tirsdag 18. august 2015

mandag 17. august 2015

Det har vore ei flott helg på mange måtar. Eg høyrer fleire klagar på dårleg bærår, men det er i alle fall ikkje tilfelle overalt. For min del har dette vore det beste bæråret på aldri så lenge. Masse multer og blåbær. Så no kan eg i alle fall halde avtalen med mor mi om nordnorsk blåbær til pålegg når ho kjem i slutten av september.

Medan eg gjekk i mi eiga bærverd, fekk nokre tankar eg eigentleg har hatt ei bra stund satt seg litt betre. Eg har over ei ganske lang tid hatt eit ønske om å skrive ein roman. Tanken er å skrive ein kriminalroman.
No er det ikkje "berre berre" å skrive ein heil roman. Eg er fullstendig klar over at det er hardt arbeid og at det tar tid. Difor har eg lyst til å bu inne i fjorden eit heilt år og fokusere på berre det (nesten). Gjennom eit heilt år får ein oppleve og sjå alle dei ulike vertypane som er med på å gje spenning til handlinga. Om ein skal skildre tåkedisen som ligg nedover fjellsida, bør ein sjå den akkurat der og då for å skape den rette stemninga. I alle fall har eg fleire gonger opplevd den som ganske trolsk og det er ganske spesielt å sjå. Så må ein jo også kjenne til kvar ei skrent, storstein og andre "naturfenomen" i nærområdet. Aller helst bør ein besøke områda og gjere seg godt kjent med dei. Folk må kunne kjenne seg att i det som står.
Tenk å sitte der midtvinters og høyre på alle lydane rundt deg. Når du skal legge deg og det høyres ut som om at det er nokon på loftet utan at det er nokon der. Det er veret som speler deg eit puss.
Den stemninga du får då.........Det er den som må kome klart fram når du skriv. Den kjensla som får nakkehåra til å reise seg. Den kjensla ein får av å bli heilt slått ut av den vakre naturen. Eg har tilgong på natur i alle fasongar og som vil vere perfekt for høvet. Så langt unna sivilisasjonen, men likevel så nært.

Eg har allereie jobba litt oppe blant dei små grå og har ein plan, for såvidt, men det er nok ikkje så lett å gjennomføre når ein har born i skulealder. Eitt år er ganske lenge..... Dessutan er det heller ikkje berre å ta seg "fritt"  i eitt år og berre stikke av.
Likevel...... Den historiske biten av researchen eg gjer no og dei planane som held på å byggje seg opp litt etter litt.... Om ein lagrar dei..... Det kjem jo ei tid etter dette. Er draumen sterk nok så vil det skje. Eller...?

Eg skulle ønske at sommaren hadde hatt fleire dagar slik det var i helga. Det er utroleg deileg og koseleg å sitte ute på verandaen og lese. Avslappande. 

Som for å ta igjen dei tapte dagane med sol i sommar, trør ho til med å kome i to eksemplar! Blå himmel i kveldinga, blikkstille hav og spabad. Fantastisk! 

Eg blei så glad då eg såg ei blå stripe av himmel over Kjøpsvik på ein av mine mange "fjellturar" i sommar, Mindre heldig blei eg med biletet, for blåfargen kjem ikkje akkurat så godt fram. Dette var nok på fredag(?). Var det ikkje då sola byrja med å gjere sitt lille inntog? (Viss det ikkje var torsdag...) Det er rart kor lite som skal til for å bli i godt humør. 

No skal eg berre ta meg litt av kveldens bakarvarer før eg legg meg. Ikke ete av den, men prekevere den. Ute er det nok mørkt til at ein skjønnar at det er tid for haust og alt er slik det skal vere. 
Først kjøkkenet, så litt åleinetid foran tv´n før Ole Lukkøye får gjere sitt innpass! 
Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego!

IWALY!!


onsdag 12. august 2015

Onsdag 12.august

Eg må berre innsjå at mødre ikkje er det viktigaste i livet til 11-åringar...... Då tenker eg sjølvsagt på kva ein ønsker å gjere på fritida.
Det har jo vore sommar og plenty av kvalitetstid, og når ein først er i den tralten, er det jo lett å tru at dette er det som gjeld. Den gong ei.

I dag, som i går, har eg vore "flink" og trimma. I dag var det ikkje så veldig mykje kvalrospust (noko eg kunne konstantere av di eg hadde musikken litt lågare i dag, sånn i tilfelle...). I dag var det berre tungt for stive føter.
Eg satte ny deig og tenkte at eg kunne gjere det til ein vane å løpe i hevingstida. Enn så lenge....
Etter å ha dusja køyrde eg opp til bana for å prøve å lokke med meg minstemann heim. "Mamma har baka og det står i omnen no. Kjem du snart?" Overbevist om at han kom til å løpe mot meg med ein gong, høyrde eg berre "Nei, beklager. Æ ska vær hær på bana og spell."
????? What? Nedtur. Med halen mellom beina var det berre å køyre heim att. Jaja.......

EIgentleg baka eg mest av di det ikkje blei heilt vellukka i går. Joda.... Det blei bra, men det var berre det at når alt var avkjølt og stasjet skulle på, ja då hadde eg jo ikkje eingong sjekka om eg hadde alt vi trengte. Ergo var det berre å fryse det til seinare. I stadenfor å ta det opp til tining no, er det jo eit mykje betre alternativ å lage nye. Ferskt er alltid best!

I dag var ikkje kjøpsviksvingen så tung. Eg lurte ei stund på om det hadde noko med musikken å gjere. Det kan jo hende at ulike musikkartar påvirker ulikt på mange områder. I dag var det i alle fall "La meg få drømma" av Matti Røssland som var online og det fungerte heilt supert. Matti Røssland har faktisk mange fine songar.
Eigentleg er spelelista mi ei salig blanding av ulik musikk. Eg har funne ut at det er lettare å løpe når det er variert musikk. Med fare for at dei fleste på min alder vil synes at eg har ei liste som ikkje vil fungert på dei, syns eg den er heilt grei. The Eagles, Toni Child, Whitney Houston, Matti, Bruce Springsteen, CCR, Kindbergs, DDE og Billy Ray Cyrus. Så då er alle livsstemninger representert. Toni Child med sin avdrukne mann ho vil forlate, Whitney Houston med kjærleiksorgen sin, Matti som er realist, Kindberg med sin "I dina ögon", Billy og CCR som gjer deg lyst til å danse, Bruce med romantikken sin og The Eagles syng no for det meste om livet. Av ein eller annan grunn forelska eg meg i "The last resort" for 20 år sidan.  Den er jo eigentleg ikkje noko stor song, musikalsk sett,men noko er det i alle fall med den.

I sommar har eg fått sett litt ulike dyr på nært hald. Det som er så synd er at ein ikkje har kamera med seg til eikvar tid. Det hadde jo berre vore så kult om ein kunne dokumentert alt ein såg.
No er ikkje denne augestikkaren som er avbilda under her noko særleg til syn. (Eg liker ikkje slike kryp.) Det er likevel litt interessant å studere den når den ikkje fyk forbi deg i rasande fart.
Her ser eg jo faktisk at den har eigne auge (logisk nok).



I mitt eige lille paradis dukkar det opp dyr titt og ofte. Ein dag medan eg stod og vaska nokre fiskekrokar, var det plutseleg ein røyskattunge som stod der og dansa og showa rett foran augene mine. Sjølvsagt henta eg kameraet mitt, vel vitande om at min type (u)flask sikkert ville bety at det var bortkasta. 
Det stemte jo fint det. Den var borte då eg kom attende. Likevel..... Eg trur den leika litt med meg. I alle fall var den veldig nysgjerrig. Etter ei lita stund titta den fram akkurat som om at den sa "titt tei, her er eg" og stakk rett før eg fekk knipsa. Om og om att. Med kameraet klart heile tida, fekk eg til slutt knipsa dette biletet. Eg kunne ikkje bruke tid på å få røyskatta "større", for her måtte det gå kjapt. 


Av og til tar eg meg i å ønske at det fans ei lov som sa at dersom ein eig eit hus er ein forplikta til å halde det vedlike. Det er trist å sjå at hus forfell (som det gjer mange stader) og det skjemmer jo ut områda som er rundt. Alle burde sjekke husa sine i alle fall kvart år og få klippa rundt det. Viss ikkje blir det så spøkelsesaktig og fælt. Når hus berre står der og råtnar........

Eg held på med å lage meg ein liten bålplass i hagen min. Foreløpig har eg berre fått laga èin benk, men eg har starta på nummer to også. I botnen har eg ei steinhelle, og så har eg litt steinar oppå den for å sørge for luft underfra. Det fungerer kjempefint! 

Det er no eingong slik at det i "gamle daga" var mykje dyr rundt om i fjorden. No har eg ikkje heilt den same moglegheita til å drive med husdyrhald som dei hadde før, så då får desse småkrypa (blant fleire) sørge for den biten. Dei er i alle fall lettstelte og masar aldri om mat.
Heilårsblomster fungerer også heilt utmerket!! Dei er så lettstelte at det er ein fryd! :=)))

I skrivande stund trur eg bakaremna mine er ferdig avkjølte og sonen har faktisk kommen heim, så då skal vi hive oss rundt og få det pynta. MMmmmmm.....:=)
Ha ein fortsatt fin kvel og sov godt til natta! 

Hasta luego!

IWALY!!





tirsdag 11. august 2015

Pust pes..... :=)

Sjå for deg at du har ein puls på 960 (minst!!!!) og føtene syns det er tungt å flytte seg forover ein etter ein i sånn høveleg tempo at det skal sjå ut som at du er på trimtur..........
At pusten sikkert høyres ut som ein dampveivals er du fullstendig klar over, men legger ikkje merke til det sjølv av di Bruce Springsteen si låt "I wanna marry you" presser tonene sine inni øyregongane der du spring. Like greit det....... Ein legg ikkje så lett merke til den høge pulsen heller då. Det er berre om å hugse på at ein ikkje skal gløyme seg av og synge ilag med musikken. For......Det kan jo faktisk vere litt kjipt om du plutseleg spring forbi DEN "hottisen" og plutseleg lyrer ut av deg "I wanna marry you" og oppdager sjølv kva du gjorde.
For all del.....Eg har ikkje opplevd det enno, og så er det ikkje ufatteleg mange "hottiser" her, så det er vel kanskje ugrunna bekymring. Jaja..... :)

Vel, den følelsen av høg puls, dampveivalspust osv....... Den oppstod i dag! Tunge føter også!
Tildels litt sliten og med akkurat "I wanna marry you" i øyrene. Oppe i hovudet mitt holdt eg på å motivere meg til den litt seige kjøpsviksvingbakken. Vel vitande om at det ikkje var den beste dagen i mitt liv (når det kjem til form)...... Og der, i same augeblink eg ser bakker, ser eg at det er eit menneske som også er ute og trimmar (dog litt saktare enn eg). Sjølvsagt er det den nye rådmannen og eg tenker "farsken òg - no blir eg nøydd til å løpe heile bakken". Ja, for eg kunne jo ikkje berre kapitulere rett foran den nye sjefen og utsette meg for ein kommentar der han mest sannsynleg ville, av rein høflegheit, seie kor sprek eg er som er ute og løper. For det er vel det ein gjer når ein møter folk.....?!"Kor sprek du e!"
Hahaha...... Seig i ræva og hvalrosspust er ikkje noko som legg opp til slike kommentarar, så det var om å bite tenna saman og "klatre" heile bakken. (Og ja, i dei sekunda det tar å passere eit anna menneske er det berre å halde pusten så ikkje dei rare lydane skal nå fram til andres øyre.
Og fy flate kor tung det då blir etterpå. Når ein er utan påfyll av luft nokre sekundar i ei stigning.......Say no more!!

No er eg nydusja og overlevde joggeturen denne gongen også. Eg møtte ingen "hottiser" på min veg og ikkje sang eg unødvendig mykje. (Det hadde eg jo ikkje pust til...) No har eg kvalitetstid med den bestaste. Vi regjerer ilag på kjøkkenet og lager skoleboller. Eg har laga deigen og minstemann tar seg av tilbehøret. Medan omnen gjer sitt arbeid med bollene, sit eg no her og skriv litt. Det er lenge sidan sist, men eg kjenner at eg har litt lyst å skrive litt framover.

Medan eg laga deigen tidlegare i kveld, høyrde eg på ein song eg var nysgjerrig på. Den viste seg å vere fin, både melodien og teksten. Det som skjedde etter at eg høyrde på den første gongen, var at plutseleg så hadde det hoppa over til ein annan song. ("Bara du och jag".) Det viste seg å vere den svenske artisten Erik Linden. Eg blei litt nysgjerrig på denne artisten som sit ved pianoet og syng rolege songar. Han hadde verkeleg mange fine songar, sjølv om enkelte av tekstane bar preg av kjærleikssorg, eller noko i det høvet. I alle fall var han ein draumar.
Sverige har eigentleg ganske mange flinke artistar. Eg veit ikkje kvifor, men mange gonger er det meir behageleg å høyre på svensk tekst enn norsk. Utan at eg har noko forklaring på det. Det er utroleg mange fine svenske tekstar.
No skal eg sette på den første songen som eg i utgongspunktet høyrde på og lære meg den. :=)

Utsikt frå paradis på jord ein av soldagane vi hadde i sommar. Fine fjorden vi har!

Denne rørte ikkje EG!! Mine fingrar er ikkje skapt for å ta i slikt....Sånn er det berre. (Så slepp eg å innrømme at det kjem av at eg blir så redd at eg nesten pissar på meg.) Syskenbornet mitt var hakket mindre redd kan det sjå ut som. 

Kråkebolle. Hokjønn må du vite. (Ikkje spør meg korleis eg kjenner til nett det - men det er faktisk det.) 

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!!



mandag 9. mars 2015

Kroppen på Hamarøya.......

Hamsunsenteret er ein kropp!

Du ser det vel?? Hårtustane som stikk fram oppå hovudet der oppe?! 
Eg veit ikkje heilt kva eg har meint om Hamsunsenteret tidlegare, men eg har vore på nippet til å tenke at dette er eit bygg ein lett kan kritisere. Ikkje no lenger..... Ikkje no når eg veit at senteret er ein kropp!! Hehehe.....

Steven Holl som i si tid teikna denne "skapningen" var eigentleg litt smart. Vi mennesker er jo litt rotete at oss innvendig (innvendig høyrtes betre ut før det kom ned på papiret....). "Rotete" er eit godt ord å bruke om nett dette senteret. Ikkje rot i rett forstand, men med litt velvilje går det an å kalle det rot. 
Ikkje ein vinkel er rett. Ikkje eit golv er i vater. Mange stolar er skeive. Sjå no berre på bygningen, så ser du at den er altt anna enn rett. 

Steven Holl las blant anna boka "Sult". Ei bok om ein som gjekk rundt i Kristiania og var svolten til eikvar tid. Kom han seg til pengar ein gong i ny og ne, ja då brukte han dei gjerne på mat til andre. Sjølv fortsatte han å vere svolten. Ikkje særleg smart, men ei god gjerning...trass alt. 
Han var nok eit "mess" oppi hovudet sitt. Det er ikkje berre, berre å gå gatelangs utan å tene til livets opphald. Stakkars kroppen hans. 
Kva vil vel vere betre enn å bygge eit bygg som eit menneske? Liksom frå fram det hamsunske. Få fram itteraturen hans gjennom byggverket. 

Du ser auget oppe til venstre. Du ser armen oppe til venstre. Arm må ein ha om ein skal evne å vaske vindauger. Det meste er symbolsk. Det ligger faktisk eit mål og ei meining bak heile greia. Ergo blir det vansklegare å kritisere det. 


Eg kunne eigentleg tenkt meg ein sånn her skrivemaskin. Eg hugser godt då vi skreiv på maskin i ungdomsskuletida. (Dog på eit lite hakk nyare maskinar!) 

Om forstørrelsesglaset tilseier at Hamsun hadde dårleg syn, veit eg ikkje, men han brukte jo briller, så tanken er vel ikkje utenkeleg. Han var i alle fall ein ihuga kortspelar. Du ser såvidt dei raudrosa korta stikk fram nederst til venstre på biletet. Eg syns berre at det ikkje passa heilt inn med kortstokk blant alt det andre denne pulten inneheldt.........men dei er der. 
Eg tvilar på at det var "vri åtte" som blei spelt på den tida, men kven veit?? 


Ein rotkopp var han i alle fall. Det vitnar no desse skuffene om!! Ingen diskusjon der. Det er sikkert system i rotet......Dei fleste har det, men denne skuffa var jo då hakket verre enn eg har sett ho andre tidlegare. 

Dette er jo berre rein nostalgi. Hadde eg kunna, ville eg tatt denne med meg. (Hadde eg fått svar i andre enden, hadde eg lagt på og sprunge min veg.....)

Eg elsker penn og blyant!!! Eg er ikkje i tvil. Eg er kjempeglad eg lev i ei tid der det går hurtig å skrive. Eg kunne tenkt meg å ha eit sett som dette, men ikkje for å bruke det permanent, berre til pynt. Heldigvis lev vi i ei enklare verd enn dette!

Staskar?? Eg veit no ikkje........Glad i å skrive var han i alle fall. 

Det har nok ikkje berre vore positiv omtale om han opp gjennom tidene. Han hugses nok for saker som er i kvar sin ende av ein skala. Så spørs det......Kva ende tel mest?


Denne var berre litt festleg. Om du har dårleg syn, så er teksten under biletet som følgjande: 
- Hvor i salen sitter de store norske kunstnere og diktere?
- De er alle sammen døde unntatt Hamsun og han sitter inne.

Det er andre tider i dag. Ha ein fortsatt fin kveld! 
Hasta luego!

IWALY!!


fredag 6. mars 2015

Sånn der og der.....

Tida går.....Jaujau...... I dag var det ei borndomsvenninne som la ut status om at dotter hennar er 18 år i dag. Eg syns ikkje det er lenge sidan at eg las at ei anna hadde ein status som sa at sonen hennar blei 20 år. Her snakkar eg om sånner som er jamngamle med meg.......Og med eitt kjenner eg at eg føler meg gammal.
Er ein ikkje gammal når ein har så vaksne born? Eg som ikkje føler meg ein dag over XX......:=)
Det hjalp litt på då ein kollega av meg (sånn høveleg på alder med meg) kommenterte at ho var i den fasen der ho fort kan komme i den overlappingsfasen som er mellom småbornsforelder og bestemor.
Ei anna skreiv at det er borna som blir eldre, ikkje vi. Eg trur eg støttar den!!
Når til og med ei venninne av meg legg ut bilete av seg sjølv i karatedrakt. Råtøft bilete, og med tanke på at vi er heilt jamngamle kan eg ikkje påstå at vi er gamle.

Disse skal grille Bieber! VG-journalist med stjerneoverskrift. Grille Bieber! Håper han ikkje blir så svidd at han ikkje kan fortæres då. Eg er glad eg ikkje er kannibal.

Dagens beste på Facebook kom ifrå bror min. Han delte dette biletet (henta frå nettet ein stad) og la med kommentaren "Beathe, her er Grunnvoll-antrekket til Jan-Einar. (Og då treng eg vel ikkje slenge på kommentaren om at eg flirte feil på meg?? Hahahaha.........)


Det blir ikkje mine plantar han får vanne!!!!

Dagens mattips er brødskive med brunost og paprika! For all del....Eg må berre påpeike det.....Eg har ikkje smakt det sjølv, men det har ei borndomsvenninne. Eg har sett bilete av matfatet hennar i dag, og sjølv om det ikkje såg heilt ut som den beste kombinasjonen, blir det bedyra at det er kjempegodt. Så difor.......Kvifor ikkje berre gje det eit forsøk for å finne det ut?

Det er fredagskveld og "The Voice" på skjermen. Her i huset står slike program høgt i status hos ein viss kar, så då er det berre å henge seg med på den bølgja. 
I morgon er det fotball for alle "penga", så eg håper at det ikkje slår heilt til det der med stormen som dei varslar. 
Uansett.....ha ein fortsatt fin kveld. Sov godt!! 

Hasta luego!

IWALY!!

onsdag 4. mars 2015

Hårreisende??

En personlig mobbing som har vært helt hårreisende. Stemmer det? Går "vi" for langt i våre kommentarer på nett? Lenge leve ytringsfriheten, liksom.......

Torbjørn Jagland får så øyrene flagrar. Folk er rett og slett nådelause. Nettavisa har ei sak der søstra står opp for han og seier rett ut "Slutt å mobb broren min!". Engasjementet hennar er flott, spør du meg. Ikkje av di det er Jagland det er snakk om, men uavhengig av kven det gjeld.
Ein kan meine kva ein vil om personar, men det betyr ikkje at det er fritt fram for å mobbe dei på nett.
Det er ofte greit å kalle ein spade for ein spade, men det er ikkje det same som at det er greit at ein ikkje legg band på seg i det offentlege rom.
Jagland har mange tilhengjarar, men det er nok fleire som ikkje likar han heller. Akkurat det kan ingen nekte dei.

Det er fleire som gjer søstra til Jagland kred for at ho går ut på denne måten, men det er mange som ikkje klarar å halde seg til det saka gjeld. "Ja, dere mener han trenger det? Bor og jobber i Europa med flere millioner i lønn. Bor gratis, betaler ikke skatt, men nyter godt av norsk helsevesen." 
Bakgrunnen for denne ytringa kjenner ikkje eg, men det kan jo hende at det er snakk om sjalusi. Kva anna kan det vere?
Ein mann som leier Europarådet og er utsendt frå Noreg....... Ikkje veit eg om han betaler skatt, men eg er ganske så sikker på det at han overheld dei reglar som er. Dessutan.......om han bur gratis, så er det mange som gjer det. Eg reknar med det er ein del av lønna.
Eg tvilar på at det er mange som ville tatt ein jobb og tvinga seg på for å betale skatt om ein ikkje må.  Så lenge han held seg til reglane som er satt så fell heile argumentet i fisk. Det blir berre tåpeleg. Han betalte i alle høve skatt før, så det er greit at han nyter godt av helsevesenet vårt.

Kva er det som gjer at det er så mykje fokus på denne mannen nett no?  Jo, han er ikkje blitt valgt til å fortsette som leiar av Nobel-komitèen. Det er ho Kaci.
Kunnskapsministeren vår kalte Jagland ein klovn etterpå. Heilt sånn der indirekte så er han ein av mine overordna (kunnskapsministeren). Han er ein av dei som fortel oss at vi skal vere dei fremste til å bekjempe mobbing. Det er ei av hjartesakene hans. Så framstår han sjølv som ein av dei verste mobberane. Korleis kan han forsvare seg der?

"Syns klovn er dekkende nok. Idiotisk moralimperialisme med det formål å pusse sin egen stjerne." 
"Jagland blir mer og mer patetisk."
"På tide at denne arrogante mannen blir fjerna. Får viktige personer hit bare for å sole seg i glansen av dem."
"Jagland var et blødende magesår for AP." 

Å ikkje vere einig med Jagland er èin ting, men det er noko anna å gje han heile skulda for alle val Nobel-komitèen har gjort. Det er han som har fronta dei, men valga er tatt saman.
Han er ein mann som blei valgt til generalsekretær i Europarådet og gjenvalgt. Det kan ikkje bety anna enn at han er over gjennomsnittet dyktig.
Dessutan vil eg påstå at han er sterk som person, for jaggu meg har han måtte tåle mykje frå folk. Han har stått rakrygga gjennom all kritikken opp gjennom åra. Han har stått for sine meininger og han har turt å ikkje vere einig.
At engelsken hans ikkje er den beste.......Tja, har dei andre statsleiarane rundt om i verda så god uttale at det gjer noko?? Just asking..... Den franske, tyske osv.....for å nemne nokon...
I skisporten heiter det "det er typisk norsk å vere god". Det er visst meininga at vi skal leve opp til det idealet innanfor alle greier.
Litt trist om det er den engelske uttalinga som er avgjerande for kven som kan sitte i ei slik stilling. Vi kan gå glipp av god arbeidskraft då.

No kan det virke som om at denne knetta som sit bak tastaturet her er ein ihuga Jagland-tilhengjar. Det kan du berre gløyme å tolke ut ifrå kva eg skriv. Det er ikkje kva eg syns om han som legg grunnlaget for haldningane rundt temaet Jagland. Det er haldningane til oppførsel, nettmobbing, ytringsfrihet osv.....som gjer seg gjeldande. Folk burde vite betre enn å oppføre seg som idi.... på nettet.
Vi ønsker at born skal vere greie med kvarandre. Vi ønsker at dei skal lære kva som greit eller ikkje. Korleis skal det la seg gjere når vi vaksne ikkje klarar å la vere.
Vi snakkar nedsettande om andre foran øyrene på born. Vi skriv stygt på nettet. Vi hever oss over andre og er så fordømt mykje betre sjølv.
Takk Gud for at eg ikkje er kjendis!!

Ordet "vi" er nok litt missvisande, for det gjeld jo ikkje alle. Det er mange som ikkje mobbar på nettet. Det er mange som tar avstand frå det. Likevel, eg vel å bruke "vi" når eg skriv av di eg reknar med at du som lesar uansett forstår kva eg legg i ordet. Eg snakkar om dei nordmenn som ikkje har nettvett på dette området.

La Jagland vere Jagland. Mein kva du vil om han, men publiser det no ikkje for einkvar pris på det sosiale nettverket. Han er trass alt berre eit menneske. Han har sine feil og manglar, men det har jaggu meg alle vi andre også.


Ha ei god natt!! Sov godt! :=))

Hasta luego!

IWALY!

tirsdag 3. mars 2015

Til ettertanke......

I dag las eg ein status på Facebook som eg beit meg merke i. I desse kroppsfikserte tider er det mykje fokus på overvekt og på kva veg samfunnet er i ferd med å reise dersom ein ikkje klarar å snu trenden.
Lure på koffør d e så lætt førr folk å si "hærregud du e så tynn, et du ikkje?" Ein status som treff ganske mange av dei som les den. Og då spør eg......Er det slik? Er det lett å bryte utav seg ei slik setning? Og ikkje minst......er det greitt at ein gjer det?

Kor mange er det som går bort til eit overvektig menneske og seier "Herregud kor tjukk du er blitt. Kva er det du spis?" Kvifor er det lettare å kommentere overfor eit menneske som kanskje har eit par kilo for lite (ifølge dine auge)?
Eg trur dette er spørsmål fleire bør spørre seg. Eg trur mange faktisk kan bli veldig såra over slike kommentarar. Det er no eingong slik at ikkje alle i denne verda kan for at dei ser ut nett som dei gjer. Enkelte er tynn utan at dei klarar å gjere noko med det. Dei et normalt, men legg ikkje på seg nevneverdig av den grunn. Skal dei vere nøydd til å gå til innkjøp av store mengder cola og potetgull berre for å tilfredsstille andre? Det er vel viktigare at dei sjølv har eit greitt sjølvbilete...... Det får ein ikkje om "alle" kommenterer at ein er for tynn.

Det er sikkert ikkje mange av dei som er overvektige som sjølv syns det er kult å vere det. Mange av dei har sikkert eit ønske om å ha mindre kilo å rutte med, men fleire av dei klarar faktisk å sjå kor fin dei er likevel.
Det er heile tida eit mas i ukeblader, magasin, aviser osv......om å gå ned i vekt. Det gjer signal om at det ikkje er greitt at ein har for mykje feitt rundt magen, på låra.....you name it.
Likevel......Mange teier stilt overfor dei det gjeld på grunn av folkekikk og at dei veit at slik seier ein ikkje. Kvifor er det då lettare å kommentere dei som er for tynn?
Er vi kommen dit at det er definert korleis alle skal sjå ut i denne verda? Kva kroppsideal er vi eigentleg ute etter?
Eg seier ikkje at nokon ikkje er for tynn, for det fins dei også på same måte som at nokon er for tjukk på grunn av livsstil. Likevel, ein kan ikkje sitte oppå sin eigen hest og dømme folk på den måten. Plutseleg har du faktisk ytra deg overfor ei eller ein som er tynn/tjukk av helsemessige årsaker. Kva sjølvkjensle vil dei få av ei slik ytring. Kor kult syns dei det er å få høyre slikt. Eg trur det er mest øydeleggande.

Då eg las statusen til denne dama (som eg forøvrig kjenner til) tenkte eg "så rett, så rett du har". Eg har sjølv vore i den situasjonen at ein sjukdom sørga for at eg nesten ikkje klarte å bevege meg og at eg av den grunn este ut. Eg som har trena heile livet og har vore vant med å sjå heilt ok ut, blei "plutseleg" mykje større og klarte ikkje hindre det utan at vi klarte å finne ut kvifor.
Så finnes det heldigvis enkelte som skjønner og som klarer å finne ut kva som feiler og kan gje rett medisin, sjølv om den må vere livsvarig. Ein som sørger for å gje livet attende i gåve. For tru meg....Etter å ha vore "ubevegeleg" over lang tid, er det ei gåve å få livet "back on track".
Likevel, kiloane var jo der og med eit heilt liv utan alle desse kiloane, var det ikkje lett å vite at dei var der. Det gjer noko med sjølvkjensla når du er vant med å kunne handle all slags klede og plutseleg vegrar deg for å prøve nye klede i frykt for at dei ikkje passar.

