mandag 6. mai 2013

Skjuler penger for partneren. Vi lev i eit samfunn der det er blitt meir og meir vanleg å skjule pengar for partnaren sin. Enkelte har hemmeleg konto, nokon gøymer kvitteringer, medan andre berre nektar den betre halvdelen sin innsyn til kontoen sin.
Årsakene kan vere mange, men ei av årsakene er at dei sparer til skilsmissen. Dei veit at dei vil skilles, men men ønsker å sitte att med mest mogleg pengar og held difor ein del av dei ute av partnarens vitskap. (Det ein ikkje veit - har ein ikkje vondt av).

Kva betyr eigentleg dette med at "vi" gøymer pengane våre for den andre? Har vi blitt meir kalde og kyniske enn før? Eller var det slik tidlegare også?
Er skilsmissestatistikken så høg at vi vil gardere oss mot eventuelle "mistak"? At vi er redd for at ekteskapet er feil...........
Er vi redd for å tru på at noko kan vare "evig"?

Mange spørsmål og eg kan ikkje svare på eit einaste av dei. Sikkert ikkje du heller, men det er jo ikkje forbode å anta.
Om ein studerer litt statistikk osv, kan ein jo forsåvidt kome fram til noko som kan likne på eit svar. I alle høve delvis.

No er det ikkje slik at skilsmisse-spøkelset er den einaste årsaka til at det ikkje er full openheit. Det er ulik alvorlegheitsgrad når det kjem til dette temaet om å skjule pengar for partnaren.
Å gøyme unna pengar for å sikre seg sjølv, tja.......det treng i utgongspunktet ikkje vere så ille. Då vil eg heller trekke fram noko som i alle fall EG syns er hakket verre. Nemleg det at ein tar opp forbrukslån på fleire hundre tusen og lar kjerringa (eller mannen for den del) leve i uvissa om det heile.

Ikkje alle tar opp lån etter at dei har blitt eit par. Enkelte har lån før dei møter den dei vil dele livet stt med. Problemet ligg vel heller meir i det at ein ikkje er open om at ein har mykje gjeld og etterkvart kan det "balle på seg" og plutseleg har ein problem med å betale det attende. Spesielt om ein då i fellesskap har tatt opp huslån, hyttelå, billån.....you name it, og utan at den eine delen av partnarskapet veit om at det faktisk er ein del meir som skal finansierast enn det dei trur.
Om det framleis fortset med at det skal vere full hemmeleghald om forbrukslånet som var ifrå før, så er sjansen stor for at det etterkvart kjem eindel kredittkortgjeld. (Som verkeleg er dyrt).

Ikkje alle tør å søke hjelp. Økonomi er kanskje ein av dei temaene som par kranglar mest om. I alle fall om det er mykje skal betalast og pengane må prioriterast på ein fornuftig måte.
Held du då noko skjult for partnaren din og det blir oppdaga, ja då er sjansen for at partnaren verkeleg føler seg lurt og tilliten vil heilt klart forsvinne.
I mange tilfeller fører det rett og slett til skilsmisse. Har ein først mista tilliten til eit menneske, er det ikkje så lett å finne attende til den.

Likevel går det bra med enkelte. Innimellom les ein om dei som blir med i "Luksusfellen" på tv og får livet sitt "uthengt" foran andre. Dei har som regel verkeleg innsett problemet og er villige til å ta tak i det. (Noko som gjer at partnaren er villig til å prøve å få forholdet opp og gå att).
Får du det offentlege auget på deg, er det liten sjanse for at du tør å gjere så store sprell som sørger for at du ikkje klarar å gjere opp for deg.

Mange av dei som ønsker skilsmisse lurer ikkje berre pengar unna. Dei er så kyniske at dei sørger for å skaffe seg ein skilsmisseadvokat som skal sørge for at dei kan "suge" mest mogleg ut av ekteskapet, materialistisk, før dei stikk.
Andre hyrer advokat av di dei ønsker hemn.
Dei føler seg forsmådd og har bestemt seg for at partnaren ikkje skal slippe så lett unna. Vil "han" ut av ekteskapet, ja då skal det få svi.
Kva eit slikt "oppgjør" mellom to menneske kan få av konsekvensar etterpå, er veia lite tanke. Det er berre om å få mest mogleg sjølv. Gløymt er det at det ein gong var kjensler av den gode sorten tilstades og at eigentleg burde eit eventuelt brot forgå i meir minnelege former.
Sjølvsagt vil det vere vanskeleg å gjere det som vener, men fiendskap fører ingenting godt med seg.

Samfunnet HAR endra seg. Om vi likar det eller ikkje, er ei anna sak. Likevel er det stor sjanse for at vi er blitt meir kyniske. Kanskje det heller vil passe betre om eg brukar ordet meir oppvakt i stadenfor. Eller opplyst, for den del.......... Det kan virke som vi skjønner meir i dag.

Eg meiner det nok ikkje heilt slik eg skriv det. Det blei berre så vanskeleg å sette ord på kva eg meiner. Det blir sånn nesten.........
Det er nok slik at vi veit at det er meir og meir vanleg at ein skiller lag og det gjer oss meir førebudd på nett det. Egosentrismen har nok auka i forhold til tidlegare.
Samstundes er det komen fleire freistingar på markedet som gjer at folk lettare tar opp forbrukslån eller brukar kredittkort. I tillegg er det blitt mykje enklare å få lån og kredittkort.
I dag er det nesten som om at du blir pressa på eitt eller anna kort.
Det er ikkje sjeldan at det dukkar opp tilbod om kredittkort i postkassa.......... Eg veit ikkje kor mykje pengar dei kastar bort berre på meg ved å sende ut kredttkortreklame. Og det er faktisk slik at dersom eg ikkje bit på (noko eg aldri gjer), så dukkar det opp eit nytt tilbod nokre månader seinare (frå akkurat dei same).
Eg vil tru at dei send det ut til veldig mange samtidig og det må då verkeleg koste dei eindel pengar å få laga alle desse brosjyrane?!

Har du eit kundeforhold til Sparebanken Narvik (og sikkert alle andre bankar også, vil eg tru) får du tilbod om å ha noko som heiter ubekymra.
Istadenfor å bli trekt masse i gebyr kvar månad, kan du få ein avtale om at det skal trekkast 30 kr fast kvar einaste månad.
Eit tilbod kjem aldri utan at det er ei hake som må oppfyllast. Det er meir regelen enn unntaket i desse dagar.
Kva er så haka ved å vere "ubekymra"?? Joda, ganske enkelt å svare på! Du må rett slett ha eit kredittkort gjennom sparebanken.
Eit kredittkort du i utgongspunktet ikkje treng å bruke, men likevel er der til freistnad om du "treng" det til den nye og råtøffe skinnjakka du plutseleg kom over, men eigentleg ikkje har råd til.

Lar du vere å bruke kortet, blir du belasta med gebyr. Det må brukast minst ein gong pr år.
Ikkje så kjempestort beløp du må ut med, men det er meir prinsippet.
Så alt i alt lev vi i eit samfunn der det er både kjøpepress, kredittkortpress, krav om ein viss standard osv osv i det uendelege.

Så sånn bunn i grunn er det ikkje så vanskeleg å forstå at enkelte går "rett i baret" og opparbeidar seg mykje gjeld på denne måten.
Vi veit jo at det er fleire som slit økonomisk og då kan det fort gå i den retninga.........
Det er ikkje alle forunt å vere i fast arbeid år etter år. Utdanning har vel aldri vore viktigare før enn no!!

Konklusjonen når det gjeld skilsmisse eller ikkje..............Folk tenker for mykje!!

Ha ein fortsatt fin kveld!! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar