onsdag 1. mai 2013

Dagens høydare......

Det er 1.mai og dagens høgdepunkt var rett og slett det å få treffe på denne kjekke og unge mannen!! På 13 år er det berre litt kraftigare lår og litt meir mage som er å spore av endringar. (Hahahahaha......Eg måtte berre kommentere magen, sjølv om den nesten ikkje er merkbar større).

Av alle studentane frå høgskuletida mi, er nok dette mannen som er komen seg mest opp og fram. Går det som han sjølv ønsker, har han stortingsplass frå hausten av. Då kan eg skryte på meg at eg kjenner ein på tinget!! Digg! :=)
Så for at eg skal kunne gjere det, må eg nok be deg om å gje han ei ekstra stemme!! Hahahahaha....... Sjølve politikken er vel ikkje så nøye?? Eller??? 

Nei, det siste var no mest berre på skøy. Mannen på biletet heiter Marius Meisfjord Jøsevold. Han har studert ilag med meg og er ein knakande kjekk, ung og lovande mann. 
I dag har han holdt tale i sjølvaste Kjøpsvik og det er megasynd at det ikkje var fleire som høyrte på den bra talen han hadde her. Sjølv om eg ikkje er SV´ar, er det inga grunn til å tvile på at eg kjem til å føre Marius opp på mi liste. 
Det er nesten synd å seie det, men eg trur han som er helgelending faktisk vil gjere meir for distriktet vårt enn ho som allereie bur i regionen vår.

Han har trua på det han gjer og han er flink til det. Han har gode verdiar og god kjennskap til kva som rører seg rundt om i distrikta. 
Difor meiner eg at det er viktig at vi som bur sånn til som vi gjer, gjer det vi kan for å få slike folk opp og fram. Difor meiner eg at du bør gje denne mannen ei stemme til hausten!! 

Etter alle desse åra sidan høgskuletida, var det kjempemessig å få gleda av å treffe på han att. Vi er alle saman spredt rundt om i landet og det er ikkje ofte at sjansen byr seg for å treffe nokon "medstudentar". Det set fart i tankane rundt både musikalar, festar, turar, samtalar, venskap og elles alt som høyrer studietida til. Ei fin tid eg trur vi alle ser tilbake på med glede.   

Heilt oppriktig.......Eg trur det vil vere ein bra ting å gjere om du gjer han anten ei stemme eller slengstemme!! Med hjarte for Nordland........

1.mai betyr tog og tale, men det betyr også at gatene fylles med ungdom i grøne drakter. På godt norsk blir dei vel kalla for russ. Russ på godt og vondt. Dei aller fleste ungdommane som er russ, er snille ungdom som berre har det litt gøy. Likevel fins dei vel dei som gjer mykje ugagn også. Heldigvis har vi stort sett blitt skåna for slikt her.
I alle fall er det stor "ståhei" (i positiv forstand) blant dei minste......... "Mamma, æ træng vanngeværet mett! Kan du fyll det for mæ?" Det er full guffe heile dagen.
Dei minste plagar seg på dei eldste i håp om at russen skal ta dei. Enkelte blir tegna på, andre blir våte og dei aller raskaste kan vere heldig og kome seg unna. Adrenalinet pumpar uansett for fullt hos dei små håpefulle!!
Min kar var mest "iriitert" på mora for at ho tvinga han inn for å få på seg tørre klede. Orda "Viss ikkje du får på deg tørre klede, ja då må du rekne med å bli sjuk!" prella av på ein som straks er ni år. At mora kan ha rett i ei slik sak, kan vere vanskeleg å fatte. Det er jo berre teit. (Og ikkje minst sløsing med artig tid.)

Med eit halvt auge ser eg på fotball. Eg ser ikkje, sånn eigentleg, men det er vanskeleg å unngå at noko kjem med i synsvinkelen til mitt blotte auge. Uavhengig av om eg ønsker det eller ikkje.
No er det ikkje så ille med tanke på at det er Bracelona som speler, berre det at det er trasig fotball å sjå akkurat i dag.
Kva er det som skjer med tyskerane? Dei har verkeleg arbeidd seg opp i det siste. Målforskjellen Bayern Mûnchen har mot Barcelona er sju null. Barca har sluppe inn heile sju mål utan å skore sjølv. Det er noko som ikkje stemmer.
Ein ting er sikkert og det er at eg ikkje kjem til å nemne noko resultat for gutungen min når han vaknar i morgon tidleg.
Ikkje av di han kan melde seg inn i klubben for gretne gubbar, men rett og slett av di han er ihuga Barca-fan og vil bli alt anna enn lukkeleg for det.

Eg er glad det berre er snakk om eit halvt auge...... Eit halvt auge irriterer seg mykje mindre enn to auger. Det eg ikkje får med meg, kan eg vel heller ikkje irritere meg over.

No skal eg ta med meg halvanna auge og gjere noko fornuftig, så du får ha ein fortsatt fin kveld (sjølv om det ikkje er lenge att av den).
Hasta luego! :=)

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar