onsdag 30. juni 2010

Onsdag 30.juni.

I dag har vi vore i båthamna. Til orientering har denne båthamna blitt kåra til Noregs beste båthamn veldig mange gonger. Nesten kvart år i det siste..... Det er ikkje mange stadene i landet dei har så mykje gjesteplassar og så mange aktivitetstilbod som her. Kvar morgon får alle gjestene utdelt gratis og ferske rundstykker. For dei som vil gå på sentra og sjå eller handle er det tilbod om gratis buss inn til sentrum.
Ellers kan dei skilte med eige båthus som inneheld det meste (dusjane som det viktigaste, sjølvsagt). Av aktivitetar kan dei tilbyda strandvolleyball, golf, tennis, "stor-sjakk" på kaia, grillstader, badestrand, fotballområde og gratis sykkelutleige (berre for å nemne noko). Sidan eg sjølv har vekse opp her, føler eg at eg har eit forhold til båthamna og er følgeleg litt stolt av kva dei har fåt til her!!
Skjærgården ytterst i Hardangerfjorden (Kvinnheradsfjorden) er ei naturperle, så eg skjønnar godt at mange legg båtferien hit...:=)

Vèret har vore litt ustabilt desse dagane, så det har vore litt vanskeleg å planlegge. Då er det lett å bruke tida på kjøpesentra...... Ein kan trygt seie at det er gjort store utbetringar i sentrum i form av større sentre osv. Sidan det er tre år sidan eg var her sist, er det også litt spanande å sjå korleis ting ser ut no. Det tar si tid det og!

Brunsneglane, som dei sa dei skulle få bukt med, er ivrige gategjengarar. Dette er ikkje akkurat til folks glede. Heller tvert imot! Då eg vaks opp, forholdt vi oss til dei store og svarte sneglane. Dei var ekle, men dei gjorde aldri noko skade. Desse "nye" sneglane er minst like heslige og dei er mange gonger så mange, og sist men ikkje minst.......Dei gjer stor skade. Her er mange som er redde for å få blomane og grønnsakene sine øydelagt av desse krypa. No har eg fått sett dette udyret på nært hald for første gong. Ikkje noko behageleg oppleving!

Etter å ha vore i Kjøpsvik i over ti år, er det mykje som har gått i "gløymeboka". Kanskje feil å bruke det ordet (for det er vel ikkje noko som er gløymt), men uansett....... Eg har i alle høve slept å tenke på huggorm og stor fare for flåttbitt. Når eg no er attende her, kjenner eg at eg er litt i overkanten nervøs for at sonen min skal bli utsatt for slikt. Ganske tåpeleg, eigentleg....
20 år med uforsiktighet i naturen og ingen huggormbitt eller flåttbitt burde vel klassifisere til at ein ikkje skal vere redd for nettopp det??!!? Det er berre det at media har fokusert så mykje på det i det siste og til og med i butikkhyllene i Kjøpsvik er det kommet flåttplaster for både dyr og menneske. Nei, skulle ønske ein ikkje var så lett å bli påverka......!
Har forresten blitt bitt av flått, men det var ikkje her. Det var i dyreparken i Kristiansand......

I følge vèrmeldinga og himmelen rett over oss lover det godt for morgondagen!! Då kan eg love at eg skal vere ute og storkose meg.

På ein slik tur er nok det viktigaste at ein får treffe familien sin og gamle kjente. Til no har eg truffe eindel kjenningar, og eg må seie at det er utroleg skøy å sjå at vi alle kjenner kvarandre att sjølv om det kan vere eindel år sidan sist vi møttest:=)
Det er alltid gøy å mimre.
Spesielt gler eg meg til å treffe att eit søskenborn av meg som det er altfor lenge sidan eg såg sist. Det er det som er aberet med å bu så langt borte.
På laurdag blir det tradisjonell grilling med familien Remme. Aldri ein husnestur utan grilling ilag med dei!! Utroleg kjekke folk:=)

Det er godt å vere heime, men om ikkje så altfor lenge er det nok på tide å vende nasen nordover att. Ein ting er sikkert.....Det skal ikkje køyrast så "hardt" som det blei sørover. Sidan minstemann var så flink på turen nedover, skal han få oppleve litt meir på heimturen. Det er vel det som kallast ferie!??! Ikkje slik vi gjorde det i helga........

Eg gløymte forresten å nemne tidlegare om kva vi såg rett nord for Oppdal. Der var det eit skilt kor det stod: "Her er ei prøvestrekning for blinkande speil." Først lurte eg valdsamt på kva det kunne vere godt for og kva det eigentleg innebar. Etter å ha køyrt litt lengre såg vi plutseleg fleire stader at det hang remser med speil i trærne. Det såg ikkje heilt normalt ut, og ikkje veit eg kva det skal vere godt for??!! Eg enda opp med at det sannsynlegvis var eit triks for å halde elg og andre dyr borte frå hovedvegen. Dette er sjølvsagt berre ei tipping frå mi side, men kva anna kan det vere?? Speil i trær?? Hallo......

Jaja....Godt er det at vi er her no når det stormar som verst på sjukefronten i Bodø. Enno har det ikkje blitt offentleggjort nokon skandaler ved sjukehusa her, så då kan vi vel trygt bli sjuke......

Plutseleg sjåast vi:=) Ha fine dagar alle saman. Vit å nyte ferien uansett vèr!
NB!! Oddekalv i diskusjon er som ein satire.........

Don't go changing to try to please me........ I love you just the way you are.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar