mandag 20. mai 2013

Så er pinsehelga over for denne gong. Det har vore ei fantastisk fin helg! Reine sydentemperaturar som har sørga for at "bikinien" har kunna blitt plukka fram i hytteveggen. Eg syns verkeleg at vi har fortent slike dagar no, etter at våren har vore så ustabil........
Ein ting er i alle høve sikkert. Det har vore mykje utetid denne helga! 

17.mai starta som vanleg med ungdommen som skal vere så snill med oss og sørge for at vi får føremiddagen med oss på ein slik dag. 
Eg veit ikkje........om det er så deileg å vakne til sirener, ropert og dundring i husveggen rett utanfor der eg søv. 
I alle århar eg komen dei i forkjøpet. Heilt til i fjor. Då stod eg i senga!! (Det er det som kalles suksess). 
I år høyrde eg dei heller ikkje. Ikkje før eg følte at dei var på tur inn på rommet for å ta meg. 
Veldig hyggeleg, men dog ikkje herleg! Og kaka som venta på dei?? Joda, ho blei verande i kjøleskapet. Jomfrua blei satt heilt ut av spel og då dukka ikkje kaka opp blant dei små grå. 
(Jaja, eg forsov meg i alle høve ikkje til reveljen!)

Vi spelte på Storjorda også. Det er fornøyeleg å kome over dit, for dei set sånn pris på at vi dukkar opp og speler for dei. I tillegg fekk eg jo høyre Frank A. Jenssen halde tale for dagen. Om tørrfisk!!! Hahahahahah.........Ein syttande mai-tale om tørrfisk. Ganske genialt?! I alle fall måtte EG flire litt. Eg trur og håpar det var fleire som gjorde det. 
Vel, grunnlov og tørrfisk.......to sider av same sak???

Så er det slik at det fins "idiotar" overalt. Så også på ein nasjonaldag i Storjord. (Då må ein vel kanskje påpeike at vedkommande ikkje er frå den bygda). 
Denne karen har ikkje skjønna trafikkreglane. Trafikkreglane som seier at du har plikt til å stoppe for folketoget når det kjem. Bilen skal vike for "toget". 

Det er ikkje lenge sidan det var eit bornekorps i Troms som måtte hoppe i grøfta av di ein tomsing køyrde rett fram og gjennom toget. 
På Storjord var det ikkje riktig så ille, men minst like farleg. nok farleg til at vedkommande blir anmeldt! (Til pass åt han). 
Vi er fleire som er glad vi rakk å reagere før han to armane våre. 

Vi gjekk der og marsjerte då det plutseleg kom ein ganske stor bil med stor hengar bak kom opp på sida av oss. Vi brukte heile vegen, så han pressa seg fram. 
Bak oss hadde vi mange born som for og sprang og han skal vere glad for at ingen av desse blei skada.
Ein etter ein av musikantane som gjekk ytterst måtte flytte seg for å ikkje bli påkøyrt. 
Ikkje var det knapp med tid til ferga gjekk heller. (Det ville uansett ikkje vore haldbar årsak til ein slik oppførsel). 
Det blei nokre farlege minuttar på ein ellers så hyggeleg dag. 

Heime i Kjuttavika rakk vi å få med oss alt av underhaldning og jomfru Knutsen fekk sin første russeplakat!
Det har jo alltid hengt plakatar på inspektør og rektors kontor. Denne gongen hang det på mitt kontor også. "Blogg.no". (Eg tenker at der er enkelte blant dei føresette som har hatt ein finger med i spelet der.......Hahahaha....) 
I tillegg fekk far min ein fin russe-gest på kroveggen, sjølv om den blei tatt ned ganske tidleg på dagen. 

Såååå var det klart for langhelg på hytta for ei rimeleg sliten jomfru som blei vekt i otta. 
Den som var mest sliten, var nok minstemann som nett er fylt ni. Han vakna for første gong i historia av russen og stod likesågodt opp medan dei var her. Så å vere redd for at han skulle bli bilsjuk etter å ha trykt i seg to softisar rett før avgong til hytta,............. Det tok ikkje mange minuttane før det var ein i baksetet som sat og sov. Heilt utslitt! 

Ei hyttehelg med god blanding av sosial samvær, litt arbeid og soling på verandaen er ikkje å forakte. 
Heller ikkje å arbeide nattestid! Denne knetta fann ut i eittida i natt at ho skulle ha noko gjort ute og då var det berre å få det gjort. 
Når noko veier nesten eit tonn, så er det berre å leite fram spett og greier og starte det harde arbeidet. Resultatet blei sjølvsagt bra. Like sjølvsagt som at det var trasig å vere klar over at det var siste fridag i dag. 
Sola skinte så fint og då vil ein så gjerne at det skal vere minst ein fridag til. 
Det er berre å håpe at vi får syden-tendensar dei neste dagane også! 

Maur og edderkoppar har byrja med å vakne, til glede for enkelte og på grensa til sorg hos andre.
Eit par mygg blei vel også oppdaga, men berre nattestid. (Ein kan nesten tru at eg ikkje har brukt nettene til det eg skal.......) 

Fire døger utan tv (minus siste del av Grand Prix), data (sjølvvalgt!!), delvis utan telefon (den låg no berre der), nyheiter....osv.........Ganske deileg, vil eg påstå! Det er då ein kan seie at ein har "slappa av". 

I løpet av neste uke entrar vi årets juni. Tenk det...... Det er litt rart å tenke på at det allereie er komen så langt. Noko som aller mest sannsynleg kjem av di vi ikkje har hatt noko vår å skryte av. 

Ellers planlegg jomfrua å få seg ny kropp på forsikringa si. Heilt klart at forsikringa bør dekke brystimplantater og fettsuging!! Det er vel ikkje så galt å svindle til seg litt silikon til puppane sine heller, eller?? 

Så i år skal eg bestille meg ein tur til eit land der ikkje forsikringsselskapa har så god kontroll og så skal eg finne meg ein "seriøs" lege som skriv at eg har vore i ei bilulykke og difor måtte opereres. Så kan eg reise heim til vakre Noreg, nøgd og gla over dei nye kroppsdelane mine som er fiksa på. Rekningane blir jo fordelt på mange! 
Om brukarane får auka forsikringspremien sin, så er det ikke snakk om så mykje når det deles på alle brukarane. 
Det er trass alt ikkje så altfor mange titusenar det kostar for operasjonar.
For............Kvifor skal ikkje eg når så mange andre gjer det?? (Bortsett frå at det må vere det siste eg vil ha på denne jorda!.......Fake bubbies.....)

Ja, vi er moralske innbyggjarar av dette landet. Nasjonalistisk til tusen og ikkje minst solidariske! (Noko  dette med forsikringssvindel er eit godt eksempel på!) 
Ellers kan dei som heiv seg med i kritikken mot andre flagg på syttande mai vere etterpåklok og tenke at det faktisk ikkje var andre flagg i folketoget i Oslo, på lik linje med i fjor. 
Ganske flaut at det har vore eit tema, eigentleg. For det burde jo bli eit reelt problem før ein startar ein krangel om det. Så det er flaut å vite at det har vore ein så lavtnivå-diskusjon om flagget vårt når det ikkje har vore eit problem. (Det dukkar vel opp til neste år også..........diskusjon om flagget og det nasjonalistiske).

Ha ein god natt!! Sov godt.....:=)

Hasta mañana!

IWALY!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar