torsdag 23. mai 2013

Geburtsdagsfeiringer......på godt og vondt.

Det siste året har eg registrert at det gjentatte gonger er foresatte som har tatt opp problemstillinga "bursdagsfeiring" gjennom media, etter at deira eige born ikkje har blitt invitert, gjerne som den einaste i klassen, gruppa osv.........
Enkelte av skildringane er rett og slett hjarteskjærande!

I skrivande stund sit eg med kunnskapen om at når det kjem til min eigen son sin klasse (som faktisk betyr to klassar som er samanslått), så er det slik at dei fleste foresatte er så oppegåande at dei sørger for at alle blir invitert.
Så vidt eg veit, har det ikkje vore eit problem at nokon har blitt utestengt (som den einaste) når det har vore feiringar. Som regel blir alle frå begge klassane invitert. Har det vore tilfelle at ikkje alle har blitt invitert, har det gjeldt fleire og ikkje berre ein eller to.
Likevel veit eg at det er born. også her, som hamnar i situasjonar der dei blir kjempeskuffa av di alle dei andre rundt dei få invitasjonar, berre ikkje dei.
Dette er ei problemstilling som kan vere litt vanskeleg, men i "bunn og grunn" handlar det om å lære borna dei rette haldningane. (Så er det jo sjølvsagt dei som skil seg ut og ikkje meiner at det er dårleg haldning om det er eit born som blir haldt utanfor).

Eg er av den meining at dersom eit born inviterer alle utanom EIN i klassen sin, så burde i alle høve dei foresatte ha så mykje vit oppe blant dei små grå at dei ikkje sender invitasjonane med borna til utdeling på skulen. Så slepp i alle fall det bornet å forhalde seg til at no fekk alle untatt "eg" eit kort. For det blir så mykje tydlegare når det skjer på ein stad der alle får samtidig.
Då må heller dei vaksne ta seg tid til å køyre rundt med borna for å få korta levert, eller at borna sjølv gjer det.
Det handlar om at born er sårbare og ein skal lære å vise hensyn.

Joda, det er klart at ein geburtsdag er spesiell for den som fyller år og at ein gjerne vil at bornet sjølv skal få bestemme kven som skal få ta del i feiringa. Likevel, det er ikkje så spesielt at ein treng å utestenge nokon.
Hadde eg sagt til sonen min at det er greit å invitere alle untatt ein, ville det sagt mykje om meg som person.
Eg vil tippe at fleire ville ha reagert på det........."Ho er lærar, men likevel lar ho bornet sitt utestenge"....Eg syns eg høyrer det.
Kva yrke eg har skal ikkje definere kva eg skal gjere eller ikkje.
Joda, i enkelte ting er det nok andre spelereglar for ein lærar, men ein kan ikkje sette andre krav til ein lærar enn til alle andre i ei slik sak som dette. Den er rett og slett "universell".

Å bli holdt utanfor sosiale treffpunkt kan ofte føre til dårleg sjølvbilete.
Ein kan jo sjølv berre tenke korleis ein ville ha følt det om eige born var den som blei stengt ute. Den som aldri blei invitert.....
Ingen skal fortelle meg at det ikkje ville ha gjort noko med ein som forelder om ein veit at bornet blir utestengt. Det er berre så lett å gløyme det om ein har eit born som er "populær".

Dette er ei sak som også i stor grad gjeld born med spesielle behov.
I dagens samfunn har vi mange born som av ei eller anna årsak har spesielle behov. Mange foreldre lar vere å invitere dei ved å seie "det blir så vanskeleg".
Nei, det treng ikkje bli det. Spør heller om ein av foreldra til bornet med spesielle behov kan vere med. Så kan dei sjølv ta ansvar for bornet sitt, men bornet får følelsen av å bli akseptert og vere ein del av ei gruppe.
Det er så uendeleg viktig at vi som er vaksne prøver å skape eit samfunn der vi ikkje tolererer utestenging.
Sjølv om det ikkje er våre eigne born, har vi alle eit ansvar for å gje vidare gode haldningar og lære borna respekt også for dei som er litt annleis.

Det er eingong slik at det fins familiar som ikkje har så god råd. Difor set dei eit tak på kor mange gjestar som får kome. Forståeleg nok, men samtidig blir det den teitaste årsaka eg høyrer dersom det sørger for at det kun blir eitt born til overs.
Viss ein har råd til å ha alle untatt ein, så har ein råd til den siste også. Om det er 10 eller11 born, blir det akkurat same kostnaden. Forskjellen ligg i at etterpå kan ein ha godt samvit for å ha inkludert alle.
Er det ein klasse med 15 elevar, inviterer ein ikkje 13 (+ bursdagsbornet). Då inviterer ein alle 14, eller går mykje meir ned i antalet slik at det blir fleire som ikkje blir bedt. Då er det lettare å akseptere at ein har bedt dei ein brukar å vere med.

"Jamen, ho brukar ikkje leike med ho til vanleg....."  Fantastisk at eit vaksent menneske kan svare det når det er snakk om den eine ekstra gjesten. Dei er trass alt i same klasserom fleire timar dagleg.......Så det blir rimeleg teit å argumentere slik.

Eg meiner at vi som foresatte bør vere rause mot andre sine born. Kvardagen for enkelte kan vere vanskeleg nok og då kan det vere godt at vaksne er der og løftar det litt opp.
Sjølv har eg sagt ifrå i min eigen heim at anten bes alle, eller så blir det inga feiring.
Det er nulltoleranse for å plukke ut enkeltborn som ikkje skal få vere ein del av festen.

Mange skuler har faktisk ein regel som seier at viss ikkje heile kull skal inviteres, så er et ikkje lov til å dele dei ut på skulen. Ein regel dei fleste skular burde innføre......... Det er ikkje kult å sjå augene til dei borna det gjeld. Ein ser at tårene er på tur, men dei pressar seg til å halde dei att.

Av og til tenker eg at det går ikkje an at vaksne er så dumme.....men slik er det faktisk. Det skal ikkje mykje intelligens til for å skjønne kva slikt som dette kan gjere med eit born.

Å skulde på dårleg plass? Eitt born tar ikkje så mykje plass.
Her i bygda er det mange som flyttar dagen ut i det fri, uansett årstid. Dammen, Elvedalen, bak skulen....... Områda er mange.
Det er kva vi sjølv gjer det til.

Det er vi vaksne som må ta ansvar! Vi kan ikkje skulde på at bornet ikkje ønsker å invitere den siste gjesten. Det skal mykje til før at det er greit å gjere det.
Om eg skal diskutere meg gul og blå, kjem eg ikkje til å rikke på den haldninga. Det handlar faktisk om framtidas vaksne som skal vekse opp og dei haldningane vi gjer dei, tar dei med seg til neste generasjon.
At det er mange ting som allereie har falt bort, er ikkje til å legge under ein stol, så vi treng ikkje med viten og vilje gjere det same med ei sak som denne.

Eg har lest mange svar frå vaksne som meiner det motsatte som meg...... Eg har alltid meint at det er ein menneskerett å få ha sine eigne meiningar, men likevel klarer eg ikkje å "tenke mitt" om dei som synker ned og gjer alt dei kan for å forsvare at utestenging er bra.

Vi blir medskuldige i litt av kvart om vi ikkje i det minste prøver å skape gode haldningar.
Berre så synd at det er mange høge hestar der ute...........

Hasta mañana!

MY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar