mandag 23. september 2013

Og gift blei brura. Brudgomen dukka opp og klarte å lire av seg eit ja, så då blei det både fest og moro.
Eg har vore så heldig at eg har fått tatt del i eit bryllaup i helga. Ei fin stund i kyrkja der brura var vakker der ho kom gåande i lag med faren opp kyrkjegolvet. Lettare nervøs, sjølvsagt.
Brudgomen blei raud i både kinna og augene, så han kan ikkje lyge seg unna at han syns sin tilkommande fru var slåande vakker på den store dagen sin.
Så blei det feiring av det heile.


Det er ikkje så ofte at denne festdrakta er i bruk. Då er det klart den må takast i bruk når det er ein fest som dette. Når ein då er så heldig å ha ein staskar som dette i lag med seg.............. Han er no litt lik mora, ja!! (Stakkars den som seier noko anna! - Hahaha........)

Fjellet på billigsalg. Jaja, skal ein tolke overskrifta, kan ein få kjøpe seg litt fjell, bokstaveleg talt. 
Det er sjølvsagt ikkje tilfelle her, så det kan jo diskuterast om kor god denne setningen er eller ikkje. 
Så er det vel heller ikkje særleg nytt at det dukkar opp slike missvisande linjer. 

Det er i utgongspunktet ikkje vanskeleg å skjønne at det gjeld salg av hytter/hyttetomter. Det treng ein nok ikkje opne saka for å forstå. Det er ikkje det..........

Når eg no faktisk tok og opna ho, så tok eg visst feil. Ikkje med tanke på at overskrifta ikkje passa, men det er ikkje hytter til slags. 
Joda, hytter til salgs, men ikkje på permanent basis. Det er snakk om haustferie. Prisar ned til 100 kr natta på hytter i fjellet. (Det stemmer i alle fall at det er billig!)

Så viss du såg for deg at du skulle kjøpe Dovrefjell i håp om å få treffe "Ola Diger", så er det berre å beklage. Det er visst ikkje mmogleg. 
Av ein eller annan grunn så trur ikkje dei minste borna på skulen meg når eg seier at Ola Diger bur oppå Dovrefjell.
Han er diger av di han et og et og plutseleg var alle hus og liknande for små for han. Kanskje ikkje så rart når han kan ete 95 pannekaker til middag. 

Her stokket det seg for "Paradise"-deltakerne. Jeg kan ha mine øyeblikk der det mest intelligente ikke skinner gjennom. 
Hahaha......... No har eg aldri vore noko stor fan av Paradise. Denne gongen har dei latt Paradise-delatkarar få bli med i Robinsonekspedisjonen, og enkelt sagt så er det kanskje ikkje heilt rette staden for dei å vere. 

Eg syns eigentleg "Jeg kan ha mine øyeblikk der det..........." er ein setning som ikkje er så veldig intellingent. 
Slik eg tolker den, seier han rett ut av det hender at han ikkje er særleg smart. Eg reknar med at han meiner at det med kvart kjem slike "god dag mann økseskaft"-svar. 

Kva betyr eigentleg "god dag mann økseskaft"? Det er ikkje sikkert at alle brukar setningen heilt korrekt. 
I alle fall....... Det betyr rett og slett nonsense, som er det same som at ein gjer eit svar på eit spørsmål og som er alt anna enn det rette svaret. Enkelte vil og kalle svaret for teit. 

Sjølve uttrykket stammar frå eit eventyr der det blir ødsla bort ein god del pengar. 
Asbjørnsen og Moe samla inn mange eventyr og dette er eit av dei. Så i likskap med mange eventyr, er det nok ein moral i dette også. 
Det heile tar utgongspunkt i dårleg hørsel. For mange (før i tida), så var dårleg hørsel forbunde med svekkande sjelsevner. Ofte tar den som høyrer dårleg berre og tippar på kva som blir sagt og svarer derned også med det som utgongspunkt. Ergo blir det eindel "rare" svar.

Det blir på ein måte mi oppfatning av ditt svar.........

Disse bildene viser hverdagen på luksusrestauranten Meatmarket i Oslo. 
Dyre restaurantar er stort sett kjent for god mat. Er du litt sær, eller berre vil kose deg litt ekstra og gjerne ta spanderbuksa på deg sjølv, vel du mest sannsynleg ein litt "finare" restaurant.
Så spørs det. Kva er det som avgjer om det er ein "fin" restaurant? 
Veldig ofte er det prisen. 
Er prisen ein god del høgare enn kva ein kan forvente ein slik middag skal koste, så antar ein gjerne at det er ein restaurant av dei betre. 

No er det ikkje akkurat slik at nett det treng å vere feil. Likevel, det hender. Det hender at du bommar totalt. At det ikkje er verdt å betale i dyre dommar. 
Bileta som er publisert når det gjeld Meatmarket, er alt anna enn innbydande. Det er ein ekslusiv tapasrestaurant som ligg i eit luksukvartal. Ergo er det lett å få forventningar oppe blant dei små grå. (No har ikkje eg sagt at dei serverer dårleg mat.......Eg har aldri vore der og kjem sikkert aldri til å hamne der, men som sagt....Bileta seier jo litt.)

Ikke legg sjokolade i kjøleskapet. Akkurat det trur eg nemleg at mange gjer. Eg har gjort det sjølv, sjølv om det høyrer til det smeir sjeldnare. 

Sjokoladen blir grå når den ligg kjøleg. (Noko som stemmer, for eg har fleire gonger lurt på kvifor glasuren til sjokoladekake alltid blir "grå" når den har lege ei stund i frysaren.)
Fett og sukkerkrystaller dras mot overflata og dannar eit grått lag.

Går det så langt som at sjokoladen blir kvit, ja då er det snakk om feittblomstring. Smaken endrar seg ikkje, men sjokoladen ser kanskje hakket mindre innbydande ut.

Eg blei litt skuffa då eg opna saka. Eg såg for meg at no skulle eg lære noko eg ikkje visste frå før og at det skulle stå at det kan vere skadeleg å ha den i kjøleskapet.
Spesielt med tanke på at den første setningen som dukka opp då eg opna ho var "Du legger vel ikke sjokoladen i kjøleskapet?" Det nøra i alle fall "litt" opp under tanken om at det skulle stå noko "skremmande", men det gjorde det altså ikkje.
Det heile dreier seg kun om utsjånad, noko som betyr at då kan ein også peike på at ein sjokolade ikkje bør oppbevarast for varmt heller. Då blir den jo heilt deformert. Så kan ein jo sjølv avgjere kva som er best eller verst. Grå eller deformert sjokolade.......
Det likaste er vel berre å følgje rådet. Legg den i romtemperatur, sånn ca 20 grader. Så kan du nyte sjokoladen til fulle og slippe å tenke på anna enn at den smaker deileg.

Får du dårleg samvit i det du puttar den i munnen, ja då er det jo ei heilt anna problemstilling!
Eg kjenner dei som gjer det. Puttar fleire sjokaladar i seg kvar einaste dag og angrar like fort. Svake menneske! Hahaha........ Det handlar om å utøve sjølvkontroll. Ta ei uke der det vil vere vanskeleg, men så er ein ganske sikkert over kneika.
Det blir som med røyken, det tar tid å venne seg av. Sjokolade, cola.......You name it. Lastane kan vere mange. Særleg kjipt om du slit med dei alle.

Kanskje vi skulle ta initiativ til å starte opp ei eiga gruppe med hypnose som spesialfelt. Sjølv har eg blitt hypnotisert ein gong. Då gjorde eg alt eg blei bedd om.... Så om vi no kunne klare å få hypnotisert desse sjelene som sleit med søthoget, så kunne vi seie til dei at sjokolade er "farleg" og må ikkje forekomme.
Bakdelen er at dei mest sansynleg må gå rundt å vere hypnotisert heile tida. (Akkurat det kunne jo forsåvidt vore litt skøy. Eg veit nøyaktig kven eg ville hypnotisert.)

10 gode svigermor-regler. Hahaha.....Ja, det trur eg kan vere lurt å ha. Det er i alle fall mange som klagar på at dei har DEN svigermora. Som regel trur eg det er verst for kvinnfolk. Kvinnfolk som hr "stukket av" med yndlingen til ho mor. Plutseleg er det eit anna kvinnemenneske som skal regjere over svimlingen sin.

Vaskedame og konfliktløser er ikkje to begrep som inngår i det å vere ei god svigermor. Definitivt ikkje. Slikt blir det konflikt av. "Gutungen" treng å ha fokus på sin nye familie og då kan det bli ille om mor forlanger å vere ein like stor del av den som kjerringa. Sånn er det berre.

Det er mange gonger slik at ei svigerdotter har andre verdiar og måtar å gjere ting på enn du sjølv. I tillegg er sikkert temperamentet hennar ulikt ditt. Då kan det vere lurt å trø litt lavt over dørstokken. Viss ikkje kan det hende ho prøver å sette sonen opp mot mora.

Det er faktisk slik at det er fleire som har doktorgrad i dette temaet. Svigermødre.
Det syns jo eg er litt morosamt. At ei svigermor blir eit fenomen av dei store, så stort at ein faktisk kan studere og få seg ei utdanning på det feltet.
"Korleis handtere svigermor:" "Korleis klare å vere ei god svigermor." Osv............

Eg er sikker på at det er fleire rundt omkring som sit på knallgode historiar om svigermor. Både på godt og vondt.
Om ein hadde prøvd å få samla eindel av desse og laga ei lita bok, er eg sikker på at den ville fått høge slagsta.
Kanskje ikkje like høge som "Fifty shades", men lell...... Thihihihi.......

I overskrifta står det 10 gode reglar, så då må det velnemnast fleire enn berre to.
Det viktigaste rådet er kanskje at ein må hugse at kjærleik ikkje er ein konkurranseidrett. For det er vel nett det den har tendensar til å bli i forhold der sviger-biten ikkje heilt fungerer.
Dei restrerande sju er berre møl som at ein må respetere det nye livet og ikkje blande seg så mykje inn. Heilt "plaine" råd med andre ord.

Så har du ei svigermor av det gale slaget. Ei svigermor som går deg på nervane. Ei svigermor du gjerne skulle låst inn ein viss stad...... Ja, då har du vel eit interessant liv.
Du får i alle høve brukt litt av energien din på tankeverksemd som irriterer. Tru berre då kor godt det er kvar gong du kan reise bort og slappe av. (Dersom svigermor ikkje stoppar heile turen.) Thihi......

Lykken på jord må jo vere å bruke dagane på å løyse problemet "svigermor". Klarar du det, kan du nok gjere deg styrtrik. Det er vel ingen tvil om det.

No har eg ikkje heilt møtt på problemet sjølv, men gudane skal vite at eg har høyrt litt av kvart.
I slike samanhenger er det vanskeleg å halde seg, men det er kanskje ikkje det luraste ein gjer.......ler når nokon klagar på svigermor.

Sånn eigentleg skulle eg tatt med nokre historiar av det artige slaget her, men det er ofte slik at når ein treng å kome på noko, ja så står det heilt stilt. Noko det gjer oppe blant mine små grå nett no.
Om det kjem av at klokka nesten har passert leggetid eller ikkje, skal vere usagt. Likevel......Kjem ein ikkje på dei, ja då kan dei jo heller ikkje vere med. Nesten er ikkje godt nok.

No skal jomfru Knutsen på date med favorittdyna si. Nokre timar med djup svevn vil sikkert gjere underverker for trøytte auge. Når eg vaknar, er ei ny uke i gong. Det er ikkje lene att av denne septembermånaden.
I det augeblikket ein bekkar over til oktober, ja då er det ikkje lenge att til jul. Tida vil renne avgarde og det blir mørkare ute.
Hausten er fin med sine fargar, men det er også den som inviterer kong mørke på besøk. Det er om å vere mest mogleg ute før den tid, så får ein samla opp litt energi til mørketida.

På tv´n sleper dei på nokre lik...... Hyggeleg å sjå rett før ein skal sove. Jaja, eg har såvisst ikkje tenkt å drøyme om slikt. He i garden er det berre fine draumar!
Ha ei god natt og sov godt! God - godt......whatever......

Hasta luego!

IWALY!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar