tirsdag 3. mars 2015

Til ettertanke......

I dag las eg ein status på Facebook som eg beit meg merke i. I desse kroppsfikserte tider er det mykje fokus på overvekt og på kva veg samfunnet er i ferd med å reise dersom ein ikkje klarar å snu trenden.
Lure på koffør d e så lætt førr folk å si "hærregud du e så tynn, et du ikkje?" Ein status som treff ganske mange av dei som les den. Og då spør eg......Er det slik? Er det lett å bryte utav seg ei slik setning? Og ikkje minst......er det greitt at ein gjer det?

Kor mange er det som går bort til eit overvektig menneske og seier "Herregud kor tjukk du er blitt. Kva er det du spis?" Kvifor er det lettare å kommentere overfor eit menneske som kanskje har eit par kilo for lite (ifølge dine auge)?
Eg trur dette er spørsmål fleire bør spørre seg. Eg trur mange faktisk kan bli veldig såra over slike kommentarar. Det er no eingong slik at ikkje alle i denne verda kan for at dei ser ut nett som dei gjer. Enkelte er tynn utan at dei klarar å gjere noko med det. Dei et normalt, men legg ikkje på seg nevneverdig av den grunn. Skal dei vere nøydd til å gå til innkjøp av store mengder cola og potetgull berre for å tilfredsstille andre? Det er vel viktigare at dei sjølv har eit greitt sjølvbilete...... Det får ein ikkje om "alle" kommenterer at ein er for tynn.

Det er sikkert ikkje mange av dei som er overvektige som sjølv syns det er kult å vere det. Mange av dei har sikkert eit ønske om å ha mindre kilo å rutte med, men fleire av dei klarar faktisk å sjå kor fin dei er likevel.
Det er heile tida eit mas i ukeblader, magasin, aviser osv......om å gå ned i vekt. Det gjer signal om at det ikkje er greitt at ein har for mykje feitt rundt magen, på låra.....you name it.
Likevel......Mange teier stilt overfor dei det gjeld på grunn av folkekikk og at dei veit at slik seier ein ikkje. Kvifor er det då lettare å kommentere dei som er for tynn?
Er vi kommen dit at det er definert korleis alle skal sjå ut i denne verda? Kva kroppsideal er vi eigentleg ute etter?
Eg seier ikkje at nokon ikkje er for tynn, for det fins dei også på same måte som at nokon er for tjukk på grunn av livsstil. Likevel, ein kan ikkje sitte oppå sin eigen hest og dømme folk på den måten. Plutseleg har du faktisk ytra deg overfor ei eller ein som er tynn/tjukk av helsemessige årsaker. Kva sjølvkjensle vil dei få av ei slik ytring. Kor kult syns dei det er å få høyre slikt. Eg trur det er mest øydeleggande.

Då eg las statusen til denne dama (som eg forøvrig kjenner til) tenkte eg "så rett, så rett du har". Eg har sjølv vore i den situasjonen at ein sjukdom sørga for at eg nesten ikkje klarte å bevege meg og at eg av den grunn este ut. Eg som har trena heile livet og har vore vant med å sjå heilt ok ut, blei "plutseleg" mykje større og klarte ikkje hindre det utan at vi klarte å finne ut kvifor.
Så finnes det heldigvis enkelte som skjønner og som klarer å finne ut kva som feiler og kan gje rett medisin, sjølv om den må vere livsvarig. Ein som sørger for å gje livet attende i gåve. For tru meg....Etter å ha vore "ubevegeleg" over lang tid, er det ei gåve å få livet "back on track".
Likevel, kiloane var jo der og med eit heilt liv utan alle desse kiloane, var det ikkje lett å vite at dei var der. Det gjer noko med sjølvkjensla når du er vant med å kunne handle all slags klede og plutseleg vegrar deg for å prøve nye klede i frykt for at dei ikkje passar.

Kiloane er borte no. Eg trener for fullt att. Det har vore ein lang veg å gå, men eg er like tynn no som eg var då eg var 18 år. Og eg har høyrt det......."Kor tynn du er blitt. No må du ikkje bli tynnare." Eg har hatt stabil vekt i fleire år, men likevel får enkelte det for seg at eg har blitt tynnare sidan sist dei såg meg, sjølv om det ikkje stemmer. I tillegg et eg som ein "kval".
Eg er fornøyd med meg sjølv. Eg har aldri vore noko fotomodell og har heller aldri hatt noko ønske om å vere det heller. Eg vil berre leve livet mitt som best eg kan. Eg tar medisinen min kvar måndag og ergo klarer eg å vere aktiv og tilstades majoriteten av tida. Og eg vil helst ikkje at folk kommenterer det om dei syns eg er tynn.
Eg er rett og slett heilt normal og har tenkt å fortsette med det.

Eg håper at ho som skreiv om dette i statusen sin i dag ikkje tar seg nær over slike kommentarar og berre hever seg over det. Sjølv syns eg ho er kjempeflott! Ikkje minst syns eg det er tøft at ho faktisk tar opp problemet på den måten ho gjer, for ho blottlegger seg jo litt på den måten, akkurat som eg sjølv har gjort her. Men eg kan lett gjere det...... blottlegge meg.....For eg har sjølvtillit nok til å gjere det.
Eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje om kva andre syns. Eller....... Gjer eg det??

Uansett. Ha ein fin kveld! Det er Greys-aften og det betyr også god "kose-mat". Eg gler meg!!

                                             Mars 2015


Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar