tirsdag 28. mai 2013

Speedo.......speedo.......speedo......blæh!!

Hahahahahaha............. I heile helga har eg gnufla og tenkt for å kome fram til ordet "speedo-truse". Eg har irritert meg grøn av di eg ikkje har komen på kva det var eg skulle skrive om.
Sjølvsagt med bakgrunn i at det hadde vore eit "heftig" debbatert tema på fredag.
Kven debatten stod mellom, skal haldast hemmeleg, men det er snakk om ei lita gruppe kvinnfolk og ein einsleg hane i hurven. (Einsleg betyr ikkje singel.....berre åleine blant oss galne!)

Temaet var sjølvsagt speedo-truse og i løpet av samtalen blei det også produsert ein song av denne unge jomfrua som sjølvsagt omhandla temaet.
Så kan ein lure på kvifor nett ei slik truse kunne hamne på "hardisken" vår?! Her vi liksom ikkje noko betre å skravle om? Hahahahaha........ Vittig! =)

Det var nok ei eller anna årsak til at det kom opp, men å tru at eg skal hugse akkurat kva, no, vil vere for mykje for langt.
Uansett........ Konklusjonen som vi (99,99%) kom fram til, var rett og slett at speedo-truse er æsj!! Vi likar ikkje menn i speedo-truse!!
Kva er vel sexy med å sjå ein herremann i speedo-truse på stranda? Ingen verdas ting!
I tillegg kan ein vel anslå at bortimot 88% av kvinnfolka er einige i det. Det er få kvinnfolk som syns det er "dødsdeileg" å sjå ein mann i ei slik badebukse (men dei fins dei som likar det også).

No kan ikkje eg uttale meg på vegne av alle dei 88 prosenta, men eg vil tru at detfins ulike årsaker bak det at mange syns menn i speedo-truser er lite "hot".
Eg veit ikkje, men eg ser for meg at synet av fleire innbilske muskelbuntar som viser seg fram for å vere tøff, har brent seg fast oppe blant dei små grå. Også menn med svære hengemagar........
Litt for mange slike episodar har nok vore med på å påverke tilstandane oppe i hovudet når det kjem til dette temaet.
(Berre så det er sagt.......Ikkje eit negativt ord om menn med hengemage. Det er ikkje meininga i så fall. Det er mest for å statuere eit eksempel som seier at dei det gjeld ville tatt seg betre ut i noko anna. Vi har trass alt dei kroppane vi har og det er inga spøk, det).

Det siste eksemplet eg kan kome i hog, er i fjor (viss det ikkje var året før....  Ikkje så lett å halde kontroll på tida. But, but........) I alle fall Dubrovnik! Dei unge jentene eg hadde med meg låg og sola seg og ein muskelbunt av dei svæææære syns at jentene var fine og stilla seg opp i utedusjen rett bortanfor der dei låg og sola seg.
Det kunne vel ikkje vere meir tydeleg det at han prøvde å få merksemda deira. Synd for han, for han hadde ikkje hellet med seg på si side. Dei syns berre det blei "kvalmt"! (Heldigvis!!)

Det kan nesten virke som at alle strender har ein slik mann...... Uansett, dei øydelegg for andre speedo-brukarar!
Så viss du er mann og bruker ei slik badebukse.....Ja, hugs berre på at store deler av den kvinnelege gruppa som "stirrar" på deg, faktisk tenker at det ikkje er særleg stilig. (Sjølv om dei ikkje kommenterer det. For det er jo trass alt noko som heiter "dannelse". )
Men, men, men...... Det er aldri for seint å snu. Du kan enno rette det opp ved å skifte badebukse!! :=)

Passasjer prøvde å åpne flydør i lufta. Jaja, heilt normalt!!
Er det rart at vi er mange som syns vi lev i ei gal verd? Ein kan jo ikkje føle seg trygg ein einaste stad!

Gjør sitt fornødne i heisen. Vel, kanskje hakket mindre skummelt enn flydøra, men gud betre kor kvalmt!! Enkelte er jo ikkje riktig rett!

Derfor er lakefiske nesten som sex. Jeeeezes! Lakefiske?? Jaujau..... Eg tenker eg lar vere å opne saka. Vg-nett skal få halde på røyndomen i fred. For uansett kva dei kjem med, har eg så absolutt ikkje tenkt å gå over til lakefiske for å ha det fornøyeleg!!

Stortingets spørretime avlyst. Ingen spørsmål stilt.  Hahaha....... Det står dårleg stilt til med opposisjonen når dei ikkje klarar å kome med eit einaste spørsmål til regjeringa for å prøve å nagle dei! Kanskje dei har tatt sommarferie??
Ikkje så dut kanskje........

Nei, natta innhentar meg som vanleg! Typisk!! :=)
Hasta mañana!

Part of me......


søndag 26. mai 2013

Innimellom prøver eg å leite etter dårleg journalistikk. Av og til finn eg det, medan andre gonger er det litt meir skjult. (Sånn eigentleg er det ganske humørbestemt frå mi side.......)
Så spørs det.....Har det dukka opp noko i det siste?

Denne ukas KK kom i posten på torsdag. Eg tok det ed meg ned i kjkellaren då eg skulle øve litt på saksofonen min.
KK blei lagt på bordet og der blei det visst liggande. Til i dag.....
Eg hadde gløymt av heile bladet inntil det var ei i kjellaren som ropte opp om det var greit at ho tok KK som låg der og las det.
Ho las det og etterpå gjorde ho det som eg ikkje hadde gjort. Ho tok det opp! Så då blei det jo liggande som eit blikkfang........
No har eg lest det og der er faktisk fleire ting i bladet som er mistenkeleg dårleg journalistikk.
Den eine saka som eg skal nemne her, er det fleire som har registrert som dårleg, ganske forståeleg.

Overskrifta på side 12 er som følgande: Isen du aldri glemmer! Ordet "du" har ganske stor skrift.

I og for seg er det ikkje noko galt med innhaldet på sida...... Det er overskrifta som feilar.
Sjølve "storyen" handlar om kjøpis og born. Med born meiner eg to born på 6 og 7 år som var i frysaren og henta seg is av di dei meinte dei fortente det.
I dag er dei vaksne og denne fortellinga er liksom då eit hyggeleg minne frå borneåra.
Minner som seier at isen smelta på tunga og var full av smak. Isen som gjer forventningar om ein lang og deileg sommar.

Så lurer du sikkert på kva det er ved dette som gjer at eg heng meg opp i nett denne saka?!
Jo, det har seg slik at overskrifta er dårleg journalistikk. Overskrifta gjer meg forventningar om eit bilete av isen det er snakk om og aller helst ei oppskrift på korleis eg kan lage den.

Det er ordet DU som gjer det heilt teit, i mine auge. Isen DU aldri glemmer........... Eg vil påstå at overskrifta peiker på meg som lesar når det står DU.
Den skaper forventningar om at dette er ein is eg bør prøve. Dette er ein is som eg etter å ha spist den aldri vil kome til å gløyme. ENkelt og greit av di den er så god at den må klassifiserast som den beste.

Det er INGENTING i teksten som viser til at eg kan ete denne isen. EG vil aldri få sjansen til å teste ut om eg nokon gong kan glyme denne isen.
Det er berre ei lita fortelling om ein liten gut og ei lita jente som tok seg is ifrå frysaren utan å ha lov til det. Spaninga ved å gjere noko galt, gjorde isen ekstra god. Den beste "ever".

Så ergo syns eg at dette er ei elendig overskrift. Den viser ikkje til teksten og for å sette det litt på spissen, ja så vil eg påstå at den faktisk lyg. Overskrifta lyg. Den har ingentig med meg å gjere!

Kven vil tru at Åse Kleveland faktisk er litt rå?? Hahahaha......... Kul, synes eg! :=)
Eg har personleg hatt denne kvinna til sidemann under middag på tidleg nittital. Eg har høyrt ho tale og eg har vage minner om korleis ho var som kulturminister.
Eg har alltid hatt sans for dama, men ho har på ein måte alltid virka så "ordentleg". (Ho er nok det, men eg fann ikkje noko betre ord å bruke).

Åse Kleveland elsker fart!! Ho har faktisk køyrt billøp! (Også på alvor).
Målet som 18-åring var å skaffe seg ein heftig bil. Tenk det.....Heftig!!! Thihihi.....
Ho fekk det!
Så hang ho med datidas beste køyrere både på trening og løp. Brølande motorar var eindel av kvardagen hennar. Fart, spaning, bulkete bilar og (sist, men ikkje minst) bekymra foresatte. (Forståeleg nok).
Følelsen av fridom var det største. Hadde ho pengar til bensin, kunne ingen stoppe henne.

Då Kleveland var 19 år, kjøpte ho seg ein Saab Sonett. No har ho hatt bilen i 45 år!
Slå den!!
Kven i alle dagar er det som har same bilen heile livet sitt? Ingen her i bygda i alle fall.
Blir bilen fem år, er den gamal og må byttast ut.
Kleveland har hatt sin i 45 år!!
Er det rart eg syns dama er digg??

Ellers så syns eg det var litt kult å lese sidene som har overskrifta "Ikke døm meg, men jeg har aldri....".
KK har spurt lesarane sine om kva dei er flaue over ikkje å ha gjort. Eg må ærleg innrømme at eg syns det heile er litt kult! Kult av di det er komen svar som eg ikkje kunne ha sett for meg på førehand.
Joda.......Hadde halvparten av lesarane vore menn, så hadde eg vel kunna det. (Orsak, alle menn, men eg klarar ikkje dy meg. Hahaha......)

Det er snakk om "vaksne" kvinner og då kan ein jo forvente ein viss standard over kva dei har gjort i livet til no. (På enkelte områder sjølvsagt).
For høyr berre på dette.......
1) Jeg har aldri laget søndagssteik. Dama er 47 år!
2) Jeg har aldri ryddet etter meg i prøverommet. Jaja.......Ikkje store tingen. Det vitnar berre om latskap eller "gje blaffen-metalitet". Likevel, det er ikkje berre prøverommet som viser kven denne dama er. Ho har aldri tatt i eit strykejern, aldri brukt ein symaskin, aldri brukt nål og trå, aldri strikket, leser ikkje ferdig det ho byrjer på..........osv...... Hahaha......Skikkeleg kjerringemne!!
3) Jeg har aldri tatt av sminken om kvelden. (Hmm........Tyder ikkje det på at ho aldri vaskar andletet sitt kveldstid?? I så fall er det jo litt "grumsy").
At ein kan kome seint heim og stuper i seng ein sjeldan gong, er sikkert normalt, men kveld etter kveld?
4) Jeg har aldri bakt en eneste kake. Tja.........
5) Jeg har aldi hatt lyst til å dra på venninnetur. Sikkert ganske uvanleg, men likevel ikkje unormalt. Ho seier ho får eksem av tanken pådet, så då er det vel best å berre halde seg heime!
6) Jeg har aldri vært i Stockholm. Hallo.......? Viss det liksom er det i livet som gjer deg flau?? Kva skal eg seie då?? (Ops, eg har visst vore i Stockholm...... Jaja, det er uansett maaaange som ikkje har det. Kva er så flaut med det?) Jeg har hatt kjæreste i åtte år, men aldri vært i Stockholm. Wow..... Eg trur det er mange som må skunde seg og hive seg rundt og dra til Stockholm før det er for sein. Pinlig!!!

Ja, det viser berre kor ulike vi er som menneske. Kor ulikt vi ser på kva som er flaut eller ikkje.
I mine auge er det flaut om ein er vaksen og aldri har baka kake, strikka, sydd eller stryka klede.
I alle høve om du er passert 30, noko eg trur alle desse damene det er snakk om her er.

Eg har no prøvd å tenke så det knaker for å kome på kva det kan vere som gjer MEG flau. Kva ville eg ha svart KK om eg hadde sendt inn svar på denne undersøkinga??
Eg veit ikkje........ Eg trur eigentleg at eg skulle klart å kome med masse, men her eg sit akkurat no, står det berre heilt stille.
Er det ikkje slik det er? At ein ikkje kjem på det når ein skal.......
(Berre det at det skal liksom litt til for at denne knetta blir flau (for noko ho sjølv har prestert å gjere eller ikkje).
Eg trur kanskje eg har blitt mest flau på andres vegne i løpet av livet enn meg sjølv. Om det er ei fornuftig fordeling eller ikkje, skal eg ikkje uttale meg om. Eg veit vel ikkje betre..... Hahahaha.........

Nei, plutseleg ser eg at det nærmar seg midnatt. Då skal vitterleg eg i seng. Eg er trøytt i dag etter å ha vore lenge ute i guds frie natur. Ein herleg tur i fjellet med ei anna herleg "dame" som trass sin lave alder har rukke både å bake, sydd, strikka og strykt klede. (Jaggu meg trur eg ho kanskje har vore i Stockholm også.............. Steike ta, då må ho vere eit bra kjerringemne!! Hahahaha............)

Ha ei fortreffeleg natt! Sov godt og draum søtt!
Hasta mañana!

IWALY!!

torsdag 23. mai 2013

Geburtsdagsfeiringer......på godt og vondt.

Det siste året har eg registrert at det gjentatte gonger er foresatte som har tatt opp problemstillinga "bursdagsfeiring" gjennom media, etter at deira eige born ikkje har blitt invitert, gjerne som den einaste i klassen, gruppa osv.........
Enkelte av skildringane er rett og slett hjarteskjærande!

I skrivande stund sit eg med kunnskapen om at når det kjem til min eigen son sin klasse (som faktisk betyr to klassar som er samanslått), så er det slik at dei fleste foresatte er så oppegåande at dei sørger for at alle blir invitert.
Så vidt eg veit, har det ikkje vore eit problem at nokon har blitt utestengt (som den einaste) når det har vore feiringar. Som regel blir alle frå begge klassane invitert. Har det vore tilfelle at ikkje alle har blitt invitert, har det gjeldt fleire og ikkje berre ein eller to.
Likevel veit eg at det er born. også her, som hamnar i situasjonar der dei blir kjempeskuffa av di alle dei andre rundt dei få invitasjonar, berre ikkje dei.
Dette er ei problemstilling som kan vere litt vanskeleg, men i "bunn og grunn" handlar det om å lære borna dei rette haldningane. (Så er det jo sjølvsagt dei som skil seg ut og ikkje meiner at det er dårleg haldning om det er eit born som blir haldt utanfor).

Eg er av den meining at dersom eit born inviterer alle utanom EIN i klassen sin, så burde i alle høve dei foresatte ha så mykje vit oppe blant dei små grå at dei ikkje sender invitasjonane med borna til utdeling på skulen. Så slepp i alle fall det bornet å forhalde seg til at no fekk alle untatt "eg" eit kort. For det blir så mykje tydlegare når det skjer på ein stad der alle får samtidig.
Då må heller dei vaksne ta seg tid til å køyre rundt med borna for å få korta levert, eller at borna sjølv gjer det.
Det handlar om at born er sårbare og ein skal lære å vise hensyn.

Joda, det er klart at ein geburtsdag er spesiell for den som fyller år og at ein gjerne vil at bornet sjølv skal få bestemme kven som skal få ta del i feiringa. Likevel, det er ikkje så spesielt at ein treng å utestenge nokon.
Hadde eg sagt til sonen min at det er greit å invitere alle untatt ein, ville det sagt mykje om meg som person.
Eg vil tippe at fleire ville ha reagert på det........."Ho er lærar, men likevel lar ho bornet sitt utestenge"....Eg syns eg høyrer det.
Kva yrke eg har skal ikkje definere kva eg skal gjere eller ikkje.
Joda, i enkelte ting er det nok andre spelereglar for ein lærar, men ein kan ikkje sette andre krav til ein lærar enn til alle andre i ei slik sak som dette. Den er rett og slett "universell".

Å bli holdt utanfor sosiale treffpunkt kan ofte føre til dårleg sjølvbilete.
Ein kan jo sjølv berre tenke korleis ein ville ha følt det om eige born var den som blei stengt ute. Den som aldri blei invitert.....
Ingen skal fortelle meg at det ikkje ville ha gjort noko med ein som forelder om ein veit at bornet blir utestengt. Det er berre så lett å gløyme det om ein har eit born som er "populær".

Dette er ei sak som også i stor grad gjeld born med spesielle behov.
I dagens samfunn har vi mange born som av ei eller anna årsak har spesielle behov. Mange foreldre lar vere å invitere dei ved å seie "det blir så vanskeleg".
Nei, det treng ikkje bli det. Spør heller om ein av foreldra til bornet med spesielle behov kan vere med. Så kan dei sjølv ta ansvar for bornet sitt, men bornet får følelsen av å bli akseptert og vere ein del av ei gruppe.
Det er så uendeleg viktig at vi som er vaksne prøver å skape eit samfunn der vi ikkje tolererer utestenging.
Sjølv om det ikkje er våre eigne born, har vi alle eit ansvar for å gje vidare gode haldningar og lære borna respekt også for dei som er litt annleis.

Det er eingong slik at det fins familiar som ikkje har så god råd. Difor set dei eit tak på kor mange gjestar som får kome. Forståeleg nok, men samtidig blir det den teitaste årsaka eg høyrer dersom det sørger for at det kun blir eitt born til overs.
Viss ein har råd til å ha alle untatt ein, så har ein råd til den siste også. Om det er 10 eller11 born, blir det akkurat same kostnaden. Forskjellen ligg i at etterpå kan ein ha godt samvit for å ha inkludert alle.
Er det ein klasse med 15 elevar, inviterer ein ikkje 13 (+ bursdagsbornet). Då inviterer ein alle 14, eller går mykje meir ned i antalet slik at det blir fleire som ikkje blir bedt. Då er det lettare å akseptere at ein har bedt dei ein brukar å vere med.

"Jamen, ho brukar ikkje leike med ho til vanleg....."  Fantastisk at eit vaksent menneske kan svare det når det er snakk om den eine ekstra gjesten. Dei er trass alt i same klasserom fleire timar dagleg.......Så det blir rimeleg teit å argumentere slik.

Eg meiner at vi som foresatte bør vere rause mot andre sine born. Kvardagen for enkelte kan vere vanskeleg nok og då kan det vere godt at vaksne er der og løftar det litt opp.
Sjølv har eg sagt ifrå i min eigen heim at anten bes alle, eller så blir det inga feiring.
Det er nulltoleranse for å plukke ut enkeltborn som ikkje skal få vere ein del av festen.

Mange skuler har faktisk ein regel som seier at viss ikkje heile kull skal inviteres, så er et ikkje lov til å dele dei ut på skulen. Ein regel dei fleste skular burde innføre......... Det er ikkje kult å sjå augene til dei borna det gjeld. Ein ser at tårene er på tur, men dei pressar seg til å halde dei att.

Av og til tenker eg at det går ikkje an at vaksne er så dumme.....men slik er det faktisk. Det skal ikkje mykje intelligens til for å skjønne kva slikt som dette kan gjere med eit born.

Å skulde på dårleg plass? Eitt born tar ikkje så mykje plass.
Her i bygda er det mange som flyttar dagen ut i det fri, uansett årstid. Dammen, Elvedalen, bak skulen....... Områda er mange.
Det er kva vi sjølv gjer det til.

Det er vi vaksne som må ta ansvar! Vi kan ikkje skulde på at bornet ikkje ønsker å invitere den siste gjesten. Det skal mykje til før at det er greit å gjere det.
Om eg skal diskutere meg gul og blå, kjem eg ikkje til å rikke på den haldninga. Det handlar faktisk om framtidas vaksne som skal vekse opp og dei haldningane vi gjer dei, tar dei med seg til neste generasjon.
At det er mange ting som allereie har falt bort, er ikkje til å legge under ein stol, så vi treng ikkje med viten og vilje gjere det same med ei sak som denne.

Eg har lest mange svar frå vaksne som meiner det motsatte som meg...... Eg har alltid meint at det er ein menneskerett å få ha sine eigne meiningar, men likevel klarer eg ikkje å "tenke mitt" om dei som synker ned og gjer alt dei kan for å forsvare at utestenging er bra.

Vi blir medskuldige i litt av kvart om vi ikkje i det minste prøver å skape gode haldningar.
Berre så synd at det er mange høge hestar der ute...........

Hasta mañana!

MY!

onsdag 22. mai 2013

George Michael datt ut av bil på motorveien i 112 km/t. Hallo?? Korleis går det an?
Eit augeblikks villskap som seier opne døra og sjå korleis det går, eller?? Ikkje veit eg, men eg skal no prøve å finne ut av galskapen. (Det berre høyres så teit ut!)

Joda, han skulle sjekke at bildøra var lukka ordentleg!! Sjølvsagt inga føremon å ha på seg eit bilbelte då?! Og sjølvsagt for mykje forlanga å påstå at det er noko han burde ha skjønna heilt av seg sjølv! Smarte kjendisar, liksom...........

Starkkars solbriller som blei knust av fallet!!

15 år for sex med mindreårig. I dag kom eg over ein artikkel om ei 18 år gamal "jente" som hadde falt for ei venninne på 15 år. De spelte på same lag og kjente godt til kvarandre. Etterkvart innleia dei eit forhold til kvarandre. Eit forhold som innebar at dei også var intim med kvarandre (sjølvsagt frivillig).

No er det store diskusjonar ute og går av di ho risikerer å kome i fengsel og få ein dom på heile 15 år.
Ein dom som vil ramme ho hardt. I tillegg til å bli fengsla, vil ho for alltid ha på rullebladet sitt at ho har forgripe seg på ein mindreårig. (Noko ho i utgongspunktet har gjort om ein skal legge lova til grunn).

Her i Noreg er det ikkje uvanleg at ein 18-årig gut forelskar seg og innleiar eit forhold til ei 15-åring jente. Det er meir regelen enn unntaket.
Å tru at ikkje mange av dei er intime med kvarandre, vil vere det same som å vere naiv.
Det at eg påstår det, er ikkje det same som at eg seier at det er greit å bryte lova som seier at det er galt.
Det er berre det at om ein prøver å ha eit litt opent sinn, så ser ein kor lett det er at slikt skjer.
Det skjer oftare enn vi er klar over og det får ingen følger for den det gjeld med mindre dei foresatte (eller den mindreårige) anmelder det heile.
Då vil den over den seksuelle lavalderen kunne risikere ein dom mellom 3-10 år. (Her i Noreg).

I denne saka er det snakk om to jenter og då skjønner aller at det er snakk om to som har ei legning som seier lesbisk. (Ikkje at det skal påverke eventuell straff).
Jenta på atten er forvist frå laget, utvist frå skulen (måtte bytte skule) og diverse andre ting som følgje av dette forholdet.
Ingen av dei to ville avslutte forholdet (dei var jo forelska i kvarandre), men ho har blitt "pålagt" å halde seg unna den andre jenta.

Det var ikkje eit problem før dei foresatte for den yngste jenta fekk vite at dottera er lesbisk. Det er sjølvsagt den eldste jenta si skuld (at den yngste er blitt lesbisk). At det er ho som har sørga for at ho blei det. (Som om at ho ikkje har eigen fri vilje............)

Så kjem kluet..... Er det verkeleg nødvendig å ha ei strafferamme på 15 år?? Joda, det er broten ei lov og det er klart dei ikkje kan sjå gjennom augene med det. Likevel....... Det er litt bisarr straff, med tanke på at det heile har vore frivillig og at dei var i eit gjensidig forhold. Aldersforskjellen er heller ikkje så stor om ein skal legge den norske lova til grunn. Her er det slik at ein er "jamngamal" om ein er innanfor ei grense på 3-4 år.
Denne saka er ikkje Noreg................

Problemet er at i Amerika er den seksuelle lavalderen på 18 år. To år seinare enn her heime. (Men det betyr ikkje at ungdomen "over there" er mindre våryre enn dei er her.....) Alderen er nok satt for å beskytte ungdomen lengst mogleg og for å hindre overgrep.
Så spørs det......Er det eit overgrep som er skjedd i denne saka?
På grunn av lova, så seier svaret seg sjølv. Ja, det er skjedd eit overgrip. Likevel, det er fleire hold i denne saka som gjer at det ikkje virker rett å sørge for å stenge denne jenta inne i 15 år.
Det er vel heller tvilsamt at ho er ein trussel for andre i framtida. Eg vil tippe ho kjem til å trø veeeldig varsomt uansett kva som skjer. Ho vil neppe tore å gjere noko som helst galt.

Det kan kanskje virke som om at eg forsvarer at det er skjedd ei handling som strider mor den amerikanske lova, men det gjer eg så absolutt ikkje.
Så lenge lova seier det som den gjer, har det skjedd noko kriminelt, men det er systemet og strafferamma som er heilt sjuk.
Det er liksom ikkje rom for å tolke lova ut frå formildande omstendigheiter.
Ho kan faktisk få redusert straffa si dersom ho erklærer seg skuldig i overgrep. Problemet er at det då uansett vil følge ho resten av livet sitt. Ho blir uansett registrert som kriminell.

Mange av dei som har hivd seg med i diskusjonen om desse to jentene, er ganske bastante og enkelte er ganske langt under det vi kan kalle for lavmål.
Vi har alle rett til å meine noko om kva vi vil, men det går i det minste an å vere litt konstruktiv i kritikken.
Sjølv meiner eg at jenta bør få ei form for straff i og med at ho faktisk har gjort noko ulovleg. Likevel meiner eg at sidan forholdet og alt som har fulgt med det har vore frivillig, fins argument som gjer at ho ikkje treng å straffast som ein overgripar.
Det er trass alt forskjell på ufrivillig intim kontakt og det som er tilfellet i denne saka.

Mange nordmenn trekker Øygardsaka inn som samanlikningssak. At det ikkje er ulikskapar mellom desse to sakene av di at dersom det stemmer at han har hatt samleie med jenta som har anmeldt han, så skjedde det "frivillig" der og då og at ingen vil klare å påstå at det då ikkje er snakk om overgrip på ei som er mindreårig.
Vel, forskjellen ligg vel i at det er eit hav av alder mellom han og jenta og at han faktisk då har brukt si makt i form av embete.
Det er forskjell på å vere to tenåringar og det at den eine er ein gamal gris (dersom det stemmer) som har seg med ei som er mindreårig. Forskjellen er kjempestor.
Einaste likskap er at det i begge saker er blitt begått lovbrot.
Den eine saka er nok mykje verre enn den andre.

Her i Noreg ville ikkje jenta ha blitt straffa. Ikkje dersom den yngste jenta påstår at det har skjedd frivillig. Det fins nemleg fleire eksemplar på nett det. Eksemplar på at ein har sluppe unna straff av di det har skjedd frivillig, i eit forhold og at aldersforskjellen ikkje har vore meir enn rundt 3 år.
But, but......Noreg er ikkje Amerika.
Vi tenker vårt ut ifrå kva vi er vant med og kva aksept vi ser for ting rundt oss i det samfunnet vi sjølv er ein del av.
Difor kan det av og til vere vanskeleg å forstå mykje av det amerikanerane gjer, men samtidig er det nok det same andre vegen. Dei ser nok på oss med same auge, at vi er for lite streng og at fleire grenser burde vore satt. Det forheld seg til det som dei er vant med, akkurat som vi gjer det.
Kva som er det rette...?? Det er ikkje opp til kvar enkelt av oss å bestemme. Heldigvis.

Dette er berre tankar rundt eit tema som er litt samansatt. På ei side er det viktig å slå ned på lovbrot, medan det av og til kan vere saker som set heile systemet litt på sida. Så blir det vanskeleg å sjå kva som er rett å gjere eller ikkje.

Vi vil nok aldri få alle fakta i denne saka og vi slepp heldigvis å "bry" oss med den. Den er ute av vår kontroll og den vil uansett gå sin gong. Tilfeldigheitene avgjer om jenta vil tilbringe mange år i fengsel, eller om dei meiner at skammen saka allereie har brakt over ho, er nok.

Jaja...... Ha ei god natt!
Hasta mañana! :=)

IWALY!!

mandag 20. mai 2013

Så er pinsehelga over for denne gong. Det har vore ei fantastisk fin helg! Reine sydentemperaturar som har sørga for at "bikinien" har kunna blitt plukka fram i hytteveggen. Eg syns verkeleg at vi har fortent slike dagar no, etter at våren har vore så ustabil........
Ein ting er i alle høve sikkert. Det har vore mykje utetid denne helga! 

17.mai starta som vanleg med ungdommen som skal vere så snill med oss og sørge for at vi får føremiddagen med oss på ein slik dag. 
Eg veit ikkje........om det er så deileg å vakne til sirener, ropert og dundring i husveggen rett utanfor der eg søv. 
I alle århar eg komen dei i forkjøpet. Heilt til i fjor. Då stod eg i senga!! (Det er det som kalles suksess). 
I år høyrde eg dei heller ikkje. Ikkje før eg følte at dei var på tur inn på rommet for å ta meg. 
Veldig hyggeleg, men dog ikkje herleg! Og kaka som venta på dei?? Joda, ho blei verande i kjøleskapet. Jomfrua blei satt heilt ut av spel og då dukka ikkje kaka opp blant dei små grå. 
(Jaja, eg forsov meg i alle høve ikkje til reveljen!)

Vi spelte på Storjorda også. Det er fornøyeleg å kome over dit, for dei set sånn pris på at vi dukkar opp og speler for dei. I tillegg fekk eg jo høyre Frank A. Jenssen halde tale for dagen. Om tørrfisk!!! Hahahahahah.........Ein syttande mai-tale om tørrfisk. Ganske genialt?! I alle fall måtte EG flire litt. Eg trur og håpar det var fleire som gjorde det. 
Vel, grunnlov og tørrfisk.......to sider av same sak???

Så er det slik at det fins "idiotar" overalt. Så også på ein nasjonaldag i Storjord. (Då må ein vel kanskje påpeike at vedkommande ikkje er frå den bygda). 
Denne karen har ikkje skjønna trafikkreglane. Trafikkreglane som seier at du har plikt til å stoppe for folketoget når det kjem. Bilen skal vike for "toget". 

Det er ikkje lenge sidan det var eit bornekorps i Troms som måtte hoppe i grøfta av di ein tomsing køyrde rett fram og gjennom toget. 
På Storjord var det ikkje riktig så ille, men minst like farleg. nok farleg til at vedkommande blir anmeldt! (Til pass åt han). 
Vi er fleire som er glad vi rakk å reagere før han to armane våre. 

Vi gjekk der og marsjerte då det plutseleg kom ein ganske stor bil med stor hengar bak kom opp på sida av oss. Vi brukte heile vegen, så han pressa seg fram. 
Bak oss hadde vi mange born som for og sprang og han skal vere glad for at ingen av desse blei skada.
Ein etter ein av musikantane som gjekk ytterst måtte flytte seg for å ikkje bli påkøyrt. 
Ikkje var det knapp med tid til ferga gjekk heller. (Det ville uansett ikkje vore haldbar årsak til ein slik oppførsel). 
Det blei nokre farlege minuttar på ein ellers så hyggeleg dag. 

Heime i Kjuttavika rakk vi å få med oss alt av underhaldning og jomfru Knutsen fekk sin første russeplakat!
Det har jo alltid hengt plakatar på inspektør og rektors kontor. Denne gongen hang det på mitt kontor også. "Blogg.no". (Eg tenker at der er enkelte blant dei føresette som har hatt ein finger med i spelet der.......Hahahaha....) 
I tillegg fekk far min ein fin russe-gest på kroveggen, sjølv om den blei tatt ned ganske tidleg på dagen. 

Såååå var det klart for langhelg på hytta for ei rimeleg sliten jomfru som blei vekt i otta. 
Den som var mest sliten, var nok minstemann som nett er fylt ni. Han vakna for første gong i historia av russen og stod likesågodt opp medan dei var her. Så å vere redd for at han skulle bli bilsjuk etter å ha trykt i seg to softisar rett før avgong til hytta,............. Det tok ikkje mange minuttane før det var ein i baksetet som sat og sov. Heilt utslitt! 

Ei hyttehelg med god blanding av sosial samvær, litt arbeid og soling på verandaen er ikkje å forakte. 
Heller ikkje å arbeide nattestid! Denne knetta fann ut i eittida i natt at ho skulle ha noko gjort ute og då var det berre å få det gjort. 
Når noko veier nesten eit tonn, så er det berre å leite fram spett og greier og starte det harde arbeidet. Resultatet blei sjølvsagt bra. Like sjølvsagt som at det var trasig å vere klar over at det var siste fridag i dag. 
Sola skinte så fint og då vil ein så gjerne at det skal vere minst ein fridag til. 
Det er berre å håpe at vi får syden-tendensar dei neste dagane også! 

Maur og edderkoppar har byrja med å vakne, til glede for enkelte og på grensa til sorg hos andre.
Eit par mygg blei vel også oppdaga, men berre nattestid. (Ein kan nesten tru at eg ikkje har brukt nettene til det eg skal.......) 

Fire døger utan tv (minus siste del av Grand Prix), data (sjølvvalgt!!), delvis utan telefon (den låg no berre der), nyheiter....osv.........Ganske deileg, vil eg påstå! Det er då ein kan seie at ein har "slappa av". 

I løpet av neste uke entrar vi årets juni. Tenk det...... Det er litt rart å tenke på at det allereie er komen så langt. Noko som aller mest sannsynleg kjem av di vi ikkje har hatt noko vår å skryte av. 

Ellers planlegg jomfrua å få seg ny kropp på forsikringa si. Heilt klart at forsikringa bør dekke brystimplantater og fettsuging!! Det er vel ikkje så galt å svindle til seg litt silikon til puppane sine heller, eller?? 

Så i år skal eg bestille meg ein tur til eit land der ikkje forsikringsselskapa har så god kontroll og så skal eg finne meg ein "seriøs" lege som skriv at eg har vore i ei bilulykke og difor måtte opereres. Så kan eg reise heim til vakre Noreg, nøgd og gla over dei nye kroppsdelane mine som er fiksa på. Rekningane blir jo fordelt på mange! 
Om brukarane får auka forsikringspremien sin, så er det ikke snakk om så mykje når det deles på alle brukarane. 
Det er trass alt ikkje så altfor mange titusenar det kostar for operasjonar.
For............Kvifor skal ikkje eg når så mange andre gjer det?? (Bortsett frå at det må vere det siste eg vil ha på denne jorda!.......Fake bubbies.....)

Ja, vi er moralske innbyggjarar av dette landet. Nasjonalistisk til tusen og ikkje minst solidariske! (Noko  dette med forsikringssvindel er eit godt eksempel på!) 
Ellers kan dei som heiv seg med i kritikken mot andre flagg på syttande mai vere etterpåklok og tenke at det faktisk ikkje var andre flagg i folketoget i Oslo, på lik linje med i fjor. 
Ganske flaut at det har vore eit tema, eigentleg. For det burde jo bli eit reelt problem før ein startar ein krangel om det. Så det er flaut å vite at det har vore ein så lavtnivå-diskusjon om flagget vårt når det ikkje har vore eit problem. (Det dukkar vel opp til neste år også..........diskusjon om flagget og det nasjonalistiske).

Ha ein god natt!! Sov godt.....:=)

Hasta mañana!

IWALY!!



torsdag 16. mai 2013

16.mai

Ja, så er det 16.mai og kvelden før årets nasjonaldag. Denne knetta har tenkt seg i seng om ikkje så lenge (og det tenker eg kvart år - og så klarar eg ikkje kome meg tidleg i seng likevel).
Det er ikkje så altfor mange timane til dei grønkledde kjem for å vekke oss. Kan vere greit å få seg nokre timar på auget før den tid. (I fjor var faktisk første gong dei klarte å "ta meg på senga" og det skal så absolutt ikkje gjenta seg!!) Hahaha..........

Jomfru Knutsen har brukt dei to siste timane foran tv-skjermen. Det er semifinale i Grand Prix og i dette augeblikk les dei opp kven som går vidare til laurdagens finale. Spaning, med andre ord.......
Og YES!!! Der gjekk det vår veg! Margaret Berger jublar og er strålande nøgd med å få vise seg fram i helga. Lykke til! :=)

Skremte elefant i fylla. Hahahaha....... Det er det teitaste eg har lest på lenge. Ein full mann og ein vill elefant.
Viss eg hadde møtt på ein vill elefant, så spørs det om å skremme elefanten ville vore den første tanken som slo meg. Jaja, verda er jo full av galne folk, så ingenting sjokkerer!

Mannen var safari-guide og det er vel ikkje så akseptabel oppførsel å storme mot dyra ein skal vise fram?! Kanskje ikkje så rart at han fekk sparken etter episoden........ Tippar det at han var full ikkje hjalp så veldig på utfallet.
Du skal vere bra full om du finn på slikt!

Lottomillionæren. Tidenes lottoutbetaling. På VG-nett er det to ulike "innslag" om akkurat denne saka. Det latterlege er at det i den eine innslaget går fram at Norsk tipping gjer alt dei kan for å skjerme vinnaren slik at ingen skal finne ut kven det er.
Joda......... Berre litt paradoksalt at det litt lenger nede på sida kjem eit nytt innslag der du kan få høyre telefonsamtalen der mannen som vann fekk beskjed om at han hadde vunnet. "Hør mannen fra Troms få vite at han har........" Skikkeleg "protection" med andre ord. Det er jo nok at nokon som kjenner mannen høyreropptaket og vips......så er nyheita ute. Proffe greier........Uuuh!
(Viss det ikkje var Dagbladet som var syndaren....Eg kan vere litt svimmel til tider!!)

