søndag 12. mai 2013

Hva er det med menn med skjegg? Ikkje av di eg er så frykteleg einig, men det hottaste no om dagen er visst menn med skjegg! Jepp........ Forstå det den som kan...

Eg må vere så ærleg at eg seier rett ut at enkelte menn aaaaaldri bør tenke tanken på å anlegge seg litt skjegg. Skjegg er definitivt ikkje for alle! (Med mindre du ønsker at kvinnfolka skal springe ifrå deg).
Dessutan er det ikkje snakk om skjegg i alle variantar. Det nyttar nok ikkje å dukke opp med kva som helst skjegg i andletet. Du kan risikere at du bommar totalt.

"Figurane" som har stått som rollemodell for skjeggveksten som "ruler" for tida, heiter blant anna Brad Pitt, Bradley Cooper, George Clooney(!), Johnny Depp og Ben Affleck. Hotte menn med andre ord.
Så kan du ta og sjå rundt deg og oppdage røyndomen. Kor mange slike menn kan du klare å få auge på i løpet av ein heilt vanleg kvardag i livet ditt?
Eg kjenner ingen som kan måle seg med desse karane her i nærleiken, men det kan jo vere at eit "hot" skjegg kan hjelpe på.......

Eg har prøvd å kome på om eg veit av nokon som faktisk har skjegg som ein kan definere innanfor norma som desse kjendisane har for skjegg.
Den einaste eg kjem på, er mannen til ein kollega av meg. Skjegget liknar mistenkeleg på Johnny Depp! Eg har mine mistankar om at han er redd for at ho skal bruke "frikortet" sitt med Mr.Depp, så for å hindre det, har han sørga for å sjølv likne mest mogleg på han!! Hahahahaha...........

Hakene til menn skal ikkje lenger vere like glattbarberte som sommarklare kvinneleggar. No er det kjønnsmodning som står i fokus. Andletshår (skjegg) er sjølve symbolet på at dei er maskuline menn.
I tillegg symboliserer skjegg ei rekke kvalitetar (som i alle fall ikkje eg nokon gang har fundert på før) som til dømes at han evnar å ta vare på eit avkom. Han har god helse og kan med sin agressivitet forsvare kvinne og born! Modenskap og alder.........viktige trekk vi som kvinnfolk ser etter når vi vel oss mannfolk.
Jeeeeezes kor mykje det er eg ikkje veit om mannfolk og skjegg, altså!! Dette burde eg vel ha lært på min veg frå ungdom til vaksen? Elementær kunnskap!! Skjeggvekst!! Thihihihihihi............
Jaja, det er no enkelte ting som er best utan skjegg som "klorer"!

Tidagarsskjegget får oss kvinnfolk til å tenne. Så om du skal legge deg etter meg, bør du planlegge godt. Start allereie ti dagar før du planlegg å ha hellet med deg...... :=)

Så gløym reklamen "Gilette, the best a man can get!" Menn kan få så uendeleg mykje meir!!!!!!

(Eg veit ikkje om eg bør tørre å innrømme at eg syns menn utan skjegg er hakket meir sexy enn menn med skjegg. Kan vere fare for å bli klassifisert som umoderne då!)

Mat. Facebook. Instagram. Problem? Lykke? Avhengigheitsskapande?!? Psykologar kan kome opp med så mangt. Også om mat! Så er det opp til oss om vi orker å ta den kunnskapen dei legg fram innover oss eller ikkje. Vi står heilt fritt til å tenke våre eigne tankar.
Likevel.......Noko av det som blir sagt må vel ha litt hald i seg? I alle fall såpass mykje at det er verdt å tenke over om det kan vere noko i det.

Denne gongen er det ein psykolog som har uttalt seg om dei som har eit behov for å legge ut all maten dei lagar på Instagram, Twitter eller liknande media.
Då er det ikkje snakk om dei som ein gong innimellom gjer det, men dei som gjer det kvar einaste dag og gjerne legg ut KUN statusar om mat.
Det vitnar enkelt og greit om at ein er veldig oppteken av mat.
Når heile det sosiale livet på nett handlar om mat, ja då er det på tide at ein ropar eit varsku om at her er det noko som ikkje er bra.
Maten blir det viktigaste og kjem foran kor vi er og kven vi er saman med.

Når ein legg bilete av mat ut på sosiale nettstader, er det eit teikn på at ein har behov for å vise kor sunn ein er, kor eksklusiv mat ein et, kor fint ein har det osv..............
Mange ligg ut bilete av mat på lik line som andre legg ut bileter frå feriar dei har vore på.

Ein treng nødvendigvis ikkje ha eit usunt forhold til mat om ein har hovudfokuset på det, men det erker litt logisk at ein legg ut bilete av det ein er oppteken av.

Eg skal så absolutt ikkje uttale meg her og no om mi private meining om temaet. Eg har forsåvidt vore innom det tidlegare ein gong. Så når eg skriv at ting ikkje er bra, er det på bakgrunn av psykologen sine ytringer og meininger.
Eg vil tru at dei som er vant til å analyse folk opp i mente, i alle fall evnar å trekke nokre rette slutningar på enkelte område. Dessutan høyres jo meiningane ganske logiske ut. I alle fall om ein tenker litt betre etter.

One direction har hatt konsert i Noreg. Oslo....... Denne kjente guttegruppa har mange tilhengjarar blant dei norske ungdomsjentene. Ergo vil eg tru at det var fullt i salen då dei opptredte.
Dei aller fleste hadde vel sine forventningar til konserten og dei fleste ungdommane kunne sikkert teksten til dei fleste songane.

No kan eg lese på VG sine nettsider at konserten hadde null truverdigheit, var sidrompa og dårleg.
Det einaste som var bra, var publikum. Dei var visstnok fantastiske.......
Litt synd at ikkje konserten var heilmaks då. (Om det stemmer, eller om det faktisk er slik at journalisten bak heile innlegget er ein gammel gubbe med liten sans for den ungdommelege musikken.........) Kva veit vel eg?

Under konserten på Telenor arena, fekk låt etter låt terningkast to eller tre. Dårlege "kast" med andre ord.
Det beste med songane er korleis jentene hyler frå salen kvar gong vokalen byttar.
Jaja, så kan ein jo sette det opp mot Beatles sin tur til statane. Historisk tur som har betydd supermasse for musikkhistoria og Beatles sjølv.
EIn tur som blei prega av lite utstyr, enorme folkemengder som sørga for å hyle så høgt at store delar av tilskodarane faktisk ikkje fekk med seg ein einaste tone i løpet av konserten.
Så kan ein spørre om at det var så fantastisk å høyre all hylinga at folk gjekk mann av huse pga "Beatle-mania"...........

No kan aldri One Direction samanliknast med Beatles. Forøvrig er det få som kan det.........., men eg vil likevel tru at dei som var på konsert i Telenor Arena hadde ei oppleving der dei verkeleg følte at dei hadde fått høyrt songane "live".  (Ikkje dårleg, berre det!)  :=)

Nei, det har vore langhelg på hytta. Ei fin ei sådan. Varierande vèr, men kva gjer vel det når ungane storkosar seg ute mesteparten av tida.
Torsdagen kan jo også skildrast som "lykke"! Singletvèr har det vel ikkje vore så altfor mykje av denne våren og det føltes veeeeeldig riktig då sola sørga for kjempevarme i hyttevggen og det berre var å brette opp buksene og vrenge av seg på overkroppen.
Gitar og fleirstemt song med borna "i" hytteveggen var ikkje feil.

No er det ikkje lenge att av denne uka. Ein liten halvtime, kanskje. Ergo er det på tide å finne senga og håpe på ei god natt med mykje svevn. Forhåpentlegvis står ei ny og fin uke for tur. Det er berre fem dagar til nasjonaldagen og då betyr det vel eigentleg at sommaren er like rundt hjørnet!

Ha ein fortsatt fin kveld om du er B-menneske. Er du A-menneske, er det vel ein viss sjanse tilstades for at du allereie er hamna under dyna og sover som ein stein.
Eg er midt i mellom......... Sånn der A-B........... Så det betyr vel at eg straks er på veg. Sov godt!!

Hasta mañana!!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar