onsdag 30. juni 2010

Onsdag 30.juni.

I dag har vi vore i båthamna. Til orientering har denne båthamna blitt kåra til Noregs beste båthamn veldig mange gonger. Nesten kvart år i det siste..... Det er ikkje mange stadene i landet dei har så mykje gjesteplassar og så mange aktivitetstilbod som her. Kvar morgon får alle gjestene utdelt gratis og ferske rundstykker. For dei som vil gå på sentra og sjå eller handle er det tilbod om gratis buss inn til sentrum.
Ellers kan dei skilte med eige båthus som inneheld det meste (dusjane som det viktigaste, sjølvsagt). Av aktivitetar kan dei tilbyda strandvolleyball, golf, tennis, "stor-sjakk" på kaia, grillstader, badestrand, fotballområde og gratis sykkelutleige (berre for å nemne noko). Sidan eg sjølv har vekse opp her, føler eg at eg har eit forhold til båthamna og er følgeleg litt stolt av kva dei har fåt til her!!
Skjærgården ytterst i Hardangerfjorden (Kvinnheradsfjorden) er ei naturperle, så eg skjønnar godt at mange legg båtferien hit...:=)

Vèret har vore litt ustabilt desse dagane, så det har vore litt vanskeleg å planlegge. Då er det lett å bruke tida på kjøpesentra...... Ein kan trygt seie at det er gjort store utbetringar i sentrum i form av større sentre osv. Sidan det er tre år sidan eg var her sist, er det også litt spanande å sjå korleis ting ser ut no. Det tar si tid det og!

Brunsneglane, som dei sa dei skulle få bukt med, er ivrige gategjengarar. Dette er ikkje akkurat til folks glede. Heller tvert imot! Då eg vaks opp, forholdt vi oss til dei store og svarte sneglane. Dei var ekle, men dei gjorde aldri noko skade. Desse "nye" sneglane er minst like heslige og dei er mange gonger så mange, og sist men ikkje minst.......Dei gjer stor skade. Her er mange som er redde for å få blomane og grønnsakene sine øydelagt av desse krypa. No har eg fått sett dette udyret på nært hald for første gong. Ikkje noko behageleg oppleving!

Etter å ha vore i Kjøpsvik i over ti år, er det mykje som har gått i "gløymeboka". Kanskje feil å bruke det ordet (for det er vel ikkje noko som er gløymt), men uansett....... Eg har i alle høve slept å tenke på huggorm og stor fare for flåttbitt. Når eg no er attende her, kjenner eg at eg er litt i overkanten nervøs for at sonen min skal bli utsatt for slikt. Ganske tåpeleg, eigentleg....
20 år med uforsiktighet i naturen og ingen huggormbitt eller flåttbitt burde vel klassifisere til at ein ikkje skal vere redd for nettopp det??!!? Det er berre det at media har fokusert så mykje på det i det siste og til og med i butikkhyllene i Kjøpsvik er det kommet flåttplaster for både dyr og menneske. Nei, skulle ønske ein ikkje var så lett å bli påverka......!
Har forresten blitt bitt av flått, men det var ikkje her. Det var i dyreparken i Kristiansand......

I følge vèrmeldinga og himmelen rett over oss lover det godt for morgondagen!! Då kan eg love at eg skal vere ute og storkose meg.

På ein slik tur er nok det viktigaste at ein får treffe familien sin og gamle kjente. Til no har eg truffe eindel kjenningar, og eg må seie at det er utroleg skøy å sjå at vi alle kjenner kvarandre att sjølv om det kan vere eindel år sidan sist vi møttest:=)
Det er alltid gøy å mimre.
Spesielt gler eg meg til å treffe att eit søskenborn av meg som det er altfor lenge sidan eg såg sist. Det er det som er aberet med å bu så langt borte.
På laurdag blir det tradisjonell grilling med familien Remme. Aldri ein husnestur utan grilling ilag med dei!! Utroleg kjekke folk:=)

Det er godt å vere heime, men om ikkje så altfor lenge er det nok på tide å vende nasen nordover att. Ein ting er sikkert.....Det skal ikkje køyrast så "hardt" som det blei sørover. Sidan minstemann var så flink på turen nedover, skal han få oppleve litt meir på heimturen. Det er vel det som kallast ferie!??! Ikkje slik vi gjorde det i helga........

Eg gløymte forresten å nemne tidlegare om kva vi såg rett nord for Oppdal. Der var det eit skilt kor det stod: "Her er ei prøvestrekning for blinkande speil." Først lurte eg valdsamt på kva det kunne vere godt for og kva det eigentleg innebar. Etter å ha køyrt litt lengre såg vi plutseleg fleire stader at det hang remser med speil i trærne. Det såg ikkje heilt normalt ut, og ikkje veit eg kva det skal vere godt for??!! Eg enda opp med at det sannsynlegvis var eit triks for å halde elg og andre dyr borte frå hovedvegen. Dette er sjølvsagt berre ei tipping frå mi side, men kva anna kan det vere?? Speil i trær?? Hallo......

Jaja....Godt er det at vi er her no når det stormar som verst på sjukefronten i Bodø. Enno har det ikkje blitt offentleggjort nokon skandaler ved sjukehusa her, så då kan vi vel trygt bli sjuke......

Plutseleg sjåast vi:=) Ha fine dagar alle saman. Vit å nyte ferien uansett vèr!
NB!! Oddekalv i diskusjon er som ein satire.........

Don't go changing to try to please me........ I love you just the way you are.

mandag 28. juni 2010

Så trist å vite.....

Du har det ikkje lett der du slit for deg sjølv. Sorgen er tung å bere. Eg veit ikkje kva eg skal seie!?! Eg har ikkje dei rette orda som vil gjere alt så mykje lettare.....Tru meg, hadde eg hatt dei skulle eg ha brukt dei (med ein gong)!
Det er jo gått ei stund no, men eg trur du slit meir enn kva nokon anar. Den som ikkje anar veit ei heller at han må hjelpe.... Eg ville ha hjulpe deg kvar dag om eg kunne, for så glad er eg i deg at eg syns det er frykteleg trist å vite. Vite at du slit......

I dag skulle eg overraske deg! Sørge for at du skulle få noko å smile av. I stadenfor blei eg skuffa. Du åpna ikkje døra for meg!! Eg veit kor glad du er i meg, og nettopp difor skjønnar eg at du ikkje åpna av di det er "one of those days".... Då eg tilslutt fekk kontakt med deg, sa du at du ikkje var heime. Det er berre det at eg er hundre prosent sikker på at du var det!!
Då eg stod der på trappa, ville eg berre bryte meg inn og overbevise deg om at alt vil gå bra!

Livet er ikkje alltid like lett. Det får vi oppdage på fleire måtar. Men skal du s"stå han a" må du ville det sjølv. Du må tru på at det fins lys i den andre sida av tunnelen. Det er alltid det!! Så stå på.

I morgon er det ein ny dag. Eg har avtalt at eg kjem på ettermiddagen. Då skal vi sørge for å få ei fin tid!!!!! Eg ser fram til det.

Glad i deg!!!!

søndag 27. juni 2010

Laks meg her og laks meg der......!!

Eg har oppdaga ein ting og det er at vi er hamna midt i noregs hovudstad når det kjem til fisking!! Etter å ha køyrt i 80 mil var det endeleg tid for å køye, trudde vi. Neida...... Sidan vi visste det er flust av overnattingsstader langs E6, ringte vi ikkje og bestilte noko rom. Så lur var vi!! Følgjene blei at vi endte opp med 90 mil med køyring, eller rettare sagt 89,8 mil!!!! På kvar einaste overnattingsstad fekk vi beskjed om at det var fullt pga fisking. Det er tydlegvis mange fiskarar i landet..........

Ein ting er sikkert, og det¨er at det er ein "liten" gut som skal ha masse skryt!! Han var berre så flink heile vegen. Det var stort sett ikkje masing i det heile! At ein seksåring sit i bil i 90 mil (vaken heile tida) utan å klage......Ja, det syns eg er bra!

Kvelden før vi dro la vi oss allereie klokka halv åtte. Slå den!?! Det gjorde at vi kunne starte tidleg med å køyre frå Korsnes. Vi starta rundt åtte (laurdag) og sundag kveld klokka åtte var vi framme her på Husnes, ca.160 mil lengre sør i landet.

Det er store ulikskapar her til lands. Eigentleg er det ganske fasinerandes å studere korleis det meste endrar seg jo lengre sør ein kjem. Det med at Nord-Noreg har dårlege vegar skal vi berre gløyme å kommentere. Dei som påstår det har ikkje køyrt langs Hardangerfjorden og ellers på Vestlandet! Standarden til E6 er eit eige kapittel. Det burde jo vere ein veg som har høg standard heile vegen. Neida.....Slik er det nok ikkje. Det er ikkje mange stadene den er ok. No skal sjølvsagt den rare vinteren som har vore i år ha eindel av skulda. Det er vel ikkje så lenge sidan telehiva forsvann og vegane har vel ikkje heilt fått retta på seg. Det gjeld der vegen er brei nok!!! Så kjem alle dei strekningane som vegen er smal. Huttetu!!!! At det går an.....Eg sei ikkje meir.
I løpet av turen hr det vore eindel fjellovergangar. Prøver meg på ei lita oppramsing, men kan ikkje garantere at eg hugsar alle. Saltfjellet, Dovrefjell, Valdresflya, Golsfjellet, Hardangervidda og så er det vel ein fjellovergang nær Majavatn?? Uansett, det er mange fjell å køyre over. Ikkje eitt av dei hadde god standard. (No er sjølvsagt ikkje Hardangervidda langs E6. Det kjem vel heller inn under vestlandvegar). Vi kom oss velberga over dei alle!

Fram til vi kom til Mo såg vi stort sett ikkje eit einaste dyrr. Etter Mo tok det seg opp meir og meir til ein eksplosjon av dyr på slutten. Eg går ut frå at klimaet rundt om i landet er med på å avgjere kva dyr som er på dei ulike områda. Det samans med andre årsaker. I nord var det ei og anna ku som dukka opp. Då vi entra fylkesgrensa og Trøndelag dukka det opp litt sauar også. Titt og ofte såg vi kyr og innimellom litt sauer. På veg ut av Trøndelag var vi så heldige å få auge på ein liten dådyrunge. Då visste vi at vi var entra sørlegare strøk, ja! Den var superskjønn....
Jo lengre sør vi kom, jo fleire hestar dukka opp. Då vi passerte forbi eit pittelite føll og Steffen høyrte at eg "sukka" spurte han meg: "Mamma, sku vi ønska at æ hadde det føllet??" Eg sa sjølvsagt ja og fekk då til svar: "Æ ønska at du kjøp den i bursdagsgave tell mæ!!" Ferdig med den saken. Sjølvsagt er det berre å kjøpe eit føll!?!
Vi hadde sjølvsagt som hovudmål at vi skulle få sjå ein eller annan moskus på vår ferd over Dovrefjell....... Hmm! Den gang ei. Jaja, vi har sett moskusar før, så det går greit.

Eg har ikkje berre sett dyr. Eg såg Ikea og!!! Dit skal eg!!! Problemet blir eigentleg å skjønne kva tid ein skal ta av vegen for å ikkje hamne langt forbi butikken. Den er liksom på feil side av vegen når vi skal nordover. Med ein mann bak rattet som har fryktelig "god" retningssans så går vel det bra!?! Eg får hoppa av bilen og springe over vegen!! Hehe......

Som mor har eg lært ein ting i dag. Det er at når det kjem til Vøringsfossen så skal eg aldri meir ta med meg nokon som betyr meir enn verda for meg dit for å gløtta på fossen. Så viktig er faktisk ikkje denne serverdigheita!! Eg veit det ikkje er meir enn to år sidan sist ei kvinne døydde etter å ha falt utfor stupet der. Ikkje skjønnar eg kvifor dei ikkje set opp eit gjerde langs kanten!??! Går du utpå kanten og føler det suget det kan gje deg, ja, då slit du! Fleire hundre meter rett ned.......Eg var sjølv heilt utpå kanten for n'te gong i livet mitt. Eg er like redd kvar gong. Forkjellen denne gongen var at son min var med. Endå etter at eg hadde satt meg i bilen att ville eg grine! Det var heilt grusomt!!! Berre tanken på at Steffen har vore i nærleiken av den kanten gjer meg heilt skjelven. Så det er siste gong han får sjå den før han bestem slikt sjølv....
Eg trur eigentleg at han syns det var meir fasinerande med tunnelane som gjekk ned fjellsida der. Det at ein kunne køyre i spiral var veldig rart!!

På stader som ned frå Vøringsfossen skjønnar vi kvifor dei har så mykje betre vegar i Sverige, blant anna. Det er ikkje like lett å lage så fine vegar som i Sverige her til lands. Steinrøys på steinrøys, fjell etter fjell. Det er nok meir kostbart å lage veg her i Noreg. Vi har eit spesielt landskap!!
Frå Eidfjord og heim til Husnes er det berre fantastisk fint, men smaaaaalt!! Der kan dei med rette klaga på vegane...... Sjølv om det er smalt har dei fantastiske forhold langs vegen. Det skal dei ha. Utroleg vakkert!!
Ingen stader har dei vel så mykje frukttre som i Hardanger. For meg så er det ikkje akkurat så stort å sjå dei trea, det har eg gjort flust av gonger før. Eg er liksom vekst opp med det..... For ein som ikkje har sett det før, så er det ei mektig skue å sjå. Langs heile vegen......

På denne smale vegen som går langs Hardangerfjorden var vi så heldig at vi fekk ein bil i frå Mosjøen foran oss. Ikkje veit eg, men det virka neste som at føraren av bilen ikkje var heilt edru (men det var han sikkert). Han varierte heile tida på farta. I 80-soner varierte han frå 30 km/t og opp til 70. Aldri var han oppe i den rette grensa, og han låg MIDT i vegen heile tida. Då seier det seg sjølv at det ikkje gjekk an å passere han heller. I slike episodar er det lett at mange irriterer seg over andre i trafikken. Berre for å ha det sagt....Det var IKKJE eit kvinnfolk bak rattet!!! :=)

No er vi framme. Endeleg! Steffen har gleda seg slik at han ikkje har fått til å sove i bilen. No er han her, og morgonplanane har han lagt allereie før han kom hit. Mommo fekk full rapport i det same han entra dørstokken. Det er nok noko som inneber bruk av pengar!!! :=)

Vi har sol!! Vi har forhåpentlegvis gode og late dagar foran oss. Det er ferie!!

See you later alligator...:=)

mandag 21. juni 2010

Joda.....

Så var det over. Vi lever enno og det er eit bra teikn! Nokon skildrar oss som gal, andre brukar mildare ord..... Det er eit heilt år til neste gong, men vi står han a'. Det var berre tilfeldig at det hamna på same datoen som i fjor. No blir kunsten å treffe like godt neste år.
Om det er vèret som er skuld i at det gjekk som det gjekk, eller om det fins andre årsaker skal vere usagt. Vi slepp i alle høve film av oss på nettet i år!! Kven si skuld er det??? Det må vere ho "Amarulla".
Av ein eller annan grunn trur ho at Tysfjorden er full av kvikksand.....:=) Vi har ikkje slikt ute hos oss. Trur heller det var dårleg kondis som skremte ho frå å trø den lange fjera ut til sjøen. I tillegg er det jo så djupt!!!! På ei fjere som går fleire hundre meter ut og aldri rekk deg til navlen eingong. Desperat etter unnskuldningar??? Jepp! :=) Nei, tøff i kjeften, ja!

Av ein eller annan grunn, til trass for at det berre var tre tilstades, klarte vi å bli kjent med bra mange. Forstå det den som kan..... Kanskje det er derfor vi blir stempla som gal? Vi er ikkje schizofren (skrives det slik????)!!! Eller........Kanskje litt. Akkurat det er vel best å halde for seg sjølv! Sikkert nokon vi håpar på at vi ikkje treff med det første. :=)

"Veskeguri" sydde ikkje på meire enn tolv? vesker........ Løp og kjøp!!! Det blei sydd til nåla blei borte (gudskjelov for det)........

Ein tendens som repeterer seg gong på gong er at det alltid er ei som utpeikar seg til å få lykkerus. Det er ikkje eg......... Gleden er så stor at sjølv om det er blitt leggetid og pysjen er komen på, så er det vanskeleg å slå av lykkeknappen. Akkurat det er til "Veskeguris" enorme store fortvilelse. Når ein snur seg i senga med både tornado og virvelvind i ryggen i tillegg til hysteriske latterbrøl av sengekompisens harme.......ja, det må jo berre bli suksess!!!

Lettlurte Moværingar og andre rare skapninger hadde vel håpa på betre tilbod då ei berte frå Sverige ringte dei og tilbudde dei "gode" abbonnement frå Telenor. Særleg aksenten var bra!!!

Jaja....... Byrjinga på turen var no best!!! Når til og med eg klarte å bli flau på vår ferd, ja, då er det vellukka!!! :=) Trur det må vere eindel turistar som trur at vi er halvgalne damer utan at eg skal kome inn på kvifor. La meg sei det så enkelt som at eg som sjåfør eigentleg var heilt uskuldig, men med kløkke hovud på passasjerane, så var det lett å lure alle til at det var eg som stod bak djevelskapen!! Veit ikkje heilt kva meiningar fergemannskapet må ha gjort seg om oss?!!? (......og stakkars den unge fergebillettøren som ikkje visste kor han skulle gjere av seg då vi prøvde å overtale han til å bli med:=) Litt sleipt av oss å skremme han slik!! Han gjorde i alle høve eit tappert forsøk på å ikkje bli flau. Kva unggut er det som ikkje blir satt ut av at tre middelaldrende kvinnfolk kjem og skal gjere kol på han??

Vi kom oss heim!!!! At det fins turistar som kanskje ikkje har sett anna enn ut av sitt eige vindauge heime.......sann mine ord. Det var ei oppleving av dei store berre det å sjå kva dei fekk gjort i løpet av den lille fergeturen på berre 25 minutt. Av og til lurte eg litt på om det var enkelte som hadde hyra hunden sin til å vere fotograf. Vi såg hundesjåførar, hundar som passa på at alt gjekk bra, hundar som......... you name it!!
Uttøyninger i primadonna stil er vel ikkje kvardagskost for oss som bur så innelukka. Beklagar om eg trør nokon på tærne når eg seier at det ikkje er noko av det smartaste eg har sett i livet mitt. Eg har då verkeleg stått i nokre fergekøar. Eg må vel i same slengen krype til korset og seie at eg nok ikkje klarte å halde meg alvorleg i ei sådan stund. Måtte uttøyaren tilgje meg for det......... (Dog kunne han ikkje sjå at eg flira!!).
Vi skal ikkje gjere narr av andre, men det er ikkje så lett når det boblar over inne i deg. Det er ikkje alltid berre berre å halde att!!

No ventar eg berre på å sjå bilete av alien mima av "Amarulla" på nettet. Det er rett og slett berre genialt. Kven hadde visst at det fantes eit slikt talent??? Joda, så lenge ho er lettlurt på enkelte områder, så er det lett å overtale til slike ting. Eg ventar i spaning........

Må alle ha ein triveleg sommar!! Forsmaken vår på akkurat det er vel i hamn og vi gler oss til masse deilig sommarvèr. Så får eg håpe det blir lagt opp nokre øvingar i løpet av sommaren også!

Show mw difference if you can, between a woman and a man...........

mandag 14. juni 2010

Ropet fra aust......

Frå tid til anna bruker det å kome eit blad, Ropet frå aust, til skulen. Eg har aldri vist noko særleg interesse for bladet før, men denne gongen tenkte eg at eg skulle lese det og sjå kva det eigentleg dreier seg om. Uavhengig av kva mine personlege ståsted i livet er så må eg seie at det er eit blad til ettertanke. I utgangspunktet er jo dette eit blad som omhandlar misjon. Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste veit kva misjon er.
Vi som mennesker har ganske ulike spekter på livet og religion for den saks skuld. Likevel trur eg ikkje det er mange som kan påstå at den misjonen som drives i aust ikkje er positivt. Det er heilt utroleg at mennesker frivillig påtar seg å hjelpe andre på den måten.
Sjølv om eg eigentleg er klar over korleis det er mange stader i verda, gjer det noko med meg når eg les om det. Det blir på ein måte meir reelt.

I denne utgåva som eg valgte å lese tar dei for seg saker som bl.anna "Jakten på rettferdighet", "Barns lidelser i Burma", "Når troen skiller mennesker" og "Religiøs vold herjer i India". Det er viktige tema alle saman!

I mars var det eit møte i Trondheim der dei første rapportane frå Burma blei offentleggjort. Den eine av dei tar ganske så grundig for seg dei menneskerettsbrudda som er mot born i Burma. Sjølve møtet blei opna med "Er ikkje borna i Burma like viktige som våre eigne?" Bakgrunnen for uttalelsen er at det er bortimot ein million born i Burma som lev som flyktningar.
I dag kan ingen av oss seie at vi ikkje veit kva som foregår i Burma. Det har vi fått rikeleg informasjon om via media.......
Borna der nede lev i eit land som har hatt den lengste borgarkrigen nokonsinne. I dag har den vel sånn høveleg pågått i ca 50 år! Det sier litt...
Det som er då er bra med misjon er at det gjer håp til dei som bur der. Håp om at det eingong skal ta slutt.

India! Det er eit land som er under kraftig utvikling. Det er vel ingen andre land som har så rask økonomisk utvikling som nettopp India. Kva hjelp det at dei har ein slik positiv oppgang når det er så mange andre ting som tar ein ned på jorda att??
Berre for å nemne nokre få eksempler kan eg dra fram det at kristne blir banka opp, hus blir vandalisert og ikkje minst det at kvinnfolk blir valdtekne av di dei har feil religion. Det er tema som vitnar om den verkelege verda. Det er dei momenta som brenn seg fast i hjernen min når eg les, ikkje det om at dei har økonomisk vekst........ Kva skal ein med vekst i eit land om menneskeverda ikkje har den største veksten?

Det er ikkje meir enn 11 år sidan ein misjonær blei brent til dauden i bilen sin ilag med sønene sine. Dette var ei handling som vekte store reaksjonar blant folk i heile India. Berre i Hyderabad var det over 70 000 som demonstrerte mot handlinga. Fleire og fleire skjønna at det ikkje lenger gjekk an å ha det slik som det var. No måtte dei kome saman på tvers av gamle grenser. Alt i alt kan ein difor seie at denne bilbrannen også medførte noko positivt. (I den grad ein kan seie at ei ugjerning kan vere positiv........).
Likevel, det er forsatt mykje religiøs motivert vald i India. Det er vanskeleg for oss her heime å skjønne akkurat det. India er jo eit demokrati og ein rettsstat som beskyttar landsmenna sine mot vald og urett. Likevel skjer desse overgrepa med stor kraft.
Det er nærliggande å tru at så lenge det fins ekstreme hinduistiske grupper som gjer kva som helst for å vinne fram med sin ideologi, så vil ikkje India få bukt med problema.
Eit første steg på vegen burde vel kanskje vere å fjerne kastesystemet?? Hadde det berre ikkje vore så inngrodd......

I Vietnam er det ikkje lett å vere kristen. Der opplev dei sterkt press frå fleire hald. Hovudårsaka ligger nok i det at kyrkja hadde sitt å seie i kommunismens fall i det tidlegare Sovjet. Det er ennå mange som har vanskeleg for å svelge nettopp det.
Det er mange eksempler på at kjærester ikkje får gifte seg av di foreldre har vanskeleg for å akseptere at f.eks dottera skal gifte seg med ein kristen.
Vi lever i 2010, så ateismen som ligg til grunn i kommunismen stikk vel ikkje like djupt som før. Då kan det kanskje bety at i framtida eingong fins håp? Kanskje blir det slik at religion ikkje lenger skal skille mennesker.....

Religionar skal i utgangspunktet innby til fred, harmoni osv blant menneska. Det er då ganske patetisk at det er nettopp religion som ligg til grunn for fleire av dei krigane som utspenn seg i verda!! Kven er eigentleg dei som forsvarar angrepa sine med at det er deira rett å gjere det pga deira overbevisning om at guden deira har tildelt land til dei langt attende i tid?? Kanskje eg ikkje heilt klarar å sjå den rette samanhengen som vil gjere at eg vil forstå...?! Eg er rimeleg sikker på at eg har brukt ganske mange timar på å fundere på akkurat det opp gjennom åra eg har levd. Eg blir liksom aldri så mykje klokare. Min fornuft seier at det er mykje som er riv ruskande galt!!! Kanskje det er andre som har ei god forklaring å gje meg, så kanskje eg kan forstå tankegangen ein gong i framtida........ Kven veit? Eg er berre ei vestlandsjente eller nordlandsjente for den del som eigentleg ikkje veit så mykje. I alle høve ikkje om det som føregår i hovudet på eindel galningar (i følge meg) rundt om i verda.........

I hope I'll see you soon.......

mandag 7. juni 2010

Endeleg!



















Det er ikkje mange dagane sidan kunstgraset blei ferdiglagt i Kjøpsvik. Ein kan trygt seie at bana blei fin!! At ei slik bane gjer mykje for trivselen, ja, det kan eg skrive under på. Laurdagen var eg på bana med Steffen i over tre timar. Då var det aldri under 15 born på bana. Fleire av borna har nesten regelrett skifta bustad frå hus til fotballbane. Det seier litt. Uansett, kjempeflott tenkte eg då eg skua dei unge spelarane i helga.

I dag var det og ein god del mennesker på bana då vi kom. Etterkvart byrja eg å telle kor mange det var. Jaggu meg var det ikkje i underkant av femti. Så flott!!! Så høyrde eg at asylantane hadde vore der og trena tidlegare på ettermiddagen. Dei er nok ganske mange dei og.........

Dersom du studerer biletet nøye ser du at det kom nokre oldboys etterkvart også:=) Dei var nok mange til at dei kunne spele kamp der oppe. Så om eg ikkje er så altfor dårleg i matte, så trur eg at det kanskje var bortimot 100 personar på bana i løpet av ettermiddagen og kvelden. Då kan eg bruke uttrykket med rette: Så flott!!!!!!! Sjekk keeperstillinga til Einar. Skulle tru han er proff!!

Eg må ærleg innrømma at eg blei både opprømt og skeptisk på samme tid då ein etter ein av dei eldre karane entra banen. Eg sleit mellom det å synes at det er kjempeflott at dei hiv seg rundt og det at eg fryktar det skal gå nokre leggar...... Det gjekk heldigvis bra. Eg blei imponert over kor godt dei eigentleg klarte seg kondisjonsmessig, spesielt med tanke på at aldersforskjellen på bana utgjorde 42 år. (Markus på 15 og Einar med sine 57). Det kan trygt seiast at det blei ei kjempeskøy tid der oppe. Mange bilar som køyrde forbi stoppa opp for å få med seg kveldens "happening":=) Så ja, det er godt kunstgraset er lagt. Håper at det fortset slik som no........

Etterkvart blir vel stilen meir upåklageleg..... Eg er stygt redd for at eg må innømme at ikkje alt såg like bra ut stilmessig på menna. No var det jo ganske stor variasjon både atletisk og kondisjonsmessig..... Alle har nok ikkje like fin og stram mage der dei spring etter ballen:=) Reknar med at det kjem etterkvart no!!! Hehe..... Innsatsen var upåklageleg!

No nærmar det seg sommarferie med raske skritt. Tentamensrettinga fredagskvelden vitna om akkurat det. Det var godt å ha ein stille "heime åleine-kveld" der eg kunne få unna mykje av det som trengtes. Sjølv om ikkje vèret til no har stått til årstida er eg sikker på at det rettar på seg ganske så snart. Eg har bestilt sol heile sommaren:=)

Laurdagen hadde vi ei koseleg avslutning med musikken som allereie no har tatt ferie for sesongen. Så byrjer vi på for fullt att til hausten (med ny dirigent):=)
Det merkes at ein ikkje er vant til det festlege lag. Det skal ikkje så mykje til før verknaden slår til.... men, det var i alle høve gøy.
Det er nok nokre år sidan sist eg var på "huset i Holmen". Nokre minner dukka opp då vi kom. Det er vel ganske stor forskjell på å vere 20 og 35 år. Veit ikkje heilt kva eg syns var best. Ein har vel eigentleg heilt ulike perspektiv på kva som er gøy og kva ein tillet seg i desse to aldersgruppene. Det er uansett ein fin stad å ha ei slik avslutning på. Seint blei det også. Eg kan ikkje hugse sist eg var like lenge ute:=)

No ser eg fram til jentehelg på hytta den nærmaste tida og det som følgjer med det. Dei som fekk med seg kommentarane etter forrige års helg veit at vi har noko å sjå fram til:=)


You're the meaning in my life, you're the inspiration. You bring feelings to my life, you're the inspiration. I wanna have you near me, I wanna have you hear me say yeah.

tirsdag 1. juni 2010

Ting skjer...

Det er nett ikkje så lett å vite kva ein skal skrive om i desse dagar. Ein kan trygt seie at ting skjer!! Det er også ganske så stor variasjonsbreidde i sakene. Frå det fantastiske i eine enden til det utroleg teite i andre enden. Ein burde kanskje prøve å mikse litt frå alt..... NOPE.

I dagens VG brukes overskrifter som "Heilt utan skam". Det dei siktar til er streiken som nå pågår rundt om i landet. Det er vel ingen som ikkje veit at mange av forbunda i landet har tatt steget ut og stansa eindel av arbeidarane sine. Kvifor? Joda, likelønn.
No skal eg vere veldig forsiktig med kva eg seier, for det gjeld å halde tunga rett i munnen. Det er fleire årsaker til det. For det første må eg ta hensyn til at eg sit i styret til Utd.forb, Tysfjord. Berre det åleine er grunn nok til å vere forsiktig.
Uansett, eg har eigentleg berre tenkt å drøfte litt det som står i avisa utan at eg eigentleg kjem inn på kva eg sjølv meiner.....

I heile verda kjemper banker og finanshus mot reguleringer som er mykje strengare enn dei er vant med. Dei som må plukke opp regninga om det går galt, på ny, er sjølvsagt vi. Så gidd vi ta regninga neste gong den kjem??
Vi veit alle kven som er dei svakaste i samfunnet! Eg kan sjølvsagt ramse opp ei liste, men eg trur akkurat det er unødvendig. Det er ei kjennsgjerning at det er nettopp dei det går verst utover i krisetider.
Sjå berre til andre statsland i kriser. Dei er nødt til å bruke mindre penger (i stor grad). Det er dei som har minst å leve av som får mindre å rutte med.
Kva i all verda har dette med streik å gjere?? Joda, eg kjem snart til poenget....... Det meste handlar om jakta på profitt! Bankane som var trauste men viktige brikker i samfunnet er blitt omdanna til enorme pengemaskinar. Vegen er faktisk ikkje så lang frå det ærlege til det å begå innsidehandel, nettopp på grunn av jakta på profitt. Jakten på overskudd går foran alt. Då tenker eg ikkje berre på finansfolk, men at det er ein tendens blant alle som sel tenester. Straumleverandørane er eit veldig godt eksempel på det. Straum er livsviktig. Straum er dyrt!!

På teikninga i VG står det følgende: "Vi tener godt når det går godt, vi tar ikkje ansvar når det går dårleg. Går alt til helvete, kan skattebetalerne få vise sin solidaritet." Ser vi ikkje kva veg det går? Personleg trur eg ikkje vegen mot inflasjon er så lang. Lønningene skal ikkje så mykje opp før vi kan ende opp på noko vi ikkje såg konsekvensen av då vi burde. Kven er så vi?? Eg meiner ikkje berre meg og mi arbeidsgruppe. Eg tenker heilt generelt.

Likeløn, kva er det?? Ein lærar ved Borge skule vil ikkje streike av den enkle årsak at han meiner det stort sett er likeløn i skuleverket. Han har nok eigentleg ikkje skjønt kva dei meiner med likeløn...... Likeløn er eit begrep som brukes på yrkesgrupper som er samanlignbare. Ei gruppe vi som lærarar kan samanlikne oss med kan for eksempel vere sjukepleiarar.

Alle forbunda har leiarar. Ingen av dei seier at det er greit om vi ikkje får eit stort lønshopp. Det er jakta på profitt som gjeld, koste kva det koste vil!! Det er litt skummelt å tenke på eigentleg.
Å streike er ein rett vi har og som vi har hatt lenge. Den retten har på mange måtar vore viktig for arbeidstakarar i landet. Streikeretten ersjølvsagt ein rett vi må ha også i framtida, men eg trur alle og einkvar bør sette seg ned og tenke over kva ein streiker for og konsekvensane det har å seie for fellesskapet...... Noreg har flust med pengar. Joda, men tru meg.....olja er ikkje fornybar. Så om nokon trur at alle som kjem etter oss skal ha det så bra, dei tar sanneleg feil! Eg har sørga for at eg har ein etterkommar, og eg håper inderleg at han fører det vidare. Eg lurer då på korleis mine etterkommarar vil ha det når den tid kjem.

Ellers i samfunnet fins det både smarte og mindre smarte sjeler. Dagens Vg var ganske innhaldsrik på saker...Ikkje kvar dag vi er så heldig:=)'
Ta bonden i USA for eksempel. Han mishandla dyrene sine på det grovaste. I tillegg var han så dum at han ikkje gjorde det i det skjulte. Han hadde fleire på besøk ein heil månad. Det han ikkje visste var at dei filma mishandlinga i det skjulte.
Han fekk naturleg nok si straff...... men kva med dei som filma?? Dei lot han halde på heile den månaden utan å gripe inn. Var ikkje dei skuldige også??

Så har vi han som kidnappa katten til naboen for så å kreve løysepengar av han. Årsak? Joda, han var lei av at katten gjorde sitt fornødne i hagen hans. Jaja....

Større er nok saka om at rusa foreldre drep sine eigne born. Det er jo berre heilt tragisk!! Sjølv meiner eg at det er feil å påstå at det var rusen sin feil. Om ein er istand til å ta livet av sin eigen unge, ligger det fleire årsaker bak. Rusen er berre den utløysande årsaka. Hovedtyngden av grunner ligger andre stader. Du skal vere langt nede om du begår ei så grusom handling..
Det verste er at det i fleire tilfeller er nok med eit samlivsbrudd. Hallo!!!! Psyken til dei det gjeld må vere øydelagt før den tid...... Er samlivsbrudd så grusomt at born må takast av dage? Berre for straffe den andre? Det er ikkje lett å forstå, men kanskje forklaringa er så enkel at det ikkje skal meir til.........
I den samanheng trur eg det er viktig at foreldre set grenser for kva borna får sjå på tv eller spele på data osv..... Sjølv kjenner eg til at enkelte sit fleire timar kvar einaste dag foran dataen og speler valdsspel. Det verste er at dei ikkje prøver å skjule det. Reknar då med at dei føresette veit kva borna gjer. (Det skal vanskeleg bortforklarast om ein ikkje veit om alle dei timane foran skjermen. Då er ein i såfall aldri heime sjølv). Uansett, meininga var ikkje å angripe foreldre men å belyse at dersom vi ikkje får betre kontroll på dette, ja........då trur eg vi får mange fleire episodar der vaksne drep borna sine. Eg er overbevist om at mange, ikkje alle, blir påverka i stor grad av spelinga.
Så til dei som planlegg å slå opp....... Gjer det på ein ordentleg måte så du ikkje går i fella :=)

I morgon skal visst sommaren stikke innom ein tur for å seie "Hei!" sånn berre for ein kort periode (sikkert ein dag). Det må eg verkeleg seie at eg er glad for. Steffen har planta ei solsikke og den har vokst seg så stor at den ikkje er til å ha i hus lengre. Etter å ha fått den heil over frå den lille potta til den store, måtte eg sjølvsagt gjere det samme for å få den i jorda ute. Etter tilvenning på verandaen satt eg den endeleg ut på torsdag. Vèret var jo så flott! Kva skjer? Det blir plutseleg surt og kaldt att...... Frustrasjon på høgt plan!!
Steffen deltar i ein konkurranse som inneberer at han må prøve å få den høgaste blomen. Derfor har vi lagt litt arbeid i det (han og eg). Då passa det dårleg med det sure vèret. No er eg redd for at blomen skal bli tatt knekken på om vi ikkje får litt meir varme. Så sol i morgon...Velkommen!!

Please don't tease me....