Kroppen din. Mange gonger kan det dukke opp tankar som seier at kroppen er finurleg. Det er ikkje alt ein blir klok på, men det er no berre naturens gong. Ikkje det at det er normalt å gå rundt å tenke på at ein nys faktisk kan komme opp i 160 km/t, sjølv om det høyres direkte idiotisk.
Likevel......Dei fleste veit at vi ikkje kan halde augene opne når vi nys. Kanskje like greit med tanke på hastigheita den kjem ut i. Eg reknar det er av di augene ikkje skal falle ut når vi nys! Haha.....

Sædcellen er den minste cella av alle i kroppen. (Hahahah.....Det burde eg vel ha skjønna?!)
Den minste cella gjer det beste resultatet!! .:=)

Nyfødte babyar har mange fleire knoklar enn eit vaksent menneske. Som nyfødt har ein 300 stykk.Ein vaksen har berre 206.
Eg har rett og slett ikkje peiling på kva åesaka til det er og eg skal i alle fall ikkje prøve å lage meg sjølv ei logisk forklaring. (Sjølv om det sikkert fins ei).

Den beste årsaka som fins for å vere flink med kroppshygiene, er at kvar kvadratcentimeter av kroppen inneheld heile 5 millionar bakteriar. Tenk på det neste gong du tar på eit menneske som ikkje er nydusja!
Bakteriar er fine greier!!

Kor mange er det som biter tåneglene sine?
Tja......Dei færraste vil eg tru. Ikkje så rart med tanke på at fingerneglane veks 4 gonger så raskt som tåneglene. Behovet er ergo ikkje like stort!
(Hahahaha......At vi ikkje er mjuk nok, er ikkje noko haldbart argument. Heller ikkje at det er lite hot å slikke "surtær"!! Fisj...........

Oppi kvar og ein sitt hovud bur det ein hjerne. Den består av 85 % vann. Thihihih.........Då er vel resten berre luft, då?! Vann og luft........ Det forklarer mykje!!!! LOL.......:=)

Nei, det var det der med å kome seg i seng til høveleg tid! Klokka er veeeldig nært midnatt og timane til russen kjem, ja dei skrumpar inn Her er det om å vere disiplinert med kroppen sin. Så då er det vel berre å pakke seg under dyna!

Ha ein fantastisk fin dag, 17.mai! Min startar med nasjonalsongen og flotte flagg klokka åtte. Vèret skal, ifølge dei som trur dei veit, visstnok bli flott, så eg håper det slår til!!

Hasta mañana!

IWALY!

tirsdag 14. mai 2013

Steroider gjorde at penisen krympet. Likevel var Rod Stewart avhengig i flere år. Viss ikkje den siste setningen set menn i bås, så veit ikkje eg! Likevel........står det.
Sjølv om penisen krympa, tok han stoff. Tenk det! Kva mann er det som utset "dicken" sin for det, liksom? Penisen som er det viktigaste for dei fleste menn (kan det virke som....)

Rod Stewart er vel ikkje den som har hatt det enklast i livet, til trass for at han er god for ein heil del pengar.
Det betyr vel med enklare ord at pengar ikkje er alt. Pengar kan ikkje gjere eit menneske lykkeleg, med mindre det viktigaste ligg i botnen.

Stewart har vore gjennom to skilsmisser og adoptert bort eit born, noko eg trur ikkje kan vere lett for ein forelder å gjere. I tillegg var han avhengig av steroider i lang tid.
Steroider av ein årsak som ikkje heilt held mål. Eller? Kanskje med tanke på kva han har levd av....... Det er likevel ikkje lett å kjøpe argumentet om at dersom han tok steroider foran konsertane, så ville det kome stemmebanda hans til gode. Det lindra skadar.

Den gong var dermed stemmen viktigare enn penisen. Han berre gjorde det han måtte for å halde showet sitt igong. Joda.......
Med tanke på at steroider gjer deg både feit og oppblåst, søvnlaus og irritert, kan ein vel kanskje sjå på nettd et stoffet som det verste narkotiske stoffet i verda. I alle fall om vi skal ta Rod Stewart sjølv på ordet.

Stewart har i stor grad slutta med stoffet, men har innrømma at han, dersom han har periodar der han slit, enno tar litt steroider.
Er det rart han har hes stemme?

Om penisen no har funne attende til sin normale opprinnelse når det kjem til storleik, seier han ingenting om. Det må vi berre gå rundt og lure på.
Ikkje det at det betyr så mykje. Det er vel aller helst ingen av oss som skal i buksa på akkurat han......

Jaja........ Eg er berre glad eg ikkje er mann!
Ha ei god natt!

Hasta mañana!

IWALY!



Måtte avbryte flyturen da kvinnen nektet å slutte å synge "I will always love you". Jaja, så har ho vel anten kjærleikssorg eller så er ho svært så lykkeleg. Det er liksom eitt av to........
Så i stadenfor å spekulere i det eine eller det andre (for då blir det det andre), så får eg vel heller sjå til å opne saka og sjå kva det gjeld.

Det var ikkje berre berre då kvinna insisterte på å synge denne skjærande og langt frå klokkeklare versjonen av låta. 
Ikkje berre ein og to gongar, men om att og om att. 
Som vanleg skjer ting når eg ikkje er tilstades........ Det skjer aldri der EG er. (Kanskje like greit?!)

Det beste ved det heile var at sjølv om politiet satte handjern på ho, ja så fortsatte ho berre å synge på denne låta.
Så spørs det om Dolly Parton (som skreiv den opprinnelege låta) syns det er så kult at songen hennar blir brukt på denne måten.
Eg syns det freista med å prøve.(Å synge om att og om att på flyet). Berre det at eg ville ha venta til flyet hadde flydd såpass langt at dei ikkje ville snudd for å få meg av flyet!! Hahahaha.....

Kva skjebnen hennar blei? Tja..... Ho må vel rekne med at det vil bli vanskeleg å få bestilt seg flybillettar framover. Litt synd for ho om ho planlegg ein lengre utanlandstur og ikkje kjem seg frå A til Å.

Fire av ti sykemeldinger skyldes "slapphet/trøtthet". Fire av ti? Oi, det var eit  høgt tal. 
Eg vil tru det er grunn til bekymring om dette attspeiler dei norske innbyggjarane. 

Sofaen ein feinde............. Ikkje bra om det er blitt slik. 

Som vanleg har eit innslag som denne saka engasjert eit hopetal av meiningsytringar blant lesarane. Enkelte som kritiserer dei som legg seg for lett heime, medan andre tar seg nær av det heile og argumenterer hardt for at det faktisk kan vere slik at dei er alvorleg sjuke. 
At teksten kanskje er meint for å provosere, tja det er det ingen som klarer å avsløre.
(Så då er vel alt ved det normale......)

Joda, det er sikkert dei som har ein alvorleg lidelse. Det er sikert ikkje berre "slaskar" som legg seg heime Det er berre det at det ikkje er det som er sakas kjerne. Den er meir det som går på at det faktisk er ei kraftig auking i antal personar som legg seg heime og at det er bekymringsverdig om det er slik at fleire av desse faktisk er frisk. 
På fint nosk kallar vi det for å utnytte systemet.........

Amerikansk abortlege dømt for å ha drept tre spedbarn med saks. Og der kjenner ein på ny att tårene nesten vil kome seg ut og fram. Historien er barbarisk. Blod på golvet, urinlukt i lokalet og sist (men ikkje minst) at det var posar med fleire daude foster i frysaren. 
(Kva er det eigentleg med drapsmenn og frysarar??)

Tidlegare har mannen blitt dømt av di han "hjalp" ei kvinne (i 2009) ved å gje ho ein beroligande og smertelindrande dose medisin slik at ho døydde. 
Tanken var nok å hjelpe henne og at det var ho sjølv som ynskte det slik. Likevel, det er viktig å vise respekt for dei lovane vi har. Spesielt med tanke på slikt. 
Kven er det som skal sette grensa for kva tid det er greit eller ikkje å gjere slikt? Eit vurderingsspørsmål? 
Aktiv daudshjelp er ikkje lovleg og då er det særs viktig at spesielt legar overheld det. Sjølv om tanken i utgongspunktet er god frå legen si side. 

Desse borna som han no er dømt for å drepe, var født i levande live.......... 

Det verste er at han er anmeldt heile 46 gonger. Likevel kunne han halde på slik han gjorde. 
Ganske tragisk!! 
"Snipping". Det er ordet han brukar på det han har gjort. Å ta livet til uskuldige og små spedborn. Sørge for at dei ikkje skal få vekse opp som ein del av samfunnet vårt. Det at han gjer seg til "Gud" over enkelte ting her i livet. 
Det er til å bli kvalm av!
Han stakk ei saks inn i babyens nakke for å kutte ryggmargen. Han "snippa" dei...........

Jaja......Kanskje likegreit at klokka plutseleg passerer midnatt. Det betyr at det er ei ung jomfru som må sørge for å få skjønnheitsvevnen sin! Det kjem ein ny dag i morgon. Måtte den bli herleg!! 
Uansett.....Ha ei god natt og sov godt! :=)

Hasta mañana!

IWALY!


søndag 12. mai 2013

Hva er det med menn med skjegg? Ikkje av di eg er så frykteleg einig, men det hottaste no om dagen er visst menn med skjegg! Jepp........ Forstå det den som kan...

Eg må vere så ærleg at eg seier rett ut at enkelte menn aaaaaldri bør tenke tanken på å anlegge seg litt skjegg. Skjegg er definitivt ikkje for alle! (Med mindre du ønsker at kvinnfolka skal springe ifrå deg).
Dessutan er det ikkje snakk om skjegg i alle variantar. Det nyttar nok ikkje å dukke opp med kva som helst skjegg i andletet. Du kan risikere at du bommar totalt.

"Figurane" som har stått som rollemodell for skjeggveksten som "ruler" for tida, heiter blant anna Brad Pitt, Bradley Cooper, George Clooney(!), Johnny Depp og Ben Affleck. Hotte menn med andre ord.
Så kan du ta og sjå rundt deg og oppdage røyndomen. Kor mange slike menn kan du klare å få auge på i løpet av ein heilt vanleg kvardag i livet ditt?
Eg kjenner ingen som kan måle seg med desse karane her i nærleiken, men det kan jo vere at eit "hot" skjegg kan hjelpe på.......

Eg har prøvd å kome på om eg veit av nokon som faktisk har skjegg som ein kan definere innanfor norma som desse kjendisane har for skjegg.
Den einaste eg kjem på, er mannen til ein kollega av meg. Skjegget liknar mistenkeleg på Johnny Depp! Eg har mine mistankar om at han er redd for at ho skal bruke "frikortet" sitt med Mr.Depp, så for å hindre det, har han sørga for å sjølv likne mest mogleg på han!! Hahahahaha...........

Hakene til menn skal ikkje lenger vere like glattbarberte som sommarklare kvinneleggar. No er det kjønnsmodning som står i fokus. Andletshår (skjegg) er sjølve symbolet på at dei er maskuline menn.
I tillegg symboliserer skjegg ei rekke kvalitetar (som i alle fall ikkje eg nokon gang har fundert på før) som til dømes at han evnar å ta vare på eit avkom. Han har god helse og kan med sin agressivitet forsvare kvinne og born! Modenskap og alder.........viktige trekk vi som kvinnfolk ser etter når vi vel oss mannfolk.
Jeeeeezes kor mykje det er eg ikkje veit om mannfolk og skjegg, altså!! Dette burde eg vel ha lært på min veg frå ungdom til vaksen? Elementær kunnskap!! Skjeggvekst!! Thihihihihihi............
Jaja, det er no enkelte ting som er best utan skjegg som "klorer"!

Tidagarsskjegget får oss kvinnfolk til å tenne. Så om du skal legge deg etter meg, bør du planlegge godt. Start allereie ti dagar før du planlegg å ha hellet med deg...... :=)

Så gløym reklamen "Gilette, the best a man can get!" Menn kan få så uendeleg mykje meir!!!!!!

(Eg veit ikkje om eg bør tørre å innrømme at eg syns menn utan skjegg er hakket meir sexy enn menn med skjegg. Kan vere fare for å bli klassifisert som umoderne då!)

Mat. Facebook. Instagram. Problem? Lykke? Avhengigheitsskapande?!? Psykologar kan kome opp med så mangt. Også om mat! Så er det opp til oss om vi orker å ta den kunnskapen dei legg fram innover oss eller ikkje. Vi står heilt fritt til å tenke våre eigne tankar.
Likevel.......Noko av det som blir sagt må vel ha litt hald i seg? I alle fall såpass mykje at det er verdt å tenke over om det kan vere noko i det.

Denne gongen er det ein psykolog som har uttalt seg om dei som har eit behov for å legge ut all maten dei lagar på Instagram, Twitter eller liknande media.
Då er det ikkje snakk om dei som ein gong innimellom gjer det, men dei som gjer det kvar einaste dag og gjerne legg ut KUN statusar om mat.
Det vitnar enkelt og greit om at ein er veldig oppteken av mat.
Når heile det sosiale livet på nett handlar om mat, ja då er det på tide at ein ropar eit varsku om at her er det noko som ikkje er bra.
Maten blir det viktigaste og kjem foran kor vi er og kven vi er saman med.

Når ein legg bilete av mat ut på sosiale nettstader, er det eit teikn på at ein har behov for å vise kor sunn ein er, kor eksklusiv mat ein et, kor fint ein har det osv..............
Mange ligg ut bilete av mat på lik line som andre legg ut bileter frå feriar dei har vore på.

Ein treng nødvendigvis ikkje ha eit usunt forhold til mat om ein har hovudfokuset på det, men det erker litt logisk at ein legg ut bilete av det ein er oppteken av.

Eg skal så absolutt ikkje uttale meg her og no om mi private meining om temaet. Eg har forsåvidt vore innom det tidlegare ein gong. Så når eg skriv at ting ikkje er bra, er det på bakgrunn av psykologen sine ytringer og meininger.
Eg vil tru at dei som er vant til å analyse folk opp i mente, i alle fall evnar å trekke nokre rette slutningar på enkelte område. Dessutan høyres jo meiningane ganske logiske ut. I alle fall om ein tenker litt betre etter.

One direction har hatt konsert i Noreg. Oslo....... Denne kjente guttegruppa har mange tilhengjarar blant dei norske ungdomsjentene. Ergo vil eg tru at det var fullt i salen då dei opptredte.
Dei aller fleste hadde vel sine forventningar til konserten og dei fleste ungdommane kunne sikkert teksten til dei fleste songane.

No kan eg lese på VG sine nettsider at konserten hadde null truverdigheit, var sidrompa og dårleg.
Det einaste som var bra, var publikum. Dei var visstnok fantastiske.......
Litt synd at ikkje konserten var heilmaks då. (Om det stemmer, eller om det faktisk er slik at journalisten bak heile innlegget er ein gammel gubbe med liten sans for den ungdommelege musikken.........) Kva veit vel eg?

Under konserten på Telenor arena, fekk låt etter låt terningkast to eller tre. Dårlege "kast" med andre ord.
Det beste med songane er korleis jentene hyler frå salen kvar gong vokalen byttar.
Jaja, så kan ein jo sette det opp mot Beatles sin tur til statane. Historisk tur som har betydd supermasse for musikkhistoria og Beatles sjølv.
EIn tur som blei prega av lite utstyr, enorme folkemengder som sørga for å hyle så høgt at store delar av tilskodarane faktisk ikkje fekk med seg ein einaste tone i løpet av konserten.
Så kan ein spørre om at det var så fantastisk å høyre all hylinga at folk gjekk mann av huse pga "Beatle-mania"...........

No kan aldri One Direction samanliknast med Beatles. Forøvrig er det få som kan det.........., men eg vil likevel tru at dei som var på konsert i Telenor Arena hadde ei oppleving der dei verkeleg følte at dei hadde fått høyrt songane "live".  (Ikkje dårleg, berre det!)  :=)

Nei, det har vore langhelg på hytta. Ei fin ei sådan. Varierande vèr, men kva gjer vel det når ungane storkosar seg ute mesteparten av tida.
Torsdagen kan jo også skildrast som "lykke"! Singletvèr har det vel ikkje vore så altfor mykje av denne våren og det føltes veeeeeldig riktig då sola sørga for kjempevarme i hyttevggen og det berre var å brette opp buksene og vrenge av seg på overkroppen.
Gitar og fleirstemt song med borna "i" hytteveggen var ikkje feil.

No er det ikkje lenge att av denne uka. Ein liten halvtime, kanskje. Ergo er det på tide å finne senga og håpe på ei god natt med mykje svevn. Forhåpentlegvis står ei ny og fin uke for tur. Det er berre fem dagar til nasjonaldagen og då betyr det vel eigentleg at sommaren er like rundt hjørnet!

Ha ein fortsatt fin kveld om du er B-menneske. Er du A-menneske, er det vel ein viss sjanse tilstades for at du allereie er hamna under dyna og sover som ein stein.
Eg er midt i mellom......... Sånn der A-B........... Så det betyr vel at eg straks er på veg. Sov godt!!

Hasta mañana!!

IWALY!

tirsdag 7. mai 2013

Systemidioti.

Dumskapens system. 
Det er mange som av ein eller annan årsak treng å "nave". For ein kort periode, eller rett og slett resten av livet. Då håper eg at ordet "nave" også dekker dei som blir trygda?!!

Mange har ulike oppfatningar av systemet, alt etter korleis dei som personar har blitt handsama i sitt møte med trygdesystemet.
Alle forten å bli handsama med respekt, men diverre er det no eingong slik at det ikkje er sånn systemet er.
Ein kan skulde på at det har med kven du møter frå NAV si side, men sånn eigentleg trur eg det er ganske uvesentleg. I alle fall i større byar der dei to motpartane ikkje kjenner kvarandre. (Det har både sine føremoner og bakdeler - som alt anna).
Eg er komen fram til at det er ikkje dei som handterer sakene si skuld. Det er systemet. Systemet er blitt sånn at det også settes krav til arbeidstakarane innanfor trygdesystemet. Krav som ikkje er heilt lite idiotiske. Krav som går ut over nett deg som person, om det er slik at du er den som treng hjelp.

Så kan ein spørre kor eg har informasjon ifrå som gjer at eg kan påstå dette. Joda, det fins menneske i denne verda som er såpass tøff at dei tør å gå imot systemet, som arbeidstakar i det same systemet.
Ganske tøft, vil eg påstå.

Heidi Follett.......... Det er ho som er så tøff! Det er ho som arbeidar innanfor systemet og for lengst har sett galskapen med eigne auge.
Ho deltok i ein kronikkkonkurranse og vann denne med sin kronikk om systemet. Sjølv vel ho å bruke stor forbokstav i "Systemet" for å gje det eit namn.

Det er ikkje lenge sidan at det var eit NAV-kontor som fekk bombetrussel mot seg. Det er heller ikkje lenge sidan at ein "kunde" gjekk beserk mot ein sakshandsamar.
Då blir spørsmålet "Kan vi forstå gjerningane?" (Eigentleg ikkje, men satt litt på spissen, så kanskje ja).
Eller spørsmålet kan stillast på same måte som Heidi Follett uttrykka det......"Kva er ein sunn reaksjon på eit sjukt system?" For systemet er sjukt, i høg grad!!

Kva er bakgrunnen for at Follett fekk arbeid i NAV? Jo, det er av di ho har bachelorgrad i helse- og sosialfag. Sosionom.
NAV trengte (i utgongspunktet) ein arbeidstakar som kunne utjamne sosiale ulikskapar. Ein som skulle ta utgongspunkt i folks ressursar og legge til rette for endring.
Som arbeidtakar er det då kjempelett å vere naiv og tru at du kan vere med på å forbetre verda. Sjølv kallar ho seg for herleg naiv.

Ho blei ansatt som sosionom, men arbeider som byråkrat. Og det er vel nett slik vi opplev NAV. At det er eit stort byråkrati.
No har ikkje eg noko negative opplevingar med NAV, men ein har av og til litt lange øyrer og høyrer litt av kvart. Då føler ein av og til for å riste på hovudet.
Sosionomen som må gjere alt anna enn å vere nett det. Jobben består i å produsere dokumentar.
Dokumentar som skal sørge for at NAV held ryggen sin klar i alle saker der du som kunde "taper". Taper av di dei har køyrt deg så hardt og plukka deg i små biter før dei er ferdig med deg (i håp om å finne noko som gjer deg ukvalifisert til hjelp).

Follett sitt vitnesbyrd er sterkt å lese. Ho fortel heilt nøyaktig korleis ho opplev det som vi mange tenker, men ikkje veit om vi har nok kunnskap til påstå noko i fryjt for å seie noko galt.
Blant anna kallar ho folket i systemet (inkludert seg sjølv) for ein eigen rase. Ein rase som er umogleg å nå på telefonen. Dei svarar knapt på e-post.
Det er ikkje berre brukarane som meiner det. Ho seier rett ut at det er slik det er! (Det er liksom enklare å få til eit møte med Elvis, sånn for å få det satt litt på spissen).
Ho har sjølv sett at stønadar blir trukken attende på diffuse grunnlag og krava som blir tredd ned over hovudet ditt er rimeleg uforståelege.
Ho veit det av di ho har vore med på det.

NAV-systemet plukkar livet ditt frå kvarandre. Av og til går dei langt over grensa for kva vanleg folkeskikk tilseier og du sit der i stolen og vrir deg. Du sit der og opplever at livet ditt blir plukka frå kvarandre bit for bit.
Du kan ikkje hisse deg opp over galskapen for den som sit på andre sida av bordet skal vurdere din samarbeidsvilje. Då nyttar det ikkje å "klikke", sjølv om det av og til kan føles som om det er nett det du vil.

I løpet av to uker skal minst eit tosifra dokumentar opprettast på deg. (Ikkje så reint få med andre ord).
Masseproduksjonen av dokumentar om deg er det som skal sørge for den frie ryggen til systemet. Dei har gjort det dei skal og du kan ikkje ta dei på noko.
Du gjer valg som latterligjeres på personalromma. Galgenhumor, kallar dei det. Kanskje seier dei hakket for mykje om deg i farta. Litt meir enn nødvendig. Follett kallar det å flørte med tausheitsplikta. Jaujau........

NAV-ansatte skal ikkje gjere det som tener deg som kunde. Dei skal trykke på deg ei løysing som gjer at dei når eit måltal.
Når dei ser at du speider i bakken etter eit hol du kan krype ned i av di du må utlevere livssituasjonen din i all offentlegheit...... Dei berre fortset.
Bortforklaringar er dei ekspertar på!
Det menneskelege aspektet forvitrar berre mellom fingrane deira.

I følge Follett kunne likesågodt ein robot gjort deler av arbeidet hennar (eller andre). Det seier litt, vil eg påstå.
Føremonen deira er at dei kan få vist fram nokre diplomar av di dei kan vise til gode tal i NAV sin favør. Stjerne i margen. Dei same diplomane kjem på veggen og du trur du er i trygge hender av di det heng så mange flotte diplomar der og trur at DET må jo bety at vedkommande er dyktig i faget sitt.
Joda, dersom det å "lure" deg er faget.......
Så med andre ord så er det byråkratiet som har fått definisjonsmakta. I og med at dei legg til rette for at ein absurd konkurranse om å vere mest vansklegstilla.
Det er ikkje deira problem om du ikkje taklar det.

Det er sikkert mange av dei som arbeider i systemet som er ueinige med drifta av det. Heilt klart. Det er berre ikkje så lett å tale imot sin eigen arbeidsgjevar. Noko som vi fleste kan forstå. Det er trass alt eit menneskeleg aspekt, det også.
Likevel, det er digg at det fins menneske som Follett som tør å seie ifrå om at det heile dreiar seg om økonomiske måltal.
Logring og smisking blir fort ein del av blodomløpet. Dei fleste vil merke seg positivt ut hos leiaren sin. Du gjer det du blir bedt om.
Dei overbetalte leiarane si evne til å forvalte samfunnsansvaret sitt, ja det er det ingen som stiller spørsmål ved.

Joda, det prøves og det feiles. Det skjer på din og min bekostning. Omorganiseringar skjer for eiga skuld, ikkje for deg som brukar.

Om eg då skal gjere eit iherdig forsøk på å svare på spørsmålet om kva som er ein sunn reaksjon på eit sjukt system, trur eg at eg heller lar vere. Det er så lett å forstå at det fins ein som klikka foran ein sakshandsamar, uansett kor teit eg eller andre syns det må vere. For slik oppfører ein seg ikkje. MEN det er forståeleg.
Ein eller annan gong innimellom må det jo vere nokon det "bekkar over" for. Vi veit jo at det er mange ulike årsaker til at folk treng hjelp av nett dette systemet for å få kvardagen til å gå rundt.
Det siste dei treng, er at at nokon "messar" med hovudet deira.

Det er samfunnet vårt eg snakkar om. Det er dette fantastisk flotte samfunnet vi lev i.
Eg vil ikkje påstå at dette kan bruks politisk.......av den enkle grunn at eg er rimeleg sikker på at uansett kven som styrer samfunnet, så vil det vere slik.
Med mindre fleire gjer som Follett. "Ropar" ut om galskapen..... Jo fleire som gjer det, jo større sjanse for at ei endring blir pressa fram.

Eg håper eg blir over 60 før eg treng systemet til å sørge for at eg skal ha det leveleg økonomisk........

Ha ein fin kveld!
Hasta mañana!

IWALY!!

mandag 6. mai 2013

Skjuler penger for partneren. Vi lev i eit samfunn der det er blitt meir og meir vanleg å skjule pengar for partnaren sin. Enkelte har hemmeleg konto, nokon gøymer kvitteringer, medan andre berre nektar den betre halvdelen sin innsyn til kontoen sin.
Årsakene kan vere mange, men ei av årsakene er at dei sparer til skilsmissen. Dei veit at dei vil skilles, men men ønsker å sitte att med mest mogleg pengar og held difor ein del av dei ute av partnarens vitskap. (Det ein ikkje veit - har ein ikkje vondt av).

Kva betyr eigentleg dette med at "vi" gøymer pengane våre for den andre? Har vi blitt meir kalde og kyniske enn før? Eller var det slik tidlegare også?
Er skilsmissestatistikken så høg at vi vil gardere oss mot eventuelle "mistak"? At vi er redd for at ekteskapet er feil...........
Er vi redd for å tru på at noko kan vare "evig"?

Mange spørsmål og eg kan ikkje svare på eit einaste av dei. Sikkert ikkje du heller, men det er jo ikkje forbode å anta.
Om ein studerer litt statistikk osv, kan ein jo forsåvidt kome fram til noko som kan likne på eit svar. I alle høve delvis.

No er det ikkje slik at skilsmisse-spøkelset er den einaste årsaka til at det ikkje er full openheit. Det er ulik alvorlegheitsgrad når det kjem til dette temaet om å skjule pengar for partnaren.
Å gøyme unna pengar for å sikre seg sjølv, tja.......det treng i utgongspunktet ikkje vere så ille. Då vil eg heller trekke fram noko som i alle fall EG syns er hakket verre. Nemleg det at ein tar opp forbrukslån på fleire hundre tusen og lar kjerringa (eller mannen for den del) leve i uvissa om det heile.

Ikkje alle tar opp lån etter at dei har blitt eit par. Enkelte har lån før dei møter den dei vil dele livet stt med. Problemet ligg vel heller meir i det at ein ikkje er open om at ein har mykje gjeld og etterkvart kan det "balle på seg" og plutseleg har ein problem med å betale det attende. Spesielt om ein då i fellesskap har tatt opp huslån, hyttelå, billån.....you name it, og utan at den eine delen av partnarskapet veit om at det faktisk er ein del meir som skal finansierast enn det dei trur.
Om det framleis fortset med at det skal vere full hemmeleghald om forbrukslånet som var ifrå før, så er sjansen stor for at det etterkvart kjem eindel kredittkortgjeld. (Som verkeleg er dyrt).

Ikkje alle tør å søke hjelp. Økonomi er kanskje ein av dei temaene som par kranglar mest om. I alle fall om det er mykje skal betalast og pengane må prioriterast på ein fornuftig måte.
Held du då noko skjult for partnaren din og det blir oppdaga, ja då er sjansen for at partnaren verkeleg føler seg lurt og tilliten vil heilt klart forsvinne.
I mange tilfeller fører det rett og slett til skilsmisse. Har ein først mista tilliten til eit menneske, er det ikkje så lett å finne attende til den.

Likevel går det bra med enkelte. Innimellom les ein om dei som blir med i "Luksusfellen" på tv og får livet sitt "uthengt" foran andre. Dei har som regel verkeleg innsett problemet og er villige til å ta tak i det. (Noko som gjer at partnaren er villig til å prøve å få forholdet opp og gå att).
Får du det offentlege auget på deg, er det liten sjanse for at du tør å gjere så store sprell som sørger for at du ikkje klarar å gjere opp for deg.

Mange av dei som ønsker skilsmisse lurer ikkje berre pengar unna. Dei er så kyniske at dei sørger for å skaffe seg ein skilsmisseadvokat som skal sørge for at dei kan "suge" mest mogleg ut av ekteskapet, materialistisk, før dei stikk.
Andre hyrer advokat av di dei ønsker hemn.
Dei føler seg forsmådd og har bestemt seg for at partnaren ikkje skal slippe så lett unna. Vil "han" ut av ekteskapet, ja då skal det få svi.
Kva eit slikt "oppgjør" mellom to menneske kan få av konsekvensar etterpå, er veia lite tanke. Det er berre om å få mest mogleg sjølv. Gløymt er det at det ein gong var kjensler av den gode sorten tilstades og at eigentleg burde eit eventuelt brot forgå i meir minnelege former.
Sjølvsagt vil det vere vanskeleg å gjere det som vener, men fiendskap fører ingenting godt med seg.

Samfunnet HAR endra seg. Om vi likar det eller ikkje, er ei anna sak. Likevel er det stor sjanse for at vi er blitt meir kyniske. Kanskje det heller vil passe betre om eg brukar ordet meir oppvakt i stadenfor. Eller opplyst, for den del.......... Det kan virke som vi skjønner meir i dag.

Eg meiner det nok ikkje heilt slik eg skriv det. Det blei berre så vanskeleg å sette ord på kva eg meiner. Det blir sånn nesten.........
Det er nok slik at vi veit at det er meir og meir vanleg at ein skiller lag og det gjer oss meir førebudd på nett det. Egosentrismen har nok auka i forhold til tidlegare.
Samstundes er det komen fleire freistingar på markedet som gjer at folk lettare tar opp forbrukslån eller brukar kredittkort. I tillegg er det blitt mykje enklare å få lån og kredittkort.
I dag er det nesten som om at du blir pressa på eitt eller anna kort.
Det er ikkje sjeldan at det dukkar opp tilbod om kredittkort i postkassa.......... Eg veit ikkje kor mykje pengar dei kastar bort berre på meg ved å sende ut kredttkortreklame. Og det er faktisk slik at dersom eg ikkje bit på (noko eg aldri gjer), så dukkar det opp eit nytt tilbod nokre månader seinare (frå akkurat dei same).
Eg vil tru at dei send det ut til veldig mange samtidig og det må då verkeleg koste dei eindel pengar å få laga alle desse brosjyrane?!

Har du eit kundeforhold til Sparebanken Narvik (og sikkert alle andre bankar også, vil eg tru) får du tilbod om å ha noko som heiter ubekymra.
Istadenfor å bli trekt masse i gebyr kvar månad, kan du få ein avtale om at det skal trekkast 30 kr fast kvar einaste månad.
Eit tilbod kjem aldri utan at det er ei hake som må oppfyllast. Det er meir regelen enn unntaket i desse dagar.
Kva er så haka ved å vere "ubekymra"?? Joda, ganske enkelt å svare på! Du må rett slett ha eit kredittkort gjennom sparebanken.
Eit kredittkort du i utgongspunktet ikkje treng å bruke, men likevel er der til freistnad om du "treng" det til den nye og råtøffe skinnjakka du plutseleg kom over, men eigentleg ikkje har råd til.

Lar du vere å bruke kortet, blir du belasta med gebyr. Det må brukast minst ein gong pr år.
Ikkje så kjempestort beløp du må ut med, men det er meir prinsippet.
Så alt i alt lev vi i eit samfunn der det er både kjøpepress, kredittkortpress, krav om ein viss standard osv osv i det uendelege.

Så sånn bunn i grunn er det ikkje så vanskeleg å forstå at enkelte går "rett i baret" og opparbeidar seg mykje gjeld på denne måten.
Vi veit jo at det er fleire som slit økonomisk og då kan det fort gå i den retninga.........
Det er ikkje alle forunt å vere i fast arbeid år etter år. Utdanning har vel aldri vore viktigare før enn no!!

Konklusjonen når det gjeld skilsmisse eller ikkje..............Folk tenker for mykje!!

Ha ein fortsatt fin kveld!! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

søndag 5. mai 2013

Dagens ord: audmjuka!! Hahahaha......... Ikkje det at det er noko spesielt med dette ordet. Ikkje annna enn at ho som leia sportsending som nett blei avslutta, sa at Brann blei audmjuka av Sogndal. Noko som gjorde at eg blei litt flirfull. Audmjuka!!
Det er berre å smake litt på ordet så skjønner du kvifor eg ler. Like nynorsk som åtgaum , kverrsetja og skalkeherming.

No tippar eg at om du ikkje er vestlending (eller liknande vesen), ja så kan det vere vanskeleg å forstå kva desse orda betyr.
For å seie det enkelt. Det er ikkje berre å tenke logisk og tolke orda, for dei betyr noko som ikkje liknar på desse orda i det heile.
Åtgaum har ingenting med å ete å gjere. (Åt). Åtgaum betyr å vekke oppsikt........ Noko eg trur du vil klare å gjere om du bruker ordet, av den enkle grunn at folk vil sjå rart på deg av di dei ikkje forstår kva du bablar om!!
Så var det ordet kverrsetja. Det betyr rett og slett å beslagleggje.
Til slutt var det skalkeherming..........parodi. (Jaja, denne kan vel i ytterste tilfelle, om personen er særs smart, løysast ut frå logisk tenkning. But I have my doubts!)

Audmjuka......... Det var det som starta det heile. :=)

Kjøp og salg av sex. Ille eller ikkje?
I det siste har det vore mykje fokus i media når det kjem til temaet sex. Då med tanke på ei verksemd som seier kjøp og salg av denne sorten. Med andre ord sex utan kjærleik. Ufrivillig eller ikkje. Det er det berre den som utfører handlinga som veit.

Burde kjøp og salg av sex vere lovleg? Eit spørsmål som i første sekund, for meg, har eit svar som er ganske openlyst. I sekunda etterpå derimot........
Det første eg tenker er at det heilt klart burde vere ulovleg. Utan den minste tvil. Eg kan ikkje sjå kva godt det skal føre med seg om vi har ein legalisert form for kjøp og salg av sex.
Så var det dei sekunda som kom etter det første.....
Saka er så mykje meir komplisert enn det vi først vil vere i stand til å tenke. I alle fall kva eg sjølv kan klare å tenke, eller rett og slett forstå.
For korleis skal eg skal klare å ta stilling til ei slik problemstilling når eg ikkje veit kva som ligg bak kvart einaste knull som skjer, lovleg eller ikkje?
Hverken eg eller dei fleste andre kjenner noko som helst til skjebnen til desse damene som sleger sex. Vi veit lite om kvifor dei tilbyr desse tenestene.
BUT........ Vi veit sjølvsagt litt! Vi veit nok til at vi kan meine at det burde vore ulovleg i enkelte (mange) tilfeller. Tilfeller der det er ein hallik som står bak. Ein hallik som krever at dei skal selge sex og gje pengane til han. Så skal liksom han ta vare på dei.
Tilfeller der halliken verkeleg burde bli satt bak lås og slå.
Likevel, vi veit ikkje kva som ville ha vore kvardagen for desse damene om dei ikkje hadde vore "under" denne halliken. Vi veit ikkje om livet deira ville vore betre utan han. For alt vi veit, kan det hende at det hadde vore hakket verre.

Eg trur ikkje (for eg er ganske naiv) at det fins nokon som gjer dette for eiga glede. Selger kroppen sin for pengar. Likevel er det lett å skjønne at enkelte kjem frå kår som gjer at dei har det veldig vanskeleg. Såpass vanskeleg at dei ikkje ser noko anna alternativ enn å ty til "gata".

Vel, no er eg ikkje så naiv at eg ikkje skjønner at det er nokon som gjer det frivillig. Vi har jo dei som er luksusprostituerte. Eg tenker meir på desse du finn langs gatene i byen osv...... Dei som kven som helst kan plukke opp og betale for å få seg eit ligg (eller anna for den saks skuld).
Eg veit jo at det fins luksusprostituerte i god jobb som selger sex. Fleire av dei seier at dei elsker livsstilen.
Forskjellen er vel at dei har sine faste kundar som dei kan stole på. Det er ikkje kven som helst om slepp til og det skjer ikkje under tvang.

Sjølv meiner eg at kjøp og salg av sex ikkje bør vere lovleg, men eg ser problemet med at vi ikkje veit korleis livet til enkelte av dei prostituerte vil bli om dei ikkje har sjansen til å selge sex.
Kanskje teit å tru at dersom dei blir bedt om å slutte, så gjer dei det. Det er ikkje slik det fungerer.
Det hjelper ikkje kor mykje ulovleg det er. Dei berre forflyttar seg. Finn nye område....... Dei finn berre meir skjulte metodar.
Vi vil berre få bort den synlege delen av problemet. Den delen som påverkar oss andre av di vi openlyst kan sjå at det skjer.

"Jeg får det jeg vil ha og hun får det hun vil ha". Eit sitat som i utgongspunktet stemmer. Han får sexen som han ønsker. Ho får pengar.
Joda....... Det er nok det ho ønsker. Pengar. Berre det at det slett ikkje er sikkert at det er den måten ho ønsker å tene pengane sine på. Det er rett og slett ikkje sikkert at pengane "smakar så godt".
Ho gjer det ho må for å kunne leve.............. Han gjer det for å få seg ei kroppsristning. Orgasme for dei som heller brukar det ordet.

Prostitusjon er ei vanskeleg problemstilling. Det er lett å ta avstand frå det, men samtidig veit vi så lite.
For alt eg veit, kjenner eg kvinnfolk som selger sex.
Eg trur ikkje dei det gjeld går rundt og sprer at dei gjer det. Difor kan ein heller aldri seie aldri.
Ein ting er sikkert. Eg er glad eg ikkje veit.

Derfor er du en premenstruell møkkakjærring. Oioioioioi......... Her det snakk om å sette damene i bås! (Sikkert med rette......hahahaha....). Premenstruelle møkkakjerringer! Er det nett det vi er?
Eg veit ikkje heilt.... Eg føler meg ikkje heilt truffen, men kan vel aldri seie aldri.
Kven veit vel kva ein mann tenker på?
Menn er faktisk vansklegare å forstå enn kva vi trur.

PMS kjem alltid attende. Det er ikkje noko vi har berre eit par gonger og så forsvinn det. Er du PMS, er det komen for å bli. Då erobrar det rett og slett kroppen din resten av di menstruelle tid. (Enkelte opplever vel kanskje også at ikkje PMS´n forsvinn sjølv om mensen blir borte. Den følger rett og slett med kvinna inn i overgongsalderen. Uheldige menn.... Hahahaha...... Sure kjerringer er digg, liksom.

Symptomar startar som regel rett etter eggløysing og varar til mensen er ferdig. Altså rundt omkring ein to ukers tid.
Halve samlivet, med andre og enklare ord!!

PMS kan samanliknast med narkomane som får abstinensar!
Så spørs det kvifor vi blir så "bitchy" i desse periodane våres.........
No måtte eg no berre sjekke litt fakta her heime og spørre om eg er/har PMS. Svaret var jo då ganske oppløftande. "Neida, du e kje nåkka premenstruell".
Då er eg kanskje ikkje så "bitchy" likevel då! (Sjølvsagt fint å vite det......... For då kan eg jo bli litt meir "bitchy, slik at det blir litt meir rettferdigheit i samfunnet. Kvifor skal enkelte ha det betre enn andre kanskje?? Hahahaha........)

Det er sundags kveld og i morgon er det ny arbeidsuke. Ei kort ei sådan. Så ha ein fortsatt fin kveld og ei fin ny uke!!
Hasta mañana!

IWALY!!




lørdag 4. mai 2013

Stor mage er ingen hindring for sex. Så dei vordende mødre som tenker at det vil bli deileg med litt fritid frå mannen.......ja, dei må nok tenke seg om på ny. Dei må no finne på ei litt betre årsak enn det lille nurket i magen.

Eg trur ikkje eg skal gå like langt i konklusjonane mine som han "professoren" som har komen fram til dette. Han reknar med at "Fifty shades" har delar av skulda for dei som går gravide i desse dagar og at det difor er nødvendig å seie at dei reiskapa som blei investert i rett etter lesinga, slett ikkje treng å gøymast bort i skuffa.........
No skal ikkje eg avsløre kva som er i mi skuffe eller ikkje, men eg kan seie så mykje at sjølve triologien eg las i haust, ikkje hadde like stor påverknad på meg som på enkelte andre. Med andre ord så rann eg ikkje ned kondomeria for å kjøpe erotiske reiskapar berre av di eg las ein serie som var temmeleg hard. (Sjølv om den til sjuande og sist endte med både bryllaup og born...)

Sex kan ikkje skade fosteret, så uansett kor velutstyrt den betre halvdelen din er, så er det berre "tut og køyr".
Og akkurat i den tida der du føler deg mest som ein floshest, ja då kan det faktisk hende at din kjære ser på deg som DEN sexbomba!!
Graviditeten er tida der du kan legge misjonærstillinga på hylla. Eit genuint høve til å teste ut andre stillingar utan at du treng å lure på om du skal tøre å foreslå det eller ikkje. Det tvinger seg fram av seg sjølv!!

Kor slappar du best av? Svaret ligg vel i stor grad i om du er ein person som er innadvendt eller om du er utadvendt. Det er rimeleg stor skilnad på kva ein trives best med ut ifrå kven ein er som person.

Eg vil tru at dei personane som er innadvendte gjerne slappar best av den tida dei får vere åleine med seg sjølv.
Utadvendte, derimot, trivst nok best i andre sitt selskap. Energien kjem vel mest sannsynleg gjennom å vere med vener.
Så kan ein jo då lure på korleis eit innadvendt menneske kan ende opp med eit som er utadvendt.

Eg trur nok mange ser på dei utadvendte som meir vellukka enn den som ikkje er det. Gjennomsslagskraft og sjarm er to stikkord her.
Så kan ein jo diskutere om ein vil vere einig i det eller ikkje.
Ein ting som er sikkert, er i alle høve at det er dei utadvendte som dominerer i samfunnet vårt, på godt og vondt.

Enkelte prøver å vere utadvendte, men det er ikkje gitt at kven som helst kan vere det. For enkelte ligg det nok berre ikkje i deira natur.
Det er ikkje alle som syns det er ok å delta på arrangement etter arrangement, medan for andre kan det hende at det er nett det som er lykke. (Eg vil tru at for dei første så vil dette berre vere "slitsomt").

Å vere åleine for å hente energi.......... For den utadvendte kan det hende at nett det å vere åleine er det som faktisk tappar ein for energi. Altså har det motsatt verknad.
Så det er inga tvil at vi som menneske er ganske ulike.

Av og til kan det virke som om at samfunnet rundt oss forventar at vi skal vere sosiale. At vi skal menge oss og bli kjent med mange nye menneske.
Den innadvendte brukar nok meir tid enn den utadvendte på å reflektere over ting. Det blir sjølvsagt meir tid til det blant dei!

Sånn eigentleg er det berre bra at vi er ulike. Dersom enkelte syns det er stresande å vere sosial ofte, så må dei respekterast for det. Det er ikkje slik at ein treng å sjå på dei som særingar av den grunn.
Sjølv er eg ganske utadvendt, men eg set også pris på den stille stunda og eg kunne ikkje tenkt meg å vere sosial kvar einaste helg.
Det er deileg å dra på hytta, berre for å kople av frå det vanlege A4-livet ein lev til vanleg.

Det er klart det er gøy når det skjer noko, men blir det for mykje, stoppar lysta seg sjølv.

I dag er det laurdag og det er kveld. Dette er ein kveld der det er deileg at det ikkje skjer noko. Det er deileg at det berre er meg, sofaen og dataen.
Ikkje det at eg reflekterer så alt for mykje, men eg stressar i alle fall ikkje med noko som helst.
Ein tilpassar seg............. :=)

Som sagt det er laurdagskveld...... Anten er du ute på fest, deltar i sosialt lag på eitt eller anna vis, eller du gjer som eg........berre slappar av og gjer katta i kva elles som skjer i verda.  Det er berre deg sjølv og det du vil ha rundt deg.
Om du i løpet av kvelden les dette, er det vel ikkje så stor fare for at du er så sosial nett denne kvelden.
Det kan vere herleg det også!

Ha ein fortreffeleg kveld, uansett om du er utadvendt eller ikkje. It´s your life!
Hasta mañana!

IWALY!!!
Du ble et mindre og mindre minne. Nå er du et mareritt.  Kva er det som får ei mor til å forlate sine born og ikkje gje lyd ifrå seg på elleve år? La dei tru at ho er daud......
Utan eit ord, berre vips....borte.
Eg trur aldri eg kan forstå noko slikt.

Eg kan skjønne jenta på 19 år som ytra at mora blei eit mindre og mindre minne. Heilt til ho plutseleg dukka opp på ein politistasjon og gjorde seg til kjenne. Då blei ho eit "mareritt". Eg forstår det godt.
For først lot ho jenta (og broren) gå gjennom ein stor sorgprosess for å ha mista mora. Ikkje berre sorg for å miste ho, men også sorga over å ikkje vite kva som skjedde.
Dei måtte leve i uvissa om det var skjedd noko kriinelt og kva det i så fall kunne vere.
Kva born er det som enkelt taklar det?

Det er vel slik med oss aller fleste.....at ein "gløymer" meir og meir etterkvart som tida går. Ein lærer seg metodar for å stenge enkelte ting ute.
Viss ikkje ville det ha vore ein del uuthaldelege skjebnar rundt om i verda. Det er på ein måte eit av våre overlevingsinstinkt. Det må til for at vi skal kunne gå vidare.

Viss ein etter mange år, slik som i denne saka, oppdagar at ein er blitt "narra", at ein har gått i gjennom ein tung og vanskeleg prosess og at det kunne vore unngått....?! Ja, det seier seg sjølv at første reaksjon neppe vil vere glede.
Det spørs om gleden over det nokon som helst gong vil gere seg gjeldande. Det kjem kanskje litt an på i kor stor grad ordtaket "blod er tykkere enn vann" lar seg gjelde, og i kor stor grad mora til desse to ungdommane verkeleg får vist dei kor ho angrar eller får fram at det låg ei god årsak bak det at ho berre stakk.

Ekteskapet gjekk mot skilsmisse, men det åleine er ikkje årsak nok til å lemne dine eigne born.
Ho haika med heimlause som ho hadde blitt kjent med og blei hos dei.

Politiet erklærte ho ikkje daud før i 2009, sju år etter at ho forsvann, så ho har kosta samfunnet mange pengar og voldt sine eigne stor smerte.

Eg vil tru at for å forstå ei slik handling, så må ein nesten vere i stand til å kome inn i hovudet på den det gjeld.
Ei mors kjærleik er som regel ganske sterk og det skal mykje til for at ei mor berre kan stikke av sånn utan vidare. Utan ein einaste lapp..........
Eg kan ikkje anna enn anta korleis borna må ha hatt det og samtidig forstå at dei ikkje er interessert i å gjere det enkelt for ho.
Ho tenkte på dei kvar dag, men tok aldri kontakt.

Gir barna våpen før de begynner på skolen. Normal livsførsel, påstår ein dommar!
Det er greit at Amerika har eit anna våpensystem enn oss, inkludert det med kven som har lov til å bære våpen eller ikkje. Likevel er det eit grovt overtramp mot eit born å vise det nok tillitt til at den kan få tilgong til eit våpen før ein når skulealder.
Vis meg det bornet som er i stand til å beherske noko slikt til fulle. (Då tenker ikkje på det å mestre å skyte med det, men det å mestre det i form av å IKKJE bruke det).

Gutt (5) skjøt og drepte lillesøster. Ei sak som verkeleg prover galskapen i det heile.
Å få eit forhold til våpen i ein så ung alder....... Ufarleggjere våpen på ein slik måte når det er alt anna enn ufarleg. (Og alle burde frykte våpen og det eit våpen kan gjere mot eit anna menneske).

I Kentucky er det tvilsamt at det er særleg mange som ikkje har skytevåpen i husa sine, også berekna på born...... Det er meir vanleg enn at det ikkje er det.
Å skulde på at det er ein viktig del av den amerikanske historia, blir rett og slett for dumt.
Greit nok at det har vore "tradisjon" i lange tider, men historia treng jo ikkje la vere å fornye seg berre av di noko var vanleg før. Alle skulemassakrane burde jo vere glimrande eksemplar på nett det!

Jaja.....Ei crazy verd!! Enno godt at vi ikkje merker så mykje av den sjølv!
Det er fredag, det er helg. Nyt det! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

torsdag 2. mai 2013

Endrer reglene om navlestreng. No skal det kome nye reglar for kva tid navlestrengen kan kuttast. For tidleg avklemte navlestrenger kan føre til hjerneskadar og adferdsproblem hos born.
Jaujau........ Det er mykje dei forskar på og ikkje veir eg korleis dei kjem fram til svaret.
Det eg imidlertid veit, er at det har blitt født born etter born i all tid før no og det er rart om born plutseleg no skal bli påverka av kva tid navlestrengen klippes.
Dei finn no så mykje rart i dag.........

Om eit born får kutta navlestrengen litt tidleg og får vanskar. Kva då med det andre bornet som også blei kutta altf for tidleg og likevel ikkje fekk eit einaste problem. Smartaste kniven i skuffa, kanskje........ Er det då det bornet med vanskar som skal legge grunnlaget for kva som verkeleg stemmer?

Eg er ikkje noko lege, eg kan ingenting om navleklipping så eg er rett og slett blank på området. Det betyr likevel ikkje at eg ikkje tenker mitt.
For tida tenker eg mykje på at det er mykje rart dei prøver å finne ut for å ha noko å skulde på.
Det skal vere ein diagnose på alt.
Har ein litt mykje energi, har ein adhd. Heilt klart!! (Berre for å ta eit eksempel.)

Viss det å ha navlestrengen eitt minutt ekstra, betyr forskjellen på om du får vanskar eller ikkje, ja då må dei vel berre sette ei ramme for kor lang tid det skal gå,........... men............

Når hunder rir. Dei fleste har sikkert ein eller annan gong opplevd at ein hund er vårkåt Det er nok ikkje berre vi menneske som er det.
Sjølv hugser eg at eg rundt tiårsalderen opplevde at ein hund plutseleg byrja å jokke på foten min. Lite visste eg om kva det var han gjorde, men eg dytta han berre vekk. Litt småredd gjekk eg unna og eigaren tok hunden med seg og gjekk.

Det er vel eit ord som er ganske dekkande når det kjem til våryrskap. Hormonar!! Hormonar er ordet. Ingen tvil om det.
På lik line med oss menneske, så har hunden plenty av hormonar. Det er berre det at mengden varierer med årstidene. Våren er då ei av dei betre (for hunden). (Men det fins sikkert kjerringer blant hundane også som seier nei til litt hygge). Hahahaha.......

Når hunden "rir", skiller kroppen ut endorfiner. Noko som ger at hunden har ein slags følelse av rus.
Desse endorfinene er med og sørger for at hunden ikkje klarar å styre seg sjølv, noko som kanskje kan vere med på å forklare kvifor ein menneskelegg kan vere så interessant.
Er ein desperat så er ein desperat. Det er berre slik det er!

Berre så det er sagt. At ein hund rir, treng ikkje nødvendigvis bety at den har sex. For det er nett det dei fleste tenker (inkludert meg sjølv).
På lik line med oss, fins det hundar som er meir sexfikserte enn andre. Har du til dømes ein labrador i hus.......ja, då treng du ikkje bli forbausa om den er i overkant ivrig. Hunderasen er kjent for det......

Jaja, det er ikkje berre vi som har behov for å formeire oss.

Nei, heilt sånn utan vidare har denne jomfrua oppdaga at det bekkar midnatt kvart augeblikk. Ikkje bra.
Eg skulle akkurat til å leite opp eit par djusie saker, men det får vente........ Det kjem trass alt ein dag i morgon også.
Så sov godt!!
Hasta mañana!

IWALY!!!


onsdag 1. mai 2013

Dagens høydare......

Det er 1.mai og dagens høgdepunkt var rett og slett det å få treffe på denne kjekke og unge mannen!! På 13 år er det berre litt kraftigare lår og litt meir mage som er å spore av endringar. (Hahahahaha......Eg måtte berre kommentere magen, sjølv om den nesten ikkje er merkbar større).

Av alle studentane frå høgskuletida mi, er nok dette mannen som er komen seg mest opp og fram. Går det som han sjølv ønsker, har han stortingsplass frå hausten av. Då kan eg skryte på meg at eg kjenner ein på tinget!! Digg! :=)
Så for at eg skal kunne gjere det, må eg nok be deg om å gje han ei ekstra stemme!! Hahahahaha....... Sjølve politikken er vel ikkje så nøye?? Eller??? 

Nei, det siste var no mest berre på skøy. Mannen på biletet heiter Marius Meisfjord Jøsevold. Han har studert ilag med meg og er ein knakande kjekk, ung og lovande mann. 
I dag har han holdt tale i sjølvaste Kjøpsvik og det er megasynd at det ikkje var fleire som høyrte på den bra talen han hadde her. Sjølv om eg ikkje er SV´ar, er det inga grunn til å tvile på at eg kjem til å føre Marius opp på mi liste. 
Det er nesten synd å seie det, men eg trur han som er helgelending faktisk vil gjere meir for distriktet vårt enn ho som allereie bur i regionen vår.

Han har trua på det han gjer og han er flink til det. Han har gode verdiar og god kjennskap til kva som rører seg rundt om i distrikta. 
Difor meiner eg at det er viktig at vi som bur sånn til som vi gjer, gjer det vi kan for å få slike folk opp og fram. Difor meiner eg at du bør gje denne mannen ei stemme til hausten!! 

Etter alle desse åra sidan høgskuletida, var det kjempemessig å få gleda av å treffe på han att. Vi er alle saman spredt rundt om i landet og det er ikkje ofte at sjansen byr seg for å treffe nokon "medstudentar". Det set fart i tankane rundt både musikalar, festar, turar, samtalar, venskap og elles alt som høyrer studietida til. Ei fin tid eg trur vi alle ser tilbake på med glede.   

Heilt oppriktig.......Eg trur det vil vere ein bra ting å gjere om du gjer han anten ei stemme eller slengstemme!! Med hjarte for Nordland........

1.mai betyr tog og tale, men det betyr også at gatene fylles med ungdom i grøne drakter. På godt norsk blir dei vel kalla for russ. Russ på godt og vondt. Dei aller fleste ungdommane som er russ, er snille ungdom som berre har det litt gøy. Likevel fins dei vel dei som gjer mykje ugagn også. Heldigvis har vi stort sett blitt skåna for slikt her.
I alle fall er det stor "ståhei" (i positiv forstand) blant dei minste......... "Mamma, æ træng vanngeværet mett! Kan du fyll det for mæ?" Det er full guffe heile dagen.
Dei minste plagar seg på dei eldste i håp om at russen skal ta dei. Enkelte blir tegna på, andre blir våte og dei aller raskaste kan vere heldig og kome seg unna. Adrenalinet pumpar uansett for fullt hos dei små håpefulle!!
Min kar var mest "iriitert" på mora for at ho tvinga han inn for å få på seg tørre klede. Orda "Viss ikkje du får på deg tørre klede, ja då må du rekne med å bli sjuk!" prella av på ein som straks er ni år. At mora kan ha rett i ei slik sak, kan vere vanskeleg å fatte. Det er jo berre teit. (Og ikkje minst sløsing med artig tid.)

Med eit halvt auge ser eg på fotball. Eg ser ikkje, sånn eigentleg, men det er vanskeleg å unngå at noko kjem med i synsvinkelen til mitt blotte auge. Uavhengig av om eg ønsker det eller ikkje.
No er det ikkje så ille med tanke på at det er Bracelona som speler, berre det at det er trasig fotball å sjå akkurat i dag.
Kva er det som skjer med tyskerane? Dei har verkeleg arbeidd seg opp i det siste. Målforskjellen Bayern Mûnchen har mot Barcelona er sju null. Barca har sluppe inn heile sju mål utan å skore sjølv. Det er noko som ikkje stemmer.
Ein ting er sikkert og det er at eg ikkje kjem til å nemne noko resultat for gutungen min når han vaknar i morgon tidleg.
Ikkje av di han kan melde seg inn i klubben for gretne gubbar, men rett og slett av di han er ihuga Barca-fan og vil bli alt anna enn lukkeleg for det.

Eg er glad det berre er snakk om eit halvt auge...... Eit halvt auge irriterer seg mykje mindre enn to auger. Det eg ikkje får med meg, kan eg vel heller ikkje irritere meg over.

No skal eg ta med meg halvanna auge og gjere noko fornuftig, så du får ha ein fortsatt fin kveld (sjølv om det ikkje er lenge att av den).
Hasta luego! :=)

IWALY!!


Gratulerer så mykje med dagen! Det er arbeidernes internasjonale "kampdag" i dag. Dagen der ein kan vise arbeidarklassen sin styrke og føre fram viktige saker som vi idag meiner er viktige for oss. I utgongspunktet...........
Det er i alle fall det dagen er meint til å vere. Om arbeidarane stiller opp og gjer dette, er ei heilt anna sak.

Vi må heilt attende til slutten av 1800-talet for å finne "starten" på feiringa. Om eg ikkje tar heilt feil, var den første 1.mai-feiringa her til lands i 1890. Då sjølvsagt i Oslo (eller Kristiania som det heitte). Det kan hende eg bommar litt på årstalet, men er ganske sikker på at eg er bra nær!

Den gongen var det nok arbeidsdagen (i tid) som hadde hovudfokus. Først i 1919 nådde dei målet om 8 timars arbeidsdag.
Først i 1935 blei dagen ein offentleg flaggdag. Ein festdag, kampdag og symbol på styrke. Ein dag som mest sannsynleg er komen for å bli.
Dei siste åra har også den politiske verda blitt ein del av markeringa.

Sjølv om dette er ein dag som innbefattar mesteparten av innbyggjarane i dette landet, er det nok langt færre som "bryr seg" om det dagen står for. For mange er det berre deileg med denne dagen av di dei får fri frå arbeid. (Dog ikkje skiftarbeidarar..........men den vanlege dagarbeidaren).
Før i tida var det slik at dersom ein var med og gjekk i 1.mai-toget, så viste ein seg som en del av eit fellesskap. Akkurat det var viktig for folk. I dag handlar det gjerne (for mange) om kva dag datoen landar på, vèret og dagsforma.
Er dagen på ein måndag eller fredag.....ja då er det vel "langhelg" på hytta som gjeld, eller sjansen til å reise bort andre stader. (Altså berre ein fridag som passar godt inn).
Regnar det ute, skal det vel litt meir til for at ein stiller opp og deltar i toget og høyrer på talen enn om det er sol.
Innstillinga vår er heilt anna enn for eindel år attende i tid. I dag har vi forbunda som arbeider fra rettigheitene for oss. Vi lit på at dei skal kjøre kampen for oss. Vi har betre enn nokon gong og difor er det ikkje alltid like lett å sjå at meiniga med dagen framleis er like viktig.

No skal det i same slengen seiast at dette umogleg kan gjelde alle. For all del.... Det er mange som stiller opp år etter år og deler sitt fellesskap med alle dei andre som møter opp. Det er ikkje det. Det er berre det at antalet i stor prosentmonn er mykje mindre enn tidlegare. Det er fleire som "gjer blaffen" enn tidlegare.

Sjølv har eg aldri gått glipp av ei einaste 1.mai-feiring. Då tenker eg på i form av tog. Eg kan ikkje skryte på meg at eg har høyrt alle talane, men toga har eg deltatt. Så kan eg jo lure for meg sjølv om det er av di eg er musikant, eller om eg ville ha møtt opp uansett.
Fram til eg var 12 år, dro mor mi meg med kvart einaste år. Etter den tid har eg spelt........
Eg speler i dag også. I dag skal eg faktisk høyre på talen også. Så spørs det om det kjem av at det er ein studieven av meg som skal tale, eller om det er av di eg ser på det som viktig å gjere.
Fellesskapet blir eg jo ein del av uansett gjennom toget.
Talen blir jo etter all sannsynlegheit av politisk art og ikkje frå arbeiderrørsla si side, men ganske sikkert som eindel av valgkampen.
Er talen i dag god, er sjansen for å få stemmer ved valget mykje større enn om den ikkje er det.
Så fokuset er kanskje endra litt frå "gammeldaga"......... (Sjølv om ein kan forvente at einkvar talar ganske sikkert kjem inn på betydninga av denne dagen).

Ha ein fin dag!
Hasta luego:=)

IWALY!!