mandag 2. september 2013

Eg har nettopp høyrt dagens vits. Ein fotballspelar går til Real Madrid og får ei ukeløn på 2,8 millionar. 
Det tar heilt av i den sporten og det er ganske usmakeleg at eit par leggar kan vere verdt så mykje. 
Berre eit lite hjartesukk frå ei som kanskje ville fått ei ukeløn på 32 kr.-!

Reiste 7000 km for 7 minutter "Jakten"-date. Joda, sikkert ei hyggeleg oppleving, men det var litt langt unna. 
Når eg tenkter meg om, så er det 150 mil herifrå og heim til trappa hos mor mi. Nord i Nordland og til Hordaland, Kvinnherad. 
Eg leitar febrilsk oppe blant dei små grå for å fnne ut om det er praktisk mogleg å reise ein slik avstand her til lands og tenker at det i alle høve må bety tur-retur. 
350 mil.......Hmm, ja ikkje usannsynleg, tenkte eg først. Såååååå gjorde fornuften seg gjeldande. Frå Nordkapp til Lindesnes er det i overkant av 230 mil (om eg ikkje hugsar heilt feil). Så viss nokon har gidda ei reise på over 100 mil ekstra, ein veg, så trur eg ikkje dei kan legge til dei ekstra mila i "Jakten"-reise. 

Jaja, eg måtte jo sjølvsagt opne saka og sjå. Matematikken og geografien høyres jo heilt grell ut og då er det klart at denne jomfrua må sjekke stoda.
Ein ting er sikkert, og det er at denne knetta oppdaga noko som var heilt uventa. Dei små, grå hadde visst ikkje vore heilt vakne. Kanskje ikkje så rart når ein veit at det er måndagskveld og snart leggetid. 
Då sit ein jo med eit halvt auge på tv´n og Irene Huss. At ein innimellom får sjå at dei stikk ei saks inn i auget på eit lik, hjelper ikkje akkurat på konsentrasjonen til ei slik ei som meg. For det er berre ekkelt og då er det ikkje så lett å samle tankane om "Jakten-kjærleik"!

Uansett...... Kva var det eg oppdaga som ikkje så mykje som besøkte hjernen i forkant? 
Joda, så enkelt som at friaren det er snakk om (ei kvinne), har reist heilt ifrå Kansas til Kragerø for å møte mannen i sitt liv. 
Heldigvis for ho så likte ho det ho såg. Eg vil tru det hadde blitt trasig om det hadde vore omvendt. 

Eg tvilar på at eg ville gjort det same. Bladd i ei norsk nettavis og endt opp med å sende friarbrev. 
Det er mange "hotte" menn på nettet. Om dei er draumemenn, er ei heilt anna sak. (Med mindre dei har eit så fengande namn som George Clooney, sjølv om også han er utgått på dato). 

Så attstår det å sjå om ho har investert pengane sine riktig. På ein norsk bonde........ 
Det er ikkje såååå lenge sidan vi emigrerte herifrå til "over there". Kanskje det er tida for at bølgja snur seg?! 
Det er i alle høve ganske dristig å hive seg ut i det på denne måten. Måtte ho finne den store kjærleiken!

Jeg får hundrevis av mailer om denne kjolen hver dag. Huff, så slitsomt. Viss eg hadde fått hundre e-postar om dagen (om så ifrå ulike avsendarar), så trur eg kanskje eg ville blitt "hautuillåt"! Skulle det då vere snakk om eitt og same tema........ Oh, my God!! 
Kva kjole er det som er så vanvittig fin at den får slik merksemd? 
Eg vil tru at det er mange som skriv berre av di dei diggar innhaldet på innsida av kjolen. 
Medaljens bakside ved å vere kjendis. Så det kunne jo vere ein idè å ha ei e-postadresse som ikkje var så offentleg. 
Med tanke på at det kan dukke opp ei seriøs melding innimellom dei andre hundrevis, så må ein jo nesten opne dei alle saman?!
Jaja, ei crazy verd, spør du meg. 

Enke risikerte 298 år i fengsel for utroskap i Taiwan. Hahaha.....sjukt! Her er det snakk om lover på høgt plan. 
Det er ikkje vanskeleg å sjå at verda enno har laaaaang veg å gå når det gjeld kvinner sine rettigheiter. Det er jo direkte skummelt å bu i land som dette. 
Enka endte opp med to års fengsel og ei bot som tilsvarar over 150 000 norske kroner. Horibelt, men dog ikkje så ille som det kunne vore. 

I teorien kunne enka blitt straffa for kvart einaste stemnemøte ho hadde med den gifte mannen. (Ho sjølv var singel - for dei som ikkje er så vaken at dei oppfattar tvert at ei enke er det same som singel). 
Med andre ord så blei kvart enkelt kyss ganske dyrt! 
Snart 60 år, åleine i eit slikt land og samtidig må punge ut eit slikt beløp?! Joda, ho har ei lykkeleg framtid i sikte. 

298 år......... Det blir jo berre så tåpeleg at det er vanskeleg å ta slikt seriøst. (Sjølv om det i aller høgste grad er superseriøst for dei som hamnar i uføret på denne måten). Systemet er rett og slett latterleg. 
Kanskje på tide at dei får nokre oppegåande leiarar der som kan gripe fatt i lova, denne og fleire andre, og endre litt på dei. I mitt hovud ville ikkje akkurat det vore så ufatteleg dumt. 

80% av folket er imot avkriminalitisering av utroskap......... 
Ikkje veit eg.......men eg lurar jo på om det kun er menn som har uttalt seg, eller om kvinner får seie si meining dei også.

Det verste er at det står ingenting om mannen i heile artikkelen om saka. Det står berre at ho har vore i eit forhold med ein gift mann og må straffast for det. 
Kva straff har mannen fått? DET lurar eg på!
Hahahahaha..........Han har vel nok med å måtte leve resten av si tid med eit kvinnemenneske som har funne ut kva han har gjort. 
Det er jo sikkert i og for seg straff nok, det! 
Viss utroskap er kriminelt, ja så er det vel heller ikkje lov til å skille seg? (I just wonder..)

Hus smadret. Hjemmebrent....... Wow, det må verkeleg vere snakk om mengder sprit når eit heilt hus går til vers pga eit heimebrentapparat. 
Spørs om pengane han har tent på å selge spriten er nok til å dekke eit nytt hus. 
Slik eg ser det, har han vel ikkje akkurat rett til å få forsikringspengar til det formålet når ulovleg verksemd er årsaka bak ulykka? (Kan eg aldri tenke meg til at noko selskap går med på....)

Berre dunsten åleine er vel nok til å få fleire til å sjangle!
(Hmm...... At det gjekk sånn heeeeeilt til vers, er vel kanskje å ta det litt vel langt, men det var det dei sa på tv. Har dei sagt det på tv, ja då er det slik!!!!) 

Jaja...... Det er måndag og ei ny uke har starta. Helga viste seg frå ei særs god side med sol og herlege temperaturar begge dagane. 
I alle fall klaga ikkje denne knetta då ho kunne vrenge av seg klerne og brette seg sjølv ut under sola med ei god bok i hendene. 
Eg er rimeleg sikker på at den i alle fall avga pittelitt farge til kroppen. I alle høve ønsker eg å tru det. 
Viss psyken meiner der, ja då er det jo verdt det! :=)


Kva er vel meir avslappande enn ein hytteveranda på ein slik dag? 

Dersom du no trudde at den avkledde jomfrua skulle vere med på biletet, så må eg nok skuffe deg! Diverre.... Hahahaha...:=)
Bo er det berre å håpe på at dette legg malen for korleis hausten vil arte seg vèrmessig. 

No skal eg ta kveld, så då attstår det berre å ønske alle saman ei god natt med mykje skjønnheitssvevn. 
Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar