lørdag 21. september 2013

Det er tid for bryllaup i morgon (i dag) og jomfru Knutsen har leita fram bunaden. Ho er nok vel vitande om at brura kjem til å kaldkvele ho når ho oppdagar at jomfrua ikkje har lakka neglene sine!
No er klokka passert midnatt og då kan eg sjølvsagt ta ein spansk ein og seie at det er så seint at eg ikkje evnar å stryke det på. I morgon er det for seint, for det er aldri lurt å stresse. Hahahaha....... Slik kan ein på ein dårleg måte skjule at ein faktisk er elendig på det. Å smøre neglane......

Ikkje det at eg aldri har brukt neglelakk, men det høyrer jaggu meg med tildet sjeldne!
Det faktum at eg hat brukt det heile to gonger i sommar, er jo å overgå seg sjølv. Det er nok nokre år sidan sist.
Så er det å gå eindel dagar og vente på at lakken skal forsvinne av di eg ikkje evnar å skjønne at ein bør bruke lakkfjernar.
Nei, blomar, bilar og neglelakk......... Not my table. Det er berre slik det er. Eg får seie at det er halve sjarmen med meg.......Alt det eg ikkje evnar å "gjere". Det eg har null peiling på!

Kva gjer ein når brura trur ho har kontroll på alt? Joda, sørger for at ho skjønner at det har ho faktisk ikkje.
Den følelsen, liksom......... :=)
Sjølv er eg mest spent på om brudgommen klarer å knele riktig, for eg var nemleg så heldig å fekk oversjå prøving. Say no more......... Han risikerer verkeleg at eg byrjer å le i kyrkja! (I hope so not!!)
Heldigvis veit eg han har øva...... Thihihi....
(Berre han ikkje byrjer å flørte med presten.)

Er du mann nok til å bære veske? Eehh....... Ein ting er å vere mann nok, men ein annan ting er at det for oss andre vil sjå heilt snålt ut. (I alle høve for meg!)
Mann og mann........

Det ultimate trendtilbehøret er faktisk manneveske! Tru det eller ei........ Det er faktisk sant.
Det verste er at det første eg tenkte var at dette var teit. Mennog vesker er ikkje noko særleg god kombinasjon.
Det var til eg fekk sjå veskene. Dei var faktisk ganske kule, så eg kan sjå den med at det er blitt ein trend.
Dog.......Det er ikkje kva som helst mann som kan bruke slike vesker, berre så det er sagt.
I skrivande stund ser eg for meg fleire menn her som så absolutt må halde seg langt unna trenden. Elles trur eg at eg får mine tvil.......

Kanskje det snart dukkar opp mannlege kollegaer på skulen, med nye trendvesker i håp om å virke ungdommelege.
Uff.......Eg ser ikkje for meg ein einaste av dei med veske. Det blir berre såååååå feil.

Eg er heller ikkje så imponert over cat-walken som dei siktar til i denne saka. Den blei litt for femi!

Menn er ikke så enkle som du tror. Neivel...? No har eg aldri trudd at menn var eit så enkelt dyreslag, for å seie det sånn. Eg har berre meint at dei er enklare enn oss kvinnfolk, for vi er såvisst alt anna enn lett.
Dei skapningane som kalles menn, tja, dei er nok hakket enklare enn oss og akkurat DET er ikkje til å stikke under ein stol.

Det er berre ein myte at menn er så enkle. Ein myte som kan virke ganske øydeleggande for menn.
Og så hamnar plutseleg saka innanfor temaet sex. Nytelse, orgasme, ereksjon.......Ja, orda er mange. Plutseleg tar saka ei heilt anna vending enn først antatt. Jaja, så feil kunne ein ta.

Nei, jomfrua blei plutseleg så sigen! Mildt sagt! Det er berre å utnytte høvet og stupe under dyna straks. Det er ein viktig dag i morgon og då er det vel best å vere best mogleg førebudd. Då skal det ikkje stå på antal timar med svevn.
Så ha ein  god natt!! :=)

Hasta luego!

IWALY!!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar