torsdag 26. september 2013

Frøken Knutsen har akkurat pakka bort skulesakene og tatt kveld. Denne uka har det visst vore kveldsarbeid kvar einaste kveld, så eg tenker det er ein liten kar som syns det er dumt at mora ikkje har tid til han.
Helga får veie opp for det, for det blir nok arbeid i morgon kveld også.

Mange lærarar opplev ofte at dei må forsvare seg når det kjem til lang sommarferie. Dei aller fleste gongene kjem det frå folk som antar. Antar at dei veit arbeidstida til lærarane.
Sanninga er at ein Norcemarbeidar, butikkmedarbeidar eller "you name it" ville aldri gått med på å sitte å arbeide til klokka er nesten midnatt fleire kveldar på rad utan at dei får noko att for det.
Viss ein må ekstra på kvelden når ein er dagarbeidar, ja då forlanger ein sjølvsagt ekstra løn eller avspasering for det.

Ein god del av arbeidet er faktisk lagt til ettermiddagar/kveldar. Det er sjølvsagt meir i enkelte periodar enn andre, men i løpet av eit skuleår går det nok med nokre sundagar i tillegg til dei kveldane som går med.
Medan andre yrkesgrupper kan avspasere i løpet av året og kanskje reise på ferie når det passar dei......Når dei ser at dei kan få superrimelege reiser av di dei reiser på tidspunkt som ikkje er lagt til sommaren .....,...kan faktisk ikkje vi gjere det same.
Vi får ikkje avspasere når det passar oss. Det blir lagt til blant anna sommarferien.
Kvifor?? Joda, det er jo sjølvsagt det som gagnar best. Det er jo då elevane har fri. Ved å avspasere då, treng dei ikkje ta inn vikarar og liknande for å ta eit døme.
Vi klagar ikkje. Ordninga er heilt super den, syns i alle fall eg.

No er det snart haustferie. Eg har fri då også eg!
Mange vil då kome med utsagn som seier at vi har så mykje fritt. Ei heil uke med haustferie.
Vel, det stemmer ikkje heilt.
Elevane har fri heile uka. Ikkje vi! Eller......Vi får fri vi også, men det får vi av di vi legg planlegging til ettermiddagstid/kveld.
No framover skal vi alle møtes og ha planleggingsdagar etter endt arbeidsdag. Det kjem til å gå med ein god del kveldar. Det er jo det same om ein planlegg på dagen eller ettermiddagen/kvelden. DIFOR kan vi ta fri heile uka når elevane ikkje er der.
Vi forskyv berre arbeidstida.

Det er sikkert ikkje så lenge til jula heller. Vi får eit par-tre dagar der også. Då ropes det høgt om at vi har fritt heile jula.
Joda, men så er eindel av dagane raude. Raude, som gjer at då har dei fleste fritt. Skiftarbeidarar er på arbeid, men det er då vutterleg mange yrker som ikkje arbeider på dei raude dagane.
I år har vi fritt fredag 27.des. og måndag 30.des. også slepp vi å jobbe den halve dagen ekelte gjer lillejulaften og slikt.
Vel, eg har allereie jobba inn dei dagane og vi er berre i september. Så alt er relativt.

No skal dei innføre sommarskule for dei lærarane som ønsker det, i første omgang, men etterkvart blir det vel ein tvang.
I heile valgkampen har det vore fokusert på skule på ein slik måte at eg er sikker på at det vil bli håplaust å rekruttere nye lærarar dei neste åra.
Kven er det som ønsker å studere til noko som blir omtala på den måten som det har blitt gjort heile hausten?
I tillegg blir det fokusert på at det er så mange ufaglærte. Joda....Det er nok sant det, men tala stemmer ikkje heilt med realiteten.
mange av dei som er klassifisert som ufaglærte har høgare utdanning i faga dei underviser i. Dei har berre ikkje tatt pedagogikkeksamen. Så på papiret er dei ikkje rette faglærte, men kunnskapen er såvisst tilstades.
Mange av desse er dyktige vaksne. Dei er med i talet dei også.
Det er for mange ufaglærte, ja, men det er ikkje så svartmalt som det gis uttrykk for.

Årsaka til at lærerferie opptar meg akkurat no, er av di det ikkje er lange tida sidan sist eit menneske sa at "dåkker lærara som har så mykkje ferie......".
Det er greit at ein kan skulde på uvitskap hos den som påstår det, men samtidig føles det feil og måtte rettferdiggjere "ferien". For det er ikkje ferie alle dei sju ukene vi har fritt.
Dagane i juni "betaler" vi for. Dei trekk oss i løn for fire dagar. Augustdagane er avspasering på lik linje med det dei gjer i alle andre yrker, berre at den er årstidslagt sentralt av di det gangnar samfunnet best økonomisk (blant anna). Eg kan sjølvsagt hoste opp fleire grunner utan problem, men det er vel strengt tatt ikkje nødvendig.

Sjeldan høyrer vi om dei som arbeider i Nordsjøen. Dei er borte ein tredjedel av året. Resten har dei fritt. Joda.....Litt lengre dagar når dei er på abeid, men ingen kan kome og seie at dei ikkje har ei god ordning. Og løna.......... Vi kjem aldri i nærleiken.
Nordsjøarbeidarar er berre EI arbeidsgruppe. Det fins fleire gode alternativ å samanlikne med.

Andre yrker avspaserer time for time pluss overtidsløn. Kva er då så galt med at vi får gjere det same (sjølv om det er lagt til sommertid)?

Èn mann - to forlovelsesannonser - to kvinner. (Og det stopper ikke der.) Hahahaha....... Finske Mika er visst ein luring.
Saken er at han tar hand om dei begge to. Først forlova han seg med den eine og etterpå tok han sjølvsagt med seg brudepika hennar. Ho kunne jo naturlegvis nok ikkje vere åleine?! Thihih....... Så då forlova han seg med henne også.
Eg tenker han har lykkelege dagar!

Berre så synd for han at Finland er like streng på det som Noreg når det kjem til giftarmål. Han kan nok berre gifte seg med den eine.
Han har bestemt at det må bli den første han forlova seg med, men alle skal bu ilag.
Hmm.....Kven er det eigentleg som syns det er heilt greit å dele mannen sin med ei anna kvinne?
(Desse to, sjølvsagt, men spørsmålet var vel heller ikkje meint heilt slik det blir stilla. Det er meir at EG ikkje kan forstå at det faktisk går an å elske to stykk samtidig og få begge to til å gå med på at det er greit.)

Ylvis......Eg syns no det blei mykje Ylvis-prat på media i desse dagar. Det er jo ikkje ein einaste dag utan at dei blir drøfta. Sjølv har eg ikkje sett eit einaste klipp med brørne. (Kanskje eg går glipp av noko superstort i og med at dei er så populære?!)

Fikk ny nese - midt i panna. Shit happens! Hahahaha..... genialt! Kanskje ikkje så hyggeleg å gå rundt med ei nese i panna for alles skue. Det er kanskje litt kjipt......
Likevel, målet helliger middelet som dei seier så fint.

Det er ein mann som fekk øydelagt nasen sin i ei ulykke. Han sørga ikkje for å få den fiksa før det blei for seint og at han hadde fått infeksjon i det heile.
No har dei laga ei ny nase til han (av brusk frå ribbeina), plassert ho i panna slik at ho skal få riktig form.
Eller, det er vel gått ei lita stund no......Så det er tida for å gjennomføre inngrepet og plassere ho der ho skal vere i framtida.

Eg må innrømme at då eg las overskrifta, trudde eg at det var snakk om feiloperasjon. At det var ein lege som hadde vore så "tuillåt" at han av ein eller anna årsak hadde bomma litt under ein operasjon.
Det var det ikkje......Heldigvis for denne mannen! :=)

Eit lite appropos til dei som reiser ofte. Til og frå Gardermoen........ Ein skulle tru at Flytoget er suverent når det gjeld tidsmessige planar du legg. Slik er det slett ikkje. Ein kunne ikkje tatt meir feil. Ikkje med mindre du meiner at fire minuttar er mykje å spare.

NSB og Flytoget har ein forskjell på 4 minuttar mellom Oslo S og Gardermoen. Prisforskjell? 80 kroner!
Såom du tel på kronene, vil det jo vere det likaste om du tar NSB si løysing.

Nei, no skal eg ta kveld. Ha ei god natt og ein fin dag når du vaknar til liv att!
Hasta luego!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar