det eller ikkje. :=)

Om denne studien er så veldig dekkande, er eg nokså skeptisk til. For mange av punktene som er med i artikkelen om temaet, omhandlar ting som eg ikkje i skrivande stund kan koble at eg har observert blant dei gutungane eg kjenner til, så alt er vel ganske relativt.

Det er jaggu meg på tide å tusle seg i seng. Det er nok liten vits i å bli sittande her foran dataen til langt på natt. Då dett vel snart augene ut.
Det blir så mykje betre å vakne i morgon tidleg om eg tar til vit og tuslar meg under dyna no straks.
(Noko eg sjølvsagt skal........Eller i alle fall planlegg. At eg er dårleg på å følge opp ei slik planlegging, skal eg ikkje avsløre her i kveld. Det får eg heller ha til gode ein annan kveld.)

Eg har svikta Salander fleire dagar på rad no, så kanskje eg må innhente meg litt. Viss ikkje risikerer eg jo å gløyme av kva det eigentleg er eg les om.
Ho ligg no der på nattbordet og ventar. (Ja, då snakkar eg om boka og ikkje kvinna! Thihihihih........)
Så ha ei god natt og drøym søtt!

Hasta mañana!

IWALY!!

lørdag 14. september 2013

Barnebrud (8) døde etter å ha blitt tvunget til sex på bryllupsnatta. Ikkje heilt uventa er det Jemen det er snakk om.
Ei åtte år gamal jente blei gifta bort til ein 40 år gamal mann. Han hadde tydlegvis ingen problem med at ho enno berre var eit born og då sørga han for å få den bryllaupsnatta han meinte han hadde krav på.
Akkurat dette var ikkje særleg smart...... Jenta fekk indre blødningar og døydde etterpå av nett det.

At det i det heile tatt er lov til å gifte seg med born, seier mykje om kor sjukt samfunnet er enkelte stader. Eg kan ikkje tru anna enn at både internasjonale og "lokale" styresmakter kjem til å følge denne saka og forhåpentlegvis gjer noko med lova for å hindre at slikt skjer på ny.
Åtte år...........

Eli Hagen ble tvunget til å endre hårsveis. Og hun liker ikke resultatet. 
I og med at det er sesongpremiere på årets "Skal vi danse" i morgon kveld, er eg rimeleg sikker på at det er det denne nye hårsveisen dreiar seg om.
Ho er jo ein av deltakarane der på lik line med ektemannen.

Eli er frykteleg sjalu av seg (eller det er kanskje meir rett å seie at ho var det, for no er jo han blitt så gamal at ho reknar med at han ikkje er så attraktiv lengre), så om det var det som var årsaka til at ho sa ja til å delta eller ikkje, skal vere usagt.
Ho skal i alle fall ikkje ha han til partnar. Det skal ei anna ung kvinne som faktisk ser ganske bra ut.

No var det no håret som var gjenstand for diskusjon og ikkje sjalusien. Håret som har holdt seg høgt til vers så lenge eg kan erindre. Evigheit, kallar vi det!
No seier det seg nesten sjølv at det ikkje går an å danse på dette nivået med ein slik hårmanke satt opp på den måten som den blir.

Jeg lukker øynene når jeg går forbi speilet. Ja, då er ein i alle fall alt anna enn "happy" for den nye stilen.
Hr.Hagen sjølv tørr ikkje anna enn å seie at det er uvant. Eg kan berre tenke meg til kva som skjer om han våger å seie at han ikkje likar det. Hahaha............

Så spørs det........ Har vi fått ei Eli med ny stil, eller er det rett attende ved første høve. Det vil jo bli interessant å sjå.
Forandring fryser, heiter det jo så fint. Dog kanskje ikkje alltid.
Auget som ser, passar vel bra i denne samanhengen.

Er det greit å si nei til porno? Hahaha..... Akkurat den problemstillinga trur eg er mykje meir omfattande enn vi trur. Omfattande var kanskje eit dårleg ordval, men eg meiner sjølvsagt det er eit problem som er ganske vanleg. Det er eg veldig sikker på.

Titt og ofte står det i ukeblader osv om kvinner som sender inn spørsmål som omhandlar nett dette. Dei lurar på om det er mannen som ikkje viser dei respekt om han ser på porno til trass for at han veit at dei er imot det.
Spørsmål som "Er det meg det er noko gale med?" osv.......dukkar innimellom opp i desse spaltene.

Porno er nok meir vanleg enn kva mange vil våge å innrømme. Sjølv om vi lev i 2013, er det framleis eit tema som mange vegrar seg for å prate om og aller minst prate med andre enn innanfor husets fire veggar. Det blir liksom litt for privat.

Medan enkelte har skuffene sine fulle av vibratorar i alle storleikar, har andre null toleranse for slikt i det heile. Dei er faktisk så "sær" at ein ikkje kan spøke med det heller.
Sprikinga oss menneske imellom er kjempestor.

Kva er det med porno som gjer at så mange får kompleksar og dårlegare sjølvtillit? Eg er ganske sikker på at fleire av dei som ikkje likar at mannen sin ser porno får redusert litt på desse områda.
Mest sannsynleg er dei vel redd for at mannen ikkje skal finne dei attraktive lenger.

Kvifor ser eigentleg så mange menn på porno? Kva er det med pornoen som triggar dei?
Eg veit ikkje svaret, men eg kan sjølvsagt tenke mitt.
Det er nok ein god del kvinnfolk som ser porno også, men ikkje i like stor grad som menn.
Kva er det eigentleg som gjer at kvinner syns det er meir "ekkelt" enn det menn gjer?

No må eg nesten poengtere at det siste berre er ei antaking frå mi side. Eg antar berre at det må finnast årsaker til at kvinner ikkje likar det og at fleire sikkert syns det er ekkelt......
Så må ein vel i same slengen seie at hovudspørsmålet nesten må vere "Er det normalt å sjå så mykje porno?"
Er det noko flesteparten kan meine at er heilt greit?

Om naboen min ser porno, så er det ingenting som kunne brydd meg mindre. Ikkje har eg lyst til å vite det heller. Eg syns nok det er ganske privat, eg også. Det er ikkje noko ein treng å spreie for gud og kvar mann.
Difor er det ganske greit å berre la vere å seie kva EG meiner om saka. Om porno er normalt eller ikkje. Om eg har eit avslappa forhold til det eller ei.
Til trass for årstalet 2013, er eg nok av dei som meiner at kunnskapen om det får halde seg innanfor mine veggar og så får andre definere sjølv kva sem er det beste for dei. :=)

Overskrifta var vel eigentleg om det er greit å seie nei til porno?
Kva svarar ein til det?
Sjølvsagt er det lov å seie nei til porno. Det er opp til kvart enkeltindivid å sjølv finne ut kva ein meiner.
Likevel kan det sikkert for mange vere vanskeleg å seie nei, sjølv om det er nett det ein ønsker innerst inne.
Ein er ikkje trygg nok i situasjonen til at ein tørr å vere open om kva ein meiner.

Dette er faktisk ei problemstilling som har lagt grobotn for mange kranglar mellom par. Par der den eine har behov for porno, medan den andre er totalt imot det.
Kva gjer ein då?

Det er mange som ser porno i det skjulte. Når dei veit at kjerringa ikkje kjem heim på ei stund. Medan kjerringa lykkeleg uvitande held på med sitt, gjer mannen alt anna enn det kjerringa trur.
Heilt til det blir oppdaga.........Så er h....... laus. Skuffelse og usikkerheit og kanskje manglar "gutsen" til å tørre å seie ifrå.
Mange som oppdagar det held det nemleg for seg sjølv av di dei ikkje tørr konfrontere partnaren sin med det dei veit.
Då meiner eg eigentleg at ein ikkje har ein trygg nok stamme i forholdet.

Det er greit å seie nei til porno om du ikkje liker det, men det er også greit å seie ja til det. Kvar enkelt menneske må sette sine eigne grenser og leve ut frå dei. Av til strekk ein seg langt og andre gonger ikkje.
Eg er mest glad for at vi alle er ulike som menneske.

Klokka er to i skrivande stund. Eg har ikkje tenkt å sove bort føremiddagen i morgon, så då er det vel berre å pitle seg i seng før ein bekkar over til å ikkje "vere trøytt" lenger.
Så ha ei god natt og drøym søtt! Det har eg tenkt å gjere.

Hasta luego!

IWALY!!

torsdag 12. september 2013

Svigersønn søkes. Herlege greier! Det er ei 32 år gamal "jente" som er singel og eigentleg kan tenke seg å finne ein mann. No har foreldra, eller kanskje nærare bestemt mora, tatt saka i eigne hender.
Sånn heilt utan vidare, utan å informera dotters, har ho satt inn ei annonse i avisa i håp om at nokon skal bite på. Forhåpentlegvis ein kjekkas!
(Nokre henvendingar har ho fått, men ikkje av den seriøse typen.)

Svigerson ønskes er vel ein ny vri, vil eg påstå. Så absolutt. Det er ikkje ofte at slikt skjer. (Heldigvis kanskje? Dog ganske søtt.)
Litt sprøtt, men søtt.........
Så spørs det kva dottera sjølv seier når ho oppdagar kva som har skjedd. Når det plutseleg er mange friarar ute og går. Shit happens all the time.....:=)

Lot som hun var gravid - smuglet kokain i magen. Jeeeezes, var det første eg tenkte og såg for meg at ho anten hadde måtta svelge det heile, eller rett og slett blitt opna og fått det putta inn og sydd att.
No var det heldigvis ikkje slik, men overskrifta kan jo i så måte vere missvisande.

I mitt hovud betyr "i magen" nett det, I magen!
Det var i ein mage av lateks at kokainen befant seg. Kvinna blei imidlertid stoppa i Colombia då ho var på veg inn i flyet.
Ei flyvertinne spurte ho om kor langt ho var komen på veg og ho reagerte med å bli irritert over spørsmålet. Ergo blei mistanken satt.......... Kjipt for kvinna, bra for andre!

Metodane for smulgling blir nok meir og meir spekulative. Dopet skal fram, koste kva det koste vil. Det spørs berre om kvinna syns det heile var verdt det når ho får opplest dommen sin på fleire år i fengsel. Så spørs det om ho eigentleg gjorde det heile av heilt fri vilje, eller om ho rett og slett har blitt pressa til å gjennomføre det.
Bransjen er knallhard og enkelte gjer det lett, medan det ikkje er til å stikke under ein stol at dersom du først hamnar innanfor miljøet, ja då er det vanskeleg å kome seg ut av det heile.
Ingen kødder med mafiaen, liksom.........

Rødsund. I dag har eg vore ein tur ute av kommunen. Kurs/møte kallar dei det og er sjølvsagt matnyttig innimellom. Uansett om det er matnyttig eller ikkje, innebærer det reising og det er det fint lite å gjere noko med. Som oftast er det no denne ferga.

I dag var det Rødsund som gjekk. Først lurte eg på kva det var slags bromm eg gjekk ombord i. Godfjord var det ikkje, for akkurat det lille brommet er jo ikkje lenger enn ein einebolig. Ein vits, med andre ord.
Så skjønna eg heilt sånn ut av det blå at det var Rødsund. Gammelfergo, som eg brukar å kalle ho. Nostalgi!
Rødsund er ferga eg tok med pappa og då snakkar eg borndomen og ungdomsåra.

Eg måtte bruke begge salongane. Berre eit "must".
Først gjekk eg ned og testa setene der før eg gjekk opp for å sjå utsikta. Havet som var så stille i solskinnet. Ospa som har byrja å bli raud og fin når ein nærmar seg Drag.
(No burde du bli ganske så imponert over at eg kan påstå at det var ops, for det var snakk om nokre hundre meter unna!)

I vindauget var det rispa inn svære bokstavar. "Jan-Eirik". Jenteskrift, garantert! Her er det nokon som har vore forelska og ikkje klart å latt vere å forevige det. Det står der enno. Mest sannsynleg har det vel stått der i ein mannsalder.
Så spørs det kven Jan-Erik er.......

Endrer merking etter VGs brødtest. Ferskt brød kan være ett år gammelt. Hmmm....... Det høyrtest ikkje særleg bra ut. Kven er det som vil kjøpe eitt år gamalt brød? Jaja, eg trur det er mykje vi ikkje veit i denne verda og det er kanskje like greit.
Det likaste er nok å bake brøda sine sjølv. Då veit du i alle fall kva du får og i tillegg er det så veldig mykje sunnare.

Eitt år høyrtes ganske drastisk ut. No veit eg ikkje kva den nye merkinga går ut på, men eg lurer på om det no kjem til å stå på brødet at det er eitt år sidan det blei laga. Produksjonsdato........

Når eg tenker meg om, så er det ganske mange brød som skal lagast kvar einaste dag, nesten. Eg vil tru at det er snakk om ein ganske stor prosentandel av folket som kjøper brød i butikkane. Ergo må det bakes mange brød!
Det er kanskje ikkje lett å imøtekome kravet om antal brød om det ikkje er ei bufferlagring med brød.
Berre nokre tankar som slår meg............

Å leve på kneippbrød året rundt er vel ikkje akkurat bra. Billig, ja, men ikkje bra.
No har ikkje eg rekna på kva kvart av brøda mine kostar i mel, men eg er ganske sikker på at eg slepp billegare unna enn om eg hadde kjøpt dei i butikken. I tillegg blir ein meir mett av eit slikt brød og ergo varer brødet lenger også.

Eitt år......... Det høyres berre ekkelt ut!

Slik kan kvinner knekke menn. Hahahaha..... Det er berre snakk om ei humorstripe i avisa, men eg syns no eigentleg setningen er litt morosam. Det er jo forsåvidt sant. Mange kvinner gjer menn gråe hår. Nett det er vel ikkje noko å nekte for.

Sluker satt fast i partert lik. Fisj....... Det betyr at det er nokon som har fiska i området og har trudd at dei har satt seg fast i botnen og slitt snøret. Kvalmt!! Det er lagt ut bilete av slukane. Hadde eg fiska i området og kjent att slukane som er på biletet.......JA, då hadde eg vitterleg spydd! Utan tvil! Skikkeleg creepy.....

Hyller konas skjønnhet etter hukommelsestap. Er du kona mi?! Jeg har vunnet jackpoten! Så fantastisk herleg sagt! Enno godt at han faktisk syntes det. Det hadde vore litt kjipt om han hadde vakna opp og sett eit kvinnfolk han ikkje hugsar og som han meiner ikkje har utsjånaden med seg. Det fins sikkert eksemplar på det også.

Sjekk Ronaldos skjønnhetskolleksjon. Joda, mannen har jo ein kropp som det ikkje er til å stikke under ein stol at er "bra". (Kanskje ikkje eit dekkande ord, men.......)
Så spørs det om ein syns at ein muskelbunt som han er lekker. Det kan jo også bli for mykje musklar. (Det er vel berre å beklage til alle Ronaldoelskarane og "Ronaldo wanna be´ane".)

Kolleksjonen er heilt grei, den. Dog ingen store nytenkningar bak den, så det er vel aller helst namnet bak undertøyet som kjem til å sørge for å få eit vesentleg stort salg.

NASA har funnet tre asterioder de vil fange med lasso. Jaja, då får dei ta seg ein tur på vidda og øve litt på reinsdyra der og kanskje innhente litt tips frå dei som kan dette.
Lasso og asterioder. Joda........
Det er sikkert berre ei dårleg overskrift (eller kanskje det motsatte), men eg gidd ikkje opne saka av den enkle grunn at det høyrtes ikkje heilt normalt ut.
Så då vel eg heller å sjå for meg at dei står der og kastar lasso ut i rommet og kanskje er heldige og treff etter eit par tusen gonger (eller aldri).
Dei vil i alle fall få trent musklane sine i same slengen. Det er sikkert ikkje så enkelt å stå der og halde "tauet" med ein asteriode i andre enden. Kanskje dei blir hengande etter og får seg ei lita romferd i same slengen.

Jaja...Det er mykje dei gjer for å beskytte jorda. Her er det snakk om å ofre seg!

Jomfru Knutsen skal slutte av og gjer eit par småting før ho kryp under dyna. I kveld kunne det vore deileg om det hadde vore ein som kunne lese litt for meg på senga (frå romanen min). Augene har for lengst byrja å få tunge lokk, og då er det ikkje berre berre å få lest.
Det er mange år sidan eg blei lest for sist, så det kunne vore ein fin ting.
Eg trur det blir med tanken. Mest trur eg det blir legging utan eit einaste ord. Salander får stå i kø og vente i alle høve til i morgon. Så kanskje ho kan få ein date med meg då.
I hope so.......:=)

Så ha ei fantastisk fin natt. Drøym søtt!
Hasta mañana!

IWALY!!!

Måtte nyse, havnet i sjøen. Hahahaha..........Vel, det er nok ikkje noko å le av. Det var blodig alvor for mannen det gjaldt, men likevel.
Det er ikkje berre berre å nyse kva tid som helst. Det er heller ikkje lett å halde kontrollen når du nys.
Klarar du å halde augene opne når du nys, er du god!

Eg vil tru at han fekk seg litt av eit sjokk. Først køyrer han heilt normalt på vegen. Så kjem det ein nys og plutseleg er han i havet. Heilt normalt liksom. Litt flaut vil eg tru.
"Den uheldige mannen" - Eg hugser eg song songen med dei minste på skulen her eit år. Dei syns så frykteleg synd på mannen at dei nesten tok til tårane. (Men så var han kanskje hakket meir uheldig enn denne karen og så endte jo det heile med giftarmål. Då kan ein jo ikkje klage!)

Derfor "bare må" du tømme hele chipsposen. Ein skulle tru at det handlar om sjølvkontroll, men det gjer det altså ikkje. Det er ei heilt anna årsak til at vi et opp heile posen. Eller heile sjokoladen, for den del. (Eg kjenner fleire slike folk.....som spiser ein heil stor sjokolade om dagen og som er bra avhengige av den.)

Hedonic hunger! Eg har aldri høyrt uttrykket før, men det er nett denne hungeren som er årsaka bak "fråtsinga". (Det norske ordet er faktisk så enkelt som "sug". Eit uttrykk vi aller fleste kjenner kjempegodt til.)
Hedonic......... Sulten som er vanskeleg å kontrollere. (Ja, det må den jo vere når såååå mange ikkje klarer å la vere.)
Vi snakkar kontroll gjennom kommunikasjon mellom hjernen og forføyelsessystemet (og allereie der datt eg ut.......)
Eg kan likevel forstå at dersom du har dårleg impulskontroll, vil det vere vansklegare å motstå freistnadar. (Kanskje ikkje så ulogisk samanheng der.)

No har eg prøvd å analysere meg sjølv eit par minuttar (for det er jo lett......hahahahah.) Prøvd å finne ut om impulsiviteten min handlar på ein slik måte at heile chipsposen går med i same gapet i løpet av kort tid.
Det er visst ikkje så lett å konkludere med noko som helst.
Er det snakk om popcorn, så er det eit håplaust tilfelle. Det er umogleg å spare på det og det må ikkje gå for mange dagane mellom kvar popcorn-etegilde. Slik er det berre.......
Chips, derimot, er vel ikkje så vanskeleg å halde seg unna.

Det kan nok vere ein føremon om ein et eit eple rett før butikkturen. Kanskje ein då ikkje kjenner suget så godt når ein går forbi chips-hyllene og lar vere å kjøpe. Chips........ I dag er vi internasjonale!

I denne byen skal det finnes flere spøkelser enn noe annet sted. Tallin, the city with the ghosts. Usj.... Ikkje akkurat ei overskrift som lokkar turistane dit. Eller? Kanskje det er nett det som skjer? Det kan jo virke motsatt, at folk faktisk søker litt spaning og då er jo dette eit supert tilbod.
Viss ikkje spøkelsar er nok spaning........
Sjølv kunne eg tenkt meg å besøke "The tower of London". Det spøker der også!

Tallin ligg i Estland, eit land med ei dramatisk historie. Ingen land har så få religiøse som i Estland, men spøkelser, ja det trur dei på! Hahahaha......... (Det fins sikkert eit par stykk her i bygda også. Så pass deg...)

Norske kvinners sexhemmeligheter. Ooooja, så fint å få vite at vi har våre hemmelegheiter. Kan nok vere litt greit å vite.
Løgner, lyster og fantasiar! Tja...... 2/3 av det kan vel sikkert stemme, men den siste tredjedelen får stå for andre si regning. Eg kan ikkje hugse at eg har ploppa ut med ei løgn når det kjem til sex.
(Men så seier jo statistikken av det er mange som "faker" orgasme, så det kan jo vere det dei siktar til. Eg "faker" aldri.)

Så måtte det sølvsagt vere ein video! Eg trykka på lenka for å finne ut kva lystene og fantasiene mine er, men der kunne eg ikkje lese eit einaste ord.
Noko film om temaet, trur eg kanskje at eg står over. Det får andre ta seg av.
Eg går sterkt ut ifrå at det er lettkledde kvinnfolk som har hovudrollene i videoen og eg kjente ikkje heilt behovet for å sjå lettkledde kvinnfolk. Då kan eg jo berre kle av meg sjølv! Hahahaha.........

Hoppet over døden. Går det an då? For då skal eg gjere det om eg får sjansen........
Meininga bak tittelen er nok ei heilt anna, men viss den kan misforstås, er den då god? I just wonder.

Jomfru Knutsen har arbeidd heile ettermiddagen og kvelden. Difor blei det så seint før skrivinga tok til og ergo kom leggetida så altfor raskt og innhenta ho. Det blir vel betre i morgon.
Senga lokkar, så då er det berre å sjå kva viljestyrke eg har. Kanskje det blir som med chipsposen................

Uansett, ha ei fantastisk god natt!
Hasta luego :=)

IWALY!!!!!




tirsdag 10. september 2013

Forventer rush av "stjålne" telefoner. Tja, kanskje ikkje så usannsynleg.
Det er Apple som har lansert ny iPhone i dag og då er det nok mange som kan tenke seg nettopp ein slik.
I og med at det er eit produkt som er ganske dyrt, er det mange som ikkje ser seg råd til å kjøpe den. Då er det lettare å ty til ei løgn overfor forsikringsselskapet.

At folk kansynke så lavt at dei gjer dette, seier litt om kva moral mange veks opp med. Her er det enkelte som har bomma heilt, moralmessig.
Berre det at dei kan tenke tanken at det er greit å svindle på den måten.

Sjølv har eg ein iPhone, men eg kjenner ingenstader at eg treng ein ny. Kvifor skal eg ha ein ny når den eg har virker? Vere oppdatert.........
Eg lurar på om folk får betre sjølvtillitt om dei har det siste av det siste?
Eg hadde eingong ikkje lyst på ny telefon då eg kjøpte den siste. Den eg hadde var heilt "perfekt" til min bruk. Berre så synd at den byrja å få litt influenske tendensar til tider.
Litt hoste her og litt hoste der. Spesielt når eg skulle ta viktige telefonsamtalar eller vere på internett.
Så då gjekk eg vel lei på eitt eller anna tidspunkt.

Siv Jensen var den som ropte høgast av alle i går kveld. Det til trass for at ho berre fekk 16 % av stemmene. Akkurat det tyder ikkje på at Frp er eit parti folk vil ha til å styre. Ho er berre heldig av di ho  får vere ein brikke i det nye spelet.
Erna Solberg tok sigeren på ein vaksen måte, medan Siv viste seg frå ei side som gjorde at eg tenkte "Og ho skal vere med og styre landet? Gud betre....."
Ho var vill i blikket og brølet og latterleggjeringa hennar av Jens sørga for at ho fall mange hakk på skalaen over "vaksne" folk.
Det var rett og slett umodent av ho å vise ein slik oppførsel som ho gjorde, noko mange har hatt fokus på i dag.
Og i fleire fengsel sit det no mange som er knallnøgd med gårdagen.

Derfor blir vi tykkere av lite søvn. Vi er meir tilbøyeleg til å handle sunn mat om vi har sove godt og er kvil! Er vi trøytt, vel vi mat med 9% meir kaloriar.
Svenen påverker appetittmønsteret vårt.

Ut frå det kan vi då anta at det kan vere lurt å kutte ut koffein etter klokka 12 på dagen, sånn for å få roa seg ordentleg ned til natta kjem. Då må jo svevnen bli bra.
Joda........Berre eg slepp å arbeide med alle dei abstinenssjuke som må slutte med kaffien sin. Eg tippar dei blir dritsur om dei ikkje får sin daglege dose.
Viss du er vant med å drikke 10 koppar kaffi i løpet av dagen, er det ikkje berre, berre å redusere det til tre.

Viss du er ute etter ein lekker og slank kropp, foreslår eg at du får deg ditt eiga soverom. Det er mest sannsynlegvis det einaste som gjeld mot masete mannfolk som alltid har lyst (sjølv når du ser trasig ut pga lite svevn.)
Med mindre du legg deg nesten utanfor kanten på senga, så er du såpass nær at han ikkje kan la vere å reagere.
Då spørs det om du har vilje av stål til å seie nei eller ikkje.
Dersom du går i fella så blir du tjukk!! Det seier jo seg sjølv.......Du får jo ikkje nok svevn då.

Eg veit ikkje kven det er mest synd på. Mannen som må tole å få eit nei slengt i trynet, eller kvinna som må slite med mannens ståpåvilje. Det blir sånn der fifty-fifty-stakkars.

Viss eg no treff på nokon som søv godt og har nokre kilo for mykje på kroppen.......Ja, då blir eg skuffa. For no har eg gått rett på "limpinnen" i denne saka, lettlurt som eg er. Så eg håper eg ikkje allereie i morgon får provet på at det berre er tull.
Som om det ikkje vil vere normalt at det passar på nokon.
Det blir som då eg var tenåring og det stod i horoskopet mitt at eg var forelska i ein som starta med bokstaven T.
Det stemte jo. I alle fall litt småforelska................ Eg skal ikkje nemne namn her, i "frykt" for at han sjølv les dette, men det byrja i alle høve på T!
Så den gongen traff det på meg, medan svevnen sikkert vil treffe andre.
No kan vi anta at alle tynne menneske sover godt!!

Her er bøkene flest lyver om at de har lest. 6 av 10 prøver å virke smartere enn det dei eigentleg er. For at andre skal tru at dei er smarte, seier dei at dei har lest bøker dei ikkje har opna ei einaste side i. Joda........
Har det samanheng med at mange set intelligens foran utsjånad hos ein partnar? I don´t know, but I´m asking.
Jaja....Viss folk trur eg er hakket smartare av di eg har lest Ringenes herre-serien...........
(Noko eg forsåvidt ikkje har.)

Jeg har ikke blitt mer vill i trusa. Kva kan ein legge i det begrepet då? Tone Damlie Aaberge er singel og det er tilværelsen hennar etter brotet det er snakk om.
Eg trur kanskje eg ville ha valgt orda mine med meir omhu om eg hadde blitt konfrontert med noko frå media si side.
"Eg er ikkje blitt noko rundbrennar." "Eg driv ikkje med hor." "Eg ligg ikkje med nokon som helst." Gudane veit kva ho meiner med utsagnet.
Sist eg høyrte setningen bli brukt, var eg nok i slutten av tenåra. Plutseleg dukkar det opp att. Så spørs det om ein legg det same i begreper no som på den tida.
Blant oss var det i alle fall ikkje positivt betona.

Arver vi mors rynker? Nei, vi får vel våre eigne? Kven vil vel arve gamle rynker?

Jeeezes.........Det går akkurat opp for meg at eg slit med å halde augelokka opne. Fleire gonger har eg tatt meg sjølv i å "nestensove". Ikkje bra......
No slit eg grueleg mykje ed å halde meg vaken i skrivande stund, så eg får krype til korset og seie god natt og heller skrive i morgon.
Jaja, eg ovelev vel det også.

Hasta mañana!

IWALY!!

mandag 9. september 2013

Fant partert lik på 14 meters dyp. Ja, hadde det vore eg som hadde funne noko slikt, trur eg ikkje at eg ville fungert resten av mitt liv.

Ein dykkar fann ein mystisk "pakke" på sin ferd langs botnen. Han hadde "heldigvis" vit til å ikkje opne den sjølv, men heller varsle i frå til politiet.
I ettertid var nok det eit klokt valg, for parteringa har vore så grundig at dei enno ikkje har kunna stadfesta kva kjønn det er på liket.

Området det blei funnen i er eit populært turistmål og badeområde. Liket var pakka og senkt ned på ein slik måte at det ikkje var meininga at liket skulle finnes.
Berre tanken på at det faktisk kan finnes lik på havbotnen andre stader, at ein ikkje kan vere sikker på at ein badar i eit "trygt" område........Fisj.
Eg håper eg ikkje kjem på slikt medan eg er på djupet nokre stader.
åpen med bakgrunn av
Nordmenn er nest lykkeligst i verden. Hmm....det skulle ein ikkje tru i og med at det er så mange som meiner at vi vil får det betre med dei "blå".

USA: Blinde får bære våpen. Er ikkje det oppsiktsvekkande? Ikkje veit dei kva dei siktar på. Kva om dei treff uskuldige born (eller vaksne, for den saks skuld).
Delstaten det gjeld heiter Iowa. Sjølv trur eg at når først ein delstat får det, er vegen kortare for neste delstat. (Sjølvsagt berre ei antaking frå mi side.)

Det handlar om at det er feil å hindre folk i å bære våpen på bakgrunn av ein persons fysiske evne. Så kan ein diskutere kor vidt dette er teit eller ikkje.
Joda, det er greit at dei som ikkje er funksjonsfriske i samfunnet ikkje skal føle seg mindre enn dei er. Difor er det viktig at samfunnet legg til rette for dei.
Likevel. Det blir feil om det skal gå på bekostning av andres sikkerheit.
Er det eit overgrip mot ein blind mann om han ikkje får bære våpen når ein tenker på kva følgene det kan få for andre?
Kven er det viktigast å ta hensyn til? (Eg berre lurar....)

Viss det skal gjelde for våpen, så kan ein jo like så godt seie at blinde ikkje skal nektes å køyre bil!
Jaja....Dei republikanerane, dei republikanerane. (Eg skal no la vere å antyde kva parti i Noreg som er mest lik dei.)

Russland vil straffe rocke-gruppe fra USA. På ny er det nokon som har drete på draget. Ei teit sak, spør du meg. Bassisten i gruppa tok det russiske flagget og stappa det ned i underbuksa slik at det blei godt planta blant dei edlare delane.
Bloodhound gang. Eg har visst ikkje høyrt om gruppa før. Etterkvart kom flagget opp att og blei kasta ut til publikum.
Folk var vel "toskete" nok til å ta imot då det om flygande i lufta. (Fisj....)
Kva er det med "kjendisar" og underbuksehumor? Ein pissar på seg, ein annan truer med å drite på seg og no denne karen som puttar flagget ned ilag med "litjkaren".

Bassisten i gruppa heiter Jared Hasselhoff og pissa på flagget. Med andre ord ein skikkeleg "kul" fyr......

Vurder mannen ut fra bilen han kjører. Hahahaha.....Joda! Då trur eg heller at jomfru Knutsen skal hoppe til neste tema, for viss ho no skulle begi seg ut på ei avhandling om dei ulike menna her i bygda (ut frå kva bil dei køyrer), så kunne ho fått det riktig så artig. Såååå artig trur eg ikkje at ho skal ha det.
Ein lærer jo borna at dei må ta konsekvensane av handlingane sine og då spørs det kva resultatet blir når denne jomfrua blir konfrontert med dei ulike mannsanalysene.

Her er jo alt ifrå Mazda, Toyota, Citroèn (veit ikkje korleis det staves), Golf, Ford, Opel, konebilar, racerbilar, tøffe-toget-bilar osv osv.......... At eg faktisk veit at dei fleste av desse namna er realistiske namn på køyretøy, er ganske fantastisk. (Eg trur ikkje at eg skal avsløre at eg kan ingenting om bilar.)

Nei, allereie er tankeverksemda stor oppe blant dei små grå på dette området. Her er det berre om å skunde seg vidare før det går galt!
(Den første som hadde fått svidd, ville vore Ole-Magnus, så Marita du skal vere glad eg stoppar her!!) Hahahahaha.........Viss hans personlegheit skulle komen fram, måtte dåke ha hatt ein hjullastar eller lastebil utanfor huset. Ein Wolswagen transport i frå 1970 har litt for liten motor til å kallast "trailer"!!
(Joda, eg måtte få hjelp til å namngje bilen......... Eg veit den er raud, men der stoppar det også!)

Prinsesser og sjørøvere skal friste barn til å spise mer egg. Rosa og blå pakningar. Ergo går dei langt med å definere kjønnsroller.
Det er eigentleg berre trist om dei skal påverke born på denne måten for å få dei til å spise egg.

I mitt kjøleskap står egga i skapdøra i eggebehaldaren. Son min veit aldri kva tid eg kjøper egg eller ikkje.
Eg spør berre kven som vil ha egg og får svar. Om det er ein sjørøver på pakningen, kan eg garantere at det ikkje vil påverke svaret eg får.
Som regel blir spørsmålet "stekt eller kokt?"
Til sjuande og sist er det smaken som gjeld. Anten likar du egg, eller så gjer du det ikkje.
Eg ser ikkje for meg noko anna enn at det er dei vaksne som kjøper egga når dei har brukt opp dei gamle.

Skal prinsessene ha noko hensikt, må dei nok male kvart enkelt egg, noko eg tvilar på vil skje......
Lag prinsesseflasker med tran! Då kjem alle born til å eeeeelske tran. Heilt garantert!
Eller Pelle politi.......... For kven kan vel motstå å drikke av ei flaske som er tro kopi av denne tøffe bilen? Tran ville garantert blitt ein salgssuksess! (Særleg..........)

Mann funnet i live etter 4 måneder i Andesfjellene. Han overlevde ved å jakte på rotter!! Oh, my God.....seier eg. Det viser i alle fall at dersom ein må, gjer ein kva som helst for å leve. Det er altså sikkert. Rotter!!
Åååååh, eg kjenner det opp etter ryggrada. Det er som om at ei lita rotte sprong oppover og det føles ikkje bra!
Rotter er heslige dyr. I alle fall med tanke på at det skal spisast. Så difor trur eg at denne knetta hadde omkomt om ho hadde hamna i same situasjon. (Med mindre det er mykje gress der. Ku-fòr fungerer sikkert det også. Sjansen er vel minimal med tanke på at ein er langt oppe i høgda.

Rotter! Dei er både ekle og farlege.
Berre så det er sagt.....Eg trur ikkje akkurat at ei rotte i Andesfjella tenker så heftig på å bite over ei ledning eller liknande. Likevel........Dei finn sikkert berre på anna ulumskskap.

Rotter i toaletta! Det skjer til tider. Plutseleg sit du der og blir stirra inn i det aller heilagste og det av eit lite monster som trives ekstra godt i "kloakken" din. Det hjelper lite kva du slepp ut av deg der du sit. Rotta er vant med både lukt og innhald, så dden blir ikkje akkurat skremt av det.
Creepy!! Rotter i toalettet!

Det er valgaften og det ser foreløpig ut som at Noreg skal bli styrt av eit sirkus. Dei fire partia som må saman om makta står så langt i frå kvarandre politisk at det er teit å samarbeide.
Ein er bra regjeringskåt når ein svelger kamelar store som elefantar berre for å kome i posisjon.

Korleis kan eigentleg eit parti som Krf så mykje som tenke tanken på å styre ilag med Frp? Akkurat det gjer at eg meiner dei går på tvers av dei grunnprinsippa partiet er bygd på. Dei mistar respekten min og har forlengst mista sin eigen integritet.

Eg trur eigentleg mest at samarbeidet får starta opp og så blir det full krise. Det er i alle høve lov til å håpe.
Vi har aldri hatt det så bra som no og korleis kan vi eigentleg tru at vi skal få det så ufatteleg mykje betre?
Størstedelen av budsjettet er uansett bunden opp i faste utgifter som dei fleste partia er einige om. Så då er det ikkje mykje att av pengar til disposisjon for å gjere så frykteleg store endringar.
Pengeboka vår vil med svært stor sannsynlegheit ikkje få det noko betre.

Forskjellen i den økonomiske politikken er mykje mindre enn kva som er komen fram under valkampen. Der trur eg mange vil få seg ein vekkar......ei a-haoppleving.

Det er med andre ord ingen lykke her i huset i kveld. Det er eigentleg mest trist. Spesielt med tanke på Nord-Noreg. Altfor mange "kjøper" det dei blir fortalt.
Jaja, slik er det berre. Demokratiet fungerer slik at alle har rett til å stemme det dei vil og det må jo sjølvsagt respekterast. Det er likevel lov til å vere skuffa. Eg håpar berre Krf tar til vit og "bryter" med Frp.
(Berre å det er sagt.....EG har ikkje stemt Krf. Jens er min mann og solidaritet vil alltid vere viktigast or meg.)

Ha ein fortsatt fin kveld. Det er sikkert mange som gjer akkurat det same som eg. Så spørs det kor lang kvelden blir........ :=)

Hasta luego!

IWALY!!