Kiloane er borte no. Eg trener for fullt att. Det har vore ein lang veg å gå, men eg er like tynn no som eg var då eg var 18 år. Og eg har høyrt det......."Kor tynn du er blitt. No må du ikkje bli tynnare." Eg har hatt stabil vekt i fleire år, men likevel får enkelte det for seg at eg har blitt tynnare sidan sist dei såg meg, sjølv om det ikkje stemmer. I tillegg et eg som ein "kval".
Eg er fornøyd med meg sjølv. Eg har aldri vore noko fotomodell og har heller aldri hatt noko ønske om å vere det heller. Eg vil berre leve livet mitt som best eg kan. Eg tar medisinen min kvar måndag og ergo klarer eg å vere aktiv og tilstades majoriteten av tida. Og eg vil helst ikkje at folk kommenterer det om dei syns eg er tynn.
Eg er rett og slett heilt normal og har tenkt å fortsette med det.

Eg håper at ho som skreiv om dette i statusen sin i dag ikkje tar seg nær over slike kommentarar og berre hever seg over det. Sjølv syns eg ho er kjempeflott! Ikkje minst syns eg det er tøft at ho faktisk tar opp problemet på den måten ho gjer, for ho blottlegger seg jo litt på den måten, akkurat som eg sjølv har gjort her. Men eg kan lett gjere det...... blottlegge meg.....For eg har sjølvtillit nok til å gjere det.
Eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje om kva andre syns. Eller....... Gjer eg det??

Uansett. Ha ein fin kveld! Det er Greys-aften og det betyr også god "kose-mat". Eg gler meg!!

                                             Mars 2015


Hasta luego!

IWALY!!

mandag 2. mars 2015

Så det så...

15 måter folk tok hevn på sin utro partner. Å helle ei bøtte avføring gjennom ruta på bilen er kanskje ein av dei mest heslige metodane. Tagging av garasjeporten er meir av den snille sorten, sånn bortsett frå at det kan bli litt pinleg for den det gjeld. Ein bør kanskje la vere dersom ein vil gje forholdet ein ny sjanse. Tagging vil nok sette inn daudsstøtet.
Tagge bilen......... Du er ferdig! Partnaren vil nok sjå på det som hakket verre enn at han var utro. Bilen køddar ein ikkje med!

Som innleiinga seier, er det snakk om 15 måtar det er tatt hemn på. Fjorten av metodane innebærer herverk av køyretøy. Å helle avføring inn bilvindauget er det einaste som ikkje har noko med tagging å gjere. Alle dei andre fjorten handlar om tagging av garasje, bilen, båten eller mopeden. Ergo kan det virke som om at folk anten er lite kreative, eller at dei faktisk har skjønna at bilen er det mest heilage ein mann kan ha.
Etter nærmare ettersyn så er det faktisk ei som har vore hakket meir kreativ, men likevel.......det er hærverk av bil. Beskjeden er vel krystallklar!
 (Biletet har eg henta frå nettsida til Nettavisa. Ergo har eg ikkje vore så heldig at eg har fått sett dette skuet på ordentleg. Eg trur kanskje eg ville fått meg ein god latter då!)


Veskene du må ha i vår. Hahahahaha.........Jaujau, seier eg berre. Sjå på dette biletet under og vurder sjølv om det ville tatt seg ut at denne jomfrua hadde kommen spradande med ei veske som dette.....spesielt den oransje.
I guess you can see my point?! Nettavisen har visst god fantasi i dag. Halve Noreg vil sjå teit ut med ei slik veske. Ta litt skinn og sy det ihop så du får ei veske. Lim på eit namn og plutseleg er den verdt så grueleg mykje. Eg tenker eg heller vil få statusen min klassifisert ut frå noko anna enn ei moteveske.

Har sendt 10.5 millioner til mannen hun er 95% sikker på ikke er svindler. Hmm.......Dei resterande fem prosenta ville vore nok for meg til å halde att ein slik sum. Vi snakkar kjærleik på høgt plan. Kjærleik mellom mann og kvinne som aldri har møttes. 

Ei kvinne blir skilt og "møter" ein ny mann. Ikkje noko galt eller unormalt med det, sånn ved første tanke. MEN å tru at draumemannen kan vere han du har møtt på nett, men aldri fysisk har sett og som til stadigheit hamnar i trøbbels å han ikkje kan kome heim til deg............Det burde ringe ei bjelle. 
Det gjer det ikkje, og ergo fortset "storyen".
Han er på forretningsreise i Afrika, men kjem seg ikkje derifrå av di han titt og ofte blir arrestert basert på falske anmeldelser, eller at han blir fråstjålen visum, kredittkort osv....... Alltid uheldig, med andre ord. 
Etter å ha motteke over 10 millionar kroner............Likevel kjem han seg ikkje derifrå? Hallo?? Knock, knock........Who´s there? 
Eg trur dei fem prosentane burde vere dei som kom tvilen tilgode, medan 95% burde vore usikkerheit. Jaja......Kva veit vel eg? Kan jo hende dei blir lykkeleg gift etterkvart....Let´s hope so. 
Om nokon skulle bli freista til å gje meg nokre millionar, skal eg ikkje seie nei, men eg trur eg droppar eit eventuelt ekteskap.

16 ting alle jenter tenker hos gynekologen. Allereie før eg startar opp med lesinga skjønner eg at dette ikkje stemmer. "Alle".
1) Eg sit aldri på venterommet og ser på ein plakat om HIV og tenker at eg kan ha fått sjukdommen. 
2) Eg sit aldri på venterommet og lurar på dei andre som sit der har herpes. 
3) Skulle eg sagt hei til ho som sat ved sida av meg? Det er ikkje noko ein tenker, men noko ein automatisk gjer, og ergo blir det aldri ei problemstilling.
4) Skal eg ha trusa på meg til eg er komen meg i stolen? Kva er vitsen med det, då? Det er i alle fall ikkje noko eg går og grublar på medan eg går mot stolen. Trusa ligg pent og pynteleg i den andre stolen. 
5) Eg har heller aldri lurt på kvifor eg ikkje valgte å ta meg ein jumper med lange armar! Kva har jumper med sjura å gjere??
6) Eg kunne aldri tenkt meg til å spørre om vagina mi er normal. Det blir ikkje så mykje som vurdert inni hovudet mitt.....
7) Eg tenker aldri at legen kanskje lurer på kvifor det er barbert/ubarbert der nede. Legen har vel ikkje noko med det å gjere? Legen skal jo ikkje akkurat vurdere høna, men indre organ.
8) Om det er nok glid? Hallo........? Bekymrer folk seg for det? Det er jo ikkje akkurat meininga at du skal sitte der i stolen og vere tent på legen. Legen får ta seg av den biten med glid. Det er ikkje vårt problem.

Tja........ Til no har eg slått ihel åtte av dei seksten punkta som liksom "alle" jenter tenker. Det er kanskje eg som er unormal? Kanskje alle andre tenker disse tankane? Spesielt det med HIV og herpes!! Med mindre ein har hatt sex med nokon ein ikkje bør ha det med, så er vel sjansen for HIV mindre enn lik null. Om dei rundt deg på venterommet har herpes, ja kva gjer vel det? Det er vel inga fare for at legen finn feil i di edle dåse sjølv om det sit andre der med herpes?! Tar eg feil, eller?

Nei, klokka nærmer seg straks midnatt og denne knetta skal straks ta kveld, Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt i natt!
Hasta luego!!

IWALY!!

søndag 1. mars 2015

Tjohei....


Ei flott uke er over. Eg har vore så heldig at eg har hatt ei uke der eg har kunna snudd litt på døgeret. Ei uke der eg kunne kose meg på ski og anna om dagen, og ikkje tenke arbeid før på ettermiddagen og kvelden. Det har difor vore ei uke berika med mykje kvalitetstid. 



Målselv fjellandsby er bygd opp i eit flott fjellområde. Her er det supre forhold for både store og små. Her kan du stå slalom i eit utvalg bakker, gå på langrennski, bruke hangglider, ake, leike i snø, gå på kafè, eller rett og slett berre slappe av i ein gapahuk eller lavvo. 
Her er min kar med ein kompis før dei skal sette nedover fjellsida. Utsikta dei har er upåklageleg.

                                              Vèret var greit og forholda bra i bakken.

Når svolten meldte seg, var det berre å trekke inn i lavvoen og varme seg mat på bålet der. Varm toast og pølser med brød er god mat på tur. Varm saft og kakao er også eit must.

Det er viktig å ha utstyret i orden. Spesielt viktig er det med hjelm, noko ein viss kar lura på kvifor vi vaksne ikkje hadde...... Her må vi nok skjerpe oss og investere i sikkerheit. (Spesielt eg burde vere såpass smart, for eg har jo allereie smerteleg erfart kor farleg det er utan hjelm i fart. Eg kan vere glad eg er i live i dag, så her må eg vel hugse attende i tid og gå foran som eit godt eksempel.)

Enkelte hadde lyst til å ha det luftigare enn andre. Minstemann i huset her byrja å spekulere på kor han kunne melde seg på for å få flyge slik......Tankar mora fekk satt ein rask stoppar for. "Det kan du få bestemme sjølv når du blir 25  år." Her nyter han akkurat det synet på tur opp heisen. 

Om ettermiddagane og kvelden blei det god tid for langrenn. Det var fine forhold for det også, berre det at ungane syns dei tok lyset litt for tidleg. Kven vil slutta av før dei har gått lei, liksom? Har ein det gøy, vil ein jo sjølvsagt fortsette.......

Vi såg no kvarandre litt innimellom i løpet av dagen. Det er ikkje berre når ein flaksar hit og dit. Sjølvhar eg alltid min lyseblåe fleecejakke på meg slik at eg skal vere lett synleg. Til no har det "funka" kvart einaste år. 

Jomfrua sjølv i full fart nedover. Slalom er knallskøy!! Eg er glad i fart og nett det får ein når ein setter ned slike bakkar. 




  
Dette tok eg no mest med avdi det er bilete av yndlingsobjektet mitt. "Mammas hjarte"!! 
Når dagane i fjellheimen var over (for vi var der døgera rundt), var det tid for eit par dagar nede i sivilisasjonen. Bardufoss og Andselv er koselege områder, det også. Forutan gode vener, er det også fint å shoppe der. Dette som vises på biletet er berre eit lite utvalg av kva eg kjøpte på den koselege butikken som er forholdsvis ny der og heiter P.Y.N.T. Så om du er i området, eller rett føler for ein liten kaffistopp på tur til Tromsø..........Ta no turen innom det lille senteret der og denne butikken. Du finn garantert noko du likar. Menn bør iallefall titte innom om dei ønsker ei lita overraskingsgåve til den dei har kjær. (Og kva kvinne likar ikkje å få ei gåve sånn heilt utan anna grunn enn at ho skal føle seg spesiell?) 
Det er kanskje ikkje så lurt å dukke opp med "medisin for gretne gubber" eller "medisin for sure kjerringer" som du ser øverst til venstre på biletet her, men utvalget er nok mykje større enn det eg har knipsa her. 

Dessertgenerasjon.......besteforeldre..... I går las eg ein artikkel der ein firebornsfar skreiv sine meininger om kva han syns besteforldre er til for. Bakgrunnen for det, er hans eigne erfaringer på området som firebornsfar og det at hans foreldre og svigerforeldre ikkje er heime 24/7 året rundt. Dei er faktisk ikkje heime kvar einaste uke heller. 
Ein dag borte går bra, men når det plutseleg blir snakk om fleire uker....... Tenk at han ikkje kunne gå i operaen av di svigerforeldra prioriterte å spele golf i Spania. Foreldra hans var reiselystne og var ikkje i heimlandet heller, og ergo kunne dei ikkje sitte bornevakt slik at han kunne gå i operaen. Jaujau, seier eg berre......
Han meinte dei prioriterte heilt feil og dei har faktisk hatt familieråd om nett dette. For å kome han i møte, har besteforeldra inngått ein avtale om å ha alle borneborna på middag kvar einaste onsdag når dei ikkje er utanlands og så kjem dei på besøk kvar einaste tysdag.  
Denne mannen syns begge besteforeldrepara er egoistiske som prioriterer seg sjølv i perioder. 

Så då kjem spørmålet mitt. Er det slik at ein besteforelders oppgåve er å vere konstant tilgjengeleg for å passe borneborn? Er det slik at ein berre kan produsere born etter born for så å forvente at det er besteforeldra som skal ta dei kvar gong du ønsker å gjere noko du likar? 
Ja, det er viktig å få gode relasjonar mellom born og besteforeldra deira, men det må no vel finnes ei grense for kva som kan forventes og ikkje. 
Sjølv er eg oppvaksen med besteforeldre som budde i ein heilt anna landsdel enn eg. Likevel blei det oppretta kjempegode bånd mellom oss. Eg var hos dei i feriar.....Ikkje av di nokon måtte passe på meg, men av di eg ville besøke dei fordi eg var glad i dei og dei i meg. Fordi det var fint å få komme på besøk til dei. 
I kvardagen måtte mine foreldre trå til "normale" bornevakter, akkurat som eg sjølv gjer i dag med minstemann. Det er ikkje noko unormalt i det. 
Det er no eingong slik at ikkje alle har besteforeldre tilgjengeleg rundt seg på grunn av buavstandar. Det betyr ikkje at dei får noko dårlegare bpnd enn andre. Andre igjen er så heldige at dei kan sjå kvarandre kvar einaste uke. Sånn er det berre..... 
Og JA, sjølvsagt bør besteforeldre stille opp. Heilt klart! Dei fleste ønsker det også. Det er berre det at det skurrar dersom det forventes at dei skal vere der for deg heile tida og dersom dei eingong seier at det ikkje passar, ja då er dei egoistiske.
Dei har jo arbeidd eit heilt liv og sett fram til pensjonisttilveringa og det at dei skal få oppleve blant anna å reise og gjere ting dei har hatt lyst til i mange år, men ikkje hatt høve til. Så får ein heller gå glipp av den operaen dersom ein ikkje er villig til å betale ein ungdom eller annan kjenning for å få fri eit par-tre timar. 

For tida er det mange som snakkar om bygdedyret. Bygdedyret eksisterer nok i dei fleste bygder, av og til meir enn andre gonger, men det er der heile tida. 
Det verste er at mange av dei som klagar på bygdedyret, er ein del av det sjølv. Om dei føler at noko blir feil i forhold til dei sjølve, ja då klagar dei på bygdedyret. Ellers er dei eindel av dyret sjølv utan at dei tenker over det.
I det siste er det spesielt EI sak som har oppteke mykje tid og energi av enkelte. Eg har aldri kommentert ho på nett, og eg tenker eg lar vere å seie kva sak det gjeld her også. Mange vil nok uansett skjønne kva sak det gjeld. Difor vil eg poengtere at ikkje noko av det eg skriv her kan tolkast på eine eller andre måten i forhold til kva eg meiner om saka. 
MEN det eg vil seie er at eg lurar på korleis enkelte kan påberope seg retten til å seie at fleirtalet meiner....... og at det berre er mindretalet som er blitt høyrt. Kven er så smarte/synske at dei veit kva kvar og ein av oss meiner? Fleire trur at dei veit og går krasst ut. 
Enkelte klagar på at enkeltpersonar blir hengt ut på nett. Ved å publisere bileter og omtale saka på Facebook, held dei berre liv i saka og skaper meir negativitet rundt dei det gjeld. 
Å påberope seg retten til å vere allvitar på bakgrunn av ei positiv oppleving sjølv......... 

Det er mange saker som er triste i samfunnet vårt. Vi kan meine kva vi vil om dei, men vi kan rett og slett ikkje berre kaste meinigane rundt oss på nettet som om at vi veit. Akkurat det skadar meir enn det hjelper. OG sist, men ikkje minst....Det blir rimeleg flaut for dei det gjeld om dei får ting slengt rett attende i fleisen. Då er det bedre å kunne seie "eg er glad eg valgte å vere føre var". Eit flott prinsipp å bruke når det er snakk om sosiale medier. 

Det blir for dumt å klage på bygdedyret når ein sjølv er ein av føtene til dyret. Så moralen er rett og slett så enkel at når ein snakkar på nettet, ja så bør ein halde enkelte ting for seg sjølv. Vit kva du snakkar om og ikkje berre anta. Og for all del......bland ikkje inn fleirtal og mindretal før du veit at du snakkar deira sak.
Heldigvis kan eg seie at eg har ryggen min rak i denne saka, nett fordi eg aldri har kommentert på ho når folk har publisert den på bl.a Facebook. 
Ikkje har eg tenkt å bruke energien min på å ta stilling til ho heller. Eg reknar med at dei det gjeld veit kva og kvifor, og då er det ikkje opp til meg å hverken dømme eller anta. Eg veit for lite til å uttale meg, og ergo lar eg vere. 

Ellers vil eg no berre nytte høvet til å seie fortsatt god kveld og god natt for dei som legg seg (dei fleste gjer vel det eingong...). 
Hasta luego!! :)))

IWALY!


lørdag 7. februar 2015

Samuel måtte velge mellom sin kone eller sin nyfødte sønn. Det er ikkje berre utanfor dørene her at vinden bles kraftig. Stormen Ole er innom ein snartur før han drar vidare på si ferd. Det stormar på nettet også........ Mange er hissige på ei viss mor som har gjeve sitt ultimatum, og dei som er ueinige gjer sitt for å forsvare ho.

I Armenia er det mykje som ikkje heilt stemmer overeins med korleis vi i Noreg tenker. Dei verdiane og ofte meiningane vi har kjem er i stor grad påverka av kva land vi lev i og kva vi er vant med å forhalde oss til. Blant anna er det mange som har stort fokus på at alle born, uansett skavankar, skal ha livets rett. Slik er det diverre ikkje i Armenia. Der er det slik at majoriteten av dei borna som har downs syndrom blir satt bort på borneheimar o.l. Berre ein liten prosentandel vel å ta seg av bornet sjølv.
Hadde dette gjeldt meg sjølv, ville det ikkje ha vore noko tema.......Her gjer valget seg sjølv. (Sjølv om kanskje ikkje alle er einige.)

Samuel er blitt pappa til ein nydeleg liten gut. (Eg veit han er nydeleg, for eg har sett bilete.) Etter å ha holdt han i armane sine, klarar han ikkje å tenke tanken på å gje han ifrå seg. Kjerringa hans er ikkje heilt der. Ho ber han ta eit valg.....bornet eller ho. Vel han bornet, skillar ho seg frå han. Ho gjer han ikkje eingong sjansen til å drøfte det.
Han vel "sjølvsagt" bornet og no vinn han sympati frå "heile" verda. Folk tar hans parti og fordømmer kjerringa og kallar ho litt av kvart.
Eg tar hans parti, eg også! Forskjellen ligg i at eg vel å ikkje kalle ho noko som helst. Eg berre forstår tankegangen hans og ville ha gjort det same. Det betyr ikkje at denne mora er ei hensynslaus, egoistisk osv.......bitch. For det er mange som meiner det.
Det dei gløymer er at ho er eit resultat av eit samfunn som i liten grad "aksepterer" folk som blir født med denne kromosomfeilen. For alt vi veit, kan det hende at ho fryktar korleis livet vil bli. Økonomisk? Korleis skal dei klare å følgje opp bornet? Kva tilretteleggingar må gjerast? Korleis vil folk rundt dei reagere og oppføre seg i forhold til dei? Alt kan faktisk gøyme seg bak noko så "enkelt" som frykt.
Ikkje det at eg veit at det er tilfelle, men det er difor eg skriv "for alt vi veit" og "kan hende".
Vi fordømmer mora utan å vite kva som ligg bak.
Dessutan......kva om Samuel hadde vore frå Armenia (for han er faktisk frå New Zealand), hadde han då også gjort det same valet? Det er mykje vi ikkje veit.

Enkelte er rett og slett grusomme i kommentarane sine. Enkelte gonger lurer eg på kor dei har fått haldningane sine frå.
Hjerterått av mor. 
Stå på far. Skill deg fra den fitta.
Hun damen der skulle vært sterilisert.
Det æ mene om mora ægne sæ ikkje å skrive hær.
For en kald og hjerteløs mor.
Dama er forskrudd i hodet.
Hun er ingen mor/mamma, men et monster.
Møkkakjerring.
For et nek, den dama, slett ingen mor.

Dette er berre eit lite utvalg. Enkelte av kommentarane var mykje verre, men eg syns sjølv at desse var ille nok.
Eg tar fullstendig avstand frå det mora har gjort og gjer meg mine tankar, men eg kan ikkje klatre opp på hesten og snakke ho ned av den enkle grunn at eg ikkje har nok kunnskap til å kunne gjere det.
Dette er berre ei tragisk sak og eg håpar at bornefaren klarar seg. Eg syns han er tøff, eg.

Stormen Ole sørger for eit "kjedeleg" liv. Det er ikkje særleg gøy å berre måtte vere inne når det bles sånn ute. Kva gjer ein med det??? Det er i alle fall èin som har svaret på det.
Eg var på butikken ein snartur og då eg kom heim, kom eg til dette.


Mange sugerør, teip, papir, dl-mål, vann.....you name it. Eit fint forsøk det! Æ har tenkt på det længe, og no mått æ jo bærre prøv når dåkker var ute. For ellers hadde dåkker sikkert bærre sagt nei. 
Eg trur nesten at det stemmer godt.
Så spørs det........Fekk han vatnet over i dl-målebegeret, eller hamna det meste av vatnet på golvet?
Eg satsar på at uvèret gjer seg straks. Det er allereie mykje rolegare.

Det er laurdag, det er helg, det er avslapping (viss ein ser bort ifrå litt husvask)..........
Ha ein fortsatt fin kveld!

IWALY!!

onsdag 4. februar 2015

Sokkedilla??

Kven har vel ikkje vore så "heldig" at dei har kommet over menn med riktig så elendig kombinasjon av sokker og bukse?! Det fins nemleg koder for slikt også.
Eg hugser godt då eg var yngre (joda, eg er ung enno!!!)........ Det var knallpopulært med kvite tennissokker. I dag er jo det berre sååååå ut! I alle fall i mange samanhenger. Kvite tennissokker blir berre så lett lagt merke til. (Eg snakkar no mest om menn, men kvinner skal i utgongspunktet passe seg like mykje.)
Sjå no berre for deg at din tilkommande mann står der oppe foran alteret. Du har på den lekre kjolen o har brukt eit hav av tid på frisyre, sminke....osv. Så ser du opp og vil smile mot han som står der framme og ventar. I det augeblikket augene dine treff føtene hans og sokkane og du skjønner at han står der i svart dress med kvite tennissokkar på....... Krise!!

Hovudregel 1: Sokkane skal sjølvsagt matche buksa.
No skal imidlertid kler ikkje by på sorger og ein må jo gå i det ein sjølv vil. Dessutan er eg ganske sikker på at majoriteten av menn så absolutt ikkje bekymrer seg for kva sokkar dei står og går i.

2: Gimick-sokker!! For all del...... Det fins dei som elskar dei, men rådet er rett og slett dropp dei.
Du ser dei vel for deg? Raude sokker med store kvite rundingar. Du ser mest ut som ein klovn, og du er garantert at det er blikkfang.

3: Lange eller korte sokker? Lange sjølvsagt. Dei der hårete leggane treng så absolutt ikkje vere eit nydeleg syn ute blant mengden. Eit unntak er sjølvsagt sommaren der ein gjerne bruker ankelsokkar av andre hensyn.

4: Menn i sokker og shorts!! Tyspisk svenske komediar. Hahahaha....... og det er jo nettopp det som er sanninga. Menn i shorts og sokker er faktisk komisk. Eg tenker då sjølvsagt ikkje når dei spring etter ein fotball på bana, eller den der landhockey-pucken. Eg trur du skjønner kor eg vil hen.
Shorts og lange sokker i kassa på Coopen.......YES!!

5: Menn skal heller aldi gå barbeint. Eller...Joda, men ikkje kva tid som helst. Sandaler o.l. bør nok vere på. (Eg skal ikkje kommentere kva som er så herslig om dei lar vere...)

6: At pensko skal ha dressokker treng vel ingen kommentar. For så vidt er den jo tatt lengre opp.

7: Menn med hullete sokker er usexy!! Bruk sokkene, men kast dei etetrkvart som dei byrjer å bli slitt. Det er dei færraste som føler at dei har behov for å sjå ei tånegl dann og vann...
Eg veit ikkje.......Sokker.....så små, men dog så komplisert. Det fins mange verdsproblem, ja!
Eg tippar alle menn som les dette tenker "Jeesez, for eit meiningslaust tema."
You know......I agree!! Det er jo det. Meiningslaust. Likevel heng vi oss faktisk opp i det. Det er berre slik det er.
Om litt over ei uke er det premiere i Narvik på "Fifty shades". Sånn eigentleg hadde eg tenkt å dra på den. Det berre ikkje passar heilt for dei eg tenkte kunne bli med og eg går ikkje på ein sånn film åleine. (Hahaha...)
Denne kvelden kjem kinosalen til å vere proppa full av "gærne" kvinnfolk og nokre sjeler med menn som er tøffe nok til å vise seg. Det spørs om det vil vere så lurt å ta med seg ein mann på ein slik film. Du veit ikkje kva du går i møte med etterpå då! :=)
Bøkene er i og for seg ganske dårleg litteratur, men skriven på ein slik måte at ein berre må lese det. Det spørs om filmen klarer å leve opp til forventningane folk har til den. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein mange gonger blir skuffa over ein film etter å ha lese boka først.

I går stod det Idrettsmilliardær skiller seg. Kona får 100 millioner. I dag står det Derfor går vi fra hverandre. Vi snakkar om same ektepar som i går. Kanskje eg no kan forvente å få lese om dette i alle fall ei uke til?! Som om eg bryr meg om kven som går ifrå kvarandre, eller ikkje...... Eg veit ikkje kven han der milliardæren er heller. Media har ein tendens til å repetere seg sjølv.
Har han eit sterkt behov for å kvitte seg med litt pengar skal eg gladeleg gje han nummeret mitt!

Nei, det har vore ein lang dag. Det er ikkje så lenge sidan eg kom heim, så no skal eg berre slappe litt av før senga ropar meg velkommen. Så ha ein fortsatt fin kveld, ha ei god natt og hasta luego.

IWALY!! 




tirsdag 3. februar 2015

Ja :=)

Det er tysdag og Greys-kveld. Det er enno nokre minuttar att til det startar, noko som gjer meg litt rom for å skrive litt her først. Slitne føter (som eigentleg har sprunge minimalt) er hamna rett ut på sofaen, godt planta under eit pledd. Eg har vore på fotballtrening, men aldri før har eg vel vore så sirompa og ute av stasjon som i dag. (Det fins kanskje ein brytar for slikt?)

Den aller kuleste valentinsgåva! Hahahaha....... Eg ler nesten feil på meg og får litt av nokre bileter på den indre netthinna. Fjernsynet eg er tildelt mellom øyrene slår litt gnister og veit ikkje heilt om det ønsker å vise programmet det er snakk om eller ikkje.
Om natta kan ein vel ikkje heilt styre sjølv kva kanal det skal sende frå, men akkurat no er eg jo ikkje akkurat i djup svevn.......så då kan eg ikkje bortforklare noko som helst.
Kanskje eg skal kome til poenget?!

Eg trur eg var innom temaet valentinsgåve i fjor også. Då var det ei litt meir normal liste, sjølv om den eigentleg var litt sær på enkelte områder. I år er det vel strengt tatt ikkje ei liste. Det er meir sånn der EITT punkt.
Den ultimate valentinsgåva skal vere heit! Megaheit!! Her er det snakk om kroppskontakt på høgt plan, berre med ein litt meir ny vri enn vanleg. Sjå berre for deg sjølv i det som kjem her no......

Først må du skaffe deg "litt" maling og eit lerret. (I og med at eg skreiv kroppskontakt så skjønner du kanskje allereie teikninga?!)
Smør deg sjølv og partnaren inn i maling. Så kan dåke elske på lerretet. Intimiteten blir fanga opp i eit veldig så orginalt bilete. Rammar du det inn, er det eit supert (!?) kunstverk å henge på veggen. Hahhahahahaha...... Genialt, syns kanskje enkelte, andre syns sikkert idèen er teit.

Eg trur ikkje eg skal seie kva eg syns om idèen sjølv. Eg tenker nokon andre kan teste det heile ut og sjekke om resultatet blir bra. (Eg reknar med at det ikkje er lenge før i alle fall eit par venninner av meg, etter å ha lese dette,  hiv seg rundt og tar meg på ordet.)
Ein vil i alle høve få eit maleri ingen andre kan skryte på seg å ha likeeins av. Om nokon skulle spørre kven kunstnaren er......... Tja, det vil vel kanskje virke litt "harry" å berre seie det rett ut som det er, men også litt kult!
(Det er berre litt over ei uke att å planlegge det heile på.)

I følge Nettavisen kan alle som vil skrive eit blogginnlegg om nabolaget sitt og få fem hundre kroner for "jobben". No skal ikkje eg ta den utfordringa, men det kunne jo ha vore gøy å prøve. Det måtte dog ha vore her inne på denne sida. Sånn i all beskjedehet. Hahha......

Å bu i ei gate med tre hus gjer jo ikkje akkurat den største grobotnen for eit heilt innlegg, med mindre ein kan inkludere den megastore katten til naboen. Tru meg......Den er megastor som eit monster. Eg holdt på å engste feil på meg første gongen eg såg han (eg trur det er ein han).
Eg stod i hagen og plukka bær då eg plutseleg stirra rett på eit monster berre ein meter unna meg.
"Kva i alle dagar er det slags dyr?" var det første som slo meg. At det var ei katt var ikkje det første som slo meg, men det var det eg håpa på etterkvart.

Nabolag kan jo bety så mangt. Om eg legg alle husa eg ser rundt meg, stiller eg sterkare. Her er alt frå dyreelskarar til det nett motsette og sosiale til asosiale mennesker. Bassen kan dunke i tidlege morgontimar ein sundags morgon, noko som kan irritere sjølv ein halvgammal frosk, men det er heldigvis ganske sjeldan. :=)
Huset rett over oss er nesten spøkelsesaktig. Eigentleg er det mest i vegen for det meste. Eg reknar med at det er for mykje å be om at det rives. Skulle eg imidlertid plutseleg sjå dansande gjenferd der, så tar eg saka i eigne hender!!
Hus som berre står der og forfell er ikkje akkurat kult. Ergo håper eg dei som har ansvaret for bygget snart gjer noko med det.

Næraste nabo i same gata som eg har ein alt for fin hage! Eller........Det betyr berre noko så enkelt som at eg er urpitelitt miunneleg. Er det noko eg ikkje har så må det vere grøne fingrar. Eg kan aldri få ein slik hage nokon gong, med mindre eg går til "innkjøp" av ein gartnar.
I alle kule seriar på tv så er jo dei i mange tilfeller ganske "hotte", så kanskje det ikkje vil vere så dumt?!
Eg tenker eg står over og klarer meg med den lille bærbuska vi har. Så blir det vel ripsgele i frysaren kvart år.
Uansett.......Det var hagen. Kva då med innvendige? Her er nemleg hus som manglar bileter på veggene. Hallo??!! Ein kan jo ikkje ha eit hus eller ei leiligheit utan eit einaste bilete på veggen? Eller...? Då tenker eg at valentinstipset kan vere ein fin start på det området.
Ingen bilete, ingen tv....... you name it.  Sjølv har eg ei dame liggandes på eit piano på veggen. Når born kommenterer det, seier eg berre at det er meg. Så ser dei på biletet og meg og lurer på om eg er riktig navla. (Dama er ganske brun........men dog lekker).
No kunne det nesten høyres ut som at eg berre har eitt bilete på veggen.

Sånn eigentleg skulle eg ønske at eg budde i eit nabolag som Westeria lane (eller noko i den dur). Ei gate med så mange frustrerte fruer må jo vere ei herleg salig blanding. Livet ville vel aldri bli kjedeleg. Eg tenker at kanskje vi er for "snille". Kanskje vi skulle sprite det heile opp og lage litt action. Det ville forsåvidt ha vore litt kult!

Greys starter opp så då må alt anna vike. Ergo må du berre ha ein fortsatt fin kveld! Sov godt og hasta luego!

IWALY!!


mandag 2. februar 2015

Jau, jau... :=)

Jomfrua har inntatt (no skulle eg skrive horisontalen, men det ville vere å lyge!), eller rett og slett okupert spisebordet. I omnen er det ei pizza som godgjer seg, så då blir det "koseskriving" i dag.
Eg har ikkje løyst nokre verdsproblem i løpet av det siste døgeret, men eg har registrert at enkelte menn har skrive på nettet om kor vanskeleg det er å forstå seg på kvinner! Hahahahaha....... Det er jo slett ikkje noko nytt, det, men når ein ser kva årsaker dei det gjeld ligg til grunn, ja då tenker eg "stakkars menn, dåke er rett og slett ikkje dei skarpaste knivane".
Når årsakene er som følgande:
1) Kvinnfolk elsker å bli glodd på i bikini, men når det kommer til "underwear" så går det i "dont´t look....
2) Kvinnfolk kjøper ting, dog ikkje på grunn av at dei treng det, men at di det er på salg. Til det seiere eg berre jau, jau......Her i huset er nok den rolla totalt motsatt!
3) Kva tid kan ein spørre ei gravid kvinne om ho er gravid? Der er svaret "sjølvsagt" ALDRI!! Eg seier jau, jau på nytt...... Ei lubben dame liker nok ikkje om ho blir spurt om det dersom svaret er nei, men dette er eit argument som blir brukt om alle kvinner. OG..... eg berre nemner det...... Her snakkar vi om LOGISKE årsaker til at det er vanskeleg å forstå seg på oss som tydelegvis berre duger til enkelte ting. :=)
4) Kvinnfolk ber om orsaking for at dei drøymer at mannen er utro!!! Hallo???!! Snakker vi planeten Tellus, eller??
5) Kvinner "dater" heller ein "asshole" enn ein lekker-boy av di dei alltid vil synes dama er lekker. (Eg skal ikkje seie kor eg blir sveitt hen....... Det neste som ryk må vere tolvfingertarmen....)
6) Ingen kvinner vil nokon gong seie "Eg hadde sex med han, men eg kjem ikkje til å fortelje korleis det var å ha det". Bla, bla, bla, bla........ (Sa eg at eg ikkje har løyst nokre verdsproblem enno i dag??)
7) Når menn treng èin dibedutt (du våger ikkje spørre kva det betyr), treng kvinner ørtiførti stykk.
(Eg veit ikkje heilt om det er desse "logiske" utsegna eller om det er pizzaen som gjer at eg plutseleg føler meg så varm....
8) Menn meiner at kvinner bør få ein "plunger" (eit engelsk ord for sånn der sugekopp du bruker om doen som går tett og må opnast att). Det treng dei av di dei heile tida bringer fram så mykje skit. Hahhahaa..... Den beste samanlikninga eg har høyrt i dag!! Sa eg at enkelte ikkje er smartaste kniven i skuffa? (Just asking.....)
9) Enkelte kvinner fiser ikkje. Dei held på fisen og så kjem det ut som drama. (Kvinner er hissige....you know).
10) Vi plukker ut augebryn. (Eg ville heller sagt nappar augebryn...)
 Etterpå maler vi dei på att!!! Hahahahahahah......... (Shit!! Her må eg faktisk innrømme at dei har eit poeng......MEN det kjem eg aldri til å innrømme.)
11) Går to og to ilag på do.
12) "Eg liker ikkje han, men eg vil at han skal like meg".
13) (Finally the last one.......) og den nekter eg så kommentere her. Den var rett og slett berre meir teit enn dei andre.

Skjerp dåke menn....Viss dåke ikkje kan betre enn dette.....Dåke ender opp som einstøingar. Helsigvis veit 68% av den mannlege gruppa betre. Med det meiner eg at dei i alle fall lar vere å seie at det er enige. Ergo lurer dei oss til å tru at dei er så smarte.
Viss desse argumenta er logiske......så repeterer eg meg atter ein gong...jau, jau!
Og berre så det er sagt...Eg skal ikkje kome opp med logise årsaker til at det vanskeleg å forstå seg på menn.

Skoleveska mi koster 9000 kr. Blei eg sveitta av det eg skreiv rett over her??? No blir eg i alle fall det. Vi snakkar vidaregåande skuleelevar. Elevar, ja! 9000! Puh.... I Sandefjord er dei visstnok ekstra rike. Det må dei jo vere når veskene jentene brukar ligg mellom 5-9000 i pris.

Årsaka at nett dette har fått mediefokus kjem av ei heilt anna sak. Ein butikk som ungdommane brukar i spisefri har vore plaga med tjuveri og nektar no elevane å ta veskene sine med inn på butikken. Ergo dukkar det opp eit lite søtt problem. Kven vil vel legge att ei veske til 9000 kroner på utsida av ein butikk?
Dei er nok ikkje så bekymra for sjølve innhaldet.........

Korleis har vi kome dithen at ein tenåring (mange tenåringar) kan bruke så mykje pengar på ei veske (eller eventuelt få det i gåve.)?
Joda, eg meiner sjølvsagt at folk må få prioritere pengane sine sjølv, men eg trur det er direkte skadeleg å ikkje overføre betre haldningar til ungdommen i forhold til pengar enn dette. Med tanke på kva enkelte aldri vil få sjansen til......
Slike luksusproblem........eg seier berre sukk.
Kan dei ikkje gå på butikken utan veska si, ja då får dei kjøpe ei som ikkje kostar skjorta og ræva.
(Er eg ufin no?????)

Ellers ser eg at enkelte stader er dei plaga med at tjuvar stikk av med coop-bongar. Dei er ikkje så smarte når dei legg att framsida. Hadde det ikkje dukka opp noko som helst, hadde vel ingen oppdaga det (for eg tenker i alle fall ikkje over kva tid eg får dei, eller ikkje....).
No trudde eg seriøst at dei var strekkoda. I alle fall må ein ha coop-kortet sitt med for å bruke rabattane. Ergo kjem dei vel ingen veg? Kanskje eg tar feil...
Likevel..... Litt lavmål å gjere seg til tjuv for desse småkronene?!

Slik er lillebror Northug privat. Eg har ikkje VG+, så eg kan ikkje opne saka, men eg kan ærleg innrømme at han har bra overkropp!! Six-pack og greier. Fint å sjå på......
Overskrifta gjer visjonar om å få vite litt om personen "lillebror" Northug, men no veit eg ikkje. Det er visst kroppen som er det viktigaste.......og sidan eg ikkje ser på yngre menn (hahahahaha.....) så er det vel ikkje skiten verdt å lese om han heller i og med at det kan sjå ut som om at det heile er kroppsfiksert. (Som det sikkert ikkje er.......) :=)))))
Å lokke med eit slikt bilete er berre såååå.......

Der månda og det er kveld. Pizzaen er ferdig oppeten og då er jomfrua også ferdigskriven. Noko må jo berre gå hand i hand. Slik er det berre.
Heldigvis kjem det fleire dagar.
Så då attstår det berre å ønske alle ein fortsatt fin kveld og sie "hasta luego". :=)

IWALY!!



søndag 1. februar 2015

Vi har alle meininger.......

I dag vakna eg forholdsvis tidleg, men dei som kjenner meg veit at eg er ganske glad i den varme dyna mi. Ergo passerte ei lita stund av livet mitt medan eg låg der på sengekanten og surfa litt på nettet. Mobilen er fin slik. Liten og nett. Akkurat passe stor til å bruke til slikt.
Så spørs det om det var noko å lese då....

Først såg eg denne saka.

Jeeeeeesez for ein "idiot" ! Ja...det var det første eg tenkte! Han der er ikkje riktg navla! Og sjølvsagt tenkte eg at han var så lite navla at eg ville sjekke det heile ut. .
Ein over fem minuttars videosnupp kjem opp om ein trykk på play-firkanten du ser på biletet. (No håper eg verkeleg at du ikkje testa ut om det gjekk an å trykke på biletet her for å sjå.......for då er du ikkje heilt navla, du heller. Hahaha.......)
Eg såg alle fem minutta eg, og veit du kva?? Eg blei rimeleg skuffa! Joda, det var nokre spektakulære stunt (om eg kan kalle det for det) der, men ikkje ein einaste stad kunne eg sjå det som biletet viser. 
Det var jo nett det biletet som freista meg, så............ Ergo er alt som normalt. Journalistverda fortset akkurat som før. 

Det fins sikkert eit tonn av andre saker ein mann kan gjere for å leike med livet. Eg trur ikkje at eg skal foreslå noko her....i frykt for at nokon tar meg på ordet. 

Så....frå adrenalinkick bar det over til noko mykje meir seriøst. Brann der born døyr. Ei tragisk sak i Danmark. Ei sak som tragisk nok også er knytta opp mot ei sak her i NOreg der ein sjuåring gjekk ute klokka eitt på natta. Den er knytta opp mot denne saka på den måten at mange tenker at brannen gjer oss obs på noko viktig og når andre ting skjer her heime, bruker dei brannen som argument for sine meininger. Men først.........brannen.

Eg kan berre prøve å forestille meg korleis det er for familien som er att etter at brannen tok så mange liv. Eg kan prøve, men mest sannsynleg vil eg ikkje vere i nærleiken av å kunne fatte og ta det skikkeleg innover meg. Det lengste eg kan strekke meg er å tenke på "kva om det var min eigen son?, og så kjenner eg berre at det gjer skikkeleg vondt i brystet og tenker at "nei, dette vil eg ikkje tenke på".  Så eg håper ingen eg kjenner nokon gong kjem til å kome i ein liknande situasjon. 
Få minuttar.......Berre ein røyk rett utanfor huset. Likevel ikkje nært nok til å klare å berge dei som var inne. Ufatteleg trist.

Plutseleg tar media oss med til Fosnavåg. Ei mor har tatt turen over til naboen medan sjuåringen hennar ligg og sover. 
Her er det ikkje snakk om noko brann, men heller kva om?! 
Bornet er plutseleg å finne ute, på eigenhand, klokka eitt og det vil vel kunne klassifiserast som nattestid. Tynnkledd og kald i minusgrader. Ho fann ikkje mora då ho vakna........

Dette er også ei sak som er trist. For kve syns vel det er greit at ei mor forlet bornet sitt åleine heime? Sovande og uvitande....... Dei fleste syns vel eigentleg det, men det fins nok dei som meiner det er heilt greit også. Vi er forskjellige individ, og naturleg nok har vi ulike meininger. 
Eg har gjort meg nokre tankar om det som skjedde. Det eg kan seie er at eg ikkje syns noko om det. Eit heilt ærleg sak,samtidig som eg eigentleg ikkje tråkker nokon på tærne. Eg har rett til å meine kva som helst, men det er no eingong slik at det er ikkje alltid at alt eignar seg på trykk. Spesielt ikkje når det er media som er hovudkjelda eg bruker. Vi veit jo alle kva media kan vere god på.

I dag då eg las om denne saka, kunne eg ikkje unngå å legge merke til at det var eit hav av kommentarar under teksten. Eg valgte å lese dei (dog ikkje alle....for det ville tatt heile dagen). Der og då blei eg rett og slett heilt forferda over kva folk kan lyre ut av seg. Er vi verkeleg så hovmodige og feilfrie at vi kan angripe med nesten kva som helst? For det var nsten skremmande å lese enkelte av kommentarane. 
Her er det verkeleg mange som må komme ned av hesteryggen sin, for det kan virke som at den er ganske så høg.
Eg kan aldri forstå at nokon kan forlate bornet sitt på denne måten, men det betyr ikkje at eg har rett til å bryte ut kva som helst for "gud og kvar mann" på nettet. 
Denne saka er trist for bornet, men også for mora. Eg vil tru at ho ikkje syns det var så kult å kome heim til politi i huset sitt og det at bornevernet er kopla inn. Det siste er forøvrig ein bra ting dersom det blir brukt på rett måte. Bornevernet kan vere med og rettleie denne mora på dette området og på den måten sørge for at dette er noko som ikkje kjem til å skje på ny. For kva om det til dømes ein gong tar fyr? Eller det som faktisk skjedde denne gongen. Jenta gjekk ut åleine på natta. 

Eg forstår mange av reaksjonane, men eg veit null og niks om livet til desse to ellers. For alt eg veit er dette ei super mor på mange måtar. Kan hende det motsatte også, men som sagt.......eg veit ikkje. Så sidan eg er uvitande om det meste er det nok det beste å halde meiningane for meg sjølv. 
Dessutan er det mange som kommenterer at dette kjem jenta til å få varige mèn av. Ja, mest sannsynleg!! Kven vil ikkje det etter å ha fått saka si breitta utover i media og med alle dei kommentarane som kjem? 
Dette er snakk om eit born i skulealder. Ein sjuåring (med mindre ho er født i januar) går i andre klasse. Det betyr at ho skal forhalde seg til mange born framover, born med foresatte som har meininger. Mange av dei har ikkje sperrer for kva borna deira får høyre......og vi er vel ikkje i tvil om kva det kan føre til?! Så det verste i denne saka (som burde vere at mora forlot ho heime åleine) er faktisk all mobbinga som skjer på nettet via media sine kanalar og det denne jenta kan risikere å møte framover blant born og unge. Tru meg......mange kan vere riktig så nådelause. 

Eg kan kritisere denne mora for det ho gjorde, men om eg går inn i meg sjølv, kan eg sikkert finne eit tonn med ting eg gjer feil. Born minner oss til stadigheit på at vi ikkje er feilfrie. Ingen er det!
Joda, dei fleste vil sikkert kunne seie at dei aldri vil lemne eit born åleine heime, og "takk gud" for det. Det skal berre mangle!! 
Med tanke på at fleire diskuterer kva varige mèn denne jenta kjem til å få etter dette, så spør eg då: Kva med dei borna som utsettes for dagleg krangling blant dei vaksne? Det er nok av dei heimane der borna må høyre på høglytt krangling både titt og ofte. Born som blir utrygge..... 
Kva med dei borna som har foresatte som drikker etter at borna har lagt seg? Reaksjonsevna deira blir dårlegare, vurderingsevna.....osv....... Det kan byrje å brenne då også! 
Kva med alle julefeiringane born gruar seg til på grunn av alkohol? Mange julaftenar har blitt øydelagt av same årsak. 
Og ikkje minst....... Dei som drikker dagleg som borna ser på? 

Eg er rimeleg sikker på at dersom eg ønsker det kan eg sitte her og skrive om temaet heilt til i morgon tidleg. Eg treng diverre skjønnleikssvevnen min altfor mykje til det, så difor må eg avgrense meg. Likevel trur eg at du som lesar skjønner kor eg vil hen. 
Eg kjem aldri til å forsvare at eit born ligg heime og sover åleine (til og med utan å vite om det) i fleire timar, men framleis VEIT eg IKKJE noko anna enn det media skriv og eg kjenner ikkje dei det gjeld. 
Eg kan sikkert vedde både armar og bein på at over halvparten av dei som er ekle med kommentarane sine på nettet er blant dei som tar avstand til mobbing. Kvifor ser dei då ikkje at det er nett det dei driv med sjølv? Og korleis skal borna klare å lære seg å la vere om dei vaksne ikkje klarer det? 

Om eg gjer feil, ja då vil eg synes det er flott om eg får hjelp, MEN eg vil for all del ikkje bli bretta ut på nettet til alles skue. Kva skade vil ikkje DET gje? 
Det kjem ei tid etter dette og korleis skal den bli for dei involverte? Korleis skal dei reise seg og kome styrka ut av dette og samtidig ha lært noko? Slik saka har utarta seg vil eg forstå det godt om denne mora ikkje tør vise seg ute på lang tid. Kva godt vil det gjere? Det beste vil vere om ho har lært at dette gjer ein ikkje på nytt. Rett og slett at ho tar lærdom av det heile. 
Eg håper verkeleg denne jenta går på ein skule som er vaken den næraste tida og klarer å skjerme bornet frå ubehagelege hendingar. 

Vi må berre bli flinkare til å legge band på oss sjølve, tenker eg. Det kan sjølvsagt hende at eg tenker slik av di eg sjølv ikkje er feilfri. Kanskje er dei feilfrie alle dei som idag har vore meir enn ekle på nettet. Kva veit vel eg? ............ 

For all del.....Eg har sikkert sagt ting på nettet, eg også...... Eg prøver i det minste å moderere meg. 

Det er sundag og i morgon starter ei ny uke. Før den tid skal eg ein tur på arbeid og så blir det å boltre seg foran skjermen for å sjå Truls karre seg over Grønland. For øvrig syns eg det er sprekt av han! 
Inni mellom kan ein tenke at det blir litt mykje av han, men han er no eingong herleg på sin måte og ein må jo berre le av han (ofte). Artig!

Ha ein fortsatt fin kveld! :=)
Hasta luego!

IWALY!!